Upload
amfi-kreativ-as
View
230
Download
5
Embed Size (px)
DESCRIPTION
100 ting å gjøre i Surnadal 2013
Citation preview
ting å gjere i
Surnadal
Mellom fjell og fjord,
på indre Nordmøre og
toppen av Fjord Norge,
ligg vakre Surnadal
i all sin prakt.
Kom hit og opplev
vårsola skin,
elvane bruse og
fjelltoppane
tindre!
Eit levande
eldorado
for deg som vil
nyte rein natur,
fartsfylte aktivitetar,
velfortent avslapping
og ekte
matopplevingar!
62°58′28″N
8°43′47″Ø
VÅRSØGLANDET
2
100 ting å gjere!
Ung eller gamal,
eller noko
midt i mellom,
aleine eller
saman, her er minst
Og
det beste av alt;
mange av dine
opplevingar
er heilt
gratis!
3
Symbol fork lar ing
Heile året
Vår
Sommar
Haust
Vinter
Kontakt leverandør
Kontakt Vårsøg Hotell for meir
informasjon, vegbeskriving og booking
Tlf: +47 71 65 71 00
www.varsog-hotell.no
4
Kjøle
gøittj
5
6
Bl i
å blå
Far ts fy l t moro
7
KLATRING OG RAPPELLERING I SVINVIKA Ønskjer du ei luftig oppleving er rappellering tingen.
Her kan du velgje mellom ulike høgder og område
etter som du sjølv har lyst til. Erfarne instruktørar frå Trollheimen
Mountaineering er med, så ingen forkunnskaper er nødvendig.
TOPPTUR PÅ NORDVIKSULA Nordviksula er ei naturperle ved foten av Trollheimen.
Fjellet reiser seg 1318m over havet og har ei relativ bratt
stigning heile vegen. Perfekt for skikjørarar som liker ei
bratt og fin nedkjøring.
SÆTERLIA ALPINANLEGG Med sin lune plassering og rike snømengder, er
anlegget som regel i drift frå november til april.
Sæterlia er eit av dei lengste skitrekka i landet og på
toppen får du flott utsikt og gode moglegheiter for turar.
+47 71 66 00 06
HEISTUR TIL TOPPEN Bli med skiheisen heilt til toppen og nyt utsikta over vakre
Surnadal. Dette er eit flott utgangspunkt for ein langrennstur
vidare innover fjellheimen.
+47 71 66 00 06
Fartsfyl t moro
8
ZUMBA På Surnadal Trening- og Velværesenter kan du ta ein
drop-in time der du rister laus og dansar til fengande rytmar.
”Ditch the workout – join the party”.
+47 930 67 072
SQUASH Trollheimen Treningssenter har ein heilt ny squashbane
og utlån av racket.
+47 455 06 494
SENIORDANS Ei gruppe danseglade seniorar møtes ein gong i veka på
Surnadal kulturhus for dans og sosialt samvær.
Kaffe og ”bakels” er eit sjølvsagt innslag etter dansen.
SURNADAL SVØMMEHALL Ta ein dukkert i bassenget ved Surnadal ungdomsskole.
+47 71 65 58 00
E f å r
levva
9
K l i v t e
topps
10
For den ak t ive
11
FJELLTUR TIL KNYKEN
– BLI EIN EKTE SURNADALING! Knyken er den mest populære toppen i Surnadal,
og å nå toppen er eit kriterie for å kallas ein
”ekte surnadaling”! På toppen 1071 moh får du ei
fantastisk utsikt over Vårsøglandet Surnadal!
VANDRING TIL NORDVIKSULA Her kan du kjøre bil til over skoggrensa og starte turen
heilt inn til fjellheimen. Ein krevjande, men absolutt
overkommelig tur. Utsikten er upåklagelig frå toppen med
Trollheimen den eine vegen og utsikt heilt til Kristiansund
den andre.
SPASERTUR TIL KLEIVA Surnadal er heimbygda til den kjente komponisten
Henning Sommerro og diktaren Hans Hyldbakk.
