12
Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 05 - 2011 indremisjons All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar. Jak 1,17

Venen nr. 5 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr. 5 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN05 - 2011

indremisjons

All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandringeller skiftande skuggar.

Jak 1,17

Page 2: Venen nr. 5 2011

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

Me har bak oss eit strålande fl ott Haustmøte. Mange rike stunder saman med Herren og medkvarandre i eit godt fellesskap. Hovudfokuset på dette Haustmøte var det å vera ein medvandrar i kvardagen. Ser me tilbake på livet vårt har me sikkert alle nokon me tenkjer på som har betydd noko ekstra for oss og som gjorde at me fekk ei levande tru på Jesus Kristus. Det kan vera mor og far, ein sundagsskulelærar, ein nabo, ei bestemor eller bestefar, ein ungdomsarbeidar, ein bonde, ein fi skar eller ein annan person du traff på din veg. Felles for alle desse personane som fekk bety noko ekstra for oss var at dei såg oss der me var i livet, hadde trua på oss og hadde evnen til å føra ein samtale som leia oss til Jesus Kristus.

I Luk. 24,13 - 35 møter me Emmausvandrarane som var forvirra etter Jesu død og ryktene som gjekk om at han var oppstanden. Medan dei gjekk på vegen og snakka saman, ”kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei” v.15. Han spurte: ”Kva er det de går og talar om med einannan?” Dei fortalde, og Jesus spurde vidare og lytta, der dei gjekk langs same veg. Samtalen kunne blitt svært kort dersom Jesus sitt mål berre var å få fram svara på det dei lurte på. Han kjente svara, ja, han var jo sjølve svaret. Men Jesus lot dei dela det dei hadde på hjarta. Og dei oppsummerte: ”Og me som hadde håpa at...!” Skuffelsen var stor! Det var jo ikkje slik dei hadde trudd det skulle gå. Så nærma dei seg landsbyen dei skulle til, og dei bad han inntrengjande om å bli hos seg. Då blei han med dei heim og då han bad takkebøna og braut brødet, kjende dei han att. Jesus hadde møtt dei som ein omsorgsfull medvandrar.

Jesus gjorde også noko meir langs vegen. Han tok dei med inn i skriftene og profetane sine ord og synte fram seg sjølv der. Han utfordra dei til å tru det Ordet seier om han. Det rørte ved kjenslene deira. ”Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og let opp skriftene for oss?” v. 32. Jesus brukte Bibelen på ein livsnær måte slik at dei tenkte bibelske tankar midt i all forvirringa.

Livet kan ofte ha fl eire spørsmål enn svar. Og skuffelsane er der. Då treng me alle med-vandrarar som er villige til å gå eit stykke veg saman med oss, og som hjelper oss til å sjå kva Ordet seier og gjev oss. Slik at me kan oppdaga Jesus midt i alle spørsmåla. I dag vil eg utfordra deg til å vera ein medvandrar for nokon som treng deg. På Haust-møtet vart me utfordra på tre B-ar. Open bustad, brødboks og Bibel. Innviter nokon heim til deg, server eit måltid mat og set dykk ned over ein open bibel. Det har gjeve nytt livsmot, skapt tru og håp til utallige menneske opp gjennom tidene. Tenk over dei som har betydd noko ekstra for deg. Slik kan du få vera ein medvandrar langs same veg for nokon som treng ei ekstra oppmuntring i dag!

Gud signe deg til å vera ein medvandrar - langs same veg!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard WiikBjørn SaghaugBirgit M. HjelmelandIren Sævik MælandKristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar:Knut O. DaleKåre StautlandAnfi nn Økland

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

LeiarMedvandrar- langs same veg!

Svein Bjarne AaseDagleg leiar

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. august 2011

Hittil 2011

2 129 246,-

Hittil 2010

1 896 096,-

Bu

dsjett 2011

3 870 000,-

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

Page 3: Venen nr. 5 2011

3Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Slik ber me om små kvardagsunder og hender som Herren bruker som sine. Jesu kyrkje er ikkje fyrst og fremst ei kyrkje med ord og meinin-gar. Den er ei kyrkje som prøver å gå i Jesu fotspor og gjer nokre av dei gjerningane han gjorde.

Bøna mi i denne andakten er dette: At hendene våre blir til velsigning for menneske me møter.

Hender til velsigning Eg skal aldri gløyma samlings-stundene me hadde med SFO i Tananger menighet. Menigheten hadde eigen SFO. Ei gong i veka var det samlingsstund i kyrkja. Me fortalde, song og hadde alltid tid til spørsmål frå barna. Me slutta av med velsigninga kvar gong. Barn og vaksne reiste seg for å ta imotvelsigninga. Det var ei sterk opp-leving å sjå barna rekke fram hen-dene sine som eit teikn på at dei tok i mot velsigninga.

