30
Nordfjord folkehøgskule Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Nordfjord Folkehøgskule 2012

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Catalogue presenting the Norwegian Folk High School Friluftslivskulen's courses, facilities and programme for 2012.

Citation preview

Page 1: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Nordfjord folkehøgskuleFriluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Page 2: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Nordfjord folkehøgskuleFriluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Det er mange gode grunnar for å ta eit år på Nordfjord folkehøgskule. Ein del grunnar finn du i denne brosjyren. Andre finn du på friluftslivskulen.no. Men dei aller fleste grunnane oppdagar du som elev på skulen. Du finn dei i møte med nye vener, turkameratar og lærarar.

Foto: Kristin Sundby

Foto: Ragnhild Tronvoll

Page 3: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Året ved friluftslivskulen er starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. Starten på nye vennskap, vennskap som varer. Du møter folk som deler friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. Du møter deg sjølv. Det du lærer aller mest på friluftslivskulen, er å vere menneske.

Foto: Ragnhild Tronvoll

Foto: Hege Nyborg

Page 4: Nordfjord Folkehøgskule 2012
Page 5: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Simone Stibbe

Page 6: Nordfjord Folkehøgskule 2012
Page 7: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Simone Stibbe

Page 8: Nordfjord Folkehøgskule 2012
Page 9: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Simone Stibbe

Page 10: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Linjefag >

Page 11: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Ragnhild Tronvoll

Det beste av alt. Det beste av Norge og det beste av friluftsliv, eit eventyr frå nord til sør. Vi startar på sykkel frå Nordkapp, og seglar i vind og blæst langs trøndelagskysten. På Sunnmøre skal vi svinge oss innover fjordane i kajakk. Sørover gjennom Breheimen og Jotunheimen går vi på ski, og til slutt opplever vi våren på Lindesnes. Med base på skulen, men likevel eit år på reise i eige land.

Norge på langs. Friluftsliv på tvers.

Friluftsliv/Norge på langsFrå topp til tå

Linjefag >

Page 12: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Øystein Vegge

Page 13: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Om det no er i dei beste laussnø-anlegga på Vestlandet. Eller på ein draumestad i dei ekte Alpane.

Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

Friluftsliv/Ski og surfEit heilt år med fri flyt

Page 14: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Eirik Tengesdal

Page 15: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Vi skal høgare enn himmelen. Nesten, i alle fall. Og så skal vi nedatt. Bli med oss på tinderangling og klatring, topptur og terrengsykling i Nordfjordfjell. Bretur og isklatring, elvepadling og surfing. Du får oppleve ekte livsglede – i møte med deg sjølv, dei andre og skaparverket. Full av adrenalin nedover ei fjellside, eller full av ro framfor kveldsbålet. KRIK står for Kristen Idrettskontakt. Ski står for fart, pudder og klabbeføre. Og KRIK Ski står for veldig mykje meir.

På KRIK Ski får du ikkje berre utsikt. Du får innsikt.

Friluftsliv/KRIK SkiGå derfor ut

Page 16: Nordfjord Folkehøgskule 2012
Page 17: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Lars-Ove Eikje

Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skred-kurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel.

Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?

Friluftsliv/EkspedisjonDei lengste turane

Page 18: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Øystein Vegge

Page 19: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Nokre av oss har ein draum. Ein draum om å vere mest mogleg i fjellet, på reise, i rørsle. Sjå for deg eit raudt telt midt ute på Jostedalsbreen. Sjå for deg interrail gjennom Alpane, hengje ut av togvindauget, peike på toppane, gå på toppane. Sjå for deg ein sekk som alltid er ferdig pakka, ei klatrerute som trufast ventar, ei offpistelinje på Sunnmøre. Kvar gong du har vore langt borte, er det betre å komme heim. Til dei nære fjella. Til bålet i skogkanten. På denne linja blir du globetrottar og nordfjording på ein gong.

Friluftsliv/VertikaltBratt læringskurve

Page 20: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve som Lars Monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring.

Kort sagt: velkomen til eit vilt år.

Friluftsliv/Jakt og fiskeLicence to kill

Page 21: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Torger Eimhjellen

Page 22: Nordfjord Folkehøgskule 2012
Page 23: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Oddvin Østmo

Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jenter: vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av Josten og heiskort til offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje.

Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.

