24
Kjelda Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 3 September 2000 Årgang 9 Ekteskap og barnefødslar i Sogn og Fjordane, s. 8. Haustsogemarknaden 2000 Ein ny haustsogemarknad er i kjømda. Denne gongen lagd til Sunnfjord Hotell, Førde, laurdag den 4. november. Marknaden tek til klokka 10.00 og varar fram til 1600. Hovudtema blir utvandring og amerika- brev. Paul Tomasgard vil fortelja om ei utvandrarsoge han skriv for Hornindal. Fylkesarkivet vil presentere amerikabrev-samlinga si og eit opplegg for kartleg- ging av fleire amerikabrev. Professor Oddvar Nes vil snakka om gardsnamna våre. I tillegg blir det marknad med utstillingar. Vel møtt i Førde 4/11! Meir detaljert program på side 13. Gulatinget Biletet syner Gulatingstemna i Eivindvik, 1938. Egil Skallagrimson sine menn i fokus. Det vert sagt at det var om lag 3000 båtar her dette året, og ein kunne mest gå tørrskodd over sundet like til Fonna! Men veret var ikkje det beste. (Fotograf: P. R. Sandal, eigar: Rolf J. Midtun. SFFf-93375.0003). Gulatinget er Sogn og Fjordane sin tusenårstad. Dette med bakgrunn i at Gulatinget er den eldste større tingskipnaden i Noreg. I Gulen var det ved inngangen til september i år eit stort fagseminar om Gulatingslova. Dette nummeret av Kjelda tek føre seg tidlegare freistnader på å markera tingstaden. Frå tidleg i vårt århundre tok Histo- rielaget i Sogn opp arbeidet med å reisa eit minnesmerke. Men det viste seg vanskeleg å finna den “rette” staden for eit slikt minnesmerke. I 1938 fann ei anna storhending stad. Søndag 10. juli dette året vart første Gulatingsstemna skipa til i Eivindvik. Om lag 4000 menneske var samla til talar og teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle Gulatinget: “Til Gulatinget samlast dei kvart år kring jonsokbil både horder, rygjer, sygner, firdafylking og møring. Agder og Valdres sokna og til Gulatinget. Ei tid hadde jamvel Vesterhavsøyane tingstaden sin her, før dei fekk sitt eige rettsstell etter Gula.” Meir om markeringane av Gulatinget finn du på side 4. Gulatingsstemna, Eivindvik 1938. P. R. Sandal

Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

KjeldaFylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 3 September 2000 Årgang 9

Ekteskap og barnefødslar i Sogn og Fjordane, s. 8.

Haustsogemarknaden 2000Ein ny haustsogemarknad er i kjømda. Denne gongen lagd til Sunnfjord Hotell, Førde, laurdag den 4. november. Marknaden tek til klokka 10.00 og varar fram til 1600. Hovudtema blir utvandring og amerika-brev. Paul Tomasgard vil fortelja om ei utvandrarsoge han skriv for Hornindal. Fylkesarkivet vil presentere amerikabrev-samlinga si og eit opplegg for kartleg-ging av fleire amerikabrev. Professor Oddvar Nes vil snakka om gardsnamna våre. I tillegg blir det marknad med utstillingar. Vel møtt i Førde 4/11!Meir detaljert program på side 13.

Gulatinget

Biletet syner Gulatingstemna i Eivindvik, 1938. Egil Skallagrimson sine menn i fokus. Det vert sagt at det var om lag 3000 båtar her dette året, og ein kunne mest gå tørrskodd over sundet like til Fonna! Men veret var ikkje det beste. (Fotograf: P. R. Sandal, eigar: Rolf J. Midtun. SFFf-93375.0003).

Gulatinget er Sogn og Fjordane sin tusenårstad. Dette med bakgrunn i at Gulatinget er den eldste større tingskipnaden i Noreg. I Gulen var det ved inngangen til september i år eit stort fagseminar om Gulatingslova.

Dette nummeret av Kjelda tek føre seg tidlegare freistnader på å markera tingstaden. Frå tidleg i vårt århundre tok Histo-rielaget i Sogn opp arbeidet med å reisa eit minnesmerke. Men det viste seg vanskeleg å finna den “rette” staden for eit slikt minnesmerke. I 1938 fann ei anna storhending stad.

Søndag 10. juli dette året vart første Gulatingsstemna skipa til i Eivindvik. Om lag 4000 menneske var samla til talar og teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle Gulatinget: “Til Gulatinget samlast dei kvart år kring jonsokbil både horder, rygjer, sygner, firdafylking og møring. Agder og Valdres sokna og til Gulatinget. Ei tid hadde jamvel Vesterhavsøyane tingstaden sin her, før dei fekk sitt eige rettsstell etter Gula.” Meir om markeringane av Gulatinget finn du på side 4.

Gulatingsstemna, Eivindvik 1938. P. R. Sandal

Page 2: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 20002

InnhaldetFrå innhaldet i dette nummeret:- lengste kraftlinespennet i verda.., 3 - Gulatingstaden, 4- fleire koleragravstader i Gulen, 5- sjeldne torvhus ved Turtagrø, 6- gardar og stølar i fylket, 6- stølane på fylkeskartet, 7 - lærdøler og årdøler på vegarbeid? 7- ekteskap og barnefødslar, 8- haust av Ivar Aasen, 11- fylket med internasjonalt arbeid, 11- notehefte frå Sunnfjord, 12- seminar i dans og spel, 12- gjetarviser, 13- haustsogemarknad, 13- stadnamn i Askvoll, 14- konflikt om stølsrettar i 1658, 15- immigrantane og norsk kyrkjeliv, 15- Handalstølen i Hyllestad, 16- på leit etter lokalhistorie? 17- eksplosjonsulukka i Florø 1945, 18- mylnor og kvernar 1919/1929, 19- minnesmerket, 20- motteken litteratur mai/sept., 22- livet på ein kystgard på nettet, 23- ‘nye’ minnesmerke i Stryn, 24

Redaksjon

Gunnar Urtegaard (ansvarleg), Snorre D. Øverbø, Gunnar Yttri, Oddvar Natvik

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, 6861 Leikanger Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01.

Kjelda kjem med 4 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 85,-.Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Postboks 27, 6861 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

Fylkesarkivar: Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, epost: [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane.

Tlf. 57 86 51 24, epost: [email protected] Fridtun (musikk), Leikanger,

Tlf. 57 65 64 04, epost: [email protected] Øverbø (privatarkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 03, epost: [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 09, epost: [email protected]

Gunnar Yttri (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 08, epost: [email protected] Berit Selseng (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 07, epost: [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), Leikanger, tlf. 57 65 64 00, epost: [email protected]

Prosjekt:Hermund Kleppa (Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 02, epost: [email protected] Oddvar Natvik (foto/Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 05, epost: [email protected]

Lokalt stoff på InternettInternett er ein framifrå kanal for å gjera lokalt stoff tilgjengeleg. Med lokalt stoff meiner eg konkret informasjon som kan gje auka kunnskap om lokalsamfunna våre i notid eller i eldre tider. Eg prøver å fylgja litt med på kva som skjer på dette området.

Dette hadde vore ei interessant oppgåve og gått gjennom det som i dag finst for Sogn og Fjordane og freista å finna nokre mønster eller trådar. Kven står bak? Kva er lagt ut og i kva form? Kven er det retta mot? Korleis vert det vedlikehalde? Dette kunne ha vorte interessant bakgrunnstoff for ein breiare debatt om kva som bør verta tilgjengeleg for å dekka ulike behov. Skuleverket har slike behov. Korleis føler dei utviklinga går i høve til det dei treng? Eg har aldri sett intervju med skulefolk eller artiklar av pedagogar som tek opp dette emnet på ein djuptpløyande og grundig måte. Truleg er eg for dårleg orientert.

Lokalt stoff skal ha ein sentral plass i undervisninga i norske skular. Det er ein viktig grunn til at Fylkesarkivet har arbeidd mykje for å gjera vårt materiale tilgjengeleg på Internett. Vår von er at då skal vegen frå arkivmagasinet til skulestovene verta mykje kortare og mindre bratt. Alle skal kunna ta seg fram. Me har og lagt mykje vekt på at det skal finnast stoff frå alle grender og bygder i fylket. Det siste tilbodet er Lokalhistorisk Spørjevev. Me vonar at skuleelevar og studentar vil oppleva dette som ein enkel måte å kontakta fagfolk på.

I dag har dei fleste skular eit Internett-tilbod til elevane. Fylkesarkivet har tilrettelagt mykje materiale. Utgangspunktet skulle såleis vera det beste. I desse dagar sender me ut informasjon til skulane i Sogn og Fjordane om at tilbodet finst. Me stiller oss samstundes ein del spørsmål: I kva grad vil dette verta nytta av skulane? Kor godt høver tilbodet slik det er i dag til kvardagen i skulen? Bør fagfolk i arkivet og fagfolk i skulen setja seg saman for å utvikla tilbodet slik at det vert utforma meir på skulen sine premissar?

Fylkesarkivet vil høyra nøye etter det som måtte koma av merknader frå skulane. Me ser på tilbodet i dag som eit råmateriale som har eit svært stor potensiale. Kanskje tida snart er inne til å setja eit sterkt søkelys på fylgjande hovudspørsmål: Kva er eigentleg skulane sin trong når det gjeld tilgang til lokalt stoff på Internett? Korleis kan ulike aktørar gå vidare i takt for å dekka denne trongen på beste måte? Som fylkesarkivar utfordrar eg skuleverket på dette punktet.

Gunnar Urtegaard

Verdfullt arkiv-materiale til rette i Flora kommuneI slutten av august mottok Fylkesarkivet verdfullt arkivmateriale frå tidlegare Eikefjord kommune. Arkivmaterialet femner om møtebøker, journalar, kor-respondanse og andre papir etter fat-tigstyret i Eikefjord kommune heilt frå 1920-åra og fram til 1960-talet. Det var Alfred Helle som avleverte arkivmate-rialet til Fylkesarkivet. Han hadde hatt papira liggjande etter faren, Johan Helle, som var var formann i fattigstyret i Eike-fjord i ei årrekkje. No skal materialet ordnast og data-registrerast ved Fylkes-arkivet, som seinare vil føra materialet attende til Flora kommune sitt arkiv.

Eldre på datakurs i haust

I haust skal pensjonistar over heile landet setja seg ved datamaskinene og mellom anna læra seg Internett. 17. oktober skal det skipast til lands-dekkande seniorsurf. I Sogn og Fjordane har det vore fleire datakurs for eldre. Fylkesarkivet har og vore involvert i nokre av desse. Frå fleire bygder høyrer me at skuleelevar underviser eldre. Ofte vert Fylkesarkivet sine databasar nytta i slike samanhengar. Her finn dei eldre interessant stoff som fungerer godt som øvingsmateriale når dei skal læra seg å søkja og navigera på Internett.

Kjelda

Page 3: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 3

Året 1955 er eit merkeår i histo-ria om kraftutbygginga i Sogn og Fjordane. I september strekte dei fire kablar tvers over Sognefjorden, frå Rabnaber-get mellom Feios og Fresvik til Fatla-berget mellom Sogndal og Leikanger. Etterpå sette dei opp eit informasjons-skilt ved bilvegen i Fatlaberget om Sognefjordspennet - det lengste kraft-linespennet i verda. Det var Oslo-fir-maet Betonmast som utførde arbeidet. Dei sytte for god dokumentasjon: - samla på pressemeldingar og avis-stykke, filma og fotograferte. Fyl-kesarkivet fekk i sommar låna ein stappfull ringperm om Sognefjordspen-

net frå Betonmast Energie i Oslo. Alt dokumentasjonstilfanget vil verta til-gjengeleg i Fylkesarkivet. Nedanfor er to foto og teksten i eit festtelegram.

I slutten av september heldt dei fjord-spenn-fest på Knausen pensjonat på Leikanger. Det kom fleire telegram. Sivilingeniør Olav Fjalestad, anlegg-sleiar i Sognekraft, sende fylgjande tele-gram frå Oslo.

No knytte de saman Systrond og Vikog snøgt gjekk det jammen å få det slikEg ynskjer av hjarte at tråden må haldeog ikkje i brådjupe Sognefjord falle

Eg ynskjer ‘kje storm men den svalande vindfor spennet som sogningar saman bindMen lat oss tenkja og tru det bestefor begge dei høgreiste kabel-feste.

Eg helsar og takkar og lit på Betonmastfrå konstruktør til dei som set alt fastMå Sognekraft vekse til gagn for alle,som kring fjorden vil bu og sogning seg kalle.

Lengste kraftlinespennet i verda i 1955

Av Hermund Kleppa

Bygging av Sognefjordspennet - det lengste kraftlinespennet i verda -

var ei svært krevjande og ikkje minst prestisjefylt oppgåve. Arbeidet

fekk heile vegen svært god pres-sedekning, og Betonmast var

påpasselege med å sikra seg avisut-klypp frå alle avisene. Her er faksi-

mile av eit oppslag i Morgenposten, Oslo, 6.9.1955.