Hyldbakk levde store deler av livet sitt på Kleiva,
ca. 20 minuttar å gå frå sentrum
NORDMARKA SKISENTER Nordmarka har vist seg å vere det mest snøsikre
anlegget på Nordmøre. Her finn du ei 3,5 km. lang
preparert lysløype, eit topp moderne skiskytteranlegg
med skiver for 20 skyttarar og leikeanlegg for barn.
For den akt ive
12
TURER I TROLLHEIMEN Dette fjellområdet er meir vilt enn Rondane, og kupert
som Jotunheimen. TT sitt rutenett har knutepunkt i
Surnadal, så her fins mange gode kart.
VINDØLDALEN Her er det eit fint terreng for sykkelturar langs
elva Vindøla. Naturen her er også eit eldorado for
vandring i Trollheimen og bading i kulpar.
FOLLDALEN Dette er eit flott utgangspunkt for turar til Snota.
Dersom ein ønskjer å gå ”trekanten” som går frå
Gjøldalshytta, Gjevilvasshytta og Trollheimshytta,
kan ein ta utgangspunkt herifrå.
KÅRVATN Ved å starte turen her har du mange flotte alternativ.
Ein kan også gå over til Innerdalshytta og kanskje
bestige Innerdalstårnet.
Poinn k a i l l e i s a
13
G j e r m e
sel
14
For den ak t ive
15
FRUSTRERTE FRUERS VEI I sinne eller glede – trø i veg. Dette er ein flott tur opp
mot Skeisnebbå som på lokalt er døpt ”Frustrerte fruers vei”.
NORDMARKA TUROMRÅDE Stille, langstrakt og mangfoldig kan ein oppleve
naturen på utallige måtar. Terrenget er smått kupert og
egner seg fint for heile familien. Her er eit rikt og sjeldent
planteliv og område er ypperleg for å prøve fiskelykken.
LIMÅSKJERKA Gå inn til Krokvatnet på Nordmarka og besøk
den fasinerande kalksteinsgrotta ”Limåskjerka”.
VAULEN Vaulen, ein av Nordmøres vakraste seterstølar ligg
på eit høgdedrag eit lite stykke opp for Vaulvatnet i Nordmarka.
Her var det fast bosetjing fram til 1717, og etter den tid vart
Vaulen brukt til seter og avlsgard.
SYKKELTUR RUNDT BYGDA Lei sykkel på Vårsøg Hotell og oppdag
nostalgiske Surnadalsøra, lakseelva Surna,
den krittkvite Kalkstranda og den frodige og levende dalen.
For den akt ive
16
GOLF Surnadal Golfpark ligg i lett skråna dyrkamark
og skogsterreng i naturskjønne omgjevnader med flott utsikt mot
fjord og fjell på garden Mo ved Kvanne. Banen vart i 2007 nr 3
i ei kåring av ”Norges golfperle” i regi av nettstedet golferen.no
+47 959 41 102
PILATES Delta på ein behageleg time med pilates på
Surnadal Trenings- og velværesenter.
+47 930 67 072
SPINNING Få opp pulsen med ein spinningtime i Surnadal trenings-
og velværesenter sitt spinningamfi.
+47 930 67 072
KONDISJONSTRENING I forskjellige apparat på Trollheimen treningssenter får du
satt din kondis på prøve.
+47 455 06 494
STYRKETRENING Om du vil løfte tungt eller lett er moglegheitane mange for
styrketrening på Trollheimen treningssenter.
+47 455 06 494
L o k t t å
gras
17
B e k k j i n n
søng
18
Akt iv i tetar for a l le
19
FISKE I SURNA Surna er for tida den største og viktigaste lakseelva på
Nordmøre. Vatnet i elva kjem både frå Trollheimen og frå
fjellområda på nordsida av Surnadal og Rindal.
ANDRE ELVER Surnadal har fleire elver der det går laks og sjøørret.
Søya er perfekt for smålaksfiske, Toåa er kjent frå den
tida da dei engelske lordane bygde den opp med
tersklar, og elva Bævra som renn ut i Hamnesfjorden.
Hugs å kjøp fiskekort.
FJORDFISKE Surnadal har fire fjordar kor det er bra fiske etter torsk,
sei og lyr. Større eller mindre båtar kan leies, men du
kan også fiske langs strandkanten. Dette fisket krev ikkje
fiskekort.
