32
9. - 13. oktober www.litteratursymposiet.no

Program 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Program 2013

Citation preview

Page 1: Program 2013

9. - 13

. okto

be

r ww

w.litte

ratu

rsymp

osie

t.no

Page 2: Program 2013

9. - 13. oktober www.litteratursymposiet.no

ODDA KOMMUNE�

Page 3: Program 2013

Festivalleiing:

Marit Eikemo, festivalleiar

Ingvild Ystanes, festivalkoordinator

Else Marie Sandal, biblioteksjef,

konst. kultursjef. Programansvarlig

for barn og unge

Nina Kongtorp, kultursjef i permisjon

og symposievenn

Blueslaget Lokst Utøve, teknisk ansvarlig

Billettar:• Tenestetorget i Odda

• www.litteratursymposiet.no

• I døra 30 min. før arrangementstart.

Unorsk i Odda

Kjære symposievenner. Årets tema er unorsk. Det rommar både geografiske og språklige, men også kvalitative, verdimessige og moralske spørsmål. At noko er unorsk er nokre gonger bra, andre gonger ikkje. Ein internasjonal restaurant er vel bra? Men kva med norsk litteratur? Er det ein kvalitet eller ein mangel ved bøker som handlar om oss sjølv og vår eiga steinrøys? Det unorske rører ved ei rekke tema frå litteraturen og samfunnsdebatten, ikkje minst om motsetnaden: Kva er det norske? Viss Lars Myttings kioskveltar Hel ved representerer oss og våre verdiar, korleis kan vi forklare bokas inter-nasjonale suksess?

Forholdet mellom det norske og det unorske er også eit spørsmål om nasjonal identitet, om å flytte og komme heim. Det handlar om slekt og røter, og det er ikkje minst eit tema i dei litterære reisene. Kanskje er det norske først og fremst å finne i sjølve språket? Men kor norsk er eigentlig norsk? Og kva med dei som ikkje kan snakke? Korleis kan vi, som i Syng ja av Lars Amund Vaage, forstå dei som ikkje let seg forstå?

Det unorske er også litteratur som blir omsett til andre språk. Kva slags Odda er det lesarane møter i den tyske, bosniske og kinesiske utgåva av Frode Gryt-tens Bikubesong?

Kom til Symposiet sjølv, så får de sjå og høre, g jennom debattar, opplesingar, seminar, samtalar, byvandringar og konsertar. I fem heile dagar fyller vi gatene og romma i Odda med litteratur - slik vi har g jort det sidan 2002.

Vi ser fram til å sjå dykk!

Marit Eikemo, Leiar for Litteratursymposiet i Odda.

Page 4: Program 2013

A

J

S

EB

I

GN

FC

L

O

P

4 5

Page 5: Program 2013

R

D

I Q

H

K

M

Bikubegang 1 M U R B O L I G E N 2 F O L G E F O N N G A T A 3 F R E L S E S A R M E E N 4 B A R N E S K U L E N 5 P L A T E S J A P P A 6 F LY T E B R Y G G A 7 T O R G E T 8 B U S S T A S J O N E N 9 A L M E R K E P A R K E N1 0 G Å G A T A1 1 M E R C U R C A F É1 2 S K R E V E T1 3 D O M U S1 4 S M E LT A R E N1 5 H A R D A N G E R H O T E L1 6 R Å D H U S E T / B I B L I O T E K E T1 7 K I N O E N1 8 O P O1 9 E R R A F L O T2 0 T Y S S E D A L S V E G E N2 1 L I N D E H U S E T2 2 S M E LT E H U S E T2 3 H J Ø L L O2 4 R Ø L D A L S V E G E N

LitteratursymposietA L I N D E H U S E TB H A R D A N G E R H O T E LC M E I E R I E TD K I N O S A L E NE O D D A K Y R K J EF S M E LT C A F ÉG S E N T R A L B A D E T L I T T E R A T U R H U SH O D D A B I B L I O T E KI M U R B O L I G E N ( S T A R T B I K U B E G A N G )J I R I S S C E N EK N L IL K I N S A R V I K B I B L I O T E KM K A L V A T R Æ E TN N I T R O G E N A N L E G G E TO Z A N ZP O D D A V I T E N S E N T E RQ I D R E T T S M U S E E T , F O L G E F O N N G A T AR O D D A E N E R G IS E S P E L A N D D A M E

F E S T I V A L K O N T O R

4 5

Page 6: Program 2013

ONSDAG 9. OKTOBER10:00 Meieriet Symposieseminaret. Arne Olav Nygard, Bjørn Ingvaldsen, Guri Fjeldberg, Åshild Kanstad Johnsen, Dag Skarstein. 500,-16:00 Smelt Opning av Symposieutstillinga “KAJO-landskap”. Åshild og Mari Kanstad Johnsen. gratis 17:00 Sentralbadet Språka i smeltegrytene. Språkforskar Helene Hildremyr og Randi Netland i samtale om dialekter på industristader. 100,-18:00 Nitrogenanl. Opning av utstilling: Hans Rosenström19:00 Lindehuset Litterær kraftstasjon. Symposiets opningsforestilling med musikk, taler, teater og overraskelser. Frode Grytten, Erlend O. Nødtvedt, Mari Kvien Brunvoll m.fl. 250,-21:30 Iris scene Nye Oddastemmer. Paal Elstad, Fredrik Stenhjem Hagen. Programvert: Lars Ove Seljestad. The Limestone Cowboys. Konsert med Synergy ( jazz). 100,- 22:00 Hard. hotel Dj Lundski. Gratis

