24
BRUA Informasjonsblad frå Fjaler kommune - www.fjaler.kommune.no Nr. 1/14 13. årgang INNHALD Ordføraren .......................... 2 Personalnytt ...................... 3 Nytt frå biblioteket ............. 4 Takkar for seg ..................... 5 Eg jobbar som... .................. 6 Omorganisering av reiselivet ........................ 8 Klippe, klippe ....................... 9 Dalsfjordveka 2014 ........... 13 Fjaler sin utsending til Eidsvoll .......................... 14 17. mai i Fjaler ................... 17 Serviceskyssen ................... 19 Grunnlova 200 år Som dei fleste har fått med seg er det i år 200 år sidan grunnlova vart laga i Norge – på Eidsvoll i 1814. Det sikkert færre visste var at Fjaler sende ein av dei tre representantane som reiste frå vårt fylke. Sokneprest Niels Nielsen var opphaveleg frå Dan- mark – og virka som prest i Holmedal prestegjeld. Det er ein fyldig artikkel om hans liv i dette num- meret av Brua. Jubileet skal bidra til deltaking og engasjement i demokratiet – og legge til rette for folkefest i heile landet. Fjaler har enno ikkje bestemt om dette skal markerast spesielt i vår kommune – men tar gjerne imot innspel dersom nokon har gode idear. Side 14. Heldige er dei ungdommane som bur i Fjaler. Dei har eit tilbod noko utanom det vanlege når dei har tilgang til ein regissør som vanlegvis jobbar på dei store teater- scenene rundt om i landet – men som, når han har base i Dale, ynskjer å bruka tida si på amatørar. Torkil Sandsund har for andre gong hatt regi på eit teaterstykke for Dale ungdomslag. Førre vinter var det «Momo og kampen om tida» av Michael Ende – denne gongen var det «Brødrene Løvehjerte» av Astrid Lindgren. Bak frå venstre: Sondre Haugen, Sara Rose Zadig, Hedda Helle og Malin Løseth Haugen. Framme frå venstre: Roman Stenseth Eriksen, Ronja Helle, Lea Kråke- nes, Josefine Bråtane, Marie Høgseth Felde, Nora Haugen Ellingsen, Milla Stenseth Eriksen og Sigurbjørg Eriksdotter. Nedst: Ailin Solheim Solvik og Fride Haugen. Bakerst: Torkil Sandsund. Les meir på side 23. Ungdomsteater i Dale

Brua nr 1 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Informasjon frå Fjaler kommune

Citation preview

Page 1: Brua nr 1 2014

BRUAInformasjonsblad frå Fjaler kommune - www.fjaler.kommune.no Nr. 1/14 13. årgang

INNHALD

Ordføraren .......................... 2

Personalnytt ...................... 3

Nytt frå biblioteket ............. 4

Takkar for seg ..................... 5

Eg jobbar som... .................. 6

Omorganisering av reiselivet ........................ 8

Klippe, klippe ....................... 9

Dalsfjordveka 2014 ........... 13

Fjaler sin utsending til Eidsvoll ..........................14

17. mai i Fjaler ...................17

Serviceskyssen ...................19

Grunnlova 200 årSom dei fleste har fått med seg er det i år 200 år sidan grunnlova vart laga i Norge – på Eidsvoll i 1814. Det sikkert færre visste var at Fjaler sende ein av dei tre representantane som reiste frå vårt fylke. Sokneprest Niels Nielsen var opphaveleg frå Dan-mark – og virka som prest i Holmedal prestegjeld. Det er ein fyldig artikkel om hans liv i dette num-meret av Brua.

Jubileet skal bidra til deltaking og engasjement i demokratiet – og legge til rette for folkefest i heile landet. Fjaler har enno ikkje bestemt om dette skal markerast spesielt i vår kommune – men tar gjerne imot innspel dersom nokon har gode idear. Side 14.

Heldige er dei ungdommane som bur i Fjaler. Dei har eit tilbod noko utanom det vanlege når dei har tilgang til ein regissør som vanlegvis jobbar på dei store teater-scenene rundt om i landet – men som, når han har base i Dale, ynskjer å bruka tida si på amatørar. Torkil Sandsund har for andre gong hatt regi på eit teaterstykke for Dale ungdomslag. Førre vinter var det «Momo og kampen om tida» av Michael Ende – denne gongen var det «Brødrene Løvehjerte» av Astrid Lindgren.

Bak frå venstre: Sondre Haugen, Sara Rose Zadig, Hedda Helle og Malin Løseth Haugen. Framme frå venstre: Roman Stenseth Eriksen, Ronja Helle, Lea Kråke-nes, Josefine Bråtane, Marie Høgseth Felde, Nora Haugen Ellingsen, Milla Stenseth Eriksen og Sigurbjørg Eriksdotter. Nedst: Ailin Solheim Solvik og Fride Haugen. Bakerst: Torkil Sandsund. Les meir på side 23.

Ungdomsteater i Dale

Page 2: Brua nr 1 2014

2 BRUA Nr. 1/2014

Dronningbesøk i FjalerVi har nettopp lagt bak oss eit vellukka dronningbesøk på Haugland. Det er all-tid kjekt å oppleve dronninga sitt ekte og sterke engasjement for UWC - og når været i tillegg viste seg frå ei god side - vart dette ei minnerik oppleving og god reklame for Fjaler!

Nedskjeringar smertar, men kan også vere spore til kreativitet og nytenkingPå den kommunale fronten er det ikkje til å komme vekk frå at utfordringane rundt kommuneøkonomien tek mykje fokus.

Vi er inne i krevande prosess der vi må ta ned utgiftene med totalt 10 mil-lionar for å komme i balanse. Frå før har spesielt Bistand og Omsorg teke mange tøffe tak. I denne runden er det skule som må ta dei tøffaste taka med eit kutt

på 3 millionar. Vi brukar frå før mykje pengar på skule samanlikna med andre kommunar på same storleik.

Slike kutt vil sjølvsagt smerte for dei som blir råka. Samstundes har tilsvar-ande prosessar innanfor BIO har lært oss at det er mykje som er råd å få til når ein ser på dette som ei positiv ut-fordring og er kreative og nytenkande. Desse eigenskapane meiner eg at dei tilsette i alle sektorar i Fjaler kommune har, og eg trur at gjennom eit løysingso-rientert og godt samarbeid mellom alle involverte partar så skal dette vere råd å få til også denne gongen.

Det er ikkje til å legge skjul på at kommuneøkonomien pregar kvardagen. Nedskjeringane vil merkast på fleire område, m.a har vi kutta ut ordninga med gratis grus til private vegar. I til-legg har også politikarane etter fattig evne prøvd å bidra gjennom å flytte to av kommunestyra årleg til kveldstid for å spare pengar.

Gode tenester framleisTrass alt dette meiner eg framleis vi gjev innbyggarane våre eit godt tenestetil-bod. Saman med alt det spennande som skjer i kommunen vår for tida meiner eg vi har all grunn til å vere optimistar. Å kun fokusere på det negative gagnar uansett ikkje nokon, så det ønskjer eg å bruke minst mogeleg tid på.

Eg ønskjer alle fjalerbuar ein flott vår!

ORDFØRAREN HAR ORDET

Ordførar ARvE HELLE

Tlf. 57 73 80 52Mobil 917 37 562

Epost: [email protected]

Ordføraren er å treffe i skranken på sørviskontoret første onsdag kvar

mnd. kl. 08.30-11.30

FjALER KOMMUNEPb. 54, 6961 Dale i Sunnfjord

Tlf. 57 73 80 00 / Faks 57 73 80 01

Besøksadresse: Sørviskontoret, Fjalerhuset i Dale

[email protected] www.fjaler.kommune.no

Teknisk vakt: tlf. 951 83 515

Arbeidstid i Fjalerhuset/ på Helsetunet:

I tida 15. sept. til 14. mai: kl. 08.00–15.45

I tida 15. mai til 14. sept.: kl. 08.00–15.00

Gode fjalerbuar!

ANSvARLEG REDAKTØR: Rådmann Ola Hovland, tlf. 57 73 80 55. E-post: [email protected]

REDAKSjON:Ingeborg Tysnes, tlf. 57 73 80 44. E-post: [email protected] Kårhild Hustveit, tlf. 57 73 80 08. E-post: [email protected] Margrete Reisæter, tlf. 57 73 80 20. E-post: [email protected] Redaksjon avslutta 15.04.2014. Utgåver 2014: Mai, desember. Opplag: 1300

Informasjonsbladet BRUA er gratis og vert fulldistribuert til alle husstandar i Fjaler og til utflytte fjalerbuar etter nærare avtale. Ta kontakt med sørviskontoret, tlf. 57 73 80 00.

Utforming: Findriv AS. Trykk: IHP

Foto: Tore Sønnesyn.

Page 3: Brua nr 1 2014

3BRUA Nr. 1/2014

SINDRE HOvLAND SØREIDE er tilsett som biblioteksjef frå 01.01.14

HILARy HAMPER er tilsett som leiande helsesyster frå august 14

ÅSMUND BERTHELSEN er tilsett som utviklingsrettleiar - HAFS skuleregion frå 01.01.14

TASAwAN NAKPRASERT er tilsett som reinhaldar ved reinhaldssentralen

vikarlege i april: BIRGIT NORDENTOFT

vikarlege frå mai: OSAMA KHALID

vi har 2 ferske vernepleiarar i kom-munen – i Arbeidslag 3 var ANN HELEN MADSEN og MONIcA EKRESKAR ferdig i des 2013, etter 4 år som deltids-studentar.

PERSONALNyTT

RÅDMANNEN HAR ORDET

Ny LEIAR FOR ARBEIDSLAG 2:

HEIDI ROOS tok til som leiar for Arbeidslag 2 i november 2013. Ho flytta til Dale frå Bergen med dottera på 7 år. Før ho kom til Fjaler jobba ho som leiar i Fana boteam, avd. psykisk helse Fana. Ho er utdanna psykiatrisk sjukepleiar.

KvA ER DINE INTERESSER PÅ FRITIDA? - Lese bøker. Friluftsliv i alle varianter, både fjell og fjordaktiviteter. Oppussing i heimen.

vAR DET STOR OvERGANG Å FLyTTA TIL FjALER ETTER FLEIRE ÅR I BERGEN?- Overgangen ved å flytte hit var ikke så stor. Kommer i utgangspunktet fra en tilsvar-ende plass i Saltdal i Nordland. Bodde der til jeg var 19 år. Mitt og min datters møte med Fjaler har kun vært positivt. vakker natur og herlige mennesker med mye varme og evne til å inkludere. Føler jeg kan snakke på vegne av oss begge når jeg konkluderer med at vi er veldig godt tatt imot.