Då Jesus møtte læresveinane etter påske, viste han dei hendene og føtene sine. Luk. 24,40. Han ville forsikra seg om at han var levande, ekte, sann og verkeleg. Men eg ten-kjer meg at han viste dei hendene sine for å minne dei på korleis han hadde brukt hendene sine dei tre åra dei hadde vore saman:Han la hendene på sjuke og rørte ved barna og velsigna dei. Han løfta brød og fi sk mot himmelen og han tok brød og vin i hendene sine og velsigna dei.

Siste gongen dei såg Jesus, løfta han hendene sine og velsigna dei. “Medan han velsigna dei, skildest han frå dei.” Luk. 24,51.

Eg ynskjer at Jesu kyrkje skal bruke hendene sine slik han gjorde det.Me skal vera rause med å velsigna barna og dei unge. Helst frå dag éin kan me legge hendene på barna og lyse Herrens velsigning over dei.Det er ein viktig skatt me forvaltar og det er ein viktig skatt for barna å få med seg.

Samstundes bed me om at Herren velsignar hendene våre slik at dei kan formidla noko godt, helst noko guddommeleg frå Herren sjølv.Mange gonger har menneske kome fram til forbøn, rekt fram hendene sine og bedt om at eg/vi skulle vel-signa dei. Me teikna eit korsmerke i håndfl atene og bad denne enkle bøna:

«Herre, bruk desse hendene som dine. Lat det vera slik at alt og alle dei rører ved, kunne bli rørt ved, av deg.»

Av Ludvig Bjerkreim

Andakt

BØNESPALTATAKKA FOR:- eit fl ott Haustmøte.- for alle som skal på leir.- for alle som går i eit barne- eller ungdomslag.- for alle trufaste misjons- vener som står på.

BE FOR:- Haustkonferansen på Helgatun.- Haustweekendane på Brandøy og Helgatun.- Bokhandelen vår, SunnBok.- Julemessene.- For alle leiarane i barne- og ungdomslaga. - For indremisjonsstyrene rundt om i bygdene.

14.-15. januar 2012 blir det BULK, barne- og ungdomsleiarkonferanse, på Brandøy

Gunnar Elstad vert med og har bibeltimar over teamet: “Fellesskap på godt og vondt”. Elles vert det m.a. tema om “Kjønn og grenser” og “å leia seg sjølv”. Bibelskulen Bildøy leier i lovsong. Meir info kjem i neste Venen. Leiarar i alle aldrar, og andre interesserte, er hjarteleg velkomne!

Page 4: Venen nr. 5 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 20114

Haustmøtet på Stord er ei samling med rike tradisjonar. Eitt og anna har blitt endra opp gjennom åra, men den berande tanken er den same: Å samla dei truande til inspirasjon og fornying. Samstundes har ein eit ynske om å nå vidare ut, og opplegget for laurdagskvelden har gjerne vorte ekstra spissa mot dét dei siste åra.

Song og musikk har ein stor plass på haustmøtet, og mange tok del gjennom helga. Fredagskvelden var det song av Nye Røster frå Åkra, og av Ragnhild Nesse laurdag. For mange vart laurdagskvelden eit musikalsk høgdepunkt. Tore Ljøkjel og Oscar Jansen spela saksofon og piano. Saman med ”husorkesteret”, ei forsongargruppe og koret Ichtys gav dei oss ein fl ott kveld.

Tore Ljøkjel delte òg frå livet sitt og målbar eit varmt ynske om å få tena menneske med si gåve og sin musikk. Han har fått ein tanke om å bruka kyrkjetårna her! Mange stader i landet har han stått i kyrkjetårnet og spelt saksofon. Slik vart det òg i kyrkja på Stord denne helga - ein time før gudstenesta søndagen. Diverre vart det opp i regn att etter ein strålande laurdag. Men mange fekk med seg tonane hans likevel!

Laurdag var det òg barnemøte i bedehuskjellaren ved Marit Røen, Linda Aase og Gunnhild Olsen. Haustmøtet vart avslutta med møte kring i distriktet søndag ettermiddag og kveld.

Kåre Johan Hamre

Haustmøte med fokus på ”medvandring”

på møte. Han oppmoda oss til å sjå begge sidene – å ha tanke både for drifta på bedehuset og dei som har ei teneste i nærmiljøet.

Laurdag kveld talte han om å byg-gja medvandrarrelasjonar merkte av godleik og omsorg – samstundes som ein vågar å vera tydeleg. Det er eit stort perspektiv på det å sjå kvarandre. Det kan gje menneske eit glimt av ”han som ser” (Jfr Hagar i 1.Mos 16.13) Ofte er det slik at Guds omsorg og tydelege rettleiing blir synleg gjennom menneske som vandrar saman med oss.

På gudstenesta søndag føremiddag lyfte Olafsrud fram Barnabas. Namnet tyder ”trøystesonen”. Det er eit stort behov i vår tid for slike trøystesøner og -døtre; nokon som kan gå eit stykke veg med oss i våre turbulente liv. Det handlar om å la Barnabas si ånd prega oss som medvandrarar. Og då er det Jesus vi talar om, eigentleg, under-streka han. Han som går med oss, han som er brubyggjaren mellom himmel og jord, nådig og tålmodig. Ver frimodige; gå ut og inn i nådens uendelege famn, og fellesskapet vil veksa!

