8
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 5 / desember 2012 Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Nr 5 / desember 2012

Primstaven ynskjer alle lesarane

ei fredfull og god jul

Page 2: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

2

BUNADSUTSTILLING I KNARVIK SENTER

22.september hadde Bunadsnemnda i Nordhordland Husflidslag utstilling i Knarvik Senter. Me ville vise fram dei fine bunadane våre og gje rettleiing og svare på spørsmål frå interesserte. Det vart demonstrert korleis roggeband vert vevd og me viste òg perlevev og korleis perlesnor vert laga. Oddny Røyset demonstrerte kvitsaum og monterte ein ”lygar”. Torill Geelmuyden viste bilder frå datamaskin. Randi Nedreås hadde på seg festbunaden, Aud Walde hadde mørk bunad og Anne Karin Rustad gjekk i grøntrøyebunad. Brudedrakta og dei andre bunadane hadde me på byster. Me kunne tenkt oss litt fleire folk i senteret denne dagen, men dei som stoppa opp, viste stor interesse. Oddny

Tovekurs i Hillesvågen 28-29.september med Ingvild Skår. Det var ni ivrige og lærevillige damer som møtte opp til dette kurset. Tema var "Å male med ull". Det skulle berre brukast norsk C1 ull. Motivet var blomar. Elevane utfolda seg med blomar i ulike fargar og fasongar.Vi bygde opp bileta lag for lag. Det gjekk nokre timar med til kvart bilete. Veldig bra resultat.

På bildet til høgre har deltakaren først lagt ut eit einsfarga grønt underlag, tatt på såpevatn og jobba litt før bakgrunnen vart lagt på. Starta med lyst oppe og mørkare fargar nedover, tova litt på det. Så kom stilkar og til slutt blomane. Deretter starta sjølve tovinga.

Epleblomar i arbeid. Vart rulla inn i bobleplast og handklede og strekt ut med jamne mellomrom.

Stemorsblomster og fiolar To ferdige arbeid — vakkert

Page 3: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

3

Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig og intensivt kurs hvor all tid ble nytta til øvelse og innstudering av fletteteknikken. All applaus til en dyktig lærer med god erfaring i å vite hvor ”skoen trykker” i denne sammenheng. Vi fikk ekstra øvelse i de vanskeligste deler og da vi ikke var så mange deltakere fikk hver enkelt god hjelp. Det var vi veldig glad for. Vi reiste hjem med en god følelse av at vi har lært en for oss ny teknikk, og det skal bli mer enn et par sokkeband for oss. Det er jo litt fantastisk at vi kan reise til Nordhordland for å delta på kurs og lage sokkeband til Sunnfjordbunad. Samtidig var det imponerende for oss å se hvor aktivt laget deres arbeider. Vi fikk oppleve klubbhuset i Hillesvågen og vevstova til Aud Marit. Det var en god opplevelse som dere kan være stolte av. Tusen takk til Aud Marit for godt kurs. Hilsen Gerd Nesbø og Maren Erland Førde, 24. september 2012.

Det mørke bandet skal nyttes til tofarga

strømper (hvit og sauesvart mønster) Det lyse

bandet brukes til kvite strømper.

LEFSEKURS Me tenkte at me kanskje kunne nå dei litt nord i fylket og i Gulen på kurset i haust. Difor valde me å ha kurset i Austrheim. 10 deltakarar er me svært godt nøgde med. Oppskrift på Fløyelslefser: 6 egg 4 dl sukker 400 gram smelta smør 1 boks sirup 2 ts hjortetakk 1 liter kefir kveitemjøl til passe deig (dvs ca 2,5 kg) Pisk egg og sukker til eggedosis, smelt smøret og ha sirupen i det smelta smøret. Ha surmelk og hjortetakk i eggedosisen saman med smør/sirupblandinga og tilsett mjøl. Om ein ynskjer det, kan ein tilsetja 4 ss anis. Bak ut tynne lefser, steik dei på middels høg varme. Desse treng ikkje dynkast. Legg dei i eit laken eller dynetrekk, då held dei seg

mjuke.

Smør dei med det du likar best:-) eg føretrekkjer ei blanding av melis, smør og

seterrømme.

