12
Program 2011 - 2015 Ulstein Arbeidarparti Modig | Open | Påliteleg - gjer det mogleg

Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Program 2011 - 2015

Ulstein Arbeidarparti

Modig | Open | Påliteleg

- gjer det mogleg

Page 2: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Side 2

Hausten 2012 står Kvivsvegen ferdig. Over natta vert me del av

ein bu- og arbeidsregion frå Herøy til Stryn med 60.000 menneske. Den nye røyndomen vil krevje handlekraft og politisk leiarskap, og ikkje minst vilje og evne til samarbeid. Det er viktig at den politiske leiinga i Ulstein er ei sterk og klar røyst i dialogen med regionen, fylket og staten når avgjerder som har fylgjer for trivsel og utvikling i kommunen vår vert tekne. Dette programmet peikar ut dei oppgåvene som Ulstein Arbeidar-parti vil søkje å løyse i dei næraste åra.

Sterk folkevekst og auka velferd aukar etterspurnaden etter fleire og betre kommunale tenester. Dei økonomiske rammene vil ikkje kjennast romslege i åra som kjem, men å ha orden i økonomien er eit vilkår for å vere herre i eige hus. Eit langt yrkesliv i industrien har lært meg til

fulle at det er langt vanskelegare å tene ei krone enn å bruke ei krone. Kommunen sine inntekter skal først og fremst gi borna våre kunnskap og ein oppvekst i trygge omgjevnader, verne oss alle mot sjukdom og skader, og syte for omsorg og livskvalitet når me av alder eller andre årsaker må forlate yrkeslivet. Samstundes må kommunen evne å sette av pengar til nødvendige investeringar for framtida.

Som folkevalde må me vere visse på at me brukar felleskapet sine midlar med omhug – og med respekt for dei mange som har arbeidd hardt for skattekronene me får til rådvelde. Eg vil også halde fram dei friviljuge sin mangslungne innsats. Utan verdiskapinga deira, ville ikkje velferdssamfunnet vore berekraftig. Ja, me er uvanleg godt stilte i Ulstein – med våre mangfaldige menneskeressursar og eit næringsliv på verdstoppen i kunnskap og nyskaping.

Ulstein Kommune er ein stor arbeidsplass med meir enn 700 tilsette. Dei står på natt og dag for å yte oss gode tenester, anten me treng pleie, reine golv eller pløgde vegar. Som ordførar vil eg legge vinn på at våre tilsette og tillitsvalde trivst og har medverknad, og slik utviklar seg både i faget sitt og som menneske. Ul-stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på dei beste.

Gode veljar, eg melder meg til teneste som ordførar i Ulstein. Berre di tillit og di røyst kan lyfte meg fram til denne tenesta.

Ivar Mork

“Eg melder megtil teneste som ordførar i Ulstein kommune

Ivar Mork er ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti.

Eit felleskap i endring

Page 3: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Valprogram for Ulstein Arbeidarparti 2011 - 2015 | Side 3

Ulstein Arbeidarparti vil arbeide for at kvart menneske skal få

like høve til å utvikle evnene sine, uavhengig av kjønn, etnisk, religiøs, kulturell eller økonomisk bakgrunn.

For å få dette til, treng vi jamnare fordeling av både materielle og åndelege

verdiar i samfunnet. Utan sosial tryggleik, ingen verkeleg fridom. Til dette treng vi ein sterk og effektiv offentleg sektor, men utan innsatsen til dei mange frivil-lege, ville ikkje velferdssamfunnet vere berekraftig.

Ulstein Arbeidarparti ventar at kvar og ein

yter til felleskapet etter evne, og vil vere pådrivar for at innbyggjarane i Ulstein får hjelp etter behov. Å kunne livnære seg av eige arbeid, heilt eller delvis, gir livskvalitet og betre helse. Ulstein Ar-beidarparti strevar ikkje etter likskap, men likeverd, og meiner at mangfald skaper robuste og vekstkraftige samfunn.

