19
Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12. desember 2018 Deltakarar: 34 innbyggarar møtte opp i tillegg til ordførar, to frå administrasjonen og to frå Norconsult. Til saman 38 stk. Dato: 12. desember 2018 Stad: Grendehuset i Våge Rådgjevar/verkstadhaldar: Norconsult AS, Arne Kringlen Innleiing Tredje folkemøte i forbindelse med høyring av planprogrammet til arealdelen. Ordførar ynskte velkomen og informerte kort om bakgrunnen og formålet med møtet. Prosjektleiar Arne Kringlen informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel og arbeidsprosessen. Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag: - Korleis er gjeldande arealplan o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok) - Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale - LNF- spreidd blir sentral arealbruk i kommunen (fritidsbustad, bustad og næring) - Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje - 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap. o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva som er den «funksjonelle strandsona» - Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje valt. Spørsmålsrunde Etter presentasjonen og gruppearbeida vart det opna for spørsmålsrunde. Spm. og svar er oppsummert nedanfor. 1. Kven kan kome med innspel? Svar: Alle kan kome med innspel, og de kan fint meine noko om andre sin eigedom. Også naboen sin.

Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12. desember 2018

Deltakarar: 34 innbyggarar møtte opp i

tillegg til ordførar, to frå

administrasjonen og to frå Norconsult.

Til saman 38 stk.

Dato: 12. desember 2018

Stad: Grendehuset i Våge

Rådgjevar/verkstadhaldar: Norconsult

AS, Arne Kringlen

Innleiing Tredje folkemøte i forbindelse med

høyring av planprogrammet til

arealdelen.

Ordførar ynskte velkomen og informerte kort om bakgrunnen og formålet med møtet.

Prosjektleiar Arne Kringlen informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel

og arbeidsprosessen.

Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag:

- Korleis er gjeldande arealplan

o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med

o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok)

- Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale

- LNF- spreidd blir sentral arealbruk i kommunen (fritidsbustad, bustad og næring)

- Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande

dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje

- 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap.

o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva

som er den «funksjonelle strandsona»

- Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane

får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje

valt.

Spørsmålsrunde Etter presentasjonen og gruppearbeida vart det opna for spørsmålsrunde. Spm. og svar er

oppsummert nedanfor.

1. Kven kan kome med innspel?

Svar: Alle kan kome med innspel, og de kan fint meine noko om andre sin eigedom. Også naboen sin.

Page 2: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

2. Kven er det som gjer vurderingar på korleis innspela skal silast?

Svar: Det er politikarane som gjer den fyrste vurderinga, så gjer vi i Norconsult ei vurdering saman

med administrasjonen, før vi til slutt legg våre vurderingar fram politisk.

3. Det ligg føre ei reguleringsplan som opnar for vindmøller på Lutelandet. Kan det gjerast noko

for å fjerne/oppheve den?

Svar: Det skal ein del til for å kunne oppheve vedtekne planar, og det må då føreligge gode grunnar til

det. Gjeldande plan er juridisk bindande for arealbruken i området, og ein utbyggar legg opp til ei

betydeleg satsing for å få ein plan godkjent. Det vil difor vere uheldig å gjere noko med planen så

lenge den er eit godt styringsverkty.

4. Kva slags skravur er det som er vist på kartet (Holstad)? →

Svar: Det er ei restriksjonsgrense etter anna lovverk enn plan- og

bygningsloven. Det viser nedslagsfelt for drikkevatn.

5. Blir det gjort nærare skredundersøkingar?

Svar: Aktsemdsonane for skred og flaum er kun ein peikepinn på at

det er potensiale for skred/flaum i området, og er godt nok for

arealplanen. Men når ein kjem til neste nivå (reguleringsplan/

utbygging) må det gjærast nærare undersøkingar av fagekspert(ar).

Då er det tiltakshavar sitt ansvar å få dette gjort. Det vert for

omfattande om slike undersøkingar skal gjerast på kommuneplannivå, og vil føre til forlenga og

omfattande prosessar. På planforumsmøtet som vi hadde med statlege mynde uttalte NVE at dei

kunne stille på synfaring med kommunen for å gjere ei vurdering på korleis vi kan forhalde oss til

skred- og flaumsonene i nokre område som vil vere aktuelle for utbygging.

Gruppearbeid 1 Etter presentasjon og spørsmålsrunde vart forsamlinga delt inn i seks grupper, etter alder.

Gruppene vart spurte om kva som er positivt og negativt med å bu i Våge, og kva for forventningar

dei har til den nye arealplanen. Spørsmåla vart først drøfta i gruppene og sidan i plenum.

Page 3: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var
Page 4: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Oppsummering (hovudmoment frå gruppearbeidet)

Positivt: Alle gruppene nemner natur/rekreasjonsmoglegheiter som positivt, og fleire trekker i tillegg fram

nærleik til sjø. Vidare at det er butikk, skule og barnehage i bygda i tillegg til at det er bra med

næringsetablering. Fleire nemner også gode sambygdingar, samt at bygda har butikk, skule og

barnehage. Elles også fergeforbinding, kort veg til ekspressbåten til Bergen, dugnadsånd, aktive

lag/organisasjonar, trygg plass å bu, friheit, moglegheit for å bu spreidd, tilbakeflytting blir også trekt

fram som positive trekk.