Fraktebåten M/S “Sjørøyk” (t.v. midt på sida), førd av skipper Arne Kvåle frå Varaldsøy i Hardanger, blei leigd til å føra kablane tvers over fjorden. Kabelen kom frå England og kabel-tromlane blei rigga til i lasterommet.

Her ligg båten godt festa på Fatla-bergsida klargjord til arbeidet med å trekkja enden på ein av kablane opp

i ei av festemastene på toppen av fjellet. Når det var gjort, gjekk båten

kabelen over fjorden nett som når ein set ei line eller eit garn. For å

halda kabelen flytande, feste dei på tomme oljefat med jamne mellom-

rom. På biletet ser me oljefata som dekkslast.

Det andre fotoet (t. v.) viser ein mellomstasjon på ein provisorisk

taubane frå Njøs til Fatlaberget. Fotosamlinga inneheld 150 bilete.

Veit nokon kven personane er?

Kjelda

Page 4: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 20004

I Gulen var det i månadskiftet august/september seminar om Gulatingslova. Professor Knut Helle og andre sette søkelys på sjølve lova, - innhald, framvekst, verknad, utbreiing. Spørsmålet om kvar tingmennene møttest, kvar sjølve tingstaden låg, var derimot det heilt sentrale spørsmålet for vel 80 år sidan då Historielaget for Sogn tok opp arbeidet med å reisa eit minnesmerke om Gulatinget. Arbeidsnemnda greidde ikkje å finna ting-staden, og dermed kom det heller ikkje opp nokon minnestein. - Fylkesarkivet har nett hatt arkivtilfang frå Sogn Folkemuseum til ordning og registrering. Ein liten arkivbunt handlar om det mislukka minnesmerke-arbeidet kring 1920.

ArbeidsnemndArbeidet byrja for alvor hausten 1917 med at leiaren for Historielaget i Sogn, godseigar G.F. Heiberg på Ambla og den historieinteresserte bankmannen Anders Skåsheim frå Balestrand kom saman til fyrste møte i Arbeidsnemndi fyr Minnesmerke um Gulating. Det låg føre brev frå Gulen kommune med melding om at Otto J. Midtun og Karl L.G.Birknes (seinare kjend under namnet Karl Gåta) var valde som medlemmer til nemnda, og at kom-munestyret hadde løyvd 200 kroner til arbeidet. Nemnda konstituerte seg sjølv med Heiberg som formann, Skåsheim som nestformann og sekretær, Midtun som kassastyrar og Birknes som hjelpesmann. Nemnda hadde behov for samarbeid med sakkunnige og vende seg i fyrste omgang til professor Haakon Schetelig, skulestyrar B.E. Ben-dixen, professor Nikolaus Gjelsvik og professor Halvdan Koht. Seinare kom dei i kontakt med andre og.

Kvar var tingstaden?Oppgåva til arbeidsnemnda var å få reist eit minnesmerke til minne om

Gulatingstaden:

Minnesmerket det ikkje vart noko av

Av Hermund Kleppa

4

Kjelda

Page 5: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 5

Gulatingslova. Finansieringa skulle ord-nast ved ei brei innsamling. Men fyrst måtte nemnda måtte ta stilling til kvar tingmennene samlast. Dette var heilt naudsynt for å vedta kvar minnesmerket skulle reisast. Var tingstaden å finna på Stemnebø, på Flolid, i Midtunvågen eller ved kyrkja i Eivindvik. Eit par andre stader var og nemnde. Det hadde vore sagt og skrive mykje om ting-staden heilt frå prost Niels Dahl prøvde å finna svaret i 1820-åra, utan at det hadde kome fram handfaste prov for det eine framfor dei andre alternativa.

Arbeidsnemnda tok nå fatt i lokaliser-ings-spørsmålet med stor tyngd. Dei heldt møte i Gulen, reiste på synfaring og høyrde på kva lokalkjende folk fortalde. Dei var og på synfaring med fleire sakkunnige i fylgjet.

Nemnda sitt vedtakEtter eitt år med omfattande gransk-ingsarbeid og fleire synfaringar gjorde nemnda - saman med “herrane” Jakob Aaland, Just Bing og Magnus Olsen - vedtak om at ingen av dei tre stadene peika seg ut som sjølvskriven til stad for minnesmerket. Dei rådde til å reisa minnesmerket i Eivindvik som midt-stad i den “bygda Gulating heiter etter”. Nemnda vona folk ville slutta seg til synsmåtane deira, elles ville det verta vanskeleg å reisa minnesmerket. Folket måtte stå samla. Etter dette var det neste steget å starta innsamlinga. Heiberg skreiv utkast til innbydingsbrev.

Lukkast ikkjeI 1938 vart det skipa til stor og vel førebudd Gulatingstemna i Eivindvik.

Bilete - illustrasjonarØvst, side 4. Framsida på programmet på Gulatingstemna 10. juli 1938. Utanom fleire talar var det ei framsyning av spelestykket Eigils arvesak på Gulatinget 934. (Tekst Heming R. Skre, regi Lars Nygard.)

Til venstre, side 4. Foto/prospektkort med motiv frå Eivindvik. Arbeidsnemnda av 1917 meinte at området ved Eivindvik kyrkje peika seg ut som den mest høvelege staden for eit Gula-tingsminne, t.d. på neset eller pynten ned frå kyrkja. (Foto: G.Einan, 1916).

På denne sida, til høgre. Eit jakkemerke til inntekt for Gulating-minnes-merke. Fargane er gull og vinraud. Det ligg 2 eksemplar i arbeidsnemnda sitt arkiv. Mon tru det nokon gong var å få kjøpt?

Av stemneprogrammet går det m.a. fram at byråsjef Robberstad heldt tale om Lov og samfund i sogetidi, og at Arne Bjørndal song Gulatingvisa frå Eksingedalen. Men noko minnesmerke høyrer me ikkje gjete. Tjue år etter Heiberg skreiv kladd til innsamlings-brev var det framleis ikkje noko min-nesmerke for Gulatinget i Gulen. Folk hadde ikkje kome til semje om kvar det skulle stå. Det einaste Skåsheim og Heiberg sat att med var ein rikhaldig bunt med møtereferat, brev, fråsegner og framfor alt avisutklypp.

Rikhaldig arkivmaterialeArkivet etter Arbeidsnemndi fyr Min-nesmerke um Gulating inneheld møtebok for nemnda, brev frå fleire “aktørar”: Just Bing, R.E. Bendixen, Gulen kommune, Karl Gaata, Andres Lavik med fleire. papira frå alle i omslag i alfabetisk rekkefylgje. Vidare er det 3 dokumentomslag med avis-stykke signerte av ei rad innsendarar, ordna i kronologisk rekkefylgje. Ende-leg er det og trykt program for Gulating-stemna 1938 i materialet.

Gravminne og kyrkjegardar er temaet i nr 1/2000 av Fortidsminnesforeininga sitt blad Fortidsvern, jfr. Kjelda nr. 2/2000. Eitt av kapitla tek føre seg “gravstader utanom dei vanlege”. Me skreiv litt om ein uvanleg gravstad på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune og nemnde at me har få gravstader av denne kategorien i Sogn og Fjordane. Kort tid etter kontakta Hans Rutledal oss og fortalde om 3 kolerakyrkjegardar i Gulen. Gravstaden Myren ligg på ei myr i utmarka på garden Brimnes i søre enden av Byrknesøy. Her vart gravlagd 2 per-sonar i 1849.

Gravstaden Klaunes ligg på ei myr på nordaustsida av Byrknesøy. Her vart gravlagd 6 personar same året.Gravstaden Gregusøy ligg vest om garden Vatnøy. Her vart også gravlagd 6 personar i koleraåret 1849. Alle gravst-adene vart vigsla av prost Dahl i mai 1851. Rutledal opplyste og det står ein artikkel om kolerakyrkjegardane i Gulen skriven av Karl J. Birknes (Gåta) i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn nr. 9 - 1934.

Koleraepidemiar 1832 og 1848Kolerakyrkjegardane i Gulen er i dag jordfaste minne om koleraepidemiar på 1800-talet. Ein koleraepidemi nådde landet i 1832 og herja ei tid i Oslofjordområdet. Året før hadde sty-

resmaktene sett i verk åtgjerder for å møta kolerafåren. Det vart skipa sunnhetskommisjonar i kvart pre-stegjeld som mellom anna skulle syta for særskilde gravstader til eventuelle koleraoffer. Ein ny koleraepidemi nådde landet i 1848 og denne gongen slapp ikkje Vestlandet unna. Vinteren 1948/1849 døydde over 600 menneske i Bergen og fleire stader i Hordaland vart hardt råka. Sogn og Fjordane gjekk heller ikkje fri, men til all lukke nådde ikkje epidemien meir enn eitt pre-stegjeld. I Gulen vart det på 3 koleraky-rkjegardar - i fylgje Hans Rutledal - gravlagd 14 personar.

Lokale tilsynsmennDei lokale sunnhetskommisjonane sytte for å iverksetja tiltak i samsvar med lov og føreskrifter. Kvart prestegjeld blei delt inn i distrikt med ein tilsynsmann i kvart. Tilsynsmennene fekk i hende

“Uvanlege kyrkjegardar”:

- fleire koleragravstader i GulenAv Hermund Kleppa

(framhald s. 6)

Kjelda

Page 6: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 20006

instruks som punkt for punkt seier kva dei er pålagde å gjera dersom “Cholera skulde udbryde”.Det aller viktigaste var å halda folk borte frå den sjuke eller døde for å hindra smittespreiing. I punkt 6 står det m.a. at tilsynsmannen skal “paase, at saa liden Omgang, som muligt finder Sted mellem det smittede Huses Beboere og Naboerne. Indtræffer Dødsfald skal Liget strax uden at vaskes, uopholdelig lægges i Kiste, og Hensættes i nærmeste Nøst eller i et andet ubeboet Huus, og derfra efter 12 Timer bringes til Graven uden andet

Følge en Ligbærerne. Liget bør kjøres hvor det lar sig gjøre. Gravøl eller andre Samlinger ere strengelig forbudne.”

Permanente helseråd frå 1860Sunnhetskommisjonane i 1831 og 1848 hadde som særskilt oppgåve å setja i verk tiltak for å møta trugande koleraep-idemiar. Når fåren var over, var jobben gjort og protokollar og andre arkivsaker kunne leggjast til sides. I 1860 vart det ved ny helselov skipa permanente sunnhetskommisjonar, frå 1905 kalla helseråd. Det er bevart sunnhetskom-misjonsarkiv frå fleire prestegjeld.

(Framhald frå s. 5)

På Turtagrø held dei no på med å restaurera 3 gamle turkehus for torv. Det er ein gjeng eldsjeler som har fått arbeidet i gong. Folk som ikkje berre visste om husa, men som og såg teikn til trugande forfall, og som har stått på for å ta vare på ein heller uvanleg type stølshus. Me kjenner til at det vart nytta torv som brensel på høgfjellstølar. Folk skar torva straks dei kom på stølen, sette opp i skruar til turking om sommaren og bar i hus om hausten, - til bruk neste år. Ved Turtagrø derimot, laga dei eigne turkehus for torva si! No er spørsmålet kor gamle dei kan vera.

Ynskjer opplysningarTorvhusa ved Turtagrø ser ut til å vera eldgamle. Ein har ikkje kome over skrift-lege kjelder som seier noko om når dei sette dei opp eller kvifor det blei gjort. Dei munnlege kjeldene er heller ikkje til-tstrekkelege til fullgode svar. Torvhus-entusiastane må førebels nøya seg med omtrentlege svar, og svar som kan tyk-kjast rimelege. Dei reknar med at det ikkje var nødvendig å ty til torv før dei tok til med varmekrevjande ysting. Smørproduksjon kravde ikkje nemnande varmeenergi, heller ikkje gamalostproduk-sjon noko særleg. Spørsmålet vert då kva tid dei tok til med den meir engergi-krev-jande ystinga på Turtagrø. Kan nokon av Kjelda-lesarane hjelpa til med nærare tidfesting av torvhusa ved Turtagrø?

EtterlysingKvar er det innsamla stølsmaterialet etter meierimeister J. Grude i Rogaland? Mange har opp gjennom åra arbeidd med soga om stølsdrifta. Det mest kjende arbeidet er Reinton sitt verk på grunnlag av omfattande spørjelister på 1950-talet. Eit anna, og mykje eldre arbeid, er mei-erimeister J. Grude si bok “Stølsdriften på Vestlandet” som kom ut i Stavanger 1891. Denne boka byggjer på eit omfat-tande innsamla grunnlagsmateriale, dels gjennom reiser, dels gjennom spørsmål til lensmennene. Her står m.a. om stølsstaden, om bygningar, utstyr, trans-

port, tilverking av smør og ost, omsetning, og “brænde”. Meierimeister Grude må ha hatt eit formidabelt grunnlagsmateriale då han skreiv boka si. Spørsmålet me på Fyl-kesarkivet stiller oss er: Kvar vart det av dette grunnlagsmaterialet? Finst det enno? På Statsarkivet i Stavanger? I Selskapet for Norges Vel sitt arkiv - kvar nå det måtte vera oppbevart? Privat, - hjå etter-komarar av Grude? Ved Jærmuseet? På Norsk Landbruksmuseum?

