11

Prinsesse Fibi og draken

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Leseland. Nivå 4. Av Gudrun Likar og Sabine Büchner.

Citation preview

Page 1: Prinsesse Fibi og draken
Page 2: Prinsesse Fibi og draken

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 3 12.11.14 11:03

Page 3: Prinsesse Fibi og draken

Avgudrun lik ar

Illustrert av sabine büchner

Frå tysk ved ole skogseide

Samlaget oslo 2015

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 5 12.11.14 11:03

Page 4: Prinsesse Fibi og draken

6

Prinsesse FibiFibi hata verkeleg å vere prinsesse.

For det første fordi ho aldri fekk leike med vanlege barn.

Dei var visstnok skitne.

Dei brukte stygge ord.

Og dei slost.

Fibi syntest det berre var tøys.

Ho var jo også eit heilt vanleg barn!

Ho likte å bli skiten sjølv.

Ho kunne ganske mange stygge ord – sjølv om mor hennar ikkje visste det.

Og ho ville inderleg gjerne slåst.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 6 12.11.14 11:03

Page 5: Prinsesse Fibi og draken

7

For det andre fordi ho måtte gå i rosa klede heile tida.

Ho hata rosa av heile sitt hjarte.

Rosa var ein teit farge.

Alt som var rosa blei skite med ein gong.

I tillegg såg rosa søtt ut.

Og Fibi ville slett ikkje sjå søt ut!

Ho gjekk helst i bukser og T-skjorter.

Raude eller grøne eller gule. Helst med striper og prikkar. Eller med heilt ville mønster.

Dessutan likte ho å jobbe med verktøyskrinet sitt. Da blei ho skiten uansett.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 7 12.11.14 11:03

Page 6: Prinsesse Fibi og draken

8

For det tredje på grunn av krona.

Eigentleg var den ho hadde slett ikkje noka skikkeleg krone. Den hadde nemleg mor hennar, dronninga. Ei stor gullkrone med ein heil haug juvelar, smaragdar og rubinar. Krona var frykteleg tung. Men mor hennar sa at det var fint, for dei som skal bere ei krone må vere rette i ryggen og stive i nakken. Det ser kongeleg ut, ja, svært majestetisk.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 8 12.11.14 11:03

Page 7: Prinsesse Fibi og draken

9

Krona til Fibi var meir som ei barne-krone. Eit band av gull med takkar som håret heile tida floka seg inn i. Det lugga. Og det drog. Fibi hata òg å vere jente. Å vere jente og å vere prinsesse var eigentleg omtrent det same: For jenter fekk heller ikkje slåst. Eller banne. Og dei fekk i alle fall ikkje lov til å bli skitne.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 9 12.11.14 11:03

Page 8: Prinsesse Fibi og draken

10

Alt som var kjekt og berre lukta bitte litt av eventyr var forbode for prinsesser.

Men utan moro og eventyr var livet rett og slett dødskjedeleg, meinte Fibi. Derfor sørgde ho for at det var nok av begge delar i livet hennar. Sjølv om mora ofte fekk hovudpine av alle påfunna til Fibi. Mødrer uroar seg uansett altfor mykje. Og med dronningar er det nesten enda verre.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 10 12.11.14 11:03

Page 9: Prinsesse Fibi og draken

11

Drakedreparane kjem

Og så dukka draken opp. Ein ekte, kjempe-stor og ikkje minst kjempesur drake.

Han var så sint at han åt fem sauer i ein jafs. Og så reiv han ned ein heil låve.

Men han blei ikkje mindre sint for det.

Derfor knekte han tjue lyktestolpar med halen sin.

Det var nok i første omgang, og draken forsvann tilbake til hòla si i Drakebakken. Av og til brølte han. Da slo flammene ut av hòla.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 11 12.11.14 11:03

Page 10: Prinsesse Fibi og draken

12

Der det er ein drake, dukkar det før eller seinare opp drakedreparar. Slik var det no òg.

Dei kom marsjerande frå heile kongeriket. Det var lenge sidan sist det hadde vore ein drake i landet. Det var enda lenger sidan dei unge mennene hadde vore i kamp. Og det var evig lenge sidan dei hadde fått vise kor kjekke og mandige dei var. Så dei blei kjempeglade da dei fekk høyre om draken.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 12 12.11.14 11:03

Page 11: Prinsesse Fibi og draken

13

Men han var ikkje like glad for å høyre om dei. Det var mange som ikkje eingong kom så langt som til hòla hans. Og dei som greidde det, angra veldig etterpå. Det var mykje svidd hår og mange svidde bartar. I tillegg til brotne armar og bein. Og det som verre var. Det var ikkje slik dei hadde sett føre seg at ein drakekamp skulle vere. Det blir gjerne slik med noko ein berre har lese om i bøker.

prinsesse fibi-og-draken-9788252181005.indd 13 12.11.14 11:03