Hovudtalar i år var Ole Magnus Olafsrud. Han tok for seg eit tema han brenn for: ”Langs samme vei” - om livsforvandlande relasjonar. Olafsrud har eit ynske om å opna augene våre for verdien av dei nære, byggjande relasjonane. Jesus tok seg god tid med ein-skildmenneske, som kvinna ved brønnkanten. Teksten frå Joh 4 var utgangspunktet for talen laurdag ettermiddag. Jesus vedstod seg at han trong vatn - ”Eg er tyrst”. Det opna for samtale og kontakt. På same måten kan det at vi vedstår oss vår ”sårbarhet”, opna for relasjonar med menneske. Jesus var ein meister til å stilla spørsmål. Olafsrud oppmoda oss til å stola på samtalen. Kan det vera men-neske kring deg som er nærare trua enn du tenkjer? Vi er sådde ut som Guds korn, slik det står i Matt 13.38: ”Det gode kornet er dei som eig heime i riket”. Gjennom konk-rete døme peika han på menneske som hadde fått god kontakt og ei viktig teneste i nærmiljøet, men som gjerne ikkje møtte forståing på

bedehuset når dei ikkje kunne vera så

ofte

Over 400 var samla til festmøte i Stord kyrkje

Page 5: Venen nr. 5 2011

5Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Haustmøte med fokus på ”medvandring” Med Sunnhordlandsmusikken på tur til SørlandetTorsdag morgon, den 19. mai, starta me turen. Første påstiging var ved Fitjar bedehus. Her kom alle frå Fitjar på, så var det vidare til Leirvik, Føyno og Sveio. Siste mann var Klaus Muff som kom på i Aksdal. Med Svein Bjarne Aase som sjåfør og Klaus Muff som turpredikant var me trygge på at turen ville bli vellukka.

Turen starta med gode ord frå Bibelen, og bøn for turen. Etter ferja over Boknafjorden fortsatte turen sørover på Europaveien. Eit lite stopp på Ben’s kafe fekk me òg tid til. Det er alltid godt med ein kopp kaffi . Utpå ettermiddagen kom me fram til Lyngdal og Rossfjord Strandhotell der me skulle bu i tre netter. Det var eit reint og fi nt hotell med mykje god mat. Her møtte me òg Berit og Kåre Steinsund som skulle vera med oss under opphal-det.

Om kvelden var det møte i Eiken bedehus, Kåre Steinsund leia møtet, Sunnhordlandsmusikken song og Klaus Muff talte Guds ord. Me fekk òg fi n song av Jette Marie og Bjarne Steinsund. Etter møtet fekk me god kveldsmat før me køyrde tilbake til hotellet.

Etter ei god natt søvn og ein god frukost stod det utfl ukt på program-met. Då gjekk turen til Lista fyr, der nokre var i høgaste fyrtårnet. Den eldste i musikklaget, på 85 år, var heilt på toppen. Etter lunsj var det fritid til å gjera det ein ville, nokre gjekk tur, andre i badeland og nokre ville berre ta det med ro og tok ein middagslur.

Fredag kveld var det møte i Konsmo bedehus. Der talte Kåre Steinsund og Sunnhordlandsmusikken song. Også der fekk me god kveldsmat før me reiste tilbake til hotellet.

Laurdag føremiddag køyrde bussen inn til sentrum der handling stod på programmet. Dei fl este gjekk vel og svinga på nokre klesstativ. Etter middag var det møte i Lyng-dal bedehus der Frank Rott stod i døra og ynskte oss velkommen, og Sunnhordlandsmusikken song på møtet. Laurdag kveld var det fest for musikklaget på Lyngdal Jord-bruksskule. Dette var ein fantastisk fl ott kveld, her fekk me både for smilebandet og for sjela. Frank Rott talte og det var vitnemål. På festkvelden fekk me servert god middag og fl otte iskaker til dessert. Det var òg kaffi og blautkaker.

Så var det søndag og heimreisedag. Først skulle me innom Ognatun og eta middag før det var møte på Vig-restad misjonshus. Klaus Muff leia, Svein Bjarne talte og Sunnhordlands-musikken song.

Alle plasser me kom var det mange som ville høyra på. Det er utruleg kjekt å reisa på tur i lag. Det er ein fi n anledning til å verta betre kjent, og så er det bra for musikklaget å koma i lag på denne måten. Det var ein god tone på heile turen, mykje godt humør og ikkje minst det at me kan dela det viktigaste i livet, det åndelege. Det er difor me reiser rundt og syng om Jesus slik at andre får høyra evangeliet. Dette synes alle me i musikklaget er viktig å nå ut til andre med.

”Ta ei ditt blikk fra Jesus. Dag og natt vil han lede deg. Ta ei ditt blikk fra Jesus.”

Takk for turen!