”FJORDRUTA” Fjordruta er ein vandrerute som passar for alle, med korte
dagsetapper, trivelege turisthytter, nydeleg kystterreng
og mange start-og stopplassar langs heile ruta.
Akt iv i tetar for a l le
20
KALKSTRANDA - BADE Den hvite Kalkstranda strekkjer seg over nokre
flotte hundre kvalitetsmeter, og er absolutt verdt eit besøk.
KALKSTRANDA - GRILLE Her er det opparbeid eit flott aktivitetsområde
som er fint for grilling, volleyballspeling og flåte med stupetårn.
PLUKKE BÆR OG SOPP I nesten alle lier og skogholt finn du bær og sopp!
Nyt turen og smaken av naturens eige matfat!
TUR TIL NORDVIKSETRA Bomvegen går mesta heilt fram, så turen treng ikkje
å vera lang for å oppleva eit ”tun” av gamle seterhus.
SVINVIK ARBORET – BESØK HAGEN Arboret med all si prakt og 450 arter av rododendron,
og 200 bartreslag er ein av Surnadals mest populære
attraksjonar. +47 71 66 35 80
SVINVIK ARBORET - PIKNIK Ein piknik i hagen med arboretet si heimelaga
piknikkorg er ei nyting for både gane og syn.
+47 71 66 35 80
K r i n g a l l e
haua
21
Akt iv i tetar for a l le
23
RUTEBUSS Dersom ein ønskjer å oppleve resten av regionen er
Skei eit bussknutepunkt for turar til Trøndelag og
Mørebyane.
+47 177
FERGA KVANNE – RYKKJEM ”FJORDTUR” Opplev noko som er typisk for fjordnorge – ein ferjetur.
Kjøp ei svele, sett deg på dekk og nyt utsikten av
Stangvikfjorden. Billettar kjøpast ombord.
+47 71 21 95 00
SVISSHOLMEN Dette er eit barnevennleg friområdet i Stangvik, med
opparbeida grill- og badeplass.
STANGVIK – BØKSKOGEN Besøk den mektige Bøkeskogen i Stangvik, som er
Europas nordligste. Midt inni fins ein fint opparbeida
grillplass og modellen av ei gamal høyløe.
TODALSHYTTA I Todalen ligg den nesten 100 år gamle laksefiskehytta
frå den tida da engelsk lordar kom for å fiske i elvane.
Akt iv i tetar for a l le
24
OPPISTUA ØYE – LÆR Å DYRKE Kurs med dyrkingsfokus; både teoretisk og praktisk
gjennomgang av økologiske dyrkingsprinsipp,
forarbeid, gjødsling, jordarbeid, luking, markdekke
med meir.
OPPISTUA ØYE – OPPLEV HAGEN Omvisning i nyttehagane, få høyre om, sjå og smake
ulike grønsaker og urter, og få tips om bruk av dei i det
daglege kosthaldet. Ein får også dyrkingstips.
OPPISTUA ØYE – LÆR Å BRUKE Gjennomgang av dei 13 offisielle kostråda med
utgangspunkt i våre nyttehager – ei omvisning for dei
som er ernæringsmessig interessert i økologisk
hagebruk/ produkt frå hagen.
VENGESPENNET – NYT UTSIKTA Ta ein tur over ”vengespennet”, gangbrua mellom
kulturhuset og Vårsøg Hotell. Her har du utsikt over
sentrum og heilt ned til fjorden.
Te
gagns
25
N o s k i n d e t
sol
26
Fest ivalar
27
VÅRSØGHELGA Denne kulturfestivalen har markert seg som ei årleg
kulturhelg av høg kunstnarleg kvalitet. Vårsøghelga har fått
stor publikumsappell både lokalt, regionalt og nasjonalt.
www.varsoghelga.no
NORSK LAKSEFESTIVAL Målet for festivalen er å auke interessen for laks- og ørretfiske
hos barn og vaksne, samt på ein positiv måte skape god
festivalstemning og sette Surnadal på kartet.
www.norsklaksefestival.no
ØRAMARTNAN På Surnadalsøra blir det arrangert det Øramartna
med blant anna loppemarked og boder med handverksprodukt.