2013 har vore eit krevjande år for Fjaler kommune. Sjølv med økonomiske utfordringar og tøffe innsparingskrav, har måloppnå-inga vore god på mange område. Årsmeldinga til kommunen gir eit bilete på korleis Fjaler kommune fungerer som verksemd og kva tiltak som blir jobba med for å nå vedtekne mål. I tillegg til dette nyttar vi felles rapporteringssys-tem for heile kommunesektoren –

KOSTRA - til å sjå på vår eiga utvikling og samanlikne oss med andre i høve prioteringar, dekningsgrad og prioritet. Dette verktøyet er viktig i arbeidet med innsparing og kor-leis vi kan utvikle tenestene. Til slutt og kanskje viktigast i arbeid med å yte gode tenester er brukarundersøking og tilbakemeldingar frå mottakar av tenester og publikum.

Einingane sitt forbruk viser også betre resultat enn budsjett. Nokre utfordringar er høg del deltidsstillingar og lite midlar på disposisjonsfond («sparekonto»). Kommunebarometer,

den mest omfattande samanlikninga av kommunane i No-reg, plasserer Fjaler seg som nr 46 i Norge. Det er veldig bra og særleg det at vi har lege høgt (i år nr 7) innan skule dei siste åra, er noko vi er stolte av.

I og med at store delar av inntektssystemet er knytta til folke tal og demografisk utvikling, er hovudutfordringa til Fjaler at ein ikkje har vekst i folketalet tilsvarande snitt-nivået i Norge, og at vi har ein høgare del eldre. Vi har om lag tilsvarande innbyggartal som i 2007. Andre utfordringar er redusert innbyggjartal i utkantane vs. sentrum, noko som set press på skule- og barnehagetilbodet. I løpet av 2013 vart det lagt til grunn innsparingar tilsvarande 10 mill. og framleis er det behov for ytterlegare tiltak for å nå normal-nivå for resultatavsetning. Samtidig har det vore gjennom-ført mykje godt arbeid med kommuneplanen sin samfunns-del. Det har vore stort engasjement og god involvering og medverknad av både politiakarar og innbyggjarane. Dette har gitt oss eit godt grunnlag for vidare arbeid, både med utvikling av tenester og viktige tiltak for utvikling av kom-munen som ein attraktiv og trygg plass å bu.

Rådmann Ola Hovland

Page 4: Brua nr 1 2014

4 BRUA Nr. 1/2014

Sidan førre utgåve har Fjaler fått ein ny biblioteksjef, meg, Sindre Hovland Søreide. Eg er blitt spurd om å introdusere meg sjølv med nokre få setningar. Eg er ikkje heilt sikker på kor nødvendig dette er sidan eg føler de alle saman har tatt imot meg med opne armar. Men eg kan vel gi ein liten bakgrunnshistorie så de lærer litt meir om meg.

Eg vart fødd i Førde for snart 25 år sidan, der eg vaks opp. Etter det studerte eg Bibliotek- og Informasjonsvitenskap ved Høgskulen i Oslo og Akershus og tok eit årsvikariat i Bergen.

I januar byrja eg jobben her i Fjaler og eg vil seie at eg ikkje kunne vorte motteken betre. Eg har allereie fått være med å hjelpe til i ungdomsteateret i Dale ungdomslag, blitt med i symjeklubben og fått bli med på torsdagsdansen. Det at det er så lett å komme inn i eit samfunn så fort seier noko om den varmen som er i folket her i Fjaler. Så til oppsum-mering vil eg takke de alle saman her i Fjaler for å ha tatt imot ein førdianar på rekordtid.

Ny biblioteksjef

Tiande april gjekk alle kommunane saman inn i eit prosjekt om e-bøker. Desse vil være tilgjengelig gjen-nom alle lesebrett og smarttelefonar som brukar Android eller Apple. Alt du må gjere er å laste ned ebokbib-app’en, dette er sjølvsagt heilt gratis så lenge du er ein lånar ved eit av bi-blioteka fylket. Det beste med denne ordninga er at du no kan låne bøkene når det måtte passe deg, ikkje når bi-blioteket er ope. Vil du låne ei bok midt på natta ein søndag so er den der på nettbrettet ditt innan nokre få tastetrykk.

I skrivande stund er det ca 400 tit-lar som er mogeleg å låne, men dette talet kjem til å fortsette å vekse.

Fordi dette er eit samarbeid mel-lom kommunane i Sogn og Fjordane, vil det vere ein samla base. Dette be-tyr at vi kan få eit langt større utval raskt. Dette kan også bety at dei aller mest populære titlane kan det verte venteliste på, men det vil tida vise.

Viss du har spørsmål om korleis systemet fungerer, ta gjerne kontakt med biblioteket. Vi hjelper gjerne.

Nytt tilbod på biblioteket

E-BØ

KER!

Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes.

Page 5: Brua nr 1 2014

5BRUA Nr. 1/2014

I september takkar Hilde Søgnen for seg etter 34 år som helsesøster i Fjaler kommune.

Hilde var eigentleg utdanna operasjonsjukepleiar, men vart spurt om å vere helsesøster då kommunen mangla det i 1980. Forutan det året ho tok helsesøster-studie i Trondheim har Hilde vore fast i jobben som helsesøster for kommunen.

Å arbeide og bu i ein liten kommune har vore utfor-drande, men også veldig lærerikt, seier Hilde. Ho fortel at i eit slikt arbeid der ein jobbar med å ivareta andre over tid,

lærer ein seg sjølv å kjenne betre, og ho omtalar det å vere helsesøster som den mest vanskelegeste og spennande sju-kepleiarjobben ho har hatt.

Gjennom tida si som helsesøster har ho opplevd utruleg mykje kjekt. Når eg spør om det er noko ho hugsar spesielt godt, trekker ho fram alle dei gongane små born har gjort eller sagt noko som vitnar om at dei oppfattar og klarar ting ein som vaksen ikkje trur dei kan klare. Også den flotte ung-dommen i kommunen skryt ho av, som stadig imponerer ho.

Om framtida seier Hilde at det må fokuserast meir på det positive i kvardagslivet, og gløyme alt det negative. Ho trur at som helsearbeidar er det viktig å ikkje skape helseangst, men hjelpe folk å sortere ut den riktige informasjonen. Det å bygge tillit til brukarane er viktig, slik at folk tør å be om hjelp.

Hilde nemner fleire gonger at ho har vore heldig som har hatt så kjekke, gode og dyktige samarbeidspartnarar og kol-legaer. Ho ynskjer også å takke brukarane for den tilliten dei har vist ho. Dette vil ho sakne på ein god måte. Det er ikkje det at ho er lei jobben som gjer at ho sluttar, men seier det er på tide å la andre sleppe til. Ho ynskjer ny leiande helsesøster, Hillary Hamper, lukke til i den nye jobben.

Kva ho skal bruke tida si på no har ho tenkt lite på. Det er likevel nokre punkt på lista, blant anna å besøke barneborna meir og dyrke musikkinteressa. Å lese litt filosofi har ho også tenkt å byrje på. Samtidig vil ho ikkje sleppe fagfeltet sitt heilt, og kjem til å halde seg oppdatert fordi ho tykkjer det er eit interessant fagfelt. Hilde seier sjølv at ho er open for å bidra og vere med på «ting som skjer».

Om tida som helsesøster avsluttar Hilde med at ho håpar ho har bidrege med nokre «mokkaskeier» i løpet av alle desse åra. Ei mokkaskei er ei lita skei med eit påfyll eller eit dytt i riktig retning. Skal ein få til store endringar i livet krev det mange små mokkaskeier fortel ho.

Ei helsesøster takkar for seg

Ope folkemøte på Fjalerhuset 5. mai kl. 19.30Tema for kvelden: «KORLEIS BLI TRyGGE OG TyDELEGE UNGDOMSFORELDRE» vi får folk frå Helse Førde: Tonny Helgøy, psykolog frå vaksenpsykiatrien, og Harald Munkvold, ruskoordinator og spesialkonsulent. vi skal ha spørjetime og kulturinnslag. Gratis inngang. Arrangør: Fjaler helsestasjon.

Hilde Søgnen i 1972 på Åse sjukehus der ho var avd. leiar på kirurgisk avd.

Stort årskull i 2010.

Helsesøsterhøgskulen i Trondheim 1984/85.

Page 6: Brua nr 1 2014

6 BRUA Nr. 1/2014

Namn Tarjei Nitter, 31 år. Frå Dale, bur no i Bergen. Sambuar med Renate og far til Ingrid (2 år). Vi ventar eit barn til i juli.

Utdanning, arbeidserfaringUtdanna allmennlærar ved Høg skulen i Sogn og Fjordane. Har tatt fleire emne innan skuleleiing. Etterutdan-ning i historie ved Høgskulen i Volda.

Kor jobbar du no?Eg arbeider ved Mathopen skule i Bergen kommune. Der har eg vore til-sett sidan 2007.

I framtida - når du flyttar heim til Sunnfjord, kva då? Vi gler oss til sumaren! Då pakkar vi saman og flytter heim til Fjaler. Eg opplever yrket mitt som svært gjev-ande og meiningsfylt, og ynskjer der-for å halde fram som lærar.

Kva er du mest oppteken av? Dei siste åra har eg arbeidd som kontaktlærar på mellomtrinnet (5.-7. trinn). Eg er oppteken av tydeleg klasse leiing. Gode relasjonar til elev-ane og fruktbart samarbeid mellom skule og heim er noko eg set høgt. Elles ser eg det som svært viktig at eg som lærar arbeider for å skape eit trygt klassemiljø med ein god lærings-kultur. Om ein lukkast med dette har ein skaffa seg eit fantastisk utgangs-punkt for å oppnå god fagleg og sosial læring.

Leseopplæring, og spesielt lesefor-ståing, ser eg på som essensielt. Eg er oppteken av at elevane mine reflek-terer rundt korleis dei sjølv oppnår lær ing. Slik vert dei meir medvitne og sjølvstendige til eigne læringspro-sessar.

På Mathopen skule har eg vore fagan-svarleg for naturfagundervisninga ved skulen. Der er målet vårt å oppnå ein undervisningskultur bygd på undring, opplevingar og refleksjon. På denne måten tykkjer eg at elevane får ei meir handfast forståing av faget, som i nes-

te vende gjer det lettare å knyte natur-fagleg teori og praksis saman.