Over 400 var samla til festmøte i Stord kyrkje

Utsikt fråLista Fyr

Festkveld på KVS Lyngdal

Skjemt og alvor hand i hand Mange samla til song- og musikkmøte

Page 6: Venen nr. 5 2011

Lise MarieLeirar hausten 2011

Brandøy HelgatunYngsteshelg21.-23. oktober3.-5. klassePris 550 kr

Hausttreff4.-6. november1.vg. og oppoverPris 690 kr

Ten-helg18.-20. november8.-10. klassePris 610 kr

Miniadventshelg26.-27. november2.-4. klassePris 390 kr

Adventshelg2.-4. desember5.-7. klassePris 600 kr

Adventshelg25.-27. november8. klasse og oppoverPris 610 kr

Førjulshelg2.-4. desember2.-4. klassePris 560 kr5.-7. klasse Pris 600 kr

IndremisjonssamskipnadenTlf 53410704,

[email protected],www.indremisjonen.no

13.-15.oktoberLeirvik, STORD

LindaGunnhild

Barne- og Ungdomssidene! Med T2-studentane

til KvinnheradFlott oppslutnad om

I skrivande stund er PIT STOP nettopp vel i havn, og me kan sjå tilbake på innhaldsrike dagar med fl ott fellesskap og mykje bra undervisning frå Guds ord. Det er også veldig oppmuntrande at så mange har vore innom bedehuset desse dagane. På kveldsmøta torsdag og fredag var over hundre ungdomar samla kvar kveld, litt mindre på laurdagen. Me var nok også veldig spente på kor mange som ville dukka opp på dagtid då det var bibeltime og seminar. Veldig kjekt at rundt 50 ungdomar prioriterte dette.

Temaet for helga var “forandring”. Og eg trur nok at dagane vart eit “Pit stop”, eit “time-out” i ungdomane sin elles travle kvardag, der dei kunne få inspirasjon og påfyll til å stå på vidare i kvardagen for Jesus. Vitnesbyrd og samtalar bekrefta også dette.

Fleire talarar var engasjerte, både gjennom seminar og kveldsandak-tar. Erlend Hardang hadde bibeltimane og snakka først om vår foran-dra stilling overfor Gud, før og etter Frelsen, og dessutan snakka han om det nye livet med Jesus med utgangspunkt i Hebr. 4, 17-32. Takk til alle engasjerte ungdomar som stod på desse dagane. Dette går me for igjen! ;o) Marit Ådnanes

Saksa frå :

Sagt av ein leiar på Pit Stop:“for nåken daga :D !! utrulig glad for alle som kom og var med å stelte i stand detta her :D ! tusen takk til alle som kom, hadde kje vore rare greiene uten folk... Detta er nåke som me vil satsa på til neste år også :D” Deltakar:“Hatt nåken supre daga på Leirvik Bedehus på pit-stop i helgo !! :) må bli te neste år og !! :D”

Ungdomane samla til bibeltime og lovsong

Erlend Hardang var hovud-talar under PIT STOP

Page 7: Venen nr. 5 2011

7Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

RagnhildMarit

KRIK og Nattcafè HusnesFredag 7. oktober var Husnes så heldige at dei fekk besøk av tre kjekke bømlingar. To av dei er arbeidarar i IMS; Marit Ådnanes (barne- og ungdomssekretær) og Gunnhild Olsen (T2-student). Den tredje var den frivillige Morten Habbestad, som bl.a. er leiar for U-Alpha på Laurhammer bedehus på Bømlo og med i BUR (Ims sitt Barne- og ungdomsråd). Me besøkte fyrst KRIK-treninga for 8. klasse og oppover. Denne vart leia av Kjerstin Brede Teigen og Joakim B. Espevik. Leik, trening og Guds Ord stod på programmet. Det vart m.a. varma opp til Nattcupen i innebandy som går av stabelen i Hus-neshallen 22. oktober. Midt i treninga hadde dei ein pause der Marit hadde andakt. Godt å få høyra Ordet.

Etter treninga fòr dei fl este ungdommane opp til bedehuset for å gå på Nattcafè. Jan-Ove Fagerheim hadde hovudansvaret. Drøsen gjekk og taco stod på menyen. Nokre spelte biljard. Utpå kvelden viste det seg også at det er mange songtalent på Husnes, då ungdomane samla seg rundt pianoet for å syngja. Mange ungdomar var innom bedehuset denne kvelden, kanskje 80-90 stk. Marit og Morten hadde andakt der dei tok opp viktige spørsmål i forhold til den kristne trua. Ungdomane kom med mange fl otte svar og kommentarar. Gunnhild Olsen

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Ope Hus på ValenOnsdag 5. oktober var det på ny ei kjekk ungdomssamling i kyrkja på Valen. Ca 20 ungdomar var aktive med biljard, spel og anna moro første delen av tida. Det var òg tid til å snakka og leika med dei som var der. Det verka som om kvar og ein koste seg, fordi snakke- og lat-ternivået var høgt...

