12
KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 66 ADVENT OG JOL 2017 Hausttakkefest i Vinje kyrkje 2017

KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

  • Upload
    vohanh

  • View
    216

  • Download
    2

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

KYRKJELYDENKyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 66 ADVENT OG JOL 2017

Hausttakkefest i Vinje kyrkje 2017

Page 2: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

2

Sola Gratis - Nåden aleine

Jolehelsing frå sokneprest i Tokke og Vinje

Tor Eivind Erikstein Foto: Groruddalen.no

To ord samlar alt innhald i vår reformasjons-feiring - Sola Gratia – Aleine nåde!

Martin Luther kunne sin latin. Det var det språket som vart brukt i alle kloster og i alle kyrkjer når dei skulle samlast om Guds ord. Slik sett var det datidas internasjonale språk, som dei som hadde fått sin skulegang kunne forstå.

Men som med så mykje anna: Latin var ikkje for folk flest. Det var ikkje folket sitt språk.

Heilt frå starten av reformasjonen var Martin Luther opptatt av at det Bibelen formidla skulle vere tilgjengeleg for folk flest. Ein skulle ikkje vere avhengige av tolkingar frå eit presteskap, for å skjøne det som hadde med Gud å gjere.

Luther ville gjere noko med dette. Han omsette Bibelen til tysk. Sjølv om han ikkje var den første, så var han, om vi skal tru historia, den som lukkast best. I 1522 kom «September-testamentet», og nokre år seinare, i 1534, kom «Lutherbibelen», som og hadde med det gamle testamenet. Denne bibelen danna utgangs-punkt for ei rekke omsetjingar til ulike språk i det som etterkvart vart kalla protestantiske land - dei landa som hadde latt seg påverke og prege av reformasjonen og innhaldet i denne.

Luther var heile livet interessera i song og musikk, og studerte jamvel musikk. Han skreiv og ei rekke salmar, der ei av dei mest kjende er «Vår Gud han er så fast ei borg». I salmeboka vår er heile tretten av hans salmar med, i tillegg til fire han har omsett frå latin til tysk. Fleire av dei har han sjølv tonesett.

Dermed er det meir enn dei 95 tesane mot avlat, som var med å endre europeisk historie. Luthers arbeid for at folk flest skulle få tilgang

til dei heilage skriftene, og samstundes kunne få bruke sitt eige språk, når ord om Gud og ord til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og forståing av sin eigen posisjon i verda. Luther gav orda «Sola Gratia» innhald og meining, då dei kunne uttrykkast på folk sitt eige språk. Sola Gratia som på vårt språk tyder: «Nåden aleine».

Det er 500 år sidan Luther, på ulik vis, starta ei reformasjonsbølge i Europa. Alt gjekk ikkje smertefritt for seg. Historia kan fortelje mykje om det, reformasjon vart det.

1500 år tidlegare var det englesong på ei Betlehemsmark som var med å endre historia. Vel, ikkje sjølve songen, men songen formidla bodskapen om barnet som var fødd. Om Frelsaren, Guds eigen Son, som tok plass mitt mellom folk flest. Der kor dei som hadde makt og mynde ikkje trengte å vere. Dei hadde både ein posisjon og pengar nok til å bo isolert frå dei fattige. Men der, midt mellom lutfattige gjetarar, fann Gud sin plass.

Gud fann sin plass i verda, og englane fortalde det på eit språk gjetarane forstod: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus Herren.» Og englane heldt fram med salmesong som og gjeterane forsto: «Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

Framleis kan ein høyre denne songen mest kvar gudsteneste. For i denne songen ligg bodskapet gøymt om «nåden aleine».

God jol!

Page 3: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

3

Hausttakkefest og takk for jobben til Svein prest og Anne 22. oktober takka Svein Ringhus av etter nesten 19 år som prest for kyrkjelydane i Vinje, Nesland ogGrungedal. Det var ei fullsett kyrkje med eit bugnande bord med frukt og grønsaker i alle variantar,pynta av bondekvinnelaget til hausttakkefest, som ei fin ramme rundt ei messe prega av takksemd.Svein heldt sjølv preika denne dagen, og snakka om venskap, og om venen over alle vener, Jesus.

