19
1 Strategi for breiband i Sogn og Fjordane Mars 2011 Inkludert høyringskommentarar

Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

1

Strategi for breiband i Sogn og Fjordane

Mars 2011

Inkludert høyringskommentarar

Page 2: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

2

Innhald 1. Bakgrunn ........................................................................................................................................... 3

2. Kva er breiband og kvifor er det viktig med andre generasjon ........................................................ 4

2.1 Kva har Sogn og Fjordane gjort hittil ? ....................................................................................... 6

2.2 Innspel frå leverandørane .......................................................................................................... 8

2.3 Status for andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane........................................................ 9

2.4 Konkurransevriding for næringslivet ........................................................................................ 10

2.5 Beredskap og samfunnstryggleik ............................................................................................. 10

2.6 Kommunane har aukande problem med delfinansiering ......................................................... 11

2.7 Fylkeskommunen sine verkemiddel og handlingsrom ............................................................ 11

3. Breibandstrategi for Sogn og Fjordane ........................................................................................... 13

3.1 Partnarskap ............................................................................................................................... 13

3.2 Definisjon av andre generasjon breiband ................................................................................. 13

3.3 Økonomiske råmer ................................................................................................................... 13

3.4 Fylkeskommunale prioriteringar .............................................................................................. 14

3.4.1 Tiltak .................................................................................................................................. 15

3.5 Påverke sentrale styresmakter ................................................................................................. 17

3.5.1 Tiltak .................................................................................................................................. 17

3.6 Oppsummering tiltak 2012-2013 .............................................................................................. 18

Vedlegg ............................................................................................................................................... 18

Definisjonar ..................................................................................................................................... 18

Teknologiar ..................................................................................................................................... 18

Page 3: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

3

1. Bakgrunn Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av andre generasjon breiband. Målet

med å utarbeide ein eigen strategi for breiband er å kunne ta grep som sikrar tilgang til andre

generasjon breiband for næringslivet og hushalda i Sogn og Fjordane på lik linje med andre delar av

landet.

I 2011 hadde 95% av næringslivet og hushalda i Oslo tilgang på andre generasjons breiband (25

Mbit/s nedstraums og 1 Mbit/s opptraums) medan talet for Sogn og Fjordane var 26 %. Mange av

desse 26% i Sogn og Fjordane som har andre generasjon breiband, bur i Årdal kommune, der

nesten alle bedrifter og innbyggjarar er tilkopla kabel-TV-nettet. For høgare hastigheiter er biletet

likeeins, medan 75% av husstandar i Oslo har tilgang til 50 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s

oppstraums er tilsvarande tal for Sogn og Fjordane 6%.

Store delar av Sogn og Fjordane vert mindre attraktivt for næringslivet og for tilflytting om andre

generasjons breiband ikkje vert tilgjengeleg.

Familiar som ønskjer å busetje seg – eller å bli buande – i fylket, krev tilgang til god infrastruktur. Vi

må tilby desse like rimeleg og god breibandkapasitet som dei får andre stadar i landet. Alle må få

tilgang til meir enn NRK sine TV kanalar, noko som i dag ikkje er mogeleg i dei delane av fylket som

er i satelittskugge. Desse stadane har i dag berre eit minimumstilbod gjennom skuggenettet i

RiksTV. Alle innbyggjarane må få tilgang til såkalla Trippel play, det vil seie tilgang til breiband,

telefon og tv gjennom breibandabonnementet sitt. Røynslene etter ti år med lokale

breibandutbyggingar delfinansiert via Sogn og Fjordane fylkeskommune er at innbyggjarane er

svært interessert i å få tilgang og at mange betalar ein stor eigendel.

Det skjer no ein overgang til andre generasjon breiband (hovudsakleg fiber) i Noreg og elles i

Europa. I juni 2009 vart det arrangert ein nasjonal workshop om breibandpolitikk i Oslo der det var

opplyst frå Lyse Energi at dei, saman med sine 36 partnar, leverte andre generasjons breiband til

133.000 norske hushald og at dei planla å gje tilbod til 400.000 abonnentar innan 2012: ”Det blir for

dyrt å bygge ut utenfor planlagte områder (med de 400.000 abonnentene). Det er sannsynligvis

regningssvarende å bygge til mellom 600.000 og 900.000 husholdninger i Norge. Det vil antakeligvis

kreves mellom 30 og 50 MRD kr for å fibre opp Norge.”

Det vil seie at deira vurdering er at i Noreg vil ein stad mellom 600.000 og 900.000 husstandar få

kommersielt tilgang til andre generasjons breiband, medan ein stad mellom 1.300.000 og 1.600.000

husstandar ikkje vil få dette tilbodet kommersielt. I Sogn og Fjordane vil berre dei største

tettstadane og næringsområda få kommersielt utbygd andre generasjons breiband.

Utan ein eller annan form for offentleg støtte er det vanskeleg å tenke seg at næringsliv og

innbyggjarar flest i Sogn og Fjordane får tilgang til denne nye infrastrukturen. Denne strategiplanen

gir tilrådingar for å sikre tilgang til andre generasjon breiband i Sogn og Fjordane.

Page 4: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

4

2. Kva er breiband og kvifor er det viktig med andre generasjon

I statlege breibandsatsingar, som Høykom-programmet, var første generasjons breiband definert

som samband der brukaren kan ”sjå levande bilete over nett”. Den definisjonen gir ei hastigheit på

0,64 Mbit/s på nedlasting frå internett til datamaskina (nedstraums) og ei hastigheit på 0,128

Mbit/s på den informasjonen opplasta til internett (oppstraums). Nesten 100% av innbyggjarane i

landet har tilgang til dette breibandet. Men denne kapasiteten er svært låg, den gjev svært dårleg

kvalitet og i realiteten er denne definisjonen ikkje brukbar. Dei fleste vanlege breibandabonnement

har i dag langt høgre kapasitet, og det er denne kapasiteten som no i mange tilfelle også blir for

dårleg.

