18
106 En norsk 3-årsplan frå 1933 var ved sida av å væra ein kri seplan også ein plan for å utvekla Noreg som industri land. Planen var statskapitalistisk med vekt på planøko nomi og ny teknologi. Ein pådrivar når det gjaldt å utfor me industripolitikken var Teknisk Forening av DNA som i 30-åra fekk gjennomslag for fleire av merkesakene sine. Ole Colbjørnsen sto sentralt i arbeidet. Viktige industri politiske oppgåver var jernsaka og skipsbyggingssaka. Dei konkrete resultata av industripolitikken var likevel små. Dei viktigaste var at det blei oppretta nye institusjo nar som Tiltakskommisjonen og Rådet for teknisk indu striell forskning.

106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

106

En norsk 3-årsplan frå 1933 var ved sida av å væra ein kri­seplan også ein plan for å utvekla Noreg som industri­land. Planen var statskapitalistisk med vekt på planøko­nomi og ny teknologi. Ein pådrivar når det gjaldt å utfor­me industripolitikken var Teknisk Forening av DNA som i 30-åra fekk gjennomslag for fleire av merkesakene sine. Ole Colbjørnsen sto sentralt i arbeidet. Viktige industri­politiske oppgåver var jernsaka og skipsbyggingssaka. Dei konkrete resultata av industripolitikken var likevel små. Dei viktigaste var at det blei oppretta nye institusjo­nar som Tiltakskommisjonen og Rådet for teknisk indu­striell forskning.

Page 2: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

107

Rolv Petter Amdam

Teknologi og planøkonomi3-årsplanen og industripolitikken i 1930-åra*

Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, skreiv han til ein medarbeidar i Industrikomiteen i New York: «Som De vet har jeg i mange år arbeidet for en mere planmessig og energisk industrireisning og industripoli­tikk i Norge, blandt annet gjennom Statens Tiltakskommi­sjon, Norges Industribank, Jernutvalget, samt i Stortingets Fi­nanskomite m.v.»1

Ole Colbjørnsen hadde frå han i 1933 saman med Axel Sømme lanserte En norsk 3-årsplan vore ein sentral industri- politikar innan Arbeidarpartiet. Og som dette sitatet illu­strerer, finn ein i åra fram mot 1940 Colbjørnsen i ei rekkje komitear og institusjonar som hadde med den statlege indu­stripolitikken å gjere. Denne artikkelen tar opp i kva grad den industripolitikken Colbjørnsen la fram i 3-årsplanen, kom til å setje preg på industripolitikken utover i 1930-åra.

«En norsk 3-årsplan» som industriplan

3-årsplanen blei lagt fram av Ole Colbjørnsen og Axel Sømme etter landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1933 som ein økonomisk kriseplan — ein plan for korleis Arbeidarpartiet i regjeringspo­sisjon skulle kunne avskaffe arbeidsløysa i løpet av tre år. Kon­kret skulle staten bidra til at 150 000 nye arbeidsplassar blei oppretta; av dette skulle 25 000 skaffast direkte ved industri­reising. 2 Kjøpekrafta skulle då auke, og det skulle bli samsvar mellom tilbod og etterspørsel i økonomien. Krisa skulle m.a.o. overvinnast gjennom ein aktiv motkonjunkturpolitikk, og dei nye arbeidsplassane skulle langt på veg finansierast ved statle­ge låneopptak. Men planen var også ein industriplan — ein plan for å utvikle Noreg som industriland. Og det er denne sida ved planen som interesserer her.

Planen kom i kjølvatnet av ein omfattande debatt i partiet der spørsmål som synet på industriutbygging under kapitalis-

Ole Colbjørnsen (1897—1973) var en forgrunnsfigur i 1930-årenes økonomisk-poli- tiske debatt. Som medlem av ungdomsforbundets sentralsty­re hadde han under partistriden i 1922—23 støttet Komintern. Etter splittelsen oppholdt han seg flere år i Sovjetunionen, der han arbeidet i økonomiske plan­leggingsorganer. På slutten av 20-tallet brøt han med kommu­nismen og Sovjet, og etter et mellomspill som direktør fo r et britisk shippingselskap vendte han tilbake til Norge. 1 1932 ble han ansatt som økonomisk jour­nalist i Arbeiderbladet, der han samme år startet en artikkelse­rie inspirert av russisk planøko­nomi og keynesianisme.

Page 3: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

108

Colbjørnsen ogSømmes bokfra 1933, «En norsk 3-årsplan» kom i kjølvannet av en omfat­tende debatt om industripolitik­ken i Arbeiderpartiet. A t boka ble m øtt med blandete reaksjo­ner, viser det utplukk av anmel­delser som er vist på motstående side.

Geografen, dr. philos. Axel Sømme, bidro med en konkret og inngående kjennskap til norsk næringsliv, særlig pri­mærnæringene, i utformingen av 3-årsplanen.

men og prioritering mellom støtte til jordbruket kontra indu­strien hadde stått sentralt.3 Ole Colbjørnsen hadde sjølv vore med på å reise denne debatten. Han hadde i ein artikkel i Ar­beiderbladet 16. juli 1932 om «Nasjonal fabrikkreisning» hev­da at krisedebatten hadde vore dominert av problem innan jordbruket, og at det no var på tide å konsentrere seg om å ut­vikle industrien i landet — «om fabrikkreisningen». Indu­strien var hovudnæringa når det gjaldt å skape økonomisk vekst. Verkeleg auke i realløn ville ein først kunne få ved ny­etablering «av nasjonale industrier og andre bedrifter».4 På landsmøtet i mai 1933 blei det i prinsippet fleirtal for denne industrilina.5

3-årsplanens industripolitikk inneheldt to sentrale element, nemlig planøkonomi og ei sterk interesse for ny teknologi. Det var ein ny og teknisk meir avansert industri som skulle leggje grunnlaget for økonomisk vekst. Oppgåver som oppretting av Norges Jern- og Stålverker med 4 000 tilsette, ein statleg elektrisk-mekanisk verkstad og ein eller fleire store møbel- fabrikkar illustrerer at interessa for ny teknologi var nært knytt til satsing pk storindustri.6 Den sterke interessa for ny teknolo­gi kjem også til uttrykk ved at planen gjekk inn for ein fors- kingsbasert industri med oppretting av eit statleg teknisk- industrielt forskingsinstitutt som ei sentral oppgave. 7

Med omsyn til utviklinga av det politiske idégrunnlaget til partiet var planen eit viktig bidrag til å styrke ein reformistisk politikk. For det første tok planen eit klart standpunkt for at vegen til betring av levestandarden primært måtte gå gjennom produksjonsauke. Oppgåva med å omfordele eksisterande ver­diar blei med dette nedtona: «En annen og mere rettferdig for­deling av nuværende nasjonalinntekt vil ikke kunne gi nogen større resultater».8

For det andre var planen «i sin grunnkarakter statskapita- listisk».9 Vegen til eit sosialistisk Noreg skulle gå via ein over­gangsperiode der ein privatøkonomisk sektor eksisterte side om side med ein statsøkonomisk sektor. Målet var at den stat­lege sektoren etter kvart skulle dominere. For industrien sin del innebar dette at det skulle vere rom både for private og statlege bedrifter. Sjølv om det var ei oppgåve å byggje ut den statlege sektoren, skulle staten for å kome ut av krisa også støtte private bedrifter økonomisk. Men den private sektoren skulle reduse­rast og i sterkare grad underleggjast statlege planar og kontroll:

Page 4: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

109

TIDENS TEGN or>«dog 18. «p rl l 1934

N O R S K P L A N Ø K O N O M I .H vorfor h e r r T hagaard

og h e rr Colbjørnsen ta r feil, — og arbeidsgiverne e r for negative.

H v a d vi t ren g er : Næringsting, ak tiv p e n g e ­politikk og cen tra l ise r t bankledelse .

A u T idens Tegns (incinsmedcirbeider,___________

Fra krise og Kaos t i l ' og sosialisme.

„En norsk 3-årsplan“.8 A rbeider-A visen m a n d a g d e n 15 j a n u a r 1934

En aktuell kok.

En norsk økonomisk 3-ål

I denne uke sam les det nye s to r­tin g o g det vil s ikkert b li en livlig politisk sesong. D et er de økonom i­ske p rob lem er ■som e r så i fo rg run ­nen o g da i fø rs te rekke arbeidsløs­heten. —

Nettoip no kom m er en aktuell bok. D et er Ole C o lb jø rn sens og Aksel Søm m es: »En norsk 3 å rsplan«. Boken e r u tg itt på Det N or­ske A rb e id erp a rtis F o rlag , og g ir en u tfø rlig redeg jø re lse for de tte pa rtis ak tuelle p lanøkonom i.

U an se tt po litisk s tandpunk t, vil boken le se s m ed s to r in te resse fordi den be ty r noe ny tt i ak tuell politikk og i all sin enkelhet e r en betydelig bok. —

D ehne tre å rsp lan vil jo bli den s to re fo r g runns sak ved. å re ts s to r­ting o g d e rfo r b ø r m an studere den o g g jø re s ig op en m ening om den.

1U11'

H v o r d a n arbe ids løsheten kan avskaffes i løpet a v en 3 - årsperiode. - A r b e i d s m u l i g h e t e n e

i jordbruk , industr i og fiskeri.geu a v u c . v

under valg- ist, og dernæst

og avsnit fra n landbruket i re er eamtnen- taljerne. Først ng finaneierin- ojekt som, om

S v e rre K r o g h h a r 1 e t p a r . lo sh a r t ik le r g jen n o m g å tt O le C o 1- land b j ø r n s e n ' s ok Axel S ø m - | f a (t, m e 's 3 -å rsp la n . Vi h lts e l te r e t „ i„ _

L i t t e r a t u rD en norske 3-årsplan, av O le C o

bjprnsen og A xel Søm me. D et norsk A rbe idspartis forlag.

D e t norske A rb e id e rp a rti h a r nu bokform sendt ute C olb jørnsens o: Søm mes forslag til socialistisk plan dkonom i i N o rg e , kjent under nav n e t : 3-årsplanen.

M ed boken h a r m an først og frems ment å gjøre de problem er planei ta r sikte p å best mulig kjent b land landets befolkning og da i først rekke arbeiderk lassen , fordi den o: b are den kan realisere planen.

3-årsp lanen er ikke utopi. D en e: fealite ter. D en er i flukt m ed D e porske A rb e id e rp a rtis krisepolitikk — nærm est en utdypning og opskissering en u tform ning av selve partiets arbeids p rogram .

Samfundsutbygning efter socialistiske eller borgerlige grunnprinsipper.

En socialistisk 3-årsplan som svikter a llered e på papiret.

To unge «arbeiderpartister», eksmotdagisten Axel Sømme og Arbeiderbladets økonomiske med­arbeider, Ole Colbjørnsen. har nylig utgitt sin bok «En norsk 3- årsplan», som presenterer sig

pct. (de er klar over a t eksport­industriens lønninger er bunnet, men de foretar en «utjevning» med hjemmeindustrien. Hvad si­er bygningsarbeiderf orbundet ?). Funksjonærlønningene skal like-

Page 5: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

110

«Det private initiativ må ledes inn i fruktbringende baner og ordnes inn under den almindelige samfundsøkonomiske plan. Vi må få effektiv kontroll med den private økonomiske virksomhet. Det samfundsmessige initiativ, representert gjen- nem statens økonomiske organer, så vel av regulerende som di­rekte forretningsdrivende art, må komme til rik utfoldelse.»10

Industriutbygginga skulle på denne måten skje planøkono­misk. Dette innebar for det første at industrien skulle byggjast ut etter detaljert utforma planar der samfunnsøkonomiske mål talde meir enn privatøkonomiske. For det andre skulle det utviklast nye institusjonar dels for å utarbeide planane, og dels for å setje dei ut i livet. Ein Riksplankommisjon skulle stå for utarbeiding av dei økonomiske hovudplanane, og det skulle opprettast eit eige Industridepartement. Dette skulle ikke ber­re ha det øvste oppsynet med dei statlege bedriftene, men også leie «hele den samfundsmessige regulering og kontroll av indu­strien». Dessutan skulle det utviklast eit sett av korporative or­gan ved sida av den eksisterande forvaltninga. Gjennom ulike organ frå distrikts- og bransjeråd til eit Erhvervsting, som sa­man med Stortinget skulle inngå i eit økonomisk-politisk to- kammersystem, skulle representantar frå partane i arbeidslivet og staten samarbeide om å løyse oppgåver innanfor planøkonomien.11

Kriseforlik

Mens Bondepartiet ved kriseforliket i 1935 fekk gjennom dei viktigste landbrukskrava sine, fekk Arbeidarpartiet innfridd nokre av sine industripolitiske krav. 5 mill. kr. av dei kriseløy- vingane dei to partia kom fram til, blei sette av til lån for ny industri og for å hindre at gamle bedrifter måtte innskrenke. Dette utgjorde rett nok berre ein liten del av kriseløyvingane til landbruket, men det viktige her er at prinsippet om offentleg støtte til private bedrifter blei innført.12

Og vidare, for å administrere dei nye støtteordningane for industrien blei Kommisjonen for nye arbeidstiltak, planleg­ging og selvberging — eller Tiltakskommisjonen — oppretta. Samstundes blei Rådet for teknisk-industriell forskning — R TIF — oppnemnt. Med dette var to nye institusjonar oppret­ta for å administrere den statleg industristøtta og forskinga for industriformål. Tiltakskommisjonen var samansett av repre-

Page 6: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

111

sentantar frå staten, næringsorganisasjonar og LO; RTIF frå vitskaplege institusjonar, industrien og staten.13

Eit nytt forlik fann stad i 1936. Arbeidarpartiet og Bonde­partiet forhandla då m.a. om feittlova, trygdelover ogein indu­stribank. Denne gongen var det kravet om ein industribank Arbeidarpartiet fekk innfridd, rett nok ved å fire på kravet om at banken skulle vere ein rein statsbank.14

Både den statlege industristøtta, Tiltakskommisjonen, RTIF og Den Norske Industribank var alle industripolitiske tiltak i tråd med 3-årsplanen. Ikkje alt var det rett nok like my­kje strid om, og t.d. hadde opprettinga av RTIF brei støtte både i og utanfor Stortinget.13 Men sett under eitt hadde ein med dei nye institusjonane fått eit visst grunnlag for å kunne gjen­nomføre den planmessige industrireisinga. Eg skal seinare kome attende til om desse institusjonane i praktisk virke kom til å bli prega av planøkonomisk tankegang.

Teknisk Forening av DN A

Ein pådrivar når det gjaldt å utforme industripolitikken til Ar­beidarpartiet etter lanseringa av 3-årsplanen, var Teknisk Forening av DNA. Foreninga blei skipa 9. januar 1934 opp­havleg som eit lukka lag av ingeniørar og teknisk interesserte innan partiet. Først 8. oktober ble laget opna og tilslutta Oslo Arbeidarparti. Frå starten av sette foreninga i gang eit omfat­tande utgreiingsarbeid der interessa for teknologi og planøko­nomi blei kombinert. Sentralt i dette arbeidet sto nettopp Ole Colbjørnsen, som saman med Fredrik Haslund og H.C. Sand- beck hadde vore initiativtakarar til foreninga.16

Oppgåvene til foreninga var dels å arbeide innanfor den tekniske stand med «å utbre samfunnsmessig oplysning». Dels skulle ho representere standen nærmast som fagforening ved «å arbeide for at de tekniske fagfolk i Norge bys de vilkår som svarer til deres samfunnsmessige betydning». Og dels skulle ho mobilisere den tekniske ekspertisen til det planøkonomiske ut­greiingsarbeidet, nemleg ved «å yde medvirkning til klarleg- gelse av det kaos som hersker innen produksjonslivet og til å belyse årsakene til det», samt «å yde bidrag til den praktiske utforming av en planøkonomi i Norge».17

Det var særleg på det siste området — utforming av konkre­te tekniske planar — at foreninga kom til å markere seg. Før

Ingeniør Fredrik Haslund (1899—1961), salgsjef i Tiden Norsk Forlag, var blant initia­tivtakerne til stiftelsen av Tek­nisk Forening av DNA i 1934. Han var også blant de mest akti­ve i foreningen.

Page 7: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

112

krigen blei følgjande planrapportar lagt fram i form at trykte publikasjoner:

To publikasjoner fra Teknisk Forening av DNA i serien «Teknisk-Økonomiske Små­skrifter», som utkom på DNAs forlag i 1930-årene.

1934: — T.C. Hagemann, Norsk skibsbygging kan brøfø 50 000 mennesker

1936: — O. Colbjørnsen, F. Nannestad og T.C. Hage­mann: Jernsakens løsning

— TFs industrikomité med bl.a. O. Colbjørnsen: Industrien i Norge

— TFs el. komité med bl.a. O. Colbjørnsen: Plan i elektrisitetsforsyningen

— Gunnar 0 . Jørgen, Bo bedre 1937: — Boligbygging i Norge1939: — Thor Larssen, Vår veibygging og dens frem tid

Opprettinga av foreninga opphavleg som ei samanslutning utanfor partiapparatet peikar, saman med den verksemda den­ne foreninga dreiv, mot eit karakteristisk trekk ved Ole Col­bjørnsen som politikar i denne perioden. Han må ha hatt ein brennande trong til å form e partiet sin politikk, og han valde til dels ukonvensjonelle, men effektive middel for å vinne fram. Dels fremma han politiske utspel gjennom Arbeiderbla­det, der han var journalist, og dels i partiet sitt teoretiske tidsskrift «Det 20de Aarhundrede». 3-årsplanen var eit Colbjørnsen-initiativ som greip inn i den politiske debatten og konkretiserte denne. Og gjennom Teknisk Forening tok han initiativ til å få sett i gang konkret planarbeid fø r dette blei tatt opp av partiet elles. Som vi skal sjå, låg det i dette elles ein kime ikkje berre til eit planleggingsapparat for partiet, men også til eit apparat som skulle løyse tekniske oppgåver som det eksiste­rande borgarlege statsbyråkratiet ikkje var i stand til å løyse. Engasjementet til Colbjørnsen uttrykte dermed vilje til å om­setje politikk til handling. Ein kan seie det slik at Colbjørnsen hadde sett i gang med praktisk politisk arbeid for ei Arbeidar­partiregjering alt fø r Nygaardsvold danna regjering.

Etter kriseforliket fekk Colbjørnsen fleire sentrale industri­politiske oppgåver. Han blei m.a. styreformann for den ny­oppretta Industribanken og partiet sin fremste talsmann i Til­takskommisjonen. Han trekte i den samanhengen ofte fram kor viktig arbeidet til den tekniske foreninga var. T.d. klaga han i februar 1936 over at Tiltakskommisjonen enno ikkje

Page 8: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

113

hadde evna å utrette stort i praksis, og at Regjeringa mangla handlingskraft i industripolitiske saker fordi ein ikkje hadde noko Industridepartement. Derimot framheva han den tek­niske foreninga som eit organ som «har utført og utfører et stort arbeid gjennem sine spesialkomiteer».18

Tanken om å trekkje planarbeidet til foreninga inn i den statlege industriplanlegginga kom m.a. fram på det første mø­tet i Tiltakskommisjonen 1. aug. 1935. Der foreslo Colbjørn­sen å leggje foreningas utgreiingar om jarnsaka til grunn for kommisjonen sitt arbeid.19 Seinare i 1937 kom medlemmer av foreninga med i den regjeringsoppnemnde komiteen som skulle utgreie jarnsaka. Både F. Nannestad og T.C. Hage­mann hadde då året før vore med på å leggje fram ei innstilling for den tekniske foreninga der ein gjekk inn for ei teknisk løy­sing av jarnsaka basert på gruvedrift i Grong og anlegg i Glomfjord og på Sjursøya i Oslo.20

Også i partiprogrammet til Arbeidarpartiet sette den tek­niske foreninga spor etter seg. Til landsmøtet 22.—24. mai 1936 la landsstyret fram ei innstilling til arbeidsprogram der ein gjekk inn for å halde fram med industrireisingslina frå 1933. Men som vedtaket i 1933 var oppgåva stilt allment utan konkretisering av særskilde industrireisingsoppgåver.21 Un­der landsmøtedebatten fekk programmet derimot eit meir konkret innhald. Behovet for ein landsplan for elektrisitets- utbygging og kraftforsyning blei understreka, og landsmøtet påla sentralstyret saman med stortingsgruppa å lage ein slik plan.22 Vidare blei det etter framlegg frå Fredrik Haslund — ein av dei mest aktive innan Teknisk Forening — lagt til følgjande setning i avsnittet om industrien: «Jernsaken og skibsbyggingssaken løses.»23 Med dette tok arbeidsprogram­met konkret stilling til to av dei mest sentrale industrioppgåve- ne som var fremma i 3-årsplanen og gjennom Teknisk Forening.

Året etter — i juni 1937 — vedtok landsstyret ei fråsegn om aktuelle arbeidsoppgåver for partiet. Når det gjaldt «større industrielle tiltak som står på dagsorden», blei fem oppgåver trekte fram: jernsaka, skipsbygginga, elektrisistetsutbygginga, brenselforsyninga og utvikling av tekstilindustrien.24 Kon­kretiseringa av særleg dei tre første oppgåvene bygde klårt på utgreiingane frå Teknisk Forening.

Ole Colbjørnsen var då også sjølv svært nøgd med dette

Ingeniør T.C. Hagemann kon­kluderte sin utredning for Tek­nisk Forening om skipsbyg- gingsspørsmålet i 1934 med at et stort verft med 5000 ansatte måtte bygges i Oslo.

Page 9: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

114

vedtaket. No var industripolitikken «utarbeidet mer konkret og skutt sterkere i forgrunnen enn i partiets tidligere planer og retningslinjer», skreiv han. Tidlegare hadde dei konkrete planane derimot «stått for enkelte partimedlemmers eller par­tigruppers regning», og han trekte spesielt fram 3-årsplanen og Teknisk Forening av DNA.25

Endring i synet på statleg industrireising

Arbeidarpartiet framstår no mot slutten av 30-åra som eit parti med eit meir konkret utforma industripolitisk program enn tid­legare. Colbjørnsen og Teknisk Forening hadde fått gjennom fleire av merkesakene sine. Samtidig blei andre oppgåver som opphavleg hadde stått sentralt, svekka. Dette gjaldt m.a. den storstilte statlege industrireisinga som 3-årsplanen hadde store visjonar om.

I denne saka var dei praktiske resultata små. På to område blei det i det minste arbeidt mot konkrete løysingar. Det kom

Jernarbeiderne i Os,o barparo- ' gang eit st3tleg utgreiingsarbeid for å få reist eit jarnverk, og ler med krav om bygging av det ved krigsutbrotet var planlegginga kome så langt at ein var klarTmafdemonstrk ' 9 3 5 ' ^ 3 setJe ’§an§ me^byggjearbeidet.26Ogsåskipsbyggingssaka

I SET HYE

i SklPSVFQFTET Pa

Page 10: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

115

gav resultat sjølv om dette ikkje blei i form av noko statleg verft. Derimot illustrerte utviklinga av denne saka at det var den private industrien som kom til å nyte godt av statsmidlane frå og med 1935, og likeins at oppgåva med å reise nye statsbe­drifter gradvis blei svekka innan Arbeidarpartiet.

Ifølgje 3-årsplanen burdet det reisast «flere nye store statska- pitalistiske verksteder», og eitt av desse var eit «Norges Skibs- verft» i Oslo med kapasitet til å byggje store skip. Fornyinga av den norske skipsflåten hadde i vesentleg grad skjedd gjen­nom kontrahering av skip bygde på utanlandske verft, og eit slikt storverft skulle bidra til at ein større del av flåten blei bygd i Noreg.27 Også utgreiinga til Hagemann for Teknisk Forening året etter konkluderte med at eit nytt stort verft måtte byggjast i Oslo — eit verft med 5 000 tilsette og med ein kapasitet slik «at man ikke i en altfor fjern fremtid kunde bygge store passa­sjerbåter av størrelse som eller større enn de båter som tilhører Den norske Amerikalinje».28 Men no var eit statsverft berre eitt av tre aktuelle alternativ. Dei to andre var anten å samar­beide med Aker ogfeller Nyland eller med Fredrikstad og Rosenberg.29 Seinare synest framlegget om ei statsbedrift å ha blitt oppgitt, og det statlege engasjementet blei konsentrert om samarbeidsprosjekt med private interessentar.

Parallelt tok eksisterande verft til å få statleg støtte. Men det­te skjedde ikkje utan politisk strid. Striden gjaldt om støtta skulle bli gitt på grunnlag av ein prioritert landsplan for nærin­ga — eller om planleggingslina frå 3-årsplanen skulle leg­gjast til grunn for støtta til næringa.

Alt i 1932 hadde Stortinget oppnemnt eit utval for å greie ut om framtida for dei norske skipsverfta. Utvalet hadde Nico- lai Rygg frå Noregs Bank som formann og var breitt samansett med representantar frå departement, reiarar, verftseigarar og fagrørsla. I innstillinga frå april 1936 gjekk utvalet inn for at skipsverfta skulle kunne få statsstøtte.30 Fleirtalet med Rygg ville berre gi statlege lån til modernisering og utviding av eksi­sterande verft, og at støtte skulle avgjerast frå sak til sak. Min­dretalet, representantane frå fagrørsla, gjekk derimot lenger. For det første ville dei at utvalet skulle ta stilling til ein lands­plan der det blei prioritert mellom verfta. Denne skulle leggjast til grunn for kven som skulle få lån. For det andre foreslo dei at det skulle opprettast eit storverft med aktiv deltaking frå sta­ten si side og med Oslo kommune, Aker, Rosenberg og Fredrik­

Page 11: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

116

Presidenten i Norsk Industri­forbund, professor Birger F. Halvorsen (1877—1942) blefor­mann i Tiltakskommisjonen som ble opprettet høsten 1935 fo r å administrere de nye statlige støtteordningene for indu­strien. Han ble også formann i Rådet fo r teknisk-industriell forskning som ble opprettet samtidig med Tiltakskommi­sjonen.

stad mek. verkstader som moglege samarbeidspartnerar.Om ideen om ein landsplan for skipsbyggingsindustrien ik­

kje vann fram i utvalet, blei han tatt opp med større hell i Til­takskommisjonen før meldinga kom opp i Stortinget. Kommi­sjonen hadde engasjert ing. Bjørn Røli for å utarbeide ein plan for denne industrigreina, og i mai reiste Anders Frihagen til fleire av verfta for å samle inn opplysningar. Målet var å utar­beide «en landsplan for storskibsbyggingen i Norge og innstil­ling om statens støtte til skibsverftene.»31

Tiltakskommisjonen, som hadde Birger F. Halvorsen frå Norges Industriforbund som formann, diskuterte og vedtok ein slik landsplan 3. juni 1936. Kommisjonen gjekk samrøy­stes inn for at det alt dette året blei vedtatt ein plan for å moder­nisere BMV, Fredrikstad mek. og Rosenberg mek., mens det var delte meiningar om verfta i Langesund og Kristiansand.32

To veker seinare kunne Regjeringa på grunnlag av kommi­sjonen sin «landsplan for skibsbyggingen i Norge» leggje fram ein proposisjon som gjekk inn for å garantere for lån til BMV, Rosenberg og Fredrikstad.33 Sjølv om det borgarlege fleirtalet i finanskomiteen gjekk inn for å utsetje saka, gjekk framlegget likevel gjennom i Stortinget då fleire av dei borgarlege repre­sentantane støtta framlegget av omsyn til lokale nærings­interesser. 34

Teknisk Forening av DNA oppsummerte dette vedtaket som «det første skritt» i moderniseringa av skipsverfta: «Men dette er ikke nok. Også Oslo, Norges største skibsfartsby hvor over 40 pct. av flåten hører hjemme, må komme i besiddelse av et spesialverft for bygging av store båter. Dette kan bl.a. skje i forbindelse med Nylands Verksteds overflytting til en guns­tigere beliggende tomt.»35

Som ein ser, var spørsmålet om direkte statleg engasjement i dette storverftet i Oslo no ytterlegare dempa. Målet med å opprette eit statleg verft ser ut til å ha forsvunne. Men dette innebar likevel ikkje nødvendigvis noko nederlag for Colbjørnsen-politikken. For det første sto kravet om teknolo­gisk fornying av norsk skipsbyggingsindustri heile tida sen­tralt. Når det gjeld det andre hovudelementet i politikken — planøkonomi — så var ikkje det på noko tidspunkt redusert til eit spørsmål om statlege bedrifter. Statsbedrifter og private skulle som tidlegare nemnt støttast parallelt. Men føresetna­den då var at det eksisterte planøkonomisk styring av korleis

Page 12: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

117

den private sektor utvikla seg. Eit nøkkelspørsmål blir då om dei nyoppretta institusjonane i praktisk virke var styringsor­gan prega av den planøkonomiske tankegangen. Det er i det lyset ein kan ta føre seg to av desse institusjonane, nemleg Til­takskommisjonen og Rådet for teknisk-industriell forskning.

Stabelavløpning ved Fredrik­stad mekaniske verksted i 1930-årene. Dette verftet var blant de verft som kom inn un­der Tiltakskommisjonens plan om utbygging og modernisering av skipsbyggingsindustrien.

Tiltakskommisjonen

Fleire av dei nye institusjonane som 3-årsplanen ønska å opp­rette, blei ikkje realiserte. Det vidtgåande framlegget om ein Riksplankommisjon med ansvar for så vel heilskaplege økono­miske som industrielle planar blei det ikkje noko av. Det blei heller ikkje oppretta noko Industridepartement før krigen. Ar­beidarpartiet vedtok både på landsmøtet i 1936 og 1939 å ar­beide for eit slikt departement.36 Men dette blei først oppretta i 1947.

Planarbeidet kom derimot til å foregå i mindre omfang, og då først og fremst innan Tiltakskommisjonen. I hovudsak kom kommisjonen til å arbeide som innstillande organ når det gjaldt søknadene om statleg industristøtte. Frode Helgerud har i si hovudoppgåve synt at innstillingane i liten grad blei gjorde etter planmessig prioritering, og at dei i stor grad reflek-

Page 13: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

118

terer samansetjinga av dei over 2000 søknadene om støtte som kom inn før krigen.37 M.a.o. var det etter dette synet lite plan­messig styring av dei offentlege midlane.

Men på eitt område finn Helgerud at kommisjonen innstilte etter klare overordna nasjonaløkonomiske kriterium, nemleg ved å favorisere heimeindustrien framfor eksportindustrien.38 Denne modifikasjonen av hovudkonklusjonen kan ytterlega­re styrkast. Det syner seg nemleg at Colbjørnsen i ein del saker fekk gjennomslag for at kommisjonen skulle leggje seg på eit høgare styringsambisjonsnivå ved sjølv å utarbeide industri- planar. Desse skulle leggjast til grunn for handsaminga av støt- tesøknader og for sjølvstendige initiativ frå kommisjonens side.

Colbjørnsen sine framlegg om at kommisjonen skulle utar­beide «en økonomisk generalplan for Norge» og «en riksindu- striplan for industrien»,39 gjekk rett nok ikkje gjennom i kom­misjonen. Som den tidlegare omtalte skipsindustriplanen kom desse planane derfor til å halde seg på bransjenivå. I eit debatt­møte i Industriforbundet hausten 1936 nemnde Ole Colbjørn­sen arbeidet med ein treforedlingsindustriplan som døme på at Tiltakskommisjonen «ikkje bare har innskrenket sig til å be­handle innkomne andragender, som man kanskje tror.»40 Kommisjonen hadde oppnemnt eit eige treforedlingsutval med Colbjørnsen, Halvorsen frå Industriforbundet, Enger frå Bondelaget og ing. Per Klem som medlemmer.41 Klem blei en­gasjert som konsulent i planarbeidet. Og i desember 1936 kun­ne han leggje fram ein plan som gjekk gjennom tilhøva i denne industrien vassdragsvis, og som foreslo konkrete tiltak for Drammensvassdraget.42 Innan Tiltakskommisjonen blei det også hevda av Halvard Olsen frå LO at tildelingane til denne bransjen ikkje berre bygde på ei rangering av bedriftene innan Drammensvassdraget, men faktisk på rangeringar mellom alle dei store vassdraga.43

Også for tekstilindustrien vedtok kommisjonen å gå gjen­nom bransjen «for å undersøke om der kan gjøres noget for å øke vår produksjon i denne branche og gjøre oss uavhengig av importen».44 Det er derimot noko usikkert kor langt ein kom i dette planarbeidet før krigen. Og til sist utarbeidde Til­takskommisjonen ein landsomfattande hotellplan, som blei lagt til grunn for innstillinga om støtte til denne næringa.45

Page 14: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

119

Rådet for teknisk-industriell forskning

Samtidig med Tiltakskommisjonen blei også RTIF oppretta — også det med innstillande mynde overfor Handelsdepartemen­tet med omsyn til søknad om støtte til forsking, og også det med Industriforbundets B.F. Halvorsen som formann. Rådet hadde elles eit sterkt innslag av vitskapsmenn frå dei høgare lærestadene, men mangla medlemmer med sentrale posisjonar i arbeidarrørsla, som Ole Colbjørnsen og Konrad Nordahl i Tiltakskommisjonen.46

Colbjørnsen hadde opphavleg tenkt seg ein planøkonomisk styringsmodell der RTIF skulle kunne brukast som utgreiings- organ underlagt Tiltakskommisjonen.47 Men både i høve til Tiltakskommisjonen og Regjeringa kom rådet til å fungere sjølvstendig. Ved opprettinga av rådet understreka handels­minister Madsen også sterkt den sjølvstendige oppgåva rådet måtte ha. Det skulle på den andre sida heller ikkje bli noko overorgan som akta «å gripe inn i de enkelte institusjoners selvbestemmelsesrett og ( . . . ) legge bånd på de enkelte forske­res frie initiativ.»48 Likevel kom RTIF på enkelte område til å medverke til at planmessig teknisk-industriell forsking blei fremma.

Grunnen til at det frivillige ved samarbeidet blei understre­ka så sterkt, var nok at tidlegare røynsler hadde synt at eit sam­arbeid om teknisk-industriell forsking berre kunne kome i stand på denne måten. Alt like etter første verdskrig hadde det blitt gjort forsøk på å få til samarbeid mellom stat, vitskap og industri om denne oppgåva. Opprettinga i 1918 av Central- komiteen for videnskapelig samarbeide til fremme av nærings­livet — det seinare Rådet for anvendt forskning — var eit slikt forsøk. Men det kom heller lite ut av dette. Blant vitskapsmenn var det motstand mot å samarbeide med industrien, og både blant politikarar og industrileiarar var det skepsis til spesielt å la NTH få for stor plass i eit slikt samarbeid.49 Industrien satsa heller på eigne bransjevise forskingsinstitutt, og midlane frå dei ikkje ubetydelege forskingsfonda som blei oppretta, blei ut­over i 20-åra med få unntak pulveriserte på hundrevis av små­prosjekt slik at effekten blei svekt.50

I den forskingspolitiske samanhengen låg betydninga av RTIF i at det heile kom i stand eit permanent forskingsråd der vitskap, stat og industri samarbeidde. RTIF var uttrykk for ein

Page 15: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

120

meir positiv vilje frå vitskaplege miljø til å samarbeide med in­dustrien, og industrien stilte seg meir positiv til det å la NTH få ein sentral posisjon i den teknisk-industrielle forskinga.51 Dessutan medverka rådet til å samordne tildelinga av midlar frå forskjellige forskingsfond slik at tildelinga av midlane skjedde meir ut frå ei samla vurdering.52

Dei konkrete vedtaka i RTIF om innstilling på støtte til for­skingsprosjekt synest på same måte som for Tiltakskommisjo­nen sin del, i all hovudsak å ha reflektert samansetjinga av dei innkomne søknadene. Men på tre område forsøkte rådet, og lykkast også langt på veg, å styre tildelingane planmessig etter linjer som fall saman med regjeringas politikk.

For det første forsøkte rådet å styrke forskinga ved dei eksi­sterande forskingsinstitusjonane og då med NTH som den sentrale institusjonen. Rådet hevda overfor Handelsdeparte­mentet at det var nødvendig «å sette de bestående institusjo­ner bedre i stand til å fylle sin opgave av hensyn til den grunn­leggende betydning dette har for forskningen i sin almindelig- het. Grunnlaget for all forskning er det arbeide som drives ved de videnskapelige institutter.»53

Konkret resulterte dette i at 35,7% av kr 352 200,- som utgjorde dei nye statlege løyvingane til teknisk-industriell forsking frå 1936 til 1940, gjekk til NTH. Første året gjekk hei­le 47,5% av kr 108 200,- til N TH.54

For det andre prioriterte RTIF f.o.m. våren 1936 å styrke brenselforskinga. Med dette var meint «forskning på brensel- og energiområdet med sikte på en bedre og utvidet anvendelse av innenlandske råstoffer og energikilder.»55 Rådet grunngav dette med at ei spørjeundersøking til store industribedrifter, næringsorganisasjonar og forskingsinstitutt hadde synt at det var stor interesse for denne oppgåva.56 Ei gjennomgåing av dei innkomne svara etterlet seg derimot eit inntrykk av at heller få var opptatt av dette, og at prioriteringa derfor meir kan ha vore påverka av sjølvbergingsmåla til regjeringa.57 Priorite­ringa medførte konkret at rådet gjorde studiereiser til Sverige og Finland og utarbeidde ein «Plan for brenselforskning i Norge».58 Til og med 1939 hadde om lag halvparten av dei midlane rådet disponerte, gått til brenselforsking.59

For det tredje kom rådet f.o.m. hausten 1939 til å prioritere beredskapsmessige sider ved forskinga med tanke på ein even­tuell krig. I januar 1940 handsama rådet i samråd med både

Page 16: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

121

I 30. dnembar 1930. Arbeiderbladet

NorskVeldig e k spans jo n i 1 9 3 6 - t u s e n e r nye a r b e i d e r e

inntatt, fabr ikkene utvidet o g nye g r e n e r av virk­s o m h e t e n optat t - delvis m e d a r b e i d e r ­

r e g j e r i n g e n s støtte. - S v æ r e leve­r a n s e r til pap i r in d u s t r i e n s

m o d e r n i s e r i n g .ni antagrlig betrakte* bare *om et -laff pi en ellers nedadgiende kiirvo.

s

— VI beakjeh.g. oplyirr direktør Knud I rens Verksted. Det e samme antall som tidligere, duks)onen er steget i «ret

Jevn avgang pS.— Det er vanskelig i uttale sig

om, avhengig som man er av mange forhold. I kommende i r har vl Jo tariffrevisjonen som et meget avgjø­rende moment. Jeg h i per det blir fortsatt arbeidsfred, og jeg tror det er et almindelig ønske hos alle.

Tt proeent økning I arbeidsstokken og mange nye arbeidstiltak.

Tim Thunes mek. verkste. meldlnjtcoa sarrllg gledelige, boldsstokken ved bedriften I Oslo ør pk et «ned 10 proeent i irels løp w fm 297 1 desember ifjnr til J27 J;4r. Enda større er «ligningen . be- skjaftigelsen ved anleggene |ii II -

Vi for v ir del har for øieblikket 10 skiftetraktorer av den nye typen

r bygging for statsbanenes reg-

— Deres bedrift har Jo fitt slI Igang* r fsb

park en flel. Det er nemlig det br< nende «pors mil. Lokaler har vi. n-

vi y bmover fir forholdsvis gurt-l i

n dagr.n f

Handels-, Forsynings- og Forsvarsdepartementet NTH si stil­ling under krig.60 Knapt ein månad før okkupasjonen sende RTIF på oppdrag frå Handelsdepartementet ut eit spørjeskje­ma til alle laboratoria i landet — både offentlege og private. Formålet var å skaffe seg oversikt slik at det kunne treffast beredskapsmessige tiltak og fordele løyvingane ut frå bered- skapsmessige kriterium.61 Rådet hadde med dette begynt ar­beidet med å dreie den teknisk-industrielle forskinga mot mili­tære og sivile beredskapsmessige oppgåver. Landet blei der­imot okkupert før ein fekk høve til å sjå praktiske resultat av desse tiltaka.

Arbeiderbladets optimistiske nyttårsreportasje fra 1936 for­teller om den store ekspansjo­nen i verkstedsindustrien i året som er gått.

Konklusjon

I høve til dei storstilte industriplanane frå 3-årsplanen var dei konkrete resultata små. Veksten i industrien i 1930-åra tok til før regjeringsskiftet og hadde andre årsaker enn den industri­politikken som blei ført.62 Verkemidla var svake, og verk­nadene av tiltaksmidlane kan illustrerast ved at berre om lag 5 av dei 20 millionane som Nygaardsvolds-regjeringa løyvde,

Page 17: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

122

blei tatt i bruk av industrien.63Men følgjene av 3-årsplanen for industripolitikken låg ikkje

på desse områda. Viktigare var det at det blei oppretta nye institusjonar, rett nok ikkje av eit slikt omfang som 3-års­planen skisserte, men der planøkonomisk tenking likevel på ein del område fekk innpass og blei lagt til grunn for praktisk politikk. Dessutan var industripolitikken med på å bere fram ei meir generell interesse for teknologisk fornying av norsk in­dustri både ved dei industrioppgåvene som blei stilte, ved inn­slaget av teknisk ekspertise i planleggingsarbeidet og ved at den teknisk-industrielle forskinga blei styrka.

Desse røynslene må ha vore viktige for den vidare industri- planlegginga innan arbeidarrørsla, i første omgang i eksil. Under krigen blei utviklinga av den planøkonomiske model­len diskutert og ført vidare særleg av eksilmiljøa i London og Stockholm. Ole Colbjørnsen kom derimot som aktivt medlem av Industrikomiteen i New York mest til å arbeide med den tekniske sida av industriplanlegginga. Med det var han med på å føre vidare den sterke interessa for ny teknologi, som hadde vore ein del av den industripolitikken han arbeidde for i 1930-åra.

N O T A R*) Artikkelen byggjer på tidlegare arbeidsnotat utarbeidde for prosjektet «NTH 75år» samt historieprosjekt for Den norske Industribank— jfr. T.J. Hanisch og E. Lan­ge, Vitenskap for industrien Oslo 1985 og samme, Veien til velstand Oslo 1986.

1. Colbjørnsen til Arne B. Holt 3.5.43; Industrikom. i New York, boks 29, Jern- saken; Riksarkivet.

2 O. Colbjørnsen og A. Sømme, En norsk 3-årsplan, Oslo 1933 s. 31. (Heretter; 3-åp)

3. Dette er utførleg behandla m.a. i F.B. Førsund, D et norske Arbeiderparti 1930—33. Krisepolitikken og vegen til sosialisme Hovudoppg. Bergen 1975.

4. Ibid. s. 113ff5. Ibid. s. 15Off6. 3-åp s. 67ff7. Ibid. s. 14f, 898. Ibid. s. 129. Ibid. s. 18

10. Ibid. s. 1311. Ibid. s. 122ff12. Om kriseforliket: E. Bull, Kriseforliket mellom Bondepartiet og Det norske

Arbeiderparti i 1935, TFAH 2/1985 s. 51—70.13. St.prp. 1/1935. tillegg 2414. O. Årdal, Bankreisingogkrisetiltak. Opprettelsen av Den Norske Industribank

H.oppg. Tr.heim 1972, s. 30ff; T.J. Hanisch og E. Lange, Veien til velstand Oslo 1986 kap. 1

15. RTIF Beretning 1935/36—36/37 s. 12; Stortingstidende 1935 s. 1425.

Page 18: 106websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/get_binary.aspx?id=1774&Un… · Mens Ole Colbjørnsen oppheldt seg i USA under andre verdskrigen, ... listisk».9 Vegen til eit sosialistisk

16. Beretning; TF av DNA, boks 11, legg 3; Arb.bev. Arkiv17. Ibid.18. Det 20. Århundrede febr. 1936 s. 6319. Tiltakskom. protokoll I, 1.8.1935; Riksarkivet20. O. Colbjørnsen m.fl., Jernsakens løsning Oslo 1936; Det 20. Århundrede jan.

1937 s. 121. DNA Landsmøtet 1936. Protokoll Oslo 1937, dagsorden s. 1222. Ibid. s. 10023. Ibid s. 92, 10024. Aktuelle arbeidsopgaver fo r Det norske Arbeiderparti. Vedtatt i landsstyre­

møte 18. — 19. juni Oslo 1937 s. 4f25. Det 20. Århundrede aug. 1937 s. 22426. T. Bergh m.fl., Vekst og velstand Oslo 1981 s. 12427. 3-åp s. 6828. T.C. Hagemann, Norsk skipsbygging kan brøfø 50 000 mennesker Os\o 1934

s. 3429. Ibid. s. 35f30. St.meld. 27/193631. Tiltakskom. protokoll III, 15. — 16.5.193632. Ibid. 3.6.193633. St.prp 121/193634. Innst. S. 238/1936; St. tidende 1936 s. 1584 ff35. O. Colbjørnsen m.fl., Industrien i Norge Oslo 1936 s. 38f36. DNA Landsmøte 1936. Protokoll Oslo 1937, dagsorden s. 24; DNA Lands­

møte 1939. Protokoll Oslo 1940 s. 3237. F. Helgerud, « VieI Geschrei und wenig Wotle?» H.oppg. Oslo 197638. Ibid. s. 18639. Tiltakskom. protokoll I, 1.8.193540. J.T. Holst, Økonomisk orientering og videnskapeligforskning Oslo 1936 s. 4641. Treforedlingsutvalgets møtebok; Handelsdept., Industrikontoret/Tiltakskom.

eske 2, mappe 502142. Klem til Tiltakskom. 17.12.1936; ibid.43. Tiltakskom. protokoll III 8.5.193644. PM ud.; H.dept., IK/TK eske 5 mappe 509045. Tiltakskom. protokoll VI 6.4.193746. RTIF Beretning 1935/36—36/37 s. 1347. Tiltakskom. protokoll 1 1.8.193548. RTIF Beretning 1935/36—36/37 s. 1349. J.P. Collett, Videnskap og politikk H.oppg. Oslo 1983; T.J. Hanisch og E. Lan­

ge, Vitenskap fo r industrien Oslo 1985 s. 75—8350. Viktigaste unntaket var Papirindustriens Forskningskomité som frå 1922 til

1930 blei tildelt om lag !ri av midlane til teknisk-industriell forsking som eit av hovudfonda, A/S Norsk Varekrigsforsikringsfond, delte ut. For fondstildeling frå dette fondet, sjå Varekrig Oslo 1931 kap. III del II

51. T.J. Hanisch og E. Lange, op.cit s. 143ff52. RTIF Beretning 1935/36—36/37 s. 11, 30f53. RTIF til H.dept. 25.5.1936; gjengitt ibid. s. 1754. Utrekna ut frå oversyn over tildelingar i RTIF Beretning 1939/40—40/41

s. 27ff55. RTIF Beretning 1935/36—36/37 s. 3456. Ibid. s. 2057. Svarskjema i RTIFs arkiv boks 10; ved NTNF58. RTIF Beretning 1937/38 s. 42ff, 50ff59. Kr 140 500 av kr 295 200; RTIF Beretning 1938/39 s. 63ff60. Rådsmøte 10.1.1940 sak 99, RTIFs møteprotokoll 1937—41; RTIFs arkiv

boks 8 legg 461. Følgjeskriv til beredskapsinventering, RTIF 15.3.1940; RTIF boks 6 legg 362. Sjå t.d. T.J. Hanisch og E. Lange, Veien til velstand Oslo 1986 kap. 163. F. Helgerud op.cit. s. 61