Arild

Page 4: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

4

Husflidsmessa til Nordhordland Husflidslag – for veteranar og nye utstillarar Laurdag 3.november arrangerte Nordhordland Husflidslag den tradisjonelle husflidsmessa på Knarvik vidaregåande skule. Over 40 utstillarar hadde tinga plass til glede for dei vel 500 vaksne og born som besøkte messa. Veteranar og nye utstillarar hadde eit godt utval av ulike husflidsprodukt. Anna Fammestad, 92 år må reknast blant veteranane. Ho har vore medlem av Nordhordland Husflidslag sidan 1974 og deltatt på alle julemesser med unntak av 5 – 6 gongar då arrangementet her i Nordhordland kolliderte med tilbod om utstilling på Oljemessa i Stavanger og deltaking på messer arrangert av Fana Husflidslag. Ho minnast invitasjonen ho fekk til denne etter at NRK hadde hatt eit innslag om åklevevnaden hennes på Norge Rundt. Sjølv reknar ho med at dette er siste julemessa ho deltek på. Den store veven har Nordhordland Husflidslag fått, og arbeida i den små veven er snart ferdige. Då har ho planar om å ta fatt på bildevev, ho har eit halvferdig bilde ståande og vil gjerne arbeide vidare med dette. Det var og med bildevev det heile starta. Det er ikkje ofte ho sel åkle på messer, ofte kjem folk for å sjå og så tek dei kontakt att seinare for kjøp.

Første gong på julemessa er to blide damer frå AUFERA . Veronika Lavik i raudt og Oddrun Helgø i kvitt. Dei vier korleis lefser skal bakast ut og salet går strykande både av frosne og nylaga lefser. Lefse produksjon er ei viktig inntektskjelde for AUFERA og i snitt lagar dei om lag 80 lefser til dagen – opp i 100 har dei og klart om «alt går greitt». Dei bakar no fire ulike typar, fløyelslefsa med og utan anis, Solund lefsa og Aufera lefsa.

Magrethe Neeraas Fjæren frå Bergen deltek også for første gong på julemessa. Ho har alltid vore opptatt av handarbeid og det er særleg strikking av ulike ull produkt med garn frå Hillesvågen ho viser fram. Her er både tova og stikka ull produkt for å halde føtene varme. Like viktig som å selje produkta synes ho det er å få formidle glede og nytta ved å drive med handarbed.

Alma Kjærland frå Fitjar deltek og for fyrste gong på julemessa med englane sine laga i Tiffany teknikk. Ho lærte seg teknikken for fem år sidan og kvar engel har sitt eige uttrykk, og i dag er dette et arbeid som gjev mykje glede. Då ektemannen låg for døden snakka dei om framtida og kva ho kunne gjere for å klare seg som minstepensjonist. Han sa då til henne: «Englar skal lage englar», ikkje noko meir. Då ho vart enke tok ho i ferd med å lære seg arbeidet som sidan har gjeve ei god ekstrainntekt.

Page 5: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

5

Nye på messa i år er også firmaet «Fru Espeland» som er etablert av to venninner som begge kjem frå Frekhaug og har gifta seg til Espeland namnet, Silje Espeland og Marianne Espeland. Førebels syr dei klede og utstyr til baby og småborn på hobbybosis og prøvar seg fram om det er ein marknad for dette i Nordhordland I tillegg til å delta på messar finst produkta deira på nett, www.fruespeland.no . Ei lita symaskin som

og er finne på logoen deira, sjå bilde, fekk mykje merksemd. Også i år var det aktivitetar for born Karl Johan og Benjamin Litleskare viser fram nålefilta snømann og snor.

Demonstrasjon hjå Husfliden i Bergen Bergen Husflidslag har demonstrasjon av handarbeidsteknikkar hjå Husfliden ein laurdag i månaden. I mangel på dugnadsfolk ynskjer dei at folk frå andre lokallag kan vera der stundom. Nordhordland Husflidslag fekk spørsmål om å delta laurdag 6.oktober. Det takka me ja til. Grete Vetås og Aud Marit Halland stilte med demonstrasjon av brikkevev, bandvev og brigding av sokkeband. Denne laurdagen var det haustferie i skulen,så det var mykje folk innom butikken. Dorthe Skappel gensaren var det mange som kjøpte garn til, men det var og nokre som hadde tid til å sjå kva me dreiv med. Interessa for bunadane våre var stor. Jenter i 10-12 års alderen sette pris på å prøva brikkeveving. Shopping i Bergen fekk venta til ein annan dag,då brikkeveven var meir spanande. Ein slik laurdag i Husfliden var ein god arena til å få presentert teknikkar,bunadane våre,og ikkje minst laget vårt på. Grete og Aud Marit

MINNEORD I haust døydde Anna Østerbø. Anna var medlem i husflidslaget og kom frå Masfjorden. Me møtte henne på husflidsmessene. Ho hadde sviing som sin hobby. På fat og skåler svidde ho inn landskap, tre og blomar. Mang ei flat fjøl omskapte ho til gåver og pynt. Ho måla med svipennen og la mykje av natursynet ned i arbeidet sitt. Trestammar og lauv i ulike variantar vart dekor på veggklokkene. På hytta si heldt ho samlingar der plantefarging var tema. Ho gav av sin kunnskap, men var også oppteken av å læra noko nytt. Ei positiv dame med eit godt blikk og smilande andlet som spreidde glede og smil til oss. Nordhordland Husflidslag Rannveig og Jorunn

