12
Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2011 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og håp. Jeremia 29,11

Venen nr.2 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

Citation preview

Page 1: Venen nr.2 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN02 - 2011

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og håp. Jeremia 29,11

Page 2: Venen nr.2 2011

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

I løpet av eit par år vert det utarbeidd trusopp-læringsplanar i alle kyrkjelydar i Den Norske kyrkja. Stortinget har vedteke at dette skal gjennomførast, og det er bevilga pengar som fylgjer prosjektet. I planen for trusopplæring i Den norske kyrkja har ein mellom anna som føremål å medverke til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som vekkjer og styrkjer kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud og medverkar til kristen livstolking og livsmeistring. Målsetjinga til Den Norske Kyrkja er at alle døypte skal delta i trusopplæringa, og til saman vert det lagt til rette for 315 timar med trusopplæring frå 0 – 18 år. Kva prosjekt som vert sett i gong i dei ulike kyrkjelydar vil vera ulikt frå stad til stad. I den informasjonen me har fått, vil mange av kyrkjelydane satsa på ein Trusopplæringsdag som eit breiddetiltak for kvar aldersgruppe. Indre-misjonssamskipnaden har også blitt utfordra på om det er noko me kan bidra med.

Aldersgruppa 0 - 18 år er ei aldersgruppe me har stor kompetanse på. Det vert drive eit stort og omfattande barne- og ungdomsarbeid rundt om på bedehusa våre. Her er babysong, klubbar for småborn saman med vaksne, sundagsskular, barnekor, yngs-tes, yngres, junior-Ving, Ving, bibelgrupper, ungdomskor, ungdoms-alpha, ten-klubbar, ungdomsforeiningar m.m.

På alle desse samlingane står bibelundervisninga i sentrum, og undervisninga vert formidla til born og unge alt etter kva alder dei er i. I tilegg er her aktivitetar og opp-legg som skaper gode relasjonar mellom borna og ungdommane i bygda, og er med å skapa sunne og gode oppvekstmiljø.

Me har og eit omfattande leirarbeid på Helgatun og Brandøy. På Voss sender kyrkje-lyden i nokre sokn ut tilbod til alle 6. klassingar om å vera med på ein sommarleir på Helgatun som Indremisjonssamskipnaden arrangerer. Dette er ein del av trusopp-læringsplanen på Voss. På Nordtveitgrend og i Strandvik i Fusa er trusopplæringa for 6 åringane knyta opp til barnekora våre på bedehuset. På denne måten ynskjer dei å integrera 6 åringane i det faste barnekorarbeidet.

Kvar ny generasjon må bli kjend med Jesus Kristus. Me vil fortsetja å satsa stort på eit godt barne- og ungdomsarbeid. Ynskje er at arbeidet vårt skal ha høg kvalitet, ikkje minst på bibelarbeidet for dei ulike aldersgruppene.

Me vil også utfordra alle indremisjonslag til å laga ein fi n brosjyre som presenterer barne- og ungdomsarbeidet som er på bedehuset. På trusopplæringsdagane vil det i samarbeid med sokneråda vera eit fl ott høve til å invitera borna og ungdommane inn i det faste barne- og ungdomsarbeidet på bedehuset. Så veit me at dette er eit svært godt bidrag til god trusopplæring i bygdene våre.

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannBirgit M. HjelmelandHalvard WiikIren Sævik MælandTorunn TvedtBjørn SaghaugKristoffer TjelleVaramedlemmar:Kåre StautlandKnut O. DaleAndreas R. Evensen

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

LeiarTRUSOPPLÆRING

Svein Bjarne AaseDagleg leiar

for trusopplæring i Den norske kyrkja har ein mellom anna som føremål å medverke til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som føremål å medverke til ei systematisk og samanhengande trusopplæring

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Hittil 201186 525,-

Hittil 2010 204 278,-

Budsjett 20113 870 000,-

0

50 000

100 000

150 000

200 000

250 000

300 000

350 000

400 000

450 000

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. januar 2011

Page 3: Venen nr.2 2011

3Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011

En glede har alltid sin grunn og er alltid avgrenset til gledesgrunnen. Gleden vi kristne har, er grunnet på håpet. Og vårt håp er en levende person, Jesus Kristus. Han er evig, derfor er også gledesgrunnen vår alltid den samme, under alle forhold. Denne gleden kan ingen ta bort. Selv om vi tidvis kan miste syn for den fordi vi har lagt så mange lag av bekymringer oppå gleden vi har med Jesus i livet, i veikryssene og i de vanlige vanskelige hverdagene våre…

For en kristen er det beste uansett alltid foran, og en dag fullkomment i Guds rike. Der skal det ikke være død, sorg, nød eller pine, slitne eller avslitte relasjo-ner. Gud skal være der. Alt skal være i orden. Alt skal være nytt (Åp 21:1-5).

Alt blir nytt med Jesus! Så vi øver oss på å følge Veien, i livets små og store veikryss. Vi vil holde oss nær til Ham. Han vil lære oss og vise oss den veien vi skal gå – og holde seg nær til oss hele veien hjem.