TORSDAG 10. OKTOBER 11:30 Meieriet Ordbok for underklassen. V/Arne Klyve og Jon Severud. Senioruniversitetet. Bill. i døra12:00 Sentralbadet Fabrikkdiktaren. Bokprat med Lars Ove Seljestad v/ Henning H. Bergsvåg. 50,- 13:00 Sentralbadet Steinrøysa nedi bakken. Erik Fosnes Hansen, Frode Grytten, Agnes Ravatn. 100,-14:00 Sentralbadet Møte med Marie Lundquist og Steinar Opstad Programvert: Henning H. Bergsvåg. 50,-15:00 Biblioteket Odda translated. Bekim Sejranovic, Ina Kronenberger, Frode Grytten. Ordstyrar: Pedro Carmona-Alvarez. 100,- 16:00 Biblioteket Unorsk på norsk. Helene Uri og Sylfest Lomheim i samtale. 100,-16:00 Sentralbadet Rom i Odda: Ekskursjon inn i filosofien. 50,-17:00 Iris scene Hel ved. Ein samtale om ved og verdiar. Lars Mytting i samtale med Agnes Ravatn. 50,-18:00 Odda kyrkje Enke-Enke. Bestillingsverk med Cecilie Løveid og Mari Kvien Brunvoll. 150,- 19:30 Hard. hotel Bokprat med Helene Uri v/Anne Oterholm. 50,-20:30 Hard. hotel Kulinariske Odda. Essay ved Erik Fosnes Hansen. 100,- 22:00 Lindehuset Nebraska/Norge. Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez m.fl. 150,-22:00 Hard. hotel DJ Charlotte Myrbråten snurrer plater i hotellbaren. gratis

FREDAG 11. OKTOBER 11:00 NLI Bedriftsbesøk.* Sylfest Lomheim. 11:00 Odda Energi Bedriftsbesøk.* Lars Mytting.11:00 Odda Kommune Bedriftsbesøk.* Ordbok for underklassen.11:00 Sentralbadet Bedriftsbesøk.* Voksenopplæringa: Bekim Sejranovic11:00 Zanz Bedriftsbesøk.* Cecilie Løveid.11:00 Espeland dame Bedriftsbesøk.* Ingelin Røssland.12:00 Biblioteket Rapport frå likestillingslandet. Hilde Danielsen, Olaug Nilssen og Linn Stalsberg. Ordstyrar: Charlotte Myrbråten. 100,-14:00 Biblioteket Internasjonal suksess. Lars Mytting, Åshild Kanstad Johnsen, Nikolaj Frobenius, Erik Fosnes Hansen. 100,-14:00 Murboligen Bikubesalong. Frode Grytten, Erlend Loe og Hanne Ørstavik. 200,-15:00 Biblioteket Kem trur du at du er? Helene Uri og Dag Solstad i samtale om slektsforsking. Ordstyrar: Erlend O. Nødtvedt. 100,-

6 7

Page 7: Program 2013

16:00 Odda vitens. Smelteverket rundt på 100 minutt. (start) Lars Ove Seljestad og Terje Kollbotn. gratis16:00 Sentralbadet Vareopptelling med Erlend Loe. 100,-17:00 Sentralbadet Arbeid pågår. Anne Oterholm, Lars Mytting, Marit Eikemo, Rønnaug Kleiva. 50,- 17:45 Sentralbadet Pisspreik. (Bak Sentralbadet)18:00 Nitrogenanl. Rom i Odda: Ei kvinne i sola. 50,- 18:00 Sentralbadet Skrivekunstakademiet. Møt årets studentar og lærarane. 50,-19:00 Lindehuset Litterær heilaften. Agnes Ravatn, Hanne Ørstavik, Nikolaj Frobenius, Erlend Loe, Synergy. Bokprat med Dag Solstad v/Alf van der Hagen. 250,-20:30 Hard. hotel Fotballfredag. Landskamp og fotballdebatt. Davy Wathne, Frode Grytten, Agnes Ravatn, Håkon Opdal og Dag Solstad. 200,-

LAURDAG 12. OKTOBER 11:00 Meieriet SmåSymp. Åshild Kanstad Johnsen, Rune Belsvik. 150,-/75,- 11:00 Idrettsmuseet Grytten på museum. Frode Grytten les og fortel frå Folgefonngata oppveksten i Odda, sett frå eit idretts- og fotballperspektiv. Gratis12:00 Sentralbadet Bokprat med Agnes Ravatn v/Alf van der Hagen. 50,-12:00 Hard. hotel Møte med Rønnaug Kleiva v/Olaug Nilssen. 50,-13:00 Sentralbadet Flyttesamtalar. Cecilie Løveid, Pedro Carmona-Alvarez, Bekim Sejranovic. 100,-13:00 Hard. hotel Jazz og lyrikk. Quest møter Lars Amund Vaage 100,-14:00 Lindehuset MagiSymp med Radek Makar, tryllekunstner. 50,- /100,-14:00 Hard. hotel Kvinner som reiser, kvinner som skriv. Rønnaug Kleiva, Anne Oterholm, Hanne Ørstavik. 100,- 14:00 Sentralbadet Sentralbadet poesi. Cecilie Løveid, Henning H. Bergsvåg, Pedro Carmona-Alvarez. 50,-14:00 Kinsarvik bibl. Eg er Lisa. Barneforestilling med musikk og dans. Gratis.14:45 Sentralbadet Pisspreik (Bak Sentralbadet). 15:00 Murboligen Bikubegang med Frode Grytten. Musikk ved Pedro Carmona-Alvarez. Gratis.15:00 Iris scene Gje meg en B! – Brannkviss med Davy Wathne. 50,-16:00 Hard. hotel Bergeners. Tomas Espedal, Henning H. Bergsvåg, Erlend O.Nødtvedt og Cecilie Løveid i samtale med Alf van der Hagen, om Tomas Espedals nye roman. 100,-17:00 Smelt kafé Rom i Odda: Hus i skumringen. Gratis18:00 Lindehuset Full Clash. Frode Grytten med band. 200,-20:00 Kinosalen Festforestillinga Urnorsk-unorsk-oddisk. Karl Seglem akustiske kvartett, Odda Musikklag, Frode Grytten, lokale band, Radek Makar. Konferansier: Sven Olaf Brekke. 250,- 22:00 Hard. hotel Sølvsuper spelar til dans. 150,-

