12
PRO held kurs Markus Mulen sløkker brann. Han var ein av deltakarane på kursrekka i truck, kran, lift og varme arbeid PRO Opplæringskontoret heldt i Førde i haust. Les meir s. 4-5 Ut i verda Nokon som har lyst til å vere utvekslingslærling i Tyskland? Eller konkurrere med andre lærlingar i faget sitt, i Noreg, i EM eller i VM? Les meir s. 11-12 Attraktive TIP-elevar Bedriftene står i kø for å sikre seg elevane ved Fag- skulen i Førde. Les meir s. 6-7 Ein smak av arbeidslivet Elevar i vidaregåande skule har rett på å teste ut ulike yrke ute i bedriftene. Les meir s. 8-9 www.pro.sf.no Informasjon frå PRO Nr 2 Årgang 6. - september 2012 PRO - Profesjonell rekurtering og opplæring Opplæringskontor for industri- og teknologifag

PRO held kursMediebruket [email protected] GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, [email protected] PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

PRO held kursMarkus Mulen sløkker brann. Han var ein av deltakarane på kursrekka i truck, kran, lift og varmearbeid PRO Opplæringskontoret heldt i Førde i haust. Les meir s. 4-5

Ut i verdaNokon som har lyst til å vereutvekslingslærling i Tyskland?Eller konkurrere med andrelærlingar i faget sitt, i Noreg, iEM eller i VM?

Les meir s. 11-12

Attraktive TIP-elevarBedriftene står i kø for åsikre seg elevane ved Fag -skulen i Førde.

Les meir s. 6-7

Ein smak avarbeidslivetElevar i vidaregåande skulehar rett på å teste ut ulikeyrke ute i bedriftene.

Les meir s. 8-9

www.pro.sf.no Informasjon frå PRO Nr 2 Årgang 6. - september 2012

PRO - Profesjonell rekurtering og opplæringOpplæringskontor for industri- og teknologifag

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 1

Page 2: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

PRO Opplæringskontoret yn -skjer å bli ein enda størreressurs for industrien enn idag.

Bedriftene ser sjølv best kvabehov dei har og vil ha i fram-tida. Forventningane endrarseg i takt med utviklinga i kvarenkelt verksemd, innafor bran-sjane og i samfunnet generelt.- Vi ynskjer å vere i førekant avdesse endringane, seier styre-leiar Bente Nesse.Eit opplæringskontor vert eigdav bedriftene og skal i høvelova samordne inntak og opp-læring av lærlingar og lære-kandidatar. Men PRO ynskjer åbidra til meir enn det lovaseier.- Vi vil vite kva vi kan gjere forå bli betre, og har difor sett igang ei undersøking for åfinne ut kva bedriftene, sku-lane og lærlingane sjølv mei-ner dei treng, fortel daglegleiar Jorunn Kirketeig.

- Dette vert ein slags revisjonav jobben vi gjer. Trengst detfleire og andre typar kurs? Skalvi jobbe meir med rekrutte-ring? Kva med utanlandsarbeidskraft?PRO Opplæringskontoret kanallereie tilby skreddarsyddekurspakkar. Vi arrangerer ogsåkurs for instruktørar. Men kvamed til dømes opplæring avmellomleiarar og avdelings-leiarar i bedriftene?.Så langt har PRO Opp -læringskontoret berre tenktprivate bedrifter. Men det finst

også kommunale og andreoffentlege industriarbeidsplas-sar, til dømes Førde Reinse -anlegg.Det er svært lite stryk og frå-fall innafor TIP-faga. Over 50prosent av PRO-lærlingane gårut med karakteren beståttmykje godt, ei karakter somheng høgt.- Dette viser at vi må ha gjortnoko rett. Kanskje kan indu -strien bruke desse gode resul-tata til rekruttering og utvik-lingsarbeid? undrar Bente,som meiner ei av årsakene ergrundig og systematisk opp-følging av lærlingane. Resultatet av undersøkingakan du lese om i neste utgåveav PRO Aktiv.

UTGJEVAR:Opplæringskontoret for pro-sess og mekanisk industri.

FORMÅL:Denne informasjonen er tilret-telagt for medlemsbedrifteneog andre som direkte ellerindirekte er involvert i PROsitt arbeid. PRO ynskjer å være best påutdanning av fagarbeidarar i”våre” fag spesielt og fagopp-læring generelt.PRO skal rekruttere lærlingartil medlemsbedriftene i trådmed bedriftene sine behov forfagarbeidarar, i samsvar medbedriftene sine strategiar. PRO skal være eit fleksibeltopplæringskontor i kontinuer-leg utvikling for å tilpasse segbedriftene sine behov.

ADRESSE:ConcordbyggetFirdavegen 6Postboks 492, 6803 FørdeTelefon: (+47) 57 83 22 60Telefax: (+47) 57 83 22 45www.pro.sf.no

PRO:Jorunn Eide KirketeigDagleg leiar / [email protected]. (+47) 911 44 966

Magne NordeideOpplæ[email protected] Mob. (+47) 906 51 671

Wenche TollefsenAdministrasjonssekretæ[email protected]. (+47) 924 23 782

Malin SkeieLærling – Kontor og [email protected]. (+47) 952 00 926

ANSVARLEG REDAKTØR:Jorunn Eide [email protected]. (+47) 911 44 966

TEKST OG FOTO:Marit Bendz (Skrifta & VeggenBA)www.skriftaogveggen.no

LAYOUT FRAMSIDE:[email protected]

GRAFISK PRODUKSJON:Eko-Trykk AS, [email protected]

PRO Opplæringskontoret er tilfor deg som vurderer eller harvald ei framtid innafor pro-sess og mekanisk industri. Vier til for medlemsbedriftenesom treng lærlingar og rekrut-tering, men kan og hjelpetil med vidareutdanning ogkurs for andre tilsette i bedrif-ta.I konkurransen om arbeids-kraft i fylka nord og sør foross er det særs viktig at vistår saman. Det er ein styrkeat 80 prosent av lærlingane ersamla i eit opplæringskontormed fullt fokus på rekrutte-

ring til industri og teknologi-fag, og i tillegg sikrar at deter like høg kvalitet på opplæ-ringa for alle lærlingane,enten det er ein eller tjue lær-lingar i ei bedrift. Vi er så små at vi har fylkes-dekkande utdanningar i nokrefag. Det seier seg sjølv at deifleste bedriftene må rekrutterefolk utanfrå heimkommunen.Det svekker ikkje berre lær-lingane og kvar einskildbedrift, men og heile fylketdersom industrien ikkje klarerå stå samla i eitt bransjekon-tor. Ei splitting gjev feil signalog kan lett føre til at akseptenfor dette viktige samarbeidetvert sett under press.PRO Opplæringskontoret vilhalde fram med å vere navetfor store og små industribe-drifter i fylket. Saman er visterke nok til å utvikle industri-en i Sogn og Fjordane vidare.Nokon set pris på jobb i heim-bygda. Andre ynskjer seg ut i

verda. Veldig mange har eindraum om Nordsjøen, om høgløn og lange friperiodar. Menverda stoppar ikkje på Gull -faks. Mange av bedriftene iSogn og Fjordane jobbar glo-balt.Ei løn å leve av er viktig. Menlike viktig er det å finnearbeidsoppgåvene meinings-fulle og interessante. Einarbeidsplass er der du er storedelar av livet. Då bør du tykkjeat det er ein bra plass å vere.Alt for mange elevar dropparut av vidaregåande. Ein avårsakene er dårleg yrkesrett-leiing. Vi trur at PTF - Prosjekttil fordjuping - kan bøte pådette fordi elevane på yrkes-fag får ein sjanse til å prøve utden vegen dei meir eller min-dre tilfeldig har hamna på. PRO Opplæringskontoret er tilstades for at lærling ogbedrift skal finne kvarandreog trivast i lag.