Utgangspunktet var forteljinga om Lasarus, og kjenslene Jesus viste då han fekk vite at Lasarus var død. Etter messa varta Bondekvinnelaget opp med kaker og kaffi, medan dei sunne sakene dei hadde på bordet vart lodda ut til inntekt for TV-aksjonen. Svein prest, som han fort blei nemnd i bygda, starta tenesta i Vinje i oktober 1998. Saman med Anne og borna Aslak og Åshild, kom han då frå Kroken i Drangedal, der Svein hadde vore kapellan i fire år. Før det hadde han arbeidd for Misjonsselskapet i Nord-Noreg, etter den obligatoriske feltpresttenesta.

Som fødd og oppvaksen i Vinje, var og er Svein både kjend og kjent i prestegjeldet sitt. Hans milde framferd og lune humor gav han mange vener, og hans kunnskap om gardar og slekter i området, er vidkjend, og ein fin inngang i samtaler med bygdefolk. Kanskje får han tid til å bruke pensjonisttilværet til å gå enda djupare ned i den materien? Misjon har vore viktig Anne og Svein, og dei tok fort opp att tradisjonen med Trettandagsbasarar i prestegarden. Så godt som kvart år var prestegarden open for engasjerte misjonsvener – og andre, som fekk godt stell, men og høve til å bruke pengar som kom misjonsarbeidet til gode.

Svein har vore open om helsa si, som han har slite med dei siste åra. I eit tidlegare utgåve av Kyrkjelyden fortalde han om dei tvangstankane han har vore plaga av, og som har gjort at dei siste åra ikkje blei så gode som han hadde ynskt. Likevel har nettopp sjukdomen, og motet han har vist ved å vere open om det, styrkt omdømmet han har blant folk flest. Når Svein no har avslutta prestetenesta si, skal familien etter kvart ut av prestegarden, som er eigd av Opplysningsvesenets fond (OVF). Både Anne og Svein har hatt gode år i husa ved Vinjevatn, og flyt ikkje ut med berre lett hjarte. Men dei har godt husvære som ventar i Åmot, så ein gong i 2018, trur dei, er det slutt på tilværet ved Vinje kyrkje.

Kyrkja i Vinje er på nett: http://www.vinje.kyrkja.no- og på facebook: Kyrkja i Tokke og Vinje

Det vanka helsingar og gåver etter messa frå både Grunge, Vinje og Nesland og kollegar. Her er Svein og Anne med biletet av Kolbrek frå Vinje og Nesland sokn.

Under messa var det og presentasjon av konfirmantane i Vinje og Nesland. Dei deltok og som kyrkjevertar, og las bøner og tekster. Her les Andrea Johanne Lyngestad og Elisa Damberg. Bjørn Nome for altaret.

Page 4: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

4

Sommarminne – olsoksamlingar i Rauland og Nesland

Olsoksamlingar i over 20 år Rauland Historielag og Rauland Sokneråd har arrangert kyrkjegardsvandring olsokkvelden i over 20 år, og samlar frå 100 til 200 bygde-folk, hyttefolk og tilreisande. I år møtte det godt over hundre trass i Biletet over er frå ei samling tidlegare, for i år regna det godt, og heile «vandringa» gjekk føre seg inne i kyrkja. Trass i regnet møtte det over 100 interesserte også i år. Til vanleg er det historielaget som fyrst står for vandringa blant gravene medan soknerådet står for messe og servering inne i kyrkja, etter messa. Vandringa blant gravene tek omlag ein time. Ein stoppar opp ved fem eller seks graver der helst ein frå slekta til den gravlagde fortel om livet til den døde. I år stoppa ein opp ved gravene til Bjørn Vasshus, der Halvor Vasshus fortalde, Olav Lofthus der Gulleik Lofthus fortalde, Vetle Hamarsnes der Olav Hamarsnes fortalde, Johans Storlid der Einar Pedersen fortalde og Odd Øygarden der Asbjørg Øygarden Neset fortalde. Gravene var godt merkte så dei var lette å finne, og det er alltid den som skal fortelje som leier fram til grava. Alle som møtte i år, var ikkje like godt kledde, så leiar for historielaget bestemte at alt skulle vere inne i kyrkja denne gongen. Men gravene var som nemnt godt merkte, låg stort sett samla, så dei var lette å finne for interesserte. Det er jamt over lett å finne ein blant slekta som vil fortelje om den døde. Dei aller fleste har manuskript, medan nokre tek det utan.