Behovet for høgare kapasitet auka stadig. Det er også endringar i bruksmønsteret. Der innbyggjarar

og bedrifter før brukte internettet hovudsakleg til å hente informasjon (laste ned), er det no svært

mange som nyttar internett til å sende (laste opp) informasjon som krev høg kapasitet. Det vil seie

at det er krav om høgare kapasitetar begge vegar. Både næringslivet, offentlege forvaltinga og

innbyggjarane har behov for vesentleg meir breibandkapasitet, det som vert kalla andre

generasjons breiband.

Definisjonen på kva som er andre generasjon breiband varierer. Då vi innhenta høyringsuttalar frå

breibandleverandørane i fylket, meinte nokon at alle brukargrupper i framtida trong tilgang til høg

kapasitet i storleiksorden 100 Mbit/s begge vegar, medan andre leverandørar meinte at

næringslivet og offentleg sektor ville trenge denne høge kapasiteten, medan hushald ville klare seg

med noko mindre hastigheit, 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums vart føreslege.

Skjematisk oversikt over dei ulike teknologiane og tilhøyrande teoretiske hastigheit.

Tabell 1 Dei ulike teknologiane og deira avgrensingar (kjelde NextGenTel, Telenor)

Maksimal kapasitet nedstraums

Maksimal kapasitet oppstraums

ADSL 8 Mbit/s 0,864 Mbit/s

ADSL 2+ 25 Mbit/s 1,5 Mbit/s

VDSL 52 Mbit/s 12 Mbit/s

VDSL 2+ 40 Mbit/s 40 Mbit/s

Kabel 25 Mbit/s 25 Mbit/s

Fiber 1000 Mbit/s 1000 Mbit/s

Mobilt breiband 3G 20 Mbit/s 5 Mbit/s

Mobilt breiband 4G /LTE 100 Mbit/s 50 Mbit/s

Denne strategien omhandlar andre generasjons breiband. Sogn og Fjordane har mindre store

sentra og meir spreidd busetnad enn gjennomsnittet i Noreg. Fylket vil sannsynlegvis kome dårleg

Page 5: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

5

ut når det gjeld kommersiell utbygging av andre generasjons breiband, som vi gjorde det med

første generasjon. Ein rapport frå FAD 20111 viser at Sogn og Fjordane i september 2011 ligg langt

etter landet elles i utbygginga av andre generasjons breiband. FAD skriv at ”Mens grunnleggende

dekning er stabilt høy i alle fylker, varierer dekningen mye mellom fylkene for høyere

kapasitetsklasser. I Oslo og Rogaland har meir enn tre av fire husstander tilgang til 50 Mbit/s

nedstrøms kapasitet eller mer. I Hedmark og Sogn og Fjordane har mindre enn en av ti husstander

tilsvarende tilbud."

Figuren under viser tilgangen til dei ulike breibandkapasitetane fylkesvis per september 2011.

Figur 1 Breibandkapasitetar fylkesvis pr september 2011 (Kjelde FAKD)

Medan meir enn 95% av næringsliv og hushald i Oslo i 2011 hadde mulegheit for å bestille andre

generasjons breiband, var talet for Sogn og Fjordane om lag 26%. Utgangspunktet vårt er dårlegare

no enn det var då arbeidet med å fremje utbygginga av første generasjons breiband starta i 2001.

For å få raskt breiband fram til husveggen, må breibandet vere raskt i heile nettet. Det er vanleg å

dele breibandnettet i tre delar stamnettet, distribusjonsnettet og aksessnettet:

Stamnettet: Den nasjonale hovudåra for datatrafikk

Distribusjonsnett: Nettet frå stamnettet og ut til byar og bygdelag (til dømes til

telesentralar)

Aksessnettet: Nettet ut til kvar einskild bedrift, organisasjon eller hushald frå til dømes

telesentralane

1 Bredbåndsdekning 2011, Utarbeidet for Fornyings- Administrasjons- og Kirkedepartementet av Nexia

Page 6: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

6

Høg kapasitet til bedrifter, offentleg sektor og hushald stiller krav til tilstrekkeleg kapasitet i alle

desse netta.

Denne strategien vil mest handle om aksessnettet då stamnettet og distribusjonsnettet i all

hovudsak har god kapasitet i Sogn og Fjordane gjennom dei tidlegare utbyggingane.

Sjølv om vi legg lista lågt når vi definerer andre generasjon breiband, til 30 Mbit/s / 10 Mbit/s, vil

dagens ADSL løysingar ikkje halde mål for dei aller fleste. Berre dei som bur heilt inntil

telesentralane (ca 1 km frå i kabellengde) vil få tilstrekkeleg høg kapasitet. Dette er færre enn dei

som i dag får dekka sitt behov med ADSL (som har ca 3 km kabellengde som grense). Eit anna poeng

er at ADSL har svært låg kapasitet på det som skal sendast ut på nettet, og i framtida vil det stillast

store kapasitetskrav også her. Eit enkelt eksempel er etablering av heimekontor der brukaren ofte

har behov for like stor kapasitet for å sende store dokument og filer frå heimekontoret som å hente

inn dokument og filer.