En glede har alltid sin grunn og er alltid

Å følge Veien i livets veikryssVårens vakreste veikryss strekes opp akkurat nå for 90 studenter ved Bildøy Bibelskole. De står i et av livets viktige valg: Hva skal jeg gjøre til høsten? Hvor går Veien jeg skal følge?

Det er dypt meningsfullt å være sam-men med unge mennesker når de jobber med livsviktige spørsmål. Vi som arbeider ved bibelskolen forsøker å se etter Guds ledelse sammen med dem og peke på det som kan være gode sporvalg. De velger selv og øver seg på å ta ansvar for sine valg. Det er både spennende og sterkt å se når en og annen retter ryggen, fi nner frimodighet for framtida, fester blikket og står opp for det valget de tar.

Vi øver oss alle sammen på å følge Veien, Jesus Kristus, i livets små og store veikryss. Vi vil holde oss nær til Ham. Og Han som ønsker å lære oss og vise oss den veien vi skal gå, vil holde seg nær til oss (Sal 32:8).

Vi håper du vil stå med oss i arbeidet blant studentene på Bibelskolen og sette dine farger til vårens vakreste veikryss ved å be for oss.

Det er ikke lenge siden vi begynte et nytt år. Men kanskje du allerede aner at det meste blir med det gamle? At selv om vi bestemte oss for å gjøre noe nytt i det nye året så blir det liksom ikke noe videre av det?

Gud gjør noe av ingenting, skape av intet. Slik han gjorde verden, slik kan han skape noe nytt, også i dag. Slik var det for mange av dem som møtte Jesus; hele livet ble nytt. De, der og da, er som oss, her og nå: Vi har ulik bakgrunn og livet arter seg ulikt, men synden har vi sammen. Og synden be-stemmer framtiden… For en synder er framtiden håpløs; død og deretter dom, sier Guds ord. Men Jesus vil gjerne møte oss i livet med soning for synden og fred med Faderen. Slik gir Jesus håp for tiden, fortiden og forbi tiden...

Av Roald KvamRektor Bildøy bibelskole

Andakt

BØNESPALTABE FOR...- Leirane og samlingane fram- over på Helgatun og Brandøy- Arbeidarane som reiser rundt og dei på kontoret- Brandøy, Helgatun og Framnes- ”Aksjon 100 nye”

TAKK FOR:- Flotte skiweekendar og damehelg- Alle som er leiarar rundt i laga og dei som er med som leiarar på leirar- Fine vintermøte på Bremnes, Bømlo og Stord

Kan du tenkja deg å vera med å hjelpa oss å nå målet om 100 nye gjevarar før årsmøte 2011? I så fall må du ta kontakt med oss på indremisjonskontoret så skal vi senda deg materiell slik at du kan verta registrert. Vi har allereie mottatt 27 nye gjevarar som ynskjer å få gjevartenesta si inn i ”faste” former. Dette er ein stor styrke for Indremisjonsarbeidet. Vi får ein betre oversikt over økonomien, og vi veit at folk står med oss og ynskjer løfta arbeidet gjennom faste gåver.

Du finn meir informasjon på internettsida vår www.indremisjonen.no eller ved å ringa til Indremisjonskontoret tlf. 534 10704

Page 4: Venen nr.2 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20114 Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011

Dette skulle eg ikkje gå glipp av! Damehelg på Brandøy med temaet ”Manna”, spennande! Eg hadde høyrt så mange lovord frå dei som var med i fjor, at eg var rekordtidleg ute med å melda meg på. I same slengen melde eg også på eit par venninner, heldigvis utan store protestar i etterkant.

Tida går fort når ein har det kjekt, og vips, så var det søndag og tid for heimreise. Takk til Guri, Rakel, Henriette og Lise Marie som har stått på og laga til denne gode helga for oss. Her var fl ott program, god prat, god mat og godt lag. Gjennom heile helga fekk me med oss påfyll i form av små forteljingar, bøner, bibelord og velsigningar som leiarane delte med oss. Denne helga var manna for kvinna sitt hjarte!

”….han lét manna regna til føde for dei, gav dei korn frå himmelen.” - Salme 78, v. 24 -

Takk for meg!Helsing Gunn Kjersti Røgenes(som håpar å få plass også neste år.)

Damehelg på Brandøy

Både laurdag og søndag føremid-dag hadde Astrid Steinsland føre-drag som var både inspirerande, tankevekkande og humoristiske. Med utgongspunkt i bibelen tok ho bl.a. opp tema som korleis me ser på oss sjølv og kvarandre. Tittelen var ”Manna for kvinna sitt hjarte”. Interessant og utfordrande.

Utover laurdagen var det god tid til ulike aktivitetar. Ein kunne måle bilde, lage kort, gå tur eller rett og slett sige ned i ein god stol og ta livet heilt med ro. Det viste seg at det ikkje berre var eg som hadde pakka strikketøyet, så det klirra diskret i spøter både tidleg og seint.