Jorunn Kirketeig og Bente Nesse

Samaner vi

sterke

- Kan PRO Opplæringskontoretvere med på å løyse fleire opp -

gåver enn dei kontoret har i dag?spør dagleg leiar Jorunn Kirketeig

og styreleiar Bente Nesse.

FramtidsPRO

2

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 2

Page 3: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

IndustrisnikkarFørste skuledag vart trettenelevar kasta ut i produksjonav kulissar til Opera Nord -fjord.

Denne hausten har Vg2Industriell møbelproduksjonmed Eid vgs endeleg fått fullklasse etter fleire tørkeår.Nordfjord og Sunnmøre er trearbeidsdistriktet framfornoko, og bedriftene skriketter fleire industrisnikkar -lærlingar.- Faget fengjer, seier kontakt-lærar Mari Janne Henden.Trearbeidsringen Nordfjordhadde ein kampanje i fjor,dessutan har elevar frå designog TIP nytta møbelverkstadenved skulen, og fatta interessefor faget som for mange erukjend.- Dei fleste vel det som erkjend, dei faga dei møter ikvardagen. Mange anar ikkjekor variert dette yrket er. Einindustrisnikkar produsererikkje berre møbel, men dørerog vindauge, trappar ogvåpenskjefte, bardiskar ogbåtinnreiingar - spennet erenormt, seier den entusiastis-ke læraren.Trappeprodusenten Hagen ASi Stryn er ei av bedriftene somhar vore heldige og fått einlærling.- Det har vore få kvalifisertesøkjarar innanfor industri -snikkarfaget dei siste åra, eghåpar det vert fleire framover,seier Jonny Ravnestad,ansvarleg for lærlingane i pro-duksjonen. Dette er ein bran-sje med mykje teknologi,design og produktutvikling. Ikonkurransen med lågkost-land er ein tvungen til å liggelangt framme på desse områ-da for å kunne konkurrere.Det betyr at bransjen trengflinke og kompetente folk forå sikre at ein i framtida ogsåskal sitje i førarsetet på utvik-ling, legg han til. Arbeidet på operascena erframleis ikkje ferdig, men ioktober kjem Madam Butter -fly garantert til å synge mel -

lom kulissane som Vg2 indu -striell møbelproduksjon harlaga.- Elevane mine har gjort einfantastisk jobb, det var ingenmjuk start på skuleåret, menalle har stått på og hatt detmoro, sjølv om det har vorelitt kaos, seier Mari JanneHenden.

IndustrimontørKva i all verda er ein industri-montør? Mange lurer på det,og det er ikkje så rart, for detgjer arbeidsgjevarane også.Ein industrimontør gjer mykjeav dei same tinga som einindustrimekanikar, begge fagaspring ut frå Vg2 Indu stri -tekno logi.Skilnaden er at ein industri-montør driv med meir testing,måling og dokumentasjon ogmindre med montering,maskinering og reparasjon.Men for å bli lærlingbedriftinnafor industrimekanikar -faget trengst mykje dyrtutstyr. Då er det enklare å tainn ein industrimontørlærling.Særleg for dei bedriftene som

leverer varer og teknisketenester til den ekspande-rande oljeindustrien er dettefaget brennaktuelt.Det er trong for fleire indu -strimontørar, og PRO ynskjerfleire at bedrifter kan ta innlærlingar i dette faget.

SalsfagetMange private og nokreoffentlege verksemder trengsalsfagarbeidar, du treng Vg2Sal, sørvis og tryggleik for åbli salsfagarbeidarlærling.Viktige arbeidsoppgåver ersjølvsagt å selje varer ogtenester, men også salsføre-buing og oppfølging, mark-nadsføring, kommunikasjonog inngåande kjennskap tildei produkta verksemda pro-duserer.Ein salsfagarbeider må vere,blid og høfleg, kunne ta ini -tiativ, arbeide kreativt, struk-turert og sjølvstendig, menogså i samarbeid med andre.God kommunikasjonsevne eravgjerande, det same er øko-nomisk sans og gode språk-kunnskapar.

Kontor og administrasjonEtter Vg2 Sal, sørvis og trygg -leik kan du også velje Kontor-og administrasjonsfaget. PRO- bedriftene treng også folk påkontora sine. Vanleg kontor-arbeid, IKT og økonomi erblant dei viktigaste oppgå-vene, aktuelle arbeidsstaderer private og offentlege verk-semder, bibliotek og informa-sjonssenter. Ein kontor- og administra-sjonsfagarbeider må kunnearbeide systematisk, rasjoneltog effektivt. Det er viktig medgod skriftlig og munnlegframstilling både i norsk ogframandspråk, og du måkunne yte god sørvis overforkundar.

Fire ferske PRO-fag

3

Elevar i interiør og utstillings -design Siv Faksnes Midtbø (t.v.)

og Sandra Sjåstad lagar kulissar til Opera Nordfjord.

Foto: Eid vidaregåande skule.

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 3

Page 4: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

PRO Opplæringskontoret har dennehausten gjennom ført ei kursrekkemed truck, kran, varmt arbeid og lift-kurs for lærlingar. Dette er kurs deividaregåande skulane burde arran-gere på Vg2, meiner PRO Opp lær ings -kontoret.