2.1 Kva har Sogn og Fjordane gjort hittil ?

Då første generasjon breiband skulle byggjast ut, starta dette i dei større kommunesentra i fylket

med ei rein kommersiell utbygging av breiband. Etter at utbyggjarane hadde bygd ut på desse

stadane, vart det brått slutt. Ulike spleiselag har seinare sikra midlar slik at første generasjon

breiband no er tilgjengeleg i heile fylket. Det er sannsynleg at utbygginga av andre generasjon

breiband vil skje etter det same mønsteret.

Page 7: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

7

Figur 2 Utviklinga av første generasjons breiband i Sogn og Fjordane (kjelde: Breibandforum S&F)

Figuren syner at dei største tettstadane var utbygde med breiband i 2002, medan dei fleste

kommunesentra fekk breiband året etter. Etter dette var det i hovudsak slutt med dei kommersielle

utbyggingane. Breibandutbygginga frå 2004 og fram til i dag har for ein stor del vorte til gjennom

statsstøtte (Høykom og infrastrukturmidlar (551-midlar frå KRD)) kombinert med tilskot frå dei

aktuelle kommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune har administrert tilskotsordninga, og

mange av desse prosjekta har vore gjennomført som fylkesomfattande satsingar med

Breibandforum Sogn og Fjordane som koordinator. Fylkeskommunen har støtta opp om

samordningsarbeidet gjennom å finansiere delar av arbeidet til Breibandforum og gjennom aktiv

deltaking i Breibandforum.

I starten av arbeidet med første generasjons breiband vart det laga ein kravspesifikasjon for

utbyggingane som la til grunn meir bandbreidde enn dei nasjonale definisjonane på den tida. Kravet

har medført at det stort sett er ført fiberkabel fram til alle bygdelaga i fylket der det finst eigen

telefonsentral. Dette vil hjelpe noko i den nye satsinga ved at tilstrekkeleg kapasitet er tilgjengeleg

nærare brukarane enn det elles ville vore.

Oppsummert så har det i Sogn og Fjordane vore arbeidd målretta med offentlege spleiselag for

bygging av første generasjons breiband sidan 2001. Fylkeskommunen har vore sentral i arbeidet

gjennom meir enn 10 store fylkesomfattande prosjekt som har sikra heile fylket første generasjon

breiband. Prosjekta har vore leia av fylkeskommunen (gjennom Breibandforum/IT-forum S&F) og

både staten, fylkeskommunen og kommunane har vore med i spleiselaget. Stort sett har

kommunane dekka halvparten av utgiftene medan staten gjennom fylkeskommunen har dekka den

andre halvparten.

Page 8: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

8

2.2 Innspel frå leverandørane

Enivest, Sognenett, Telenor og Årdalsnett har vore kontakta og har gitt innspel til arbeidet med

strategiplanen. Alle leverandørane i fylket peikar på at det er viktig at det vert offentlege midlar

tilgjengeleg for å byggje ut breiband. Telenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei

kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre eit minimumstilbod til

tilnærma alle og om det skal settast eit mål for kvalitet. Fylkeskommunen må vere fleksible på

aksessform for sluttbrukar (mobil, kopar, fiber) og ha fokus på tilgjengelegheit og nytteverdi for

brukarar og bedrifter.”

Enivest meiner at framtida er fiber, og deira strategi er utbygging av fiber til næringsliv og

innbyggjarar i fylket. Dette er ei svært kapitalkrevjande utbygging. Det meste av stadane som er

kommersielt utbyggbare, er utbygde. Enivest meiner både næringsliv og innbyggjarar i framtida vil

krevje 100 Mbit/s samband både oppstraums og nedstraums og at fylkesstrategien må tilpassast

dette kravet. Enivest meiner det vil koste anslagsvis 1,5 milliardar kroner å legge fiber til alle

husstandar i fylket.

Telenor meiner dagens koparnett kombinert med mobilt breiband vil vere tilstrekkeleg i mange år

framover ved at distribusjonsnettet vert styrka og bygt nærare forbrukar. Dei uttalar at: ”Med

bakgrunn i befolkningsstruktur og busetting vil det vere enklare å nå eit mål om minimumskapasitet

for ein gitt andel med mobilt breiband enn med for eksempel fiber/kopar.” Etter Telenor sin

meining vil næringslivet trenge 100 Mbit/s både oppstraums og nedstraums, medan folk flest vil få

sitt behov dekka med 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums. Utbygging av alle

telesentralar til VDSL som kan gje 100 Mbit/s til næringslivet lokalt har ein estimert kostnad på 30

mill kr for heile fylket. Det vil i framtida vere mogeleg å levere 30 Mbit/s med ny

mobiltelefonteknologi, såkalla tredje eller fjerdegenerasjon (3G eller 4G) mobilløysingar. Utbygging

av 3G mobilnett til 99,4 % av innbyggjarane i fylket, vil koste anslagsvis 130 mill kr, medan ei

utviding til 100% vil koste ca 150 mill kr ekstra. Det er ein føresetnad for desse tala at den såkalla

digitale dividenden, som vart frigjort etter at det gamle tv-nettet vart slått av, vert nytta til mobil

teknologi. Dette er ikkje avgjort av regjeringa enno, men resultatet av avgjerda vil ha stor verknad

for Sogn og Fjordane, både for kostnadar og tidsperspektiv når det gjeld utbygging av andre

generasjon breiband basert på mobilteknologi.