Om kvelden var det bl.a. nydeleg festmiddag, følgt av konsert med mannskoret ”Manna” (!) frå Bergen. Dei hadde eit fl ott program, med både skjemt og alvor.

Fredagen kom og eg stappa inn i bilen bl.a. både joggesko og nykvesste strikkepinnar, litt usikker på kva som venta. Tenkte det var best å vera budd på både ute- og inneaktivitetar, spesielt sidan eg har nokre venninner med utprega handarbeidsallergi.

Vel framme på Brandøy vart me møtt av eit fi nt pynta inngongsparti, og like fi nt var det pynta innomhus. Fine roser, levande lys og mange fi ne steinar med påskrivne bibel-vers. Heile 79 damer hadde meldt seg på, frå ulike kommunar og i ulike aldrar. Spennande å møte både nye fjes og gamle kjende. Ein fl ott gjeng, og praten gjekk livleg heile tida. Om kvelden fekk me servert , blant mykje anna godt, hummus og falaffel. Mmmmmmm…..

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20114

Det klirra diskret

i spøter både

tidleg og

seint

Utover laurdagen var det god tid til ulike aktivitetar

Mannskoret “Manna” hadde eit fl ott program, med både skjemt og alvor

Astrid Steinsland hadde føredrag som var både inspirerande, tankevekkande og humoristiske

Page 5: Venen nr.2 2011

5Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011 5Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011

STRÅLANDE VINTERMØTE!!!Det kom ein idé. I år ville me prøva noko nytt. Kva med å arrangera vintermøte rundt om i bygdene? Tanken blei realisert tre stader og me er svært glade for at me gjekk i gong. Alle møtene samla mykje folk og me fekk fl otte samlingar med gode tilbakemeldingar.

”Dette var mat for sjela.” ”Her var det verkeleg godt å vera.” ” Det var så god ånd.” Ja, dette var nokre av kommen-tarane etter møtene.

Det heile starta i Bremnes kyrkje 6. februar. Decor, leia av Marit Ådnanes og Laila Hansen Røksund, saman med eit fl ott orkester og forsongarar, var bærar av både korsong og fellessong. Svein Bjarne Aase talte over teksten om den blinde Bartimeus. Kven er Jesus? Jau, han er sant menneske som du og eg. Med ein kropp som du og eg har, og kjenner fullt ut alle sider ved det å vera menneske. I tillegg er han sann Gud, noko som gjer at han kan gripa inn i menneske sitt liv og skapa noko nytt.

Jan Karstein Haukefær, som var kveldens gjest, fekk dela vitnemålet om sin veg til tru på Jesus. Det gjorde han på ein sterk og gripande måte. Bibel-ordet som vart lese den dagen han gav seg over til Gud var henta frå Jesaja.

Det andre vintermøtet me hadde var i Bømlo bedehus 13. februar. Dette var samstundes det siste møtet i ei møteveke for Indremisjonen. Jørgen Tønnessen frå Indremisjonsforbundet Sør var talar. Elles var me så heldige å få vitjing av mannskoret Manna frå Betlehem i Bergen. Torbjørn Aadland er dirigent for Manna, og dei formidlar evangeliet om Jesus Kristus på ein framifrå måte. Dei syng acapella og har tekstar med djupe evangeliske sanningar. Manna har etterkvart sunge seg inn i mange hjarte, og me gler oss over at dei vitjar Indremisjonssamskip-naden med sin glade song.

Det siste vintermøtet var på Leirvik bedehus 20. februar. Her var det Anfi nn Skaaheim som talte om gleda i det glade budskap. Jesus Kristus har vist oss kva gleda i evangeliet består i. Det seier han til oss i Mark.1.15. ”Tida er komen, og Guds rike er nær. Vend om og tru på evangeliet!”

XtraLars er eit kor som består av 15 menn. Dei syng evangeliske songar med innleving og høg kvalitet. Det var ei opp-leving å ha dei med på vintermøte og dei song rett inn i hjarta til den enkelte tilhøyrar.

På alle samlingane var det stor opp-slutnad og rike samvær. Dette vert nok noko me vil satsa vidare på, og dersom det er bygder som ynskjer at Indre-misjonssamskipnaden skal leggja opp til eit vintermøte neste år, er det berre å ta kontakt så skal me sjå kva me får til.

Svein Bjarne Aase

Forsamlingsleiar i Bergen Indremisjon Gunnar Ferstad kjem...

MANNA

Decor

Anfi nnSkaaheim

Jørgen Tønnessen

Svein Bjarne Aase ogJan Karstein Haukefær

Page 6: Venen nr.2 2011

Barne- og Ungdomssida!

Supert med skiweekend på Helgatun

RagnhildLise Marie

MaritMiriam

Dei to første helgene i februar vart det gjennomført to skiweekendar på Helgatun. Den første var for aldersgrup-pa 1. vidaregåande og oppover og samla 25 deltakarar, medan skiweekenden for 8. kl og oppover helga etterpå var fullteikna med 79 deltakarar. Tema for bibeltimane begge helgene var “Whiteout”.