Friluftsliv/AktivitetMykje vil ha meir

Page 24: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Benjamin Hjort

Page 25: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar heng du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på Hardanger-vidda. Regnvérsdagane fyller opp padleelvane på Voss. Varme solskinsdagar lokkar med bølgjesurfing i Europa. Og under vassflata ventar ei annleis verd. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre snøkrystallar. Eit år med rein natur og rein moro.

Eit år med wetlook og bakoversveis.

Friluftsliv/Vind og vatnEin heilt annan fartskontroll

Page 26: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Bu- og arbeidstreningDet første året heimanfrå

Page 27: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Lisbeth Mom

rak

Nye vener. Nye aktivitetar. Og nye erfaringar. Som elev på Bu- og arbeidstrening vil du ta del i eit inkluderande fellesskap og lære deg å bli meir sjølvstendig. Hos oss kan du øve på å halde ditt eige rom ryddig, halde orden på kleda dine, måltida dine og fritida di. Sjølvsagt skal vi hjelpe deg. Dei tilsette vil sørgje for at du får den hjelpa du treng. Både når du er på skulen og når du er ute på tur har du 100 ungdomar å dele opplevinga med.

Dette året vil bety mykje for deg. Og for alle oss andre som blir kjende med deg.

Bu- og arbeidstreningDet første året heimanfrå

Page 28: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Meir enn linjeEit år på friluftslivskulen byr på mykje meir enn linja du går på. Det blir store felles opplevingar med heile skulen, mellom anna ei veke på ski i Hemsedal, pilegrimsvandring langs kysten og ikkje minst ugløymelege dagar ombord i skuleskipet Statsraad Lehmkuhl på veg over Nordsjøen.

Ditt årI løpet av året kan du velje mellom mange turar og prosjektveker som kjem i tillegg til linjefaga dine. Slik kan du komponere ditt heilt eige år! Noko av det du kan velje er revy, tur til Frankrike for å klatre, tur til Alpane for å stå på ski, tur til våre eigne Vestlands-alpar for å stå på ski, praktiske byggeprosjekt, jaktveke i Telemark, dykkarkurs, utstyrsla-ging, fjelltur/toppturar, treningsleir, bibelskule, kystveke, tradisjonsmat og julegodt, musikk, kite/segling.

ValfagAkrobatikk, allidrett, ballspel, barmarkstrening, bibelfag, buldring, båtførarkurs, dans, fjelljibbing, fluge-binding, fotball, foto, gitar, havkajakk, hybelkokken, idrett, jegerprøve, kajakk, kajakkbygging, keramikk, kite/toppturklatring, knivmaking, kor, kristendom, leirdueskyting, long-board, mat på bål, musikk, segling, skred fordjuping, smiing, strikking/hekling, terrengsykling, telemark/alpin, topptur, toving, trearbeid, utstyrslaging, volleyball, web.

Kristne verdiar – ulike livssynNormisjon eig skulen. Vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen på skulen, men du treng ikkje vere kristen for å vere elev her! Vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for dine tankar. Her er plass for alle – uansett meiningar og livssyn.

Kvar er Nordfjord?Nordfjord folkehøgskule ligg ved Gloppefjorden, ein arm av Nordfjorden i Sogn og Fjordane. I nær området rundt skulen er det flotte forhold for friluftsliv både på land og på sjø, og frå skulen er det kort veg til Sunnmørsal-pane, Stadhavet, Jostedalsbreen og Jotunheimen. Kommunikasjonane til og frå skulen er gode. Kvar dag går det fleire ekspressbussar til og frå Bergen, Trondheim og Oslo, og flyplassen ligg berre 4 kilometer frå skulen.

Page 29: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Foto: Guro LarsenFoto: Kristian Engebretsen

Page 30: Nordfjord Folkehøgskule 2012

Vennskap som tåler minusgrader, høge toppar og djupe dalar. Kunnskap gjennom store opplevingar. Spor som blir sterke av ver og vind.

Nordfjord folkehøgskule, 6823 Sandane Tlf.: 57 86 80 40 E-post: [email protected]

Søknad og søknadsfristVi har ingen søknadsfrist, men startar opptaket 1. februar.Dei siste åra har vi hatt full skule, og enkelte linjer er ekstra populære. Det er lurt å søke tidleg!

Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert info, bilde, turrapportar, filmar og meir.

Foto framside: Hans Græ

sli

Foto: Johannes Asheim

Foto: Ragnhild Tronvoll