Om torvbrukGrude skriv også noko om bruk av torv på stølane. Bruk av torv er av ny dato, seier han, eit brenne ein har gripe til “i de senere år”, etter at ein har sluppe opp for ved. Han nemner særskilt “Lysterstølerne” som døme, og opplyser at dei der skjer torva om våren og set ho opp i skruar til turking. Om hausten syter dei for få å få ho “under Tag, som oftest i Fjøset”, der ho vert liggjande til neste sommar.

I kapitlet om bygningane nemner Grude også andre bygningar enn selet. Dei var få, einast svært enkle, frittståande fjøs somme stader. Han nemner ikkje eigne turkehus for torv. Det må ha vore fordi han a) ikkje hadde opplysningar som slike hus, eller b) at han berre hadde opplysningar om 2-3 stykke, så få, at han ikkje fann det verdt å nemna dei. Eller kom torvhusa seinare enn 1880-åra?

Sjeldne torvhus ved Turtagrø

Av Hermund KleppaTurkehus for torv på stølen Ringane ved Turtagrø. Stølen ligg på ca. 900 m.o.h.

Biletet viser korleis det stod til med huset hausten 1997. No er huset så godt som ferdig restaurert takka vere initiativ frå Kjartan Kvien og andre entusiastar i

Fortun og Skjolden. Dei har hatt nyttig samarbeid med Luster Sogelag og Fortun grunneigarlag. Mesteparten av arbeidet er utført av Olav Skagen og Leidulf Weka.

(Foto: Kjartan Kvien)

- fleire koleragravstader

Kjelda

Page 7: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 7

Den no avlidne fylkespolitikaren Per S. Hjermann gav meg dette spørsmålet ein gong for 10-15 år sidan. Noko løysing på denne “historiske nøtta” har eg aldri funne i skriftlege kjelder. Spørsmålet vart så å seia lagt i gløymeboki frå mi side. Den uløyste gøyta knytte seg til ei segn (eller ein tradisjon) frå området Nordfjord/ Sunnmøre/Nord-Gudbrandsdalen som sa at lærdøler skulle ha teke del i veg-bygging der ein gong for lenge sidan.

No var eg vel sikkert ikkje den einaste som hamna i den blindgata, at eg automatisk kobla desse opplysnin-gane til det Lærdalskompaniet som så mange kjenner frå 7-årskrigen fyrst på 1800-talet, - og som var oppretta i 1801. Soga til dette Lærdalskompaniet skulle vel og vera så bra kjeldedekka at i alle fall felttoget austover både i 1807 og i 1814-15 på det næraste kan følgjast frå dag til dag. Her var det i alle fall uråd å finna tid eller plass til ein avstikkar nordover på vegarbeid! Krigsinnsatsen til lærdølene gav heller ingen grunn til sivilt straffearbeid, skulle me tru!

Men så var det altså at det dukka opp ei ny historisk kjelde: “I Kongens teneste” - om vestlendingane i den store nordiske krig, frå 1709 - 1719,- av statsarkivar Egil Øvrebø. Der går det fram at det vart utskrive ei avdeling på 20 mann frå dei såkalla “fribygdene” Lærdal og Årdal i september månad 1717. Dei vart utskrivne til krigsteneste i “1. sognske reservekompani”.

Den soldatutskrivingi kan ikkje ha gått problemfritt føre seg, for av desse 20 rekruttane var det ikkje mindre enn 9 (eller 10) som rømde på veg austover! Av dei resterande 10 var det 5 som var rapporterte “døde” i februar 1718. Om dei fall i krig eller under freistnad på å rømma, slik dei andre hadde gjort, er uklårt. Men rømlingane, kvar vart det av dei? Eg meiner i alle fall eg har sett att

minst eit par av dei - som husmenn i bygdi seinare.

Det er liten grunn til å tvila på at “lovens lange arm” fann att rømlingane og gav dei ei straff. Det er nettopp her eg brått kjem i hug dei lærdølene som i si tid skulle ha vore på vegarbeid - truleg på “den trondhjemske postvei” ein stad lenger nord i fogderiet. Denne hypotesen får vera mitt bidrag til å oppklåra mysteriet eg starta dette innlegget med. Vanlegvis var straffereaksjonar mot militære desertørar hardare enn det eg her har gjetta på. Men på den andre sida var vel heller ikkje ei kompromiss-løysing så u-logisk i ei så omstridd sak, som denne om lærdølene sitt militære fribrev av 1563!

Vart folk frå Lærdal og Årdal sette til vegarbeid på Nord-Vestlandet i tidi før 1800-talet?

Av Alfred Espe 6871 Jostedal

LÆRDØLER OG ÅRDØLER UTSKRIVNE TIL 1. SOGNSKE RESERVEKOMPANI TIL TENESTE I SEPTEMBER 1717

1. Tore Amundsen Seltun - død 25 02 17182. Lasse Johannessen Ljøsne - desertert på vegen etter utskriving3. Eivind Nilssen Raa - desertert på vegen etter utskriving4. Håkon Gunvaldsen Bø - død 00 02 17185. Erik Larssen Hjelle - desertert på vegen etter utskriving6. Anfinn Knutsen Tolfsgard - desertert på vegen etter utskriving7. Johannes Pedersen Seim - desertert på vegen etter utskriving8. Ole Clemetsen Hestetun - død 26 02 17189. Hermund Tomassen Ve - desertert på vegen etter utskriving10. Knut Knutsen Brekken - død før august 171811. Ole Anderssen Nundal - desertert på vegen etter utskriving12. Nils Olssen Bratt - dø før august 171813. Einar Olsson Husum (1695 - ) - desertert på vegen etter utskriving14. Torkjell Amundsen Nevlo - desertert på vegen etter utskriving15. Ingebrigt Johannessen Skåreim - vakant (fråverande) 00 08 171816. Guttorm Hemmingsen Bjøråker - heim med komp. 10 10 171917. Ola Monssen Voldum (ca. 1695) - desertert på vegen etter utskriving 18. Lars Tollefsen Hegg (1696 - desertert på vegen etter utskriving19. Tomas Eriksen Hegg - desertert på vegen etter utskriving

Utskrivne før:Tollef Henriksen Seim - utskriven 28 10 1709 - vakant 01 08 1716Jens Sivertsen Husum - utskriven 28 10 1709 - død 23 05 1717Albanus Eraker - dø før august 1718

Tru om det ikkje er ein del karar frå denne lista som har vorte opphav til tradisjonsstoffet om lærdølene som skal ha bygt veg lenger oppe på Nord-Vestlandet i “gamle dagar”!

Og så var det dette med “lærdølene” si lange røynsle nettopp i slikt vegarbeid. No ventar eg på respons frå andre med meiningar og kunnskap om dette emnet!

Kjelda

Page 8: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 20008

Fram til midt på 1800-talet slo kyrkja og samfunnet hardt ned på foreldre som fekk barn utan å vera gifte. Kor stort omfang hadde dette i vårt fylke, og var det skilnader mellom dei ulike prestegjelda ? Artikkelen tek føre seg tida frå 1825 til 1850 og påviser dramatiske skilnader mellom prestegjelda i Sogn og Fjordane.

Ho MartaMarta var frå ein gard i Balestrand. I 1716 fødde ho ein son, men ho var ikkje gift med barnefaren. Heilt frå ho var viss om stoda si, hadde angsten rive og slite i ho. Marta var vel klar over at ho hadde teke seg ein fridom som korkje kyrkja eller samfunnet den gongen ville gje ho. Ho hadde fødd eit barn utan å vera gift. Slike barn fekk eit eige merke ved namnet sitt i kyrkjebøkene. Med fjørpennen merka presten dei ut som uekte.

Me kan tenkja oss korleis dagane vart for Marta då barnet kom til verda. Barnet måtte døypast, og presten vart varsla. Presten skreiv ned alle fakta i saka, og melde så frå til futen at her var det snakk om leiermål, ulovleg og straffbart samleie. Marta måtte no venta straff både frå kyrkja og samfunnet.

Ut i frå praksis i slike saker kan me sjå føre oss kva som skjedde vidare. Først måtte Marta skrifta for presten privat. Første høgmesse etterpå vart nok eit varig minne for Marta. Ho vart truleg sett i gapestokken ved Tjugum kyrkje kring 2 timar før messa byrja. Etter messa måtte ho stå 2 nye timar. Ho stod med lenke kring halsen som ein annan bandhund.

Sambygdingane skulle håna ho og sjølve skulle dei ta skrekken. Det var siktemålet.

Under høgmessa måtte ho knela i kordøra eller ved altarringen i den gamle kyrkja på Tjugum. I selet på garden Thue i Balestrand der eg kjem frå, står døra frå altarringen i den gamle kyrkja på Tjugum som vart riven i 1863. Kanskje tok Marta sine hender nett i denne døra for at ho skulle halda seg oppreist. Presten heldt så ein forman-ingstale for Marta. Kanskje spurde han kven barnefaren var. Deretter måtte Marta snu seg mot sine grannar og sam-

Ekteskap og barnefødslar

Av Gunnar Urtegaard

‘Børneavlingen gaaer unægtelig vel for sig i Søndfjord’. ‘Gudmors besøg’. J. Høkert. (Frå boka ‘Søndfjord..’,

Samlaget, 1999).

4

Diagram 1. Syner born fødde utanfor ekteskap i prosent av alle fødde. Samanlikning mellom Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord/Nordfjord og Noreg.

bygdingar og be om forlating for den forarging ho hadde påført dei. For å få si verdslege straff måtte Marta møta på tinget. Marta vart dømd og sendt på tvangsarbeid, truleg til Bergen Manufakturhus eller spinnehuset. Marta kom attende til bygda då ho hadde sona straffa. 11 år etter at sonen vart fødd, levde ho og guten i stor fattigdom. Ho streva hardt for å skaffa det som måtte til for å fostra opp sonen sin.

Kjelda

Page 9: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 9

StraffeneI Christian 5. si norske lov frå 1687 vart det skilt mellom samleie mellom ugifte og samleie der den eine parten var gift. Om utanomekteskapeleg omgang mellom gifte personar seier mellom anna lova dette: “Befindes nogen Ektemand at have med anden Egtemands Hustrue aabenbarlig og Ubluelig Omgængelse og de ikke efter Advarsel sig entholde fra hinanden, men blive fremturende i deris skammelige og forargelige Levnet, da bør hand miste sin Hals og hun stoppis i en Sæk og druknis”. Omgang mellom ugifte vart og hardt straffa, særleg om slike han-dlingar gjentok seg. Første gang vart det bot eller fengsel. Bøtene tilsvara gjerne verdien av 2 kyr og fattige unge kvinner måtte som oftast i fengsel då dei ikkje hadde pengar. Dersom nokon vart dømd for slike han-dlingar for 3. gong, kunne dei missa livet. Brita Nilsdtr. Tjugum vart i 1718 dømd til dødsstraff. Ho fekk seinare omgjort straffa til tvangsarbeid ved fiskeria.

Den kjende teolog og biskop i Akershus (1730) Peder Hersleb, sa at ordninga med offentleg skriftemål måtte avskaf-fast då den vanæra ugifte mødre medan fedrene som oftast gjekk fri. Han reise forkledd kring i stiftet sitt for å finna ut korleis prestane praktiserte offentlege skriftemål. Etterpå gjorde han prestane indirekte ansvarlege for at så mange ugifte mødre tok livet av barna sine i ein freistnad på å unngå skam og straff. Me har mange tragiske soger frå dette feltet i bygdene kring i Sogn og Fjordane. Utover på 1700-talet vart lovverket endra. I 1800 vart straffa for 1. gongs leiermål teken bort. No var det berre straff for gjentaking. Slikt vart straffa med fengsel og i 1850-åra.

Omfanget av barn fødde utanom ekteskapDette var kort om samfunnet sitt syn på dette. Korleis var røyndommen? I kor stor grad makta kyrkja og samfunnet å få bukt med dette? Kor mange barn vart fødde utanfor ekteskap og korleis utvikla dette seg over tid?

Me skal sjå nærare på fylket vårt frå kring 1825 til 1850. Me kan først dela fylket inn i 3 regionar: ytre Sogn, indre Sogn og Sunnfjord/Nordfjord og sjå dette i høve til snittet for landet.

Resultet ser me i diagram 1: ‘Born utanfor ekteskap i % av alle fødde’, nedst på side 8.