Første helga i februar lava snøen ned i Myrkdalen, og forholda for dei som likar laussnøkøyring var fantastiske! Deltakarane kom frå heile Samskip-naden og Tor Ingvald Lauvrak var med og hadde bibeltimar. Han tok utgangs-punkt i Esekiel 34, Hyrdekapittelet. Som den skientusiasten han er hadde han mange historiar om å køyra inn i skodda og få ”Whiteout”. Me fekk òg høyra om Guds uendelege nåde. ”…Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø...” Jesaja 1.18. Det vart ei fl ott helg med felles-skap og moro inne og god tid til å boltra seg ute i snøen både på dagtid og om natta.

Fredag 11. februar var 54 forventnings-fulle tenåringar møtt fram på Føyno (frå Bømlo) og Leirvik for å fylgja ekstrabus-sen til Helgatun. Mange frå Sunnhord-land har oppdaga skiparadiset oppe i Myrkdalen. Leiarar køyrde også utanom i privatbilar frå Kvinnherad, Bømlo og Odda. Fleire deltakarar var dessutan med frå Bergensområdet. Vêr og føre-forhold i løypene var på vår side heile helga. Me hadde supre dagar saman i bakken utan store skadar.

Fleire ungdomar frå Framnes stilte med band og lyd denne helga. Dei laga også til eit miljø oppe i skibakken laurdagen med hopp, musikk og felles lunsjpause. Veldig bra! Torgeir Nygård var i år, som i fjor, bibeltimehaldar. Torgeir jobbar i Maritastiftelsen i Oslo, og har ei spesiell gåve i å nå fram til ungdomane. Han ut-fordra oss på vårt forhold til Jesus. “Ditt forhold til Bibelen avslører ditt forhold til Jesus”, seier han. “Kva tenkjer du på når eg seier “whiteout”, spør Torgeir. “Snø, kvitt ute, korrekturlakk”. Ulike svar dukkar opp. Alt vart inkludert i Jesu død på korset, fortel Torgeir vidare. Før Jesu død brukte dei korrekturlakk. Skrifta/synda vart ståande under korrektur-lakken. Men etter Jesu død er det som med ein datamaskin når me trykker på “delete”. Alt blir vekke. Den som syndar skal dø står det i Esekiel 18,20, men lista over all skyld vart sletta ut då Jesus døydde på korset, Kol. 2,14. Evangeliet handlar om eit stort plassbyte. Guds Son kom ned til jorda og tok vår plass. Me som er urettferdige, vert behandla som rettferdige.

døydde på korset, Kol. 2,14. Evangeliet

Son kom ned til jorda og tok vår plass. Me som er urettferdige, vert behandla

Mitt bibelvers!

Tor Arne Hystad, 15 år, Leirvik“Stol på Herren av hele ditt hjerte,og sett ikke lit til ditt vett!Tenk på ham i alle dine veier,så gjør han dine stier rette”,Ord 3,5-6

Laurdag kveld var det leirkveld med leikog moro. Seinare var det andakt og dele-stund, med høve til forbøn og samtale. Fleire nytta seg av dette tilbodet. Stem-ninga for å arrangera skiweekend til neste år var stor, så me satsar igjen. ;o)

Ragnhild Nesse og Marit Hårklau Ådnanes

Torgeir Nygård i aksjon i bakken

Frå v. Marit Hystad, Ida Bjørnevik og Kristin Tomassen. I bakgrunnen ser me leiaren frå Framnes, Torstein Misje.

Etter leirkvelden med leik og moro var det andakt og delestund, med høve til forbøn og samtale.

Page 7: Venen nr.2 2011

Barne- og Ungdomssida!

UngdomsAlpha på Halsnøy

4U kjem...

Mitt bibelvers!

Tor Arne Hystad, 15 år, Leirvik“Stol på Herren av hele ditt hjerte,og sett ikke lit til ditt vett!Tenk på ham i alle dine veier,så gjør han dine stier rette”,Ord 3,5-6

I fl eire år er det Tofte Indremisjon som har drive konfi rmantarbeidet på Zoar bedehus på Halsnøy i samarbeid med soknerådet. Annakvar onsdag møter 24 konfi rmantar til undervisning, samtale og mat på bedehuset. Dei går gjennom Alpha sine mange interessante tema. Nokre tema tar konfi rmantleiarane sjølv, medan gjestetalarar tar andre tema.

I dag er eg den heldige undervisaren, men med fuglar i magen. Alltid like spennande dette. Eg var her også for 14 dagar sidan og hadde tema: “Korleis leier Gud?” Nå skal det bli kjekt å treffa ungdomane og leiarane igjen. Fleire ungdomar er allereie komne, og me slår av ein prat i gangen. Eg fortset inn i møtesalen der eg blir møtt av høg og fl ott lovsong. I dag er temaet “Kvifor og korleis skal vi fortelja andre?”