Page 5: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Negativt: Fire grupper nemner dårleg infrastruktur (både veg, mobil, breiband og manglar sykkelveg) og dårleg

offentleg kommunikasjon (buss til Førde og Rysjedalsvika, samt ekspressbåt). Fire grupper nemner

utbyggingsnegativitet, bl.a. i forhold til strandsona (tre grupper), ingen område for spreidd busetnad,

lite attraktive byggjefelt, langt mellom folk ved spreidd busetjing, det manglar eldrebustadar,

framtidig etablering av vindmøller og vanskeleg å få byggje (bustad, industri) om det ikkje er i

samsvar med plan. Elles blir det også nemnt attgroing, manglar badeplass og båtplass, lite

overnattingsmoglegheit, for få lokale tilbod (må til Dale), få arbeidsplassar, dårleg kulturtilbod,

nedgang i folketal, er avhengig av bil, mangel på møteplassar (kafé, pub, o.l.), store investeringar i

sentrum i forhold til i utkantane, bygdedyr og vanskeleg å utvikle næringslivet.

Forventningar: Alle gruppene har forventningar til bustadutbygging. Fire av gruppene ynskjer at det vert opning for

det innanfor 100-metersbeltet, to grupper vil ha større fleksibilitet generelt sett og aldersgruppa 70+

har forventningar til bustadfelt nær skule. Og aldersgruppa 60-70 peikar på eldretun slik at dei eldre

har trygge buforhold når dei vert pleietrengande. Andre moment er at det blir skilt mellom hytte- og

bustadbygging, og at det ikkje blir lagt opp til spreidd hyttebygging. 5 grupper har forventningar til at

infrastrukturen vert betra, bl.a. fiber (i Korssund og Lammetun) og vegar (bl.a. Lutelandet), samt

betra trafikktryggleik for mjuke trafikantar. Elles er det peikt på å unngå konfliktar mellom

landbruksdrift og spreidd bustadbygging og lågt konfliktnivå ved behandling av søknadar. Elles er det

forventningar til nye småbåthamner og utviding av småbåthamner, nye arbeidsplassar, få tilflytting

frå andre kommunar, nye næringsareal/utviding av eksisterande, reiselivsutvikling, registrering av

kulturminne (som Leahuset og Nilsboa) og at Fjaler skal bli ein «ja» kommune.

Gruppearbeid 2 – jobbe med A0 kart Forsamlinga vart delt i seks grupper. Gruppene fekk i oppgåve å merke på kartet kvar i krinsen Våge

det er knutepunkt/sentrumsliknande område som skal byggast vidare på. Og så skulle dei sjå heile

kartet samla og merke av kvar det ikkje bør byggast, og kvar det bør opnast for bygging.

Page 6: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 1

Page 7: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 2

Page 8: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 3

Page 9: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 4

Page 10: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 5

Page 11: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 6

Page 12: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppearbeid 3 – jobbe med A3 (grende/sone)kart

Gruppene vart fordelt etter kvar i Våge dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging,

og kvar det ikkje bør byggast. Det var fire grupper på grendekart nr. 3, og det var ei gruppe på dei tre andre grendekarta.

Gruppe 1 og 2 – Gjølanger, Hellevik, Lone, Kjøsnes, Håvåg, Fure, Furnes

Page 13: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 2 – Kjøsnes, Håvåg, Fure, Furnes

Page 14: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 3 – Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Page 15: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 3 – Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Page 16: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 3 – Furset, Grytøyra, Våge, Folkesta

Page 17: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 3 – Furset, Grytøyra, Våge, Folkestad

Page 18: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Gruppe 4 – Korssund, Lammetun, Lutelandet

Page 19: Oppsummering av folkemøte i Våge om arealplanen 12 ...€¦ · Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var

Oppsummering Hovudinntrykket frå folkemøtet i Våge var at ein ikkje vil utløyse grunneigarkonfliktar generelt sett, og

at ein legg opp til ein utvikling i akvakulturnæringa. I tillegg må det vere ei balanse mellom næring,

infrastruktur og bustad.

Innbyggarane er stolte over næringsverksemdene som er etablert, og dei ynskjer at det blir etablert

fleire næringar i bygda. Dei som har hatt lyst til å etablere seg i området har hatt vanskelegheiter med

det då noverande plan har ikkje avsett nok område til næring. Og gjeldande plan for framtidig

vindmøllepark hemmar vidare industrisatsing på Lutelandet. Vegen til Lutelandet er i dag for dårleg for

stortrafikken som er til området i dag, samt den framtidige trafikken. Innbyggarane har forventningar

at det blir gjort noko med den, anten i form av omlegging eller utviding.

Vidare var det fokus på å få til bygging av bustader i strandsona. Det har vore ein del

dispensasjonssaker med ulikt utfall, og innbyggarane ynskjer at den nye planen blir meir fleksibel for å

unngå avslag på bygging.

Referent:

Norconsult AS, Ann Sissel Heilevang

Vedlegg: Presentasjon