8
Helse Førde 2011 www.helse-forde.no Årsrapport Foto: Olav Reikvam

Årsrapport Helse Førde 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Årsrapport Helse Førde 2011 - ein kortversjon av styret si årsmelding.

Citation preview

Page 1: Årsrapport Helse Førde 2011

Helse Førde

2011www.helse-forde.no

Årsrapport

Foto: Olav Reikvam

Page 2: Årsrapport Helse Førde 2011

Året som gjekkEngasjementet omkring Helse Førde og organiseringa av helse-tilbodet i fylket vårt er stort, både i og utanfor føretaket. I 2011 har Helse Førde stått overfor store utfordringar, tunge omstillingarog vanskelege val.

Som i tidlegare år har aktiviteten vore høg i alle delar av verksemda gjennom heile året. Helse Førde har i 2011 oppnådd gode resultat når det gjeld ventetider, fristbrot og tal avlyste operasjonar. På desse områda har det vore gjort eit systematisk forbetringsarbeid internt, noko mange tilsette på ulike nivå i organisasjonen saman har medverka til. Vi kan likevel ikkje lene oss tilbake og vere nøgde. Særleg når det gjeld frist-brot og ventetider er utfordringane kontinuerlege.

Helse Førde skal tilby moderne, kunnskapsbaserte og trygge tenester til innbyggjarane i heile Sogn og Fjordane. Medisinsk teknologi, behandlingsmetodar, forventingar og krav er heile tida i endring og utvikling. Mellom anna gjennom prosjektet Helse Førde 2020 skal vi utvikle eit helseføretak for framtida. Endringar i lokal-sjukehusa er ein del av dette arbeidet og har i stor grad sett sitt preg på året som gjekk.

God kvalitet på pasientbehandlinga er viktig både for pasienten, dei pårørande og for helsepersonel-let. Pasienttryggleik handlar også om at sjukehuset skal halde sine løfter overfor pasientane. I Helse Førde er vi stolte over at vi er blant dei beste i Noreg med omsyn til talet på planlagde operasjonar eller undersøkingar som må avlysast. Vi er opptekne av måten vi tenkjer og samarbeider på og vil fortsetje å ha merksemda retta mot dette.

Førebuingar til samhandlings-reforma har vore viktige i 2011.Mykje arbeid er lagt ned i å etablere eit godt samarbeid med kommunane i fylket, basert på forståing og respekt for kvarandre. Vi er komen eit godt stykke på veg, men resultata vil vi ikkje kunne måle før reforma har vore i kraft ei tid.

Helseføretaka forvaltar viktige samfunnsoppgåver og store ressursar på vegne av fellesskapet.

Alle dei over 2300 tilsette i Helse Førde bidreg kvar einaste dag, på ulike måtar, til å gi folk i Sogn og Fjordane gode og trygge helse-tenester. Difor har vi nådd resultat i 2011 som vi kan seie oss godt nøgde med.

Jon Bolstad, Administrerande direktør

Page 3: Årsrapport Helse Førde 2011

NØKKELTAL

Medarbeidarar pr 31.12.11:

2011 2010Tal medarbeidarar 2 405 2 336

Deltid 873 1 102Fulltid: 1 532 1 234

Gjennomsnittleg grunnløn:Kvinner 390 744Menn 449 016

Sjukefråver: 6,9 % (– 0,8 %)

I tilegg til å tilby spesialisert behand-ling til innbyggjarane har helseføre-taket oppgåver innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

Forsking og utvikling (FoU):FoU verksemda i Helse Førde er lagt til Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane som er eit samarbeids-prosjekt med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Målet med samarbeidet er å styrke utvikling og forsking i helsetenesta i fylket. I Helse Førde er forsking på sjukleg overvekt eit strategisk satsingsområde.

Utdanning: Helse Førde tilbyr praksisplassar og klinisk undervisning til studentar frå høgskular og universitet, og er lærebedrift for lærlingar innan fleire fagområde. Målretta kompetanseut-vikling for medarbeidarar innan alle fagfelt skjer gjennom kurs, vidare- og etterutdanning og spesialisering.