Både Enivest og Telenor meiner at det er uheldig å støtte breiband til berre ei enkeltbedrift. Her

skriv til dømes Telenor at ”I den grad fylkeskommunen skal gje støtte til eit konkret tiltak (breiband

til ei bedrift eller ein skule) i eit område, er det viktig at dette òg legg til rette for generell utbygging

i området. Dette kan til dømes vere høgare kapasitet til husstandar og bedrifter i området eller

utbygging av mobilt breiband i området.”

Page 9: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

9

Årdalsnett skriv i sin uttale at ” Vi ser for oss at det er trong til støtte i minst same storleiksorden

som det hittil har vore for utbygging av breiband. Medan vi lokalt dei siste åra har brukt alle våre

knappe ressursar på utbygging av infrastruktur, har sentrale aktørar flytta fokus over på innhald.”

Sognenett skriv at ”Støtte frå fylkeskommunen er noko som framleis må prioriterast. Om ikkje

desse midlane blir tilgjengelige vil både utvikling og tilbod bli dårligare. Dette vil som regel gå

utover små plassar med dårleg tilgjengeleg nett. Desse plassane er ikkje mogleg per i dag å bygge ut

utan stønad. Prosjekta lar seg også då gjennomføre raskare sidan kommunane er ein av dei som

har innsikt på kvar midlar kan brukast på ein best mogleg måte.”

Sognenett skriv vidare at: ”Nokon søker ikkje på midlar grunna høg eigendel. Kan eigendel

bestemmast i forhold til prosjektet. Kriteria der kan vera tal bustader, prosjektstorleik og økonomi

for leverandør i bakkant av prosjektet. Ved høg utbyggingskostnad til færre bedrifter/bustader kan

kanskje eigendelen vera mindre for søkjar? Slik som prosessen er i dag blir bedrifter prioritert.

Dette fører til at det blir lite av prosjekt der privat bustadar får betre nett. Godt nett til privat

bustadar bør prioriterast også, då dette er viktig i forhold til utvikling i distrikta.”

Fleire av leverandørar problematiserer at det offentlege, som til dømes i Nordfjord, bygger eigen

infrastruktur i staden for å leige kapasitet hjå leverandørane.

2.3 Status for andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane

26% av husstandar og bedrifter i Sogn og Fjordane hadde i 2011 tilgang til breiband med kapasitet

25 Mbit/s nedstraums og 1 Mbit/s oppstraums. 6% har tilgang på 50 Mbit/s nedstraums og 1

Mbit/s oppstraums. 6% dekning i Sogn og Fjordane er svært lågt. Og mange av dei som har tilgang

til denne infrastrukturen i dag bur i Årdal og Lærdal, dekningsområdet til kabel-TV nettet til

Årdalsnett. It-forum / Breibandforum kjenner ikkje detaljane om kor mange som nyttar andre

generasjons breiband i dag, men nokre hovudtrekk er kjend:

Alle husstandane og bedrifter i Øvre Årdal, Årdalstangen og i Lærdal sentrum har tilgang til

andre generasjons breiband gjennom Årdalsnett (kabel-TV) – kommersielt.

Husstandar og bedrifter i utvalde delar (sentrum) av dei største kommunane har tilbod om

fiber gjennom Enivest - kommersielt, sjå www.enivest.no for detaljar

Husstandar og bedrifter nær nokre telesentralar i fylket (”største” sentralane) har tilbod

om andre generasjons breiband med Tripple Play frå Telenor (såkalla ”Superbreiband”) og

frå Enivest - kommersielt

Kommunar over heile fylket har fått offentleg tilskot til å byggje ut andre generasjons

breiband til nokre bedrifter og husstandar i eigen kommune – ikkje kommersielt.

Kommunane eller næringslivet har sjølve betalt halvparten av kostnadane. Døme på stadar

som har fått andre generasjons breiband ved hjelp av slik støtte er:

o Raudeberg, Oppstryn, Veslebygda (Stryn), Kaupanger og Solvorn

Page 10: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

10

Tildelingskriteria for kva prosjekt som skal prioriterast, er politisk vedtekne i Hovudutvalet for Plan

og Næring (HPN) i forkant av utlysing av midlar. I dei offentleg støtta prosjekta er det sett krav om å

sikre samtrafikk og minst mogeleg binding mellom utbyggjar og tenesteleverandør.. Dersom ein

utbyggjar får offentleg støtte til å byggje fibersamband i eit område, vil det ikkje vere

rekningsvarande for ein konkurrent å byggje ein parallell fiber. Det betyr at det kjem til å oppstå

lokale monopol på dei stadane fiber vert bygd. Det offentlege må stimulere til at konkurranse på

tenestene som kan leverast på fiberkabelen og sikre at det vert samtrafikk mellom denne dei ulike

leverandørane sine fibersamband.

2.4 Konkurransevriding for næringslivet

Dei fleste bedriftene som treng høg breibandkapasitet i Sogn og Fjordane i dag, kan tinge dette som

ei spesiallevering hjå breibandleverandøren sin. Men prisen er svært mykje høgre enn den

konkurrentar i til dømes Oslo må betale for den same kapasiteten. I praksis finst det ikkje

prisregulering på høge kapasitetar og det er marknaden som rår. Dette har vore eit

konkurransevridande element for næringslivet i fylket vårt gjennom lang tid, og med dagens store

utbygging av andre generasjons breiband i sentrale strok vert denne konkurransevridinga enno

større.