Kva vil du vere spesielt god på?Eg ynskjer å vere spesielt god på å gjere elevane mine engasjerte, reflek-terte og ansvarlege.

Eg jobbar som: LÆRAR

Page 7: Brua nr 1 2014

7BRUA Nr. 1/2014

NamnMari Kyrkjebø, 38 år. Frå Flekke, bur i Dale. Sambuar med Vegard og mam-ma til Jakob, Sofie og Magnus.

Utdanning, arbeidserfaringHovudfag i matematikk, jobba nokre år som reservoaringeniør i Statoil i Bergen før eg flytta heim og vart lærar ved Dale vgs.

Kor jobbar du no?I år har eg fått prøve meg som lærar ved UWC. Skulen har vore i Flekke i snart 20 år, men likevel hadde eg lite aning om korleis UWC-livet eigentleg

er. Det har vore eit utruleg spennande, lærerikt og travelt år! Til hausten blir det tilbake til Dale vgs, med ny erfar-ing og kunnskap med i bagasjen.

Kva er du mest oppteken av? Debatten kring dei vidaregåande skul-ane i fylket har ført til mykje grubling og uvisse dei siste åra. Det er utruleg viktig at det framleis skal vere ein vidaregåande skule i HAFS, og det opptek nok dei fleste av oss som job-bar der. No håpar eg at debatten roar seg litt, og at vi får bruke kreftene på å skape ein god skule for framtida.

I framtida - kva har du av planar? No skal eg kose meg mest mogleg dei siste månadane på UWC – og så blir det å lade batteria til ein ny haust ved Dale vgs. Gler meg til å vere med på oppstarten av den nye påbygg-klassen der! Og så håpar eg at vi kan få til meir samarbeid mellom Dale vgs og UWC i framtida. To skular så nær, med ung-dom i same alder, vi har mykje vi kan dele og lære av kvarandre. Fyrste steg er kanskje at vi sunnfjordingar må gå ut av komfortsona, og tore å ta kontakt med «dei der ute»…

Kva tenkjer du om jobben din? Val av yrke kan vere så mangt. Å vere lærar er eit viktig yrke som vedkjem mange. Vi har spurt nokre spørsmål til to lærarar som er frå Fjaler; Tarjei som på veg heim og Mari som har vore ute og er heime no, men underviser for tida ungdom frå heile verda.

Page 8: Brua nr 1 2014

8 BRUA Nr. 1/2014

Har du lyst å laga pizza og brød i steinomn?Etter nokre år i eldhuset på Lillingstonheimen, er vi 9 damer som har lært oss kunsten å bake i bakaromnen. Eldhuset treng restaurering,og vi prøver å samle pengar til opprusting av huset. vi invitere r til bakaroppleving saman med oss.

Om nokon vil feire fødselsdag, eller invitere gode vener er vi klare til å ta imot inntil 9 stykkjer!

KONTAKT THORA HOvLAND E-post: [email protected]

Reiselivsarbeidet som tidlegare var utført av Stiftinga Jensbua vert no vidareført av Visit FjordKysten. Visit FjordKysten har hovudkontor i Florø, men Marita Solheim som no er tilsett som produktansvarleg i selskap et har kontor i lokala til Fjaler Næringsut-vikling (2. etg. i Bankbygget). Grunna denne omorganiseringa vert det no ikkje bemanna turistinformasjon i Dale Senter slik som tidlegare.

Telefonnummeret til turistinforma-sjon for regionen er framleis 57 73 90 20, men vert betjent av turistin-formasjonen i Florø. Det vil bli opp-retta Visitor Points i Dale (ubemanna informasjonspunkt der ein får tilgang på brosjyremateriell), men det er enno ikkje avklart kvar desse blir. Nytt i år er at det er laga ein felles Reiseguide for FjordKysten og Sunnfjord.

Informasjon og konktaktinfo:

www.fjordkysten.no

Wenny Irene Hansen, dagleg leiar. Tlf. 91 14 98 68. E-mail: [email protected]

Marita Solheim, produktansvarleg. Tlf. 97 78 46 18. E-mail: [email protected]

Sara Marie Ytreøy, marknadsansv. Tlf. 48 15 05 28. E-mail: [email protected]

Omorganisering av reiselivet

Marita Solheim

Badevikja i Dale. Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes.

Page 9: Brua nr 1 2014

9BRUA Nr. 1/2014

Innsparingar i kommunal driftDet blir jobba med innsparingar over mange felt. Eitt av dei er knytt til skule. Kommunestyret har vedteke eit innsparingskrav på 3 mill, men føreset at skulestrukturen blir uendra og at det blir arbeidd med alternative innsparin-gar/tiltak for auka inntekter. Ei nemnd er oppretta, og deira framlegg til inn-sparingstiltak går vidare til kommune-styret, som skal gjere endeleg vedtak når saka er ferdig utgreidd.

Medlemene i nemnda: Arve Helle (leiar), Nina Yndestad, Kjetil Felde, Kåre Eimind og Hogne Kvangarsnes. Vara: Anita Nyland Skaar.

Auka inntekter i kommunal driftDet blir også jobba mykje med å finne måtar å auke inntektene i kommunen. Eitt av desse tiltaka er å selje kommu-nale eigedommar. Også på dette feltet har ei nemnd vore i arbeid, og kommu-nestyret gjorde dette vedtaket i møte 10. februar:

«Straumsnes grendahus seljast. Eventuelt sal av Herradshuset (gamle kommunehuset, red.anm.) må takast i samanheng med kommuneplanarbei-det om kva ein ynskjer å gjere med området.

Kva ein skal gjere med Dingemoen gamle skule må takast i samanheng med kommuneplanarbeidet om kva ein ynskjer å gjere med området.

Eventuelt sal av Lilllingstonheimen må takast i samanheng med kommu-neplanarbeidet om kva ein ynskjer å gjere med området.

Framlegget vert lagt ut til høyring med vanlege høyringsfristar. Vedtak om eventuelt sal vert gjort når areal- og kulturminneplanane er klare.»

Retningsliner for vegvedlikehald er under revisjon. Kommunestyret har vedteke at kommunen ikkje skal delta i sommarvedlikehald av private vegar. Det skal utarbeidast nye retningsliner for opptak til og nedlegging av kom-munal veg og kostnads- og inntektspo-tensiale i forhold til vintervedlikehald skal vurderast på nytt når retningsli-nene er vedtekne.

Nemnda ber om innspel til kva kri-terier kommunen bør leggje til grunn for opptak til kommunal veg. Fristen for innspel er sett til 16.04.14. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret. Dato er ikkje sett.

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)Kommunen si plikt til å gjennomføre ein analyse av risiko og sårbarheit er heimla i Sivilbeskyttelseslova. I til-legg er ROS-analyse pålagt i ei rekkje særlover, m.a. i Plan- og bygningslova og i forskrift til Helse- og sosialbered-skapslova. ROS-analyse skal leggjast til grunn ved all kommunal planleg-ging. Det er no vedteke ein rapport som omhandlar ROS-analyse som

skal danne grunnlag for utarbeiding av overordna beredskap for kommunen. I tillegg tek analysen omsyn til krava etter Helse- og sosialberedskapslova.

Reservasjonsrett for legarAbortlova av 1975 gjev allereie reser-vasjonsrett for sjukehuspersonell frå å utføre eller delta i abortinngrep. Denne reservasjonsretten er viktig og riktig. Framlegget om at fastlegar skal kunne reservere seg frå å henvise til abort vil svekke kvinner sine rettar til hjelp i ein sårbar situasjon. Dette skreiv m.a. ordføraren i si saksutgreiing som låg til grunn for at kommunestyret gjorde følgjande samrøystes vedtak om reser-vasjonsrett for legar:

«Kommunestyret meiner at dei føre-slegne lovendringane vil medføre eit dårlegare og meir byråkratisk offent-leg helsetilbod. Framlegget vil også setje kvinner i ein vanskeleg situasjon i møte med primærhelsetenesta.

Kommunestyret meiner at omsynet til kvinner i ein sårbar situasjon veg tyngst og ber difor om at Helse- og omsorgsdepartementet sitt framlegg ikkje blir vedteke. Dersom framlegget blir vedteke, vil Fjaler kommune ikkje tillate fastlegekontraktar som opnar for at fastlegar kan reservere seg mot å henvise til abort.»

Utbygging av mobilnettet i FjalerKommunestyret har godkjent ein in-tensjonsavtale med Telenor Norge A/S om utbygging av mobilnettet i Fjaler. Vedtak om finansiering av kommunal eigendel blir gjort seinare.

Nina Yndestad (AP)har fått fritak frå alle politiske verv i perioden 10.02.14–01.07.14. Varamed-lemer rykkjer opp etter opprykksliste i formannskapet og kommunestyret.

Kjersti Valvik har fått fritak frå vervet som med-dommar i tingretten i perioden fram til 2017. Ordføraren har fått mandat

KLIPPE, KLIPPE....

Nyhendeplukka under dette feltet er henta frå saker som har vore handsama i formannskapet og kommunestyret, eller som er handsama administrativt etter delegert mynde frå kommunestyret etter siste utgåve av Brua. Om du ønskjer å vite meir om dei ulike sakene, kan du lese utgreiingane og vedtaka på kom­munen sine heimesider – www.fjaler.kommune.no – under Lokalstyre, Møte­kalender og sakspapir. Du kan også finne fram til saker under Postlister. Papir­utgåver er tilgjengeleg på sørviskontoret og bibliotekfilialen på Straumsnes.

Gamle Dingemoen skule.

Page 10: Brua nr 1 2014

10 BRUA Nr. 1/2014

til å oppnemne ny meddommar. Kjer-sti Valvik er tenesteleiar for Bistand og omsorg i kommunen.

Samfunnsdelen av Kommuneplan for Fjaler kommune 2014–2025 er vedteken. I tillegg til det som var teke med i planframlegget, vedtok kommunestyret at Trondhjem-ske postveg kjem med som eit eige punkt under «område av særleg kultur-historisk verdi».

Kommunedelplan for idrett, fri-luftsliv, fysisk aktivitet og folkehelseHandlingsdelen i planen vert rullert kvart år. Under årets (desember 2013) rullering vart nærmiljøanlegget Ball-binge Flekke skule teke inn i planen.