Opplæring av pasientar og pårørande:Pasientopplæring er ein del av be-handlinga. Lærings- og meistrings-senteret i Helse Førde støttar dei kliniske avdelingane i gruppeba-sert opplæring av pasientar med kroniske sjukdommar eller nedsett funksjonsevne og deira pårørande.

Lærings- og meistringssenteret fungerer også i mange samanhengar som eit bindeledd mellom spesialist-helsetenesta og primærhelsetenesta.

Helse FørdeHelse Førde har ansvar for spesialisthelsetenesta i heile Sogn og Fjordane. Føretakethar institusjonar i kommunaneLærdal, Sogndal, Høyanger,Førde, Flora og Eid. I tillegghar føretaket ambulanse-stasjonar rundt heile fylket.Helse Førde har vel 2300tilsette og eit budsjett påom lag 2 milliardar kroner.

Helseregioneni VestHelse Vest RHF er eitt av fireregionale helseføretak i Noreg og omfattar Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde og Apoteka Vest.

Styret i Helse Førde HFHelse Førde sitt styre består av sju medlemer oppnemnt av Helse Vest og fire representantar frå dei tilsette.I 2011 var styret i Helse Førde HF slik sett saman:Styreleiar: Clara Øberg, Nestleiar: Jorunn Ringstad.Styremedlemer: Knut C. Schønberg, Reidun K. Halland (til 17.10.2011), Trude Brosvik (frå 17.10.2011), Helge Bryne, Harry Mowatt og Anni Felde.Represantantar for tilsette:Randi Elise Fagereng (til 01.03.2011), Wenche Kristin Røkenes (frå 01.03.2011), Kjell Nygård, Rune Larsen og Elin Lysne (til 01.03.2011), Berit J. Hornnes (frå 01.03.2011).

Visjon, verdiar og målVår visjon:Fremme helse og livskvalitet

Våre verdiar:Respekt i møte med pasientenKvalitet i prosess og resultatTryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Våre mål:Trygge og nære helsetenesterHeilskapleg behandling og effektiv ressursbrukEin framtidsretta kompetanseorganisasjon

Page 4: Årsrapport Helse Førde 2011

NØKKELTAL

2011 2010Polikliniskekonsultasjonar 115 439 110 623Tal heildøgns-opphald 17 514 18 169Tal dagbehandling 9 937 10 004Sum sjukehus-opphald 142 890 138 796

KLINISKE AVDELINGARKirurgisk klinikk:– Auge– ØNH/kjeve– Kirurgisk avdeling– Kvinneklinikken– Ortopedisk avdeling

Medisinsk klinikk:– Barneavdeling og barnehabilitering– Hudavdeling– Medisinske avdelingar– Kreftavdeling– Rehabilitering, nevrologi og revmatologi– Lærings- og meistringssenter

Medisinske støttetenester:– Akuttmottak– Ambulansetenesta– Pasienttransport– AMK/legevaktsentral– Avdeling for akuttmedisin– Avdeling for patologi– Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank– Mikrobiologisk avdeling– Radiologisk avdeling

SOMATIKK

Den somatiske delen av spesialisthelsetenesta er prega av at stadig meir av behandlinga skjer poliklinisk. Nedgangen i tal heildøgnsopphald har halde fram frå 2010, samstundes som tal polikliniske konsultasjonar har auka sterkt.

I 2011 har Helse Førde halde fram arbeidet med å redusere ventetider og tal på fristbrot. For å sikre at rapporteringa har den ønska kvaliteten er det oppretta eit tilvisings- og kvalitetssikringskontor som gjennomgår alle tilvisingar i føretaket. Radiologisk avdeling har aukande aktivitet grunna større etterspurnad, og Helse Førde arbeider kontinuerleg med å få ventetidene ned også på desse tenestene.