Kapasiteten går opp og prisen på leige går monaleg ned der andre generasjons breiband vert

tilgjengeleg. Ein leverandør som td. Telenor leverer høge kapasitetar med utgangspunkt i nokre få

nodepunkt i fylket. Bedrifter og husstandar som bur langt i frå desse nodepunkta får ein vesentleg

høgare pris på å leige samband enn dei som har tilhald nær eit nodepunkt. Enivest har ein annan

prisstruktur som ikkje på same måten ”straffar” dei som har lengre avstandar til tilkoplingspunkta i

Sogn og Fjordane.

Manglande andre generasjons breiband og få nodepunkt medfører at næringslivet i Sogn og

Fjordane får forverra konkurransesituasjon ved at dei ikkje får tilgang til nye tenester med den pris

og kvalitet som bedrifter i sentrale delar av landet får.

2.5 Beredskap og samfunnstryggleik2

Digital infrastruktur er ein viktig føresetnad for andre typar kritisk infrastruktur. Det er viktig at

breibandet har god driftstryggleik og oppetid i beredskapssituasjonar. Svikt i tele- og datanettet kan

føre til store negative samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar.

Det vil i beredskapssituasjonar vere viktig med tilgang til tele- og datanettet ved ei rekkje kritiske

lokalitetar i fylket. Teleleverandørar prioriterer leveranse til viktige samfunnsområde, og det vil

2 Etter innspel frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Page 11: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

11

vere naturleg at det vert lagt tilsvarande føringar for linenettet. Val av prioriterte lokalitetar må

gjerast på bakgrunn av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar), og overordna føringar som

gjeld driftssikkerheit for lokalitetane bør innarbeidast som tildelingskriterium for fylkeskommunale

breibandsutlysingar.

I denne samanhengen er ein avhengig av å få fram ei samla oversikt over kritiske brukarar og

kartleggje mulig infrastruktur for dublering og ruting av framføringsvegar. Det kan vere naturleg at

dette kartleggingsarbeidet vert lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, jf. ansvaret for

gjennomføring og vedlikehald av FylkesROS.

2.6 Kommunane har aukande problem med delfinansiering

I dagens organisering av breibandutbygginga i fylket har kommunane hatt ei viktig rolle. Dei har

kartlagt lokale behov, dei har handtert dei offentlege innkjøpa og dei delteke i finansieringa.. Med

ein overgang til annan teknologi som fiber og 4G mobilnett, vil prosjektstorleiken auke og

kommunane vil mest truleg få problem med å kunne gå like tungt inn i spleiselaga som før. Dette er

også erfaringa med fiberprosjekta som er gjennomført i fylket så langt. Fleire kommunar har sagt

frå seg tildelte midlar fordi dei ikkje har funne budsjettdekning til å bidra økonomisk med

eigendelen. Det er viktig at kommunane vert ein aktiv pådrivar og lokal koordinator også framover.

Kommunane kjenner oftast dei lokale tilhøva best.

2.7 Fylkeskommunen sine verkemiddel og handlingsrom

I dag nyttar fylkeskommunen ca 10 mill kr i året til breibandutbygging. Desse midlane kjem i sin heilheit frå staten og er, saman med tilsvarande midlar frå kommunane i fylket, med på å sikre utbygging av breiband i fylket. Fylkeskommunen er ein stor infrastrukturaktør i heile fylket, både når det gjeld vegar og energi. I

tillegg til dette er fylkeskommunen ein stor brukar av breiband med kommunikasjon til alle

fylkeskommunale bygg over heile fylket.

Denne strategien føreslår å sette krav til føringsvegar og liknande for å fremje framtidig utbygging

av andre generasjons breiband i fylket. Der fylkeskommunen byggjer nye vegar skal det samstundes

leggast ned trekkerøyr som kan nyttast til breiband.

Fylkeskommunen har i dag eit eige plansamarbeid med kommunane. Gjennom dette samarbeidet

skal fylkeskommunen oppmode kommunane til å ta breiband inn i kommunal planlegging. Døme

kan vere å utvikle eigne kommunedelplanar for breiband med plikt til at det vert tilrettelagt med

trekkerøyr i nye bustadfelt og ved utbygging av kommunale vegar. Fleire kommunar signaliserer at

Page 12: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

12

dei har for liten kompetanse og kapasitet til å handtere meir breibandutbygging. Fylkeskommunen

bør vurdere å styrke arbeidet med å assistere kommunane i breibandspørsmål.

Fylkeskommunen disponerer også andre midlar som kan knytast til breibandutbygging, td. dei

såkalla ”bulystmidlane” til prosjekt for lokalsamfunnsutvikling. Her er det i prinsippet mogeleg å

sette fokus på breiband og ta dette med i kriteria for tildeling av midlar. Men når det gjeld

næringsutvikling og bygdeutvikling, er avsetting av midlar til breiband ei prioriteringssak. Resursane

er avgrensa. Breiband kan setjast opp i mot mjukare investeringar i næringsutvikling, og då er td. 6

mill til breiband mykje midlar.

Eit alternativ kan vere å arbeide for å definere breibandutbygging som eit ”samferdsleprosjekt”.

Samanlikna med samferdslekostnader får ikkje fylkeskommunen bygd mykje veg for td. 6 mill kr.

Dette er av dei politiske drøftingane og prioriteringane som må takast framover. Det må også

vurderast om den kan nyttast midlar som er løyvde til Innovasjon Norge for næringsutvikling. Ein

øyremerking av breibandmidlar gjennom INU-ordninga bør også vurderast.

Det er eit behov for å samordne midlane som skal nyttast til breibandtiltak, og det er naturleg at

Sogn og Fjordane fylkeskommunen har dette samordningsansvaret.