Seniorpolitikk i Fjaler kommuneUtgreiing og framtidige tiltak er vedteke. Mål for seniorpolitikken i kommunen- Avgangsalder skal i gjennomsnitt

vere minst 64 år- Gjeld avgang knytt til avtalefesta

pensjon, ordinær alderspensjon og alderspensjon med særaldersgrense, samt uførepensjon for tilsette som var minst 55 år 1. januar same år

- Gjeld 100% avgang

Tiltak- Kursdagar: Informasjonsmøte om

pen sjon minst ein gong annakvart år for tilsette over 58 år

- Seniorsamtale: Tilbod det kalenderå-ret dei tilsette fyller 58 år. Formell samtale mellom arbeidstakar og næ-raste overordna etter nærare fastsette rammer.

- Individuell pensjonssamtale: Samtale med pensjonskontakt

- Kombinasjon av arbeid og pensjon: Tilrettelegging, t.d. delvis AFP

Nytt varmeanlegg på Fjaler ungdomsskuleEtter mange år med høge straumutgif-ter og store manglar på varmeanlegget på skulen vart det i 2013 løyvt kr 2,8 mill til utbetring av anlegget og skift-ing av varmekjelde. Eit firma vart leigt inn for å gjennomføre ei tilstandsvur-dering. Rapporten konkluderte med at anlegget hadde så store manglar at det var nødvendig med ei total utskifting - inkl røyropplegg, radiatorar og all installasjon i teknisk rom. Ulike alter-nativ til varmekjelder vart vurderte, og ei løysing med luft/vatn var den mest økonomiske med ei energisparing på ca 160 000 årleg. Når eit så stort ar-beid først må gjerast, ønskjer ein også å skifte ut panelomnar i administrasjo-nen med radiatorar. Kommune styret har auka kostnadsramma på utbe-tringsprosjektet til kr 4,7 mil.

Tommelen ned for interkommunal støtte- og utviklingskoordinatorFor å nå måla i samhandlingsreforma (samhandling om helsetenester mel-lom kommunar og sjukehus) vart det i 2009 etablert eit interkommunalt pro-sjektsamarbeid mellom kommunane i HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund), SIS (Jølster, Førde, Flora, Naustdal og Gaular) og Balestrand, Høyanger og Bremanger. Frå våren 2011 har det vore tilsett prosjektmed-arbeidarar. Prosjektperioden varde til årsskiftet 2013/14. Det var no fram-legg om å vidareføre samarbeidet og opprette ei stilling som støtte- og utvi-

klingskoordinator for ein toårsperiode. For Fjaler sin del ville dette utgjere ein kostnad på ca kr 60 000. På grunn av den økonomiske situasjonen i kommu-nen, m.a. med store reduksjonar i tal årsverk, gjorde rådmannen framlegg om at Fjaler ikkje skulle støtte pro-sjektstillinga som støtte og utviklings-koordinator. Framlegget vart samrøys-tes vedteke i kommunestyret.

Saka skal handsamast på nytt der-som dei andre kommunane i samarbei-det gjer positivt vedtak.

Interkommunal legevaktsentralKommunestyret har godkjent at Fjaler kommune skal vere ein av samarbeids-kommunane i etableringa av inter-kommunal legevaktsentral i perioden 01.11.14–31.12.15.

Samarbeidet vart etablert i 2009 mellom mellom kommunane i HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund), SIS (Jølster, Førde, Flora, Naustdal og Gaular) og Balestrand, Høyanger og Bremanger for å nå måla i samhand-lingsreforma «Rett behandling – på rett stad til rett tid». Det har vore tilsett prosjektmedarbeidarar frå 2011.

Øyeblikkeleg hjelp på døgn Kommunestyret har godkjent at Fjaler kommune skal vere ein av samarbeids-kommunane i etablering av øyeblikke-leg hjelp på døgn. Rådmannen har fått fullmakt til å inngå avtale med Førde kommune om samarbeid etter verts-kommunemodellen.

Det er samhandlingsreforma som gjev kommunane eit utvida ansvar for å gje øyeblikkeleg hjelp heile døgnet. Tilbodet skal fasast inn i perioden 2012-2015, og skal finnast i alle kom-munane (ev. som interkommunalt sam-arbeid) frå 2016.

Fjalerprisen 2013gjekk til Aksjon Dalsfjordbrua. Dette er etter kvart vore «gammalt nytt», men Brua-redaksjonen tykkjer pris-nemnda si grunngjeving bør nå ut til lesarane. Prisen består av innramma grunngjeving og kr 15 000.Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes.

Foto: David Zadig.

Page 11: Brua nr 1 2014

11BRUA Nr. 1/2014

«Fjalerprisen er oppretta for å gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen og for å setje fokus på ny-skaping, openheit og inkludering.

Året 2013 kjem til å gå inn i historia som det året Dalsfjordsambandet vart opna. Vi veit enno ikkje kva dette vil få å seie for regionen, men det knyt seg store forventningar til kva ring-verknader dette kan få for eit felles bu,- arbeids,- og skuleområde.

Aksjon Dalsfjordbrua vart skipa i 1998 etter eit initiativ i HAFS. Her gjekk sentrale personar frå næringsliv, kultur, skule og andre offentlege organ saman, og oppretta ein komité som skulle arbeide for å fullføre det påbyrja Dalsfjordsambandet. Aksjonskomiteen kom i stand som fylgje av at fylkestin-get året før flytta Dalsfjordsambandet til posten «uprioriterte anlegg». Svein Helle fungerte som leiar dei fyrste åra, og etter at han trekte seg attende, har Rolf Kleiven leia arbeidet vidare.

Aksjonen har heile vegen vore dri-ven av nokre sentrale personar, men kring desse eldsjelene har det samla seg mange velvillige og ivrige aksjo-nistar som lett har late seg mobilisere når høvet har bydd seg.

Det har vore fleire ulike medlem-mer med til ulike tider. I dag sit desse personane som medlemmer av Aksjon Dalsfjordbrua: Rolf Kleiven, Dale Norman Vik, DaleRolf Losnegård, Vårdal Reidar Fristad, AskvollJohnny Søreide, Askvoll

Torodd Helle, HolmedalTor Egil Furevikstrand, Holmedal

Noko av det som har vore kjennemer-ket til aksjonen, er at dei har halde seg til saklege argument – og har fokusert på å snakka positivt om si sak heller enn å sette andre prosjekt i dårleg lys. Samtidig har dei vore kreative og har heile tida nytta nye og uventa aksjons-former.

Samansettinga av gruppa trur vi også har vore ein styrke. Vi finn både kunst-naren, strategen, luringen, den teknis-ke og den politisk orienterte som sa-man har jobba for eit tydeleg mål. Dei har også hatt evna til å mobilisere folk og har skapt hendingar som har vore samlande og styrkande for regionen. Dei har vore med på å skape eit sam-hald på tvers av kommunegrensene og har vist i praksis at dette gjev større gjennomslagskraft enn når alle jobbar kvar for seg.

Vi torer å påstå at utan Aksjon Dals-fjordbrua så hadde det ikkje vore no-kon Dalsfjordbru ferdig i 2013 – ja kanskje aldri !»

Tor Lundekvamhar fått konsesjon for overtaking av gbnr 114/1 Boge gard for ein kjøpe-sum på kr 1 150 000. Formannskapet gjorde vedtaket ut frå ei samla vur-dering, m.a. bygningane sin tekniske standard.

Steinar Sagevik,Naustdal, har fått fornya løyve til bruk

av snøskuter for frakt av funksjons-hemma på strekninga frå kommune-grensa mellom Gaular og Fjaler i dal-føret sør for Sagevik og hytta på gbnr. 52/4. Løyvet gjeld også frakt av ved i området ved hytta. Løyvet er gjeve på visse vilkår og gjeld til og med vinter-sesongen 2016/2017. Vedtaket er gjort av kommunalsjef landbruk.

Jan Sigurd Kalstad, Guddal, har fått løyve i samsvar med plan- og bygningslova til frådeling av fritidstomt frå gbnr 117/3. Vilkår for løyvet er at den nye eigedommen vert sikra tinglyst vegrett. Kjøpar er Willy Hansen, Rådal.

Ingar Valvik,Dale, har fått konsesjon med heimel i konsesjonslova for overtaking av gnr. 44, bnr. 2 Bortheim for ein kjøpesum på kr 337.500. Det er sett krav om dri-veplikt. Seljar er Arne Valvik.

Jarle Skaar Langeland,Guddal, har fått løyve etter jordlova til frådeling av inntil 600 m2 skogbonitet frå gbnr 125/1, Langeland, til fritids-føremål. Kjøpar er ikkje oppgjeve.

Geir Sande,Flekke, har søkt om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogruket til bygging av Krekjedalsvegen på gbnr 103/1. Kommunalsjef landbruk rår til at det blir gitt 60% tilskot avgrensa til kr 108 000 bygging av vegen.

Tilskot til drenering av jordbruksareal er gjeve til følgjande eigarar/bruk:• Oddvar Lone,

kr 10 000 til gbnr 22/1 Lone• Oddvar Lone,

kr 6 000 til gbnr 23/3 Gjerdeflata• Magne Norddal,

kr 17 100 til gbnr 78/2 Norddal• Ørjar Eiken,

kr 3 050 til gbnr 27/1 Tyssedal• Ørjar Eiken,

kr 9 200 til gbnr 27/2 Tyssedal

Fjalerprisen 2013 gjekk til Aksjon Dalsfjordbrua. Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes.

Page 12: Brua nr 1 2014

12 BRUA Nr. 1/2014

• Ørjar Eiken, kr 5 950 til gbnr 25/1 Tyssedal

• Terje Yndestad, kr 1 750 til gbnr 135/2 Hovlandsdal

• Terje Yndestad, kr 4 995 til gbnr 135/7 Hovlandsdal

• Ole Jakob Nedrebø, kr 22 500 til gbnr 34/1 Arstein

• Bente Karin Ulvik, kr 23 700 til gbnr 22/1 Holt

• Bente Karin Ulvik, kr 6 750 til gbnr 24/14 Kjøsneshaugen

• Tore-Reinert Lie, kr 20 075 til gbnr 87/3 Myklebust

• Tore-Reinert Lie, kr 4 800 til gbnr 87/6 Myklebust

• Harald Johnny Gallefoss, kr 13 950 til gbnr 126/3 Gallefoss

• Harald Johnny Gallefoss, kr 23 400 til gbnr 126/4 m.fl Gallefoss

• Geir Helge Møller, kr 7 000 til gbnr 120/1 Heggheim

Idar Skår,Korssund, har fått løyve til frådeling av festetomt nr 4 for hytte frå gbnr 239/1 i reguleringsplan for Notaneset hyttefelt.