Me ser at Sunnfjord og Nordfjord ligg svært lågt i høve til landssnittet. Ytre Sogn ligg noko høgare, men og med klår margin til tala for heile landet. Indre Sogn (frå og med Vik og innover) viser derimot tal langt over dei andre regionane og langt over landsnittet. Me legg og merke til at for landet samla er der ein svak auke i talet på barn fødde utanom ekteskapet i høve til samla tal fødde frå 1825 og fram mot 1850. I 1825 ligg talet i underkant av 7 % på landsplan og i 1850 er det stige til over 8 %. Den same tendensen gjer seg i hovudsak gjeldande i vårt fylke. Dette viser oss utviklinga for større område.

Me kan no spørja om tala var like frå prestegjeld til prestegjeld eller skjuler dette oversynet store lokale skilnader?

Først kan me sjå på kvart prestegjeld samla i perioden 1825 til 1850. Resul-tatet kan me sjå i diagram 2 ovanfor, ‘Born fødde utanfor ekteskap i pre-stegjeld i Sogn og Fjordane, 1825-1850, % av alle fødde’.

Me ser straks korleis denne vinklinga stadfestar bilete me såg ovanfor, men likevel viser at skilnadene var store frå prestegjeld til prestegjeld. Sunnfjord og Nordfjord utgjer i hovudsak ein einsarta region. Tala er jamt over låge, men det er likevel klåre skilnader mellom pre-stegjelda. Lågast er tala i prestegjelda Jølster, Gloppen og Davik. Det er ingen klår skilnad mellom bygdene langs kysten og dei som ligg inst i fjordane.

Flytter me oss sørover til Sognefjorden vert biletet eit heilt anna. I ytre Sogn med prestegjelda Gulen og Lavik, er

tala klårt høgare enn i Sunnfjord og Nordfjord, men ikkje dramatisk annleis.

Det er først når me kryssar grensa mellom prestegjelda Lavik og Vik at biletet vert så vesentleg endra.

Bygder som Vik og Lærdal kan visa til tal som me må heilt fram til moderne sambuartilhøve for å finna maken til. Me kan kort jamføra Lærdal prestegjeld med resten av landet (diagram 3, s. 10). Det gjev oss eit klårt bilete av korleis Lærdal og dermed andre bygder i Sogn avveik dramatisk frå landssnittet. Tala for t.d. Jølster og Gloppen er så låge, at fenomenet barn utanfor ekteska-pet mest var fråverande. Me kan illus-trera dette på fylgjande vis. Ut i frå statistikken måtte det verta fødd nær 50 born i Jølster før ein kunne venta at eitt av desse hadde ugifte foreldre. I Lærdal vil dette skje etter 3-4 fødslar. Det er klårt at her ligg det sterke sty-rande krefter bak utan at me i dag kjen-ner desse.

I diagram 3, øvst på neste side, ‘Born fødde utanfor ekteskap i Lærdal saman-

(framhald s. 10)

Diagram 2. Syner born fødde utanfor ekte-skap i dei einskilde prestegjelda, 1825-1850.

Tala i prosent av alle fødde.

Kjelda

Page 10: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200010likna med landssnitt, 1825-1850’, ser me at på slutten av 1820-åra vart nær 25 % av alle born i Lærdal fødde utan-for ekteskapet. For Lærdal ser me klårt ein fallande tendens frå 1825 til 1850, i motsetnad til utviklinga for heile landet. Likevel ligg Lærdal langt over landss-nittet og i 1850. Me merkar oss elles at dei to bygdene som ligg høgast begge hadde sokalla strandstader. Me tenkjer då på Lærdalsøyra og Vikøyra. I Lærdal var det mange soldatar på vegarbeid i første del av 1800-talet som det og hadde vore før 1800. Me veit ikkje om dette har verka inn. For å koma det litt nærare kan me kort sjå på dei ulike soknene i Lærdal prestegjeld. Dersom me ser kvart sokn for seg for heile tidsbolken frå 1825 til 1850, får me desse tala: Årdal sokn, 12,1 %, Borgund sokn 12.7 %, Hauge sokn (som omfatta Lærdalsøyra) 17.4 % og Tønjum sokn 23.7 %. Det overraskar oss at ikkje tettstaden Lærdalsøyra toppar lista. Dersom me ser nærare på Tønjum sokn år for år, finn me at i nokre år vart nær 1/3 av alle borna i soknet fødde utanfor ekteskap. Me finn og folk som vart registrerte med sitt 6. og 7. leiermål.

Kva skjuler tala?Tala me har sett på er stistikk, men dei er og summen av tallause livsløp og hendingar. Slik me har teke tak i dette no sit me att med langt fleire spørsmål enn svar. Kvar skal me søkja etter forklaringa på desse dramatiske skilnad-ene mellom område som ligg geografisk svært nær kvarandre? Tala stadfestar at det her, som på andre område, er klåre skilnader mellom Sogn og resten av fylket. Det er og klåre skilnader mellom indre og ytre Sogn. Grensa går vest for Vik. I mange andre samanhen-

gar ser me og at her gjekk ei kultur-grense. Studerer me utvandringa til Amerika, finn me eit geografisk mønster som er mykje likt. Det same gjeld for utbreiinga av bibelske namn som Abra-ham, Isak, Jakob, Samuel og så vidare. Finn me ein Samuel i indre Sogn så er han ein innflyttar frå Sunnfjord eller Nordfjord. Me skal ikkje dermed trek-kja den slutninga at det er samanhengar mellom desse fenomena.

Eilert Sundt reiste mykje kring i fylket vårt og han lovprisa sunnfjordingane for at dei levde eit moralsk liv. Sogningane hadde han meir å utsetja på. Men var det no slik at sunnfjordingane rett og slett vart meir skremde av kyrkja og sam-funnet sine trugsmål? Kanskje var dei meir religiøse enn sogningane og soleis la band på seg sjølv gjennom gudstrua? Eller viser tala kort og godt at sun-nfjordingane og nordfjordingane til alle tider har hatt betre styring på driftene sine enn sogningane? Me veit ikkje.

Me veit også lite om korleis dette fenomenet fordelte seg mellom ulike sosiale klassar. Var det helst mellom husmenn og dei lågare sosiale klassane

at dette fann stad, eller var det like vanleg mellom gardbrukarane?

Korleis gjekk det med desse borna som samfunnet stempla som uekte. Skilde livsvegane deira seg frå andre born? Korleis gjekk det med mødrene og kvart vart det av fedrene? Vart born og mødre merkte for livet?Dette er spørsmål som me berre kan få svar på gjennom ei omfattande gransk-ing på individnivå. Med databasar med personopplysningar kan ein no granska slike spørsmål annleis enn før. Her ligg det emne til hovudfagsppgåver og dok-toravhandlingar. Svara må mellom anna søkjast i folk sine haldningar. Me veit at kyrkja og samfunnet fordømde dette. Men kva med t.d. grannane i Lærdal ? Kunne dei bry seg så mykje når kvar 4 person som vandra opp og ned langt Lærdalselva var fødd utanfor ekteskap? Vart ikkje dette då så vanleg at folk flest oversåg det ? Me veit ikkje, men her ligg interessante sosialhistoriske og kvinnehistoriske spørsmål.

Mot vår eiga tid.Ser på 1900-talet, finn me at utviklinga for landet først i hundreåret låg nær nivået frå 1850. Me viser utviklinga i diagrammet til venstre, ‘Born fødde utanfor ekteskap i Noreg 1900-1990’.

Like etter århundreskiftet fall tala litt for så å auka noko att i mellomkrigstida. Mot krigen og særleg mot 1950 finn

Diagram 3. Syner born fødde utanfor ekteskap i Lærdal samanlikna med

landssnittet, 1825-1850. Tala i prosent av alle fødde. Snittlina syner trenden i

Lærdal, som er fallande fram mot 1850. Nedste lina syner landssnittet.

Diagram 4. Syner born fødde utanfor ekteskap i Noreg mellom 1900 og 1990.

Tal i prosent av alle fødde.

4

Kjelda

Page 11: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 11

me ein klår nedgang. Kring 1960-1970 kjem så den store endringa. Tala går rett til værs. Først kring 1980 kjem fedre-landet opp mot det nivået Tønjum sokn hadde i sine “beste år” kring 1830-1840. Det er no unge par i byane og etter kvart utover landet vert sambuande i staden for å gifta seg slik skikken hadde vore i fleire hundre år. Ut i frå desse enkle tala kan me litt useriøst slå fast at lærdølene var tidleg ute - over 150 år før resten av landet.

Denne vesle vandringa i eit omfattande og vanskeleg tema har mest av alt synt oss korleis samfunnet si haldning til sentrale sider ved einskildmenneska sitt liv har endra seg svært mykje. Kring 1700 kunne eit 3. barn føra ugifte forel-dre i døden. I dag vert og eit slik barn teke i mot som lite, men stort under.

I dette nummer av Kjelda tek vi med ein song som burde passe bra til den tida vi er midt inne i. Ivar Aasen sine tekstar har vore nytta i den folkelege songtradis-jonen mange stader i landet, og i opptaksarkivet finn ein desse son-gane frå heile fylket.

Andreas Vinsrygg “Haust” av Ivar Aasen, finn vi innsunge på arkivet med Andreas Vinsrygg, Stryn (1898-1985). Denne songen er ein av dei songane han var likte best å syngje. Han hadde elles mange songar etter mor si, Anne-Marta (f.1858), f. Seljeset, som var eldste søster til Elling Seljeset i Hornindal. Mor deira, Synnøve f. Vin-srygg kom frå Vinsrygg i Stryn. Anne-Marta song både eldre og nyare songar som ho fann i aviser og blad, og ho hadde også bygdeviser og songar som

var arvegods. Sonen Andreas var og kjend for å vere god songar, han hadde ei klar og god baryton-stemme og song med tydeleg tekst.

Utdanna smed Andreas Vinsrygg var utdanna smed frå Holmøyane Arbeidsskule, truleg kring 1915, og året etter var han i arbeid på garden ved skulen i Holmøyane, og fekk dermed eit år ekstra med nyttig lære. Så arbeidde han 3 år ved Flølo hesteskofab-rikk på Sandane, der var han ved sida av arbeidet var med i eit bra ungdomslags- og idrettsmiljø. Kring 1919-1920 skulle Stryn e-verk til å byggje kraftanlegg i Markane, og trengde flinke arbeidarar. Dermed kom han attende til Stryn, og vart tilsett i e-verket. Der var han først smed og linjearbeidar, seinare vart han arbeidsformann. Til saman var han tilsett her i over 40 år.

HaustMykje nytta som songar Rolf Myklebust gjorde opptak av Andreas Vinsrygg for NRK radio i 1952, og ved Arne Bjørndals Samling har ein opptak frå 1956. Vinsrygg vart etter dette mykje etterspurd til å syngje på ulike tilskipingar. Han nytta og lokale tekstar til gamle melodiar, og på den måten fekk visesongen ein levande funksjon knytt til dagleglivet. Andreas Vinsrygg hadde fleire av Ivar Aasen sine tekstar på repertoaret. Av lokale diktarar i Stryn var Amund Mork mykje nytta. Mork fekk prenta mange av dikta sine i Fjordingen, Jul i Nordfjord og andre blad, og Vinsrygg sette tone til desse. Slik som ofte var vanleg, kunne ein om ein mangla tone, leite fram kjende melodiar som høvde med verserytmen og innhald. Såleis kan ein finne mange variantar både i tekst og melodi i den folkelege songtradisjonen.

(Kjelde: R. Myklebust: 50 år med folke-musikk (1982)/ Leif Vinsrygg, Stryn, aug. 2000.)

Endå ser eg ingen vetter, endå er det fager haust. Visstnok ser eg, lauvet detter elder heng på kvisten laust. Men på ymse støde stomnarstend det endå tolleg traust. Før den gamle eiki sovnar, vil ho trøyta vel sin haust.

Sunnan koma milde guster, kvikande på liv og land. Spela i dei gule ruster, kvite båra langs med strand. Ja, den låge soli lyser sumarmildt på grøne jord, til at morgonkjøla linkar med si gust frå kalde nord.

Sume gule, sume snaude hava bjørker hamen bytt. So skal lauvet få sin daude, men det kjem vel atter nytt. Og i tette lag i lidom stender gran og furu grøn, inkje skiftest ho med tidom, vår og vetter like skjønn.

Haust av Ivar Aasen

Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd ein plan for internasjonalt arbeid. Planen, med nokre tillegg, vart drøfta og godkjend på eit møte i Fyl-kestinget den 14. juni i år. Planen legg mellom anna opp til satsing på ‘utvandrarmiljøet i USA’, som i hovudsak vil vera ei vidareføring av det arbeidet Fylkesarkivet har drivi siste 10 åra.Det overordna målet med planen er at internasjonalt engasjement “skal fremje næringsutvikling, bidra til løysing av miljøproblem og til at ungdom skal finne Sogn og Fjordane som eit attraktivtområde og bu- og arbeide i. Informas-jons- og kommunikasjonsteknologi skal bidra til å redusere fylket sine avstand-sulemper i høve det internasjonale samfunnet”.