Denne kvelden fekk dei høyre om kva som er viktig å prioritera i livet sitt. Dette vart også diskutert etterpå av heile gruppa. Eit av mange bibelvers dei fekk høyre var Joh.17,3: «Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den ein-aste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.» Det vart snakka om at data og «Facebook» tek for my-

kje tid i livet deira, men det gjeld nok ikkje berre ungdomane på Valen. Leiarane var Ove Tvedt, Kjell Yngve Myhre, Michelle Myklebust og Kjers-tin Brede Teigen. Dei gjorde ein fl ott jobb med å inkludera alle saman. Dei står på kvar onsdag for at ung-

domane på Valen skal få innblikk i Guds ord. Det var ei kjekk oppleving å få vera med på denne kvelden og det er ingen tvil om at ungdomane hadde det kjekt.

Linda Aase

kje tid i livet deira, men det gjeld nok domane på Valen skal få innblikk i domane på Valen skal få innblikk i

Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.Joh 14,6 Solveig Høyland, 15 år, Leirvik

Mitt bibelvers!

Ungdomar på Ope Hus klare for andaktsstund.

Ungdomar med leiarar samla til KRIK på Husnes.

Leiar Jan-Ove Fagerheim i samtale med nokre av ungdomane på Nattcafè.

Mange ungdomar hadde funne vegen til Husnes bedehus også denne fredagen.

Ope Hus på Valen

Med T2-studentane

til Kvinnherad

Page 8: Venen nr. 5 2011

...ikkje berre i mitt barndoms- og ung-doms bedehus, men i alle dei bedehus som vart reist i by og bygd. Det ville verta ein så sterk tale at mange ville bli mektig overraska og undrande. Dei hadde kanskje hatt små tankar om det som gjekk føre seg på innsida? Andre ville bli fylt av gode minner, minner som ville lokka tårene fram, gledestårer, og kanskje eitt: ”Takk, takk at også jeg fi kk være med!”

Å nei, det såg ikkje alltid så imponer-ande ut! Ein liten fl okk som rusla til onsdagsmøte, med Bibel, sangbok og stokk. Som song dei gamle songane, leste dei gamle løftene, som bøygde sine stive og vonde kne ved den harde benken: ”Herre! Vil du ikkje snart gjesta oss med vekkelse og nytt liv, som kan gje oss nytt mot og ny glede? Me leng-tar så etter å sjå barna, barnebarna og naboane saman med oss!”

Når eg skriv desse orda, vert eg rørt. For dette handlar om truskap! Eg har møtt så mange av dei trufaste på bedehusa, og dei rører hjarta mitt. Kristian var ein av desse. Kvar onsdag gjekk han til bedehuset, fyrte i omnen og tende lys. Ofte kom det ikkje fl eire. Men han hadde sitt møte, leste og bad, åleine... Naboane skulle sjå at det var lys på bedehuset... Så vart huset sprengfullt ein haust, og både unge og eldre gav livet sitt til Jesus. Då rann gledestårene på Kristian sitt kinn.

OM VEGGENE KUNNE TALA...

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 - www.sunnbok.no

Historisk romantrilogiBygger på faktiske hendingar frå Polen og landa på Balkan frå 2. verdskrig.

Kr 230.- (mykbind) Kr. 298,- (innb.)

Ny andaktsbokDet kosta mykje for Gud å gi oss håp og framtid, men den som trur, får frelsa gratis.

JadearmbåndetRomanen fører oss til Kina før revolusjonen. Her møter vi Elsa, dotter til amerikanske misjonærar.

Kr 230.- (mykbind) Kr. 298,- (innb.)

JadearmbåndetRomanen fører oss til Kina før revolusjonen. Her møter vi Elsa, dotter til amerikanske misjonærar.

Kr 230.- Kr. 298,-

RestartEvangeliet handalar om ein ny start. Gamalt kan verta nytt, og svakt kan verta sterkt. Ei lettlest bok som er inspirerande og praktisk.

Pris kr 198,-

RestartEvangeliet handalar om ein ny start. Gamalt kan verta nytt, og svakt kan verta sterkt. Ei lettlest bok som er inspirerande og praktisk.

Pris kr 245,-

BIBEL 2011Den nye Bibelomsetjinga som vert lansert 19. oktober. Sjå side 8!Ulike prisar og format!

BIBEL 2011Den nye Bibelomsetjinga som vert lansert 19. oktober. Sjå side 8!Ulike prisar og format!

Polen og landa på Balkan frå 2. verdskrig.

(innb.)

Storslått saga frå Janette Oke- om dei dramatiske hendingane i tida rundt den kristne kyrkja sin fødsel.Pris kr 198,- pr. bok

Storslått saga frå Janette Oke- om dei dramatiske

Pris kr 198,-

Ny Barnebibel - Sjeldan vakker!!Desmond Tutu gjenfortell 56 historiar frå Bibelen. -Kvar forteljing, sin biletkunstnar. (20 illustratørar frå heile verda)Utgjeve både på bokmål og nynorsk. Frå 3 år og oppover.