Gjennomføring av vedtekne omstillingar har vore viktig i året som gjekk, særleg innan ortopedi og fødetilbod. Ortopedisk seksjon på Nordfjord sjukehus vart avvikla, og det er oppretta ein mellombels skadepoliklinikk. Forsterka fødestove ved Lærdal sjukehus vart avvikla, og i tråd med styrevedtak i Helse Vest er det oppretta tilbod med poliklinikk, barsel og følgjeteneste i samarbeid med kommunane i Sogn.

I 2011 innførte Helse- og omsorgsdepartementet det dei kalla 20-dagarsregelen for kreftpasientar, som betyr at kreftpasientar skal få starta si behandling innan 20 dagar etter at tilvising er mottatt. Helse Førde har arbeidd med retningslinjer for praktiseringa av regelen og har tilsett ein eigen koordinator for dette. Føretaket har også innført nye prosedyrar som gjer at ein i hovudsak klarer å innfri kravet.

Prosjektet ”Trygg kirurgi” har halde fram frå året før, med Helse Førde som ansvarleg for prosjektet og for vidare innføring og implementering ved dei andre sjukehusa i Helse Vest. Sjekklista som prosjektet har utarbeidd er i bruk i Helse Førde.

Tilbodet til pasientar med behov for rehabilitering vart utvida i 2011, både i form av fleire behandlingsplassar ved sentralsjukehuset i Førde og gjennom at ein inngjekk samarbeidsavtale med Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter.

Page 5: Årsrapport Helse Førde 2011

NØKKELTAL

2011 2010Psykiatrisk klinikk (Førde, Tronvik, Florø)Liggedagar 18 092 18 096(av desse er 5 061 innan rus)Utskrivne pasientar 579 625Poliklinisk dagbehandling – –Polikliniske konsultasjonar 9 011 –(av desse er 1 331 innan rus)

Nordfjord psykiatrisenterLiggedagar 4 243 4 602Utskrivne pasientar 176 171Poliklinisk dagbehandling 1 246 1 501Polikliniske konsultasjonar 6 315 –(av desse er 659 innan rus)

Indre Sogn psykiatrisenter:Liggedagar 4 240 4 836Utskrivne pasientar 97 133Poliklinisk dagbehandling 82 244Polikliniske konsultasjonar 5 916 –(av desse er 519 innan rus)

Barne- og ungdomspsykiatrienNye tilvisingar 661 308Polikliniske konsultasjonar 1 683 –

Ungdomsavdeling psykisk helsevernLiggedagar 1 453Utskrivne pasientar 65

PSYKISK HELSEVERN

Psykisk helsevern har ansvar for både vaksne, barn og unge i tillegg til pasientar med rusproblem. Klinikken har hatt stor aktivitet i 2011.

Tal polikliniske konsultasjonar har auka i psykisk helsevern for vaksne, medan tal liggedøgn er redusert. Dette er resultat av ei planlagt utvikling for å betre pasientbehandlinga og utnytte tilgjengelege ressursar optimalt.

I Psykisk helsevern for barn og unge var det ein liten reduksjon i tal polikliniske konsultasjonar, men også her er det planlagt færre liggedøgn og meir poliklinisk behandling. Psykisk helsevern for barn og unge vart i 2011 samla til ei avdeling, og det er starta eit utviklingsprosjekt som skal sjå på behandlingslinjene. Førde BUP flytta inn i nye lokale på Prestebøen i Førde.

I samband med Utviklingsprosjekt for Nordfjord, starta klinikken i 2011 med å planlegge oppstart av ein ny ruspost på Eid.

Foto: Olav Reikvam

Page 6: Årsrapport Helse Førde 2011

NØKKELTAL 2011 2010Mikrobiologisk avdelingInnlagde pasientar 27 964 27 683Polikliniske pasientar 49 559 51 166Blodgjevarscreening 12 491 14 829Sum 90 014 93 678

BlodbankProduserte:Erytrocyttar, Førde 2 414 2 950Trombocyttar, Førde 249 199Erytrocyttar, Lærdal 389 446Erytrocyttar, Nordfjord 514 558Sum 3 566 4 153Nyregistrerte:Blodgjevarar, Førde 160 349Blodgjevarar, Lærdal 46 48Blodgjevarar, Nordfjord 42 34Sum 248 431