SØNDAG 13. OKTOBER 12:00 Sentralbadet Språklaus. Lars Amund Vaage og Olaug Nilssen i samtale. 50,-13:00 Sentralbadet Jazz og poesi. Karl Seglem trio, Ann Kavli og Lars Ove Seljestad. 100,-14:00 Kalvatræet Opplesing ved Agnes Ravatn og konsert ved Arild Helleland Gratis. i Røldal

* alle bedriftsbesøk fredag kl. 11:00 er opne

6 7

Page 8: Program 2013

88

Litterær kraftstasjon

Vi opnar haustens vakraste eventyr med Litterær kraftstasjon. Nokre av våre finaste forfattarar og musikarar møtes i skjerings-punktet mellom det seremoni-elle, det humor-istiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratur-symposium i Odda..Poeten Erlend O. Nødtvedt kastar glans over årets tema med bestillingsteksten Unorsk.

Tyssedalkoret, Teatergruppa Plastic fantastic, Oddingen Helge Olsen, Mari Kvien Brunvoll, Frode Grytten, Erik Fosnes Hansen. Steinar Opstad og Marie Lundquist med fleire står på programmet denne kvelden i Lindehuset.

Det blir talar og helsingar og utdeling av årets Melsompris.

Onsdag kl. 19.00 i Lindehuset

Rom ved havet. Rom i byen. Plakatfoto Fo

to: M

arc

el L

elië

nh

of

Fo

to: T

oru

nn

N. M

om

tazi

Page 9: Program 2013

99

Litterær kraftstasjon

Fo

to: T

ho

ma

s W

åg

strö

m

Fo

to: P

aa

l Au

de

sta

d

Fo

to: Å

se H

olt

e

Page 10: Program 2013

10 11

ONSDAG KL. 10.00 / MEIERIET KULTURHUSSYMPOSIESEMINARET: FRÅ BOK TIL BRETTSymposiets fagleg-pedagogiske seminar tar i år for seg mogelegheiter, utfordringar og dilemma knytt til den digitale utviklinga.Arne Olav Nygard, Universitetet i Stavanger, Guri Fjeldberg, litteraturvitar og barne-bokkritikar, Åshild Kanstad Johnsen, forfattar, illustratør og biletkunstnar, Bjørn Ingvaldsen, forfattar og leiar for NBU, og Dag Skarstein, forskar.

ONSDAG KL. 16.00 / SMELTOPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA: “KAJO-LANDSKAP”Åshild og Mari Kanstad Johansen er søstre, illustratørar, forfattarar og biletkunst-narar frå Bergen. Til tross for store ulikskapar i uttrykk, har dei ein felles fascinasjon for landskap. Element frå naturen blir sett saman på nye måtar, og slik oppstår dei unike universa som er karakteristiske for både Åshild og Mari sine arbeid. Her kan for-teljingar starte, her får historiene eit eige fristilt rom å leva i.

Page 11: Program 2013

10 11

Fo

to: R

en

ate

Esp

e A

ase

ONSDAG KL. 18.00 / NITROGENANLEGGETOPNING AV UTSTILLING: HANS ROSENSTRÖMInstallasjon, i samarbeid med VOLT.

ONSDAG KL. 17.00 / SENTRALBADETSPRÅKA I SMELTEGRYTENESpråkforskarane Helene Hildremyr og Randi Netland forskar på talemålet i dei store industristadane Odda, Tyssedal, Årdal og Sauda. Korleis har dei gått fram – og kva funn har dei g jort? Ordstyrar: Marit Eikemo

ONSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSETLITTERÆR KRAFTSTASJON Tradisjonsrik og storslått opningsforestilling i symposiets storstove, Lindehuset. Ei blanding av seremonielle, humoristiske og kunstnarleg nyskapande innslag.Sjå eige oppslag s. 8 - 9

ONSDAG KL. 21.30 / IRIS SCENENYE ODDASTEMMERLike sikkert som det rasar steinar og snø nedover fjellsidene, dukkar det opp nye for-fattarar frå Odda. Lars Ove Seljestad presenterer nye oddastemmer: Paal Elstadog Fredrik Stenhjem Hagen.The Limestone Cowboys gir oss rytmisk industripoesi-musikk: Lars Ove Seljestad (vokal) og Øyvind Salvesen Tømmernes (orgel/elpiano). Etterpå blir det jazzkonsert med Synergy.

