1
Frå Berdalsnosi er det eit herleg utsyn mot fjell og fjord. Nederst ser vi enden av Lusterfjorden. Luster- fjorden er den inste armen av verdas lengste fjord, Sognefjorden. Den delen av fjorden som er synleg for oss, heiter Haugsbukta etter gardane som grensar til bukta. Bygda heiter Skjolden. Her møtest Mørkrids- dalen og Fortunsdalen, og to elvar renn difor ut i fjorden her. Begge elvane er lakseførande. For- tunsvassdraget er utbygd med hovudkraftstasjon i Fortun. Mørkridsvassdraget er varig verna. Skjolden er ei lita fjordbygd med om lag 300 menneske. Bygda har ein del turisme, og her er hotell, kafé, kro og tre campingplassar. Nærare oss ser vi Eidsvatnet, som er ein del av Fortunsvassdraget. Den verd- skjende filosofen Ludwig Wittgenstein bygde seg hytte ved øvste enden av vatnet. I dag er det berre grunnmuren som står att, sidan hytta er flytta ned til bygda. Oppe i fjellsida til høgre ser vi den fråflytta garden Gjerseggi. Garden ligg om lag 350 meter over havet, og vart fråflytta i 1968 etter at eit stort steinras hadde skada ein del av innmarka og truga med å øyde- leggja husa på garden. Til venstre ser vi fjellgarden Furåsen. Garden ligg på 380 meters høgde og blei fråflytta tidleg på 90-talet. Mot aust ser vi Hurrungamassivet med nokre av dei høgste tindane i Jotunheimen. Vi ser både Skaga- stølstindane, Ringstindane og Austabotntindane. (Sjå biletet på toppen av sida.) Kort og lett tur til flott utsiktspunkt. Tur nr 13 Berdalsnosi Tur nr 13 Berdalsnosi Turtagrø Årdal Berdalsnosi 1 time samla gangtid 1290 - 1340 m 1,5 km tur-retur Breheimen 1:100000 Ved varden O-merka sti Tid Høgde Lengde Kart Post Merking: Parkering: N 61°28' 20'' E 07°43' 36'' Køyr Tindevegen ( fjellveg mellom Turtagrø og Årdal). Parker ved sida av vegen ved informasjonstavla. Du finn tavla på høgste punktet på det første fjellet på vegen frå Turtagrø til Årdal, om lag 7 km frå Turtagrø. Tekst – Foto– Layout: Vatne Vision [email protected] [email protected] Me ønskjer dykk ein hyggeleg og interessant tur! Skjolden Aktiv og IL Fanaråk

Tur nr 13 Berdalsnosi-norsk - skjolden.com · Frå Berdalsnosi er det eit herleg utsyn mot fjell og fjord. Nederst ser vi enden av Lusterfjorden. Luster-fjorden er den inste armen

  • Upload
    dangnhu

  • View
    219

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Frå Berdalsnosi er det eit herleg utsyn mot fjell og fjord. Nederst ser vi enden av Lusterfjorden. Luster-fjorden er den inste armen av verdas lengste fjord, Sognefjorden. Den delen av fjorden som er synleg foross, heiter Haugsbukta etter gardane som grensar til bukta. Bygda heiter Skjolden. Her møtest Mørkrids-dalen og Fortunsdalen, og to elvar renn difor ut i fjorden her. Begge elvane er lakseførande. For-tunsvassdraget er utbygd med hovudkraftstasjon i Fortun. Mørkridsvassdraget er varig verna.

Skjolden er ei lita fjordbygd med om lag 300 menneske. Bygda har ein del turisme, og her er hotell, kafé,kro og tre campingplassar. Nærare oss ser vi Eidsvatnet, som er ein del av Fortunsvassdraget. Den verd-skjende filosofen Ludwig Wittgenstein bygde seg hytte ved øvste enden av vatnet. I dag er det berregrunnmuren som står att, sidan hytta er flytta ned til bygda.

Oppe i fjellsida til høgre ser vi den fråflytta garden Gjerseggi. Garden ligg om lag 350 meter over havet,og vart fråflytta i 1968 etter at eit stort steinras hadde skada ein del av innmarka og truga med å øyde-leggja husa på garden. Til venstre ser vi fjellgarden Furåsen. Garden ligg på 380 meters høgde og bleifråflytta tidleg på 90-talet.

Mot aust ser vi Hurrungamassivet med nokre av dei høgste tindane i Jotunheimen. Vi ser både Skaga-stølstindane, Ringstindane og Austabotntindane. (Sjå biletet på toppen av sida.)

Kort og lett tur til flott utsiktspunkt.

Tur nr 13 BerdalsnosiTur nr 13 Berdalsnosi

Turtagrø

Årdal

Berdalsnosi

1 time samla gangtid1290 - 1340 m1,5 km tur-returBreheimen 1:100000Ved vardenO-merka sti

TidHøgdeLengdeKartPostMerking:

Parkering: N 61°28' 20'' E 07°43' 36''Køyr Tindevegen ( fjellveg mellom Turtagrø og Årdal). Parker ved sidaav vegen ved informasjonstavla. Du finn tavla på høgste punktet på detførste fjellet på vegen frå Turtagrø til Årdal, om lag 7 km frå Turtagrø.

Tekst – Foto– Layout: Vatne [email protected] [email protected]

Me ønskjer dykk ein hyggeleg og interessant tur!Skjolden Aktiv og IL Fanaråk