Radiologisk avdelingPolikliniske konsultasjonar per seksjonFørde 19 896 18 465Mammografiscr., Førde 6 144 6 144Florø 4 289 4 938Eid 10 899 11 093Lærdal 8 179 7 585Sum 49 407 48 255Inneliggjande konsultasjonar per seksjonFørde 13 039 13 111Florø 35 33Lærdal 2 433 2 637Eid 2 318 2 613Sum 17 825 18 394Samla tal konsuletasjonar per seksjonFørde 32 935 + 4,3 %Mammografiscr. Førde 6 144 0,0 %Florø 4 324 – 13,0 %Eid 13 217 – 3,6 %Lærdal 10 612 + 3,8 %Sum Radiologisk avd. 67 232 + 0,9 %

Avdeling for patologiHistologi 6 614 6 339Frysesnitt 59 59Cytologi 523 563Obduksjonar 53 43

Aktivitetstal ambulanseKm 1 569 881 1 590 053Tal ambulanseoppdrag 15 057 14 932Akutt 3 598 3 347Hastar 6 437 6 485Vanleg 2 725 2 875Planlagt 1 196 2 225

STAB OG STØTTE

Støttefunksjonane skal syte for at alt er lagt til rette slik at klinisk personell i klinikkane kan bruke tida si mest mogeleg effektivt på pasientbehandling.

Eit av hovudmåla til Helse Førde er å vere ein framtidsretta kompetanse-organisasjon. Skal vi konkurrere om arbeidskrafta framover må Helse Førde bli oppfatta som ein attraktiv, lærande og utviklande arbeidsplass. Det er eit personal-politisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Gjennomsnittleg sjukefråvær i Helse Førde har over tid gått ned. Føretaket er med i ordninga om Inkluderande arbeidsliv. Det er ikkje rapportert om alvorlege arbeidsuhell i 2011.

Talet på deltidsstillingar er redusert samanlikna med året før. Dei fleste som arbeider deltid i føretaket gjer det etter eige ønskje, men det er einskilde yrkes-grupper der fleire ønskjer fulltid utan at føretaket så langt har klart å innfri dette.

Helse Førde er med i det regionale miljønettverket i Helse Vest og har høgt medvit når det gjeld miljø, avfall og energi. I ein marknad med store variasjonar i energi- og kraftprisane, har god energistyring også gitt vesentlege innsparingar.

Føretaket deltek i ulike regionale prosjekt innanfor hovudområda kunnskap, pasientfokus, pasienttryggleik og måling av resultat. I tillegg vert lokale kvalitets-prosjekt gjennomført i samarbeid mellom fagavdelinga, utviklingsavdelinga og klinikkane. Det er utvikla ein metodikk for forbetringsarbeid som er felles for heile føretaket. I 2011 fekk Helse Førde tildelt regionale midlar frå kvalitetssatsinga til Helse Vest til fire såkornprosjekt.

Page 7: Årsrapport Helse Førde 2011

DIVERSE

Råd og utval:AKAN-utvalet, Attføringsutvalet, Bibliotekutvalet, Bistillingsutvalet, Brukarutvalet, Klinisk etikk komite, Fagråd for legemiddel, FAMU - arbeidsmiljøutvalet i føretaket, Forskingskomiteen, Innkjøpsrådet, Koordineringsrådet, Fagrådet, Kvalitetsutvalet, Pasienttryggings-utvalet, Legemiddelkomiteen, Rådgjevingsgruppa (omsorgs-gruppa), Smitteverngruppa, Styret i Bustadstiftingane, Tranfusjons-utvalet, Undervisningsrådet for vidareutdanning, Utsmykkingsut-val, Utstyrsutval, Vedlikehald- og eigedomsutval, Stillingsutval.