Pris kr 298,-

Ny Barnebibel - Sjeldan vakker!!Desmond Tutu gjenfortell 56 historiar frå Bibelen. -Kvar forteljing, sin biletkunstnar. (20 illustratørar frå heile verda)Utgjeve både på bokmål og nynorsk. Frå 3 år og oppover.

Greit å få med seg siste nytt frå SunnBok.

Page 9: Venen nr. 5 2011

Inspirasjonssamlingar for leiarar i barne- og ungdomslagOgså denne hausten har barne- og ungdomsavdelinga invitert leiarar til inspirasjonssamlingar. Me gjennom-førte slike samlingar både i fjor og året før. No er me tilbake til der me starta for to år sidan. I september og oktober har me møtt leiarar på Moster, i Kvinnherad (på Husnes), og på Gilje (for Gilje, Laurhammer, Meling og Foldrøyhamn). I under-visninga hadde me no fokus på sjølve lagsmøtet; planlegging og gjennomføring. Sjølv om det slik sett vart fokus på ein del praktiske ting, er det viktig å tenkja over kvifor me held på med det me held

på med. Visjonen vår løftar me fram så ofte me kan; “Vi vil byggja varme, inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til Hans disiplar”. Den summerer fl ott opp kvifor me driv indremisjonsarbeid, og me trur også at den fortel noko om motivasjonen til mange leiarar som driv lagsarbeid.

Me er glade for alle som tok seg tid til to og ein halv time saman med oss. Gode tilbakemeldingar gir også oss arbeidarar frimod og inspira-sjon til å stå på. Takk til vertskapet som sytte for fl ott salatbord. Det

er viktig å koma saman som leiarar for å oppmuntra kvarandre, og å få informasjon om korleis det går med andre lag enn nett ditt eige. Me kan gjerne bli fl inkare på å hjelpa kvaran-dre og be for kvarandre. Inspirasjons-samlingar er også ein god kanal for oss å få informert om leir og andre arrangement til leiarane, som igjen skal formidla til sine born/ungdomar. Takk også til indremisjonsformenn som tok seg tid til å koma! Etter nyttår håpar me på å treffa leiarar på Stord/Fitjar og Langevåg. Marit Hårklau Ådnanes

Skiweekendar 201210.-12. februar: 1. vg og oppover17.-19. februar: 8. kl - 1. vg

Set av helga no dersom du ynskjer å reisa på skiweekend. Meir info kjem. Påmeldinga startar måndag 2. januar kl 09.00.

Drøsen gjekk lett under inspirasjonssamlingane. Her frå Gilje.

Greit å få med seg siste nytt frå SunnBok.

Page 10: Venen nr. 5 2011

Takk for sist til kvar og ein me møtte gjennom denne sumaren! Tykkjer ikkje det er lenge sidan me var på årsmøte i Ølen heller, eit møte som gav inspira-sjon og mot i tenesta, godt å møtast!

Her har det vore ein bra travel sumar og haust fram til no i starten av okto-ber. Hadde fl otte samlingar både på familieleiren og dei to barneleirane i sumar. Tenåringsleiren gjekk diverre ut. Er nok lettare å samla den gruppa til vinterleir med ski og snø!

Nytt i år er eit samarbeid med eit inter-nasjonalt byrå som kalla seg ”booking.com.”. Heile 23 ulike nasjonalitetar har me hatt besøk av. Nokre bussgrupper har også vore innom, dei kjem ofte seint om kvelden og reiser etter frukost neste dag.

Helgatuntreffet med busstur til Bulandet og Verlandet vart ei innhaldsrik og god oppleving. Godt og lagleg ver fekk me og. Astrid og Lars Reinlund gledde oss med mykje song, ein del songar fekk me bakgrunnen for og. Lars hadde bibeltimane dei dagane!

Gildt hadde me det og på dei to Sunn-hordlandstreffa. Jens Tveit og Svein Bjarne Aase hadde bibeltimane. Svein Bjarne køyrde bussen på Ytre treffet. Gledde oss og over at me fekk Haldis og Ingvard Sandvoll med oss på Indre treffet. Jan Hellås var sjåfør då.

Me har og hatt weekend for dei mellom 45 og 66 år. Bibelskulen på Bildøy har vore her, Samnanger Indremisjon og Israelsmisjonen/ Normisjon har hatt sine helgar her. Ei ny gruppe fekk me også inn i haust. NMS hadde senior-helg her. Flott opplegg frå torsdag til sundag, mange fi ne samlingar og tid til turar i eit strålande haustver. Har nok ikkje vore mange godversdagar i haust, men dei få dagane me har hatt fi nveret har gruppene verkeleg nytta til fulle. Tenkjer spesielt på då me hadde Norheimsund og Øystese ungdomskor her, ei familiegruppe og no sist kvinne-helga. Flotte laurdagar med godt ver til uteaktivitetar og turgåing. Er så glad me fekk gjennomført Kvinnehelga og i år. Såg litt mørkt ut ei stund med fl eire avbestellingar på grunn av sjukdom, men helga vart berre heilt topp likevel. Godt fellesskap og gode samvær. Mirjam og Joel Dyrhovden var med oss laurdag etter kaffi , dei hadde ei fl ott songstund og konsert for oss.