Laget har gjort forsøk på å samle inn desse manuskripta, men som oftast har det falle vekk. Det kunne så avgjort ha vore greitt å samla inn desse omtalene, for det fortel ikkje så reint lite om den enkelte og livet i Rauland. Rauland Historielag og Rauland sokneråd er svært takksame for at så mange møter opp, likeins at det er så lett å finne forteljarar. Det skaper så fin ei ramme rundt heile arrangementet.

Vinje og Nesland sokneråd stod bak olsoksamlinga i Nesland kyrkje Ein starta ute på kyrkjebakken der Aud Groven fortalte om Groven greftene. Deretter fortalte Knut Ringhus om gamle Nesland kyrkje og nye arkeologiske oppdagingar, samt synte oss kvar den gamle stavkyrkja hadde stått. Inne i kyrkja spila Stein Versto ein slått etter Olav Groven, Huvestad-slåtten og ein etter Eivind Groven, Sommar-morgon. Så tok Liv Lofthus med songarar over. Desse var Vegard Omdal, Børge Skårdal, Harald Aasland, Reidar Listog, Nina R Svendsen og Anne Ringhus. Nydeleg song og fin tekstlesing. Denne flotte gjengen har hatt Olsoksamling i kyrkja i 15 år. Det er me svært takksame for. Til slutt avslutta ein med graut, kaffi og kaker som Bygdekvinnelaget stod for. Til tross for regn var det 36 personar som hadde funne vegen til Nesland kyrkje denne kvelden. Det var ein svært triveleg kveld. Soknerådet rettar ein spesiell takk til samarbeidspartnarane, Vinje historielag, Vinje bygdekvinnelag og Vinje kommune med støtte via Kulturårshjulet. Olsoksamling i kyrkja er no lagt inn i planane til Vinje og Nesland sokneråd, og vil vera årleg.

Page 5: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

5

Historisk i Rauland kyrkje

19. september blei ein historisk dag forkyrkjelydane øvst i Telemark. For første gong ihistoria vart det tilsett ein kvinnelegungdomsprest i Tokke og Vinje, Ruth MiriamVarhaug, og ein kyrkjelydspedagog, StineBeate Mondal Ljostad. Dei to kom inn i kyrkja iprosesjon saman med prost Asgeir Sele,fjellprest Bjørn Nome, prostidiakon EilevErikstein, sokneprest Tor Eivind Eriksten ogleiar i soknerådet Gunn M. Naaden.

Gunn las helsinga frå biskopen, der dei to nye medarbeidarane vart offisielt innsette i sine stillingar. Prost Geir Sele signa dei nye tilsette og ønskte dei velkomne som medarbeidarar, båe med særleg ansvar for dei unge.

Skaparverkets dag I samband med reformasjonsjubileet var dette den andre av to temagudstenester. Denne sundagen vart kalla skaparverkets dag. Ruth Miriam, som heldt preika, peika på at vi er forbrukarar og ikkje forvaltarar. Menneska har fått eit ansvar for å verne om skaparverket til beste for våre medmenneske, også for kommande generasjonar. Me har innsikt i kva som skal til for å redde jorda, men ved å halde fram som me gjer, brukar me ikkje denne innsikta. For å gjere det leveleg for kommande generasjonar må vi tenke ansvar og kjærleik, ikkje pengar og profitt.