Fylket med internasjonalt arbeidDet er i planen lagt vekt på tema som næringsutvikling, ungdom og inter-nasjonal kompetanse, miljøutfordringar og informasjons- og kommunikasjons-teknologi.Geografisk skal arbeidet prioritera Nordsjøområdet og det ‘norske utvandrarmiljøet i USA’. For USA engasjementet blir det lagt vekt på stemne og utveksling, forsking og utdanning, formidling av databasar, rei-seliv basert på slektstilknyting, utvikling av kontaktnett, og utvikling av ein Amerika-portal på Internett.

Kulturavdelinga får ansvaret for å organ-isera og utvikla USA-engasjementet, medan ‘Europanettverket’ blir lagt til Regionalavdelinga. Det står no att å få på plass finansier-inga av det internasjonale arbeidet.

Av Oddvar Natvik

Kjelda

Page 12: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200012

Nytt frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag:

Tradisjons-seminar i dans og spel Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Hordaland Folkemusikklag samar-beider for fjerde år på rad om storkurs i folkemusikk og -dans. Desse to fylkeslaga har tidlegare hatt seminar og kurs i springar, hamborgar og rull. Denne gongen er det halling som er tema, både i spel og dans. Kurset er lagt opp med gruppeopplæring og fellessamlingar. Det vert tilbod om opplæring i spel på hardingfele, fele og toradar og i dans med parhalling og lausdans. Dansarane får noko fellesopplegg, og elles vert det og felles økter for alle i teori og praksis. Rådet for folkemusikk og folkedans bidreg med arkivmateriale. Instruktørar og førelesarar er velkjende og dyktige, med Jan Petter Blom som fagansvarleg. Elles er desse med: Sigmund Eikås, Harald Hesjevoll, Arne M. Sølvberg, Egil Syversbråten på hardingfele, Vidar Underseth, Kirsten Friis og Martin Myhr i dans og Olav Stave på toradar. Kurset vert halde på Eikum Hotell, Hafslo 3.-5. november, og er ope for alle. Kursavgifta er kr. 300,- Er du interessert, så meld deg på innan 1. oktober til: Sogn og Fjordane Folkemusikklag, 6871 Jostedal. Tlf. 57683266/ fax. 57683296. E-post: [email protected]

I sommar vart det gjeve ut to notehefte med slåttemusikk frå Sunnfjord. Det er Einar Eimhjel-len som kom med desse hefta. Han har lenge samla slåttar frå Sunnfjord, og no har han gjeve ut to notehefte med slåttar frå sam-lingane sine.

Dei to hefta er “Slåttar og spelemenn i gamle Naustdal” og “Steindals-slåttar og andre slåttar frå Flora kommune”, og inneheld til saman kring 100 slåttar. I tillegg til slåttane har Eimhjellen samla mykje informasjon om dei spelemen-nene som er kjelder for slåttane. Det vert såleis eit “mini-portrett” av mange, både kjende og mindre kjende spele-menn frå Naustdal og Flora kommune.

Mange som drog til Amerika Eimhjellen har vore til Amerika fleire gonger og funne opplysningar om dei som reiste ut. Ein av dei største slåttekjeldene frå Naustdal er Valton Torvik (1893-1974), ei tid busett i Ervik ved Førdefjorden. Han var mykje nytta som bryllaupsspelemann. Men Torvik reiste til Amerika i 1925, og busette seg etter kvart i Canada. Han hadde lite kontakt med heimlandet, og det var difor lite opplysningar ein hadde om han etter dette. Eimhjellen fann mange opplysningar om Valton Torvik hos brorson hans, Roy Torvik i Canada. Frå Steindal i Flora kommune var brørne Torfinn og Harald Steindal. Harald (1911-1999) budde heime i Steindalen, og arbeidde som anleggsar-beidar, medan Torfinn Steindal (1910-1999) reiste til Amerika som 16-åring. Steindal-brørne er kjelde for mange av slåttane frå Flora. Fører tradisjonen vidare Einar Bakkane (1907-1973) var ein av dei som i ung alder lærte slåttar med Torvik. På den måten er tradis-jonen likevel ført vidare til vår tid. Bak-kane har og spela inn mange slåttar på opptak for Arne Bjørndals Samling i 1973. Andre kjelder som har hatt mykje å seie for folkemusikken i Naustdal er bl.a. Ola Fauske (1893-1962), som lærde slåttar m.a. av Ola Nos i Gaular. Fauske spelte i mange bryllaup. Han var ei viktig slåttekjelde for Einar Bakkane.

Jakob Slettemark (1844-1932) var fødd og oppvaksen på Egge i Breim, og flytte til Naustdal, der han kjøpte garden Slettemark. Han spelte vanleg fele. Han hadde ein sers god takt i spelet, og var difor populær som dansespelemann. Ein dans som var populær å danse på den tid, var hamborgaren, den var lett å danse, og då var det alltid fullt på golvet. Den som tok mest vare på tradisjonen etter Slettemark var Asbjørn Sunde (1900-1987). Han var frå nabogarden, og det var kort veg for Asbjørn, som tidleg tok til å lære felespel. Han hadde og 2 brør, som spela fele. Asbjørn Sunde er kanskje den som i nyare tid har sett mest preg på folkemusikken i Naustdal. Han har og spela inn slåttar for NRK og Arne Bjørndals Samling. Desse og mange andre finn ein inter-essant lesnad om, tradisjonen vert på denne måten vidareført i desse to hefta. Fleire av slåttane har og vore spelte av Naustedalen spelemannslag.

To nye notehefte med slåttar frå Sunnfjord

Av Liv Fridtun

Faksimile frå Slåttar og spelemenn i gamle Naustdal. Einar Bakkane til

venstre og Asbjørn Sunde, fotografert ein sommarsundag på Vonastranda.

For dei som ynskjer å lytte til opptaka ved sida av å lese notar, så har Fylke-sarkivet lydkopiar av dei fleste slåttane som er med i hefta.

Kjelda

Page 13: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 13

Mange av songane vi har i folkemusikksamlingane er knytt til kvardagen, og fortel om det folk var opptekne av. Songane hadde oftast ein funksjon, dei vart brukte ved ulike høve i helg og kvardag. Døme på det er barnesongar/ voggesongar, religiøse songar knytt til gravferd og bryllaup, stølsviser, gjetarviser og lokkar. Tema som går att i songane er natur og kontakt med dyr, slik som i gjetarviser, stølsviser og lokkar.

Her er nokre glimt av gjetarviser som er henta frå arkivet. Først eit par korte vers om det same temaet: røven og lambet, dette finn ein over heile landet, og her i fylket har ein mange slike vari-antar. Den første er etter Klaus Asheim, (f.1901) frå Gulen:

Å hei, å hå Å hei, å hå, da blir moro no, når me ska gjeta dei lamba små. Og rev, du tarv aldri tenkja då at du ska lambi få stela no. Kjem du i bakkjen, du fer på nakkjen, det skal du sjå.

Guri Kyrkjeteig på Kirketeigen, Smørklepp (Vik), i lag med geiter frå

heimegarden. (SFFf-94259.0011).

Etter Kristine Eimind, Fjaler (f.1876) har vi ein annan song med same tema:

Røven sit i seteRøven han site i sete, høyre kor litje lambet grete. “Tei no stille, du litje små lam, vveg skal bere deg til mor di fram.” “Nei so menn, da gjere du ei. Du bite meg i bogjen, so draksar du meg på skogjen. So legge du meg under lindan rot, so trakka du på meg med din raudan fot, so dillja du di rompe. Men so kjeme skyttaren og skyte deg, so dette du hovudstumpe.”

Til slutt ein liten geitelokk etter Ida Vonheim (f. 1886) frå Hyen:

Gjetarviser

Av Liv Fridtun

No kjeme geitene mineNo kjeme geitene mine. Først kjem ho Danmark, ho Dokka, ho Rose, ho Sokka, ho Teite, ho Tomme, ho Løkle, ho Lomme, ho Ale, ho Ima, ho Sima, og alle go’geitene mine, kom no ta fjellja med dine. Snart kjeme bjølljebukkane dansande.Danika, Brusen kom føre dei allje.

Haustsogemarknad 2000Sunnfjord Hotell, Førde, den 4. november. Marknaden tek til kl 10.00 og varar til ca. 16.00. Hov-udtema i år blir utvandring og amerikabrev. Det blir og eit innlegg om gardsnamna våre. Elles marknad og utstillingar som tidlegare år. Påmelding innan 20. oktober. Vel møtt på Sunnfjord hotell 4/11!

Program 10.00 - 10.30 Frammøte, registrering, oppstilling av boder

10.30 - 10.35 Opning av haustsogemarknad 2000 ved fylkesarkivar Gunnar Urtegaard

10.35 - 11.10 Utvandrarbok for Hornindal. Opplegg og status ved Paul Tomasgard

11.15 - 12.00 Amerikabrev i Fylkesarkivet ved Snorre Øverbø

12.00 - 12.15 Kartlegging/innsamling av Amerikabrev. Korleis kan det gjerast? Ved Oddvar Natvik

12.15 - 13.15 Lunsj og utstillingar

13.15 - 14.00 Gardsnamna våre. Kva fortel gardsnamna, korleis har dei utvikla seg og korleis bør dei skrivast i dag?Ved professor Oddvar Nes, Universitetet i Bergen

14.00 - 15.30 Marknad, utstillingar, sal (15.00 kaffi og kaker)

15.30 - 16.00 Nytt frå Fylkesarkivet, oppsummering

Kjelda

Page 14: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200014

I fjor kom det ut ei omfangsrik bok om stadnamna i Askvoll kommune. Forfattaren er pens-jonert høgskulelektor og norsk-filolog Kåre Flokenes. Boka byggjer på stadnamninnsamlinga som Fylkesarkivet gjennomførte i 1985/86 i samarbeid med kom-munane og med Oddvar Nes ved Universitetet i Bergen som fagleg ansvarleg. Forfattaren byggjer og på hovudfagsoppgåva si i nordisk frå 1961. Ho heiter “Stadnamn frå sørvestre delen av Vevring herad”. I tillegg til andre kjelder har Kåre Flokenes og nytta ei anna hovudfagsoppgåve, “Stadn-amn frå sjøen i ytre Førdefjorden i Sunnfjord” frå 1950 av A. Håland.

GrunnordHovuddelen av boka til Kåre Flokenes er ein gjennomgang av alle grunnorda i stadnamninnsamlinga, sett opp i alfabetisk rekkjefylgje (s. 23-249). Han definerer grunnord som “alle usamansette stadnamn og sisteleden i alle stadnamn som er samansette”. Desse grunnorda er 713 i alt - så denne delen må bli omfangsrik. Under kvart grunnord nemner så forfattaren opp alle dei stadnamna som er samla inn i noverande Askvoll kommune. Han har og ført opp tal stadnamn for kvart grunnord. Av stadnamnet “haug” eller det lokale “hog” er samla inn 922 namn, av dei er 67 ikkje samansette - dei andre er samansette som Notahogen og Kringlehogen. Under kvart grunnord forklarer forfattaren opphavet til ordet og kva det tyder.

Maltehølen og røytehølenGrunnordet “høl” er oppteikna 65 gonger, av dei er 6 ikkje samansette stadnamn. Av dei samansette stadnamna finn vi både “Maltehølen” og “Røytehølen” som begge fortel om tidlegare arbeidsmåtar eller matstell. Maltehølen var ein plass der dei bløytte kornet før dei brygga øl. Maltehølen finn vi i Skorve-elva

(tidlegare Vevring kommune). No er hølen nesten fylt att med stein etter bygginga av ein demning.

I den same elva finn vi og “Røytehølen”. Dette var ein god røytehøl med passe sterk straum, slik at han heldt seg open om vinteren. Folk kom roande hit for å leggje skinna sine i hølen. Her la dei buntar med skinn som skulle røytast, dvs. fjerne håra frå skinna. Under bygginga av vegen mellom Førde og Askvoll vart nesten heile hølen fylt att. Det er fleire “røytehølar” i Askvoll. Namnet “Hudahølen” finn vi og. Dette er og hølar som har vore brukt til det same.

Flu, skjer, holme eller øyAt ein kystkommune som Askvoll har mange stadnamn med “flu, skjer, holme

eller øy” som ein del av

eller heile namnet er naturleg - heile 640 stadnamn. Det er flest skjer - 271 - og av dei så mange som 265 samansette, slik at det er lett å skilje dei frå kvarandre. Holme er samla inn heile

235 gonger og “flu” 67 gonger, og “øy” like mange gonger som “flu”. Desse namna fortel både noko om naturen, at det er mange fluer, skjer, holmar og øyer, men og at det var og er viktig å setje namn på dei, for ferdsla på sjøen og for bruken av dei.