Koseleg martnadsstemning på nostalgiske Øra.
STANGVIKFESTIVALEN Kvalitet - intimitet - stor spennvidde er stikkord for denne
kammerkonsertfestivalen som blir arrangert annakvart år.
www.stangvikfestivalen.no
NORSK VANDREFESTIVAL Denne er ein heilt spesiell festival med fokus på folkehelse,
natur og kultur! www.norskvandrefestival.no
AMCARTREFFET
Første helga i september treffes bilentusiastar frå heile Midt-
Norge for bilutstilling og sosiale arrangement.
www.amcar.no
Inspiras jon
28
FREDAGSQUIZ Ein gong i månaden blir det arrangert quiz på
Vårsøg Hotell. Dette er ein populær treffstad for dei som
ønskjer å utfordre allmennkunnskapen, men likeså
mykje for det sosiale.
FRITIDSKLUBB FOR UNGDOM Surnadal Fritidsklubb er ein klubb som er open tre
kveldar i veka. Den held til midt i sentrum på Skei og er
for dei mellom 13 – 18 år.
+47 71 65 58 00
LÆR DEG SANGEN/DIKTET VÅRSØG Når du er i Vårsøglandet er det nesten ”obligatorisk” å
lære seg teksten frå diktet ”Vårsøg” skriven av Hans
Hyldbakk.
INTERNETTILGANG I ”Hotellstuå” på Vårsøg Hotell er det gratis å surfe og
sjekke mail for hotellets gjester.
BIBLIOTEKET På biblioteket på Surnadal kulturhus kan du halde deg
oppdatert i dagens aviser, månadsmagasinar og lån
bøker. +47 71 65 93 00
F i n t e
f jel lå
29
D e t k j e n n e e
så vel
30
Guida turar
31
OMVISNING PÅ VÅRSØG HOTELL Vårsøg Hotell ønskjer velkommen til eit nyrenovert hotell.
Hos oss vil du bli møtt med ei engasjert og serviceinnstilt
betjening, som vil gjere det lille ekstra for å gi deg eit
minnerikt opphald.
BESØK GAMMELFABRIKKEN I TODALEN Omvisning på Gammelfabrikken til Talgø, Noregs
eldste møbelfabrikk. Talgø har gjort om fabrikken til eit
fantastisk showroom, der du kan sjå møbler som kjem
i butikken neste sesong.
GUIDA TUR TIL SNOTEGGEN Dette er eit flott alternativ til Snota via normalvegen,
med guide frå Trollheimen Aktiv. Turen inneheld blant
anna klatring, båttur og klyving.
GUIDA TUR LANGS GAMMELVEGEN I SVINVIKA Roleg gåtur langs gamalvegen i Svinvika med guide.
Få oppleve det gamle vegnettet inn mot Todalen med
innslag av historia bak bygginga av vegane.
GUIDA TUR MED SVEIN SÆTER Høyr historia om ”ei reise i Vårsøglandet”. Forfattar
Svein Sæter tek dykk med inn i ei interessant forteljing.
Guida turar
32
OMVISNING I NISTUA PÅ NORDVIKSTRANDA Gardshistorisk museum på Nordvikstranda. Dette ligg ved
vegen inn mot Todalen. Historia i romanserien ”Arvesynd”
kjem herifrå.
SJØBRUKSMUSEET I BØFJORDEN Her får ein eit innblikk i nordmørsk sjøkultur. Det inneheld
ei samling av båter og skipsutstyr, fiskeutstyr og
båtbyggerutstyr, med hovudvekt på tida frå 1850 til 1930.
+47 71 66 28 14
KALLASTUÅ Galleri og målerisamling etter den lokale kunstnaren Kalla
Skrøvseth (1913-1997) på Tellesbø. Her finn ein måleri,
mosaikkar og pastellar.
KALKSTEINGRUVA PÅ GLÆRUM Opplev kvite gruvegangar som strekk seg 3 km inn i fjellet,
og knusverk frå krigens dagar som framleis er i bruk.
VANGSGUTANE Opphavet til teikneserien Vangsgutane, skriven av Leif
Halse, er i Todalen. Der finn ein Vangsgutane sitt
monument og Halsesamlinga.