Markus Mulen kikar litt nervøs opp påkurskameraten i liften. Markus har snevav høgdeskrekk, men reknar med atdette skal gå bra likevel.Saman med nærare 20 andre er han iFørde for å få opplæring i mellom annalift. Ikkje alle skular gjev elevane dennenaudsynte opplæringa. Difor arrangererPRO Opplærings kontoret for andregong slike kurs for lærlingar. InstruktørJan Tore Hauge tykkjer det er ein fingjeng å jobbe i lag med.- Dei er kreative, nysgjerrige og enga-sjerte, seier han. Dei fleste er førsteårs-lærlingar.Så er turen komen til Markus, som er lær-ling ved Stryvo i Stryn. Han svever snarthøgt over Førde Camping, der elevanebåde bur og har delar av undervisninga.Kursa går over fire veker. Dei fleste lær-lingane tek to eller tre av faga, nokon tekalle saman. Dette er jo berre gøy.- Det er ein ting alle må passe på medalle liftar, kva er det? spør Jan Tore, somtil dagleg arbeider ved BIS i Årdal.- Dagleg kontroll?- Sikring?- Viktige ting det også. Men det aller vik-tigaste er at ein alltid skal ha ein personi nærleiken som kan naudsystemet, slik

at ein kjem seg ned att på fornuftig visdersom noko går gale, forklarer han oglegg brått til:- Og du - ikkje hopp ut av liften, du kanvrikke foten- Er du seriøs?Det er ein godmodig og ertande tonemellom elevar og instruktør. Men JanTore kan vere streng også.- Kan vi gå no?- Nei, alle skal vere her til alle har prøvd.Lærlingane kjem frå heile fylket, bur i lagpå campingen og vert godt kjende deidagane dei går på kurs. Nokre av dei harvore på Jølster og spela golf.- Kursa er lærerike, bra at dei er gratis,vi får lov å prøve ut ting meir her, vi vertbehandla meir som vaksne, er kom-mentarane rundt bordet på camping-plassen, der kursdeltakarane sit og ventar medan Jan Tore rettar teori -prøvane i varmebehandling. Endelegkjem han ut, ropar opp namna og gra-tulerer kvar enkelt. Alle har stått. Novert det varme arbeid i praksis, det vilseie slokking av brann.Campingturistane ser litt nervøse ut nårJan Tore tenner på øvingskaret. Ein etterein går elevane laus på flammane medskumapparat.- Kan vi gå no?- Nei, alle skal vere her til alle har prøvd.Basta.Sertifisert opplæring må gå gjennom eingodkjent in struk tør, medan dokumentertopplæring kan ein få i bedrifta. Alle PRO-lærlingar som treng det får desse kursa,som går over fire veker om hausten.

4

PRO gjer

jobben

Sverre Nilsen, lærling ved Ewosi Florø, er på liftkurs og siglarhøgt over kurskameratane.

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 4

Page 5: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

Bedriftene veit sjølv best kor skoen trykker ogkunnskapen manglar. Difor planlegg og arrange-rer PRO Opp lærings kontoret kurs saman medbedriftene.

Målet med kursa er å heve kompetansen og dermedgjere bedriftene meir konkurransedyktige. Det erdessutan motiverande for dei tilsette å ta fagbrev, ogdet er viktig for at bedrifta skal kunne halde påarbeidskrafta. PRO Opplæringskontoret plan legg kursa i nært samar-beid med medlemsbedriftene. Tema og tidspunkt eropp til bedriftene. Vi skaffar også læremateriell.Her er nokre døme på kurs PRO Opplæringskontoretarran gerer i 2012.

KjemiprosesskursHausten 2012 startar vi kjemiprosesskurs i Svelgenfor tilsette ved Elkem Bremanger som ikkje har fag-brev, men lang praksis i bedrifta, og for nytilsettemed ein annan bakgrunn enn kjemiprosessfaget. Vinyttar det nettbaserte kurset til Industriskulen. I til-legg vert det kursdagar med lærar på bedriftagjennom hausten og våren.

Industriell overflatebehandling i VikVik Ørsta startar denne hausten opp kurs for indu -striell overflatebehandling. Vi hjelper bedrifta med åfinne ut kven som er kvalifisert som praksiskandidateller bør starte som frivillig lærling. Gjennom haustenskal det vere faste kveldssamlingar, og til slutt vertdet trening i å løyse teorioppgåver.

LogistikkursPå nyåret arrangerer PRO Opplæringskontoret logi-stikkurs for praksiskandidatar og lærlingar medyrkesfagleg eller anna type bakgrunn. Dette vert eitkurs for gamlegutta og ungdomen ilag.Logistikkfaget vert meir og meir aktuelt, då varenestort sett er i flyt mellom råvareleverandør, produ-sent og kunde.

Instruktørkurs PRO Opplæringskontoret arrangerer instruktørkurs forfaglege leiarar, instruktørar og andre som jobbar medopplæring i bedriftene. Kurset legg vekt på korleis einskal instruere lærlingane og andre tilsette på ein måtesom gjer læresituasjonen positiv og utbyterik.Det er løypande påmelding til dette kurset, og PROOpp læringskontoret har som mål at alle som jobbarmed opplæring av lærlingane i bedriftene våre skalha instruktørkurs.

KURS13.08.2012Modul 1.1 og Truck T416.08.2012Lift17.08.2012Varme arbeid20.08.2012Modul 1.1 og Kran25.08.2012Lift27.08.2012Truck29.08.2012Varme arbeid30.08.2012Modul 1.1 og Truck03.09.2012Kran07.09.2012Lift30.08.2012Industriell overflate -behandling20.09.2012KjemiprosessDato kjem, følgwww.pro.sf.no Logistikk-kursInstruktør-kursDato kjem, følgwww.pro.sf.no Excel-kurs (ved stor nokinteresse)30.-31.oktober 2012Konferanse opplærings-leiingEngø Gård på Tjøme

UTVEKSLINGUtveksling KøbenhavnVår 2013, dato kjem påheimesida jan/feb. 2013Utveksling TysklandFrist å søke: 20. okt.2012Periode for utveksling:23. feb-23. mars

STUDIETURStudietur KøbenhavnHaust 2012, dato kjempå heimesida i oktober

AKTIVITETER02. november 2012KICK-OFF for alle lær -lingar til PRO i FørdeVinter 2013Lærlingtur til Hemsedalog Åre

Skreddarsyddekurs for vaksne

Instruktør Jan Tore Hauge (i midten i raud t-skjorte)

underviser lærlingar frå heilefylket i fire veker i Førde.

Foto: Marit Bendz

5

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 5

Page 6: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

Har du ein oppfinnar imagen kan fagskule verestaden å sleppe han ut. Toav dei beste studentbedrif-tene i Sogn og Fjordane2010-2011 kom nettopp fråFagskulen i Førde.

Heile 17 elevar har starta påmaskinteknikk i haust, ogmange av dei er tidlegare TIP-elevar. Dei treng ikkje vereredde for arbeidsløyse. Sist vårvart skulen nedringt av bedrif-ter som ynskja å tilsette deinyutdanna kandidatane. Næ -ringslivet veit at dette er solidefolk med praktisk erfaring.