Etterpå blir det samtale i grupper. Praten går livleg i fl eire grupper. Ung-domane har mange spørsmål og tankar, både som har med tema å gjera og an-dre ting. Innimellom kjem det spørsmål om det ikkje er mat snart. Og det er det, til glede for konfi rmantar og leiarar. Konfi rmantforeldre tar kvar sin tørn på kjøkenet. Lukke til vidare med konfi r-manttida og arbeidet til alle på Zoar!

Marit Hårklau Ådnanes

Oppstart av UngdomsAlpha på Laurhammer!Tysdag 15. februar møtte ein fl ott gjeng med ungdommar opp på Laurhammer bedehus til fyrste Alpha-kveld. Ein av dei spente leiarane var John Morten Espevik, som er ei av eldsjelene bak denne nysatsinga på Bømlo. I mange år har han vore med i Yngresarbeidet på bedehuset og sett at unge vil fylgja Jesus, men dei manglar eit tilbod etter konfi rmasjonsalder, der dei kan læra meir om livet som kristen og få veksa i trua. Etter mykje prat blant leiarane på yngres og Jan Sigve Særsten i Blå Kors-arbeidet, kom dei fram til at dei ville satsa på UngdomsAlpha.

Då eg snakka med John Morten nokre dagar etter fyrste alphakveld var han svært ivrig etter å fortelja korleis opp-startskvelden hadde vore. - 11 personar dukka opp. Geir Arnold Rue hadde undervisninga, ” Kven er Jesus?”. Ungdommane var nysgjer-rige og interesserte, dei gav respons undervegs i undervisninga og samtalen var raskt i gong etterpå. Ungdommane hadde mange spørsmål og det vart ein fi n dialog. Ein fl ott oppstartskveld!

Vidare kan Espevik fortelja at han hadde utfordra ein av deltakarane til å fi nna nokre songar til kvelden og det resulterte i ei eiga mappe på data med aktuelle Alpha-songar, med tilhøyrande playback. Sjølv om dei ikkje var så mange var det ikkje noko å seia på songen.

Fyrste kveld var det òg tid til å snakka litt om fordeling av oppgåver og dette gjekk av seg sjølv. Nokre ville ta ansvar for songen, dei ville syngja meir, andre ville ta kiosksal og mat, og nokre byrja òg å snakka om pynting og at dei kan-skje måtte ha ein scene til undervisninga.

- Det er utruleg fl ott når ungdommane tek initiativ, du må nemna at me er på Facebook. Det har dei ordna sjølv, legg John Morten til.

Vårens tema er klare og undervisarane er på plass. - Det er viktig å fi nna gode undervisarar som likar å snakka til ungdom og som brenn for eit tema. Dei skal kunna snakka om temaet i 45 minuttar, for dette er under-visning! Seier John Morten.

Ein kveld på Laurhammer ser slik ut: Song, undervisning, kiosk og litt å bita i, spørsmål og samtale rundt kveldens tema. Så vert det sosialt og speling resten av kvelden.

Høyrest dette spennande ut er det berre å ta turen innom Laurhammer Bedehus annankvar tysdag i oddetalsveker. Lykke til med arbeidet!

Ragnhild Nesse

Ungdoms-ALPHAUngdoms-ALPHALaurhammar bedehus

Kven er Jesus?Kvifor dø Jesus?Kvifor og korleis skal eg lesa Bibelen?

Kven er Den Heilage Ande, og kva gjer han?Korleis kan eg verta fylt av Den Heilage Ande?

Korleis kan eg vera sikker på at eg er kristen?

Kva med det okkulte og å stå imot det onde?Korleis leier Gud oss? Helbreder Gud idag?

Kva med bedehuset/kyrkja//fellesskapet?Livet stiller oss ovanfor mange vanskelege spørsmål; Om meininga med det heile, om døden, om Gud - og kvenvar han nå eigentleg denne Jesus? Mange vel å leva med sine spørsmål, men for mange kjem tider då ein treng svar som er til å stola på. Fellesskapskveldane er ein plass der me saman kan fi nna svar på ulike spørsmål!

Det er GRATIS å vera med......

��������������������������������������������������������������������������������

Annakvar tirsdag kl 19.00 - 21.30Får høyra om Gud/Jesusog me har det sosialt ;o)

Konfi rmantleiarane på Zoar: f.v. Harald Thuestad, Per Gunnar Nordbø, Lisbeth Mehus og Kjartan Mehammer

John Morten Espevik m.fl . inviterer til Ungdoms-ALPHA!

Page 8: Venen nr.2 2011

Din lokale kristne forhandlar

Få et nytt barn...Råd frå familieeksperten Dr. Kevin Leman

Kr. 298,-

Gavene med meining fi nn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg handel!

Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

Ungdoms-serien MANGAFrå skapelsen til Moses.

Kr. 129,-

Datteren og Datterens drømNy serie av Francine Rivers.

Kr. 230,- pr bok

www.sunnbok.no

GAITHERTo nye DVD’ar i den berømte serien!

Kr. 269,- per stk

Friske muligheterKåseri og prekener av Asbjørn Kvalbein.

Kr. 298,-

Den første PÅSKENFlott påske-bok for barn.