Røde Kors Nordisk United World College,Flekke, har fått løyve til deling av feste tomt frå gbnr 41/1 i Hesteneset på Haugland. Kjøpar er Verdsgrenda Eige dom AS. Arealet er på ca 1740 m2 og skal brukast til oppføring av to nye internatbygg.

Ørjar Eiken,Hellevik, har fått dispensasjon frå plan- og bygningslova for plassering av flytekai og forlenging av eksister-

ande kai på gbnr 25/6. Det er også gjeve byggeløyve etter same lova. Det er tiltakshavar som er ansvarleg for at byggearbeidet vert prosjektert og rett utført. Byggeløyvet gjeld i 3 år, og byggearbeidet må avsluttast med ferdig attest.

Fjaler kommunehar fått løyve til deling av bustadtomt nr 8 og 9 i reguleringsplan for Yksne-bjør.

Norvald Kapstad,Dale, har fått løyve til overføring av areal til bustadtomt, gbnr 65/172 på Bjergelandet. Søknaden gjeld utviding av tomteareal med ca. 160 m2. Til-leggsarealet påverkar ikkje andre tom-ter i området.

Einar Heggneshar fått dispensasjon frå bygge- og dele forbodet i strandsona til arealover-føring på ca 1000 m2 som tilleggsareal til fritidstomt, gbnr 43/7, frå gbnr 43/4. Arealet inkluderer løa på bruk 4.

Vedtektene for kommunale barnehagari Fjaler har fått to nye punkt om ret-ningsliner for opptak:• Søknader som gjeld oppstart utanom

hovudopptak og tilleggsopptak vert tidlegast handsama 2 månader før ønska oppstart.

• Det vert ikkje tildelt barnehageplass med oppstart i tida 15. november– 1. januar.

Rolf Kjøsnesfekk ikkje medhald i formannskapet då han klaga på avslaget han fekk på søknad om frådeling av tomt på gbnr 24/14 til Andreas Langeland, som ville knyte det nye arealet til eksisterande gbnr 24/86. Avslaget var gjeve med heimel i plan- og bygningslova og kommuneplanen. Formannskapet la til grunn at klagen ikkje inneheldt nye opplysningar som tilsa at fordelane ved dispensasjon ville bli større enn ulempene.

Fibertilknyting på Sæteneser støtta av formannskapet med kr 10 000.

Styrking av det kommunale barnevernet 2014Formannskapet godkjende at HAFS interkommunale barnevernteneste sen-de søknad til Fylkesmannen om midlar til kommunalt barnevern tilsvarande ei 50 % stilling. Søknaden vart innvilga, og tilskotet utgjer kr 247 181 for Fjaler kommune i 2014.

Didrik Dale (gbnr 63/4) og Bård Vonen (gbnr 63/173)har fått løyve til deling av tomt til bu-stader frå gbnr 63/4 og 63/173. Rick-ard Skår er kjøpar av arealet og ønskjer leggje til rette for totalt 3 bustadtomter i området, inklusiv eksisterande bu-stadtomt på gbnr 63/237. Deling vil skje seinare når vegtilkomsten til tomt-ene er ferdig prosjektert.

Sandnes Fiskeoppdrett ASRådmannen rår til at fykeskommunen gjev Sandnes Fiskeoppdrett AS, Hel-levik, løyve til å plassere fôrflåte på lokaliteten 11813 Svinøy V. Lokalite-ten ligg rett nordvest for Svinøya.

Laila Øksenberg Ullebøhar fått løyve til deling av bustadtomt frå gbnr 59/1. Løyvet gjeld tomt rundt eksisterande hus og hage frå hovud-bruket på gbnr 59/1. Denne delen er ein eigen teig rundt bustadhuset. Det er og ein tilgrensande teig, gbnr 59/59, som grensar til og går delvis gjennom bustadhuset. Det er samstundes søkt om samanslåing av desse to etter at bustadtomta er frådelt med eige bruks-nummer.

Ørjar Eikenhar fått løyve til å oppgradere Drenge-dalsvegen parsell 1 m/velteplass til landbruksveg kl 4 på gbnr 25/1. Det er sett visse krav til løyvet, m.a. at arbei-det skal vere avslutta innan 01.03.17.

Internat Red Cross UWC. Foto: Margrete Reisæter.

Page 13: Brua nr 1 2014

13BRUA Nr. 1/2014

Nokre av arrangementa som er planlagt: 1. august Konsert med Ausekarane i Askvoll2. og 3. august Gaularspelet og Vikingfestival2. august Postvegrittet, Dale3. august Kyrkjekonsert i Dale8. august Kobbeskjerkveld Haugland9. august Torgdag i Dale

Inga Dalsfjordveke utan arrangement – kva kan du bidra med i år?Meld inn dykkar arrangement innan 20. mai

DALSFjORDvEKA 2014, 1.-10. AUGUST

ASKvOLL: jeroen van [email protected]. 57 73 07 05 - PB 174, 6988 ASKvOLL

FjALER: Ingeborg [email protected]. 57 73 80 44 - PB 54, 6961 DALE I SUNNFjORD

GAULAR: Birgitte [email protected]. 57 71 85 42 - 6973 Sande i Sunnfjord www.dalsfjordveka.no

Tema er som tidlegare «Kulturopplevingar i land skapet». Målet for veka er å trekke folk til vårt distrikt, og gje både tilreisande og lokalbefolkninga kulturelle opplevingar og aktivitetar.

Veka er eit samarbeid mellom Askvoll, Gaular og Fjaler – kommunane langs Dalsfjorden.

Page 14: Brua nr 1 2014

14 BRUA Nr. 1/2014

Her skal vi følgje Niels på hans reise gjennom livet:

Barndom og utdanningTredje mars 1777 fødde Kirstine Ni-elsdatter ein son som vart oppkalla et-ter bestefaren Niels. Både faren, Ras-mus, og bestefaren var smedar. Niels vaks opp i Bolbro like utanfor Odense og like ved katedralskulen der. Alle forventa at Niels skulle verte smed, men han såg ei anna framtid for seg. Han trassa foreldra sine ønskje og byrja på skulen i Odense. I elevpro-tokollen er Niels nemnd første gong i 1787. Ei innføring i protokollen omta-lar guten som “flittig og skikkelig”, og han fekk truleg støtte frå eit legat for å ha råd til å gå der. Skuleåret 1794-95 er det siste i Odense og i 1796 drog Niels til København for å studere teo-logi. Utan støtte heimanfrå måtte han ta seg arbeid som huslærar, og kom først i gong med studia i 1800. Etter slaget på Københavns red året etter, styrka danskane kystforsvaret og Ni-elsen fekk ei stilling som «litterær Be-styrer ved Kysttelegrafen» på Stevns klint på Sjælland. Kort tid etter vart telegrafen lagt ned til Niels store lyk-ke. Som statstilsett fekk han venteløn, 120 riksdalar i året, så no var studiane finansiert.

Utan familiestøtte og kontaktar var

det likevel ikkje så lett å få ei prestestil-ling. Då var det attende til lærarjobb-en. Etter kvart innsåg han at han ikkje kunne velje, men måtte sjå seg nøgd med eit fattigslig kall. Til andre for-talde Niels at ei «besynderlig Lyst til at se Polaregnene» fekk han til Nord-Norge. I 1807 vart Niels utnemnd til sokneprest i Vardø, dit han kom i mars 1808 etter ei strevsam reise om Stock-holm og Torneå. Prestegarden var for-fallen og han måtte bo i kommandant-boligen på festninga.

Sokneprest i VardøEin av dei første embetsgjerningane hans var å gravleggje dei som låg og «venta» på den nye presten, mellom anna svigerfaren eller festningskom-madanten Hans Jürgen Jacob Trost. I kommandantboligen vandra også den 18 år gamle Anna Cathrine Margrete Trost rundt, og nyttårsdag 1809 gifta Anna og Niels seg. Tilhøva i Vardø var kummerlige for det nye paret. Inntek-tene var små sjølv om Niels spedde på med undervisning i skulen, og det var vanskeleg å finne ein bustad.

Sommaren 1810 pakka dei alt sitt jordiske gods, tok med seg dei to bor-na Hans Jørgen og den nyfødde Kris-tine, og gjekk om bord i ei skute med kurs for Trondheim. På vegen sørover ramma tragedien. Lille Kristine døyd-

de og dei måtte gå inn til Hammerfest og gravleggje ho der. Og det i ein by som var prega av at den året før var plyndra av engelske marinesoldatar. Engelske kaperskip som vakta norske-kysten gjorde i det heile turen sørover farleg for den vesle familien. I Trond-heim fekk Niels venteløn og arbeidde som fransklærar, men i 1812 vart han utnemnd som sokneprest i Ytre Hol-medal. Dermed for Anna, Niels, Hans Jørgen og ei «ny» Kristine til Sunn-fjord. Nykommarane på prestegarden Holmedal gjorde seg fort synlege. Bi-skop Pavel seier at Niels Nielsen had-de ein «hjærtelig Popularitet».

Val av utsendingar til EidsvollI februar 1814 sendte prinsregent Christian Fredrik ut eit brev der folk vart bedt om å samle seg i kyrkjene ein bededag så tett etter 25. februar som råd. Der skulle menn «civile, geistelige eller militaire Embedmænd, Brugseiere, Jorddrotter eller Gaard-brugere» over 25 år i prestegjeldet velje to utsendingar til eit amtsmøte. Den forsamlinga skulle igjen velje tre personar som skulle møte opp på Eids-voll 10. april 1814 for å gje Noreg ei forfatning – ei grunnlov.

18. mars møttes soknefolket i Dale kyrkje. Til dåp, jordfesting og nasjons-bygging. Nielsen talte oppglødd til

Fjaler sin utsending til Eidsvoll – Niels Nicolay NielsenNordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde fem representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Sokneprest Niels Nielsen i Fjaler var ein av dei. Han vart seinare sokneprest i Eid i Nordfjord og i Borgund på Sunnmøre.

Niels Nielsen var fødd 1777 i Odense i Danmark. Far hans var smed. I 1808 kom han til Norge som sokneprest i Vardø. Han gifte seg der med Anna Cathrine Trost, dotter til kommandant Trost på Vardøhus festning. I 1812 vart han sokne­prest i Fjaler, der han budde då han vart vald til utsending frå Sogn og Fjorda­ne til riksforsamlinga på Eidsvoll. I 1821 vart han sokneprest i Eid, og frå 1830 prost i Nordfjord. I 1835 flytte han til Borgund på Sunnmøre og var prest der til han døydde i 1854. Han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje. Niels Nielsen var også stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i 1830.