F r å k v i t e
høgdå
33
E i n s o m m a r
te
34
Sightseeing
35
UTSIKTEN, STOPPE- OG RASTEPLASS "Utsikten" ligg på veg opp mot Nordmarka (Fv 65) i
retning Kristiansund. Herfrå får du panoramautsikt over
nedre Surnadal, elva Surna, Surnadalsfjorden, Skei og
«gamlebyen» Surnadalsøra.
SIGHTSEEING PÅ SURNADALSØRA Her blomstra handelslivet den gong dampskipskaia var
det naturlege treffpunkt. Den gamle og spesielle
bebyggelsen er ei severdighet i seg sjølv.
SYKKELTUR FLESSEN - BØKLEPP. For å komme til startstaden for denne turen
tar ein av Fv 65, ved Sjøheim og kjører utover på
nordsida av Hamnesfjorden, forbi Solem og vidare
utover stranda til Flessen. Dette er ein kulturhistorisk tur
med flotte opplevingar på vegen.
KÅRVATN – NAUSTÅFOSSEN Kårvatn ligg innst i Todalen ca 40 km frå Surnadal
sentrum. Her finn du målestasjon for Europas reinaste
luft og vatn. Nauståfossen ligg 1 km frå Kårvatn. Fossen
har eit fall på omlag 110 m.
Shopping
36
SHOPPING
Også i Surnadal kan du unne deg Noregs mest
utbredte fritidsaktivitet. Her har vi butikkar for
nokon og ein kvar.
AMFISENTERET +47 71 65 75 00
COOP SENTERET +47 71 65 96 00
MILJØGATA
Ta ein spasertur langs miljøgata i sentrum.
SIKRE DEG VARIGE MINNER Å kjøpe med seg ein souvenir er sjølvsagt på ferieturar.
Dette finn du blant anna på husfliden og
på Coop kjøkken og hjem.
KÅRVATN FJELLUTSTYR I ein lafta låve ved foten av Trollheimen finn du
ein heilt unik sportsbutikk med kvalitetsprodukt.
Verdt eit besøk for alle!
+47 71 66 39 29
B r a t t a s t
berje-
stel lå
37
b j ø l l å i n
kling
38
Kul tur
39
FORESTILLING I STORSTUÅ I Storstuå i Surnadal kulturhus kan du få kulturelt
påfyll av lokale og nasjonale artistar.
KINO I KAMMERSET Surnadal kommune viser dei nyaste kinofilmane
3 gonger i veka heile året.
UTSTILLING FINSTUÅ GALLERI I Surnadal kulturhus er kvar utstilling ei ny oppleving.
Her stilles ut kunst frå eit vidt spekter.
MO KYRKJE Denne er ein av 5 Y-forma kyrkjer i Noreg.
RANES KYRKJE Ranes kyrkje har enno sitt første orgel - frå 1914.
Det er eit av dei eldste instrumenta i sitt slag på Nordmøre.
STANGVIK KYRKE Stangvik kyrkje vart vigsla i 1897. Dette er største trekyrkja
på Nordmøre - opprinneleg med 600 sitteplassar.
TODALEN KYRKJE Ein bauta ved kyrkjeporten har namn på soldatar
frå Todalen som blir minna for sin innsats for fedrelandet.
ØYE KYRKJE Hovudkyrkja Øye i Surnadal er bygd i 1871.
ÅSSKARD KYRKJE Åsskard kyrkje vart vigsla av biskop Andreas Grimelund
9. november 1876.
Tid t i l å leva
40
BO PÅ VÅRSØG HOTELL EIt moderne fullservice hotell med 70 rom, flotte
møterom og ein behageleg lounge.
Dei nye romma har den beste komfort og er utstyrde
med alle fasilitetar. Lokal fotokunst og dikting gir
romma ei unik stemning.
Resepsjonen til hotellet finn du i kulturhuset. Derifrå går du
over Vengespennet til hotellromma og dei andre fasilitetane
på hotellet.
RÅKK Råkk diskotek har toppmoderne lys- og lydanlegg som
står i stil med det lekre interiøret. Ein populær utestad i
helgane, som du også har anledning til å leige for
dine eigne arrangement, jubileum og fester.