Snøen er komen på vitjing, godt då å få unna ”haustarbeidet”. Gjerde og gjer-destolpar må ned, fotballmåla, volley-ballnettet og hagemøblar må i hus og brøytestikker må på plass. Ny shingel har me fått på skistallen. Har også fått reparert skaden på shingelen på hoved-huset. Så no kan snøen snart få leggja seg til ro for vinteren for vår del!

1. oktober var dagen då me tok imot bestellingane til juleopphaldet. To rom er ledige pr d.d. så den som gløymde seg ut den dagen har fortsatt mogleg-heit til å få oppleva jul på Helgatun.

Ser også fram til siste helga i oktober. Då skal Samskipnaden ha haustkon-feranse her. Siste helga i november og fyrste helga i desember er det tid for Samskipnaden sine barne og ungdoms-samlingar! Håpar det blir fulle hus då!

Ynskjer alle ein god haust! Takk for gåver og forbøn, takk for omtanke og varme!

Beste helsingHelgatunfolketSolveig Norheim

HelgatunHelsing

HAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUN 28.-30. oktoberTalarar og leiarar: Bjarne Kvam, Kåre Johan Hamre, Knut Kvamme, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Lise Marie Litlabø, Heidi Rolfsnes og Helgatunfolket. Påmelding: Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04 eller [email protected]

Page 11: Venen nr. 5 2011

11Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2011

Svein Bjarne Aase 10.11 Moster Indremisjon13.11 Bømlo Indremisjon18.-20.11 Regnbuelandet Stemnestaden24.11 Pensjonisttreff på Bremnes25.-26.11 Julemesse Bremnes03.12 Styremøte06.12 Leiarvegleiing i Bergen17.12 Leirvik IUF18.12 Stord Indremisjon

Marit Ådnanes05.11 Gilje IUF08.11 Hobbyklubben Valen08.11 Tito - Valen10.11 BUR-møte18.-20.11 Ten-helg Brandøy25.-27.11 Adventshelg Helgatun29.11 Gilje Yngstes11.12 Horneland Indremisjon29.12 Huglo Indremisjon

Ragnhild Nesse 04.-06.11 Haustreff Brandøy09.11 Fosse Indremisjon10.-12.11 Eikelandsosen Indremisjon17.11 Vikebygd krins19.11 Høylandsbygd Indremisjon22.11 Sagvåg Pensjonistlag28.11 Uskedal Hobbyklubb02.-04.12 Adventshelg Brandøy18.12 Håvik Søndagsskule

Lise Marie Th. Litlabø01.11 Meling Yngstes08.11 Moster Ving11.-12.11 Barneleiarkonf. Bildøy13.11 Sagvåg Indremisjon13.11 Bømlo Indremisjon15.11 Uggdal YA19.11 Håvik Indremisjon24.11 Ølensvåg Yngres28.11 Tofte Ving05.12 Barnekoret Songbuketten09.12 Foldrøy Fredagskafe11.12 Samnanger Indremisjon27.12 Uskedalen Indremisjon28.12 Bømlo Indremisjon

Kåre Johan Hamre03.-06.11 Sagvåg Indremisjon08.11 Norheimsund Indremisjon09.-14.11 Granvin Misjonslag19.11 Meling Indremisjon20.11 Os Indremisjon23.-27.11 Guddalsdalen Indremisjon28.11 Granvin Misjonslag02.-04.12 Førjulshelg Helgatun07.-08.12 Granvin Misjonslag12.-16.12 Helgatun

Reiseruta november og desemberÅstrid Aase10.11 Moster Indremisjon13.11 Horneland Indremisjon03.12 Osterneset Indremisjon

Nils M. Rydland06.11 Nordbygda Indremisjon24.11 Odda Indremisjon

Marit Dahl Hollund06.11 Gilje og Thormodsæter IM

Torgeir Lauvås01.-06.11 Fitjar Indremisjon

Trygve Vasvik10.-13.11 Øvrebygda Indremisjon

Olav Eikemo11.-13.11 Odda Indremisjon15.11 Fitjar Indremisjon16.-17.11 Stranda Indremisjon18.-20.11 Ølen og Ølensvåg Indremisjon

Linda Aase01.11 Auklandshamn Yngreslag04.-06.11 Hausttreff, Brandøy08.11 Laurhammer, U-Alpha09.11 Ope Hus Valen14.-18.11 Undervisning Bildøy18.-20.11 Ten-helg Brandøy22.11 Laurhammer, U-Alpha25.-27.11 Adventshelg Helgatun02.12 UFO Bømlo03.12 Leirvik IUF06.12 Laurhammer, U-Alpha09.12 UFO Bømlo12.-16.12 Undervisning Bildøy

