22
ÅRSMELDING 2012

Enivest årsmelding 2012

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Om verksemda, organisasjonen, års- og rekneskapsrapportar.

Citation preview

Page 1: Enivest årsmelding 2012

ÅRSMELDING 2012

Page 2: Enivest årsmelding 2012

2 3 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Året som har gått 3

Om verksemda 6

Organisasjonskart 7

Styret si melding for 2012 9

Årsrekneskap 10

Resultatrekneskap 13

Balanse 14

Rekneskapsprinsipp 16

Notar 17

Revisjonsberetning 20

I N N H A L D

«Bak denne utviklinga står det ein organisasjon som vi har utvikla gjennom mange år. Utbygging og utvikling av teknologi, samt god

kompetanse og innovasjon gir godt arbeidsmiljø, noko som igjen skaper kraft og gjennomføringsevne til å nå dei måla vi set oss.»

Tema for bilde i årsmelding for 2012 er teknologi, menneske og natur. Bilde av teknologi:Innovasjon, utvikling, implementering og fornying av teknologi er viktige element i utbygging av breiband i Sogn og Fjordane. Summen av all vår teknologi gjev oss høve til å utvikle og legge til rette for nye tenester i neste generasjon aksess. Bilde av menneska i og rundt selskapet:Tilsette og den kompetansen dei representerer er ein føresetnad for å etablere og drifte ein infrastruktur, skape gode produkt og levere med høg servicegrad. Kvalifiserte og dyktige medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø er eit av våre største føremon for å nå dei måla vi set oss. Bilete av natur:Naturopplevingane er rett utanfor døra di, det sameer gode breibandstilbod frå Enivest. For Enivest er naturen og naturkreftene både ein medspelar og ein motspelar.Når vi prosjekterer, byggjer og driftar våre installasjonar ogbreibandsløysingar, får vi oppleve det vårt fantastiske fylke harå by på av naturopplevingar. Grafisk framstilling:Rein Design Framsidefoto:Enivest på sørvisoppdrag i Sogn. Bilete er frå Gaularfjellet. Foto på siste side:Fibersnor – ein viktig del av Enivest si totale verdikjede fram mot kunde.

Page 3: Enivest årsmelding 2012

2 3 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

I 2007 brukte vi børs og katedral som om-grep i årsmeldinga. Dette festa seg som ei illustrering av utfordringane som selskapet sto framfør i fyrste fase. Ein skulle etablere og bygge selskapet ut frå sunne bedriftsø-konomiske prinsipp. I andre enden var det forventningar og håp om ei sårt etterlengta satsing, for å legge til rette for framtidsretta infrastruktur i eit krevjande område å bygge ut i. Begge desse elementa skulle balanse-re, sagt med andre ord, lukkast vi med dette fekk vi både børs og katedral.

Fasiten for 2012 fortel om sterk vekst og godt resultat, samstundes som ein har fått bygt ut meir fiber til private og næring enn nokon gong. På ny er ein inne i ein god vekstfase med viktig tilrettelegging for nye tenester gjennom utvikling av ein neste generasjon infrastruktur. Ein infrastruktur som er særs viktig for regionen si konkur-ransekraft.

Enivest har betydd mykje når det gjeld utbygging av breiband i Sogn og Fjordane. Vi har bygt ut DSL teknologi til 36 000 hus-standar og bedrifter. Vi har bygt ut fiber til over 7000 husstandar. I tillegg har selskapet bygt ut til om lag 3000 husstandar, som kan knytte seg til breiband via radiolink. I alt gjer dette at ein nokon stader har parallell dekning på teknologiar. Der dette skjer, ser vi at fiber tek ein stadig sterkare posisjon. Fiberutbygginga som har vore i fokus frå 2009 til 2012, er ei kapitalintensiv satsing som har langsiktig karakter. Her blir mykje av grunnlaget for Sogn og Fjordane si digitale framtid lagt. På nytt er det børs og katedral.