Page 15: Brua nr 1 2014

15BRUA Nr. 1/2014

kyrkjelyden, siterte brevet frå Fredrik 6. der kongen løyste det norske folket frå truskapseiden til han, las så opp brevet som Christian Fredrik utforma 19. februar og så svor kyrkjelyden at dei ville verje landet med liv og blod. Det vart lest opp ei erklæring som truleg Niels Nielsen hadde forfatta. Den skulle til Eidsvoll og overrekkast Christian Fredrik. Her vart trusselen frå Sverige utpensla i dystre orde-lag, og tilsvarande heltemotet til prins Christian Fredrik. Så var det val – og slutten på adressa vart slik: «Ytre Hol-medals Præstegjelds Indvaanere be-fuldmægtiges, efter foregaaende Valg, Sognepræst N. Nielsen og Bonde Las-se Johannesøn Heggem at overbringe, og paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsam-ling av Nationens udvalgte Mænd.»

På Vange i Vik samla det seg onsdag 30. mars 1814 førti valmenn frå Nor-dre Bergenhus amt, mellom dei Niels Nielsen. Dei skulle finne tre utsendin-gar til Eidsvoll, av dei minst ein bonde. Det vart Peder Hjermann frå Lærdal. Dei to andre som fekk flest stemmer var sorenskrivar Lars Johannes Ir-gens og sokneprest Nielsen. Nielsen, dansken, som ei tid rundt dette nytta namnet Nicolay, skulle pakke klede og nistebomme og ta seg over dei norske fjella og gi landet ein grunnlov.

Reisa til EidsvollTruleg la dei vegen vidare innover Sognefjorden til Lærdal og over File-fjell til Valdres og over ein islagd

Randsfjord til Eidsvoll. Slik sett følg-de dei kanskje i spora til representan-tane frå Bergen og Søndre Bergenhus amt som kom seglande inn til Lærdal 2. april. Undervegs fekk dei mat og husly hos prestar og lensmenn, og på Eidsvoll vart dei fleste innlosjert på gardar rundt verket og skyssa fram og tilbake av bøndene.

10. april stod dei i hallen i det byg-get Carsten Anker hadde tatt over i 1794. Niels Nielsen, til liks med kvar av dei andre representantane, vart kalla inn til prins Christian Fredrik og leverte adressa han hadde med seg frå folket heime i Sogn. Etter det fekk Ni-elsen ein setel der det stod: «Adgang til Rigsforsamlingen paa Eidsvold.»

Niels Nielsen var ikkje ein som vekte merksemd i forsamlinga. Han hadde ikkje ordet ofte. Om tausheten skuldast det at han var ein av tre blant eidsvollmennene som ikkje var norsk, og fordi han snakka dansk, eller fordi han berre slutta seg til det andre la fram og som han var samd i, er uvisst.

17. mai 1814 vart så Grunnlova sam-røystes vedteken og Christian Fredrik valt til konge. To dagar seinare vart forsamlinga formelt oppløyst. Dagen etter, 20. mai, samla dei seg i møtesa-len, Nielsen og 109 andre, greip kvar-andre i hendene og ropte: «Enige og troe, indtil Dovre falder!» Så for Niels Nielsen heim til prestegarden.

Kjelde: Nettside for Møre og Romsdal i høve 200­årsjubileet for grunnlova.

Markering av grunnlovsjubileet i vik30. mars 1814 møttest 40 valmenn frå heile Nordre Bergenshuus Amt på garden Vange i Vik for å velja utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. 17. mai-nemnda i Vik ønskjer, i samarbeid med Vik kommune og eigarane av huset der valmennene møttest, å invitera etterkomarane til desse valmennene og utsendin-gane til ei markering av grunnlovsjubileet i Vik 17. mai i år.

I frå Fjaler reiste Niels N. Nielsen og Lasse Johannessen Hægejm. Etterkom-mar etter sistnemnde er Hjørdis Heggheim som bur i Guddal – og ho er difor invitert til denne hendinga i Vik 17. mai.

Her er eit oversyn over alle valmennene frå Sogn og Fjordane som møtte på Vange 30. mars 1814: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Valmenn_i_Nor-dre_Bergenhus_1814.

Grunnlovsjubileet i barnehaganeBarnehagane har også markert 200-års jubileet for grunnlova. På Barnehagedagen 2014 som gjekk av stabelen 18. mars hadde alle barnehagane i Norge fokus på demo-krati og barn sine rettar og rett til medverknad. Slagordet har vore: Eg har noko å seie!Demokrati og barn sin medverknad er ein viktig del av barnehagane sitt innhald. Barnehagelova, barnehagens rammeplan og FNs barnekonvensjon er viktige plattformer som handlar om desse tema.Brua-redaksjonen besøkte Guddal barnehage denne dagen – og tilfel-digvis var det formannskapsmøte i same hus på same tid. Men ungane hadde ikkje noko forhold til verken ordførar eller formannskapet - dei brydde seg meir om dei nære ting og kva dei sjølv kunne få påverke i sin kvardag. Ein av gutane meinte at det stort sett var foreldra som bestemte heime – men han fekk no i alle fall bestemme kva han skulle ha på brødskiva sjølv.Det var ein fin gjeng som møtte oss i Guddal – og me fekk inntrykk av at dei hadde ein fin kvardag i barne-hagen. Dei vart spurt om det var forskjell på å vera gut eller jente i barnehagen. Konklusjonen var at i barnehagen kunne alle leike med alt – ja bortsett frå at det berre var jentene som kunne springa etter gutane og sussa dei.

Born frå Guddal barnehage.

Page 16: Brua nr 1 2014

16 BRUA Nr. 1/2014

Det vil seie at vi skal jobbe for å fremje godt alkovett og minne om at nokre gonger passar det ikkje med alkohol. I mai er det fokusveke med tema «Kor mange glas tåler barnet ditt?». På AV-OG-TIL si facebook-side og nettside avogtil.no kan du diskutere og finne meir in-formasjon om tema.

Bodskapen i kampanjen er at barn trivast aller best med edru vaksne. Det som er hygge-leg for vaksne, er ikkje alltid til det beste for born. Sjølv om stemninga er god kan borna oppleve den som ubehageleg. Om ein drikk alkohol kan det vere vanskeleg å sjå når det går frå kjekt til ikkje kjekt for borna.

Folkehelsekoordinator Kristin R.Yndestad, [email protected]

Vil du slutte å røyke? Kurset går over seks møte i løpet av ca seks veker, og er delt i to. I første del førebur ein seg på å slutte, og i andre del jobbar ein med fortsatt å vere røyk-fri. Kurset er også aktuelt for deg som vi slutte med snus. Pris: 200,- per deltakar for kurset.

«Bra mat for betre helse»Er eit inspirasjonskurs for deg som ønskjer å få varig endring i levevanar i forhold til matvanar og matval. Kur-set er basert på Helsedirektoratet sine tilrådingar i forhold til kosthald og fy-sisk aktivitet. Undervisning, dialog og praktisk matlaging er ein del av kurset.Kurset går over fem kveldar og kostar 250,- per deltakar.

Oppstart og tid for begge kursa vert fastsett ved påmelding.For meir informasjon og påmelding kontakt Fjaler frisklivssentral ved Kristin Rivedal Yndestad på epost: [email protected] eller tlf 57 73 81 03/47 61 68 69.

Aktiv på dag for vaksne/seniorar i treningsstudioet i FjalerhallenEr eit tilbod til deg som vil bli kjent i treningsstudioet i hallen og trene sa-

man med andre. Ein står fritt til å trene det ein sjølv vil, her er moglegheit for å betre både styrke, balanse og kondi-sjon. Tilsette frå frisklivssentralen vil vere til stades for å rettleie dei som ønskjer det.

Du kan møte opp i treningsstudioet i hallen kvar måndag frå 11.00 – 12.00. Tilbodet er ope og kostar 30,-. For spørsmål kan du kontakte Fjaler Frisklivssentral

Fjaler - ein «Av-OG-TIL»-kommune

Kurs i røykeslutt og kosthaldFjaler frisklivssentral

Kristin Rivedal Yndestad ved Fjaler frisklivssentral.

Page 17: Brua nr 1 2014

Dale 08.00 Salutt og musikk. Frukost for korpset på Allmuen. 11.00 Gudsteneste. Barnekoret deltek Kransnedlegging ved støtta13.00 Hovudtoget går sentrum – Tross – sjukeheimen

med stopp og song på sjukeheimen – hovudvegen - Trudvang – Fjalerhallen

Tale for dagen: Frida Melvær. Program, leikar, rømme-graut og kaker i hallen. Leiar i nemnda: Øyfrid Ulvedal/programnemnda: Heidi Roos

Fossen Bryggeripub:17. mai buffè kl .07.00 - 11.00. Rømmegraut m/ spekemat/pølser kl 12.00 - 18.00 Grilling og uteservering kl 18.00 - 21.00 22.00 17. mai dans med «Six-Pack»

Flekke 07.00 Salutt11.45 Oppstilling på skulen og tog via butikken til ung-

domshuset12.30 Tale for dagen i ungdomshuset og kulturinnslag13.30 Leikar og sal av rømmegraut, pølser, is, brus, kaker

og kaffi på skulen20.00 Fest i ungdomshuset: «Bondeguten», innslag frå

lokale/ UWC ungdomar. Premieutdeling. 22.00 Dans med John Otto Løseth m/ band Leiar i nemnda: Ingolf Flekke

Straumsnes 14.00 Tradisjonell feiring i grendahusetOrd for dagen. Lett underhaldning. Sal av rømmegraut, kaker og kaffi. Leikar og aktivitetar ute Kontakt i Straumsnes ungdomslag: Rakel Bakkebø

Hellevik 10.30 Tog og musikk frå skulen til butikken og tilbake. På skulen er det leikar, program og matservering.Leiar i nemnda: Hildegunn Bringedal Arstein

Våge 11.00 Gudsteneste i Folkestad kapell11.45 Barnetog frå Folkestad kapell til grendahuset12.30 Program i grendahuset. Tale for dagen: Frida Melvær. Kulturinnslag.14.00 Matservering i skulen15.00 Konkurransar og leikar16:45 Premieutdeling og avslutningLeiar i nemnda: Annbjørg EikenesBåde 16. og 17. mai kl 19.00 i grendahuset. Skodespelet «Kona eller livet» - ein satire i to akter. 17. mai Dans med musikk av «Gamle Roma»

Guddal 1045 Oppmøte ved Guddal skule og barnehage1100 Tog frå skulen til Skaret og tilbake. Vadheim mu-

sikklag spelar1145 Sal av mat 1300 Gudsteneste i Guddal kyrkje. Familiekoret deltek.1400 Leikar og konkurransar, sal av mat1530 Premieutdeling og avslutting Leiar i nemnda: Åse Karin Hestad Yndestad20.00 Underhalding i ungdomshuset. Jan A. Haugen spelar til dans. Guddal ungdomslag v/ Sverre Benjamin Gallefoss

17. MAI I FjALER 2014

TOGRUTER 17. MAI Dale musikkorps spelar slik:Dale kl 08.00 frå Hatledalen til frukost på AllmuenHellevik kl 10.30 frå skulen til butikken og tilbakeFlekke kl 12.00 frå skulen til ungdomshuset Dale kl 13.00 frå sentrum til FjalerhallenVadheim musikklag spelar i toget på Guddal kl 11.00 frå skulen til Ska­ret og tilbake. UWC deltek med internasjonal flaggborg og med pro­graminnslag i Flekke og Dale

Hurra for grunnlova og 17. mai! Årets største folkedugnad!