Page 13: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

13

3. Breibandstrategi for Sogn og Fjordane

Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til andre generasjon

breiband i 2020.

Strategien er fylkeskommunal, men den er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

3.1 Partnarskap

Fylkeskommunen skal vere ein aktiv pådrivar for å byggje ut andre generasjons breiband i Sogn og

Fjordane. Arbeidet skal gjerast i tett dialog med kommunane, regionråda og leverandørane i fylket

innanfor gjeldande reglar for offentleg innkjøp. Sogn og Fjordane fylkeskommunen skal nytte IT-

forum Sogn og Fjordane / Breibandforum som partnar i arbeidet.

3.2 Definisjon av andre generasjon breiband

I denne strategien er andre generasjon breiband teknologinøytralt og definert som minimum 100

Mbit/s begge vegar til næringslivet og offentleg sektor, og minimum 30 Mbit/s nedstraums og 10

Mbit/s oppstraums til hushald.

3.3 Økonomiske råmer

Det er svært vanskeleg å anslå kva ei utbygging av andre generasjon breiband vil koste, men i

denne strategien er talet 500 mill kr nytta. Talet byggjer på estimerte kostnadsoverslag frå

leverandørane og ein miks mellom ulike teknologiar, både mobilt breiband, vdsl og fiber. Det er

vektlagt at mobilt breiband (4G) er innanfor vår definisjon av andre generasjons breiband til

hushald, og Telenor sitt estimat på 310 mill kr er nytta som ein viktig kjelde. Så fastslår strategien at

næringslivet vil krevje høgare kapasitet, kapasitet som berre fiber vil kunne levere. Eit overslag

over kva denne fiberutbygginga vil koste, er også vanskeleg, men her er talet 190 mill kroner nytta .

Dette talet er høgst usikkert, men basert på at dei største verksemdene, fordi dei ofte er plassert

geografisk i nærleiken av tettstadar, kan få tilgang til andre generasjons breiband utan offentlege

tilskot. Dei verksemdene som geografisk ligg langt frå tilkoplingspunkt for andre generasjon, vil

kanskje be om offentleg tilskot. Ved å bruke estimatet om at det kostar 310 mill kr å skaffe andre

Page 14: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

14

generasjon breiband ved hjelp av alternative teknologiar og med eit samla kostnadsestimat for alle

teknologiar på 500 mill kr følgjer det at vi anslår fiberutbygginga til å koste 190 mill kr. Kostnadane

på 500 mill kr er ein tredjedel av kostnadane (estimert frå Telenor) på 1.5 milliardar kroner for å

legge fiber til alle i Sogn og Fjordane.

Tabell 2 Estimat for utbyggingskostnadar

Teknologinøytralt (30 Mbit/s – 10 Mbit/s)

Fiber til alle (100 Mbit/s – 100 Mbit/s)

VDSL alle sentralar 30 mill kr

Mobilt breiband 4G – dagens mobildekning (99,4%)

130 mill kr

Mobilt breiband 4G – til alle i S&F 150 mill kr

Fiber 190 mill kr3 1500 mill kr

TOTAL 500 mill kr 1500 mill kr

Basert på erfaringar frå tidlegare rundar med breibandutbyggingar, vil dei aller fleste av desse

utbyggingane vere bedriftsøkonomisk ulønsame, og det er lagt til grunn at det offentlege sitt

støttenivå tilsvarer desse 500 mill kr. Det er ein føresetnad at den digitale dividende vert nytta til

mobilnettet. Skulle denne dividenden i staden bli brukt til andre føremål, vil støttebehovet ved

utbygging av 4G mobilnettet verte monaleg større, og ramma på 500 mill kr vert for låg.

Skal målet om tilgang til andre generasjon breiband for alle i 2020 gjennomførast må det årleg

løyvast 62,5 mill kr til dette arbeidet i Sogn og Fjordane. Med ei kostnadsfordeling på 70% stat, 20%

fylkeskommune og 10% kommune vil det gje ein årleg kostnad for Sogn og Fjordane

fylkeskommune utanom dei statlege tildelingane på 12,5 mill kr per år i åra 2012 til 2020. Det må

gjerast politiske prioriteringar hjå styresmaktene på alle tre forvaltingsnivå for å gjennomføre

denne strategien.

3.4 Fylkeskommunale prioriteringar

I dei siste åra har Staten løyvd 8 mill kr i året til breibandutbygging gjennom statlege midlar. I tillegg

disponerer Fylkeskommunen omlag 120 mill kr i året til regionale utviklingstiltak. Berre mindre

beløp, den såkalla ”breibandmillionen”, av desse midlane er så langt brukt til breiband. Eit

alternativ til å finne dekning for breibandkostnadane er å omprioritere noko av desse midlane, td.

10%, til støtte for bygging av andre generasjon breiband over heile fylket. Eit anna alternativ er å

prioritere breibandutbygging på samferdslebudsjettet til fylkeskommunen med grunngjevinga at

dette er ei av dei viktigaste samferdsleoppgåva fylket står overfor framover.

3 Fiber næringsliv som ikkje får dekka sine behov med annan teknologi

Page 15: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

15

3.4.1 Tiltak

Fylkeskommunen har store ambisjonar, men korleis skal måla om breibanddekning nåast og korleis

er måloppnåinga? Dette skal konkretiserast i årlege planar med etterfølgjande rapportering til

fylkeskommunen. Desse planane skal innehalde politiske prioriteringar om kven som skal få

breibanddekning med offentleg støtte frå fylkeskommunen, kor mykje denne utbygginga kostar og

kostnadsfordelinga mellom utbyggjar, kunde, kommune, fylkeskommunen og staten. Det skal

skiljast mellom private og næringsliv når det gjeld prioriteringane.

