4
Rettleiing for eBokBib Vilkår: For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste versjon krev minst iOS 8 eller Android 4.03. Du må ha lånekort og pinkode frå eit folkebibliotek eller bibliotek i vidaregåande skule i Hordaland. Dersom du ikkje har dette, så spør på ditt bibliotek. Bruk: 1. Last ned appen eBokBib Gå inn på App Store eller Google Play/Play Butikk. Klikk på forstørrelsesglasset og søk opp eBokBib. I App Store kjem det opp eit sky-pilteikn. Trykk på denne for å installere. I Play Butikk vil du få opp installer når du klikkar på eBokBib-logoen. 2. Logg inn med lånenummer og pin-kode Bruk lånenummeret som står på lånekortet ditt, og pin- koden du bruker for å nytte deg av biblioteket sine nettbaserte tenester.

Rettleiing for eBokBib - Hordaland · For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Rettleiing for eBokBib - Hordaland · For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste

Rettleiing for eBokBib

Vilkår:

For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android

(Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste versjon krev minst iOS 8 eller Android 4.03.

Du må ha lånekort og pinkode frå eit folkebibliotek eller bibliotek i vidaregåande skule i

Hordaland. Dersom du ikkje har dette, så spør på ditt bibliotek.

Bruk:

1. Last ned appen eBokBib

Gå inn på App Store eller Google Play/Play Butikk. Klikk på forstørrelsesglasset og søk opp

eBokBib.

I App Store kjem det opp eit sky-pilteikn. Trykk på denne

for å installere. I Play Butikk vil du få opp installer når du

klikkar på eBokBib-logoen.

2. Logg inn med lånenummer og pin-kode

Bruk lånenummeret som står på lånekortet ditt, og pin-

koden du bruker for å nytte deg av biblioteket sine

nettbaserte tenester.

Page 2: Rettleiing for eBokBib - Hordaland · For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste

3. Finn bøker du vil låne

Gjennom valet Utvalg som er nedst på

skjermen i iOS-versjon og i sjølve menyen

med tre strekar i Android-versjonen, får

du opp ei liste over bøker som kan lånast.

Bla gjennom oversikta ved å dra fingeren

nedover skjermen.

Du kan også søkje etter tittel, forfattar og

bla i kategoriar og ulike lister under

Utvalg. I iOS-versjon trykker du ein gong

til på Utvalg, medan i Android-versjonen

bruker du forstørrelsesglasset under

Utvalg. Trykk øvst til venstre på Finn for å

søkje.

4. Vel bok og last ned

Klikkar du deg inn på ei bok, får du opp ei

omtale av boka. Du får også høve til å lese

eit utdrag av dei 10 første sidene av boka.

Klikk på Lån boka for å laste ned.

Er alle eksemplara utlånt, kjem det opp ein

knapp med Reserver boka i staden for

lån. Du får beskjed på nettbrettet når du

kan laste ned boka du har reservert.

Page 3: Rettleiing for eBokBib - Hordaland · For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste

5. Opne boka, og les

Når du har lasta ned ei bok kan du velje og opne

den med ein gong, eller du kan gå tilbake og gå

inn via oversikta Mine e-boklån og starte lesing

under knappen Valg.

Du blar i boka ved å sveipe over skjermen, eller

tappe på ei side. Ved å tappe midt på skjermen får

du opp menyval som gjer deg høve til å stille inn

lysstyrke , bakgrunn, og endre skrifttype AA og

storleik på tekst. Du kan også forstørre og

forminske med å dra fingrane ut eller saman. Her

kjem det også ein moglegheit for å lukke boka,

eller du kan bruke tilbaketasten på mobilen/nettbrettet.

6. Få oversikt over dine lån og

reserveringar

Under Mine e-boklån får du oversikt over kva

lån og reserveringar du har, og lånetid du har att.

Du kan laste ned og lese same bok på ulike

einingar, ei samla oversikt vil visast her. Dersom

du er kopla til internett, vil informasjon om kor

langt du er komen i lesinga bli synkronisert

mellom einingane.

Page 4: Rettleiing for eBokBib - Hordaland · For å bruke eBokBib treng du smarttelefon eller nettbrett med iOS (iPhone, iPad) eller Android (Samsung, Sony, HTC m.fl.) operativsystem. Nyaste

7. Forny eller lever lånte bøker

Til høyre i oversikten i Mine e-boklån har

du ein knapp med Valg. Her kan du mellom

anna velje å innlevere boka eller fornye

lånet.

Bøker må leverast inn på alle einingar dei er

lasta ned på før dei er tilgjengelige for nye

lånarar. Bøker blir automatisk sletta når

lånetida er ute. Dersom boka kan fornyast,

vil du få spørsmål om du ønskjer dette når

det er kort tid igjen av lånetida.

Om lån gjennom eBokBib

E-boktilbodet er eit samarbeid mellom

fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og

bibliotek i vidaregåande skular i Hordaland.

Du får tilgang til tusenvis av e-bøker, og får

same tilbod uansett kva kommune du bur i.

Vilkår for bruk

Du må være registrert som lånar ved eit av biblioteka i fylket

Lånetida er 4 veker / 28 dagar

Du kan fornye kvart lån 1 gong dersom det ikkje er venteliste på tittel

Hentefrist for reserverte bøker er to dagar

Meir om eBokBib: www.ebokbib.no

eBokBib på Twitter @ebokbib

Korleis bruke eBokBib på iPhone, video: http://youtu.be/_bOe9DReGSk

Rettleiinga er gjengitt med løyve frå Sør-Trøndelag fylkesbibliotek.