Dale musikkorps på morgonspeling 17. mai 2013. Foto: Margrete Reisæter.

Page 18: Brua nr 1 2014

18 BRUA Nr. 1/2014

Klipp frå vedtak i fylkestinget 10.12.13 sak 55/13« I 2013 har 14 kommunar tilbod om serviceskyss, der kvar kommune har utarbeidd tilbod til det beste for sin kommune. Det er ynskje om å utvide tilbodet for fleire kommunar. Det er sett av 3,5 mill til Serviceskyss for 2014. Tilbodet vert vidareført om lag på same nivå som i 2013»

Samferdselsavdelinga arbeider no med å evaluere dagens ruter og det er opna opp for at 2-3 nye kommunar (det

er 12 som ikkje har serviceskyss) kan få tildelt nye midlar. Dette vert avslut-ta til møtet i fylkesutvalet 27.05.14. Dei som allereie har serviceskyss, får ikkje tildelt meir.

Fjaler har fått tildelt midlar kvart år sidan 2003. For 2013 var det kr 180 000,-. Etter avtale med fylkeskommu-nen er det TTS- Taxi Transport Service som betalar rekningane til drosjeeiga-rane, utarbeide statistikkar, tilbake-melding og informasjon til fylkekom-munen og den aktuelle kommune.

Rutene for Serviceskyss i Fjaler er for tida slik:

DALE: Kvar torsdag kl 09.45 frå Tømmebakke via Ormehaug og Løseth til Dale og lokalt i sentrum. Bestill innan kl 19.00 kvelden før. Dale Taxi tlf. 970 19 270.

FLEKKE: Kvar fredag kl 09.30 frå Straumsnes til Flekke, til Dale som regel den siste fredag i mnd. Påmelding kvelden før. Flekke Taxi tlf. 971 56 565.

GUDDAL: Kvar fredag kl 09.45 frå Heggheim til Flekke, til Dale den siste fredag i mnd. Påmelding kvelden før. Guddal Taxi tlf. 971 82 886.

VåGE: Kvar fredag kl 14.00 frå Folkestad til Grytøyra og kl 14.30 frå Folkestad til Korssund. Be-still innan torsdag kl 19.00. Dale Taxi tlf . 970 19 270. (Dale Taxi overtok ruta på Våge i 2014 etter Einar Folkestad og har stasjonert ein mann på Hellevik)

Skyss kr 30,- t/r. Retur vert avtalt med dei som følgjer drosja. Kontakt drosjene for utfyllande informasjon og skysstider på strekningane.

Seniorskyssen / Serviceskyssen(det heitte seniorskyss i starten frå 2003, men vart kalla serviceskyss frå 2008)

Godt vi har bussar og drosjer til å komme seg fram med! Harald Solheim køyrer for Dale Taxi.

FAKTAMidlar til denne ordninga kjem frå fylkeskommunen/ samferdselsavdelinga. Det er ei rute som går i mangel av offentleg transport og som skal gjere eldre og funksjonshemma meir sjølvhjelpne til å ta seg fram til butikken, offentlege kontor, frisør, kafè og aktivitet mm.

Samhandlingsreforma har fokus på førebyggjande helsearbeid og trygge lokalsamfunn, og serviceskyssen er eit viktig reiskap for å få dette til. Trygg og universell utforma transport som går heilt frå tunet heime, er avgjerande for at den delen av befolkninga som ikkje har anna transporttilbod. Dei vert i større grad i stand til å gjere ting sjølve. Dei handlar, kan gå på kommunale kontor, delta i foreiningsliv og dei vert sosiale, på lik line med resten av befolkninga.

Page 19: Brua nr 1 2014

19BRUA Nr. 1/2014

Tid for endring?Skal rutene i Fjaler endrast, er det opp til dei involverte å bestemme det, ba-sert på bruk og omfang. Det må gjerast innanfor den ramma som er tildelt og det må også tilpassast drosjene sine faste ruter.

• Skal ruta leggast om og t.d. gå til pensjonistmøtet ein gong i mnd?

• Skal prisen (kr 30,- t/r) aukast slik ein får meir totalt å rutte med?

For å diskutere dette, må representan-tar frå eldrerådet, pensjonistlaget og andre aktuelle lag og drosjene samlast .

Tunkafeèn ein sentral møteplass og ligg nær Fjalerhuset og butikkane i Dale. Foto: Margrete Reisæter

I samråd med Fjaler eldreråd vil Frivilligsentralen i Fjaler og folkehelsekoordinatoren invitere til samarbeidsmøte: Tysdag 27. mai kl 10.00 på Fjalerhuset, Dale. Det vil gå ut eige brev om dette.

LURER DU På DETTE?

Transportteneste for funksjonshemma (dør-til-dør transport) er eit til-bod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er til personar som ikkje, utan vesentlege vanskar, kan nytte vanlege transportmiddel. Du sø-kjer på eige søknadsskjema som du får på mottakskontoret på Helsetunet, inngong på nedsida. Tlf 57738126.

Følgjekort for funksjonshemma er for personar med fysisk/psykisk funksjonshemming/sjukdom som er avhengig av følgje til aktivitetar, ar-rangement og reiser. Det gjev høve til å ta med seg følgjepersonar til arrangement og på enkelte offentlege transportmiddel. Følgjekortet fun-gerer slik at den som har ei funksjonshemming slepp å betale billett/avgift for følgjepersonen. Søknadsskjema kan du få ved å vende deg til mottakskontoret på Helsetunet, eller til sørviskontoret på Fjalerhuset tlf. 57738000.

Sjå også www.fjaler.kommune.no / Tenester

Page 20: Brua nr 1 2014

20 BRUA Nr. 1/2014

Fjaler har fått påfyll på næringsfondet så om du har nær-ingsretta idear, prosjekt og utviklingsplanar så kan du søke støtte. Næringsfondet i Fjaler skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikle eksisterande verksemder i kommunen. Fondet kan også nyttast til infrastrukturtiltak og forprosjekt knytt til næringsutvikling. Fondet kan nyttast til fellestiltak, bedrif-ter og nyetablerarar.

Generelle tiltak som kan få stønad er:• Utgreiingar/planlegging i samband med

etablering av ny verksemd• Etablerartilskot/oppstartstilskot• Lokale opplæringstiltak for nyetablerarar,

bedriftsleiarar og tilsette.• Produktutvikling/næringsutvikling• Kommunale tiltak innan prioriterte

næringsområde/bransjar

• Pionerprosjekt/prøveprosjekt• Arrangementsstønad

Ein kan gje støtte til arrangement som har til hensikt å mar-knadsføre Fjaler kommune mot personar som kan tenkje seg å flytte til Fjaler, etablere verksemd i kommunen, eller investere i næringsutvikling i kommunen, utvikle nærings-livet i Fjaler til å gjere det meir konkurransedyktig, profi-lere fleire verksemder i kommunen på ein regional, nasjonal eller internasjonal marknad.

Treng du råd og rettleiing så ta kontakt med Fjaler Nær-ingsutvikling via epost, telefon eller på heimesida. Alle søknader til fondet skal no leverast elektronisk via www.regionalforvalting.no. Du finn vedtekter og lenke til søknadskjema på vår heimeside, www.fnu.no

SØKjAR TITTEL INNvILGAFossen Bryggeripub Oktoberfestival-Marknadføring av festival 20 000Lillian Samdal Utvikling- og investeringstiltak- marknadsføringstiltak av Lillian Sandal, musikar 40 000Lutelandet Offshore As Bedriftsutvikling-utvikling av kvalitetsstyringsystem 80 000HAFS Regionråd Rekrutteringstiltak - Gj.føring av rekrutteringsmesser. Regi Framtidsfylket og felles profil 7 400Hellevik Handel AS Bedriftsutvikling-etablering av ny nærbutikk på Hellevik 45 200Dale bok og Leikar AS Oppstart av Dale bok og leikar 82 880Norsk Kvernsteinsenter Prosjektstøtte - utvikle HAFS geologien som verdiskapar 75 000Fjaler og Hyllestad Bondelag Prosjekt-stogge nedgang i primærnæringa og søke å sabilisere eller auke denne 35 000Fjord Agentur AS Utviklings og etableringstilskot-vidareutvikl. av bedrifta og etabl. fleire agenturkontrakter 19 240Gulating Bryggeri Utviklings og etableringstilskot- etableringa av bryggeri 167 500Dale Utleigebygg Utviklingstilskot- utarbeide skisser og salsprospekt 80 000Kystvilt Investeringstilskot- utbetring av infrastruktur-straum og vatn 25 875Fjaler Næringsutvikling Prosjekt- auke overnattingskapasitet i Fjaler 72 500Preform Kompetanse og marknadsføringstiltak- sikre at kulturkompetansen vert verande i kommunen 25 000Teaterfestivalen i Fjaler Arrangement og nettverksbygging mot kulturnæring 25 000HAFS Regionråd Rekruttering og profilering-markeringsarrangement på youngstorget 7 400

Kommunalt næringsfond - Tilskot til utvikling

Fjaler Næringsutvikling held til i 2. høgda i lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane i Dale. Inngang mot busshaldeplassen. Vårt tlfnr: 57 73 76 76 E­post: [email protected]

Dagleg leiar i Fjaler Nærings­utvikling, Linda Hovland.

Page 21: Brua nr 1 2014

21BRUA Nr. 1/2014

Eit sentralt satsingsområde er istandsetting av våningshuset og plan-legging av ei gjesteforfattar-ordning knytt opp mot Jakob Sande –selskapet og aktivitetane i tunet.