Ingen tommeltottarI ei undersøking seier overhalvparten av bedriftene iSogn og Fjordane at det er likeaktuelt å tilsette ein fagteknik-kar i ingeniørstilling som einmed bachelorutdanning. - Ein grunn til at bedrifteneset så stor pris på elevane

våre er at dei ikkje har trongfor opplæring eller ei trainee-stilling, slik mange frå ingen-iørhøgskule har. Næringslivetvil ha folk med fagbrev, ogdet har våre elevar, seieravdelingsleiar Jetmund Rygg.Inntakskravet på Fagskulen erfagbrev eller minimum fem årmed relevant praksisEit anna resultat i under -søkinga, som Jetmund er littoverraska over, er at fagtekni-karane frå Fagskulen har sågod IKT-kompetanse.Ein av skilnadene på ei toårigfagskuleutdanning og tilsva-rande treårig høgskuleutdan-ning er tyngre matematikk(R1 og R2) og fysikk (F1), mendet kan fagskuleelvane likevelta som valfag. Bachelor ut dan -ning ved høgskule inneheld itillegg meir forsking.- Alt for mange droppar ut avVG2 på yrkesfag og tekpåbygg i staden. Dei ville hattstørre utbyte av fagbrev, mei-ner avdelingsleiaren. Det erstor trong for fagutdanna folk,det er dei næringslivet vil ha.

Ein av årsakene til fråfallet kanvere at handverk generelt harfått låg status, og det er for-ferdeleg dumt. Når ungdomgår ut med ein master fråNTNU manglar dei basiskunn-skapen i det dei har lært.- Skal du prosjektere eit huser det greitt å vite korleis tingskal snuast, smiler Jetmund.

Motiverte gutarDei fleste elevane vedFagskulen er mellom 20 og25 år, men elevmassen spen-ner frå dei som nettopp harteke fagbrevet til røyndekarar som Kjell HenningHolko på 48 år. Han er i ferdmed å omskolere seg frå las-tebilmekanikar til faglærar pågrunn av dårleg rygg.Kvifor valde dei tidlegare TIP-elevane i første klassen påmaskinlina Fagskulen? - Høgskulen er for jenter! Neida...- Fagskulen er meir yrkes -retta, det er godt med mykjepraksis før ein byggjer opp

den teoretiske forståinga,meiner industrimekanikarDan Shanker frå Svelgen.- Det gjev fridom til velje kvaein skal drive med i framtida,meiner landbruksmekanikarDan Inge Gjesdal, som i følgjedei andre er lei sure bøndersom kjem med øydelagd rei-skap midt i slåtten.Det er få jenter her, og ingen iførsteklasse maskinteknikk,litt keisamt, tykkjer dei. Menelles er dei nøgde så langt,skulen er oppdatert og læra-rane hyggjelege,Ei større undersøking NIFUhar gjort stadfestar biletet;åtte av ti fagskulestudentar ertilfredse med utdanninga si.

Attraktive TIP-elevar

med fagskule

6

Seks av dei 17 elevane som fyller dei opphavlege 10

plassane i førsteklasse påmaskinteknikklina.

Frå venstre; Erland Hestad Vie,Dan Shanker, Sigmund Henjum,

Dan Inge Gjesdal, HalvarAkselsen og Are Bruåsdal.

I bakgrunnen heng resultatet avei oppgåve i marknadsføring.

Foto: Marit Bendz

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 6

Page 7: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

7

Er du lærling i ei lita bedriftfår du god oppfølging.Røyrleggjarbedrifta R Ni -gards øy i Svelgen har åttetilsette og jobbar tett oppmot Elkem Bremanger.

- Vi har hatt fleire lærlingartidlegare innafor industrirør-leggjar- og VVS-rørleggarfa-get, fortel arbeidsleiar Gun -nar Styve. - Å vere lærling hos oss erinteressant og samtidig utfor-drande, sidan det er mangeulike ting vi arbeider med.Sjølv om vi er ei lita verk-semd, er vi svært allsidige ogarbeider innafor eit stortspekter, frå smelteomnar iprosessindustrien til kraftpro-duksjon og vassleidningar. Vihar oppdrag på land og tilsjøs, mellom anna har vi lagtein god del sjøleidningarrundt om i distriktet, til blantanna fiskeindustri, utslepps-leidningar og VA-anlegg.Dessutan arbeider vi mykjemed plastsveising av røyr ogbygging med plastkonstruk-sjonar for Elkem Silgrain, deranna materiale ikkje tåler detkorrosive miljøet.Men sjølv om den lokaleindustrien er ein stor kunde,har verksemda også oppdrag

for kommunen og privatper-sonar. Til dømes er dei i svingmed tolv husvære i eit nyttleilegheitskompleks iSvelgen.- Vi jobbar og med ein nypumpestasjon for ElkemBremanger, som skal forsynesmelteomnane med kjøle-vatn, fortel Gunnar.Ein lærling får god oppfølginghos R. Nigardsøy, slik at haneller ho skal bli dyktige arbei-darar og gjere jobbar åleineetter kvart både hos Elkem ogandre kundar

NY LÆRLINGBEDRIFT:

Røyr over ogunder vatn

FAKTA OM

RØRLEGGER RNIGARDSØY AS- Svelgen, Bremanger- Etablert i 1980- 8 fast tilsette + 1 lærling

i industrirøyrleggarfaget- Servar prosessindustri,

offentlege prosjekt ogprivathus

Industrirøyrleggjar Kjell ÅgeBueie og VVS-røyrleggjar

Svenn Runar Myklebust monterer vassverksdelar

i kum. Foto: Gunnar Styve.

- Men vi har ikkje kome til deitjukkaste kapitla i bøkeneenno, og Fagskulen er langt ifrå nokon kvileheim, slår deifast. Sjølv om dei ikkje fårlekse, forventar lærarane atalle skal kunne det stoffetsom er gjennomgått.- Etter mange år i jobb har vivald dette sjølv, det vert nokoanna enn på vidaregåande,seier Lavikdal.

Ulike vegarFagteknikarutdanninga er delti modular, og tek normalt toår. Ein kan plukke fag ogmodular over lengre tid der-som ein ynskjer å vere i fullteller delvis arbeid under stu-diet. Nokre bedrifter er såinteresserte i å oppgraderearbeidstakarane sine at deigjev dei fri med løn ein ellerfleire dagar i veka, slik at deikan ta vidareutdanning. Det

kan vere eitt eller fleire fag,anten på skulen, via Internetteller i ein kombinasjon.Kring halvparten av elevanegår attende til bedrifta deijobba i før skulen, og dersombedrifta betaler, bind du degtil å arbeide der ei viss tidetterpå. IndustrirøyrleggjarEr land Hestad Vie frå Stong -fjorden fekk tilbodet, menynskte ikkje å binde seg, hanvil vere fri til å ta andre jobbarnår han er ferdig. Søknaden til skulen har aukajamt og trutt dei seinare åra.I vår vart skuleleiinga ned-ringt av bedrifter som trongfolk, dei aller fleste somgjekk ut er allereie i jobb no,mange av avgangselevane ivår hadde fleire jobbar åvelje mellom.- Det gode med å haFagskulen i fylket er for detførste at mange tek fagutdan-ning som elles ikkje ville gjortdet. Det andre er at mangeblir verande i Sogn og Fjor -dane, seier Jetmund Rygg.