Tju- eller Tjue-, kjem det frå tjuv eller tjuga??På slutten av boka har Kåre Flokenes eit interessant kapittel om det fyrste leddet “tju” eller “tjue” i stadnamn. Det finnast mange folkelege segner om at dette skal ha vore tilhaldstader for tjuvar, eller rettarstader, der tjuvar vart avretta. Det er og fleire stadnamngranskarar som kjem med desse forklaringane. Kåre Flokenes tek føre seg desse namna, og drøftar ulike måtar å forklara opphavet på. Han kjem og med teorien om at ein del av desse namna kan ha namn etter skapen eller forma på staden. “Tjúga” tyder på gamalnorsk ei kløft. Den gamle høygaffelen “heytjúga” hadde berre to tindar - og dermed ei kløft i midten. Kåre Flokenes kjem med mange eksempel frå heile landet. Konklusjonen hans er at opphavet til desse namna kan vere forskjellig. I Askvoll finn vi både Tjubergsnova, Tjuholmen og Tjueskora.

BOK

Forfattaren Kåre Flokenes, fødd 1928, og oppvaksen i Askvoll. Han er Cand.

philol. med tysk og historie bifag, og norsk hovudfag.

Av Randi Melvær

Stadnamn i Askvoll

Kåre FlokenesStadnamn i AskvollErling Skjalgssonselskapet, 1999

Kjelda

Page 15: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 15

Immigrantane og norsk kyrkjeliv i Amerika

Hefte på 80 sider med foredraga frå Sogndalseminaret 1998, med temaet ‘Immigrantane og norsk kyrkjeliv i Amerika. Artiklane i heftet:

Andreas Aarflot: De første norske prestene i Amerika og deres bakgrunnTodd W. Nichol: Mangfold og samhold. Dannelsen av de norske lutherske kirker i Amerika frem mot ca. 1900Olaf Golf: Den norske lekmannsrørsla i pionertidaOdd S. Lovoll: Den norske kirke i Amerika som kulturbærerØyvind T. Gulliksen: Kirkelivet reflektert i norsk-amerikansk litteraturBjørn Sandvik: Isak Sølvberg - en haugiansk utvandrer fra NordfjordBjørn Sandvik: Nattverdsfallet i Norge - men ikke i emigrantkirkeneMay Lunde: Kvinner i de norske immigrantkirkene

Heftet kostar kr 175,- (porto inkludert). Det kan tingast ved å betala inn summen til konto 3720 22 42503, Sogndalseminaret, v/Aud Ross Solberg, Sogn Folkemuseum, 6854 Kaupanger. Merk giroen ‘Seminarhefte 1998’.

I Kjelda nr 2 i år blei informas-jon om stølar i Sogn og Fjordane etterlyst.

I mitt arbeid med å transskribere tingbøkene frå Nordfjord på 1600-talet kom eg nett over ei sak som dreiar seg om ein konflikt mellom tre gardsbruk på Byrkjelo om retten til stølsbruk. Kan-skje er det nokon som veit meir enn meg om stølsdrifta på denne staden som kan gi meir utfyllande opplysning.

I alle høve gjev dette tingbokreferatet sikker informasjon langt attende i tid om stølsdrift på desse gardane det her er snakk om. Dette er berre ei av fleire saker som var oppe på tingsamlin-gar rundt om i Nordfjord på 1600-talet der sorenskrivaren og lagrettemennene skulle løyse konfliktar i samanheng med stølsdrift og bruk av utmark.

Den saka det her var tale om, var oppe på ei samling på Støyva i Breim sokn i Gimmestad skipreide den 25. juni 1658 der sorenskrivaren Søffren Christensen, lensmann Jacob Kotte og tolv lagrette-menn var frammøtte. Av innhaldet i dette tingbokreferatet ser ein at ein av dei stølane det var snakk om, hadde vore i bruk i alle fall frå rundt 1600 og sikkert også tidlegare. Her fylgjer det tingboka frå 1658 fortel om denne konflikten.

Det er fogden, Jens Pedersen Randulff, som hadde tilkalla møtet etter at men-nene på Støyva (Støffue) hadde tiltalt mennene på Fløtre (Fløttred) “anlan-gende om en stølshage som bete Fløttreid besiddere sig udj Støffuis Marck wille sig tileigne, thvers imod en 12 Mands forligelse som imellem dennem A(nn)o 51 den 16 Junij er oprettet aff S(alig) Jffuer Ankersen daa Suorenskriffuer her udj Nordfiord “.Først blei denne semja som var blitt inngått mellom Støyva, Fløtre og Bjørnerheim (Biorneim) lesen opp i retten. Jon Fløtre vart så spurd om”huor lenge at Hand haffde sin Setter støll paa Hole”, men Jon ville ikkje gje noko svar på det før han kom til lagmannen. Han ville altså ha saka inn for ein høgare

rett, for han rekna ikkje med å bli høyrd i denne samanhengen, sa han.Jon Fløtre og hans grannar blei så ein gong til spurde om “hvorlenge dee deris Støls Hage paa Hole Haffr hafft, suarede at dee haffuer hafft støl der offr 40 Aars tider, och deris foreldre før dennem.” Dette fører oss altså attende til ein gong rundt 1600, kanskje tidle-gare.

Så blei oppsitjarane på Fløtre spurde om dei hadde hatt deira “ Setterstøell i Støffue och Biørnerims ejendeell, bleff Suaret at der nogen tidlang haffde deris Setter Hage och Støell paa en stad kaldis Ronebrecke”.Ikkje noko forlik kom i stand, så det enda med ein dom etter at dei alle “haffr os paa steden effter Øffrighedens befaldning begiffuet, och flitteligen offuersett Dee Støffuis och Biorneims eigendell baade deris Hiemmehage, sampt end ocsaa deris Stølshage”.

Sorenskrivaren, lensmannen og dei tolv

Av Hjørdis Otneim Trondheim

Konflikt om stølsrettar på Byrkjelo i 1658

lagrettemennene hadde altså vore på befaring både på dei involverte gardane og til stølane og sett på forholda.Det ser ikkje ut til at oppsitjarane på Fløtre fekk medhald i sine krav om stølsrett på Støyva og Bjørnerheim sine område. “Effter saadan leilighed, och flittige Øyensiunlig besicktelse Tør wy os icke wnderstaa Dee Fløttreids besidere nogen støls Hage hos dee Støffue och Biorneims besidere at Haffue,” Det vart vist til at der ikkje var nokon tidlegare tradisjon for dette, tvert i mot så hadde dei brukt Hole seter i over 40 år.

Dette er nokre utdrag frå tingbokrefera-tet 25. juni 1658. Det er ikkje lett å forså heile samanhengen for den som ikkje har meir kunnskap enn meg om stadane det her er snakk om. I alle høve så ser ein av denne kjelda at det var mangel på stølar i området, og at det var lang tids bruk som avgjorde retten til denne resursen.

Dersom nokon skulle vere interessert i heile dette tingbokreferatet frå Støyva i Breim sokn, Gimmestds skipreide den 25. juni 1658, der langt fleire detaljar om denne saka er å finne, kan de kon-takte meg. Epost: [email protected]

Kjelda

Page 16: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200016

Siste sommar stølen var i bruk var i 1946. Då avløyste kulturbeita. Fjøs under sela har det ikkje vore. Eit tilbygg til selet som er borte, var geitefjøs så lenge dei dreiv med geitostkoking, men det var slutt før 1940.

Noko anna fjøs var der ikkje. Kor langt stølen ligg frå heimetunet, veit eg ikkje i km. Kanskje 4-5. Me brukte ein times tid å gå, og eit godt stykke med stigning. Stølsvollen (selbøen) var aldri slåttemark. Hestane heldt den snau heile sommaren. Hestane på dei fire bruka i Handal, og like mange frå nabogardar, sume med føl, var ofte på stølen.

Selet vårt (Birger) var bygd i 1914-15. Men det var sel før den tid. (Eg har vore fortald at det gamle selet hadde berre ljore i taket, og ikkje andre glas.) Dei andre sela er sikkert eldre enn 1914-15, to av dei er flytta frå andre stader. I dag er sela brukte ei og onnor helg i ferietida om sommaren, og i hjortejakta om hausten.

Medan stølane var i bruk, var det ei budeie i kvart sel, og alle hadde mjølkekyr. Kvigene var og med, men kalvane gjekk i heimemarka. Me flytta på stølen først i juli månad, og var der ut august, og kanskje litt lenger om veret var fint. Det var mykje som

skulle inn på stølen når me flytta. Sepa-ratoren, smørkinna, rømmebuttar, sen-geklede, salt og turka kjøtbein til kyrne, og diverse anna. Så budeia, to mann og kløvhest hadde alle noko å bere. Trebuttar og tønne til mjølk og myse og koparkjel var på stølen frå år til år.

Kyrne var reiste før. Me gjekk heimanfrå og i stølsmarka og mjølka nokre dagar, og då vaska me selet. Kyrne kom sjeldan på stølen. Me måtte ofte gå langt for å mjølke, like langt frå

stølen, som heimanfrå og dit. To dagar i veka og så søndag var me i ro på stølen. Dei andre dagane gjekk me heim og arbeidde med i slåttonna. Tysdag kinna me smør og kokte prim. Fredag var det

Soga om fjelletFylkesarkivet har arbeidd med å byggja opp eit register over stølar i Sogn og Fjordane. Sjølve registeret eller oversynet over stølar er no førebels ferdig. Tanken vidare er å knyta informasjon om stølane opp mot dette registeret. Alle stølane er og kartfesta slik at ein kan henta opplysningar om stølane ved å trykkja på kart på Internett. Me gjer dette fordi me er opptekne av at soga om fjellet i munnleg form skal verta teken vare på for ettertida. Fylkesarkivet har til no kopla over 1000 bilete frå stølslivet i eldre tid opp til stølsregisteret. Ved å gå inn på karet på Kulturhistorisk Atlas og Leksikon kan du no sjå kva stølar me har eldre bilete frå. Sjølvsagt ynskjer me tilsendt bilete og opplysningar frå dei stølane der me enno ikkje har noko.

Handalstølen i HyllestadAv Randi Handal

Hyllestad

Det skjer mykje spanande på dette området i fleire kommu-nar i fylket no. I siste nummer av Kjelda oppmoda me folk om å senda inn stoff om stølar og bilete frå stølane og stølslivet. I dette nummer av Kjelda tek me med framifrå stoff om Handalstølen som me fekk frå Randi Handal i Hyllestad. Me har og fått stoff frå Johan Hagen når det gjeld Handalstølen. Stølen ligg i Hyllestad og var støl for 4 bruk på garden Handal. Dersom ein no går inn på stølsregisteret eller stølsleksikon, som me har kalla det, og søkjer fram Handalstølen får ein opp den fine artikkelen og fleire flotte bilete frå den tida stølen var i bruk. Handalstølen er no eit framifrå døme på kva stoff me ynskjer å få om stølane i fylket.

Gunnar Urtegaard

Handalstølen var i bruk siste gong i 1946. Då tok kulturbeitet over, fortel Randi Handal. Her er Randi og kua Blomlin på kulturbeitet. Til venstre i biletet står ei hylkje til å ha mjølka i,

og framfor kua står ei panne med salt. Vi kan så vidt skimte mjølkebøtta bak

Randi. (SFFf-96036.0006).

Kjelda

Page 17: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 17ysting av gamalost. Me var oppe klokka fem om morgonen og gjekk til kyrne. Me bar med oss salt og knuste kjøtbein ( som var samla heile året). Det likte kyrne å sleikje og gnage på medan me mjølka. På stølen var det så separering og oppvask, og så tok me til på turen heim, med mjølk i hylkje (ryggspann) og i hendene.

Om tysdagane i kveldinga kom hus-bonden sjølv på stølen etter mysekløv. Mysa etter gamalosten vart brukt til drikke blanda med vatn. Og så fekk han med seg heim smøret, og primet som var kokt av saup (kjernemjølk).

I helgane fekk me stundom besøk heimanfrå, og då serverte me rømmeask (rømmekolle) og mjølkekaker, eller av og til rømmegraut. Lonebottenstølen med to sel låg ikkje så langt frå Handalstølen, så budeiene besøkte kvarandre og me hadde det triveleg.

Buførdagen kokte me mylse som me tok med heim. Og så skulde alt me hadde med inn heimatt. Kyrne måtte me og ha med den dagen.

fylkesbibliotek som har sett i gang prosjektet “Fjognedok”, der ein har analysert årbøker og artikkelsamlingar. Du kan no sjå kva artiklar som er å finna i t.d. Årbok for Nordfjord.