Kr. 158,-

Rundt hundre menneske var samla til stor misjonsfest i Sveio bedehus i slutten på januar. Det er mannsforeininga i Sveio som står for innbydinga, og denne festen avslørte at foreininga består av menn med stor misjonsiver, godt humør, arbeidsvilje og svært mange kvalitetar på ulike plan.

Strålande misjonsfest i Sveio bedehus

Her var opningshelsing, intervju og sal av basar-årer med påfylgjande trekking. Songbrødrene frå Moster gledde festlyden med evangelisk song, og Svein Bjarne Aase hadde kveldens festtale. Han var mellom anna innom Lukas 15 der me kan lesa om at den bortkomne sonen kom til seg sjølv. Då snudde livet og han sa: Eg vil gå heim.

Ikkje minst er dei gode til å laga til skikkeleg misjonsfest med fl ott program og strålande god mat. Det gode frammøte fortel at dette er ein fest som folket verkeleg set pris på. Her vert det lagt ned mykje arbeid i førebuinga, og denne kvelden er det berre menn som får lov til å arbeida.Dei hadde laga til fl ott koldtbord med heimelaga karbonader, rikhal-dige påleggsfat, fl ott pynta og servert på ein måte som verkeleg innbyr til fest.

Dette vart ein strålande misjonsfest ikkje minst takka vera ei lun og god leiing av ein av medlemmene i mannsforeininga, Magnus Tveit. Det kom inn kr. 17.000,- til misjonen, og me vil gjerne oppmuntra andre bygder til å starta mannsforeining og på den måten vera med å byggja opp om Indremisjonssamskipnaden sitt misjonsarbeid.

Sveio Mannsforening f.v.: Kåre Tveit, Osmund Kinn, Trygve Kinn, Cornelis Hermans, Magnus Tveit, Knut Mekeland, Lars Reiersen og Edvin Reiersen. (Karsten Bråtveit og Helge Matre var ikkje til stades denne kvelden).

Songbrødrene frå Moster

Page 9: Venen nr.2 2011

www.sunnbok.no

Mette og Roger til Samskipnaden!Helga 1.-3. april får vi besøk av Mette og Roger her i Samskipnaden. Dei skal synga både på Bømlo, Tysnes og Stord. Mette Vestberg Sørensen og Roger Sørensen er frå Flekkerøy utanfor Kristiansand. Dei har vore gift i 25 år og har to born. Dei har sunge saman dei siste 20 åra. Saman er dei ute og syng ca. ein gong i veka og dei har gitt ut to CDar: ”Det umuliges Gud” og ”Sangens velsignelse”. Sjølv seier dei om songen og den tenesta dei står i: ”Vi har sagt ja til det kallet Gud har gitt oss: Å formidle det glade budskap gjennom sang. Sangen har gitt oss utrolig mye, og derfor tittelen ”Sangens velsignelse” på den siste CD-en. Det er slik vi føler det. Gi, så får du mye mer tilbake!”

Denne helga er vi så heldige at vi har fått dei til oss.

Fredag 1. aprilMøte i Meling Bedehus kl. 19.30.Laurdag 2. aprilKonsert i Uggdal Kyrkje kl. 17.00.Søndag 3. aprilMøte på Horneland Bedehus kl. 11.00.

Den første PÅSKENFlott påske-bok for barn.

Stortbarnekor kjem...

“Vår bønn er at noen må møte Jesus og kjenne seg oppmuntret og utfordret ved å lytte til sangen vår.”

Mette og Roger

Dette er samlingar vi gler oss til

og håpar mange vil vera med å

støtta opp under.

GLED DEG!!! Endeleg kan ”draumen” gå i oppfylling! Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Me har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 8.-12. juli.

Familieleir på Helgatun og Brandøy

Leiarar på Brandøy vert: Olaug og Jan-Ove Fagerheim,Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristensen. I tilegg vert ein ungdomsgjeng med.

Påmeldingane er alt komen igong og me gler oss. Spreke og opp-fi nnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdom-mane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha samlingar som er felles for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barne-vakter” i gongane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og vita at borna har det trygt der dei er.

Påmelding Familieleir: Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04, [email protected] eller www.indremisjonen.no

Leiarar på Helgatun vert:Linda og Bjarte Nordtun, Toril og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase m.fl .I tilegg vert ein ungdomsgjeng med.

Me gler oss til å møta dykk.

Strålande misjonsfest i Sveio bedehus

Sveio Mannsforening f.v.: Kåre Tveit, Osmund Kinn, Trygve Kinn, Cornelis Hermans, Magnus Tveit, Knut Mekeland, Lars Reiersen og Edvin Reiersen. (Karsten Bråtveit og Helge Matre var ikkje til stades denne kvelden).

Page 10: Venen nr.2 2011

Framnes har ein stabil personalfl okk med godt humør, høg trivselsfaktor og utmerka arbeidsmoral. Eg tykkjer det er kjekt å møte til arbeid på Framnes, og eg trur eg deler denne opplevinga med kollegane mine. Trivsel og arbeid gjev gode resultat. Slik ser det iallfall ut på eksamensstatistikken frå Utdan-ningsdirektoratet der Framneselevane jamnt over har betre resultat enn både fylkesnivået og det nasjonale nivået i 2010.

