2
Storekalsøy Nordsjøløypa Vandringsvegarikulturlandskapet På Storekalsøy møter du eit kystlandskap med lyngheiar og steinrabbar, lune hamner og dra- matisk storhav. Her er lange tradisjonar innan handel- og gjestgjeveri, her har losar, bønder og fiskarar budd. Øya byr på eit mangfald, av kultur- og naturopplevingar. Set difor av god tid til vandringar i kulturlandskapet. UtsynmotMarsteinenfyr FråKalve Austevoll Austevoll er ein av dei største fiskerikommunane i Noreg. Flatemålet er 114,3 km2 - fordelt på 667 øyar. Kommunen ligg mellom Bergen og Stord. Folketalet er 4292 personar. Storebø er kommunesentrum. I Austevoll er lynghei og myrar den domin- erande landskapstypen. På seinsommaren prydar klokkelyng og røsslyng dei berre steinrabbane. I myrane står myrullen og lyser med kvitt hovud. Lyngheia har vore nytta til slått og beite for vill- sauen. I myrane tok ein ut torv til brensel. Etter krigen har bruken av utmarka vorte mindre, -og treslag som einer, gran og furu er blitt markante i landskapsbiletet. StoreKalsøy På Storekalsøy er det 164 fastbuande. Mange arbeidstakarar pendlar til og frå øya. Det er knytt optimisme til brusamband til Hundvåkøy og vidare til Huftarøy. I Bakkasund er det handel og fleire stader for overnatting. Storekalsøy er knauset og vindblåsen. Arkelogiske funn tyder på at det har vore busetnad på Storekalsøy sidan steinalderen. På 1800- og 1900-talet har losing hatt mykje å seia for øya. Det avspeglar seg mellom anna i byggeskikken. Forutan losing har folket livnært seg av kombinasjonen jordbruk og fiske. Kvinnene styrte heime mens mennene var på sjøen. Då Husfliden i 1930-åra arrangerte vevkurs rundt om i distrikta, var fleire kvinner på Storekalsøy med på dette. På oppdrag frå arkitekt Reimers som hadde teikna Tinghuset i Bergen, vart det vove over 1000 meter tapet på Storekalsøy. Stadnamnet Soga om Halv og Halvsrekkene fortel om kong Alrek som løna hirdmannen Koll for å finna kone til han. For dette gav kong Alrek han jarledøme på Kollsøy sør for Hardsjø (Krossfjorden). Dette kan vera Storekalsøy, men heilt viss kan ein ikkje vera! Kommunikasjon Ferjesamband frå Krokeide til Hufthammar (30 min). Hurtigbåtsamband frå Bergen til Hufthammar (50 min). Ferje Sandvikvåg - Husavik (20 min). Ferje Hufthammar -Austevollshella (10 min). Køyr så over Hundvåkøy til Barmen, og ta ferja til Kvaløy (10 min). Løypa Fottur tur/retur Kvaløy-Skansen/Loshytta på Kalve tek 3.5 timar. Turen går langs vegen og gjennom kupert terreng. Egnar seg godt for born. Start fotturen på ferjekaien Kvaløy, og gå mot Kalve. Alternativet er å køyra til parkerings- plass på Kalve. Du må vera varsam på Skansen, her er ulendt terreng og svært værutsett. VandringsvegenKvaløy- Bakkasund-Kalve Det fyrste du får auga på når du kjem med ferja til Kvaløy, er den gamle handel-og gjestgjevarstaden på Nautøy 1). Bakkasund var allereie på 1600-tallet ei viktig hamn. På bruket var det butikk og skjenkjestove. I dag vert handel-og gjestgjevarstaden nytta som feriestad. Vandrar du vidare kjem du til Bakkasund av i dag. Her er det handel, moderne marina og høve til losjering. I øvste etasje av butikken «Bahus» ligg Storekalsøy Museum 2), etablert i 1993. Museet rommar ei brei samling av gjen- standar og foto, som viser eit mangfald av liv og hendingar på og omkring Storekalsøy. Storekalsøy kapell 3) vart vigsla i desember 1976. Det gamle kapellet og skulen gjekk med i brann 1974. Berre altertavla, lysekruner og lampettar vart berga. Det nye kyrkjebygget er bygd i tre, som arbeidskyrje med omlag 200 sitjeplassar. Du går vidare forbi skulen og kjem til bygda Hille. Det vert sagt at Gjest Baardsen var innom i husa her.

Storekalsøy - telltur.no · Her har isen og havet fått på ein finversdag ned i amfiet, kjem du til det ein lokalt kallar Skansebyen. Frå Skansen er det utsikt til skipsleia

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

StorekalsøyNordsjøløypa� Vandringsvegar�i�kulturlandskapet

På Storekalsøy møter du eit kystlandskap med lyngheiar og steinrabbar, lune hamner og dra-matisk storhav. Her er lange tradisjonar innan

handel- og gjestgjeveri, her har losar, bønder og fiskarar budd. Øya byr på eit mangfald, av kultur- og naturopplevingar. Set difor av god

tid til vandringar i kulturlandskapet.