Page 6: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

6

Mange takk til ho Anna Anna Fammestad kontakta leiar for laget fordi ho hadde bestemt seg for å gje den store åkleveven sin til Husflidslaget. Den skulle nyttast på vevkursa på Dale. Ho følte at helsa ikkje strakk til lenger for å veva på den og at ho klarte seg med ein mindre vevstol ho hadde. Grete Vetås og Aud Marit Halland reiste til Anna for å hente veven. Det var ei fantastisk dame som tok imot oss med heimelaga betasuppe og bær frå hagen til dessert. Etter demontering av veven var kaffien og sjølvlaga kake komen på bordet. Det vart ei triveleg stund med mykje god vevprat. No er veven montert opp på Dale, og den første renninga er komen på. Det skal bli gode varme sjal. Så mange takk, Anna, for at me fekk veven din.

Grete og Aud Marit

JULEMØTET Meir enn 30 personar deltok på julemøtet måndag 26.november i Hillesvågen. Etter song, julegraut med mandel og kaffe og julekaker, skulle me læra å hekla julelykt. Ingrid Hopland hadde laga oppskrift og rettleia dei som trong hjelp. På framsida av bladet er bilde av Ingrid si lykt, som ho hadde laga før møtet. Me hadde og lotteri, med mange fine gevinstar,

blant anna ein del gjenstandar me har fått etter

Anna Østerbø. Ein triveleg kveld med

avslutning før jul.

Hekla lyslykt Legg opp 55 luftmasker, set saman til ein ring, med ei kjedemaske. Hekla 4-5 omgangar med fastmasker. Deretter 4 stavar i same hol = 1 stav-vifte. Hopp over 4 masker (stikk nåla ned i den 5.m) og hekle stav-vifter omgangen rundt, slutt med ei kjedemaske i fyrste vifte. Begynn neste omgang med tre luftmasker (=fyrste stav i vifta). Hekla så mange omgangar du vil, slutt med 4-5 omgangar fastmasker. Lykke til Ingrid Hopland

Årsmøtet vert avvikla 18.februar 2013 Saker må vere styret v/leiar ihende seinast 6 veker før møtet.

Page 7: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

7

KURS VÅREN 2013

Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris

Vikingsmykke i

sølv

Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 17. Dale

56373278 48 jan Grendahus kr 2 360

Pilfletting Lise Dyrhovden 14 8. og 9.

56367257 Helg feb Hillesvåg kr 830

Flatbrødbaking Arild Hagenes 12 9. og 10. Austrheim

99034535 Helg mars vid skule kr 740

Kurs i skinnfell Kjersti Børilden 34 2013

99361071 Helg jan/feb Austrheim kr 1 730

Kvinnebunad Linda Rongved 97754543 32 18.

Nordhordlandsbunad Aud Marit Halland 94857312 Dag/Fred jan Hillesvåg kr 1 640

Herrebunad Airin Espelid 14.

Nordhordlandsbunad 55240860 44 jan Hillesvåg kr 2 180

Strikkekurs og Ingrid Hopland 6. Dale

heklekurs 95887296 16 feb Grendahus kr 920

Bilde i merinoull Ingvild Skår 10 5. og 6.

95296782 Helg april Hillesvåg kr 650

Spinning med Vigdis Valde 11

håndtein (rokk) 97740380 Helg ja Hillesvåg kr 695

Tauverk Kaspar Hansen

56178108 15 mars/apr Flatøy kr 875

Materialutgifter kjem i tillegg til kursavgifta.

Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta.

Påmelding til kursleiar seinast 10 dagar før kurstart

Påmelding til kvinnebunadskurs kan og sendas på mail til [email protected]

Page 8: Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul · 3 Takk til Nordhordland Husflidslag Vi har hatt gleden av å delta på kurs i brigding i deres husflidslag. Det var et nyttig

8

POST TIL PRIMSTAVEN

Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected] Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim

Me ynskjer alle våre medlemar og sympatisørar ei

god og fredfull julehelg, samt eit godt nytt husflidsår.

Minner samstundes om neste handarbeidstreff måndag 7. januar

2013 Kl.18.00 i Husflidens Hus, Hillesvågen.Då tar me for oss

nålebinding.

Neste handarbeidstreff vert måndag 4.februar

Årsmøtet vert avvikla 18.feb. Saker må vere styret v/leiar

ihende seinast 6 veker før møtet.

Helsing Styret