Visjonar og Verdiar

Ulstein Arbeidarparti vil• I særleg grad prioritere førebyggjande tiltak som fremjar trygge omgjevnader, god helse og positiv utvikling for born og unge.• Yte bidrag til eit kulturliv med stort mangfald. Kulturen er limet i samfunnet, og verdiskaping i kulturliv og næringsliv må vere to sider av same sak.• Arbeide for at viktige samfunnsprosjekt vert lyfta i flokk av kommunen, næringslivet og dei frivillege.• Ynskje nye innbyggjarar frå inn- og utland velkomne. Vi er overtydde om at eit nys gjerrig, ope, tolerant og mangfaldig samfunn skaper større verdiar for alle.• Vere pådrivar for at kommunen i all si verksemd skal ta omsyn til miljø og klima.

Meir om partiet og programmet finn du på nettstaden www.ulsteinarbeidarparti.no

Vi ventar at kvar og ein yter til felleskapet etter evne, og vil vere pådrivar for at innbyggjarane i Ulstein får hjelp etter behov.

På bildet i første rekke frå venstre er: Hanne Notøy, Torill Niemann Strandabø, Ivar Mork, Renathe Rossi-Kaldhol og Stig Grimstad. Andre rekke frå venstre: Magne Grimstad jr., Linda Pedersen, Zeljko Pinjusic, Jorunn Hildonen, Marianne Breivik og Magne Gurskevik.

Page 4: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Side 4

Ulstein Arbeidarparti vil• Arbeide for at Barnevernet, i samarbeid med skule, barnehage og helsestasjon så tidleg som råd kan avdekke born og heimar i vanskar, slik at tiltak kan settast inn for borna i heimen.• Dekke behovet for nye barnehageplassar ved å byggje fleire kommunale barnehagar.• Prioritere tiltak i skulen mot mobbing, utestenging eller diskriminering.• At grunnskulen vår held fram det systematiske og haldningsskapande arbeidet i høve til ungdom og rus.• Halde oppe og utvikle den kommunale SFO-ordninga ved alle skulane. Eit SFO- tilbod frå lag og organisasjonar kan vere eit godt supplement.• Møte veksten i barnetalet ved å utvikle dei barneskulane vi no har.• Få hand om areal som kan sikre ei samanhengande og trafikktrygg utvikling av skuleområdet i sentrum. • Vidareføre og styrke stillinga som kommunal ungdomsarbeidar.• Stille til rådvelde lokale der ungdomen i størst mogleg grad kan organisere sine eigne aktivitetar.• Fullføre prioriterte gangvegsprosjekt, slik at alle born som ikkje har behov for skuleskyss, kan gå trygt til skulen.• Arbeide for reising av ny symje- og idrettshall for grunnskulen i denne perioden. Både bassenget og og hallen må vere dimensjonerte for konkurranseidrett, som til dømes handball, og ha tribune.

Ulstein Arbeidarparti vil styrke einskapsskulen fordi vi trur at

den er ein berebjelke for å utvikle eit samfunn med endå større likeverd og rettferd.

Skulen handlar sjølvsagt om å tileigne seg solide fagkunnskapar, men like viktig er oppseding i verdiar som toleranse, respekt, samarbeid og likeverd på tvers av kjønn, økonomisk, etnisk og kulturell bakgrunn. Desse måla trur vi er lettast å

nå dersom alle born som hovudregel går i same skulen. Ein betre skule handlar om å ha turvande økonomiske ressursar og eit tilpassa timetal. Like viktig er trivnad, engasjement og kompetanse – og støtte og deltaking frå heimane.

Oppvekst

Ulstein Kommune har ei svært ung befolkning, men talet på eldre

veks også her.

Dette vil auke behovet for kapasitet innan heimehjelp eller plassar i heildøgns omsorg. Den sterke folketalsveksten i

Ulstein har også sine skuggesider med rusmisbruk, vald, mobbing, fattigdom, kulturkollisjonar, rotløyse og oppløyste fa-miliar. Ulstein Arbeidarparti vil leggje meir vekt på førebyggjande enn avbøtande tiltak, og helst tiltak der fleire sektorar som NAV, barnevern, helsestasjon, skule,

næringsliv og politi samarbeider. Samhandlingsreformen med sitt folke-helseperspektiv og etterbehandling av sjukehuspasientar, er ei oppgåve som berre kan løysast fullt ut gjennom interkommunalt samarbeid.