Aktuelle adresser:Fjognedok.: http://www.sf.fylkesbibl.no/cgi-bin/websok-fjognedok

Sogndalsbasen, som inneheld boksam-lingane til Sogndal bibliotek, grunnsku-lane i Sogndal og Sogndal vidaregåande skule, og etter kvart også boksamlin-gane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjor-dane og til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.:

http://www.sogndal.folkebibl.no/cgi-bin/websok

Eit søketips er å nytta valget Avansert søking og trunkert, det gir best treff-mogelegheiter i basen.

Er du på leit etter

lokalhistorisk litteratur?

Då er “Sogndalsbasen” den rette plassen å søka informasjon. Arbeidet med å registrere litteraturen ved biblioteket til Fylkesarkivet er i gang. Det er Sogndal bibliotek saman med Fylkesarkivet og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum som i fellesskap har sett i gang prosjektet “Lokalhistorisk spørjevev” med sikte på å etablera eit samarbeid om bibliotekløysing og internetttenester. Det vert

også samarbeidd med Sogn og Fjordane

Handalstølen i 1940 då alle sela stod. Slik såg stølen ut frå Leitet. Då var ein komen så langt at ein såg stølen. Eigarar frå venstre: Trond Handal, Gunnar Handal og Birger Handal. Selet som

står framom dei andre høyrde til Magnar Hestvik. Selet til venstre er borte no, selet i midten bak er noko endra og det til høgre bak er slik det var. (Foto: SFFf-96036.0007).

Kjelda

Page 18: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200018

Laurdag 1. september 1945 kl 15.10 skjedde det ein alvorleg eksplosjonsulukke i Florø; ei ulukke som til no har vore lite omtalt. I Brufjorden mellom Furesund og Oddane eksploderte ein tysk lekter - M/S “Thekla” - med 19 personar om bord. Ei bok av Inger Cecilie Stridsklev freistar å få hendinga fram i lyset att.

Båten var heimehøyrande i byen Haren ved elva Ems i Tyskland rett ved den hollandske grensa. M/S “Thekla” kom til Noreg i 1944 for å frakte gods langs norskekysten for den tyske verjemakta. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart båt og mannskap på 6 sett inn i ammunisjons- og troppetransport. I slutten av august same år vart båten rekvirert til transport av utrustning og materialar frå Florø til Bergen. Men då M/S “Thekla” kom til Florø vart ho lasta med ammunisjon og sprengstoff som skulle senkast i Bruf-jorden.

Lossing av “sabotasjesprengstoff”Dette var naturlegvis ein svært farleg arbeid. Sprengstoffet vart m.a.

høgeksplosivar som plastikksprengstoff og nitroglyserin. Stikk i strid med folkeretten vart ukyndige - dvs. varetektsfangar - sett til å losse eksplosivane. Men det var ikkje “vanlege” varetektsfangar. Dei var henta frå fangeleiren i byen, som no etter frigjeringen husa fangar mistenkte for landssvik.Sjølve arbeidet vart overvåka frå land av engelske og norske offiserar.Lastearbeidet pågjekk ca ei veke, og laurdag 1. september 1945 gjekk M/S “Thekla” frå Fugleskjærskaien og ut i Brufjorden fullasta med ammunisjonen og sprengstoff. Med i arbeidet med å dumpa den livsfårlege lasta i fjorden denne skjebnesvangre dagen - i tillegg til mannskapet på 6 - var 10 varetekstfangar og ein vaktmann, og ein engelsk offiser og hans tolk.

Båten løfta 30 meter i væretKlokka 15.10 høyrdest og kjentes eit forferdeleg drønn over heile Florølandet. Vitner til hendinga fortalde

at båten vart løfta 30 meter til vers og smadra i bitar.Då det kom folk til staden fann ein ikkje anna enn ein uniformslue og nokre vrakrestar.Det vart sett ned ein militær undersøkingskommisjon, som hadde eit par møte nokre dagar etter ulukka. Lokalavisene omtalte kort hendinga, men tok den ikkje opp att seinare. Det kan sjå ut som om saka vart dyssa ned. Ingen stilte spørsmålsteikn ved å nytte ukyndige i lossearbeidet. Ingen vart stilt

Den ukjende soga om eksplosjonsulukka i Florø som krevde 19 liv

BOK

Av Snorre D. Øverbø

Florø fangeleir, 1945/46. Tyskarane bygde ein fangeleir ved Havrenesvegen for

russiske krigsfangar under okkupasjonen. Etter 8. mai 1945 og fram til mars 1946 vart han brukt som fangeleir for norske

landssvikmistenkte. 10 av dei 30-40 innsette omkom i eksplosjonsulukka med

M/S “Thekla” (Eigar: Kystmuseet i S. og Fj., fotograf: ukjend)

Kjelda

Page 19: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 19til ansvar. Saka vart nesten gløymd. Til og med arkiva til den militære undersøkningskommisjonen og til den engelske militæravdelinga forsvann.

Soga om dei omkomneSå mykje om dei ytre omstende ikring ulukka. Boka sin undertittel: “Min-neskrift over 19 menn vi ikke har lov til å glemme” gjev lesaren ei viktig pre-sisering: Boka handlar ikkje først og fremst om detaljane ikring ulukka, men om dei 19 menneska som omkom. Kvar og ein får sitt kapittel. Forfattaren har gjort grundig research, m.a. intervjua ei mengd personar, både slektningar, naboar og vener av dei omkomne. Ho har særleg arbeidd med soga til varetektsfangane i Florø leir.

Boka engasjerer, særleg den delen som går inn på einskildskjebna til dei omkomne. Det blir eit sterkt møte med einskildpersonar, den yngste berre 19 år, dei aller fleste i 20- og 30-åra. M/S Theklas himmelferd tar oss med til historiene bak historia, og minner oss alle om kor djupt dei er sakna, manns-kapet, vaktane og landssvikfangane på båten frå Frisland, M/S “Thekla”.

Inger Cecilie Stridsklev:M/S Theklas himmelferdSnøhetta forlag a.s. 1997

Boka kostar kr 218,- og kan tingast direkte hjå forlaget.Adresse:Snøhetta forlag a.s.2665 LESJA

Fleire møller og kverner i 1919 og i 1927-1929Fleire lesarar av Kjelda har reagert på at oversynet over møller og kvernar for Sogn og Fjordane førre nummer var ufullstendig. Her mangla det mykje! Diverre hadde Nordfjord-kommunane falle heilt ut. Ved sida av til høgre følgjer desse og med dette skulle oppsettet vera komplett.

Myl

nor

og k

vern

ar i

1919

og

i 192

7-19

29

Kjelda

*) I

rubr

ikke

n til

val

sest

olar

er

dubb

el v

alse

stol

rek

na s

om tv

o va

lses

tola

r. H

er e

r el

les

ikkj

e te

kna

med

val

sest

olan

e i h

ande

lsm

ylno

r so

m b

erre

driv

han

dels

mal

ing.

Hav

re-v

alsa

r (g

rynk

lem

mor

) er

rek

na m

ed s

om v

alse

stol

ar.

Page 20: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200020

MinnesmerketAv Hermund Kleppa

Fylkesarkivet held på med å byggja opp eit minnesmerke-register for heile fylket. Me presenterer eitt minnesmerke i kvart nummer. Ta kontakt med oss!

Frå Spjuteneset på Nordsida av Hornindalsvatnet går det ein rygg opp mot Åsebønakken. Her var det vete og vetestove i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande syste-met for varsling av ufred. I 1904 reiste dei ein minnestein på den gamle vetestaden.

MinnesteinenHeile Åsebønakken er skogkledd. Min-nesteinen står i høg furuskog nokre få meter frå høgaste punktet på 349 m o.h. Steinen er 1 m brei, 3 m høg (avrunda oppe) og 2 dm tjukk, alle mål

omtrentlege. Han står i eit betongfun-dament på berggrunn og er halden i loddrett posisjon ved jernstøtter på kvar side, på same måten som ein kan sjå kraftlinestolpar er festa på fjellgrunn. Innskrifta, som står på sida mot aust, lyder slik: NAAR BAUNEN LYSTE OG - (i halvsirkel øvst) BUDSTIKKEN LØB, ET * KRIGSBUD GJENNEM * LANDET LØB - * REIST TIL FÆDRENES * MINDE * 1904 (stjer-neteiknet * tyder ny line)Orda Naar baunen lyste, og budstikken løb -, et krigsbud gjennem landet løb -, ser ut til å vera påverka av eit vers i Sinklarvisa, skriven av Edvard Storm i 1781 eller 1782 til minne om Skot-teferda i 1612.

DugnadDet var ungdom og andre i Heg-gjabygda som like etter år 1900 tok opp tanken om å reisa eit minnesmerke på Åsebønakken. Vetastova var då sterkt til nedfalls, og dei var redde for at den gamle vetestaden skulle gå i gløymeboka. Tanken fekk allmenn tilslutning og folk møtte mannjamnt opp til dugnadsarbeidet med å transportera og reisa steinen. Emnet fann dei i ein berghamar eit kort stykke frå staden der steinen står. Murmeisteren og steinhog-garen Knut Aasebøstøl var arbeidsleiar.

MålstridSmeden Steffen P. Heggen var mannen som hogg inn skrifta på steinen. Men før han kunne ta fatt med hamar og meisel, hadde det vore avrøysting over to framlegg til innskrift, eit på bokmål og eit på landsmål eller nynorsk. Fram-legget til lærar Nils Melheim ‘Her lyste varden Haakon bygde’, vart vraka,

Minnestein på eldgamal vetestad

Kring 350 menneske var samla på Åsebønakken då minnesteinen vart avduka i august 1904. Til venstre for minnesteinen står fana til Bjørnen skyttarlag, til høgre Heggjebygda Ungdomslag si. Fanene har fylgjande påskrifter: Kvinder selv stod opp og strede (skyttarlaget) og Vi minnest Anna Coldbjørnsdotter. Knut Aasebøstøl som var arbeidsleiar står rett framfor steinen. (Foto: Hellebust, Nordfjordeid).

Kjelda

Page 21: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 21

noko som førte til eit kvast ordskifte i lokalavisa Fjordenes Blad ( frå 1920 Fjordabladet). Usemja om innskrifta på Åsebønakke-steinen like etter århundreskiftet 1800/1900 avspeglar tida for den fyrste målreisinga i fylket. Ingen vaksne i Heggjabygda - kanskje ikkje skule-borna heller - hadde på denne tida fått opplæring i nynorsk skriftmål, og mannen bak nynorskframlegget, nett heimattkomen frå lærarskulen, var berre ein “fersking” i laget.

AvdukingaSøndag den 28. august 1904 var det avduking og stort frammøte på Åsebønakken. Kring 350 menneske frå dei næraste bygdene var møtt fram. Lærar Kornelius Frislid ynskte velkomen og lærar Håkon Aasvejen heldt avdukingstalen. Han fortalde om oppbygginga av landforsvaret under Haakon den gode og drog forsvarshisto-riske liner fram til 1904. Lærar Matias M. Heggen las opp Anders Vassbotn sitt dikt ‘Aat Norig’.

Vetar og varsling i ufredstiderOdd Kjell Bosheim fortel utførleg om det gamle varslingssystemet i Kjelda 4/1999.Varsling av ufred ved å brenna

bål (vete) på fjelltoppane er eit signalsystem som vart nytta frå Haakon den godes tid på slutten av 900-talet til fyrst på 1800-talet. Snorre fortel at Håkon den gode organiserte landet i skipreider, og at kvar skipreide skulle skaffa skip og mannskap til å verja landet i ufredstider. Til å varsla ufred vart det på høvelege stader sett opp vardar som vart kveikte og på den måten “sende” lyssignal til neste varde i signalsystemet. Gulatinglova har også påbod om at det ved vetane skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører.

I Sogn og Fjordane vart dei gjerne kalla vetastover.

Varslingssystemet med vetar vart siste gongen nytta i ufredsåra 1807-1814. Mange stadnamn minner om det gamle varslingsystemet.

Åsebønakken vart visstnok ei tid lokalt nemnt som Vetenakken.

Kjelder:Angell, H: Skotteferdi. Eit 300-aars minne. 1912Lindvik, Ingebrigt M.: Vardevakt. I Jul i Nordfjord. 1981.Norsk Historisk leksikon.1999.

Sinklarvisa‘Baunen lyste og budstikken løb’ er fyrste lina i eit av Edvard Storm si vise om Skotteferda i 1612. Tittelen i Digte 1785 er En national Viise om den Skotske Oberst Zinklars Indfald i Norge Ao 1612 og paafølgende nederlag.

For eit halvt hundre år sidan var det ikkje sjeldan at eldre folk kunne alle

versa på rams. Sjølv minnest eg at min bestefar, Jens, f. 1859 song heile visa om Sinklar som drog “over saltan hav”.

Fylkesarkivet har fleire opptak av Sinklarvisa.