Etter gudstenesta vart det sett fram rikeleg med rundstykke og kaker, også med bidrag frå andre kyrkjelydar i Tokke og Vinje. Fleire heldt talar for dei ny tilsette. Takk til alle som deltok på ulike måtar!

Kyrkja i Vinje og Rauland www.vinje.kyrkja.no

Kjell Magne Grave, kyrkjeverje Tlf. 35 06 25 87 – mob. 481 20 117 E-post: [email protected]

Sekretær Reidun Nystog Tlf. 35 06 25 85 – mob. 992 15 269 E-post: [email protected]

PRESTANE

Sokneprest Tokke/Vinje Tor Eivind Erikstein Tlf. 952 37 673 E-post: [email protected]

Spesialprest/Fjellprest Bjørn Nome Tlf. 469 05 549E-post: [email protected]

Ruth Miriam Kolstad Varhaug, ungdomsprestTlf. 994 22 619E-post: [email protected]

KYRKJELYDSPEDAGOG Stine Beate Mondal Ljostad Tlf. 907 25 130 E-post: [email protected]

ORGANISTANE Robertas Lamsodis, mob. 970 97 475 Vaida Lamsodiene, mob. 414 58 747

KYRKJETENARANE Vinje og Nesland: Knut Rune Tveiten Tlf. 952 02 298

Grungedal: Tone Edland Tlf. 959 30 407

Rauland og Øyfjell: Olav Jore Tlf. 909 41 722

Møsstrond: Hilde Hovden Tlf. 915 92 913

PROSTIDIAKON Eilev Erikstein Tlf. 911 13 580 E-post: [email protected]: www.prostidiakon.no

KONTONUMMER FOR GÅVER TIL KYRKJELYDEN 0540 16 91040

Page 6: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

Norske verdiar – finst dei? Sidan 2004 har Prostidiakonatet, med støtte frå Vinje kommune, arrangert årlege Verdiseminar. I år var tema «Norske verdiar – kva er det, og finst dei?»

Før verdiseminaret, starta dagen med felles Diakonimesse for Vinje/Nesland og Tokke. Her heldt broder Haavar Simon Nilsen preika.

Suppe, brød og verdiar Etter ein matpause med gode supper og brød, opna Vinjes varaordførar Øystein Høgetveit seminaret. Asgeir Sele tok så fatt i dei såkalla norske verdiane. «Såkalla», fordi han nokså fort avkrefta at det finst særlege norske verdiar. Han peika på korleis verdiar opptrer i klynger, der ein hovudverdi kan koplast til eit sett av andre verdiar.

Hassan M. Samahle var oppteken av at det meir som er likt mellom oss menneske enn det som skil, samstundes som han fekk godt fram utfordringane ein flyktning har i møte med den norske kvardagen.

Miskunn i det nære Broder Haavar Simon Nilsen hadde fått tema «Vår felleskyrkjelege arv som fundament for norske verdiar.» Det ligg ein fare i at kristne tek ein offerrolle i eit pluralistisk samfunn. Det høver seg ikkje for nokon som trur på den oppstadne Kristus, sa han. Han løfta fram venleik, venskap og miskunn. - Utan miskunn misser menneska sitt indre kompass, sa dominikanarmunken og siterte paven. - Vi kan nå ut med miskunn ved å byrje i det nære, til dømes i bygda vi bur i, og stille spørsmålet; kva kan eg gje?

Dei fleste innvandrarar er europearar Leiar i Mellomkyrkjeleg Råd Berit Hagen Agøy spurde om innvandringa trugar våre norske verdiar? Nei, meinte ho. Med statistikk synte ho at dei fleste innvandrar til Noreg, kjem frå europeiske land, og at dei fleste kjem frå land med kristen kultur. - Kanskje måten å handtere innvandrarane på er ein større trussel enn innvandrarane sjølve, avslutta ho.