Vert fagskule-ingeniørSkulen har eit stort og velut-rusta maskinlaboratorium, ogmange nyttige oppfinningar erklekka ut her. Men førebels erdet stille, det er andreklas -singane som går laus her littlenger uti skuleåret for å tahovudprosjektet sitt.Ein som er uteksaminert fråteknisk fagskule har til no vorefagskuleteknikar, men om -grepa er under vurdering, ogJetmund reknar med at tittelenvert endra til fagskuleingeniør.Det er aktuelt å flytte Fag skulentil Concord eller Øyrane- om rådet for å kome nærareingeniørmiljøet som held tilder. Fagskulen er den største leve-randøren av personell medhøgare teknisk utdanning iSogn og Fjordane. Personelletved skulen utgjer dessutan eitav dei breiaste, om ikkje stør-ste, offentlege ingeniørmiljøa ifylket. Høgskulen i Sogn og Fjordanetilbyr berre ingeniørutdanninginnan automasjon og elkraftfag, Fagskulen er soleis einas-te tilbod om høgare utdanninginnan dei fleste tekniske fag ifylket.

FAGSKULEN

SOGN OG

FJORDANE

Fordjupingsområdetmaskinteknikk utdan-nar fagteknikarar somskal kunne ta ansvar forkonstruksjon og utviklingav produksjonsprosessar.Fordjupingsfaga tek forseg prosjekt- og kvalitets-styring, verkstadtekniskautomatisering, data -assistert konstruksjon(DAK) og tilverkings- ogkonstruksjonsteknikk.Faget opnar for ei rekkjejobbar innan landbasertindustri og offshore.Fullført utdanning kvalifi-serer til stillingar somdriftsassistent, rasjonali-seringsteknikar, driftsleiar,konstruktør, driftstekni-kar, vedlikehaldsteknikar,verksmeister, planleggjar,formann, kalkulatør, kon-trollteknikar og faglærar ividaregåande skule. Andrefag er automatisering,bygg, anlegg, elkraft, eldre -omsorg og psykisk helse.I tillegg har Fagskulen iMåløy skipsteknikk ognautisk line

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 7

Page 8: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

PTF; prosjekt til fordjupingeller prosjekt til forvirring?Det er i alle høve ein mjukstart på arbeidslivet

Nokre 16-åringar er målrettaog veit nøyaktig kva dei vilbli. Andre er meir i tvil, ogynskjer å vite meir om deiulike retningane innafor eitfagområde.Om du høyrer til den førsteeller siste kategorien; du skalkunne tilpasse dei to førsteåra på yrkesfag etter dette.Du kan velje fordjuping i detfaget du veit du vil satse på,eller du kan teste ut fleireulike fag, slik at det vert let-tare å bestemme seg forvegen vidare. Men tilbodet ersvært ulikt frå skule til skule.

Feil livsstilHenning Alrek trudde hanville bli maskinmann på båt,og gjekk Vg2 maritime fagved Måløy vgs. I løpet avskule året hadde han to vekersamanhengande praksis påbåt. - Eg fann ganske fort ut atdette ikkje var noko for meg,fortel han i dag. Likevel full-førte han Vg2 og fekk seg lær-lingplass på ein båt. Men hanhadde sine tvil - båtlivet varikkje hans stil, det å vereborte så lenge, ikkje ha fri ihelgane..... Etter ei veke sluttahan og byrja på Vg2 industri-teknologi ved Flora vgs, derhan også hadde teke Vg1.- Attende i Florø med eit nyttfag fauk karakterane i vêret.Eg fekk utplassering ved ITMpå Fjordbase og kjende atdette vart rett, seier Henning.I dag er han lærling på samebedrifta.- PTF er veldig bra. Ordningaer fleksibel, og du får ein for-smak på arbeidslivet. Det erbra å prøve å gjere det du hartenkt å gjere og finne ut omdet er rett.

Eit puslespelDet ligg gode intensjonar bakPTF, men ordninga er vanske-

leg å organisere. For det førsteskal timane gå opp på skulen,for det andre er ein avhengigav kva bedrifter som finst inærleiken. Både på Vg1 ogVg2 må ein ta omsyn til detlokale næringslivet og til res-sursane på kvar enkelt skule.Difor er PTF ulikt organisertfrå skule til skule.Enkelte skular arrangererbedriftsbesøk som ein intro-duksjon til dei ulike fagret-ningane, slik at elevane kansjå fagfolk i jobbkvardagen.Nokre bedrifter kjem også påbesøk på skulen for å forteljeom bedrifta si og presenteresine fag.Læreplanen opnar for lokal til-passing av tilbodet til ele-vane. Men samstundes skalelevane ha reelle val. Prosjekttil fordjuping på skulen skalvere praktisk på same måtesom i bedrift. På skular vilVg2-verkstader vere aktuellepraksisplassar for elevar påVg1.Eitt av måla med faget er åhindre fråfall i skulen. Elevanefår karakter i faget og eit ved-legg som syner gjennomgåttkompetansemål. Mange elevarfår lærekontrakt i samebedrift som dei har hattutplassering i.

Indre SognRektor Marta Sofie Vange vedSogndal vgs har gode erfa-ringar med PTF. Ho poeng -terer at det er avgjerande foreit godt resultat at læraranehar ei tett oppfølging av ele-vane. Men lærarane har ogsånytte av denne kontaktenmed bedriftene.- Vi har fått på plass godepartnarskapsavtalar medmange bedrifter i regionen,slik at elevane får prøve segpå dei områda dei er mestinteresserte. Etter haustferienhar Vg1-elevane ein dag iveka ute i bedrift, gjerne påheimplassen sin, medan Vg2-elevane har to dagar i veka iperiodar, fortel ho. Skulenbruker heile regionen, og harfaktisk hatt eit par elevar med

praksisplass på Mongstad. Deter ikkje mange som skiftarpraksisplass i løpet av året.- Det var mykje arbeid før vikom skikkeleg i gang medPTF, mange formalitetar rundtavtaler skulle på plass, menno har vi eit godt og ryddigsystem, seier rektoren. Godkontakt med næringslivet erviktig både for lærarar og elevar, og mange elevar fårlærlingkontrakt i partnar-skapsbedrifta si etterpå._ Ein del førsteklassingar veitikkje heilt kva dei vil. Å fåprøve seg i fag ute i ei bedriftgjer at dei er tryggare på valasine når dei kjem i andre klas-se, seier Marta Sofie.Sogndal vgs har fleire typarsamarbeid og partnarskaps-avtalar med det lokale næ -ringslivet. Felles er at bedrif-tene ikkje betaler noko, hellerikkje transport, det sørgjerskulen for.

Ytre SunnfjordVed Vg1 TIP på Flora vgs fårelevane tilbod om PTF, aktuel-le fag å hente kompetansemålfrå er køyrety, industrimeka-nikar, sveisefaget, CNC-faget,industrirøyrfaget og ikkjeminst; produksjonsteknikkfa-get. Dei same faga går att iVg2 industriteknologi, mendå med kring halvparten avtimetalet ute i bedrift.