Helse og Omsorg

Ulstein Arbeidarparti vil• Byggje fleire omsorgsbustader i Ulshaug- og Alvehaugområdet.• Nytte oss av auka statleg finansiering til å auke talet på sjukeheimsplassar etter behov.• Samarbeide med grannekommunane og Helse Møre og Romsdal, slik at Samhandlingsreformen kan verte ein realitet.• Auke innlånet av behovsprøvde formidlingslån frå Husbanken.• Satse vidare på den interkommunale nattlegevakta ved sjukehuset i Volda.• Støtte frivillege lag og organisasjonar som driv rusfrie møtestader for ungdom.• Sjå på tiltak som gangvegar, turvegar, grøntområde og båtplassar som eit positivt bidrag til folkehelsa.

Page 5: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Valprogram for Ulstein Arbeidarparti 2011 - 2015 | Side 5

“Vi vil styrke einskapsskulen

Ulstein Arbeidarparti vil leggje meir vekt på førebyggjande enn avbøtande tiltak.

Page 6: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Side 6

NæringslivKommunen si rolle i høve til

næringslivet er i første rekke som leverandør av fleksible, tekniske tenester med effektiv sakshandsam-ing, og å samarbeide med eksis-terande næringsliv om tilrettelegging for utvikling og berekraftig vekst.

Kommunen bør i tillegg også ta ei aktiv

rolle med å trekke til seg nye næringar og legge til rette for at enkeltpersonar og selskap ser det som tenleg å etablere seg i kommunen. Om næringslivet skal kunne drage til seg kompetent arbeidskraft, må Ulstein og regionen elles by på levekår som kan samanliknast med dei regionale byområda. Kommunen må, saman med næringslivet, vere pådrivar for gode kom-

munikasjonar på sjø, land og i lufta. Det må vere god tilgang på attraktive tomter til bustader, fritidshus og båtplassar. Kommunen må ha kvalitetstenester med nok kapasitet innan helse, oppvekst og omsorg. Ulstein Arbeidarparti vil også legge til verdien av eit mangfaldig tilbod i regionen av høgare utdanning, kultur, idrett, rekreasjon og naturopplevingar.

Ulstein Arbeidarparti vil• Sikre at kommunen til ei kvar tid kan tilby næringstomter til konkurransedyktige prisar.• Saman med andre kommunar arbeide for lokalisering av fleire statlege arbeidsplassar i regionen.• Arbeide for å styrke den eksisterande næringsklynga og ta vel i mot gründerar og bedrifter innan nye næringar med potensiale for framtida. • Legge til rette for fleire bedrifter innan turisme og reiseliv i området.• Yte etableringsstøtte til småbedrifter gjennom Næringsfondet.• Vere tydeleg pådrivar for det lokale næringslivet sine kår andsynes fylket, staten og i eige parti.• Legge til rette for at arbeidstakarar som er gjester i kommunen finn seg vel til rette, får tilgang til gode tenester og har gode opplevingar her.• Støtte utvikling av forskning og høgare utdanning i regionen, først og fremst ved høgskulane i Ålesund og Volda.• Vil røyste nei til eventuelle framlegg om kommunal eigedomsskatt i Ulstein.

KulturUlstein Arbeidarparti meiner at

utviklinga av Ulstein som ein god stad å vekse opp og busette seg, må vere tufta på tre hjørnesteinar: kommunen, næringslivet og frivilleg innsats.

Ingen av partane vil åleine kunne lyfte fram alle dei gode tiltaka vi ynskjer oss, men i samarbeid kan vi få til meir for fleire. Vi har eit blømande kulturliv, med eit spekter som spenner frå internasjona-le gjesteartistar frå høgste hylle til organ-isert samvær mellom ei handfull perso-

nar. Det gjeld både innan kunst, idrett, religiøse og ideelle lag og organisasjonar i heile kommunen. Ulstein Arbeidarparti meiner at lokale talent får best vekstvilkår i spennet mellom det profesjonelle og det amatørbaserte kulturlivet.