Glimt frå kyrkjene våre Alle seks kyrkjene våre er bygd etter reformasjonen på 1500-talet, og inneheld ikkje same rikdom av kunst og detaljar, som mange katolske kyrkjer. Likevel er det vakre ting og detaljar å finne i være kyrkjer og, som vi kanskje ikkje alltid legg merke til.

Offerskuffa i Rauland kyrkje. Offerskuffa ser slett ikkje ut til å vera nokon kunstskatt. Ho er uvand, av furu og lite forseggjort. Likevel har ho eit verd og ligg derfor i safen. Årstalet 1662 er skore inn på baksida. Ho høyrde til i stavkyrkja som blei riven i 1801, og blei teken med inn i den nye kyrkja.

I det nye kyrkjeskipet var det stolrader. Når det var ofring, gjekk skuffa frå hand til hand, eller kyrkjetenaren bar ho mellom benkeradene.

Framhald neste side->

Det var stor spennvidde i innleiarane – f.v. dominikanar-munk, broder Haavar Simon Nilsen, prost Asgeir Sele, leiar av Mellomkyrkjeleg råd, Berit Hagen Agøy, Sondre Bratland og kulturkonsulent i Tokke, Hassan Samahle. Foto Eilev E.

6

Page 7: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

7

Jesusbarnet og vevkjerringa I Matteusevangeliet, kap. 2 v.13 står det: «Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: ”Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.” Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende folk ut og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget…» Det er fleire legender om korleis barnet på mirakuløs vis blei berga frå soldatane til Herodes. Ei av dei er om ei vevkjerring som hjelpte dei då dei flyukta til Egypt:

Ein dag under flukta måtte Josefog Maria gøyma seg i ei hole i berget, for soldatane var etter dei. To av knektane nærma seg hola, men då dei dreiv og leita mellom buskane, dala ei vevkjerring ned frå ei grein og tok til å spinne eit nett framom inngangen. Ho trekte tråd etter tråd så raskt og flinkt, at då mennene kom heilt fram til hola, var opninga dekt av eit finmaska spindelvev som glitra i solljoset. ”Kan hende dei gøymar seg i hola”, sa den eine soldaten og ville gå inn. ”Du ser vel at det er spindelvev framom opninga”, sa den andre. ” Inn der kan dei ikkje koma utan å riva sund veven.” Så vende dei om og drog attende.

Men då Josef ville dra eselet ut av hola, bad Maria han vente. Så løyste ho veven og nøsta tråden opp med lette fingre. Så kunne dei koma vidare utan å riva noko sund. Vevkjerringa hang i tråden sin og såg på Jesusbarnet som kvilte på armen til Maria. Barnet løfta handa og teikna med fingeren ein kross på ryggen til vevkjerringa. Frå den dag av spinn vevkjerringa berre i godvêr, for då kjem ho i hug Barnet som ho ein gong berga. Og på ryggen lyser krossen den dag i dag, derfor kallast ho krossedderkopp.

(Frå Barnets legender, attgjeve av Leif Wærenskjold, omsett til nynorsk av ÅØK)

Framhald om offerskuffa i Rauland kyrkje: Skaftet er velforma og godt å halde i. I det vesle bøsseromet la folk skillingane sine. Faste kyrkjebøsser kom i bruk fyrst omkring 1850. På oppsida av ”loket”, er det skore inn eit hakekors. Det er eit av dei mest kompliserte symbola vi har, og som det er knytt sterke kjensler til. Den er eit solsymbol, men og eit teikn for himmelguden Odin, og for Tor (Tors hamar). I kristendomen blei det eit symbol for

Kristus, som den sanne sol og som verdas kraft. Symbolet vil både verne og gjeva lykke og seier. På sanskrit heiter det svastika, su asti som betyr ”må det gå deg vel”. Ikkje sjeldan er det brodert på dåpsluer, både som vern og velsigning. På offerskuffa skal det minne oss om kven vi gjev vår gåve til.