Planen for våningshuset er i korte trekk å renovere og byggje huset om til møte- og studieplass med kontor for selskapet og til prosjekt-arbeid i 1. høgda og gjere 2. høgda om til diktarbustad Kostnads-ramma er sett til ca 1,9 mill. Midlane kjem frå Norsk kulturråd si ordning «Rom for Kunst» (800 000) og til fylkeskommunen si ord-ning «Lokale kulturbygg» (545 000). Det er sendt søknad til Spare-bankstiftinga Sogn og Fjordane og – Fjaler. I tillegg reknar ein med eigne midlar, dugnad og lån.

Det er sett ned ei byggjenemnd som er ansvarleg for istandsetting av våningshuset og ei residensnemnd som skal greie ut for ny drift og diktarbustad /stipend-ordninga. Arbeidet er i gang!

Slik er styret i selskapet for tida: Margrete Reisæter, Miriam Prestøy Lie, Kåre Dale, Ingeborg Opdøl Tysnes, Edvin Helgheim, Gunnstein Akselberg og Greta Hekneby. Vara: Ole Bjarne Amdahl, Knut David Hustveit og Tor Egil Furevikstrand.

Kva skjer i jakob Sande-tunet for tida?

Jakob Sande­tunet: I sommar vil sommarkafeen Lisa i Li vera open kvar søndag mellom 14.00 og 17.00 med gode kaker og nysteikte lappar. Krambua er også open med sal av T­skjorter, bøker, cd­ar og kort. Det er også mogelegheit for omvising. Her frå Lisa i Li 2013: Ota Garre Fivelsdal og Åsta Johanne Sætenes. Foto: Margrete Reisæter.

Mykje rart kjem fram ved restaurering!

Page 22: Brua nr 1 2014

22 BRUA Nr. 1/2014

Skulerute for skuleåret 2014/2015

Rådmannen har godkjent samordna skulerute frå fylkes-kommunen og kommunane i Sogn og Fjordane med unntak av at det vert elevfri dag den 17. november og at elevfri dag 15. mai går ut. Samarbeidsutvalet ved den enkelte skulen kan elles gjere mindre endringar dersom dei er tilpassa nasjonale prøver og og ikkje fører til ekstra skyssutgifter.

Skulerute for grunnskuleelevane i Fjaler 2014-2015:

August: Første skuledag, måndag 18. Oktober: Haustferie, måndag 6. til fredag 10. (v 41)November: Elevfri dag, måndag 17.Desember: Siste skuledag før jul, fredag 19.januar: Første skuledag, måndag 5.Februar: vinterferie, 16. – 20. (v 8)Mars: Siste skuledag før påske, fredag 27.April: Første skuledag etter påske, tysdag 7.

1. til 3. trinn på Guddal skuleFramme f.v: Ane Mandelid Sandøy,Tuva Gallefoss, Malene Boge, Thea Heggheim Møller.

2.rekke f.v: Signe Kråkenes Langeland, Ida Heggeim Møller, Andrine Yndestad Engen.

Bak f.v: Zuzanna Kucia, Håvard Ødemark, Nandor Yndestad Engen, Tarjei Guddal, Brage Yndestad

EU sitt nye program for utdanning, ungdom og idrett er verdas største i sitt slag. Fredag 23. mai skal Erasmus+ lanserast i Operahuset i Oslo. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og barne-, likestillings- og inkluderingsminis-ter Solveig Horne vil opne konferansen.

For første gang samlast EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettssatsningar i eitt integrert program.

• Korleis kan Erasmus+ styrke kvaliteten i norsk opplæring og utdanning, idrett, kultur og frivillig sektor?

• Kva forventningar har profesjonsgrupper og politikarar til Erasmus+?

• Korleis kan ulike sektorar samarbeide gjennom Erasmus+?

I Fjaler har vi arbeidd med internasjonal utveksling og volontørteneste i mange år. Med det nye Erasmus+ som vi

er ein del av allereie, vil programmet for volontørteneste halde stand. Utover det å reise ut eller komme her som volontør og delta i lokalsamfunnet (alder 17–30 år), minner vi også om andre delar av programmet som ein kan bruke og søkje støtte frå: Gruppeutveksling (13–30 år) , opplæring for ungdomsarbeider og leiarar, ungdomsinitiativ (13–30 år), ungdomspolitiske møte (13–30 år), strategiske partnar-skap og kompetansestyrke i resten av verda.

Programmet omfattar 32 land, det er 28 EU-land i tillegg til Island, Liechtenstein, Norge og Tyrkia. Det er også sam-arbeid med 22 land i naboregionar i Aust-Europa og Kauka-sus, Søraust-Europa og Middelhavslanda.

Ta kontakt med Frivilligsentralen og få meir informasjon. Sjå også www.aktivungdom.eu

Erasmus+

Page 23: Brua nr 1 2014

23BRUA Nr. 1/2014

Som sikkert mange har fått med seg så fekk Teaterfestivalen 800 000 i støtte frå Kulturrådet til dette årets og neste års festival. Teaterfestivalen vart ar-rangert for første gong i fjor, og vart ein stor suksess.

– Vi har allereie programmert fes-tivalen for i år, og har berre venta på klarsignal om midlane frå Kulturrådet.

Det ville vore ei stor utfordring å få til årets festival utan dette, seier Prestøy Lie, som legg til at dei med løyvingar over to år får ein mykje enklare jobb opp mot festivalen i 2015.

Dei får både nasjonale og interna-sjonale namn til årets festival. Dei en-drar litt på oppskrifta frå i fjor, men dei vil ikkje avsløre for mykje enda.

Det vi kjem til å vidareføre, er mel-lom anna den «heimekoselege» tråden gjennom arrangementet. Men eg kan røpe at vi mellom anna skal ha ein del som skjer utandørs. Programmet vert offentleggjort i mai/juni og det vert også etablert ei eige nettside: www. Teaterfestivalenifjaler.no

– Som i fjor, vert det også faglege innslag på festivalen, og temaet for i år er skog. Det kjem til å skje ting både i og om skogen. I fjor hadde vi matjord som tema for det faglege, men i år vert det skog, og vi har mel-lom anna invitert landets fremste folk innan skogvern og skogforvaltning, avsluttar Prestøy Lie.

Dale ungomslag har igjen fått til ei storsatsing saman med regissør Torkil Sandsund og mange gode krefter innan lyd, lys, scenografi og kostyme. Ungdomshuset Trudvang var forvandla til ei fantasiverd med utruleg flotte kuliss ar og ein vart sett i stemning før teaterstykket var i gang. Forven-tingane var store og det var spennande om dei unge sko-despelarane klarte å innfri. Ein fullsett sal med publikum i alle aldrar var klar for å la seg underhalde. Det vart ei stor oppleving!

Mange born i Fjaler gler seg no til å verte gamle nok til å vera med i ungdomsteateret. Dette er eit stort løft for Dale ungdomslag – men det viser at det er mogeleg når alle kref-ter slår seg i lag. Vi er spente på den vidare utviklinga av teatermiljøet i Dalsfjorden etter kvart som desse ungdom-mane veks opp.

Bilde øverst: Orvar manar til kamp.T.v.: Tengil på scena. Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes.

Frå opninga i 2013. Foto: Anniken Mohr.

Teaterfestivalen i Fjaler 25.-28. september 2014

Magisk ungdoms -teater i Dale

Page 24: Brua nr 1 2014

POSTREKLAME - INFORMASjON TIL PORTO

Returadresse: Fjaler kommune, pb 54, 6961 Dale i Sunnfjord

FjALER LEGEKONTOR ........................................... 57 73 81 80ØyEBLIKKELEG LEGEHjELP ................................... 57 73 81 90SyS INTERKOMMUNALE LEGEvAKT ........................ 57 73 81 90

ALARMTELEFON FOR BARN OG UNGE ......................... 116 111Blir du utsett for vald og overgrep? Eller rusar dei vaksne seg? Du kan ringe gratis og vi hjelper deg. Ring òg dersom du trur nokon har det slik

OvERGREPSMOTTAKET FOR SOGN OG FjORDANE Førde sentralsjukehus ....................................... 57 83 90 00

SMISO .................................................................. 800 57 000Støttesenter for incest og seksuelle overgrep KRISESENTERET ................................................... 57 74 36 00Døgnvakt. Opplever du fysisk eller psykisk mishandling frå ekte-felle, kjæraste, partnar, born, foreldre eller andre som du har nær relasjon til? Krisesenteret kan hjelpe deg. www.krisesenteret.sf.no

RUSETTERvERNET I SOGN OG FjORDANEwww.rusettervernet.no Fylkessekretær tlf. 948 34 493 Styreleiar ..... tlf. 415 07 533Redningsvesten etterverngruppe ...................tlf. 975 89 795Redningsplanken pårørande gruppe ...............tlf. 906 92 667

SØRvISKONTORET, FjALER KOMMUNE .................. 57 73 80 00Ope 08.00 – 15.00 frå 15. mai – 14. september

TEKNISK vAKT, FjALER KOMMUNE, døgnvakt ......... 95 18 35 15

SKATT vEST Ope 09.00–15.00 ............................... 800 80 000

NAv Fjaler, Ope 09.00–15.00 .............................. 55 55 33 33Europeisk helsetrygdekort kan bestillast på www.helfo.no

www.folkehelseavdelinga.no

KvA SKjER?På nettsida til Fjaler kommune finn du ein oversiktleg kulturkalender der mykje vert henta frå origosona for Fjaler.

Legg inn arrangement sjølv på origo, då har du styringa om noko skal endrast og det rette kjem i Firda. Ta kontakt med Frivilligsentralen om du treng hjelp!

Eg er ein amerikansk fotograf som er busett i Dale. Eg har dei siste åra fotografert byg-ginga av Dalsfjordsambandet. Det viktigaste for meg som fotograf, var å få fram «ansik-ta», menneska som kom frå alle verdshjørner for å bygge ei bru som skal knyte saman fleire bygder.

Salsutstillinga er framleis open og held til i 2. et. i Dale Senter. Opningstida er den same som for senteret.

Planen vidare er å gje ut ei fotokunstbok «Dei som byggjer bruer» - portrett av arbei-darane på Dalsfjordsambandet, med tekst av Rolf Losnegård. Boka kjem for sal jula 2015, og vert given ut på Skald forlag.

DAvID ZADIG

Brubyggjarar

VIKTIGE TELEFONNUMMER: