2
4 · TORSDAG 21. FEBRUAR 2019 KOMMUNAL RAPPORT Helse og omsorg På Masfjorden sjukeheim et bebuarane middag når dei sjølv vil. Klokka 16.15 denne torsdagen i februar er det Arnhild Gerweck og Marit Andersen Nesse som serverer mat til nokre av bebuarane. Nils Skjelanger er glad i all slags mat, og er godt nøgd med at han kan få middag til, for han, van- leg middagstid. Odd Rognald Øverås er oppteken av mat og helse. Han er svært nøgd med å få middagen ser- vert seinare på dagen, men synest han får for mykje kjøtt. MÅTTE GRUBLE Skulle vi følge Regjeringa sine ønsker eller skulle bebuarane få bestemme sjølv? Marit Andersen Nesse, styrar på Masfjorden sjukeheim

MÅTTE GRUBLE Skulle vi følge Regjeringa sine ønsker eller ......Nils Skjelanger er glad i all slags mat, og er godt nøgd med at han kan få middag til, for han, van - leg middagstid

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: MÅTTE GRUBLE Skulle vi følge Regjeringa sine ønsker eller ......Nils Skjelanger er glad i all slags mat, og er godt nøgd med at han kan få middag til, for han, van - leg middagstid

4 · TORSDAG 21. FEBRUAR 2019 KOMMUNAL RAPPORT

Helse og omsorg

På Masfjorden sjukeheim et bebuarane middag når dei sjølv vil. Klokka 16.15 denne torsdagen i februar er det Arnhild Gerweck og Marit Andersen Nesse som serverer mat til nokre av bebuarane.

Nils Skjelanger er glad i all slags mat, og er godt nøgd med at han kan få middag til, for han, van-leg middagstid.

Odd Rognald Øverås er oppteken av mat og helse. Han er svært nøgd med å få middagen ser-vert seinare på dagen, men synest han får for mykje kjøtt.

MÅTTE GRUBLESkulle vi følge Regjeringa sine ønsker eller skulle bebuarane få bestemme sjølv?Marit Andersen Nesse, styrar på Masfjorden sjukeheim

Page 2: MÅTTE GRUBLE Skulle vi følge Regjeringa sine ønsker eller ......Nils Skjelanger er glad i all slags mat, og er godt nøgd med at han kan få middag til, for han, van - leg middagstid

TORSDAG 21. FEBRUAR 2019 · 5 KOMMUNAL RAPPORT

Helse og omsorg

Her et dei middag når dei er svoltneFor to år sidan fekk over halvparten av dei eldre på sjuke-heimane middag før klokka 14. No får TRE AV FIRE den etter klokka 14. I Masfjorden kjem maten på bordet når bebuarane er svoltne.HOSTELANDKlokka har passert 16 ein tidleg februardag. På Masfjorden sju-keheim har nokre av dei vel 30 bebuarane benka seg rundt mid-dagsbordet. Det står kjøtt, pøl-ser, poteter og grønsaker, i tillegg til ertesuppe, på menyen denne dagen. Hadde dette vore for tre månadar sidan hadde dei fleste rundt bordet ete middag for fleire timar sidan.

Ei undersøking Kommunal Rapport gjorde i januar i år syner at 75 prosent av bebuarane på sju-keheimane et middag etter klok-ka 14. For to år sidan var prosen-ten i ei tilsvarande undersøking 45.

I Stortingsmeldinga «Leve hele livet — Ein kvalitetsreform for el-dre» er endra måltidsrytme og fleire måltid per dag nemnt som tiltak for betre søvn og meir tid til aktivitetar på formiddagen.

Men jubelen sto ikkje i taket på sjukeheimen i Masfjorden når ide-en om å endre middagstida kom opp.

– Dei fleste bebuarane sa dei vil-le ha det som i dag, altså klokka 13. Bønder har aldri vore van med sein middag, seier leiar for sjuke-heimen i vestlandskommunen, Marit Andersen Nesse.

– Men no er klokka over 16 og be-buarane sit ved bordet?

– Vi måtte gruble litt på dette. Skulle vi følge Regjeringa sine øn-sker eller skulle bebuarane få be-stemme sjølv, seier Nesse. — Vi kom fram til at dei skal få ete når dei sjølv vil. Dei som sit her no, sy-nest det er greitt å få maten no. Éin åt tidlegare i dag. Er det no-kon som vil ha middag seinare, så får dei det. Vi prøver dette no og så skal vi evaluere ordninga i april, seier Nesse.

På kjøkkenet i underetasjen blir det produsert oppunder 45 mid-dagsporsjonar tidleg på dagen. Nokre av porsjonane blir køyrt ut til heimebuande, dei resteran-de vert sendt opp til avdelingane i vogn med kar som held varmen til langt ut på kvelden.

– Den er altfor varm. Men det er svært god mat her, og det er fint å få den litt seinare enn før, seier bebuar Odd Rognald Øverås. Han får støtte frå bordkamerat Nils Skjelanger.

— Eg har vore i arbeid heile li-vet, er ikkje van med å ete middag tidleg, seier han.

Når Kommunal Rapport spør kva som er favorittmiddagen på bordet, kjem svara kjapt.

— Stekt fisk, kokt laks, fiskeka-ker, fiskebollar, spekesild, seier Skjelanger.

Øverås er einig.– Ein kjøttmiddag i veka er nok.

Tilbake til 12.30Kommentarar frå undersøkinga syner at mange kommunar fram-leis arbeider med å endre tids-punkt for middagsservering og at målet er at nye tider skal vere på plass i 2019. Mange kommente-rer også at dei i tillegg til å servere middag seinare, har innført varm lunsj. Nokre skriv at dei tek indi-viduelle omsyn når dei serverer middagen, slik som i Masfjorden.

Men i Jondal lenger sør i Hor-daland har dei gått andre vegen. I eitt år prøvde dei ut middagsser-vering på Vikevollen sjukeheim kl. 15.30, men frå før jul 2018 sit bebuarane igjen benka ved bor-det klokka 12.30.

— Dei synest det blei middag for seint. Først fekk dei lunsj, så måtte dei kvile, så var det mid-

dag, så måtte dei kvile att. Dei sak-na kaffestunda på ettermiddagen, seier leiar for heimesjukepleia, Silje Selsvik.

Ho trur dei var for tidleg ute med endringa.

— Dei som bur her, er framleis av den generasjonen som er vane med å ete middag på formidda-gen.

Alle på sjukeheimen, både be-buarar og tilsette — i tillegg til på-rørande, var einige om at dei vil-le gå tilbake til tidlegmiddag, men Selsvik ser ikkje bort ifrå at det om nokre år vert etterspurt an-dre middagstider på sjukeheimen i Jondal att.

—  Vi er opne for dialog til ei kvar tid.

Etter eitt år med seinare mid-dag, såg dei heller ikkje den ge-vinsten dei hadde venta, ifølge Selsvik.

– Vekta på bebuarane synte seg å vere stabil, og til dei som var i fa-resona, måtte vi uansett inn med andre tiltak, seier Selsvik.

I Masfjorden har dei same erfa-ringane.

— Vekta held seg stabil hos dei fleste bebuarane. Men nokre har også lagt på seg etter endringa. Det er positivt med trivsel, men ikkje alle treng å legge på seg slik dei gjer, seier Nesse.

Kjøkkenet — ein sansestadEldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) jublar når ho

høyrer at 75 prosent av sjuke-heimsbebuarane no et middag et-ter klokka 14.

– Det er positivt at ein er svol-ten når ein set seg til bords. Eg er veldig glad for at nye tal viser at stadig fleire kommunar flyttar middagen til seinare på dagen. Sjukeheimar eg har besøkt fortel om eldre som et betre, søv betre, bruker mindre medikament og rett og slett har det betre etter at middagen er flytta til seinare på dagen. 

Men ho påpeikar at det med seinare middag er viktig å ha eit godt lunsjtilbod. På spørsmål om ho oppfordrar sjukeheimane til å vere meir fleksible med matruti-nane, svarar ho også eit rungan-de ja.

— Vi har i dag ein generasjon på sjukeheimane som er forsikti-ge, dei krev ikkje så mykje. Men når ein ny generasjon kjem inn, ventar den noko anna. Vi må vere budd på å jobbe annleis, å tenke nytt.

Ho ønsker også matproduksjo-nen velkommen tilbake til sjuke-heimane.

— Kjøkkenet skal ikkje berre vere eit rom, men også ein sanse-stad for lukt og syn. Det er viktig at bebuarane er med på å skrelle poteter, om dei kan det, og å dek-ke bordet, seier ministeren.

BRITT GLOSVIK, 911 78 [email protected]

Tekst og foto

FAKTA✦✦ Energibehovet for vaksne med

lågt aktivitetsnivå er 30 kcal per kg kroppsvekt i døgnet.

✦✦ Nattfasten bør vere maksimum 11 timar.

✦✦ Rundt ein tredel av pasientane ved sjukehus og i pleie- og om-sorgstenesta er underernært eller risikerer å bli det. Truleg er talet høgst i pleie og omsorgstenesta.

✦✦ Reforma Regjeringa “Leve hele livet” skal handle om grunnleg-gande ting som mat, aktivitet, fel-lesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene.

✦✦ Eit av punkta i reforma er å sky-ve på middagen på sjukeheimane og sørge for at bebuarane får mat når dei er svoltne.

Kjelde: Pasientsikkerhetsprogrammet.no, Regjeringa og Forbrukarrådets rap-

port Appetitt på livet

I Masfjorden spurte dei bebuarane på sjukeheimen når på dagen dei ville ha middag. Svaret dei fekk, gjorde at dei måtte gruble litt, sei-er styrar ved sjukeheimen, Marit Andersen Nesse.

Under halvparten spør systematiskUnder halvparten av kommunane har eit etablert system for å spørje brukarane om mattilbodet.For to år sidan svarte 45 prosent av kommunane at dei hadde eit etablert system for å spørje bru-karar og pårørande om mattil-bodet. No, to år etter, er det 48

prosent som spør om dette. For dei som gjennomfører brukarun-dersøkingar varierer det kor ofte dette vert gjort. I Sørum er det til dømes kvart andre år, i Tydal kvart tredje år og i Stange kvart femte. Fleire kommenterer i un-dersøkinga vår no i januar at kok-kane heller tek seg ein tur på av-

delingane og spør bebuarane om korleis maten smakar og kva mat dei elles ønsker på bordet.

Eller som bebuar Nils Skjelan-ger i Masfjorden seier det.

– Eg sa at eg sakna grønsaker på skjevematen. Dei har skjerpa seg no.

Har kommunen etablert eit system for å spørje brukarar og pårørende om kor nøgde dei er med mattilbodet?

Undersøkinga vart gjennomført i perioden 3. - 11. januar 2019 og 13.-23. februar 2017. 2019-tala er basert på svar frå 291 kommunar og 2017-tala frå 271 kommunar.

NÅR BLIR MIDDAGEN VANLEGVIS SERVERT?

2019n Mellom kl. 12-14n Mellom kl. 14-16n Mellom kl. 16-18

2017n Mellom kl. 12-14n Mellom kl. 14-16n Mellom kl. 16-18

25%

44%

31%54%

26%

19%

48%49%

3%

n Jai n Nei n Veit ikkje

På Masfjorden sjukeheim et bebuarane middag når dei sjølv vil. Klokka 16.15 denne torsdagen i februar er det Arnhild Gerweck og Marit Andersen Nesse som serverer mat til nokre av bebuarane.