ONSDAG KL. 22.00 / HARDANGER HOTELDJ Lundski

Page 12: Program 2013

Sm

åS

ympLaurdag kl. 11.00 / Meieriet kulturhus

SMÅSYMPTil vårt yngste publikum presenterer vi det beste frå to ulike generasjonar: Åshild Kanstad Johnsen har skrive dei fantastiske og nydelig illustrerte bøkene om den vesle vedkubben Kubbe, som no går verda rundt. Rune Belsvik har lenge vore ein av landets mest elska barne- og ungdomsbokforfattarar, med klassikarane om til dømes Dustefjerten og Verdas mest forelska par, har han for lengst skrive seg inn i den litterære kanon for barn og unge.

Laurdag kl. 14.00 / Kinsarvik bibliotekEG ER LISA, EG ER FIN “ Eg er Lisa, eg er fin i den nye kjolen min,” syng Lisa. Ho er på veg til skulen. Saman med dansaren Magdalena From Delis har Atle Hansen laga den vesle førestellinga om Lisa, som inneheld både dikt og dans, song og leik med ord og rytmar.

Laurdag kl. 14.00 / NitrogenanleggetMAGISYMP Familieunderholdning med tryllekunstnaren Radek Makar.

Skole- og barnehagebesøkElevar og barnehagebarn i Odda og Ullensvang får besøk av tetsjiktet blant barne- og ungdomsfor-fattarar: Ingelin Røssland, Rune Belsvik, Endre Lund Eriksen, Bjørn Ingvaldsen, Magnhild Bruheim, Anna Folkestad, Øyvind Kvalnes, Mari Kanstad Johnsen, Åshild Kanstad Johnsen, Helene Uri, Liv Eirill Evensen, Ingelin Røssland og Erlend O. Nødtvedt og Atle Hansen.

For fullstendig skoleprogram: www.litteratursymposiet.no

12

Page 13: Program 2013

Rom i OddaFrode Gryttens Rom ved havet, rom i byen er eit resultat av møte med

Edward Hoppers måleri. Sårbar intimitet, fastfrosne relasjonar, fortviling,

galskap og refleksjon over kjærleiken møter oss i novellene ”Ei kvinne i sola”,

”Hus i skumringen” og ”Ekskursjon inn i filosofien”. Måleri har blitt til novelle og

novelle har blitt til teater i Plastic Fantastic sitt scenespråk. Litteratursym-

posiet har invitert teatergruppa til Odda for å iscenesette Frode Gryttens

tekstar i nokre av Odda sine rom.

Torsdag kl. 16.00 / Sentralbadet litteraturhuset /

Ekskursjon inn i filosofien

Fredag kl. 18.00 / Nitrogenanlegget / Ei kvinne i sola

Laurdag kl. 17.00 / Smelt kafe / Hus i skumringen

13

Page 14: Program 2013

14

Foto: Aschehoug

TORSDAG KL. 11.30 / MEIERIET KULTURHUSORDBOK FOR UNDERKLASSEN SenioruniversitetetDet var eit heilt naturlig val å invitere forfattarane av Ordbok for underklassen til Odda. Arne Klyve og Jon Severud slår tilbake mot byråkratispråk og nyord frå nærings livet. Etter å ha møtt dei i Odda, kan du sjølv avsløre dei språklige hersketeknikkane som bedriftsøkonomien og New Public Management har innført på arbeidsplassen din.

TORSDAG KL. 12.00 / SENTRALBADETFABRIKKDIKTAREN «Mine kjensler er i Fabrikken støypt. Av stein og eld er mine kjensler smidd», skriv Lars Ove Seljestad i den siste boka si, det episke langdiktet Storspring: Fabrikkdikt, som også er eit rekviem over Odda Smelteverk.Møt Lars Ove Seljestad i samtale med Henning H. Bergsvåg.

TORSDAG KL. 13.00 / SENTRALBADETSTEINRØYSA NEDI BAKKEN Erik Fosnes Hansen spør om norsk litteratur ofte blir for norsk? Skriv norske for-fattarar først og fremst om seg sjølv og det norske, utan eit europeisk eller globale perspektiv som kan gi litteraturen internasjonal relevans?Agnes Ravatn og Frode Grytten deltar i den påfølg jande diskusjonen.

Page 15: Program 2013

15

Fo

to: T

ho

ma

s W

åg

strö

m

Fo

to: T

oru

nn

N. M

om

tazi

Fo

to: A

rhiv

a N

L

Fo

to: A

rhiv

a N

L

Fo

to: P

aa

l Au

de

sta

d

Fo

to: N

ina

Ka

mm

ers

ten

TORSDAG KL. 14.00 / SENTRALBADETMØTE MED STEINAR OPSTAD OG MARIE LUNDQUISTI fjor blei eit utval av Steinar Opstad sine dikt omsett til svensk av forfattaren og omsettaren Marie Lundquist. Begge kjem til Litteratursymposiet i Odda med kvar si bok av året, høvesvis diktsamlinga Å, høye dag og romanen Så länge jag kan minnas har jag varit ensam.Henning H. Bergsvåg vil introdusere og samtale med forfattarane i dette unike møte mellom to av Nordens finaste forfattarar, om samarbeidet mellom dei, om omsetting, poesi og romanskriving.

TORSDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKETODDA TRANSLATEDFrode Gryttens Bikubesong er omsett til ei rekke språk, mellom anna til bosnisk og tysk. Kva slags Odda får lesarane møte etter Ina Kronenbergers og Bekim Sejranovic’ nitidige omsettingsarbeid? Frode Grytten deltar i samtalen med sine omsettarar og deler nokre av sine erfaringar med å få bøkene sine omsett til andre språk. Finst det til dømes eit godt kinesisk ord for Fittetjuven?Pedro Carmona-Alvarez er ordstyrar.