- Lokalindustrien i Florø ogSvelgen har vore særs samar-beidsvillige til å delta i dettearbeidet, fortel MagneNordeide ved PRO Oppl -æringskontoret. For mangeelevar er dette ein mjuk startpå arbeidslivet. Faglærararhjelper til med å finne fag ogbedrifter som høver for kvareinskild elev, og reiser rundtpå oppfølging når eleven erute i bedrifta.- I dei fem åra eg har vore påFlora vgs har eg knapt fått neisom svar frå nokon når eg harringt eller reist rundt for åselje inn ein elev som trengbedriftsplass, seier Magne, såher har industrien verkelegstilt opp.Elevane i Florø har hattbedriftspraksis to dagar anna-kvar veke. Enkelte skular hargjerne ei veke samanheng-ande om hausten og ei omvåren, andre har to vekersamanhengande.- Det er vanleg å spare utplas-sering i bedriftene til VG2-året, då er elevane litt meirmodne. Vi må ikkje slite utbedriftene heller, smilerMagne.

8

Ein smak av arbeidslivet

Rektor Marta Sofie Vange vedSogndal vgs meiner PTF gjer ele-

vane tryggare på vala sine. Foto: Inge Kjell Holme.

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 8

Page 9: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

Nicolai Knutson frå Førde erden første logistikklær -lingen på ein skandinaviskHalliburton-base.

Han står på farten tilStavanger. Alle som får jobb iHalliburton, lærlingar inklu-dert, reiser på eit tre dagarsfelles introduksjonskurs vedhovudkontoret der. Slike kursvert arrangert kvar månad. Iden tredje lærlingveka harhan ikkje vore med på altenno, men å mikse kjemikali-ar tykkjer han er spennande.

Lager og produksjonHalliburton i Florø er ein base-stasjon som produserer ogleverer ulike kjemikaliar tilboreoperasjonar i Nordsjøen.Lager og logistikk på tvers avbasar og offshore er også einstørre del av drifta. I tilleggtek bedrifta i motavfallsvæske tilmellomlagring ogsender den vidaretil behandlingsan-legget som Halli -burton nett opp harkjøpt på Mongstad- Florø er den førsteavdelinga i Halli -burton Skandinaviasom har teke innein lærling i logi-stikkfaget, og visatsar på eit inntaktil neste år, fortelbaseleiar Odd EgilNes.Halliburton vartgrunn lagt i 1919og er blant dei største leveran dø -rane i verda av pro-dukt og tenester til energi bran sjen. Sel -skapet har over 70 000 tilsette irundt 80 land.

BindingstidArbeidsplassen tilNicolai ligg på

land, men opplæring påbasen gjev eit god grunnlagtil å gå offshore.- Med utdanning vidare etterfagbrevet, stiller du veldigsterkt, seier Odd Egil. Halli -burton kan dekke vidare ut -danning medan ein er i fulljobb, vel og merke forpliktarein seg då til å arbeide for deii tre år. Til dømes fekk denfagleg ansvarlege for lærling-ar ved basen dekka 75 pro-sent av utdanninga si vedLogistikkhøgskulen i Florø avHalliburton.Ein lærling som byrjar påbasen får del i svært mangegode rabattavtalar med tildømes treningsstudio. Omhan eller ho får sjansen til åhalde fram, har Halliburtonogså gode pensjons- og for-sikringsordningar.

Global bedriftHalliburton er ei global

bedrift der mykje kommuni-kasjon skjer på engelsk.Mange tilsette reiser utan-lands. Om ein har den retteinnstillinga og gode referan-sar, ligg heile verda open. Nicolai tok VG2 transportlo-gistikk ved Øyrane vgs fordilogistikk interesserer han. Detvar ikkje i første rekke høvet

til å få jobb ute iden store verdasom freista medbasestasjonen påBotnaneset.- Det kunne sjølv-sagt vore kjekt åreise litt også, meneg veit ikkje heiltkva eg skal gjereetter at eg har tekefagbrevet. Eg lurerpå å gå meir skule,vi får sjå, seier denferske lærlingen.Halliburton i Florøhar delt avdelinga itre område medkvar sine erfarnefagansvarlege. Deter desse tre somvert operasjoneltansvarlege for lær-lingen Nicolai deineste to åra.

LogistikklærlingNicolai Knutson fråFørde står trygt plan-ta på Halliburton-basen på Botnaneset iFlorø. Foto: Eivind NordvikHauge

9

NY LÆRLINGBEDRIFT:

Basedrift hos Halliburton

FAKTA OM

HALLIBURTON AS,AVDELING FLORØ- Lokalisert på FjordBase,

Botnaneset i Florø- Etablert i 2006- 20 fast tilsette + 1 lær-

ling i logistikkfaget- Produserer, mobiliserer

og mellomlagrar bore-væsker og avfallsvæs-ker til offshoreinstalla-sjonar. Lager og logi-stikkbase.

PARTNARSKAPS

AVTALAR

Partnarskap er eit gjen -sidig forpliktande samar-beid mellom bedrifter ogskular for å gje elevar ogstudentar større innsikt iarbeids- og næringslivs-spørsmål.Avtalen kan innehaldeulike pedagogiske opp-legg, som bedriftsbesøk,tema- og prosjektarbeidfor elevar, utplasserings-ordningar for elevar, hos-pitering for lærarar ogbedriftsrepresentant somkonsulent for elevbedrift.Både administrerandedirektør John G Bernanderi NHO og administrerandedirektør Sigrun Vågeng iKS meiner at samarbeidmellom skule og bedrift ersvært viktig. Det gjeldbåde ungdomsstaget ogvidaregåande. Det vertenklare for kvar einskildelev å velje rett når dei harstørre innsikt i kva somskjer på arbeidsplassane.KS og NHO kjem til å invi-tere til regionale konferan-sar om temaet dei nesteto skuleåra.Gjennom Partnerskapmellom skolen og bedrif-ten vår, får vi opplevelserog inntrykk av nærings -livet som ingen lærebokeller lærer kan gi oss.(Skuleelev Stian Larsen,Haraldsvang skole)Det var mykje reinare, ogdet stinka ikkje slik vihadde venta. Elevane LisaFørde, Trude Bratseth ogJens Eikeset ved Hauglandskule vart kvitt ein del for-dommar mot fiskerinæ-ringa då dei var på be -driftsbesøk. (Fjorde nes Ti -den de, 17.02.99)Partnerskap med Selbuungdomsskole har gitt enenestående sjanse til nær-kontaktmed potensiellfremtidig arbeidskraft. Ogelevene får oppleve at teorien på skolen har enpraktisk anvendelse.(Dagleg leiar Åge Kjeld -stad, Kjeldstad Sagbrukog Høvleri AS)

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 9

Page 10: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

10

Ein lærling hos AveryDennison NTP AS er med påå produsere Paris Saint-German-logoen på trøya tilZlatan Imbrahimovic.

Hugo Boss og Calvin Klein,Nike og Adidas, Real Madridog Manchester United står påden eksklusive kundelista tilNTP i Gaupne. Bedrifta erstørst i Noreg på produksjonav slike transfermerke (sjåfaktaboks). NTP utviklar kjemiog produksjonsplattformar tileit titals fabrikkar rundt om iverda, mellom anna i Kina,India, Tyrkia, Honduras, USAog El Salvador. Den eigenutvi-kla teknologien for lim- ogsleppmiddel er verdsleiandeog brukt over heile kloden.Desse råvarene vert produser-te i Gaupne.

LogistikklæreJørgen Grøneng er den førstePRO-lærlingen i NTP, menbedrifta vurderer fleire nesteår, både innafor produksjons-teknikk, kjemi og prosess, IKTog serigrafi. Jørgen er logi-stikklærling. Tid er viktig, sågod logistikk og god flyt ersvært viktig for verksemda.- Eg har vore her berre i toveker, og førebels berre fåtteit overblikk og sett kva deidriv med. Det ser ut til å vereeit greitt arbeidsmiljø, seierhan. Jørgen er frå Florø, mentrivst så godt i Sogn at hanhar slått seg ned i Luster medsambuar og son.Litt skeptisk er han til at detvert snakka så mykje engelsk,det er ikkje eit fag han er såglad i.- Men det vert sikkert betreetter kvart, trøystar han segmed. Øving gjer meister.

Ung stabNTP er ei ung bedrift, snitt -alderen er 36 år og det harvore opp i ti ulike nasjonalite-tar i fast jobb her. Sam stun desjobbar dei over heile verda.

- Det internasjonale klarte ålokke meg heim att fråBergen, fortel lustringen TomDyrdal, som er økonomi- ogpersonalsjef og fagleg ansvar-leg for logistikklærlingen.Han tykkjer det er spennandeat ei så global verksemd erlokalisert i vesle Gaupne.- Arbeidsspråket er stort settengelsk, kvar einaste dag harvi video- eller telefonkonfe-

ransar med folk frå alleverdsdelar. Det kjem dessu-tan mykje besøk til Gaupne,det er det unike, at vi er såglobale. Eit par gonger i årethar Avery Dennison samlingari Gaupne, der vi lærer oppnye tilsette frå heile verda. Itillegg er det til ei kvar tidfolk herifrå ute på ein avfabrikkane for opplæring ogsørvis. Avery Dennison harhovudkontor i Los Angeles,og er representert i over 60land med omlag 36.000 til-sette.- Det er ikkje negativt at vi erstørst på transfermerke iNoreg heller. NTP er ei solidbedrift med store overskot,dei tilsette her er trygge påjobben sin.

Allsidig Verksemda i Gaupne satsartungt på produktutvikling.Nærare ti prosent av dei til-sette jobbar med innovasjonog utvikling, det er også gan-ske særeige. Dessutan er NTP90 prosent sjølvhjelpne, medeige teknisk personale, IT-folk, elektrikar, programmerarog økonomar. Dei har til ogmed tilsett eigen fotograf.

Oskar Andersen dokumente-rer dei ulike tekniske prose-dyrane med foto og film imanualar utan tekst, for nårein er så internasjonale er detikkje opplagt at operatøraneforstår engelsk. Alle forstårbilete.Verksemda har utvikla tekno-logien sin til å bli blant deileiande i verda som totalleve-randør av transfermerke ogløysningar for merking avtekstilar. - Vi har ein arbeidsintensivproduksjon, og det er ikkjeråd å komma utom at Noreger eit land med høge løns-kostnadar samanlikna medkonkurrentane våre i utlan-det. Då må vi vere blant deifremste i verda på produksjon

og produktutvikling, under-strekar Tom. Hjørnesteinsverksemda i denvesle sognebygda er eigd avdet amerikanske konsernetAvery Dennison, som står påFortune 500, ei liste over dei500 største selskapa i USAetter brutto omsetting.Ved å ta læretida ved NTP vilein få ein solid plattform forvidare arbeidsliv – både iGaupne og i utlandet. Ellergjerne ein kombinasjon.

NY LÆRLINGBEDRIFT:

Globale GaupneFAKTA OM

AVERY DENNISON NTPAS, GAUPNE

- Gaupne, Luster kommu-ne i Sogn

- Starta opp i 1988 somNTP Gandrudbakken

- 107 tilsette + 1 lærling ilogistikkfaget

- Produserer transfermer-ke (Heat Transfer La bels):Logo eller motiv tryktpå polyesterfolie medeit limlag til slutt. Einkan overføre merket tiltekstilar ved hjelp av eivarmepresse.

Logistikklærling Jørgen Grønengog Aureja Urbanaviciute inspise-rer HD transfers som skal til eit

globalt salsmøte i USA. Foto: Oskar Andersen

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 10

Page 11: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

Vil du oppleve ein månadsom utvekslingslærling iLudwigshafen eller Munster?Send søknad innan 20. okto-ber.

Gjennom samarbeidet mel -lom BASF og PRO Opp læ -rings kon toret har mange lær-lingar hatt praksis på fabrik-kane i Tyskland dei siste 11åra. Dei fortel om ei opple-ving for livet. No kan vi gjenettopp deg ein månad prak-sis den tyske gigantbedrifta ifebruar/mars 2013, med alleutgifter betalt. Du får til ogmed ein slant lommepengar.

Internasjona-liseringNæringslivet i Sogn ogFjordane og landet elles vertstadig meir internasjonalt ogglobalt. Å vere utvekslings-elev er ikkje berre spennandeog lærerikt, det er nyttig å havore ute i verda og sett kor-leis industrien fungerer iandre land.BASF, Badische Anilin- undSoda-Fabrik, er det størstekjemiske konsernet i verda.Hovudbasen ligg i Ludwigs -

hafen am Rhein, ikkje langtfrå grensa til Frankrike. Byenhar kring 165 000 innbyggja-rar, og ligg ved Rhinen medbyen Mannheim på den andresida av elva. Den koselegebyen Munster nær Düsseldorfer eit anna alternativ.Det tyske selskapet vartgrunnlagt i 1865, og har idag fabrikkar og filialar i 80land i Europa, Asia og Nord-og Sør-Amerika. I 2011 haddeselskapet over 109 000 til-sette.