Biletet av offerskuffa er henta frå boka Kors i kake, skurd i tre. ÅØK

Page 8: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

8

Framtida til Fjellkyrkja på Karten

Siste sundag i september var messa i Grungedal sokn lagt til Karten fjellkyrkje. Haustvêret var så fint som det kunne vere grunn til å håpe på hausten 2017. Ikkje direkte sol, men heller ikkje regn, og haustfargar av den gode gamle sorten. Fint var det at mange ungar, med foreldre og besteforeldre, hadde funne vegen til messa denne dagen.

Fjellpresten vår, Bjørn Nome, leia messa og preika over teksten der Jesus lækte ein døv og stum mann (Mark 7,31-37). Folk som såg det Jesus gjorde, var nok litt undrande til korleis Jesus for fram når han ga mannen tilbake høyrsel og munn og mæle, men dei konkluderte med at «Alt han har gjort, er godt!». Ei utsegn Bjørn bruka som sluttpoeng, og kalla den «bitte lille bibelen», eit konsentrat av truvedkjenninga.

Karten i framtida Etter messa var det tillyst møte om framtida til Karten. Sondre Bratland, primus motor for Karten i alle år, starta si orientering om Karten med å syngje første vers av visa om sauen som hadde gått seg bort langt inn på ville heie. Karten er bygd på ei bygsla tomt, peika ut av eigaren av området den gongen, Olav Straumstøyl. Eivind Kili frå Grungedal, var med å setje opp tømra. Han hadde og vore med å setje opp same tømra som misjonshus i Grungedal i 1934. Sondre fortalde elles om bakgrunnen og målsettinga med å bygge Karten ein gong. 1. Edland KFUM, no Edland KFUK og KFUM, speidartroppen som Sondre var hovudleiar for, bygde og eig kyrkja. Tanken var at det skulle vere ein boltreplass for speidarane, men og samlingsplass for folk flest. Triangeljentene var og flittige brukarar av staden. I etableringstida, og så lenge det var speidar-arbeid, var livet kring Karten eit godt liv. Etter

kvart har aktiviteten dabba av. Aktiviteten på Karten har mest vore knytt til to messer i påska, og ei om hausten. No i det seinare har og speidarar frå Bykle hatt nokre leirar på Karten. Spørsmålet er kva folk i kyrkjelyden, og dei som driv barnearbeid i Edland i dag, ser for seg som framtida til Karten. Mange hadde meiningar, utan at det var lett å trekkje klare konklusjonar. Bjørn Nome meinte at Karten var eit resultat av barne- og ungdomsarbeidet i bygda, og understreka at framtida til Karten hang mykje på om ein kunne makte å styrke eksisterande arbeid, og kanskje på nytt få til eit speidararbeid for dei eldre ungane i bygda. Mange hengde seg på dette, og understreka at Karten først og fremst må vere knytt til ungane som er med, og deira foreldre, i samsvar med statuttane. Andre meinte at soknerådet måtte meir aktivt inn, sjølv om spørsmålet om kyrkjeleg eigarskap vart lagt dødt tidleg i samtalen. Andre igjen, meinte at hyttelaget i området, som m.a. nyttar Karten til sine årsmøte, og deltek på messene, særleg i påska, burde inn i driftsstyret. Å etablere eit venelag for Karten, var og framme. Det er no opp til det eksisterande driftsstyret/interimsstyret å konkludere og legge planar for vegen vidare. Planen er å få til eit årsmøte på våren der ein har som mål å få valt eit nytt driftsstyre.

Page 9: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

9

GLIMT FRÅ EIN GOD OG FRODIG HAUST. GRUNN TIL TAKK

Eilev Erikstein på reformasjons- og pilegrimsmesse i Ulevåbotn sommaren 2017. Foto RC

Gamalt «Kisteteppe» på reformasjonsutstillinga "Sola Gratia" på Notodden. Teppet er frå Berdal og no på Vest-Telemark museum. Foto OJG

Broder Haavar kjende seg som heime då han var i Vinje på Verdiseminar. Foto: EE

Onsdag 4. oktober var det igjen haustkonsert i Grunge kyrkje med kjende og kjære utøvarar.