Utsyn�mot�Marsteinen�fyr

Frå�Kalve

Austevoll

Austevoll er ein av dei største fiskerikommunane i Noreg. Flatemålet er 114,3 km2 - fordelt på 667 øyar. Kommunen

ligg mellom Bergen og Stord. Folketalet er 4292 personar. Storebø er kommunesentrum. I Austevoll er lynghei og myrar den domin-erande landskapstypen. På seinsommaren prydar klokkelyng og røsslyng dei berre steinrabbane. I myrane står myrullen og lyser med kvitt hovud. Lyngheia har vore nytta til slått og beite for vill-sauen. I myrane tok ein ut torv til brensel. Etter krigen har bruken av utmarka vorte mindre, -og treslag som einer, gran og furu er blitt markante i landskapsbiletet.

StoreKalsøy

På Storekalsøy er det 164 fastbuande. Mange arbeidstakarar pendlar til og frå øya. Det er knytt optimisme til brusamband til Hundvåkøy og vidare til Huftarøy. I Bakkasund er det handel og fleire stader for overnatting. Storekalsøy er knauset og vindblåsen. Arkelogiske funn tyder på at det har vore busetnad på Storekalsøy sidan steinalderen.På 1800- og 1900-talet har losing hatt mykje å seia for øya. Det avspeglar seg mellom anna i byggeskikken. Forutan losing har folket livnært seg av kombinasjonen jordbruk og fiske. Kvinnene styrte heime mens mennene var på sjøen. Då Husfliden i 1930-åra arrangerte vevkurs rundt om i distrikta, var fleire kvinner på Storekalsøy med på dette. På oppdrag frå arkitekt Reimers som hadde teikna Tinghuset i Bergen, vart det vove over 1000 meter tapet på Storekalsøy.

Stadnamnet

Soga om Halv og Halvsrekkene fortel om kong Alrek som løna hirdmannen Koll for å finna kone til han. For dette gav kong Alrek han jarledøme på Kollsøy sør for Hardsjø (Krossfjorden). Dette kan vera Storekalsøy, men heilt viss kan ein ikkje vera!

Kommunikasjon

Ferjesamband frå Krokeide til Hufthammar (30 min).Hurtigbåtsamband frå Bergen til Hufthammar (50 min).Ferje Sandvikvåg - Husavik (20 min).Ferje Hufthammar -Austevollshella (10 min). Køyr så over Hundvåkøy til Barmen, og ta ferja til Kvaløy (10 min).

Løypa

Fottur tur/retur Kvaløy-Skansen/Loshytta på Kalve tek 3.5 timar. Turen går langs vegen og gjennom kupert terreng. Egnar seg godt for born. Start fotturen på ferjekaien Kvaløy, og gå mot Kalve. Alternativet er å køyra til parkerings-plass på Kalve. Du må vera varsam på Skansen, her er ulendt terreng og svært værutsett.

Vandringsvegen�Kvaløy-Bakkasund-Kalve

Det fyrste du får auga på når du kjem med ferja til Kvaløy, er den gamle handel-og gjestgjevarstaden på Nautøy 1). Bakkasund var allereie på 1600-tallet ei viktig hamn. På bruket var det butikk og skjenkjestove. I dag vert handel-og gjestgjevarstaden nytta som feriestad.Vandrar du vidare kjem du til Bakkasund av i dag. Her er det handel, moderne marina og høve til losjering. I øvste etasje av butikken «Bahus» ligg Storekalsøy Museum 2), etablert i 1993. Museet rommar ei brei samling av gjen-standar og foto, som viser eit mangfald av liv og hendingar på og omkring Storekalsøy.

Storekalsøy kapell 3) vart vigsla i desember 1976. Det gamle kapellet og skulen gjekk med i brann 1974. Berre altertavla, lysekruner og lampettar vart berga. Det nye kyrkjebygget er bygd i tre, som arbeidskyrje med omlag 200 sitjeplassar.

Du går vidare forbi skulen og kjem til bygda Hille. Det vert sagt at Gjest Baardsen var innom i husa her.

Utover�1800-tallet�vart�dei�opne�småbåtane�avløyst�av�dekka�båtar.�Det�vart�kosta�Colin-Archer�skøyte�på�Kalve.�«Kalve-Skøyta»�vann��fyrsteplassen�på�Landsutstillinga�i�Bergen�1898.��Ho�vart�best�i�tevlinga�om�bruk,�fart�og�tryggleik.

For meir informasjon: Austevoll Kommune - Kulturkontoret, Tlf. 55081000

Hordaland fylkeskommune, KulturlandskapssenteretAustevoll kommune, Kulturetaten

Foto: Helge Sunde, Teikning: Kjersti Hjelmeland Brakstad Kart: Sverre Mo Formgjeving: Goosen DesignTrykk: Bodoni Hus

Skipmannsstegen

Sveitserhus��på�Kalve.�Det�var�losane�som�først�tok�i�bruk�denne�bygge-stilen.