TORSDAG KL. 16.00 / BIBLIOTEKETUNORSK PÅ NORSKDet norske språket er ein av dei sterkaste indikatorane på det norske. Men kor norsk er det, eigentlig? Samtale med Helene Uri og Sylfest Lomheim. Gry Folkvord er ordstyrar.

Page 16: Program 2013

Illu

stra

sjo

n: N

hu

Die

p

16 17

Enke◊EnkeKanskje Dorothe Engelbretsdatter vil synge, ikke bare spise gråt?

Silhuetten er det viktigste ved drakten. Kanskje silhuetten er det viktigste ved personen.

Halve kirken kunne være fylt med silhuetten av Dorothe. Mindre og mindre bakover.

Jeg ser på Dorothe som en karamell. Som skal smelte veeeeldig langsomt på tungen. Smelter veeeeeeeldig langsomt på tonen. Jeg visste bare om gråten som var hennes spise, ikke grøten, jeg hadde hørt om om rosene hennes, som fikk en merkelig fasong når blomsten falt. Skyer og dager som går bort og blir netter svarte og ny diing av gråt. Nå får vi se. Muligheten for at denne kirkefolketonen av en gråtekone kan bli en karamell søt og god, hvor stor er den?

Med Mari Kvien Brunvoll tar vi kjempesteg.

Silhuetten er det viktigste ved drakten.

Cecilie Løveid

Page 17: Program 2013

16 17

Enke◊Enke

Fo

to: Å

se H

olt

e

Foto: Søren Bruun

Bestillingsverk omDorothe Engelbretsdatter medCecilie Løveid og Mari Kvien Brunvoll.

Torsdag kl. 18.00 / Odda kyrkjeEit samarbeid mellom Litteratursymposiet og Odda Kyrkje.

Page 18: Program 2013

18 19

Fo

to: N

ina

Ka

mm

ers

ten

Fo

to: E

rik

Lin

dh

olm

Ha

nse

nTORSDAG KL. 16.00 / SENTRALBADET ROM I ODDA: EKSKURSJON INN I FILOSOFIENSjå eige oppslag s. 13

TORSDAG KL. 17.00 / IRIS SCENEHEIL VEDEin samtale om ved og verdiarMøt mannen bak fenomenet Hel ved. Lars Mytting i samtale med Agnes Ravatn.

TORSDAG KL. 18.00 / ODDA KYRKJEENKE◊ENKE (BESTILLINGSVERK)Litteratursymposiet presenterer stolt eit nytt og unikt samarbeid mellom to av våre fremste kunstnarar: poeten og dramtikaren Cecilie Løveid og elektronikamusikaren Mari Kvien Brunvoll. Dei kjem frå kvar sin generasjon med kvar si tilnærming til den store salmediktaren frå barokkens Bergen - Norges første kvinnelige forfattar: Dorothe Engelbretsdatter. Sjå eige oppslag s. 16

TORSDAG KL. 19.30 / HARDANGER HOTELBOKPRAT MED HELENE URI28. april 2012 dør Helene Uris mor etter å ha vore alvorlig sjuk i mange år. Det viser seg då at Uri sin oldefar var av samisk opphav. Uri reiser til Finnmark for å nøste opp i si eiga historie. Parallelt fortel ho historia om den fiktive språkforskaren Ellinor som reiser til same stad for å forske på språkdød.Møt Helene Uri i samtale med Anne Oterholm om sin siste roman, Rydde ut.

Page 19: Program 2013

18 19

Fo

to: M

arc

elL

elië

nh

of

Fo

to: H

elg

e S

kod

vin

TORSDAG KL. 20.30 / HARDANGER HOTELKULINARISKE ODDAErik Fosnes Hansen er ikkje bare kjent som internasjonal suksessforfattar. Han har også skapt ein del kontroverser som restaurantmeldar i VG. Vi ønsker Erik Fosnes Hansen velkommen til Odda, og sender han ut på restaurantvandring i vår vesle by. Hans dom over det kulinariske Odda får vi i dette essayet.

TORSDAG KL. 22.00 / LINDEHUSETNEBRASKA/NORGENebraska-albumet til Bruce Springsteen er hans mørkaste, fullt av seriemordarar, gamblarar, krigsveteranar, trulause ektemenn og arbeidslause på drift. Pedro Car-mona Alvarez og Frode Grytten tar Nebraska med ut på norske vegar, for å sjå om ein kan finne ig jen karakterane i Norge anno 2012.Det blir ein musikalsk og tekstlig utflukt som også hyller ein av vår tids fremste låtskrivarar.Med: Frode Grytten (røyst), Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar), Annlaug Børsheim (song, gitar, fele), Odd Erik Fostervoll. (song, gitar)

TORSDAG KL. 22.00 / HARDANGER HOTELDJCharlotte Myrbråten snurrer plater i hotellbaren

Page 20: Program 2013

Ful

l Cla

shRevolusjonsrock! Ein tilstand av

sjokk! The Clash ville vere røysta til

ein heil generasjon, dei ville endre

verda, dei gløda i fem-seks år, så

brann dei ned. Men arven deira er

vital og veksande. No i 2013 er det lett

å sjå at The Clash var eit band som

påverka korleis folk tenkte og som

på briljant vis skapte sjølve lyden av

endring. Først og fremst var dei eit

fantastisk band med ei rad klassiske

songar som fusjonerte kvit støy med

svart reggae, ska, dub, funk, hiphop.