Men Framnes kan ein ikkje samle åleine innan kategoriane undervisning og eksamen. Framnes er så mykje, mykje meir. Elevane møter kvarandre på ein heilt annan måte på ein internatskule enn på ein skule utan internat. Og når skulen i tillegg er ein kristen skule, er også dette med på å forme elevane sitt møte med kvarandre. Her er elevane saman i dei fl este av døgeret sine timar. Dei går til skulen saman med andre, et måltida saman og har fritida saman. Sosialiseringa vert sterk då, og mange sterke venskapsband vert knyta. Det er kanskje ikkje til å undrast over at mange vel eit år på folkehøgskule eller bibelskule saman med vener dei har funne her etterpå.

Ein god stad å utvikle venskap på er kanskje Cafe Lars, eit såkalla lågterskel-tilbod som starta opp hausten 2010. På hemsen ovanfor peisestova har me fått nytt fi nt kjøkken, og her sørgjer miljø-arbeidarane for sosiale aktivitetar fl eire gonger i veka. Elles skipar også styret for misjonsprosjektet til tilstelningar for elevane. Til no har misjonsprosjektet samla inn over fi rehundretusen kroner! Målet er sekshundretusen og draumen er ein million. Alle pengane går til CHR-ISC sitt arbeid for barn i Haydom. Vil du vite meir, kan du gå inn på nettstaden til misjonsprosjektet på Framnes, www.misjonsprosjektet.no.

Me er også glade for samarbeidet med Indremisjonssamskipnaden. Fleire av elevane våre er med som leiarar på leir på fritida si. Det er kjekt at dei ønskjer å stø opp om det kristne arbeidet på denne måten. I dag fekk eg også ei hyggjeleg tilbakemelding på elevar som har vore med som leiarar på Helgatun. Dei hadde utført oppgåva si veldig fi nt og verkeleg vore ein ressurs på leiren! Det er kjekt at me har slike elevar.

På den andre sida stør Samskipnaden oss med forkynnarar. I 2010 var det i tillegg til fl eire enkeltmøte og minimøte-seriar, planlagt fem møteveker med team og forkynnarar. Ei veke måtte gå ut, men dei andre vart gjennomførte. Jamt møter det 50 - 60 elevar til møtesamværa. Det er fl ott, for i møte med Guds Ord skjer det noko med den som høyrer.

Sjølv om det i skrivande stund er vinter og kaldt, er det ikkje lenge til det vårast og snart er sommaren her. Også i år vert det fl eire sommararrangement på Framnes. Evangelisten har vore her i mange år. Det har også New Tribe Mission (tidlegare Med evangeliet til unådde folkeslag). Fleire andre er også innom. Kontakt skulen dersom du har lyst til å vite meir om sommararran-gementa.

Takk til alle som hugsar skulen, per-sonalet og elevane i bøn og med gåver!

Med helsingHarald Voster, rektor

FramnesHelsing

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZBømlo 107,9 MhZ

Kvinnherad: 106,2 MhZ Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

KJEM DU?Velkommen til Sommarens Storsamling i Ølen 24.-26. juni!

Sunnhordlandsmusikken kjem...

Me er godt i gang med året 2011. Her på Framnes går det sin vante gang med undervisning, og alt som følgjer med det. Kvardagen er travel. Likevel verkar det som om det er stor trivsel både blant elevar og personalet, og dette vert stadfesta gjennom tilbakemeldingar, samtalar og undersøkjingar som vert gjennomført.

Lucia-feiring på Framnes

På grunn av teknisk svikt i radio Sunnhordland, fekk dei ikkje ut

programma våre 13. og 20. febr. Me beklagar og vonar det går

betre i tida framover.

Page 11: Venen nr.2 2011

11Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2011

Svein Bjarne Aase 02.04. Indremisjonssamskipnaden 08.-10.04. Stord Indremisjon 10.04. Tofte Indremisjon 15.-26.04. Si-reiser 27.04.-04.05. Si-reiser 09.05. Tysnes støtteforening 13.-14.05. Styremøte IMS 17.05. Gilje og Thormodsæter IM 19.-22.05. Sunnhordlandsmusikken 24.05. Fitjar Diakoninemnd

Liv Rolfsnes 22. og 24.04. Stord Indremisjon 17.05. Skånevik Indremisjon

Kåre Johan Hamre 01.-03.04. Ølen og Ølensvåg IM 05.04. Bømlo Minimax 06.04. Bømlo Indremisjon 07.04. Auklandshamn Indremisjon08.-10.04. Dugnadshelg Brandøy 11.-14.04. Granvin 21.04. Tofte Indremisjon (Zoar) 22.04. Omvikdalen Indremisjon 24.04. Tofte Indremisjon (Zoar) 25.04. Husnes Indremisjon30.04. Samnanger Indremisjon Frå mai Vaktmeister Brandøy