Det bør vere god logikk at vi som nasjon, med basis i vår høgkostnadsstruktur, bør sitje i førarsetet når det gjeld å definere

Stolt over historisk vekst og resultat

Året som har gått

Foto

: Dag

run

Reiak

vam

Page 4: Enivest årsmelding 2012

4 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012

Mvh

Nandor Helgheim Dagleg leiar

framtidas målsettingar for denne typen infrastruktur. Fram til no har det dessverre ikkje vore tilfelle. Norge sine mål er blant dei lågaste i Europa og land vi elles kan samanlikne oss med i den vestlege verda. Rapport etter rapport, fyrst og fremst internasjonale, konkluderer med behov for eit moderne og framtidsretta telekommunika-sjonsnett. Rapportane syner at ein kan oppnå ein vekst i BNP ved auka breibands-kapasitet. Det er spennande å sjå korleis dette blir følgt opp framover. Det er ein stor etterspurnad som skal dekkjast. Ein del område er ikkje mogleg å bygge ut på kommersiell basis. Konsekvensane for enkeltpersonar eller verksemder som fell utanfor dekningsområde er store. Vi får ringverknad for samfun-net i form av vekst i motsetning til fråflytting. Enivest vil arbeide for nye modellar/spleiselag og ikkje minst halde kostnadsnivået så lågt som mogleg.

Tilbake til året vi har lagt bak oss. Gledeleg er det at vi i 2012 har landa den største kontrakten i Enivest si historie. Dette er ein langsiktig kontrakt med verdi på 40 millionar med høve til utvidingar. I tillegg har vi inngått andre infrastrukturavtaler for å sikre varige rammevil-kår på fiber. Vidare har Enivest fornya samarbeidet med GET, eit samarbeid som så lagt har vore med å etablere eit tidsriktig TV og tenestetilbod til kundane våre. Sam-arbeidet vil i framtida forsetje å levere gode tenester til konkurransedyktige vilkår og prisar. Historisk høg vekst, over 20 prosent målt i omsetning og mange nye kundar, ja, det er vi stolte over å presentere. I sum gjer dette at vi har lagt bak oss eit viktig år i 2012. Bak denne utviklinga står det ein organisasjon som vi har utvikla gjennom mange år. Utbygging og utvikling av teknologi, samt god kompetanse og innovasjon gir godt arbeidsmiljø, noko som igjen skaper kraft og gjennomføringsevne til å nå dei måla vi set oss.

Det å skulle fortelje om 2012 utan å trekke inn dei siste dagane i 2011, er ikkje så naturleg. Dagmar sine

herjingar i området har sett merke på ulike måtar. Et-terdønningane påverka oss langt inn i 2012. Dei sterke naturkreftene råka kraftig nordvestlandet og trefte også våre operasjonar og anlegg. Både for Enivest, vår bransje og mange andre verksemder og industriar, så vel som styresmakter og privatpersonar var dette ein prøvelse. Ein prøvelse ein må hente mest mogleg læring ut frå. Vi har gjort våre erfaringar og læring. Berre gjennom læring og betre førebuing, kan ein vere betre budd neste gong.

Når dette blir skrive, er vi allereie komne godt inn 2013 og arbeider med andre forhold som opptek oss. Vi vil for-setje å vidareutvikle det vi har hatt fokus på i dei siste åra og vil arbeide for å legge til rette for ny vekst og utvik-ling, både for samfunn, kundar, verksemd og eigarar. Då leverer vi som vi lovar; etter våre verdiar i selskapet som er nær, innovativ og sterk. Enivest som organisasjon skal arbeide hardt for å levere prestasjonar som igjen gene-rerer verdiar i form av viktige kompetansearbeidsplassar, oppdrag til næringslivet rundt oss, skattar og avgifter til fellesskapet og ikkje minst verdi tilbake til eigarar som har investert og lagt grunnlag for utviklinga av selskapet.

Vi håper alle rundt oss opplever oss, slik som vi arbeider dagleg for å stå fram. Nærleik til kunde, gode stabile tenester til eit konkurransedyktig kostnadsnivå, høgt servicenivå forankra i lokalmiljøet. Til glede og nytte.

Difor er vi til stades - for alle i samfunnet i Sogn og Fjor-dane. Litt naturstridig, men det er mogleg.