RELAX I SKEISALONGEN Vår nye, trivelege lounge i 2.etg, mellom Kalla og
Horisonten Restaurant, er eit naturleg samlingspunkt
under kaffepausen. Skeisalongen egner seg også perfekt til
aperitiffen før middagen og til rekreasjon etter lange dagar.
E s k a
laua
41
S t r o n k å
s t rak j i n
42
Tid t i l å leva
43
MASSAJE OG AROMATERAPI Unn deg avslapping på Surnadal Trenings- og
velværesenter med ein time massasje eller aromaterapi.
+47 930 67 072
SOLSTUDIO Her skin det sol – både ute og inne.
Ta ein drop-in time i solstudioet midt på Skei.
SURNADAL FOTKLINIKK Etter ein aktiv dag er det godt å få pleie såre føter.
Bestill ein time hos fotterapeut.
+47 71 66 04 74
TID FOR HÅRET DITT Er håret lyst eller mørkt – langt eller kort, her fins ein
frisørsalong for alle!
Mat & Dr ikke
44
HORISONTEN RESTAURANT På Vårsøg Hotell får du smaksrike opplevingar frå
eit framifrå kjøkken. Matkulturen spring ut frå lokale råvarer
frå Midt-Norge, hovudsakleg Nordmøre og Trøndelag.
MUSTERS Utestad på Vårsøg Hotell, midt i sentrum. Alle rettigheter.
KASTANJEN Staden for å ”se og bli sett”! Nyt god mat og drikke
under det flotte kastanjetreet ved Musters.
HAMMERKAFÉEN +47 71 65 96 14
CONDITORIET AMFISENTERET +47 71 66 33 70
CAFÉ SOMTI +47 71 65 74 40
NAPOLI PIZZERIA +47 71 65 75 99
CHINA RESTAURANT +47 71 65 75 88
SELSKAPSARRANGØREN HAMMERSTUENE +47 71 66 31 75
S å s v a l e i n
drekk
45
Læ
r d
eg
su
rnd
als
k
Aillvæg
Bakels
Dråkja
Ettegangar
Færre farrainn
Gøittj
Hånstær
Ikkje-farra-nålles
Jær-på di da?
Ka-så-li?
Liv-i-lørvåinn
Mykkjygått
Nebbå
Ofærlekkt
Poinnhålt
Rænhækkla
Stjisjle
Tuppåt
Utapåkleåinn
Va-de-så-lekkt!
Yllæv
Ækkrå
Ørabyjjinn
Åt’råkkjinn
Alltid
Vaffel
Jenta
Utkledd person som kjem
ubeden i eit bryllaup
Forberedt, ute i god tid
Artig, triveleg
Idiot, tulling
Ikkje bli utsatt for uhell
Kva gjer de?
Kva er klokka?
Liv å røre, oppstand
Nesten, så godt som
Fjell med nebbform
Ueinige
Snødekket is
Rein, ekte
Flaut
Toskete
Ytterklær
Slett ikkje
Elleve
Åkeren
Innbyggjar frå Surnadalsøra
Overstadig beruset
Ka du sa no? 46
æn
to
tri
fir
fæmm
sækks
sju
ått
ni
ti
yllæv
tållv
trættå
fjortå
fæmmtå
sækkstå
sykkjå
akkjå
nikkjå
kju
V i n n l e å
væt ta
Øyvind Leren
Tore Korsnes
Nils Olav Talgøy
Arnstein Fjelnseth
Karstein Telstad
Nathan Lediard
Sara Brauten
Idé og design
Karin Åsbø
Sara Brauten
Vårsøg Hotel l AS
Foto
10
0 tin
g å
gje
re
Telefon Vårsøg Hotell
Surnadal Kommune
Legekontor
Legevakt
Tannlege
Turistinformasjon
Boots Apotek
Falck Emergency
71 65 71 00
71 65 58 00
71 65 78 00
72 48 01 00
71 66 13 86
71 65 71 00
71 65 75 65
71 66 20 00
47
Vårsøg Hotell AS
Svartvassvegen 1
6650 Surnadal
+47 71 65 71 00
www.varsog-hotell.no
110 112 113
BRANN AMBULANSE