Upload
others
View
0
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Landbruksmelding for Valdres
2013
Foto: Morten Helgesen ©
«Aktivt vegval – ny giv»
2
Landbruksmelding for Valdres
3
Landbruksmelding for Valdres
Samandrag
Landbruksmeldinga har til hensikt å gje kunnskap om det regionale landbruket og skape
ei felles forståing for utfordringane landbruket står ovanfor. Meldinga er utarbeidd som
ein del av prosjektet «Valdreslandbruket, aktivt vegval-ny giv» etter førespurnad frå
Fylkesmannen i Oppland. Meldinga skal peike på korleis landbruksnæringa i Valdres kan
auke matproduksjonen frå dalføret jf. måla i stortingsmelding 9(2011-2012), og det er
ynskjeleg at meldinga blir lagt til grunn ved utforming av regional landbrukspolitikk og
næringsutvikling.
Meldinga inneheld presentasjon av gjeldande landbrukspolitikk som påverkar
matproduksjon i Valdres, særskilte utfordringar knytt til utviklinga i næringa, og mål og
tiltak som har til hensikt å styrke visjonen om «eit livskraftig og variert landbruk i heile
regionen».
Landbruket i Valdres er viktig for busetnad, verdiskaping og sysselsetting, samt ein viktig
faktor for å oppretthalde teneste- og skuletilbod rundt omkring i fleire bygder. Det er
heller få som per i dag har landbruket som einaste leveveg, men busetnad på
landbrukseiningane er ein viktig faktor for å mellom anna oppretthalde folketal, ivareta
landskapsbiletet og utvikle nye bygdenæringar som er knytt til gardsbruket.
Valdres har i fylgje Statens Landbruksforvaltning 147.691 daa dyrka jord og om lag
1 478 000 daa produktiv skog. Utmarksbeite kjem i tillegg. Det er registrert 3127
landbrukseigedommar og 881 aktive driftseiningar. Hovuddelen av jordbruksarealet i
Valdres egnar seg best til eng og beite.
Det er dei naturgjevne rammene og topografiane som lyt ligge til grunn når dei politiske
rammene skal meislast ut, og det er den grovfôrbaserte husdyrproduksjonen som står i ei
særstilling for best å kunne nytte seg av dei nære ressursane. Det er avgjerande at ein
sikrar ei omstilling som bidreg til å auke utnyttingsgraden av grovfôr og utmarksbeite.
Ved støling og kultivering av utmarka bidreg landbruket med positive synergiar mot
reiselivet og anna bygdenæring. Ved sterkt fokus på lokal verdiskaping vil landbruket i
fjellbygdene ha eit godt grunnlag til å ta del i auka matproduksjon basert på lokale
ressursar.
4
Landbruksmelding for Valdres
Innhaldsliste
Samandrag ................................................................................................................................. 3
1.0. Innleiing .......................................................................................................................... 5
2.0. Målsetjingar for Valdreslandbruket .............................................................................. 8
3.0. Generelle utviklingstrekk for landbruket i Noreg ......................................................... 9
4.0. Valdreslandbruket i det store biletet .......................................................................... 12
5.0. Kraftfôrpolitikk ............................................................................................................. 14
6.0. Rammevilkår ................................................................................................................. 15
6.1. Naturgjevne rammevilkår ............................................................................................ 15
6.2. Politiske rammevilkår ................................................................................................... 16
6.2.1. Internasjonale avtalar med konsekvensar for lokalt landbruk .............................. 16
6.2.2. Nasjonal landbrukspolitikk ....................................................................................... 17
6.2.3. Regional landbrukspolitikk ...................................................................................... 19
7.0. Landbrukets betyding for Valdres ............................................................................... 20
7.1. Jordbruket .................................................................................................................... 20
7.2. Skogbruket ................................................................................................................... 24
7.3. Bygdenæringar ............................................................................................................. 25
7.4. Ringverknadar .............................................................................................................. 27
8.0. SWOT analyse for Valdreslandbruket ......................................................................... 28
9.0. Utviklingsområde og utfordringar .............................................................................. 29
9.1. Auke mjølk- og kjøtproduksjon på stor- og småfe ................................................. 29
9.2. Ivaretaking av landbruksareal, betre grovfôrkvalitet og auka beitebruk ........... 30
9.3. Rekruttering og landbrukskompetanse ................................................................... 32
9.4. Variert bruksstruktur og verdiskaping ..................................................................... 33
10.0. Satsingsområde, delmål og tiltak ............................................................................ 35
10.1. Rekruttering og kompetanse ...................................................................................... 36
10.2. Forvaltning av ressursgrunnlag ................................................................................... 38
10.3. Støling, beite og utmarksressursar ............................................................................. 39
10.4. Grovfôrbasert husdyrproduksjon ................................................................................ 41
10.5. Bygdenæring ................................................................................................................ 43
10.6. Skogbruk ....................................................................................................................... 44
11.0. Vedlegg ......................................................................................................................... 46
11.1. Produksjons- og distriktstilskot med betyding for Valdres........................................ 46
5
Landbruksmelding for Valdres
1.0. Innleiing
Føremål
Landbruksmeldinga er ei melding for landbruket i Valdres som har til hensikt å gje
kunnskap om det regionale landbruket og skape ei felles forståing for utfordringane
landbruket står ovanfor. Meldinga skal peike på korleis landbruksnæringa i Valdres kan
auke matproduksjonen frå dalføret, jf. måla i stortingsmelding 9(2011-2012).
Meldinga skal sette landbruket på den lokal- og regionalpolitiske dagsorden, vurdere og
identifisere satsingsområde, mål og tiltak som kan styrke landbruksnæringa og vonleg
vera eit verktøy for å utforme regional landbrukspolitikk(fjellpolitikk) og næringsutvikling.
Meldinga er eit resultatet av førespurnad frå Fylkesmannen i Oppland og har til hensikt å
utfylle mangelfulle tiltak i den overordna stortingsmeldinga Meld.St.9 (2011-2012).
Bygdeutviklingsstyret oppmodar til at landbruksmeldinga blir oppdatert og revidert kvart
fjerde år.
Forankring og målgruppe
Gjennom eit breitt samansatt arbeidsutval og møter med ulike aktørar i
landbruksnæringa, har det vore mange vore mange involverte partar i utforminga av
meldinga.
Meldinga er førebels inga sjølvståande politisk handlingsplan og får i all hovudsak
betyding når bygdeutviklingsstyret og relevante offentlege og private aktørar legg den til
grunn for eigne strategidokument og handlingsplanar. Landbruksmeldinga blir vonleg
lagt til grunn ved kommunal- og fylkeskommunal forvaltning i saker knytt til
landbruksnæringa.
Det er eit mål og eit ynskje at ein kan nytte landbruksmeldinga både til
kompetanseheving hjå lokal- og regionalpolitikarane, i undervisnings-/skulesamanheng og
til generelt informasjonsarbeid for landbruksnæringa i Valdres. At relevante aktørar er
oppdatert på utviklinga i Valdreslandbruket og har ei felles forståing av utfordringane,
6
Landbruksmelding for Valdres
samstundes som ein er bevisst på tiltak og virkemiddel, vil vera avgjerande for å nå måla
som er sett i denne landbruksmeldinga.
Bakgrunn
Landbruket er viktig for busetnad, verdiskaping, sysselsetjing og miljø i Valdres. Samla
årleg brutto verdiskaping i jordbruket ligg kring 192 mill.kr. (NILF 2012-1), der dei
grovfôrbaserte produksjonane mjølk og kjøtt frå stor-/småfe utgjer størstedelen av
verdiskaping og sysselsetting. Verdiskapinga i skogbruksnæringa varierar noko meir etter
dei økonomiske konjunkturane, men brutto verdiskaping ligg kring 92 mill.kr. (NILF 2012-
1).
Utøvarane i landbruket er ofte mangesyslarar og driv med bygdenæring ved sida av
vanleg gardsdrift. Årleg netto verdiskaping frå desse er kalkulert til om lag 64 mill.kr.
(NILF 2012-1). Landbruket genererer dessutan fleire arbeidsplassar innan tilhøyrande
næringar(leverandørar/varemottak) og sysselsettingsmultiplikatoren for jordbruket er
utrekna til 1,8 og for skogbruket 4,4.
Landbruket produserer og kollektive godar for både lokalbefolkning og reiselivsrelatert
næring.
Rammevilkåra for landbruket ligg både i naturen, marknaden og politikken. I 2012 var det
147.691 daa jordbruksareal i drift(SLF), noko som utgjer vel 2,73% av det samla arealet i
Valdres. Jordbruket består av mange små bruk og ein del brattlendt jord. Valdres har
gode tilhøve for beite og skogbruk.
Utviklinga dei siste 12 åra har gått i retning av større og færre jordbrukseiningar, og sidan
2000 har talet aktive drivarar(søkjarar av produksjonstilskot) gått ned frå 1238 til 881 i
2012(SLF). Det gir ein reduksjon på 357 drivarar og nær 29%. Det er særleg talet mjølke- og
sauebesetningar som har gått ned, medan besetningane med ammekyr har gått opp.
Jordbruksareal i drift har gått ned frå om lag 153.600daa i 2000 til 147.691 i 2012. Det gir
ein reduksjon på 5917 daa og nær 3,85%. Årsaka til avgangen av areal ligg mellom anna i
avgang av marginalt areal og beiteareal. Noko kan og skuldast overgang til digitalt
7
Landbruksmelding for Valdres
kartverk. Kostra-tala syner at berre ein mindre del er omdisponert til andre formål enn
landbruk. Mellom 2005 og 2011 vart dette talet 270 daa.
Sjølv om det har vore ein stor reduksjon i aktive driftseiningar, er det positivt at det
relativt sett har vore liten avgang av samla jordbruksareal. Bruksstorleiken var i 2000 i
gjennomsnitt 124 daa, medan den i 2012 var 167 daa. Det vil seie at kvar driftseining i snitt
driv 43 daa meir enn for 12 år sidan.
Oppbygging av meldinga
Meldinga seier fyrst litt om utviklinga i landbruket på landsbasis og kvifor ein bør sikre
matproduksjonen i Valdres og i distrikta. Vidare set meldinga fokus på kraftfôret og
korleis dette påverkar verdien på grovfôret, før det blir ein overordna gjennomgang av
dei naturgjevne- og politiske rammevilkåra slik at alle som les meldinga får ei oppfatning
av kva som styrer og påverkar landbruksnæringa og matproduksjon. Vidare tek meldinga
ein gjennomgang av status og utviklingstrekk før ein ser det regionale landbruket i lys av
eit SWOT-analyse. Avslutningsvis vurderar meldinga dei viktigaste utviklingsområda og
ser desse i samanheng med målsettingane i kapittel 2 og noverande utvikling, før
særskilte satsingsområde og tiltak blir tema i siste kapittel.
8
Landbruksmelding for Valdres
2.0. Målsetjingar for Valdreslandbruket
Som utgangspunkt for arbeidet med meldinga er det arbeidt fram ein visjon og fleire
målsettingar.
Valdres ynskjer eit livskraftig og variert landbruk i heile regionen, gjennom å:
auke mat- og tenesteproduksjon, der auka i hovudsak skal vere tufta på nære og
naturgjevne ressursar
legge til rette rammevilkår som aukar lønsemd og rekruttering
styrke produksjonsgrunnlag, både areal og menneskelege ressursar
vidareføre eit mangfald av produksjonar og bruksstrukturar
skape gode kompetanse-, produksjons- og innovasjonsmiljø
Kjelde: Valdres Natur- og Kulturpark, Flikcr
9
Landbruksmelding for Valdres
3.0. Generelle utviklingstrekk for landbruket i Noreg
Grafen til høgre syner
strukturrasjonalisering (færre
og større bruk) på ein god
måte. I 2012 var det 42 700 bruk
som i snitt driv 230 daa kvar.
Denne utviklinga føregår med
bakgrunn i at færre og større
bruk skal gje auka lønsemd i
næringa.
Samstundes har det vore sterkt
vekst i produktiviteten i
jordbruket. NILF-notat 2012-4
«Innovasjon i landbruket» syner til at produktivitetsveksten målt som ein
totalfaktorproduktivitet var 1,65% årleg frå 1990 til 2009, og om lag på same nivå som
oljebransjen. Til tross for strukturendringar og produktivitetsvekst, er det mykje som no
indikerar at vi er komne til eit punkt der vi vill få stagnasjon og/eller fall i produksjon av
norske kjerneråvarer, fall i talet på dyr og at dyrka areal går raskare attende enn
produktivitetsveksten. Trenden på sikt vil dermed vera at norsk produksjon stadig dekker
mindre av etterspurnaden og ein får fylgjeleg redusert sjølvforsyning (Tufte, 2012)
Kjelde: Totalkalkylen, LMD, NILF
Kjelde: SSB, 2012
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå, 2012
10
Landbruksmelding for Valdres
Diagrammet på førre side syner utviklinga i jordbrukets totale gjeld, drifskostnadar,
marknadsinntekter, statlege overføringar og total arbeidsinntekt frå 1970 til 2012 (tala er i
milliardar kroner). Diagrammet syner at jordbruket er på inne i ei utvikling som ikkje er
økonomisk berekraftig og at ei vidareføring av dagens politikk tvilsamt vil vera svaret på
auka lønsemd i næringa.
Gjelda i det norske jordbruket i dag er
på nær 50mrd.kr. Dette er fem
gonger meir enn jordbrukets totale
inntekter som er på om lag 10 mrd.kr.
Kostnadane har auka jamt sidan
2000-talet. Inntektene kjem frå
marknadsinntekter og frå statlege
overføringar. Marknadsinntektene
har hatt ei svak auke dei siste åra og
statlege overføringar har låge på om lag 12 mrd.kr. dei siste 20 åra. Justert for inflasjon er
det eit sterkt fall i både marknadsinntekter og statlege overføringar til jordbruket.
Gardsbruka i Noreg produserer meir mat, men produktprisane til bøndene reduserast.
Dette fører til at omsetninga i marknaden ikkje aukar likt med produksjonsauka, og at
tilskot og statlege overføringar utgjer ein større del av arbeidsinntekta. Tal frå
Totalkalkylen syner at bøndene sit att med ein stadig mindre del av prisen forbrukarane
betalar i butikk. Til dømes betalte konsumentane 8,33kr for 1 liter mjølk i 1996, medan
bøndene fekk betalt 3,20kr. I 2010 betalte konsumentane 14,81kr for 1 liter mjølk, medan
bøndene fekk betalt 4,30kr. Prisane er ikkje inflasjonjustert.
Når ein diskuterar inntekt i jordbruket er det viktig at ein held seg til næringsinntekt. Det
er denne som seier noko om grunnlaget til å drive med jordbruk i Noreg. Diagrammet på
neste side syner næringsinntekta som del av den samla inntekta på landsbasis. Tala er per
bruk, og utrekning av eigenkapitaldekninga per årsverk syner at bondeinntekta er om lag
150 000kr.
0
1
2
3
4
5
6
7
1970 1975 1980 1985 1990 1995 2000 2005 2010
Statlege overføringar som prosent av statsbudsjettet
Kjelde: LMD og Finansdepartementet
11
Landbruksmelding for Valdres
Diagrammet illustrerar
godt realitetane i
landbruket der
gardbrukarane i snitt
hentar mykje av inntekta
utanom garden. Ein ser på
utviklinga at
næringsinntekta utgjer
ein stadig mindre del av
det samla
inntektsgrunnlaget. Held
denne utviklinga fram kan
det etter kvart få store konsekvensar for norsk landbruket og for matproduksjon.
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå, 2012
12
Landbruksmelding for Valdres
4.0. Valdreslandbruket i det store biletet
Med eit høgt kostnadsnivå og krevjande topografiske tilhøve, kan ein spørja seg kvifor ein
skal kjempe for og rettferdiggjera ”dyr” matproduksjon i distrikta og i Valdres når ein kan
kjøpe billigare mat frå utlandet. Dette er eit attendevendande tema i norsk media og
politikk.
Rammene kring nasjonal mattryggleik vil med dagens utvikling i aukande grad bli påverka
av globale utviklingstrekk. Aukande verdsbefolkning vil ha behov for meir mat,
økonomisk vekst og auka velferd vil føre til auka konsumering av kjøt og
klimaforandringane vil kunne påverke den samla globale matproduksjon. Etter
berekningar frå «Earth Policy Institute» av dei sju største kornproduserande nasjonane i
verda, er det kunn 22% av den samla kornavlinga som er gjenstand for handel over
landegrensene. Størstedelen av konsumet føregår innanlands. Med auka kjøpekraft frå
store nasjonar som t.d. Kina, så skal ein ikkje ta for gitt at Noreg for all framtid kan kjøpe
naudsynte innsatsfaktorar til eigen matproduksjon.
Kjelde: USDA/Earth Policy Institute
0
50
100
150
200
250
300
350
USA EU-27 Kina Russland Brasil Argentina Ukraina
Mill
.to
nn
Produksjon
Nasjonal bruk
Eksport
13
Landbruksmelding for Valdres
Verda må produsere meir mat for å dekke etterspurnaden og utfordringa blir ikkje mindre
når det blir anslege at om lag 120 mill. dekar landbruksareal går tapt kvart år(Vagstad,
2013).
Å ha kjennskap til den globale situasjonen er naudsynt for å få ein god og nyansert
diskusjon kring norsk matproduksjon. Det fell relativt naturleg inn i diskusjonen at alle
land bør nytte sine høve til å produsere mat og oppretthalde ei viss grad av sjølvforsyning
for å sikre mat til sine innbyggjarar. Utrekningar frå NILF syner at Noregs sjølvforsyning
stadig blir redusert, og i 2011 var denne 39 prosent for norsk produksjon på norsk fôr
(NILF, 2011).
Matproduksjon i Valdres utgjer berre ein liten del av den globale produksjonen. Det gjer
den ikkje mindre viktig av den grunn. Valdres er ein region som allereie produserer mat til
lang fleire folk enn dei som er fast busette og er i så måte ein del av løysinga på dei store
utfordringane i verdssamfunnet. Valdres har eit stort potensial til å auke matproduksjon
på ein økologisk berekraftig måte, tufta på beite- og grovfôrressursar. Valdres har og
høve for nydyrking, men dette er det førebels mindre økonomisk lønsemd i.
Landbruksnæringa i Valdres kan og forsvarast ved at den gjev store økonomiske
ringverknadar og sysselsettingar til regionen, for ikkje å nemne kva landbruket har å seia
for identitet, kultur, miljø og tilhøyre. Næringa produserer og kollektive gode som kjem
både fastbuande og tilreisande til gode.
Kjelde: Valdres Natur- og Kulturpark, Flikr
14
Landbruksmelding for Valdres
5.0. Kraftfôrpolitikk
Kraftfôrpolitikken er ein viktig del av den såkalla kanaliseringspolitikken. Denne har til
hensikt å sikre eit aktivt landbruk over heile landet og at ein nyttar regionale fortrinn i
matproduksjon. Kornproduksjonen føregår no i hovudsak i lågtliggande/sentrale område
som er eigna for denne produksjonen, medan dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i
stor grad er kanalisert til distrikta.
Kraftfôrprisen blir forhandla fram i jordbruksforhandlingane, og det er Det Norske
Felleskjøp som har hovudansvaret for å regulere marknaden slik at avtalt pris blir
realisert. Ein viktig del av kraftfôrpolitikken går også ut på at kraftfôrprisen skal vera
tilnærma lik over heile landet. For å hindre at dyrt kraftfôr dreg opp konsumentprisen på
ulike husdyrproduktar, og mellom anna aukar fara for grensehandel, subsidierast
kraftfôret med eit «nedskrivingsbidrag» for å gje låge prisar på kraftfôr og husdyrprodukt.
Dette «nedskrivingsbidraget», i kombinasjon med frakttilskot til korn til område med
underskot av korn, bidreg mellom anna til at kraftfôrkrevjande husdyrproduksjonar i
distrikta blir meir konkurransedyktige.
Nykkjelen til eit reelt fokus på verdien i grasproduksjonen er kraftfôrpolitikken. Dette
fordi kraftfôr til ein viss grad kan erstatte grovfôr. I dag er kraftfôret relativt sett så billeg
at ein ikkje får eit naudsynt fokus på den lokale grasproduksjonen. Føresetnadane for å
kunne nytte eksisterande grovfôrareal på ein betre måte er fyrst og fremst å auke verdien
på graset i høve til kraftfôret. Låg kraftfôrpris påverkar indirekte utnyttinga av norsk
innmark og utmark.
Ei forsiktig tilnærming med reduksjon av nedskrivingsbidraget og frakttilskotet,
kombinert med ein noko høgare kraftfôrpris, vil vonleg auke verdien på grovfôret og
fylgjeleg styrke dei regionale fortrinna. Ein føresetnad er at ein klarar å hente ut auka
kostnadar ved meirinntekt frå marknaden. Ei auka i verdien av grovfôret i høve til
kraftfôret vil vonleg føre til eit meir aktivt eigarskap til kapitalavkastninga frå eige jord og
setja meir fokus på produksjon av raudt kjøt. Dette er samanfallande interesserer med
kornprodusentane då det vil stimulere positivt til norsk kornproduksjon og sjølvforsyning.
15
Landbruksmelding for Valdres
6.0. Rammevilkår
6.1. Naturgjevne rammevilkår
Dalføret i Valdres strekkjer seg om lag 15 mil frå Sør-Aurdal i aust til Vang i vest. Areala
som nyttast i
landbrukssamanheng strekkjer
seg frå 160 til 2000 meter over
havet. Dette gjev store skilnadar
og variasjonar i temperatur,
nedbør, topografi og
berggrunn, fylgjeleg får ein ulike
føresetnadar for landbruk og
matproduksjon gjennom heile
Valdres.
Dei seinare åra har ein hatt
blautare vekstsesongar. Dette
gjev særskilte utfordringar
under hausting. Vekst- og beitesesongen er relativt sett kortare enn meir lågtliggande
område i Noreg, men blir smått om senn lenger for kvart år også i Valdres.
Valdres har i fylgje Statens Landbruksforvaltning 147.691 daa dyrka jord og om lag
1 478 000 daa produktiv skog. Utmarksbeite kjem i tillegg. Hovuddelen av
jordbruksarealet i Valdres egnar seg best til eng og beite, men det er noko korn- og
grønsaksproduksjon. Av naturlege årsaker er mange av dei dyrka areala i dalføret små,
bratte og krevjande, særskilt i sett i høve til sentrale deler av Austlandet, Trøndelag og
Jæren.
Landbruket i Valdres er i all hovudsak sentrert kring grovfôrbasert husdyrproduksjon av
kjøt og mjølk. Desse baserer seg på utnytting av dei nære grovfôrressursane i innmark og
utmark. Valdres har det mest aktive stølsområde i Nord-Europa. Ressursgrunnlaget i
utmarka har særskilt stor betyding for sauehaldet og lammeproduksjon.
Kjelde: Valdres Natur- og Kulturpark
16
Landbruksmelding for Valdres
Det er dei naturgjevne rammene og topografiane som lyt ligge til grunn når dei politiske
rammene skal meislast ut. For Valdres kan ein oppsummere med stikkorda: liten
bruksstorleik, krevjande topografi og store gras- og beiteressursar.
6.2. Politiske rammevilkår
6.2.1. Internasjonale avtalar med konsekvensar for lokalt landbruk
Internasjonale avtalar og prosessar legg føringar for utforminga av den nasjonale
landbrukspolitikken, mellom anna på import av matvarer. Den globale utviklinga går i
retning av ein meir open og liberal verdshandel med mat og auka internasjonal
konkurranse. Her står norsk landbruk og næringsmiddelindustri ovanfor store
utfordringar grunna høge produksjonskostnadar i høve til andre land.
WTO avtalen trådde i kraft i 1995 og bestemmer kva virkemiddel som kan nyttast for å
regulere importen av mat. Meir konkret er avtala knytt til mellom anna marknadstilgang,
eksportstøtte og samla støtte til landbruket. I denne samanheng er det relevant å nemne
at Noreg har fjerna all toll på import av matvarer frå verdas fattigaste land men behalde
importavgrensinga knytt til mengde.
Tollvernet er naudsynt for å kunne sikre så høge prisar i Noreg at gardbrukarane kan få
dekt sine kostnadar. Ein kan velje prosent- og kronetoll, der sistnemnde er eit fast
kronebeløp som leggast til importprisen på ei vare. Prosenttoll er ikkje eit fast beløp men
ein prosentvis del som leggast til vara. Prosenttoll er generelt gunstigare ved høge
importprisar, medan kronetoll er gunstigare ved låge.
I WTO forhandlingane arbeider regjeringa for å sikre landbrukets rammevilkår slik at den
kan fylgje opp vedtaket om å ha matproduksjon over heile landet. Mellom anna blir det
forhandla om storleiken på «boksane» som blir definert etter i kva grad dei er handels- og
produksjonsvridande.
Dei gjeldande boksane er:
17
Landbruksmelding for Valdres
«Gul boks»
Alle formar for innanlandsk støtte som antakast å vera handels- og
produksjonsvridande, som t.d. pristilskot på kjøt og mjølk. Det er klare
avgrensingar på den totale støtta i høve til samla verdiskaping i landbruket.
«Blå boks»
Denne boksen er ein mellomting mellom grøn og gul boks. Alle formar for støtte
som normalt blir plassert i gul boks, men som er underlagt
produksjonsavgrensingar, blir plassert her. T.d. husdyr- og driftstilskot.
«Grøn boks»
Støttetiltak som ikkje reknast for ikkje å ha handelsvridande effekt på handel blir
plassert i grøn boks, t.d. FoU-midlar, rådgiving, miljøtiltak, bygdeutviklingsmidlar,
m.m.
EØS-avtala «Protokoll 3» regulerar handelen med bearbeidde landbruksvarer og ein del
tradisjonelle landbruksvarar mellom Noreg og EU. Avtala har til hensikt å gradvis
liberalisere handelen med utvalde landbruksvarar mellom Noreg og EU.
6.2.2. Nasjonal landbrukspolitikk
I desember 2011 la Regjeringa fram ei ny melding om landbruks- og matpolitikken, Meld.
St. 9(2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. Meldinga legg opp til auka matproduksjon i
takt med aukande folketal(1% pr/år), og med intensjonen om å auke produksjonen på
norske ressursar. Elles legg meldinga opp til å auke inntektsmoglegheitene i landbruket
og betre tilgangen til kapital.
Meldinga formulerar fire hovudmål for norsk mat- og landbrukspolitikk:
1. Mattryggleik
2. Landbruk over heile landet
3. Auka verdiskaping
4. Berekraftig landbruk
Nokre element i meldinga har særskilt betyding for landbruket i Valdres:
Meir regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk og auka regionalt handlingsrom
18
Landbruksmelding for Valdres
Tydligare distriksprofil(skal styrkast), særskilt i område der utviklinga er særleg
bekymringsfull. Her under fjellområda i Sør-Noreg.
Næringsutviklingsmidla skal i auka grad forvaltast regionalt
Vidareføre regionale bygdeutviklingsprogram
Utnytting av utmarksbeite i produksjon av mat skal aukast
Elles seier stortingsmeldinga at styresmaktene vil vidareføre jordbruksforhandlingane og
marknadsordningane. Samvirket er marknadsregulator, noko som i praksis betyr at dei
skal tilpasse volumet på produksjon av ulike jordbruksvarer for å balansere tilbod og
etterspurnad.
Jordbruksavtala er ei næringsavtale mellom staten og Norges Bondelag og Norsk Bonde-
og Småbrukarlag og er regulert gjennom Hovudavtala for jordbruket av 1950. Gjennom
jordbruksforhandlingane fastsett partane maks. prisar for jordbruksvarar, tilskot til
velferdstiltak, m.m.
Målpris er ein politisk bestemt pris som bestemmast i jordbruksforhandlingane.
Samvirket har som marknadsregulator ansvar for at å hente ut målprisane i marknaden og
arbeide for at politisk fastsette prisar blir realisert.
Regjeringa vil og sikre eit importvern som gjev norske produkt beskyttelse gjennom heile
verdikjeda.
Landbruket påverkast og av nasjonal rovviltpolitikk. Ved Stortingets handsaming av
Meld.St. nr. 15(2003-2004) «Rovvilt i norsk natur» og Inst. S. nr. 174(2003-2004), vart det
bestemt at landet skal delast inn i åtte forvaltningsområde. Oppland utgjer region 3 og
blir leia av ei eiga rovviltnemd. Rovviltnemnda har hovudansvaret for rovviltforvaltninga i
Oppland, skal syrgja for gjennomføring av nasjonal politikk og mellom anna utarbeide ein
regional forvaltningsplan for rovvilt.
Bestandsmåla for Oppland/region3 er fem årlige familiegrupper av gaupe og fire årlige
ynglingar av jerv. Det skal ikkje vera yngling av bjørn eller ulv i regionen.
19
Landbruksmelding for Valdres
Regulering av eigedomsmarknaden
Det er eit sentralpolitisk tema og mål om å sikre spreidd busetting og landbruk over heile
landet. Det offentlege ynskjer å styre utviklinga og strukturen på landbrukseigedomane
ved konsesjons-, bu- og driveplikt(Konsesjonslova, Odelslova og Jordlova)og ved
regulering av eigedomsprisane. Ein landbrukseigedom er konsesjonspliktig når den har
meir enn 25 daa overflate dyrka jord og/eller over 500 daa produktiv skog.
6.2.3. Regional landbrukspolitikk
Ved Ot.prp nr. 10 (2008–2009) «lov om endringar i forvaltingslovgivinga mv.» har
fylkeskommunen fått eit medansvar for gjennomføring av landbrukspolitikken. Innan
mat og landbruk har fylkeskommunen mellom anna ansvaret innan verdiskaping i
landbruket, klima og samfunnsplanlegging samt rekruttering og kompetanseheving.
Ei av hovudutfordringane til fylket er å sikre og utvikle eit godt tilbod innan
landbruksutdanning og rekruttering til denne. Det vil og vera(og er) eit aukande behov
for gode etter- og vidareutdanningstilbod.
Landbruks- og matdepartementet har i STM 9 (2011–2012) «Landbruks- og matpolitikken»
gitt fylkesmannen ansvar for koordinering og utforming av regionalt
bygdeutviklingsprogram. Hovudmålet med bygdeutviklingmidlane er å legge til rette for
næringsutvikling som dannar grunnlag for «langsiktig og lønsam verdiskaping med
utgangspunkt i landbrukets ressursar og landbrukseigedommar spesielt». Valdres har sidan
2004 fått høve til å forvalte bygdeutviklingsmidlane lokalt gjennom Regionrådet for
Valdres (no Valdres Natur- og Kulturpark) og utforme eigne strategiar for utvikling av
landbruket i Valdres gjennom eit eige Bygdeutviklingsprogram.
20
Landbruksmelding for Valdres
7.0. Landbrukets betyding for Valdres
I fylgje tal frå Statistisk Sentralbyrå(SSB 2011) er det registrert 3127 landbrukseigedommar
i Valdres, derav 2924(93%) med bygningsmasse. Del eigedommar med bygningar, men
utan busetnad, varierar mellom 12,5% og snautt 30% i kommunane.
Landbruket i Valdres er framleis viktig for busetnad, verdiskaping og sysselsetting, samt
ein viktig faktor for å oppretthalde teneste- og skuletilbod rundt omkring i fleire bygder.
Det er heller få som per i dag har landbruket som einaste, eller viktigaste, leveveg, men
busetnad på landbrukseiningane er ein viktig faktor for å oppretthalde folketal, ivareta
landskapsbiletet og utvikle nye bygdenæringar som er knytt til gardsbruket.
7.1. Jordbruket
Jordbruket i Valdres er variert med ulike formar for husdyrhald og planteproduksjon. I
2012 var det 881 landbrukseiningar som søkte produksjonstillegg. I perioden frå år 2000-
2012 gjekk talet driftseiningar ned med 357(29%). Det er særleg talet mjølke- og
sauebesetningar som har gått ned, medan besetningane med ammekyr har gått opp.
Nedgangen var størst i fyrste halvdel av perioden medan kurven dei seinare åra har flata
ut.
21
Landbruksmelding for Valdres
Kjelde: Statens Landbruksforvaltning
Produksjon av mjølk og grovfôrbaserte kjøttslag er den viktigaste berebjelken i
Valdreslandbruket. Gode produksjonsmiljø lokalt og regionalt, som legg til rette for auka
samarbeid og deling av kunnskap og kompetanse mellom aktørane, er viktig for å
stimulere til utvikling og auka produksjon. Utfordringa ligg også i Valdres med at ein
stadig får større og færre bruk og at produksjonsmiljøet tynnast ut. Ny teknologi og
større maskinelt utstyr er medverkande faktorar til at ein del marginale areal takast ut av
drift.
Frå NILF-Notat 2012-1 om «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert virksomhet i
Oppland» er samla verdiskaping for jordbruket i Valdres kalkulert til 155 millionar kroner.
Verdiskaping er lik nettoprodukt medrekna tilskot. Nettoprodukt er betaling for
arbeidsinnsats og forrenting av investert kapital.
1238 1184
1132 1069 1029 994 967 956 945 909 897 880 881
2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Søknadar prod. tilskot i Valdres
22
Landbruksmelding for Valdres
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå SLF og NILF
Nord Aurdal er kommunen i Valdres med størst netto verdiskaping innan jordbruket og
også den kommunen som har hatt størst prosentvis vekst i verdiskaping sidan 2005.
Etnedalen er kommunen med lågast verdiskaping av kommunane og den kommunen med
størst prosentvis reduksjon.
Diagrammet nedanfor syner verdiskapinga fordelt på produksjon, der mjølkeproduksjon
er den klart største og står for vel 77% av verdiskapinga.
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå SLF og NILF
13
18
23
32
33
36
22
21
19
27
31
26
0 5 10 15 20 25 30 35 40
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Jordbrukets verdiskaping pr. kommune, i mill.kr.
2005
2010
119,5
7
7,5
19,5
1,7
113,5
7,7
5,3
19,8
4,1
0 20 40 60 80 100 120
Mjølkeproduksjon storfe
Mjølkeproduksjon småfe
Ammekyr
Sauehald
Korn/grønt
Jordbrukets verdiskaping etter produksjon, i mill.kr
2005
2010
23
Landbruksmelding for Valdres
Valdres hadde i 2010 743 årsverk sysselsett i jordbruket, ned frå 950 i 2005. Diagramma
nedanfor syner desse årsverka fordelt per kommune og etter produksjon. Særskilt
interessant er det å sjå reduksjonen i talet årsverk i mjølkeproduksjonen.
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå SLF og NILF
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå SLF og NILF
488,4
29,6
47,4
172,3
5,1
656,7
39,1
37,1
203,1
13
0 100 200 300 400 500 600 700
Mjølkeproduksjon storfe
Mjølkeproduksjon småfe
Ammekyr
Sauehald
Korn/grønt
Sysselsetting etter produksjon. Årsverk.
2005
2010
56
91
120
137
158
180
85
117
159
185
190
214
0 50 100 150 200 250
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Sysselsetting pr. kommune. Årsverk.
2005
2010
24
Landbruksmelding for Valdres
7.2. Skogbruket
I Valdres er det om lag 2880 skogeigedommar, med ein gjennomsnittsstorleik på vel
500daa. Den største skogkommunen er Sør-Aurdal, som også er den største i heile
Oppland(FMO).
Kvart år hoggast det i underkant av 200 000m3 tømmer i Valdres. Avverkinga har dei siste
åra vore avtakande, og plantinga har gått ned frå 1,2 mill. planter i 1996 til 830 000 planter
i 2010.
Diagramma nedanfor syner verdiskapinga og sysselsetting fordelt etter kommune, der
Sør-Aurdal særskilt skil seg ut i begge grafane med eit bruttoprodukt på 40 mill. kr. og 69
årsverk.
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå SSB
16
40
2
7
7
20
0 5 10 15 20 25 30 35 40 45
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Skogbrukets verdiskaping pr. kommune, i mill.kr.
2010
25
Landbruksmelding for Valdres
Kelde: NILF sine utrekningar på grunnlag frå SSB, Landbrukstellingane 1999 og 2010
7.3. Bygdenæringar
Bygdenæring er definert som næringsverksemd utanom tradisjonelt jord- og skogbruk,
med utgangspunkt i ressursane tilhøyrande eigedommen(areal, bygningar, m.v.). Om lag
66,5% av alle driftseiningane driv med landbruksrelatert bygdenæring noko som
stadfestar at «valdresbonden» er ein mangesyslar. Årsaka til dette er mellom anna mykje
turisme i Valdres
I fylgje Nilf-Notat 2012-1 er verdiskapinga frå bygdenæring i Valdres berekna til om lag 60
millionar kroner. Til samanlikning er verdiskapinga i jordbruket 2,5 gonger så stor. Nilf har
og berekna sysselsettinga i bygdenæring til om lag 78 årsverk.
21
69
4
9
12
23
26
84
4
18
14
42
0 10 20 30 40 50 60 70 80 90
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Sysselsetting i skogbruket pr. kommune. Årsverk.
1999
2010
26
Landbruksmelding for Valdres
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå Landbrukstelling 2010 og Driftsgranskningene 2008-2010
Kjelde: NILF sine utrekningar på grunnlag av data frå Landbrukstelling 2010
5
9
10
10
13
16
0 2 4 6 8 10 12 14 16 18
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Verdiskaping frå bygdenæring pr. kommune, i mill.kr.
2010
6
11
13
12
16
19
9
19
27
20
15
12
0 5 10 15 20 25 30
Etnedal
Sør-Aurdal
Vang
Vestre Slidre
Øystre Slidre
Nord-Aurdal
Arbeidsinnsats i årsverk pr. kommune.
2005
2010
27
Landbruksmelding for Valdres
7.4. Ringverknadar
Attmed verdiskaping og sysselsetting i jord- og skogbruk og bygdenæring, kjem
ringverknadar frå anna næringsaktivitet knytt til landbruket. Fleire lokale og regionale
føretak leverar varer og tenester til landbruket, t.d. forhandlarar av maskiner, driftsutstyr,
kraftfor, gjødsel, verktøy og klede. Handverkarar og entreprenørar hentar og mykje av
omsetjinga si frå landbrukseiningane. Avløysarar, veterinærar og rådgivingsapparat er
andre som er avhengige av landbruket. Berekningar syner at landbruket generer frå 1,5 til
2,5 årsverk i andre næringar.
Landbruket i Valdres bidreg også til kollektive godar for samfunnet elles, ved forvalting av
arealressursar, kulturlandskap, vegar og levande bygder. Tal frå SSB syner at om lag 43%
av befolkninga bur på ein landbrukseigedom. Dette varierar frå 29% i Nord Aurdal til 53,8%
i Vang.
28
Landbruksmelding for Valdres
8.0. SWOT analyse for Valdreslandbruket
SWOT er ei forkorting for «strength, weakness, oppurtunities and threats». Analysen er ein
metode for å identifisere kva som er Valdreslandbrukets sterke og svake sider og kva som
kan vera potensielle moglegheiter og trugslar knytt til vidare utvikling og auka
matproduksjon. I analysen samanlikner vi landbruket i Valdres med resten av landet, men
særskilt jordbruksområda på Austlandet, Sør-Vest landet og i Trøndelag.
Styrker
Fleire foredlingsbedrifter
Godt samhald i produksjonsmiljø
Stor hyttedestinasjon(18 000 fritidsbustader)
Store utmarksbeite og flott natur
Sterk stølstradisjon
Klimatiske fordelar(smak, lagringsevne, meirpris)
Lokal forvaltning av BU-midlar
Svakheiter
Små bruk/deltidsbruk
Spreidde og tidsvis tungdrevne areal
Stor del leigejord
Svak rekruttering(mjølk)
Få med landbruksutdanning
Svak lønsemd i høve til anna næring
Krevjande nydyrking
Moglegheiter
Auka avlingsnivå
Store utmarksbeite/utmarksressursar (jakt/fiske/mv.)
Styrke fagmiljø
Stølsmjølksatsing, Tine
Lokal foredling (smak/kvalitet/marknadsverdi/meirverdi)
Landskap, kultur, natur og miljø - den gode historia
Bioenergi
Produktutvikling i skogbruket(særskilt sortiment)
Småkraftverk(mikro/mini)
Potensiale for bygdenæring/mangesysleri
Auka satsing stølsturisme, mat og reiseliv
Trugslar
Kort vekstsesong
Rovdyrproblematikk
Investeringsetterslep
Svak rekruttering
Avvikling av større foredlingsanlegg
Attgroing av utmarksbeite og tap av beiteressursar
Låg omsetning av gardar(som ikkje er i drift)
Skogbruk – lønsemd/avsetning/vern
Klimaendringar, auka mengde nedbør
Auka pris på innsatsfaktorar
Føresetnadar for å lukkast
Gode produksjonsmiljø
Tilgang til kapital
Utgangspunkt i lokale fortrinn og ressursar
Auka fokus på marknaden/meirverdi
Tilgang til kompetent arbeidskraft
Tilgang til rådgivningsapparat
Lokale initiativ og positiv bygdekultur
God kompetanse
Samarbeid og nettverksbygging
29
Landbruksmelding for Valdres
9.0. Utviklingsområde og utfordringar
Landbruket skal ivareta fleire ulike landbrukspolitiske mål. Ved nokre tilfelle kan desse
koma i konflikt med kvarandre. Nedanfor er dei viktigaste utviklingsområda for
Valdreslandbruket definert med bakgrunn i «status og utviklingstrekk», «målsetjingar for
Valdreslandbruket» og «SWOT-analyse». Særskilte utfordringar blir sett i samanheng med
ynskjeleg måloppnåing og er diskutert innanfor kvart område.
Den pågåande utviklinga med større og færre driftseiningar har til hensikt å redusere
driftskostnadane per produserte eining. Mykje av strukturutviklinga har til no har vore
hensiktsmessig, men ein kan no få tilfelle der kostnadane blir større enn nytta.
Færre driftseiningar kan føre til utfordringar med landbruk i heile regionen grunna
krevjande topografi og eigedomsstruktur som ikkje er tilpassa volumlandbruk over ein
«viss storleik». For å kunne redusere avgangen av aktive brukarar og sikre landbruk i heile
regionen, er det grunnleggande naudsynt å få god økonomi innanfor dei rammene som
ligg til grunn for matproduksjon i Valdres i dag.
9.1. Auke mjølk- og kjøtproduksjon på stor- og småfe
Auka matproduksjon og investeringsbehov
I 2012 vedtok Stortinget ei stortingsmelding om mat og landbruk som seier at ein skal
auke matproduksjonen i Noreg i takt med befolkningsutviklinga. Landbruket i Valdres har
sett seg som hovudmål å fylgje
ambisjonane i meldinga med å auke
produksjonen tilsvarande.
Mjølk og kjøtproduksjon utgjer
størstedelen av matproduksjonen i
regionen. Desse produksjonane er
kapitalintensive og auka
30
Landbruksmelding for Valdres
produksjon vil krevja betydelege investeringar. Tilgang og bruk av investeringskapital vil
vera naudsynt for å nå målsetjingane innan mjølk og kjøtproduksjon. Det vil vera eit stort
behov for auka investeringsvirkemiddel.
Underdekning av storfekjøt i den norske marknaden er på om lag 10 000 tonn, og det er
store høve for å auke denne produksjonen. Auka avdrått i mjølkeproduksjon gjev færre
kyr, som igjen gir færre kalvar til oppforing. Auka kjøtproduksjon må difor koma av
kjøtproduksjon av ammekyr og spesialisert kjøtproduksjonen. Kjøtproduksjon av
ammekyr er og den produksjonen som har auka mest i regionen dei siste åra.
For Valdres er det eit paradoks at det blir seld mykje kalv ut av regionen. Det er viktig å
finne tiltak for å sikre at oppforing kalv og tilhøyrande verdiskaping skjer lokalt.
9.2. Ivaretaking av landbruksareal, betre grovfôrkvalitet og auka
beitebruk
Avgang av jordbruksareal
Med ofte små og tidvis tungdrivne jordbruksareal vil ein risikere at marginale areal går ut
av drift og at ein vil få auka kostnadar knytt til transport. Hausting av grovfôrressursar frå
stølsområda vil ofte få lågare prioritet.
Ved fleire tilfelle har drivarane større del leigejord enn eigejord. Auka del leigejord er ein
naturleg konsekvens av rasjonaliseringa og at ein ikkje får frådelt/kjøpt leigeareal. Mykje
leigejord vil i ein del tilfelle føre til dårligare vedlikehald av areal og reduksjon i
avlingsnivå. Ei av årsakene til dette er mellom anna korte/uklåre leigekontraktar.
Leigejord, då særskilt marginalt areal, går og vanlegvis lettare ut av drift.
Konkurransefortrinna og dei største utviklingshøva for husdyrproduksjonane i Valdres er
særskilt knytt til grovfôret. Skal ein klare å auka matproduksjon på nære og naturgjevne
grovfôrressursar, er fokus på agronomi og auka avling på eksisterande areal ein viktig
faktor. Det må skje ei auke i grøfteaktivitet, meir fornying av eng og det må leggast til
rette for nydyrking i tida som kjem. Ein bør også utgreie alternativ bruk av dei marginale
jordbruksareala som går ut av drift.
31
Landbruksmelding for Valdres
Støling og beitebruk
Større driftseiningar og auka
bruk av mjølkerobotar vil
kunne koma i konflikt med
auka bruk av utmarksbeite og
oppretthalding av støling
sumars tid. Mindre støling og
beiting vil over tid mellom
anna føre til attgroing av
kulturlandskap og tap av fôrressursar.
Det er eit mål å utvikle mjølkeproduksjon i Valdres slik at stølsdrifta og utnytting av
beiteressursane kan oppretthaldast.
Færre aktive utøvarar i landbruket vil potensielt auke utfordringane med beiting og
beitebruk i samband med dårlegare vedlikehald av gjerde og uklåre ansvarstilhøve knytt
til gjerdeplikt.
Rådgiving , landbruksfagleg kompetanse og fagmiljø
Valdres har eit breitt spekter i tilbod av kompetanse og produksjonsfagleg rådgiving.
Auka samarbeid og ei betre samordning mellom ulike fagaktørar vil kunne ha særs positiv
effekt på den generelle landbruksfaglege kompetansen.
Relativt få ungdommar i Valdres tek landbruksutdanning. Dette er bekymringsfullt for
landbruksnæringa. Det må arbeidast for at fleire av dei som skal overta
landbrukseigedommar tek landbruksutdanning på heiltid eller som vaksenagronom på
deltid.
Gode produksjonsmiljø og tilrettelegging av ulike arenaer for både faglege og sosiale
møte er viktig med tanke på positiv utvikling i landbruket. Færre aktive driftseiningar vil
etter kvart kunne påverke eksisterande rådgivingstilbod og produksjonsmiljø.
32
Landbruksmelding for Valdres
I Valdres har Valdres Landbruksrådgiving i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark
gjennomført prosjektet «Nye Bønder», der hensikta var å heve den faglege kompetansen
hjå nye gardbrukarar i Valdres. Prosjektet var vellukka og hadde god deltaking.
Auka bruk av trevirke
Trevirke kan erstatte byggemateriale som til dømes stål og betong. Auka kompetanse og
produktutvikling i både landbruksnæringa og i skogindustrien kan auke etterspurnaden
etter trevirke. Trevirke har og eit stort potensiale innan biobrensel og energiproduksjon.
9.3. Rekruttering og landbrukskompetanse
Rekruttering
For i det heile å kunne nå målsetjingane om ei
kontinuerleg auke i matproduksjon, er det
avgjerande med eit høgt fokus på rekruttering til
næringa. Utan god rekruttering vil ein få stadig
færre som har landbruksfagleg utdanning, med
dei fylgjene at kompetansenivået i næringa vil
reduserast.
Landbruksnæringa er ei kompetanseintensiv
næring. Dei brukarane med god fagleg
kompetanse vil ha eit betre fundament til å kunne fatte rasjonelle og gode slutningar for
si eiga drift, mellom anna knytt til byggteknisk, økonomisk og agronomisk karakter.
Konkurranse med anna næringsliv
Viktige fokusområde knytt til rekruttering er omdømme til næringa, generelt god
lønsemd, investeringsvirkemiddel med rekrutteringseffekt og gode velferdsordningar.
Konkurranse med anna næringsliv om arbeidskraft er ei stor utfordring. Med dagens
omdømme med låge forventningar til inntekt, avgrensa investeringsvirkemiddel og
mindre gode sosiale ordningar, blir det utfordrande å sikre tilstrekkeleg rekruttering.
Kjelde: Valle videregående skole
33
Landbruksmelding for Valdres
Per i dag er det og liten omsetning av drivverdige gardsbruk til sals for dei som ynskjer å
starte med gardsdrift, men som ikkje har høve til å ta over til dømes eit familiebruk. Noko
av årsaka til låg omsetjing/få sal av gardsbruk er mykje grunna i at det er meir lønsamt å
nytte garden til andre føremål enn å omsetja bruk i drift.
9.4. Variert bruksstruktur og verdiskaping
Føresetnadar for ein variert bruksstruktur
Dersom Valdres får stor avgang og reduksjon i «volumlandbruket» mistar ein og mykje av
grunnlaget for verdiskaping innan bygdenæringane. Det å ha eit «volumlandbruk» i botn
er avgjerande for ein variert bruksstruktur.
Bygdenæring og lokal foredling har og ein positiv effekt og ringverknad på den samla
matproduksjon ved at dei på ein god måte synleggjer heile verdikjeda og bevisstgjer
konsumentane på opphavsstad til produkta. På fleire vis er det eit tilhøve der dei ulike
produksjonane er avhengige av kvarandre, for samen å kunne lukkast med auka
matproduksjon basert på norske ressursar.
Lokal foredling med utgangspunkt i gardens eigne ressursar gjev og gode høve for å sitja
at med ein større del av verdiskapinga. Ein vanleg føresetnad for å kunne hente ut ein
meirverdi i marknaden er at produkta er basert på historisk særpreg og lokal identitet.
Utfordringane med lokal foredling er at det til tider kan vera særs arbeidskrevjande, samt
at det krev stor kompetanse i mellom anna sal og marknadsføring.
Lokal mat og lokal foredling har og positive ringverknadar i lokalsamfunnet ved at dei
styrker den lokale identiteten og kulturen.
34
Landbruksmelding for Valdres
Bygdenæringar
Bygdenæringar som turisme og sal av tenester som «Inn på tunet» har gode veksttilhøve,
og kan gje gardsbruk ei god tilleggsinntening ved sida av vanleg produksjon. Landbruket
produserar allereie «kollektive gode» som kulturlandskap og lokal identitet, men har i
liten eller ingen grad hausta av denne verdiskapinga. Ei utfordring er at ein åleine blir liten
i den store samanhengen, og ein vil fylgjeleg ha mykje å hente på samarbeid både med
andre liknande aktørar og med større og meir profesjonelle marknadsaktørar.
Sal av ulike tenester, som t.d. «Inn på Tunet» kan vera eit godt alternativ for dei som sit
med dei rette personlege eigenskapane og kompetansen. Bygdeserviceføretak har og eit
stort potensiale med bakgrunn i eit høgt tal fritidsbustader i dalføret.
35
Landbruksmelding for Valdres
10.0. Satsingsområde, delmål og tiltak
For å nå målsetjingane for Valdreslandbruket er det naudsynt å peike ut nokre særskilte
satsingsområde med tilhøyrande tiltak. Landbruksmeldinga definerer seks
satsingsområde med bakgrunn i kapittel om utviklingstrekk, målsetjing og analyse.
Landbruksmeldinga er som nemnt innleiingsvis inga sjølvståande politisk handlingsplan. I
verksetting av foreslegne tiltak er difor i stor grad avhengig av samarbeid og samhandling
mellom aktørane i landbruksnæringa og god prioritering av tilgjengeleg tid og ressursar.
Særskilt i offentleg sektor er det ynskjeleg at ein legg meldinga til grunn for utforming av
strategiar, landbruksplanar og til bruk i offentleg forvaltning knytt til landbruksspørsmål.
Til kvart foreslegne tiltak er det sett opp ein eller fleire aktørar. Det er ynskjeleg at desse
på eige initiativ set i verk tiltak og er aktive i samarbeidet med dei andre der det er eit delt
ansvar for tiltaka.
I Valdres er det om lag 880 aktive bruk med kvart sitt unike utgangspunkt. Ulike
driftseiningar har ulike mål og ynskjer for framtida, fylgjeleg har dei ulike behov for tiltak
og virkemiddel. Det er difor viktig å ha (og opparbeide der det manglar) rammevilkår som
gjer det mogleg for den respektive brukar å ta eigne bevisste val for sitt eige gardsbruk.
Det er viktig at vegen ligg open for både den som vil drive med volumproduksjon og for
den som vil satse på lokal foredling.
Det er tre overgripande satsingsområde. «Rekruttering og kompetanse», «forvaltning av
ressursgrunnlag» og «støling, beite og utmarksressursar». Vidare er det satsingsområda
delt opp i «grovfôrbasert husdyrproduksjon», «bygdenæring» og« skogbruk».
36
Landbruksmelding for Valdres
10.1. Rekruttering og kompetanse
Skal landbruksnæringa i Valdres klare å oppretthalde og vonleg auke matproduksjonen er
den avhengig av god rekruttering og utdanning/kompetanse. Landbruksnæringa er ei
næring med eit uttal moglegheiter og med mange positive sider. Desse er det viktig å få
synleggjort på ein god måte.
Rekruttering til landbruksnæringa heng saman med omdømme til næringa og vilkåra for
dei landbruksrelaterte næringane. Ein føresetnad for auka rekruttering er høveleg god
lønsemd og gode velferdsordningar. Rekruttering heng og saman med miljøpåverking frå
grunn- og ungdomsskule og utdanningstilhøva i fylket.
For å vekke interessa for landbruket bør ein utvikle og tilby undervisningsopplegg etter
den kompetansen som næringa etterspør. For Valdres vil det vera viktig med ei utdanning
som er tilpassa dei regionale tilhøva med både grovfôrbasert matproduksjon og
bygdenæring/entreprenørskap. Eit tettare samarbeid mellom næringa og
utdanningsinstitusjonane vil vera naudsynt for å sikre naudsynt kompetanse.
Knytt til generasjonsskifte på gardane vil det vera ein stor fordel med aktiv dialog mellom
noverande drivar og overtakar i ei tidleg fase. Dette er særskilt viktig for å sikre at
investeringane og vedlikehaldet ikkje får eit for stort etterslep med bakgrunn i
usikkerheit kring overtaking og vidare drift.
Landbruksnæringa er ei kompetansekrevjande næring der brukarane er innom eit uttal
ulike fagområde. Å kunne tilby eit allsidig rådgivings- og kompetansetilbod som dekkjer
alle sider ved landbruksdrifta, og styrke samarbeidet mellom landbruksnæringane, vil
vera viktige steg på vegen for sikre god kompetanse.
Stadig fleire deltidsbruk byr og på utfordringar i høve til å sikre kompetansenivået i
næringa. Med ein høg snittalder i overtaking av gardsbruk vil eit godt tilbod i
etterutdanning innan agronomi og landbruk vera viktig.
37
Landbruksmelding for Valdres
For å sikre rasjonelle slutningar for eiga drift bør eit breitt spekter av rådgivingstilbod
vera lett tilgjengeleg. Kompetansenivået i næringa bør og kartleggast for at ein skal
kunne skreddarsy kurs med fokus på kompetanseheving.
Mål:
«Auke rekrutteringa til landbruket, betre utdanningstilboda i fylket, auke tilbodet om
etterutdanning og sikre eit godt lokalt/regionalt rådgivingsapparat»
Tiltak og arbeidsområde
Landbruksmeldinga: Nyttast aktivt for å auke kunnskapen til landbruksnæringa og synleggjera verdiskapinga næringa står for lokalt/regionalt. Informasjon og opplæring om landbrukets verdiar.
Synleg næring: Landbruksnæringa lyt bli meir synleg i media bilete, slik at fleire for positive assosiasjonar til næringa.
Møtestader: Halde fram med positive møtestader som t.d. «Landbruksdagen». Skape nye, sosiale møtestader og arrangement som skaper god blest om landbruket og som byggjer produksjonsmiljøet.
Landbruksutdanning: Marknadsføre utdanningshøva i VGS og ved universitet/høgskule, ved skulebesøk og god informasjon til rådgjevingstenesta i ungdomsskulene. Synleggjera mangfaldet av næringsvegar.
Samarbeid med skulene(rekruttering): Jobbe aktivt opp mot skuleverket for å synleggjera moglegheitene i landbruksnæringa og landbruksutdanninga. Vekke interesse ved landbruksrelaterte prosjekt i skula. Tilrettelegging for landbrukspraksis innan næringa. Stønad kan fåast gjennom BU-ordninga
RULL-ordninga(Rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket: Vidareføre RULL-ordninga. Valdres må nytte seg av ordninga i auka grad. Aktivt fylgje opp satsingsområda i sluttrapporten(2013).
Regionalt behov: Fylkeskommunen må vurdere i lag med landbruksorganisasjonane om utdanningstilhøva er tilfredsstillande for landbruksnæringa i Valdres. Vurdere moglegheitene om landbrukskule i andre fylke
Utdanning for vaksne: Opparbeide eit internett og samlingsbasert utdanningstilbod for personar som kjem inn i næringa i vaksen alder, slik som «voksen agronomen» og «unge bønder» Spesialisert tilrettelegging/komprimert agronomiutdanning
Auka samordning: Gjennomføre koordineringsmøte med landbruksnæringa for å sikre eit breitt utval av aktivitetstilbod fordelt gjennom året. Hovudfokus på møtestader med retta fokus mot kompetanseheving i landbruket.
38
Landbruksmelding for Valdres
Gardssparing for unge(GSU): Opprette eit investeringsfond i landbruket på lik linje med BSU-sparinga for bustad. Nokre bankar tilbyr denne ordninga, men ein lyt jobbe politisk for å få skattefrådrag lik BSU.
Etablerartilskot: Vidareføre ordninga med investeringsvirkemiddel ved eigarskifte
Velferdsordningar: Auka finansieringsrammer av velferdsordningane. Betre tilgangen av avløysarar. Avløysarkurs i ungdomsskulen.
Ved eigarskifte: Auka fokus på alternativ verksemd/bygdenæring på gardens ressursar ved generasjons- og eigarskifte. Dette for å stimulere til tidligare overtaking.
10.2. Forvaltning av ressursgrunnlag
Skal ein nå målet om å auke matproduksjonen frå Valdres på eksisterande produksjons-
og grovfôrareal, treng ein auka fokus på særskilte utfordringar innan landbruksnæringa
og høgt fokus på agronomi. Med krevjande topografi og bruksstorleikar, og stor del
leigejord, er det fleire store utfordringar knytt til framtidig avgang av ugunstig
jordbruksareal og auka avlingsnivå. Tilskotsordningane er slik i dag at det i mange høve er
gunstigare å ha mykje grasareal enn å arbeide for høge avlingar.
Mål
«I vareta eksisterande produksjonsareal, auka avling og tilpassa kvalitet»
Tiltak og arbeidsområde
”Leigejordskifte”: Foreta ei kartlegging av kva jord som blir leigd, og gjennomføre eit frivillig arealbyte med hensikt på å effektivisere drift og redusere transportkostnadar. Jobbe aktivt for å reise kapital til eit fullverdig prosjekt.
Offentleg forvaltning: Sikre ei felles forståing av landbrukets utfordringar blant folkevalde og kommunal adm. som bidrag til ei hensiktsmessig god handheving av gjeldande lovverk og forvaltningspraksis
Synleggjera verdiane: Viktig å synleggjera og orientere om verdiskapinga og dei positive ringverknadane som landbruket produserar
Omdisponering/nydyrking: Dersom jord blir omdisponert skal ein ha som mål å dyrke opp tilsvarande. Innføre
39
Landbruksmelding for Valdres
nydyrkingstilskot.
Agronomi: Fokus på agronomi er avgjerande for å nytte produksjonsarealet på beste måte. Reise kapital til FoU prosjekt knytt til ei samla satsing for landbruket i fjellregion. Vi treng særleg ny kunnskap om korleis agronomi og driftsteknikk kan tilpassast endringar i driftsstruktur og klima, t.d. berekraftig tilpassing av mekaniseringslinjene for husdyrgjødselhandtering og grashausting.
Marginale jordbruksareal: Stimulere til drift på marginale jordbruksareal ved auka overføringar av særskilte tilskot i RMP(t.d. til brattlent terreng og areal i fjellet)
Høg arealutnytting: For å sikre auka produksjon på eksisterande areal bør sentrale myndigheiter utgreie nærare om omdisponering av areal- og kulturlandskapstilskotet.
10.3. Støling, beite og utmarksressursar
Næringa i Valdres nyttar beiteressursane aktivt, men ser og eit stort potensiale i auka
utnytting av utmarka. Om lag 43 000 husdyr går på utmarksbeite i sumarhalvåret. Av
desse er 8500 storfe, 32000 sauer, 2250 geiter og 6000 rein. Det er viktig å ikkje berre
tenke på beiting som eit eige mål i seg sjølv, men som eit middel for å nå eit mål, nemleg
auka matproduksjon basert på lokale ressursar.
Ein viktig føresetnad for den lokale ressursutnyttinga er stølskulturen og strukturen vi har
opparbeidd over lang tid. Støling er ein viktig bidragsytar til at husdyrnæringa trekkjer til
fjells og til utmarksbeite. Den har og positive ringverknadar for både kulturlandskap og
reiseliv. Om lag 70 % av alle mjølkebønder i Valdres er på stølen, men talet stølar dei siste
åra er redusert med (om lag) 38%. Det skuldast i hovudsak at talet på mjølkebønder
minkar.
Stadig større og færre driftseiningar kan påverke beitinga. Redusert beiting vil igjen
påverke attgroing, biologisk mangfald og tap av fôrressursar. Landskapsbiletet skal som
utgangspunkt endrast av bruk og ikkje mangel på bruk.
Utfordringane med rovdyr i beiteområde gjer seg meir og meir gjeldande også for
Valdres. Fleire rovdyr, både stadbundne og streifdyr, vil påverke utnytting av
beiteressursane særs negativt. Særskilt vil det påverke dei som driv med sau og tamrein.
40
Landbruksmelding for Valdres
Forvaltninga skal fylgje opp «rovviltforliket» på ein slik måte at rovvilt ikkje er til hinder for
tradisjonell drift med husdyr på prioriterte beite. God rovviltforvaltning er avgjerande for
god utnytting av utmarksbeite.
Mål
«Utnytting av beite i Valdres skal aukast ved fleire dyr på beite og/eller ved lenger
beiteperiode»
Tiltak og arbeidsområde
Kartlegging(beite): For å kunne auke bruken av beite, og utnytte beitearealet på ein betre måte, lyt ein kartlegge ressursane i kvar kommune. Det lyt reisast kapital til gjennomføring av kartlegging.
FoU knytt til innmark- og utmarksbeite: Tiltak innan beiting i utmark for små- og storfe må sjåast i samanheng med effektar på vegetasjonen/kulturlandskapet og moglege konfliktar i høver til ulike brukargrupper. Det siste gjeld t.d. flokkar med frittgåande kjøtfe i høve til turistar/hytter. For sau er det viktig med tiltak som kan sikre nok fôr/beite haust og vår, t.d. utnytting av tidligare hamnehagar og anna areal som grensar mot innmark.
Støling: I verksetting av prosjekt/studie som aukar kunnskap om korleis beitekvaliteten kan oppretthaldast, og korleis beitebruk kan brukast for å hindre attgroing sentralt.
Gjerding(beite): Auka satsing og opplysning knytt til gjerding og gjerdeplikt. Gjerdetilskotet bør aukast.
Skjøtselstiltak(beite): Stimulere til auka vegetasjonsrydding av beite. Auka og utvida tilskotsordningar.
Satsing mot reiselivet: Det bør gjennomførast eit forstudium/prosjekt som ser nærare på synergiar og samarbeidsmodellar mellom støling/beitebruk og reiseliv, og auka bruk av stølane i reiselivssamanheng
Tilskot: Tilskot som stimulerer til auka beite på innmark- og utmarksbeite må styrkast.
Stølstilskot: For å sikre framtidig stølsdrift bør tilskotsramma doblast. Det bør vurderast om tilskotet skal lyftast ut av RMP og gjerast om til ei nasjonal ordning.
Rovdyrproblematikk: Ein lyt aktivt fylgje opp rovdyrforliket og sikre ei god praktisering/forvaltning av «rovviltforliket». FoU innan førebyggande tiltak mot rovdyr. Forsøk på auka tilsyn med beitedyr sumartid. Prosjekt med hund på særskilte beite. Regional kadaverhund
41
Landbruksmelding for Valdres
10.4. Grovfôrbasert husdyrproduksjon
Den grovfôrbaserte husdyrproduksjonen står for størstedelen av verdiskapinga og
sysselsettinga i næringa. For å bremse nedgangen i aktive driftseiningar, og følgjeleg sikre
utnytting av dei lokale grasressursane, er det avgjerande for landbruksnæringa i Valdres
at ein betrar økonomien i produksjonane som baserer seg på gras og grovfôr.
Konkurransedyktige næringsinntekter i landbruket vil i alle tilfelle stimulere og vera det
absolutt viktigaste incitamentet for å auka matproduksjonen i og frå dalføret.
Mjølkeproduksjon er bærebjelken i regional landbrukssamanheng og står for
størstedelen av sysselsetting og samla verdiskaping. Dette er også den produksjonen som
har det største behovet for investeringar. Ein nedgang i talet på aktive driftseiningar har
sin konsekvens av strukturendringane og samarbeidstiltak(etablering av samdrifter),
medan produksjonen syner ein mindre nedgang. Positiv utvikling og vekst av
mjølkeproduksjonen er nykkjelen for vekst regionalt. Betre grovfôrkvalitet er viktig for å
kunne auke produksjonen basert på nære ressursar.
Kjøttproduksjon av storfe er ei næring med stort vekstpotensiale p.t., då det er stor
underdekning av storfekjøt på marknaden. Ei utfordring er at det stadig blir færre kyr i
regionen som igjen gjev færre kalvar. Likevel blir det seld mykje kalv ut av regionen som
potensielt kunne vorte fôra opp innanfor skigarden. Skal kjøtproduksjonen aukast må
fleire satse på kjøtproduksjon av ammekyr og spesialisert storfeproduksjon. Rådgiving
innan byggtekniske løysingar for småskala produksjon i eksisterande bygningsmasse kan
vera ein skritt i høve til å halde investeringskostnadane låge.
Sauen er det viktigaste beitedyret og har høve til å nytte seg av vanskeleg tilgjengelege
ressursar. Sauen, då særskilt lamma, hentar storpart av fôrgrunnlaget frå utmarksbeite
og gjer ein betydeleg jobb med å halde oppe kulturlandskapet. Sterk reduksjon i talet
sauer og besetningar er uheldig for kulturlandskapet og unytting av utmarksbeite.
42
Landbruksmelding for Valdres
Geitproduksjonen er relativt sett liten i Valdres, likevel står Valdres med om lag 35% av dei
samla geitebruka i Oppland. Næringa har vore gjennom store sanneringsprosjekt med
hensikt i å få opp helsetilstanden hjå geitene.
Reindrifta i Valdres bidreg i stor grad når det gjeld beiting og oppretthalding av
kulturlandskap over tregrensa. I Valdres er det to tamreinlag, Fram og Filefjell, som til
saman har om lag 6000 rein. Tamreinlaga Lom og Vågå nyttar også utmarksbeite i
Valdres, noko som medfører til at om lag 23 000 rein i beite på sumartid.
Mål:
«Auke mjølk og kjøtproduksjon på nære og naturgjevne ressursar»
Tiltak og arbeidsområde
Forsking og utvikling: Samarbeidet mellom forskingsinstitusjonane innan agronomi og økonomi og landbruksorganisasjonane må styrkast. Aktiv bruk av forsking og utvikling for å fremje produksjon og kvalitet på fôr og produkt. Kunnskap om haustetid og grovfôrkvalitet tilpassa den aktuelle produksjonen.
Kapitaltilgang: Sikre og auke naudsynte midlar til investeringar
Fagleg rådgjeving: Styrke kompetanse og individuell rådgiving. Fagleg rådgjeving knytt til ulike produksjonar er naudsynt for å sikre gode slutningar i sin eigen produksjon
Mobilisering: Rådgjeving, studieturar, nettverksarbeid, m.v.
Veterinærtenester: Sikre eit godt tilbod av veterinærhelseteneste
Kjøtproduksjon av storfe: Fange opp mjølkeprodusentar som vurderer å avvikle mjølkedrifta. Starte opp med kjøtproduksjon.
Byggteknikk: Byggteknisk rådgiving for rasjonell bruk av eksisterande bygningsmasse
Samvirke: Jobbe aktivt for å styrke samarbeidet med samvirke(Nortura) med hensikt for å skape auka forståing for regionale produkt og prisdifferensiering. Eit meir dynamisk samvirke.
Nye samarbeidsformer: Utfordre organisasjonar og produsentar i høve til nye samarbeidsformer innan produksjon og foredling.