Marit Ådnanes 05.-07.04. .no Fjelly 09.04. Gilje IUF 10.04. Skånevik Indremisjon 15.-19.04. Påskefestival Brandøy 28.04. Ølensvåg Yngres 22.05. Framnes KVGS 25.05. BUR27.-29.05. Superhelg Helgatun

Miriam Sakseid 15.-19.04. Påskefestival Brandøy 28.04. Ung Kafè Leirvik 06.05. Nattcafe Husnes

Reiseruta april og maiJostein Skutlaberg 07.04. Neset Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn 03.04. Gilje og Thormodsæter IM17.05. Uggdal Indremisjon

ImF-Teamet 26.04.-08.05. Framnes KVGS

Klaus Muff 02.-05.05. Vårtreff Brandøy19.-22.05. Sunnhordlandsmusikken

Kåre Steinsund 19.-22.05. Sunnhordlandsmusikken

Mette og Roger 01.04. Meling Indremisjon 02.04. Tysnes støtteforening 03.04. Horneland Indremisjon

Arne Lindekleiv 03.04. Håvik Indremisjon 30.04. Varaldsøy Misjonsforening

Åstrid Aase 08.-10.04. Stord Indremisjon

Edvard Foss 01.-03.04. Meling Indremisjon

Liv Stokken 17.05. Osterneset Indremisjon

Nils M. Rydland 03.04. Os Indremisjon

Lars og Astrid Reinlund 17.05. Bømlo Indremisjon

Johannes Kleppa 07.04. Tysnes støtteforening 14.04. Tysnes støtteforening

Marit Dahl Hollund 10.04. Håvik Indremisjon 08.05. Horneland Indremisjon

Merete Solås 07.04. Leirvik Jr. Ving

KJEM DU?Velkommen til Sommarens Storsamling i Ølen 24.-26. juni!

Ragnhild Nesse 01.04. UFO Langevåg 05.-07.04. .no Fjelly 12.04. Laurhammer U-Alpha15.-19.04. Påskefestival Brandøy 26.04. Laurhammer U-Alpha29.04. Horneland Ungdomsklubb21.05. AKTIV Moster

Lise Marie Th. Litlabø 02.04. Auklandhamn 05.-07.04. .no Fjelly 19.04. Håvik29.04.-01.05. Juniorhelg Brandøy 03.05. Meling 25.05. BUR

Marit A. Røen 10.04. Sagvåg Indremisjon 15.-20.04. Kombileir Helgatun 22.04. Tveit27.04. Lothe og Alvsåker 17.05. Horneland Indremisjon 27.-29.05. Superhelg Helgatun

Arne Opsahl-Engen 14.04. Eikelandsosen Indremisjon 17.04. Jondal Indremisjon

Toralf Steinsland 15.-26.04. Si-reiser 02.-05.05. Brandøy, Vårtreff 15.05. Os Indremisjon

Aksel I. Johannessen 10.04. Nordbygdo Indremisjon 15.-20.04. Kombileir Helgatun 15.05. Stord Indremisjon 17.05. Sagvåg Indremisjon 29.05. Horneland Indremisjon

Jens Tveit 07.-10.04. Nordtveit Misjonsforening02.-05.05. Brandøy, Vårtreff 29.05. Stord Indremisjon

Tor Ingvald Lauvrak 25.04.-01.05. Framnes KVGS

Page 12: Venen nr.2 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 201112

For alle aldrar!

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

Returadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORD

Toralf Steinsland og Svein Bjarne Aase innviterer til

Påsketur til Israel16.-25. april 2011

Hjarteleg velkommen til

18. – 20. MARS 2011

Dette er ein leir som er tilrettelagt for vaksne med utviklingshemming

saman med ledsagar.

Her har vi det kjekt med: leik og moro – bibelforteljing –

song og musikk – god mat og nye vener.

Som leiarar har vi med oss bl.a.: Kåre Johan Hamre

Jan Ove Totland og Kjell Saue.

Denne helga kan du ta med deg heile familien – frå minstemann til oldemor – og vera med til BRANDØY. Då vert det FAMILIEDUGNADSHELG med arbeid og moro hand i hand. Her vert det skogrydding og bålbrenning, klypping av buskar og kratt, snekring og maling, vasking og rydding. Heile Brandøy vert som ein stor myldreplass. Her vert det arbeida frå morgon til kveld. Elles har vi familiesamlingar og hyggekveldar. Håpar mange har lyst å vera med å gjera ein innsats for BRANDØY denne helga. Påmelding til tlf. 53410704 eller www.indremisjonen.no

Sommarens Storsamling Årsmøte i Ølen 24. - 26. juni

Talar: Gunnar Ferstad

Song: 4U

Fredag: Konsert

Laurdag: Barnas sommerfest, bibeltime, forhandlingsmøte,

stor familiekonsert m/ barnekor og 4U, kveldsmøte,

ungdomstreff m.m.

Søndag: Festmøte m/Søndagsskule og storfamiliemøte

Det vert eige barne- og ungdomsopplegg!

For alle aldrar!

Denne helga kan du ta med deg heile familien