Ulstein Arbeidarparti vil• Spisse kulturetaten i kommunen med eigen kulturleiar.• Tilføre det frivillege kulturlivet meir ressursar over kommunale budsjett.• Støtte kultur- og idrettsanlegg med utgangspunkt i lokal dugnadsvilje, til dømes ved forskottering av tippemidlar.• Arbeide for ei ny arbeidskyrkje. • Arbeide for at det nye idrettsbygget i sentrum også kan hyse folkebiblioteket.• Legge tilhøva til rette for at frivillege kulturarrangement, som til dømes Trebaatfestivalen, kan utvikle seg vidare.• Mobilisere kommune, næringsliv og friviljuge til saman å realisere tunge kulturløft, som til dømes Nye Høddvoll Stadion.• Ta vare på kulturarven av bygningar og kulturlandskap, som til dømes Borgarøya og Bjørndals Minne, ved å opne for kommersiell eller ideell bruk.• Sjå på kulturlivet i ein regional samanheng, der Ulstein er ein av bidragsytarane til eit stendig breiare opplevings- og utfaldingstilbod.

Page 7: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Valprogram for Ulstein Arbeidarparti 2011 - 2015 | Side 7

Ulstein Arbeidarparti meiner at utviklinga av Ulstein som ein god stad å vekse opp og busette seg, må vere tufta på tre hjørnesteinar: kommunen, næringslivet og frivilleg innsats.

“Vi må gjere det enkelt å etablere seg i kommunen

Page 8: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Side 8

Mangfald og BulystMange ynskjer å busetje seg i

Ulstein, og folketalet er venta å auke kraftig fram mot 2020.

Ulstein Arbeidarparti ynskjer alle nye in-nbyggjarar velkomne, både dei som vert fødde i Ulstein og innflyttarar frå inn- og utland. Vi vil leggje oss i selen for at alle

skal finne seg til rette med bustad, barne-hage, skule og kultur- og fritidstilbod. Vi trur at auka mangfald i kultur og næring vil skape eit meir robust og attraktivt samfunn. Samstundes er Ulstein del av ein vekst-kraftig region på Sunnmøre. Vi har kom-munar med eige særpreg på alle kantar.

Det tyder at Ulstein ikkje treng utvikle alle typer tilbod som aukar bulysta, men tilby det vi er best til. Nye vegar, bruar og tun-nellar har korta kraftig inn på avstandane i tid og rom, og bygdelaga har vakse tettare saman som ein sams bu-, utdannings- og arbeidsregion.

Ulstein Arbeidarparti vil• Utvikle Ulsteinvik som eit fortetta bysentrum med eit mangfald av urbane kvalitetar.• Syte for at Ulstein Kommune har eit breitt utval av byggjeklare tomter både i sentrum og dei andre krinsane.• Kjøpe, leige eller byggje fleire kommunale gjennomgangsbustader og sanere dei eldste.• Busette minst 25 flyktningar i kommunen i året, og snarast bringe desse inn i samfunns- og arbeidsliv.• Ta vare på og utvikle grøntområda i sentrum og utvikle skuleområdet, inkludert samfunnshustomta, til ei Kulturøy for utfalding og rekreasjon.• Opne nye og utvide fleire område for byggjing av naust, båtplassar og fritidsbustader.• Arbeide for ein samanhengande strandpromenade frå Vikholmen til Indre Saunes.• Leggje til rette for ein Festplass i sentrum.• Sikre at ålmenta får reell og lett tilgang til fjell, fjøre, øyar og holmar og andre ut marksområde.

Trafikk og MiljøÅ kome seg til og frå i kommunen

på trygge vegar, anten ein går, syklar eller køyrer, er viktig både for livskvalitet og folkehelse.