Dansk studieturEit anna tilbod, i første rekkeinnafor CNC-faget, er studie-tur til Teknisk fagskole iKøben havn. Både CNC-lær-lingar, instruktørar og faglegeleiarar kan melde seg på.Lærlingar i andre fag kan ogvere aktuelle dersom deivurdere å ta CNC som sittfagbrev 2. Gjennom EØS-midla erdet fram til 2016 settav 250 millionarkroner til utveks-ling av studentarog tilsette

mellom utdanningsinstitusjo-nar i Noreg og mottakarlanda.I tillegg til utveksling skalstøtta vere med på å styrkesamarbeidet over landegren-sene.Internasjonalt samarbeidinnan forsking og utdanninger høgt prioritert i Europa.Samarbeidet er også med påå gjere Noreg kjent som einkunnskapsnasjon og attrak-tiv samarbeidspartnar. Kunn -skapar og erfaringar vertutveksla og nettverk til gjen-sidig nytte vert bygd.

Dersom du ynskjer ådelta må du sende inn

søknad på e-post;[email protected] innan

20. oktober 2012. Ta kontakt om noko

er uklart.

Tysk industrikvardag

i fire veker

Lærlingar frå Sogn og Fjordane,Hordaland og Oslo på utvekslingved BASF i Ludwigshafen i 2012

saman med tyske utvekslings-lærlingar. Lengst til venstre kon-

taktperson ved BASF, OliverCzaika. Lengst til høgre er MalinSkeie, lærling i kontor- og admi-

nistrasjonsfaget ved PROOpplærings kontoret. Foto: Anders Igland

11

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 11

Page 12: PRO held kursMediebruket kontakt@mediebruket.no GRAFISK PRODUKSJON: Eko-Trykk AS, post@ekotrykk.no PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer eller har vald ei framtid innafor

Det norske yrkeslandslagethar aldri hatt deltakarar iprosess- eller mekaniske fagfrå Sogn og Fjordane. Det vilPRO Opplæringskontoretgjere noko med.

- Vi vil hjelpe deg til å delta iein lokal yrkeskonkurranse,og kanskje til å kome pålandslaget. Dersom du vil ogkan, seier dagleg leiar vedPRO, Jorunn Kirketeig.- PRO Opplæringskontoretynskjer å vere med å leggje tilrette for at våre lærlingar fårsjansen til å delta. Det er godmarknadsføring for bedrifteneogså, seier ho, og vonar å fåmed seg skular og næringsliv.

Høg standardPRO-kontoret var til Londonpå WorldSkills, eller Yrkes-VM,i 2011, det var også industri-mekanikarlærling Dan Shan ker,vel og merke som tilskodar.- Det var utruleg spennande,og vi fekk sjå imponerandemange flinke folk, seier han.Dei fleste var på hans alder,kring 20 år, men han er ikkjesikker på om han sjølv ville hadelteke.- Då måtte eg ha planlagt vel-dig, nei, eg trur eg heller vilvere ein ivrig tilskodar, det erkjekkare å sjå på, konkludererhan. Ein av dei han såg på varBernt Erlend Fridell frå Vik iSogn, som fekk ein bronse-medalje i klassa for elektrika-rar. Konditor Marie Bråstad fråKvammen i Askvoll deltokogså. Landslaget vert saman-sett av vinnarar frå NM. No vilPRO Opplæringskontoret gjer-ne stille opp for å få i gangyrkeskonkurransar for sinefag i Sogn og Fjordane også.

WorldSkills Norway er ein delav eit internasjonalt nettverkog deltek i planlegging avulike konkurransar innanyrkesfag. WorldSkills Norwayer med på å arrangere skule-konkurransar, noregsmeister-skap, EuroSkills ogWorldSkills.– Noreg treng mange fleiregode fagarbeidarar. Arbeidetrundt yrkeslandslaget ogWorldSkills set fokus på fag-og yrkesopplæringa på einpositiv måte, sa leiar forKyrkje-, utdannings- og for-skingskomiteen på Stortinget,Marianne Aasen, til World -Skills Norway då ho vitja års-møtet til organisasjonen i vår,og la til:– Vi følgjer gjerne idrettsutøva-rar og deira innsats for medal-jar. Det bør vere like naturleg åfølgje yrkesutøvarar i deirakonkurransar. Yrkes konkur -ransar skapar yrkesstolthet ogengasjement. Ikkje minst gjev

medaljane auka merksemd omyrkesfaga.

Meir engasjementAnnakvart år sender World -Skills Norway eit knippe nor-ske talent til Yrkes-EM ogYrkes-VM. - Vi arrangerer to typar NM;eit for skuleelevar og eit forlærlingar og unge fagarbeida-rar, fortel rådgjevar ToneBelsby i Norsk Industri. Ho erein viktig del av støtteappara-tet til WorldSkills Norway2012. Norsk Industri arrange-rer mellom anna skulekonkur-ranse i automatisering påLillestrøm i slutten av oktoberi år. Invitasjon vert sendtdirekte til skulane.Opplæringskontora får invita-sjon til konkurransane forlærlingar og unge fagarbeida-rar. Men skular og bedriftermå sjølv finne aktuelle kandi-datar, så dersom nokon har

lyst til å vere med, kan dei takontakt med skuleleiinga ellerPRO Opplæringskontoret.- Vi i WorldSkills Norway vertgjerne med å legge til rettefor skulekonkurransar ogpåmelding til lærling-NM,seier Tone. Neste WorldSkillsvert i Leipzig i juli 2013, no erdet innspurten til Yrkes-EM iBelgia og Yrkes-NM somgjeld. Då er det trening, tre-ning og atter trening somgjeld for kandidatane, mellomanna industrimekanikarlær-ling Adrian Forthun Olsen fråÅrdal. Men elles er det litenaktivitet på dette feltet i Sognog Fjordane. Både Belsby ogPRO Opplæringskontoret vonarpå meir engasjement.

Ta kontakt med PRO Opp -lærings kontoret eller ElisabethLange, leiar for WorldSkillsNorge, mail: [email protected]

Elektrikaran frå Sogn ogFjordane kom på 2. plass i World Skills, London, 2011.

Foto: Jorunn Kirketeig

I NESTE UTGÅVE:Sogn og Fjordane har fått sine første lær-lingar i industrimontørfaget. Lære -bedriftane er Swire Oilfield Service AS iFlorø, og TESS. Du får bli betre kjent meddei ferske lærlingane og fleire nye lær-lingbedrifter i neste utgåve av PRO Aktiv.

NY OG ENKLARE HEIMSIDE - WWW.PRO.SF.NOI løpet av hausten 2012 opnar vi den nye heimesida til PRO Opp læringskontoret.Målet vårt er at den skal vere enklare å forstå, meir moderne og med betre kvalitet på innhaldet. All informasjon både om nyheiter, kurs, bedrifter og fagskal du finne inne på heimesida til PRO. Heimesida vil difor vere nyttig både forelevar, skular, lærlingar og bedrifter. Vi har også laga ei gruppe på Facebook,som vert oppdatert så ofte som mogleg med både tekst og bilete.www.pro.sf.no

SØK PÅ OSS PÅ FACEBOOK – PRO OPPLÆRINGSKONTORET

Bli verdsmeister

Pro-aktiv-nr 2-2012_PRO AKTIV 26.09.12 09.14 Side 12