Avløysarordninga: Fremme tiltak for å sikre god og naudsynt arbeidskraft. Vurdere om organiseringa kring avløysing er god nok
43
Landbruksmelding for Valdres
10.5. Bygdenæring
Bygdenæringane bidreg til auka verdiskaping i landbruksnæringa og gjev eit breitt
mangfald av mangesysleri. Med bakgrunn i vurderingane elles i landbruksmeldinga kan
bygdenæringane med tida få ei endå viktigare rolle for Valdreslandbruket.
Lokal foredling
Valdres har dei seinare åra markert seg sterkt utanfor Valdres sine grenser som ein region
med fokus på lokal mat og lokale ressursar. Mellom anna har ein større konstellasjon av
lokale råvareprodusentar etablert seg i Mathallen i Oslo under namnet «Smak av Valdres».
Lokal, kortreist mat, kan syne til ei differensiering på kvalitet og følgjeleg hente ut ein
høgare pris i marknaden. Lokalt særpreg og identitet er andre viktige faktorar for
uthenting av meirverdi. Valdres ynskjer betre rammevilkår som gjev høve for næringa
sjølv å ta aktive vegval for eigen framtid og eigen produksjon.
Grøn omsorg/Inn på Tunet
Inn på Tunet er eit tenestetilbod frå landbruket til offentleg sektor. Tenestene er knytt
opp til meistring og utvikling med utganspunkt i gardsbruket. Arbeidsområda er i
hovudsak delt opp i helse og omsorg (psykisk helse, funksjonshemming, rus),
arbeidstrening og oppvekst og opplæring(spesialpedagogikk). Inn på Tunet er eit godt
alternativ dersom ein har dei rette kvalifikasjonane.
Naturbasert reiseliv
Interessa for opplevings- og aktivitetsbasert turisme er aukande. I Valdres er tilhøva gode
knytt til jakt, fiske, fjellguiding, riding og andre naturbaserte aktivitetar. I Valdres er det
og fleire som har byrja med besøksstølar og gardsturisme. Sal av lokal mat gjev gode
synergiar mot reiselivet.
Det er eit stort behov for bevisstgjering av eigne ressursar og kompetanseheving innan
marknadsføring, sal og organisering.
44
Landbruksmelding for Valdres
Mål:
«Auke mangfaldet og verdiskapinga i bygdenæringane»
Tiltak og arbeidsområde
Forsking og utvikling: Opparbeide kunnskap om samanhengar mellom beite/fôr og produktkvalitet. Slik dokumentert kvalitet må vera grunnlaget for marknadsføring av produkt/kvalitet i høve til produksjonsstad, i tillegg til historia om lokalt særspreg og identitet.
Mobilisering: Rådgjeving, studieturar, nettverksarbeid, m.v.
Kompetanse: Styrke kompetanse innan bedriftsleiing, etablering, organisering, marknadsføring og sal.
Lokal identitet: Styrke kompetanse innan merkevarebygging, profilering, m.v.
Omsetningskanalar: Stimulere til fleire omsetningskanalar. Aktivt jobbe opp mot deltaking i offentlege prosjekt. Styrke logistikk/distribusjon lokalt. Opparbeide interaktivt kart(kvar kan me få kjøpt kva av dei ulike produsentane)
Vidareutvikling: Stimulere til produktutvikling av nye lokale matprodukt.
Inn på Tunet: Valmoglegheit/tema innan utdanning Bygge kompetansenettverk mellom tilbydarar Legge til rette for samarbeid over kommunegrensene
Synergiar i reiselivet: Utvikle fleire reiselivsprodukt og samarbeide med større reiselivsaktørar. Bygge nettverk og styrke tilskot til samarbeidsprosjekt.
Auka samarbeid: Auke samarbeid og utarbeide konkrete prosjektplanar med Fjellregionsamarbeidet og Fylkeskommunen i høve til forskings- og utviklingsprosjekt knytt til «fjellmidlane frå LMD».
10.6. Skogbruk
Skogbruksnæringa står sterkt i Valdres, der Sør Aurdal kommune er den største
skogbrukarkommunen i både region og i heile Oppland. Verdiskaping frå næringa er stor
og det vil vera viktig å stimulere til auka avverking, produktutvikling og bruk av
ressursane frå skogen.
45
Landbruksmelding for Valdres
Mål:
«Auke verdiskapinga frå skog og skogbasert industri»
Tiltak og arbeidsområde
Tilskot til skogbruksføremål: Grunna ein krevjande situasjon i skogbruket pga. nedlegging av store foredlingsanlegg trengst strakstiltak for å oppretthalde avverkinga. Det bør raskt utgreiast moglegheitene for ei geografisk differensiert inndeling, der ein kan auke rammene for tilskot til skogkultur, skogsvegar og drift i krevjande terreng.
Vedproduksjon: Stimulere til meir hogst til vedproduksjon
Trevirke: Stimulere til satsingar innan treforedling, treindustri og bruk av tre som byggemateriale. Viktig å auke kjennskapen og kunnskapen om tre som byggemateriale.
Juletreproduksjon: Kartlegge høva og stimulere til auka produksjon av juletre. Starte opp med juletreproduksjon på marginale jordbruksareal. Sjå skogbruk/jordbruk meir i samanheng
Bioenergi: Stimulere til auka bruk av bioenergi som energikjelde. Stimulerer til auka bruka av virke frå rydding på attgroingsareal. Jobbe aktivt for auka bruk i offentlige bygg. Få fram samanhengen mellom skog, beite og kulturlandskap
Kartlegging: Kartlegge område som er økonomiske drivverdige som det er mogleg å hente ut særskilte verdiar i.
Vegnett: Godt utbygd vegnett gjev grunnlag for å driva eit meir miljømessig, skånsomt og betre skogbruk.
Produktutvikling/FoU: For å sikre inntektene i næringa og lønsemd i produksjonen, er det viktig med midlar til produktutvikling og FoU.
Beiteskader: ”ROS” taksering. Registrering av elg og trekkruter. Vurdere meir jakt. Endre Hemsing.
Utdanning/kompetanse: Skogbruksnæringa bør aktivt inn i skulesamanheng. I verksette prosjekt/valfag
Auka planting/tynning: Stimulere til planting og fornying
46
Landbruksmelding for Valdres
11.0. Vedlegg
11.1. Produksjons- og distriktstilskot med betyding for Valdres
Det er hensiktsmessig med ein gjennomgang av dei viktigaste produksjons- og
distriktstilskota som har betyding for landbruksnæringa i Valdres. Henta frå Statens
Landbruksforvaltning og Fylkesmannen i Oppland.
Arealtilskot
Føremålet med arealtilskot er mellom anna å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet.
Tilskotet skal medverke til å styrke og jamne ut inntekter mellom ulike produksjonar,
bruksstorleikar og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på
grovfôr.
Kulturlandskapstilskot
Føremålet med kulturlandskapstilskotet er å medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle
kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med
gjeldande landbrukspolitiske mål.
Tilskot til husdyr
Føremålet med tilskotet er å medverke til å styrke og jamne ut inntektene mellom ulike
produksjonar og bruksstorleikar i husdyrhaldet. Tilskotet blir berekna på grunnlag av
mengde dyr/slak, der satsane er differensiert mellom dyreslag og distrikt. Tilskotet blir
avgrensa ved eit maksimaltbeløp per føretak per år.
Tilskot til dyr på beite
Det er to ordningar for dyr på beite. Beitetilskot som givast for dyr som beiter i
kulturlandskapet (innmark og/eller utmark) og tilskot til dyr på utmarksbeite som givast for
dyr som beiter i utmark. Føremålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få
mange dyr ut på beite, samt å få ei betre utnytting av utmark- og beiteressursane.
Ordningane har også en positiv effekt på dyrevelferda.
47
Landbruksmelding for Valdres
Driftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon
Føremålet med tilskotet er å stimulere storfekjøtproduksjonen og styrke økonomien i
spesialisert kjøtfeproduksjon. Tilskotet blir berekna på grunnlag av talet ammekyr.
Driftstilskot til mjølkeproduksjon
Føremålet med tilskotet er å styrke økonomien i mjølkeproduksjonen og jamne ut skilnadar
i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og geografisk lokalisering. Tilskotet blir berekna
som ein fast sats per føretak per år, der satsane er differensiert geografisk, samt mellom kyr
og geitemjølk produksjonen.
Velferdsordningane
Avløysarordninga omfattar tilskot til avløysing ved ferie og fritid og tilskot til avløysing ved
sjukdom m.v. Avløysinga må organiserast som eit arbeidsgivar-/arbeidstakartilhøve, men
søkjaren kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag, ein avløysarring eller til
kommunen. Avløysartilskotet kan gjevast til å dekke faktiske utgifter.
Pristilskot mjølk
Føremålet med pristilskot til mjølk er å medverke til ein inntekts- og produksjonsutvikling i
mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetting og sysselsetting i distrikta ved
å utjamne skilnadar i produksjonen. Det skal også bidra til å jamne ut skilnadar lønsemd
mellom ulike bruksstorleikar generelt og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg.
Soneinndeling
For «distriktstilskot mjølk» er landet delt inn ti sonar. Differensiering av tilskotet på
bakgrunn av soneinndeling skal bidra til å jamne ut skilnadar i lønsemd i produksjonen.
Grunnlaget for soneinndelinga er ulike kriteria som veksttilhøve, klima, infrastruktur,
avstandar og arrondering. Eksempelvis har fjellbygder og store deler av Nord-Noreg soner
med høgare tilskot enn flatbygdene på austlandet.
Hjå Fylkesmannen i er det utarbeid eit regionalt miljøprogram(RMP) som har til hensikt å
styrke og samordne regionale nærings- og miljøarbeidet innan for landbruks- og
48
Landbruksmelding for Valdres
matproduksjon. I Oppland var det sett av 54,2 mill.kr. i 2012, og omfattar i hovudsak
fylgjande miljøtilskot: Guri – areal som ikkje blir haustpløgd. Stor ”pott”. 1-årige vekster.
Stølsdrift med mjølkeproduksjon
Slått/beite av innmark i stølsområde
Dyr på beite (geit, hest, gammalnorsk spælsau, bevaringsverdige saueraser)
Organisert beitebruk
Slått/beite av bratt dyrka mark
49
Landbruksmelding for Valdres