Fylkeskommunen skal gjere tiltak i eigen organisasjon når det gjeld å tilrettelege for

breibandutvikling. Fylkeskommunen er ein stor breibandbrukar og skal samarbeide med

kommunale og regionale breibandsatsingar til nytte for alle partar. Det vert ei økonomisk og

strategisk avveging om fylkeskommunen skal leige breiband frå breibandleverandørar eller om

fylkeskommunen skal satse på å byggje eigen breibandstruktur. Fylkeskommunen skal setje i gang

eit arbeid for å drøfte desse problemstillinga. Spørsmål som bør avklarast er kva for konsekvensar

det eventuelt vil ha for dagens breibandleverandørar og for fylkeskommunen om strategien vert

endra. Dersom konklusjonen er at fylkeskommunen skal eige nettet, må det avklarast kven skal så

ha fortrinnsrett inn i nettet. Skal det vere andre offentlege styresmakter, eller skal det vere

breibandleverandørar?

Fylkeskommunen skal alltid opparbeide føringsvegar for breiband i samband med

fylkesvegutbygging.

Fylkeskommunen skal nytte sin eigarpost i ulike selskap til å fremje infrastrukturutbygging der dette

er naturleg.

Fylkeskommunen skal påverke kommunar i plansaker ved å oppmode kommunane til å stille krav til

tilrettelegging av føringsvegar for breiband i reguleringsplanar og til å lage eigne kommuneplanar

for breiband.

Kva status skal fylkeskommunen gje mobilt breiband? Fleire teknologiar har avstandsavgrensingar –

kanskje mobil kan vere i mellombels løysing eller kanskje til og med permanent løysing for dei som

bur vanskelegast til? Uavhengig av dette er det viktig med fiber lengst mogeleg ut i nettet. Det er ei

kjennsgjerning i dag at fibersamband er meir stabile enn trådlause løysingar.

Bør tildelingskriteria for fylkeskommunale breibandutlysingar endrast? Dagens kriteria er slik:

1. Absolutte kriteria som søknaden må oppfylle:

a. Må dokumentere at dagens dekning eller kapasitet ikkje er god nok

b. Må følgje regelverk for offentleg innkjøp og unngå konkurransevriding

Page 16: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

16

c. Fiberprosjekt som får tilskot skal sikre at det vert høve til konkurranse på tenester

og innhald (jf. krav frå KRD).

2. Ved mange søknader vert søknadane rangert etter følgjande tilleggskriteria:

a. Må vere til nytte for næringslivet og/eller skular i distriktet ved at dei får tilgang til høgare kapasitet.

3. Maksimal støtte til eitt prosjekt er 3 mill. kr.

4. Utbetaling

a. Fylkeskommunen kan utbetale inntil 25 prosent av tilskotet når tilskotsmottakar har akseptert vilkåra i dette brevet, og arbeidet har starta opp (førehandsutbetaling). For å få midlar, må prosjektansvarleg be fylkeskommunen om ei utbetaling (utbetalingsoppmoding). Dette vert gjort i same skjema som stadfesting av at tilsegna vert teke imot.

b. Fylkeskommunen kan betale ut dei neste 50 prosent av tilskotet når fylkeskommunen har motteke dokumentasjon på faktiske utgifter på 75 % av totalkostnadane i prosjektet.

c. Den siste delen av tilskotet (resterande beløp) skal utbetalast når prosjektaktiviteten er fullført og sluttrapport og revisorstadfesta rekneskap er sendt inn og eigen webbasert rapport er sendt til KRD. Fylkeskommunen tek då stilling til om tilskotet skal utbetalast. Oppmoding om sluttutbetaling vert å sende snarast muleg etter prosjektslutt, seinast innan 3 mnd etter at prosjektet er avslutta. Etter denne dato vil tilskotet verte inndrege.

d. I særskilte høve kan prosjektet etter skrifteleg søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune få forlenga fristen for utbetaling av tilsegna.

e. Eventuelt for mykje utbetalt tilskot skal betalast tilbake utan opphald.

Støttenivå er sjølvsagt avhengig av tilgang på midlar. Og avhengig av tilgang på midlar vil målgruppa

bli utvida frå næringsliv og offentleg sektor til også å omfatte private hushaldningar.

Eit muleg ny målgruppe er hytteeigarar. Så langt har næringsliv og fastbuande blitt prioritert før

hytteeigarar. I eit hytteområde er det ofte mange som bur i lengre periodar og har heimekontor.

Skal ikkje dei også få breiband med offentleg støtte? Breiband til hytteområde vil både kunne gje

direkte økonomiske ringverknadar i lokalsamfunna gjennom meir bruk av hyttene, og profilering av

at lokalsamfunna i Sogn og Fjordane har god infrastruktur som grunnlag for gode bu- og

arbeidsområde.

Dagens støtteordning for breiband er ikkje notifisert til ESA. Fylkeskommunen bør avklare ESA-

notifisering av ordninga for offentleg støtte til breiband. Det skal gjennomførast kartlegging over

heile fylket for å identifisere såkalla ”svarte”, ”grå” og ”kvite” område for videra utbygging av

breiband. Kartlegginga vil vere grunnlaget og dokumentasjonen for vidare arbeid med å vurdere

Page 17: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

17

notifisering. Kartleggingsarbeidet kan også sjåast i samanheng med ROS-analysane knytt til

beredskap.