Frode Gryttens roman i haust, Brenn

huset ned, fortel ei poetisk historie

om bandet.

Laurdagen i Lindehuset får Clash-

songane klinge fritt. Saman med

Pedro Carmona-Alvarez og fullt band

vil Grytten gå over songane på ny og

vri dei i si retning.

Full fyr i teltet! Full Clash!

Innleiingsvis vil Henning H. Bergsvåg

samtale med Frode Grytten.

Medverkande

Frode Grytten (røyst)

Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)

Michael Barnes (saksofon, fløyte,

perkusjon)

Ivar Thormodsæter (trommer)

Ole Amund Gjersvik (bass)

Einar Sogstad (orgel, piano)

Laurdag kl. 18.0

0 i Lindehuset

Photo: Pennie Smith 20

Page 21: Program 2013

Revolusjonsrock! Ein tilstand av

sjokk! The Clash ville vere røysta til

ein heil generasjon, dei ville endre

verda, dei gløda i fem-seks år, så

brann dei ned. Men arven deira er

vital og veksande. No i 2013 er det lett

å sjå at The Clash var eit band som

påverka korleis folk tenkte og som

på briljant vis skapte sjølve lyden av

endring. Først og fremst var dei eit

fantastisk band med ei rad klassiske

songar som fusjonerte kvit støy med

svart reggae, ska, dub, funk, hiphop.

Frode Gryttens roman i haust, Brenn

huset ned, fortel ei poetisk historie

om bandet.

Laurdagen i Lindehuset får Clash-

songane klinge fritt. Saman med

Pedro Carmona-Alvarez og fullt band

vil Grytten gå over songane på ny og

vri dei i si retning.

Full fyr i teltet! Full Clash!

Innleiingsvis vil Henning H. Bergsvåg

samtale med Frode Grytten.

Medverkande

Frode Grytten (røyst)

Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)

Michael Barnes (saksofon, fløyte,

perkusjon)

Ivar Thormodsæter (trommer)

Ole Amund Gjersvik (bass)

Einar Sogstad (orgel, piano)

21

Page 22: Program 2013

22 23

Fo

to: L

ars

Myh

ren

Ho

lan

dF

oto

: Eri

k Li

nd

ho

lm H

an

sen

Fo

to: A

ug

on

Jo

hn

sen

Fo

to: C

hri

stia

n E

lgvi

n

FREDAG KL. 11.00 / DIV. STADERBEDRIFTSBESØKOpplesingar på arbeidsplassane i Odda. Besøka er opne.

FREDAG KL. 12.00 / BIBLIOTEKETRAPPORT FRÅ LIKESTILLINGSLANDET Korleis står det til i Likestillingslandet, hundre år etter at kvinner fekk stemmerett på linje med menn? Er vi frie no? Hilde Danielsen har skrive Norsk Likestillingshistorie 1814-2013, Linn Stalsberg kom tidligare i år med boka Er jeg fri nå?, og Olaug Nilssen har skrive Kjøkkenbenkrealisme. Møt dei i samtale, med Charlotte Myrbråten som ord-styrar.

FREDAG KL. 14.00 / BIBLIOTEKETINTERNASJONAL SUKSESSKvifor blir nokre bøker omsett til mange språk, mens andre er dømde til eit evig liv in-nanfor den norske litterære ålmenta?Møt fire ulike forfattarar med internasjonal suksess: Lars Mytting, Åshild Kanstad Johnsen, Erik Fosnes Hansen og Nikolaj Frobenius.

Page 23: Program 2013

22 23

Foto: Augon Johnsen

Foto: Helge Skodvin

FREDAG KL. 14.00 / MURBOLIGENBIKUBESALONGEksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Med Erlend Loe, Frode Grytten og Hanne Ørstavik.

FREDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKETKEM TRUR DU AT DU ER?Tilfeldigheitene skal ha det til at to så ulike forfattarar som Dag Solstad og Helene Uri begge tar utganspunkt i si eiga slekt i sine siste romanar. Står vi med dette overfor ei slektshistorisk vending i norsk litteratur? Erlend O. Nødtvedt er ordstyrar for samtalen mellom Solstad og Uri.

Page 24: Program 2013

24 25

Foto: Fredrik Arff

Fo

to: E

rik

Lin

dh

olm

Ha

nse

n

FREDAG KL. 16.00 / ODDA VITENSENTER (START)SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTTEi Smelteverksvandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddasheimkomne son, sosiolog og tidligare smelteverksarbeidar: Lars Ove Seljestad og denlegendariske fagforeiningsleiaren og Rødt-politikaren Terje Kollbotn.Sjå eige oppslag s. 26-27

FREDAG KL. 16.00 / SENTRALBADET/LINDEHUSETVAREOPPTELLING MED ERLEND LOEMed utgangspunkt i Erlend Loes siste roman, tar vi diskusjonen om den til tider in-cestuøse og pompøse litteraturbransjen. Erlend Loe i møte med ein av sine kritikarar (TBA). Charlotte Myrbråten er ordstyrar.

FREDAG KL. 17.45 / SENTRALBADET (BAK)PISSPREIK Bli med inn til dei verneverdige pissoara på Sentralbadet for eksklusivt pisspreik med nokre av våre g jester.

FREDAG KL. 17.00 / SENTRALBADETARBEID PÅGÅRHør fire forfattarar lese frå sine endå upubliserte bøker: Lars Mytting, Anne Oterholm, Marit Eikemo og Rønnaug Kleiva.

Page 25: Program 2013

24 25

Foto: TV2

Foto: Trude EngFoto: Augon JohnsenFo

to: C

hri

stia

n E

lgvi

n

Fo

to: L

ind

a B

ou

rna

ne

En

ge

lbe

rth

FREDAG KL. 18.00 / SENTRALBADETSKRIVEKUNSTAKADEMIET Opplesingar med årets studentar og lærarar ved Skrivekunstakademiet.

FREDAG KL. 18.00 / NITROGENANLEGGET ROM I ODDA: EI KVINNE I SOLASjå eige oppslag s. 13

FREDAG KL. 19.00 / LINDEHUSETLITTERÆR HEILAFTENHør forfattarane sjølve lese frå nokre av årets beste bøker: Agnes Ravatn, Erlend Loe, Hanne Ørstavik og Nikolaj Frobenius. Etterpå vil Alf van der Hagen samtale med Dag Solstad om hans siste roman, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1895.Marit Eikemo er kveldens konferansier.

FREDAG KL. 20.30 / HARDANGER HOTELFOTBALLFREDAGVi innleier Norges mest spektakulære fotballdebatt med å sende landskampen mellom Norge og Slovenia på storskjerm. Vår faste ekspertkommentator Davy Wathne kom-menterer i tospann med Frode Grytten. Wathne er også det naturlige midtpunkt og administrator når vi slepper laus Dag Solstad, Agnes Ravatn, Håkon Opdal og Frode Grytten til å diskutere landslaget og andre meir og mindre fotballrelaterte spørsmål. Velkommen til ein stor kveld i Odda!

FREDAG KL. 20.30 / HARDANGER HOTELDJ LUFTPUS

Page 26: Program 2013

26 27

Smelteverket rundt på 100 minuttFredag kl. 16.00 / Odda vitensenter (start)

Fo

to: A

ug

on

Jo

hn

sen

Page 27: Program 2013

26 27

Smelteverket rundt på 100 minuttFredag kl. 16.00 / Odda vitensenter (start)

«Mine kjensler er i Fabrikken stoypt. Av stein og eld ermine kjensler smidd», skriv Lars Ove Seljestad i Stor-spring: Fabrikkdikt.Det hadde aldri vore bygd så store fabrikkar i Norge då Odda smelteverk stod ferdig i 1908. Sidan dunka og g jekk det i nesten hundre år, som eit stort svart hjarte g jennom Odda sentrum. Fabrikken har gitt liv og arbeid til odding-ane og inspirasjon til forfattarane. Frode Grytten, Lars Ove Seljestad og Marit Eikemo er blant dei som for lengst har skrive fabrikken inn i litteraturen. Etter konkursen i 2003 har ruinane av fabrikken splitta oddingane i ein bitter strid om bruk og vern og riving.

Bli med på ei unik vandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddas heimkomne son, sosiolog og tidligare smelteverksarbeidar: Lars Ove Seljestad og den legendariske fagforeiningsleiaren og Rødt-politikaren Terje Kollbotn. Saman tar dei oss med inn i ruinane av det legendariske Odda smelteverk.

Page 28: Program 2013

28 29

Fo

to: A

gn

ete

Bru

n

Fo

to: S

øre

n B

ruu

n

LAURDAG KL. 11.00 / IDRETTSMUSEET I ODDAGRYTTEN PÅ MUSEUMFrode Grytten les og fortel frå oppveksten i Odda, sett frå eit idretts- og fotball-perspektiv.

LAURDAG KL. 12.00 / SENTRALBADET BOKPRAT MED AGNES RAVATN Agnes Ravatn har fått strålande meldingar for den siste romanen sin, Fugletribunalet, om TV-kjendisen Allis Hagtorn som forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for mystiske Sigurd Bagge. Møt Agnes i samtale med Alf van der Hagen.

LAURDAG KL. 12.00 / HARDANGER HOTELMØTE MED RØNNAUG KLEIVA Blant eliten av syrlige nynorskfolk, skreiv Dagbladet då ho lanserte sin siste roman, den sjølvbiografiske reiseboka Armenia, Albania, Argentina i fjor. Etter snart 30 år som forfattar, med 20 bøker i ulike sjangrar, tilhøyrer ho i tillegg A-laget i norsk skjønnlit-teratur. Møt Rønnaug Kleiva i samtale med Olaug Nilssen.

LAURDAG KL. 13.00 / SENTRALBADETFLYTTESAMTALER I 2011 flytta Cecilie Løveid tilbake til Bergen etter mange år i København og fekk braksuksess med diktsamlinga Flytterester. Pedro Carmona-Alvarez er halvt chilensk, halvt norsk, bur og arbeider i Bergen. Bekim Sejranovic er født i Bosnia-Hercegovina, og kom som flyktning til Norge i 1993. Han bur og arbeider no i Zagreb. Møt dei tre forfattarane i ein samtale om nasjonal identitet, flytting og skriving.

Page 29: Program 2013

28 29

Fo

to: E

va L

en

e G

ilje

Øst

en

sen

Fo

to: L

ind

a B

ou

rna

ne

En

ge

lbe

rth

LAURDAG KL. 13.00 / HARDANGER HOTELJAZZ OG LYRIKKGruppa Quest møter Lars Amund Vaages poesi, med impulsar frå jazz, progrock, folke-musikk og improvisasjon.Medverkande: Lars Amund Vaage. Andreas Barth (perkusjon), Erik Fooladi (perkusjon), Geir Hjorthol (trompet, elektronikk, stemme), Torleif Sagstad (gitar, elektronikk)

LAURDAG KL. 14.00 / SENTRALBADETSENTRALBADET POESITre høgt skatta poetar frå Bergen vil lese på dette populære poesiprogrammet. Pedro Carmona-Alvarez kjem med ny diktsamling etter ti år i romanskrivingas teneste. Cecilie Løveid kjem til Odda med heilt nye Kina-dikt, og Henning H. Bergsvåg les frå si siste, kritikarroste samling, Den engelske hagen.

LAURDAG KL. 14.00 / HARDANGER HOTELKVINNER SOM REISER. KVINNER SOM SKRIVHanne Ørstavik, Anne Oterholm og Rønnaug Kleiva er alle kvinner som reiser og skriv. Korleis bruker dei reisa som litterært motiv i bøkene sine og korleis navigerer dei mel-lom liv og litteratur? Charlotte Myrbråten er ordstyrar.

LAURDAG KL. 14.45 / SENTRALBADET (BAK)PISSPREIKBli med inn til dei verneverdige pissoara på Sentralbadet for eksklusivt pisspreik med nokre av våre g jester.

LAURDAG KL. 15.00 / MURBOLIGEN (START)BIKUBEGANG Bli med Frode Grytten på ei unik byvandring g jennom det mytiske Odda. Musikk v/Pedro Carmona-Alvarez. Sjå oppslag siste side.

Page 30: Program 2013

30 31

Fo

to: A

pn

ese

th

Fo

to: H

elg

e S

kod

vin

LAURDAG KL. 15.00 / IRIS SCENEGJE MEG EN B!Vår mann i Brann, Davy Wathne, har skrive bok om sitt liv som Brann-supportar g jen-nom 50 år. Bli med på Brann-kviss med Davy Wathne som kviss-master!

LAURDAG KL. 16.00 / HARDANGER HOTELBERGENERSI Bergeners skriv Tomas Espedal om Bergen, og om livet. Han skriv også om forfattar-kollegaene Erlend O. Nødtvedt, Henning Bergsvåg og Cecilie Løveid. Det ligg an til ein festkveld med uforutseielige innslag, litterære diskusjonar og myter om Bergen når Alf van der Hagen møter Tomas Espedal og hans venner til samtale om Bergeners.

LØRDAG KL. 17.00 / SMELT KAFÉROM I ODDA: HUS I SKUMRINGEN Sjå eige oppslag s. 13

LAURDAG KL. 18.00 / LINDEHUSETFULL CLASH Sjå eige oppslag s. 20-21

LAURDAG KL. 20.00 / ODDA KINOURNORSK-UNORSK-ODDISKFestforestilling med Karl Seglems akustiske kvartett, Odda musikklag, Frode Grytten, lokale band og tryllekunstnar Radek Makar med fleire. Kveldens konferansier: Sven Olaf Brekke.

Page 31: Program 2013

30 31

Fo

to: L

isb

eth

Mic

he

lse

n

Fo

to: A

sch

eh

ou

g

Fo

to: H

an

s J

ørg

en

Bru

n

Fo

to: L

ars

Myr

en

Ho

lan

d

LAURDAG KL. 22.00 / HARDANGER HOTELSØLVSUPER SPELAR TIL DANS

SØNDAG KL. 12.00 / SENTRALBADET LITT. HUSSPRÅKLAUS Med utgangspunkt i Lars Amund Vaages roman Syng ja og Olaug Nilssens teaterstykke Stort og stygt, møtes forfattarane til ein samtale om det språklause barnet, for-ventningar og uro knytt til foreldrerolla, og korleis ein skal forstå dei som ikkje let seg forstå. Ordstyrar: Marit Eikemo.

SØNDAG KL. 13.00 / SENTRALBADETJAZZ OG POESIKarl Seglem trio, Ann Kavli og Lars Ove Seljestad.

SØNDAG KL. 14.00 / KALVATRÆET I RØLDALKONSERT OG OPPLESINGOpplesing ved Agnes Ravatn og konsert med Arild Helleland.

Page 32: Program 2013

32 PB

Litt

era

turs

ymp

osi

ets

låg

ters

kelt

ilbo

d

Bli med inn i Frode Gryttens

univers og det mytiske Odda.

Bikubegang er ei vandring i det

litterære og heilt konkrete

Odda, med opplesingar og fol-

kesnakk og historiske kuriosa.

Grytten startar byvandringa

utanfor Murboligen og stop-

par ved fleire sentrale punkt

i Odda. Her får vi høre om den

gamle platesjappa til Betzy og

dei legendariske snopedamene

i Gågata. Vi får høre om

partisekretæren frå Bikube-

song som ramlar i Sørfjorden

og endar opp med ein våt og

uleselig 1. mai-tale. Vi får høre

om slaget i Skrevet i 1931,

då kommu nistane og sosial-

demokratane sine 1. mai-tog

brasa saman i eit gedigent

masseslagsmål.

Og på kino trappa syng Pedro.

Bik

ub

eg

an

gF

rod

e G

rytt

en

og

Pe

dro

Ca

rmo

na

-A

lva

rez

La

urd

ag

kl.

15.0

0 /

Mu

rbo

lige

n (

sta

rt)