Born, rørslehindra, svaksynte og eldre er dei mest sårbare i trafikken. Ulstein Arbeidarparti vil prioritere gangveg langs alle skulevegane. Ulsteinvik er i sterk

vekst, og treng eit smidig og trygt vegnett.

Ulstein Arbeidarparti vil• Arbeide for å fullfinansiere og byggje nye Sjøgata som miljøprioritert gjennomkøyring (MPG).• Starte frå sentrum med byggjing av nye Holsekervegen som lekk i eit ringvegsystem i Ulsteinvik.• Byggje bru over Haddalelva med direkte tilkomst til stadion, og som ein trygg vinterveg til bustadfeltet Solsida.• Arbeide for at Vegvesenet sikrar ulukkesråka vegstrekningar som Sjukeheimsvingane og kryssa mot Hasund, Saunesmarka og Varleitet.• Byggje gangveg frå Bugarden til Skeide.• Ved hjelp av delfinansiering frå fylket fullføre gangvegane langs fylkesvegen frå Hasund skule til Kleven og på Ulstein.• Regulere gangveg frå Krushammaren til Ulstein Verft.• Påverke Vegvesenet til å byggje gang- og sykkelveg langs riksvegen frå Dragsundbrua til Selvågtunellen.• Halde ved like gamlevegen mellom Haddal og Selvåg som ein gruslagd turveg.• Byggje sambindingsvegen mellom Onglasætra og Anholen.• Løyse trafikkproblema i skuleområdet utan gjennomkøyring frå Gjerdegata til Vikemyra.• Gå inn for at utvida parkeringkapasitet i sentrum vert løyst med parkeringshus, og at fleire og betre plassar vert merka for personar med nedsett funksjonsevne.• Byggje fjernvarmeverk i Ulsteinvik for å forsyne kommunale og private bygg med klimavenleg energi, eventuelt med innføring av tilknytingsplikt.• Gjennomføre flaumsikring av Vikelva.• Finne areal for ny gravplass i kommunen.

Page 9: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Valprogram for Ulstein Arbeidarparti 2011 - 2015 | Side 9

Mange ynskjer å busetje seg i Ulstein, og folketalet er venta å auke kraftig fram mot 2020.

“Vi ynskjer alle nye innbyggjarar velkomne

Page 10: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Side 10

Kommunen – Tenesteprodusent og ArbeidsplassKommunen si oppgåve er å yte

tenester som er avgjerande for at vi kan leve trygge og meiningsfulle liv frå vogge til grav.

Behovet for tenester er ulikt i ulike livs-fasar og ulike livsløp. Mange tenester er

lovpålagde, men ein veldriven kommune vil også yte overskotstenester som aukar livskvaliteten og bulysta for alle. Ulstein Kommune er ein stor arbeidsplass med nær 750 tilsette. Kommunen må vere ein trygg og raus arbeidsgjevar som gir sine tilsette utviklingsrom både som men-

neske og som fagfolk, og slik skape moti-vasjon og kreativitet til å løyse krevjande oppgåver.

Ulstein Arbeidarparti vil• Medverke til eit kundeorientert tenesteapparat som leverer fleksible tenester med effektiv sakshandsaming.• Gi kommunen sine tilsette rom for å vere fleksible, nytenkande og løysingsorienterte.• Medverke til at dei tilsette vert rådspurde i spørsmål som vedgår arbeidsvilkåra deira og tenestene dei skal yte.• At kommunen skal ta godt vare på sine tilsette, og gjennom godt omdøme og godt arbeidsmiljø klare å rekruttere dei beste til ledige stillingar.• Prioritere ressursar til fagleg utvikling og oppdatering.• Redusere omfanget av små stillingsbrøkar som ikkje gjev pensjonsrettar, og legge til rette for at dei som ynskjer det skal få jobbe i heile stillingar.• Ikkje konkurranseutsette tenester til sårbare mottakarar, som til dømes pleie- og omsorgstenester.• Søkje interkommunalt samarbeid om oppgåver som Ulstein Kommune vanskeleg kan løyse på fullgod måte åleine, som til dømes Samhandlingsreformen, barnevern og PPT (pedagogisk-psykologiske tenester).• Stå for ein kommuneøkonomi der nivået på tenestene er tilpassa inntektene, men at dei mest sårbare gruppene vert høgast prioriterte med tildeling av ressursar.