Minnesteinen på Åsebønakken står like ved høgaste punktet på 349 m

o.h.. Ein kan ta turen opp ved å fylgja ein skogsveg som tek av frå

fylkesvegen i ein skarp sving nokre få hundre meter aust for garden

Åsebøstøl. Heggjabygda IL har ein turpost ved steinen.

(Foto: H. Kleppa).

Åsebønakken ligg markert i landskapet. Her midt i biletet på nordsida av Hornindalsvatnet. (Foto: H. Kleppa).

Kjelda

Page 22: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200022

Maiu Øvre-Eide, Bergljot (formann for utstillinga). Katalog for utstilling av gamal tekstil Stryn 1951: Utstilling i Stryn 1951 av gamle u tekstilarbeid frå Hornindal, Innvik og Stryn. 1951. Bondekvinnelaga i Hornindal. Innvik og Stryn.u Arbeidsnemnda v. Pål Sandal, Kristen Bjørkelo, Jakob Bergheim og Anton Jordanger. Breim Bondelag 90 år, 1890-1980.u Truleg 1980. Breim Bondelag.u Thue, Johs. B. (red). Tap og vinning - næringsutvikling i Sogn og Fjordane i vår nære fortid. 2000. Skald AS.u Vannverk på landsbygda. 1951. Norsk Landbruksteknisk Forening.u Sannes, Tor Borch. Christopher Columbus - en europeer fra Norge? 1991. Norsk Maritimt Forlag.u Vamraak, A.B. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane: Eit stykke heimstadlære. 1931. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane.u Eide, Ove (red). Jakob Sande 1994 (Årbok). 1994. Jakob Sandeselskapet.u Eide, Ove (red). Jakob Sande 1996 (Årbok). 1996. Jakob Sandeselskapet.u Eide, Ove (red). Jakob Sande 1998 (Årbok). 1998. Jakob Sandeselskapet.u Naturvernområde i Sogn og Fjordane. 2000. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.u Norgeskartet m. bedriftsreferanser. U.å. Kartforlaget.u Ueland, Torgny. Stølshandbok. U.å. U. utgjevar.u Hornnes, Ragnar. Samarbeid gav lys og varme: A/S Sognekraft 1947-1997. 1997. Sognekraft A/S.u Fagbevegelsen i Sogn og Fjordane 2000. U.å. LO.

Juniu Ballader: Sveriges medeltida ballader i urval. 2000. Gidslunds Förlag /Svenskt Visarkiv.u Helgaas, Bjørn. Byen ved Havet: Florø og fiskerinæringa 1860-1910. Hovudfagsoppg. i hist. 1999. UiB.u Immigrantane og norsk kyrkjeliv i Amerika: Sogndalseminaret 1998, 24. og 25. september. 2000. Utgjevarar: Sogndal u kommune, Sogn Folkemuseum, Høgskulen i SF, Fylkesarkivet i SF.u Årbok for norsk folkemusikk 1998. 7. årgang 1998. Norsk Folkemusikk- og Danselag.u Årbok for norsk folkemusikk 1999. 8. årgang 1999. Norsk Folkemusikk- og Danselag.u Årbok for norsk folkemusikk 2000. 9. årgang 2000. Norsk Folkemusikk- og Danselag.u Hoff, Anne Marta. Dale kyrkje 750 år (Omslagstittel: Dale kyrkje i Luster 750 år. Kyrkja, folket og bygda. 2000. Nord 4 u Bokverksted og Dale kyrkje.u Herstad, John. I helstatens grep: Kornmonopolet 1735-88. Riksarkivarens skriftserie 8. 2000. Tano Aschehoug.u Norwegian-American Studies. Volume 35. 2000. NAHA, Minnesota.

Juliu Eimhjellen, Einar. Steindalslåttar og andre slåttar frå Flora kommune. 2000. Naustdal Musikkproduksjon.u Eimhjellen, Einar. Slåttar og spelemenn i gamle Naustdal. 2000. Naustdal Musikkproduksjon.u Osa, Sigbjørn Bernhoft. Spelemannsliv. 1979. Ansgar.u Buen, Knut. Jørgen Tjønnstaul. 1984. Buen Kulturverkstad.u Storesund, Asbjørn. Høyrer du Tårån? 1995. Buen Kulturverkstad.u Red. Botnen, Ludvik, Kirkebø, Rannveig Tveit og Østenstad, Olav J. Sunnfjord Ungdomslag gjennom 75 år. 1973. u Sunnfjord Ungdomslag.u Hoksnes, Arild. Vals til tusen: Gammaldansmusikken gjennom 200 år. 1988. Det norske Samlaget.u Li, Bjørn. Harald Sæverud. 1986. Aventura.u Red. Bøksle, Ivar. Sørlandsviser: Fra Vilhelm Krag til våre dager. 1995. Aschehoug.u Ukjend forf. Førde Sementfabrikk 25 år: 1930-1955. 1955. Øens Prenteverk.u Paus, H.W. Norges vegdirektører og vegsjefer. 2. og utvidet utgave. 1962. AS Nationaltrykkeriet.

Augustu Mardal, Reidar (red./forf.). Senterpartiet 60 år: Jubileumsskrift Sogn og fjordane Senterparti. 1980. u Solglimt Trykkeri, Sandane.u Ankerløkkens Mek. Verksted 1927-1952. 1952. u Mo, Magnus. Arealbruk i ein del av dei høgareliggjande områda i kommunane Førde og Gaular. u Hovudoppgåve NLH. 1971. NLH.u Stridsklev, Inger Cecilie. M/S Theklas himmelferd: Minneskrift over 19 menn vi ikke har lov til å glemme. 1997.u Snøhetta forlagu Emigration Review. Seven Volumes, 1-7. (14 issues, 1992-1999). 2000. Fylkesarkivet/Vesterheim.u Anderson, Kristin Margaret. Per Lysne Immigrant Rosemaler. 1985. Vesterheim Museum/Luther College.u Ulvestad, Olav L. Gaularfjellsvegen: Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38. 1998. Trykk: John Grieg as.u Aaberg, Th. Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid. 1929. Helselagene i Hyllestad, Øn og Bø.u Angell, H. Kaptein Jürgensen og leirdølerne hans. 1901. Aschehoug. Kristiania.

Litteratur motteken av Fylkesarkivetfrå 5. mai til 1. september 2000

Oversikt over litteratur og musikk som kjem inn til Fylkesarkivet. Send oss publikasjonar som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket. Kontakt for denne spalta er

Gunnar Yttri, tlf. 57 65 64 08. Epost: [email protected]

Kjelda

Page 23: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 2000 23

http://it-student.hivolda.no/prosjekt/v00/Livet_pa_ein_kystgard/

Arkiv og

teknologiFylkesarkivet

i Sogn og Fjordane

Internett: http://www.sffarkiv.no

E-post: [email protected]

På verdsveven kan du no læra om korleis livet på ein kystgard i Nordfjord var på byrjinga av 1900-talet. Kris-tin Ytre-Arne har laga sidene og formidlar på moderne vis arbeidsmetodar og leveskik-kar som no ikkje lenger finst.

Korleis levde menneska på kystgarden? Korleis var det å vera born? Korleis klarte folka med enkle hjelpemiddel å henta eit levebrød ut av jord og sjø? Dette er nokre av spørsmåla ein kan få klarlagt ved å gå inn på dei aktuelle sidene.

Gjennom bruk av eldre bilete og utdrag frå historisk litteratur, og også samtalar med eldre personar, freistar Kristin Ytre-Arne å spreida kunnskap om korleis livet på kystgarden var for omlag 100 år sidan.

IT og historieDet er som student ved IT-studiet ved Høgskulen i Volda Kristin Ytre-Arne har laga sidene. Ho valde lokalhistorie som emne for sidene avdi ho tykkjer det er viktig at born og unge får læra om korleis menneska som levde før hadde det. Sidene tek utgangspuntk i følgjande overskrifter: Menneska på garden, Å vere born, Bygningane, Arbeid på garden, Dyra, På setra, På sjøen, Kost-hald og Jul.

Under kvar av desse overskriftene finn ein informasjon og nye overskrifter ein kan klikka seg inn på. I tillegg har Ytre-Arne lagt inn eit heller fyldig kjeldekapittel der lesaren kan få kjen-nskap til kvar bilete og tekst er henta frå.

For barneskulenNo vil nok eldre menneske og historisk kunnige tykkja at mykje av informas-jonen som Kristin Ytre-Arne har sanka saman om livet på ein kystgard er noko sjølvsagd og overflatisk. Dessutan vil lokalkjende stussa på at det er nytta bilete frå andre stader i Sogn og Fjor-dane enn Nordfjord. Før ein kjem med

kritiske merknader er det likevel viktig å vera medviten om kven Kristin Ytre-Arne seier ho vil nå med oppgåva”Livet på ein kystgard”: Målgruppa for sidene er elevar på mellomsteget, eventuelt ungdomsskule. Yngre elevar kan bruke stoffet dersom det blir tilpassa. Det kan òg vere aktuelt for folk frå andre delar av landet, eller frå andre land og kul-turar.I ein slik samanheng er det då truleg mindre viktig om eit bilete kjem frå Nordfjord eller Sogn, berre biletet

eignar seg til det emnet som skal klar-leggjast. Og for ein 10-åring i Nordfjord vil kanhende mykje av den informas-jonen eldre menneske opplever som heilt sjølvsagd og grunnleggjande vera heilt nytt. For korkje langorv, stuttorv, såter, heser, børatog eller vassèle er lenger i vanleg bruk, ikkje ein gong i bygde-Noreg.

For folk som vil formidla historie på moderne vis kan IT-student Ytre-Arne sine sider vera ein modell å ta etter. Sidene er å finna på

Kristin Anita Ytre-Haugesom har laga nettsidene om livet på ein kystgard, er 24 år og kjem frå bygda Berle i Bremanger. Dei munnlege kjeldene ho har nytta er besteforeldra Johan H. Orheim og Agnes Ytre-Hauge, og foreldra Jorunn og Reidar Ytre-Hauge. Kristin Anita går no på lærarskule.

Livet på ein kystgard - no på verdsveven

Av Gunnar Yttri

Eitt av bileta frå nettsidene Livet på ein kystgard: Portrett av Arne R. Rørtveit

(1880-1945). Arne var gardbrukar fram til 1942. Han var ein meister i hei-

meindustri, og han laga kiper, halmsko og krabbeteiner. Her skjer han spon

for fletting av kiper. Fotograf: Ukjend. Eigar: Henrik Steen K. Glosvik Biltetet er

å finna i Fylkesarkivet sine databasar: (SFFf-95014.0013.).

Kjelda

Page 24: Kjeldasensff26.sf-f.kommune.no/sff/resources.nsf/0/26AD887E7A243FA6C... · teater, mat og drykk, leik og song. Eit eige skrift vart laga etter stemna. Her heitte det om det gamle

Årgang 9, nr 3 - 200024

CFYLKESARKIVETFylkeshusetPostboks 276861 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682

Me har fleire gonger bede folk om å tipsa oss om minnesteinar og minnesmerke i fylket. Så langt har responsen vore heller skral, men eitt og anna dryp det inn frå tid til anna, som t.d. no sist eit brev frå Johan Gjørven i Stryn. Han nemner to minnesmerke i Stryn - som han trur “kanskje kan vera av interesse”. Det eine er ei stor helle reist på Gjørven til minne om ei rasulukke i 1868. Det andre er ein drakeliknande figur av jern som det kjem vatn ut gjennom. På ein stein over figuren er det festa ei metallplate med eit dikt - på engelsk!Begge minnesmerka er av stor interesse, og då ikkje berre fordi dei var ukjende for oss frå før. Det eine er sett til minne om ei stygg ulukke i snøskredåret 1868, medan det andre i si tid vart laga til av ein utanlandsk sportsfiskar som i mange år heldt til på “laksesenteret” Lysvoll. Me er svært takksame for opplysningane Johan Gjørven sende oss og for foto-grafia som fylgde.

Året 1868 var eit av dei verste snøskredåra på Vestlandet og i Trøndelag nokon gong. Norsk Folke-blad skreiv 29.2: Sneskredene affstedkommer denne Vinter ualmindelige Ulykker (....) I Stryens Prestegjeld i Nordfjord har et Sneskred anrettet betydelig Skade paa Gaarden Gjørven, og 7 mennesker savnes.” I 1995 reiste dei på Gjørven ein minnestein om ulukka; ei steinhelle på ca 1,5 x 4 m som visstnok var golv i ein sauefjøs. Steinen står på same staden som sauefjøsen i si tid stod. (Foto: Johan Gjørven).

To “nye” minnesmerke i Stryn

Veit nokon kva dette er? Eller har nokon sett noko som liknar? I så fall ber me om at du kontaktar oss. Gjenstanden er laga av tre, eik eller eit anna hardt treslag. Han er funnen i ein åker i Naustdal. Biletet er teke av Harald Runde. Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02, om du har opplysningar.

Kva er dette?

Kjelda