3.5 Påverke sentrale styresmakter

På statleg side er det i dag tre ulike departement som har ansvar for breibandpolitikken. Det er

vanskeleg å utforme ein sameint nasjonal politikk. Sogn og Fjordane meiner at fibersatsinga skal

sjåast på eit samferdsleprosjekt, og meiner at det er naturleg at departementa utformar ein

sameint nasjonal politikk på breibandsida. Eit mål med den nye politikken må vere skaffe

tilstrekkelege statlege midlar for nasjonal medfinansiering til utbygging av breiband i fylke som har

behov for det.

3.5.1 Tiltak

Fylkeskommunen har teke initiativ til etablering av eit samarbeid med andre fylkeskommunar og

regionar med dei same breibandutfordringane for å koordinerte synspunkt frå alle fylker med

tilsvarande behov. Det er etablert eit nasjonalt breibandråd der Sogn og Fjordane fylkeskommune i

dag er leiar og der sekretariatsarbeidet vert utført av It-forum Sogn og Fjordane. Rådet skal stå for

erfaringsutveksling og læring mellom fylkeskommunar og sikre at staten og dei nasjonale

utbyggarane får ein samtalepart i breibandsaker. Breibandrådet skal identifisere tematiske

problemstillingar, klargjere, informere og påverke sentrale breibandaktørar.

Det må sjåast på prioriteringane og verkemiddelbruken både for fylkeskommunen og på nasjonalt

nivå.

Ulike samarbeidsmodellar mellom det offentlege og private om infrastrukturbygging bør utgreiast.

Døme på slike modellar skal samlast ved landsomfattande erfaringsinnhenting. Som ein del av

utgreiinga, skal det foreslåast reglar for eit slikt offentleg – privat samarbeid og kva avgrensingar

som lovverk og teknologi gir. Vidare må det utgreiast om alle leverandørane skal ha sin eigen

elektronikk i eit slikt samarbeid, eller om konkurranse skal vere på tenestenivå, dvs alle partane i

spleiselaget må nytte den same elektronikken og at staten betale ut alle infrastruktureigarane?

Fylkeskommunen skal arbeide for at det skal utviklast nasjonale køyrereglar for samtrafikk og

samhandling med målsetting om å lage nasjonale køyrereglar.

Fylkeskommunen skal arbeide for at det vert etablert ein nasjonal kartteneste som gir oversikt over

utbreiinga av andre generasjon breiband over heile landet.

Page 18: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

18

3.6 Oppsummering tiltak 2012-2013

Tiltak 2012-2013

1. Årlege fylkeskommunale breibandplanar med rapportering 2. Vurdere om fylkeskommunen skal eige eller leige breiband 3. Innføre krav om å opparbeide føringsvegar for breiband ved fylkesvegutbyggingar 4. Påverke kommunane i plansaker til å stille krav til tilrettelegging av breiband 5. Vurdere nye fylkeskommunale tildelingskriteria for breiband 6. Kartlegge kritiske brukarar og mogeleg dubleringa av framføringsvegar i

beredskapssamanheng 7. Vere aktiv deltakar i Nasjonalt Breibandråd 8. Arbeide for endringar i Plan og Bygningslova når det gjeld graving 9. Arbeide med regulatoriske forhold – særleg kva krav som skal stillast til utbyggjarane

(openheit, fleire tenestetilbydarar) ved offisiell delfinansiering av breibandprosjekt

Vedlegg

Definisjonar Andre generasjons breiband er eit breiband med svært høg kapasitet både til å ta i mot

(nedstraums) og til å sende (oppstraums) store datamengder. Med andre generasjon breiband kan

tv-signal, internett og telefoni (så kalla tripple play) samtidig overførast med god kvalitet. I denne

strategien er det føresett ein kapasitet på minimum 100 Mbit/s både nedstraums og oppstraums

for næringslivet og 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums for hushald for å stette

kapasitetskravet. Dette set krav til teknologien, men fleire ulike teknologiar vil kunne levere denne

kapasiteten til bedrifter og hushald.

Teknologiar Fiberkablar kan levere svært stor kapasitet. Fiber vert ofte brukt for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i

stamnettet og distribusjonsnett, og vert no bygd ut til hushald, særleg i folketette område.

Fiberutbygging gir høge utbyggingskostnadar då det må leggast ny infrastruktur for aksessnettet til

kvar einskild bedrift eller hushald.

Det ”gamle” telefonnettet (ADSL/VDSL) med kablar ut til kvart einskild hus kan levere andre

generasjons breiband til bedrifter og hushald som ligg innan ca 1 km4 frå næraste tilkoplingspunkt

til aksessnettet, gjerne ein telesentral. Dess høgare kapasitet bedrifta og hushaldet krev, dess

nærare må dei ligge eit tilkoplingspunkt.

Kabel-TV nett basert på koakskabel kan levere data med høg kapasitet til kvart einskild hus.

4 1 km her er den faktiske lengda på kabelen, ikkje avstanden i rett linje frå sentral til hus

Page 19: Strategi for breiband i Sogn og FjordaneTelenor skriv til dømes: ”Så lenge ”breiband” ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre

19

Nye mobile løysingar kan levere data med høg kapasitet. Det er ein føresetnad at mobilnettet (dvs

basestasjonen) har tilstrekkeleg kapasitet (gjerne fibersamband). Kapasiteten vert delt likt mellom

dei samtidige brukarane i området.

Satellitt kan nyttast til nedlasting, men ikkje i desse hastigheitene. Dersom data skal lastast opp, må

annan teknologi nyttast. Ueigna for andre generasjon breiband med dagens teknologi.