Gunnhild Olsen01.11 Auklandshamn Yngreslag04.-06.11 Hausttreff Brandøy07.11 Decor08.11 Hobbyklubben i Uskedalen08.11 Tito - Valen10.11 Leirvik Junior-Ving14.-18.11 Undervisning Bildøy21.11 Decor22.11 Laurhammer, U-Alpha25.-27.11 Adventshelg Helgatun28.11 Decor02.-04.12 Førjulshelg Helgatun05.12 Decor06.12 Laurhammer, U-Alpha09.12 Husnes IUF12.-16.12 Undervisning Bildøy

Gunnhild Hystad19.11 Håvik Indremisjon

Toril Langeland14.11 Tørvikbygd Y.A30.11 Småbarnstreff, Uskedalen

Liv Rolfsnes06.11 Etne Indremisjon11.-13.11 Odda Indremisjon19.11 Jondal Indremisjon21.11 Odda Indremisjon26.12 Meling Indremisjon28.12 Fitjar IndremisjonI tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Marit A. Røen02.-03.11 Sandvoll Indremisjon09.11 Huglo Indremisjon10.11 Huglo Ving10.11 Huglo Indremisjon12.-13.11 Varaldsøy Misjonsforening16.11 Neset Indremisjon24.11 Eikelandsosen Indremisjon26.11 Ølensvåg Kvinneforening27.11 Lothe og Alvsåker Indremisjon02.-04.12 Førjulshelg Helgatun18.12 Horneland Indremisjon27.12 Jondal Indremisjon

Aksel Ingvard Johannessen06.11 Håvik Indremisjon10.-13.11 Husnes Indremisjonsforening20.11 Horneland Indremisjon26.11 Sagvåg Indremisjon

Toralf Steinsland09. og 13.11 Rubbestadneset IM20.11 Gilje og Thormodsæter IM06.12 Norheimsund Indremisjon29.12 Sagvåg Indremisjon

Edmund Thormodsæter03.12 Styremøte

Jens Tveit08.-09.11 Omvikdalen Indremisjon16.11 Bømlo Indremisjon18.-19.11 Tysnes støtteforening

Tor Ingvald Lauvrak06.-11.12 Meling Indremisjon

Erik Furnes20.11 Voss Indremisjon

Kjetil Fyllingen25.11 Leirvik UKS

Klaus Muff09.11 Bømlo Indremisjon

Ola Malvin Lomheim16.11 Sveio Indremisjon

Arne Lindekleiv20.11 Eid Indremisjon, Sætre03.12 Odda04.12 Stord

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00 * DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANERADIO SAMSON RADIO SAMSON

Page 12: Venen nr. 5 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 201112

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerkesettes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

HAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUN 28. - 30. oktoberTalarar og leiarar: Bjarne Kvam, Kåre Johan Hamre, Knut Kvamme, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Lise Marie Litlabø, Heidi Rolfsnes og Helgatunfolket. Påmelding: Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04 eller [email protected]

Herren være foran deg For å vise deg den rette veiHerren være ved siden av deg

for å lukke deg inn i sine armer og beskytte degHerren være bak deg

for å verne deg mot menneskers ondskapHerren være

Julemesse på Bremnes 25. - 26. novemberBremnes UngdomsskuleMange fl otte gevinstar på åresal, hovudtrekning, sal av varer, graut, kaffi og kaker. SunnBok har boksal.

Fredag kl. 19.30 Møte. Andakt ved Svein Bjarne Aase.Song ved Bømlo Musikklag.

Laurdag kl. 11.00 Bibeltime ved Svein Bjarne Aase.Salet tek til etter bibeltimen.

kl. 14.30 Familiemøte. Andakt ved Svein Bjarne Aase.Song av barnekor frå Salem, Moster!

Hjarteleg velkommen innom på messa!

���K

14. - 15. januar 2012 blir det BULK,

barne- og ungdomsleiarkonferanse, på Brandøy

Sjå side 3!

���K

FØRJULSSAMLINGJulemessa på TysnesTysnes bedehus, Våge, 18. - 19. novemberFredag kl 19.00 - Laurdag frå kl 11.00Talar: Jens Tveit.Song: Jette Marie og Bjarne Steinsund, Fitjarbrødrene og Gruppe frå Tysnes musikkskule.Sal av mat, heimebakst, handarbeid, ved, boksal, mmÅresal – Loddsal

Varer og gevinstar vert mottekne med takk.Velkommen ! Arr: Tysnes støtteforening for Indremisjonen

���K���K���K���K���K���K���K���K���K���K���K���K

FØRJULSSAMLINGJulemessa på TysnesFØRJULSSAMLINGJulemessa på Tysnes

Hjarteleg velkommen innom på messa!Hjarteleg velkommen innom på messa!

Julemesse på Bremnes

HAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUNHAUSTKONFERANSE PÅ HELGATUN

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

eller [email protected]

Påmelding til IndremisjonskontoretTlf. 53 41 07 04