Svein prest held den siste preika si som fast tilsett då han takka av på hausttakkefesten i oktober. Fullsett kyrkje, vakkert pynta av Vinje Bondekvinnelaget. Foto: OJG

Vest-Telemarkingar på busstur til reformasjonsfest på Notodden. Fremst i bussen dei som kom på først. Harald Aasland, Åsne Edland, Asborg Edland. I midtgangen sjåfør og sokneprest Erikstein sjekkar bilbeltebruken. Foto OJG

Ønsket og elsket. Årets konfirmantar møter denne bodskapen gjennom heile året. Dette er utstyrs-tilhengaren som leiarane dreg med seg m.a. på leirane for heile prostiet. Foto OJG

Page 10: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

”…ætt skal fylgje ættarrad…”

Døypte i Vinje og Rauland sidan siste kyrkjelydsblad

Vinje kyrkje: Grunge kyrkje: Nesland kyrkje:Annbjørg Teigland Bråstøyl Ingen IngenAmalie Såtveit

Rauland kyrkje: Møsstrond kyrkje: Øyfjell kyrkje:Ida Killingtveit-Kilberg Mari Lien Vaa IngenHåkon Ridderhus OfteThor Olof Berger-FlotenAmund Haugen

Ektevigde i Vinje og Rauland sidan siste kyrkjelydsblad

Vinje kyrkje: Grunge kyrkje: Nesland kyrkje:Kathrine Lyngstad Kroken og Ingen IngenSven- Arild Lono

Rauland kyrkje: Møsstrond kyrkje: Øyfjell kyrkje:Birgitte Strand og Ingen IngenSjur OppebøenLinda Hamarsnes ogGerorg RomtveitJannicke Platou ogFreddy Løvseth

Gravlagde i Vinje og Rauland sidan siste kyrkjelydsblad

Vinje kyrkje: Grunge kyrkje: Nesland kyrkje:Liv S. Kostveit Konrad Lillemo Halvor KjetilssonÅsne Tveito Tjøstolv HaugenBrita Romtveit Arne GunvaldjordReidun Vigdis Åland

Rauland kyrkje: Møsstrond kyrkje: Øyfjell kyrkje:Haldis Pergot Tjønnestaul Ingen Gregar LidKristian Ronald Normann Arne NordbøKirsten GundersenMargit BrattlandØystein KostveitMay Britt Fallet

«Tider skal koma, tider burt skal kverva, Ætt skal fylgja ættarrad.

Aldri skal tagna tonen frå himlen, Sjeli sitt glade pilgrimskvad.»

10

Page 11: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

11

Messer i Rauland, Møsstrond, Øyfjell, Nesland, Vinje og Grunge kyrkjerNovember, desember 2017 og januar, februar 2018

DESEMBERSun 03.12 Vinje kyrkje

Rauland kyrkje11.0011.00

Fred 08.12 Grunge kyrkje 18.00Sun 10.12 Øyfjell kyrkje 11.00Sun 24.12

JolekveldenRauland kyrkjeRauland kyrkje

Vinje kyrkje

14.0016.0016.00

Mån 25.12Joledag

Rauland kyrkjeVinje kyrkje

11.0011.00

Tys 26.122. joledag

Grunge kyrkjeØyfjell kyrkje

11.0011.00

Sun 31.12Nyttårskvelden

Grunge kyrkjeRauland kyrkje

11.0023.15

JANUARLau 06.01 Møsstrond kyrkje 17.00Sun 14.01 Øyfjell kyrkje

Vinje kyrkje11.0016.00

Sun 21. 01 Rauland kyrkje 11.00Sun 28.01 Grunge kyrkje 11.00

FEBRUARSun 04.02 Øyfjell kyrkje 11.00Sun 11.02 Rauland kyrkje

Vinje kyrkje11.0011.00

Sun 18.02 Hotelltomta, Åmot 14.00Sun 25.02 Grunge kyrkje

Møsstrond kyrkje11.0012.00

Med atterhald om endring! Sjå gudstenestelista i Vest-Telemark blad.