Regionen – Samarbeid og SamferdsleSkal samfunna her på kysten vere

berekraftige i framtida, må vi vere ein attraktiv heimstad både for unge vaksne som har røter i området, og menneske med annan bakgrunn.

Varierte tilbod om yrke, bustad, kultur- og naturopplevingar som toler samanlikning

med Bergen og Trondheim, må i nær framtid vere innanfor ein times reisetid. Difor må vi sjå på Ulstein Kommune som ei viktig brikke i eit større bilde. Vi må utvikle våre særeigne, sterke sider både innan kommunale tenester, kultur og næringsliv som ein del av ein større heil-skap. Både samarbeid og konkurranse

kan vere farbare strategiar for det same målet: Ein robust bu- og arbeidsmarknad-sregion på Sunnmøre med Ålesund som regionhovudstad. Kortare og tryggare samband over sjø og land og i lufta er avgjerande for å nå dette målet.

Ulstein Arbeidarparti vil• Arbeide for at aktuelle buss-selskap opprettar ei gjennomgangsrute over Hareidlandet, og at det vert sikra bussamband ein gong i timen gjennom Eiksundsambandet.• Fullføre rundkøyring og busshaldeplass i Garneskrysset.• Samhandle med Herøy og Vegvesenet for ein tryggare riksveg over Garnes og ny bru over Dragsundet.• Hevde at det er fleire fordelar enn ulemper med ein kommune på Hareidlandet. Før ei eventuell kommunesamanslåing skal innbyggjarane høyrast i ei folkerøysting.• At Ulstein skal vere ein positiv og aktiv partner i det utvida Sunnmøre Regionråd, og vi ventar at Ålesund tek på seg ei samlande leiarrolle i regionen.• Vidareutvikle samspelet med Ørsta og Volda, som Eiksundsambandet har lagt grunnlag for, og sjå nordre del av Nordfjord som eit nærområde når Kvivsvegen står ferdig.• Arbeide for gode kollektivtilbod mellom Ytre Søre og Stryn langs Kvivsvegen.• Arbeide for realisering av Hareid Fastlandssamband (Hafast) som tunell- eller bruløysing.• Arbeide for at ny trasé for E39 vert lagt over Hareidlandet. • Støtte brua over Rovdefjorden og den planlagde Kystvegen mellom Ålesund og Bergen.• Vere pådrivar for at Stadt-tunellen vert bygd – med største seglingshøgde.

Page 11: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Valprogram for Ulstein Arbeidarparti 2011 - 2015 | Side 11

Kommunen si oppgåve er å yte tenester som er avgjerande for at vi kan leve trygge og meiningsfulle liv frå vogge til grav.

“Vi vil skape ein attraktiv heimstad både for unge og eldre

Page 12: Ulstein Arbeidarparti · 2011. 6. 4. · stein Kommune skal vere ein arbeidsgje-var som både viser omsorg og stiller krav, og slik byggjer eit omdøme som både hentar og held på

Ulstein Arbeidarpartiwww.ulsteinarbeidarparti.no

1. Ivar Mork2. Renathe Rossi-Kaldhol3. Magne Grimstad jr.4. Marianne Breivik5. Hanne Notøy6. Stig Grimstad7. Silja Øvrelid, AUF 8. Magne Gurskevik 9. Martin Løset 10. Linda Iren Pedersen11. Torill Niemann Strandabø 12. Magnar Hatløy 13. Elfrida Breivik, AUF14. Zeljko Pinjusic15. Jorunn Hildonen16. Rangveig Slagnes17. Andrè Rossi-Kaldhol 18. Synnøve Aarkvisla Silden19. Hans Sundal20. Elly Kirkeslett 21. John A. Hatløy22. Bjørn Røren23. Arnhild Vik24. Atle Strandabø 25. Borgny Solbakken

Valliste