Andre støttetenesterBibliotek, Driftsavdeling, Eige-doms-/forvaltning, Fagavdeling, Forsyning, IT, Kjøkken, Arkiv/post/sentralbord, Medisinsk-teknisk avdeling, Personal, Reinhald og husøkonom, Teknisk avdeling, Transportavdeling, Undervis-ning, Økonomi, Kommunikasjon, Utviklingsavdelinga (samhandling, prosjekt, kvalitetsforbetring.

REKNESKAP OG BALANSEREKNESKAP (alle tal i 1.000 NOK) 2011 2010

Basisramme 1 586 621 1 404 868Aktivitetsbasert inntekt 488 170 486 692Annan driftsinntekt 69 624 67 857Sum driftsinntekter 2 144 416 1 959 417Kjøp av helsetenester 98 233 107 485Varekostnad 201 585 202 773Løn og andre personalkostnader 1 467 649 1 189 908Ordinære avskrivingar 92 806 97 938Nedskriving – 76 469 45 024Andre driftskostnader 319 001 306 925Sum driftskostnader 2 179 199 1 950 056Resultat frå drifta – 34 783 9 361Finansinntekter 1 176 875Finanskostnader 16 355 15 167Resultat for året – 49 962 – 4 930Overført frå annan eigenkapital – 49 962 – 4 930Sum overføringar – 49 962 – 4 930

BALANSETomter, bygningar og annan fast eigedom 1 126 260 1 174 561Medisinskteknisk utstyr, inv. transp.m. o.l. 143 735 142 389Sum varige driftsmidlar 1 269 995 1 316 950Andre finansielle eigendelar 123 057 50 562Pensjonsmidlar 123 057 148 019Sum finansielle anleggsmidlar 179 155 198 582Varer 7 764 8 417Krav 47 585 82 004Bankinnskot, kontantar og liknande 49 868 49 750Sum omlaupsmidlar 105 217 140 171Sum eigedelar 1 554 368 1 655 800

GJELD OG EIGENKAPITALSum innkoten eigenkapital 1 496 025 1 496 025Sum opptent eigenkapital – 915 046 – 865 084Sum avsetjing for forpliktingar 86 607 59 368Sum langsiktig gjeld 134 453 143 723Sum kortsiktig gjeld 752 328 821 767Sum eigenkapital og gjeld 1 554 368 1 655 800

RESULTATKRAV FRÅ HELSE VEST RHFResultat i høve til årsrekneskapen – 49 962 – 4 930Overført frå strukturfond 0 0Korrigert for endra levetid 0 0Pensjonskostn. det er teke omsyn til i res. 0 – 79 689Resultatkrav – 40 000 40 000Resultat jamfør økonomiske krav – 9 962 – 44 619

Helse Førde sine tenester skal vere moderne, kunnskapsba-serte og trygge. For å oppnå dette arbeider vi med kontinuerleg forbetring, involvering av brukarar, tilsette og fagpersonar og sam-handling internt og eksternt.

Samarbeidet mellom helseføre-taket, brukarane og kommunane i fylket byggjer på likeverd, fagleg forankring og god dialog.

På våre nettsider finn du meir informasjon.

www.helse-forde.no/fagfolk/ samhandling

Page 8: Årsrapport Helse Førde 2011

Kom

mun

ikas

jons

avde

linga

Hel

se F

ørde

l F

oto:

Fin

n O

ve N

jøse

n.

Forskingsaktiviteten aukarHelse Førde si forskingsverksemd aukar innanfor alle dei tre klinikkane, og fekk i 2011 løyvd midlar til fleire nye prosjekt finansiert frå andre. Forsking på sjukleg overvekt er eit strategisk satsingsområde. Helse Førde samarbeider tett med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette, og miljøet er eit av Noregs fremste innan området (sjå bilete over). Dei forskar på korleis ulike former for behandling verkar og korleis pasientane har det i det lange løp. Målsetjinga er betre behandling, oppfølging og rehabilitering av pasientane.

HELSE FØRDEHelse Førde HF l Pb. 1000, 6807 FørdeTelefon 57 83 90 00 l Telefaks 57 83 90 15E-post: [email protected]: www.helse-forde.noOrganisasjonsnummer: 983 974 732