Syng joli inn i Vinje kyrkje Tysdag 5. desember kl. 18.

Ta ei lita pause i førjulstida og bli med å synge dei kjente og kjære jolesongane. Me syng jolesangar etter ynskje frå dei frammøtte.

Aasne Vinjerui deltek med song og gitar. Robertas spelar orgel som vanleg

VEL MØTT

Arr: Vinje og Nesland sokneråd

Page 12: KYRKJELYDEN - vinje.kyrkja.no 66 -2017 - nettversjon.pdf · til Gud, skulle uttrykkast, endra kanskje vel så mykje av folk flest si tilknyting til trua og ... God jol! 3. Hausttakkefest

Salmar etter Luther i Norsk salmebok

Vi nærmar oss jula, og har denne gongen valt ein julesalme av Martin Luther, Frå høge himmel kjem eg ned (NOS nr 32). Han skreiv den om lag 1535, og er ei gjendikting av joleevangeliet slik vi finn det i kap 2 i Lukasevangeliet. Truleg skreiv han den i samband med jolefeiringa heime hjå seg sjølv. Han hadde to born på den tida, Hans og Lene. Dramatisering av bibelteksten, syner oss Luther sin pedagogiske sans. Han vidareførte den tradisjonen frå middelalderen med dramatisering av joleevangeliet, både i kyrkje og heim. Denne barnesongen blei fort populær i Tyskland. Den kan syngast som vekselsong, der forsongaren/engelen syng vers 1-5 og så kyrkjelyden vers 6-11. I heimen kan ein skifte på mellom dei vaksne og borna, eller kvinner og menn. Tonen er truleg og skriven av Luther. Starten med den høge tonen illustrerer at bodbringaren kjem ovanfrå. Dei korte opptaktene i kvar line, gir salmen eit lyst og festleg preg. Vi gjengir berre dei seks første versa. Resten finn de i salmeboka på nr 32.

Engelen/forsongaren syng v. 1-5: Frå høge himmel kjem eg ned, ein fager bodskap ber eg med! Så stor ei glede nyst bar til, Om den eg gjerne syngja vil.

Eit lite barn er født på jord. Ei utvald møy det har til mor. Her ligg han no så fin, så kjær, Som dykkar fryd og frelse er.

Det er Guds Son, vår Herre Krist, som frir dykk or all trengsle visst. Han byd deg no si frelsarhand Og løyser alle syndeband.

Ja, himmelsk sæle, frygd og fred er gåva han frå Gud har med. Det ljos som fyller verdi vid, skal verta vårt til evig tid.

Og her er teiknet de skal få: ein stall, ei krubbe, klut og strå. Der skal de finna barnet lagt Som styrer verdi med si makt.

Kyrkjelyden syng v. 6-11: Så lat oss alle fegnast då, Med hyrdingar i fylgje gå Og sjå det frelses-under stort Som Faderen for oss har gjort.

Fest i Øyfjell kyrkjeFyrste gong barne- og ungdomsprest Ruth Miriam var i Øyfjell kyrkje, var det fest. Einkyrkjelyd med låg gjennomsnittsalder ynskte henne velkomen!Saman med kyrkjelydspedagog Stine Beate Mondal Ljostad, born og vaksne, feira ho familiegudsteneste med hausttakkefest ogutdeling av bøker til fire- og seksåringar. Stine Beate bladde i dei nye bøkene og las teksta om Jesu vener , disiplane. Ungane sat i midtgangen og høyrde på.Så var det vandring rundt i kyrkja til ulike punkt med oppgåver av ymse slag. Etter messa, og mykje song, var det kveldsmat, det også i kyrkja. (GSS)

Tele

mar

k Tr

ykk

AS,

Not

odde

n