Terne

Pilspiss��av�skifer��funne�på��Kalve.Frå�omkring�4000�f.�kr.�(Lengde:�16,5�cm,��

Bergen�Museum)

SelbjørnStolmen Salthella

Mølna Bekkjarvik

Husavik

Hufthamar

Austevollshella

Barmen

Kvaløy

Storebø

STOREKALSØY Til Krokeide(Bergen)

Til Sandvikvåg(Fitjar)

Huftarøy

Hundvåkøy

•� Ferdast�fritt�til�fots�og�på�ski�•� Rasta�og�overnatta�•� Ri�eller�sykla�på�stigar�og�vegar�

•� Bada,�padla,�ro�og�bruke�seglbåt�•� Plukka�bær,�sopp�og�blomar�•� Fiska�fritt�etter�saltvassfisk

Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du:

I vika ved Sjåholmen ligg tre gravrøysar 4). To av dei ligg ved vegen, den tredje på Klungerhaugen 5). Tek du av vegen mot vest, vil

du oppdaga ei sirkelforma steinsetjing. Kven er det som har fått slik ei grav, med eit

slikt storslått utsyn i alle himmelret-ningar?

I Kalsvågen ligg kyrkjegarden «Hvilens havn» 6). Det er eit

minne om koleraepidemien som råka Vestlandet i

1849. I Austevoll og Møgster døydde omlag 55 personar

av kolera. Nokre av dei vart grav-

lagde her. Epidemien kom under sildefisket og vart spreidd med fiskarane. På kyrjegarden står eit ringehus, med klokke og inngang frå begge sider. Gravfylgja kom ofte roande. Dei bar kista gjennom ringehuset, og inn på vigsla jord. Minnestunda blei avslutta med 9 slag i klokka.

Vandringsvegen�Kalve-Skansen

Løypa startar ved parkeringsplassen i Kalsvik på Kalve. Vegen til Skansen går mest gjennom utmark. Her ser du steingardar, utløer og fjøs. Framleis er delar av marka nytta som slåttemark. På Storekalsøy kan ein sjå villmink og ein og annan hjort. Ute på svaberga veks det strandnellik og bergknapp. Sørvest av Storekalsøy ligg eit total-freda fuglereservat. Sit du ytst på Skansen eller på Loshaugen kan du sjå havørn, ramn, skarv, tjeld, måkar og terner. Grågås, lundefugl og teist kan også dukka opp. Etter at det vart planta skog på øya, meiner ein at det har blitt større førekomstar av hegre og orrfugl. Tjuvjo, enkelt-bekkasin og storspove er også blitt eit vanlegare syn. Ytst mot havet ligg Skansen 7), - den siste skanse mot havet. Her har isen og havet fått arbeida fram eit naturleg amfi i fjellet. Klatrar du på ein finversdag ned i amfiet, kjem du til det ein lokalt kallar Skansebyen. Frå Skansen er det

utsikt til skipsleia og Marsteinen fyr 8).

Fyrlykta vart tend 1.oktober 1877. Trass i fyrlykta finst

det mange merkedagar

for havari, forlis og redningsaksjonar. Ein storm-

kveld i januar 1994, la folk frå Storekalsøy og Hundvåkøy ut med båtane sine for å redda

114 mann. «KNM Oslo» stod på land på eit skjer ved Marsteinen fyr. Folket viste ein framifrå innsats i redninga.

Vandringsvegen�Kalve-Loshytta

Stien til Loshytta startar ved den fyrste løa du møter på høgre hand, etter parkeringsplassen i Kalsvik. Stien er kalla Laksavegen og fører ned i Gardavågen. Tidlegare stod det fleire naust her. Dei romma utstyr til laksefiske og teinefiske. Her var båtfeste for losbåt og opne fiskebåtar. Skipmannsstegen 9) er ei utførleg tørrmurt steintrapp som går langs fjellveggen. Før 1900 var stien bygd av rektømmer og førde opp til ei bu som stod på nordre enden av berget.Den noverande Loshytta 10) vart bygd ca. 1890. Hytta har tømra kjerne og er bolta fast til grunnen. Ho var tidlegare innreidd med ein høg benk. Her sat ein og speida etter skip. Det var ofte ungar som hadde dette arbeidet. Fekk dei auga på skip, bar det i full fart ned Skipmannsstegen. Losen måtte koma fyrst ut til den skuta som skulle losast. Det var knallhard konkurranse frå losane på Stolmen og Hummelsund på Sotra. I 1901 vart «Korsfjorden Felleslosing» skipa. Med det vart det innført vaktordningar for Selbjørnsfjorden og Krossfjorden. Hytta vart også nytta under 2.verdskrigen. 9.april 1940 sat det vakter her og såg krigsskipa koma.