Page 5: Enivest årsmelding 2012

Delar av Førde by - På Øyrane ligg Energihuset og Enivest med eit mangfoldig kompetansemiljø.

Page 6: Enivest årsmelding 2012

6 7 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Om verksemda

Verksemda sitt fulle namn: ENIVEST ASFøretaksnummer: 982 503 620 MVAHovudkontor: Firdavegen 5, 6800 FørdeAvdeling Sandane: Strandtun i Bukta, 6821 Sandane

Selskapsinformasjon

Enivest sitt styre er samansett av:

Fast medlem: Vara: Fredrik Behrens (styreleiar) Svein O. Lien (møter fast) Bjarne Skaar Helge Robert Midtbø Torild Skogsholm Martin HolvikIngvild Ragna Myhre Kevin Barry Shanks (tilsettrepresentant) Asgeir Aase Torbjørn Os (tilsettrepresentant)

Aksjonær Tal aksjar Eigarandel Stemmeandel

Sunnfjord Energi AS 9.341 50,9 % 50,9 %Sogn og Fjordane Energi AS 7.114 38,7 % 38,7 %BKK Marked AS 661 3,6 % 3,6 %N Helgheim AS 618 3,4 % 3,4 % Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 %Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 %Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 %Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 %Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 %Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %

Totalt antal aksjar 18.359 100 % 100 %

Eigarskap

Samla TV-produkt - Enivest har fornya samarbeidet med Get.

Page 7: Enivest årsmelding 2012

6 7 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Kontorstruktur

Hovudkontor Førde 33 tilsette Avdelingskontor Sandane 2 tilsette

Verksemda har eigarpartar i Sandane Næringshage og Bedriftsnettverket Sogn og Fjordane.

Organisasjon

Enivest har endra organiseringa av selskapet i 2011 og aktivitetane er delt inn i følgjane hovudområde:

• Sal BM blir leia av Ole Ingar Haaland og har ansvar for sal og oppfølging av bedriftskundar.• Sal PM blir leia av Margrete Lunde og har ansvar for sal og oppfølging av privatkundar, der i blant drift av leveranse- og kundeservice.

Avdelinga har òg ansvar for verksemda sine kunderetta aktivitetar innan sal og marknadsføring.• Nett og tenester blir leia av Arild Fleten og har ansvar for utbygging, leveranse og drift av verksemda sin infrastruktur.• Økonomi/stab blir leia av Gerry Eikeland og har ansvar for selskapets økonomi- og rekneskapsfunksjon, personal og andre stabsrelaterte

oppgåver.

Organisasjonskart Dagleg leiar

Nandor Helgheim

Sal PM

Margrete Lunde

Tal tilsette: 18

Sal BM

Ole Ingar Haaland

Tal tilsette: 3

Økonomi/stab

Gerry Eikeland

Tal tilsette: 3

Nett og tenester

Arild Fleten

Tal tilsette: 10

Alt i ein boks.

Page 8: Enivest årsmelding 2012

Kundesentermedarbeidar - Høgt servicenivå og nærleik til kunde er viktig.

Page 9: Enivest årsmelding 2012

9 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Styret si melding for 2012

Enivest gjennom det siste åretEnivest har i 2012 halde fram med den gode veksten frå tidlegare år, og har auka omsetnaden med ca. 21 % samanlikna med 2011. Også i 2012 skuldast mykje av veksten Enivest si bevisste satsing på utbyg-ging av fiber til heimen (FTH) samtidig som ein heile tida vidareutviklar tilbodet knytt til DSL (levering gjennom kopar), til dømes gjennom utbygging av fleire VDSL-sentralar.

Utbygging av fiber til heimen har sidan 2009 vore eit viktig satsings-område for Enivest. Ved utgangen av 2012 er det levert nesten 4500 fiberkundar, og utbygging av fiber til heimen er den viktigaste årsaka til omsetningsveksten til selskapet. I 2012 har vi levert om lag 1700 nye fiberkundar fordelt over nye og eksisterande felt. Nye felt har det vore i Førde, Florø, Stryn, Eid, Naustdal og Høyanger.

Utbygging av fiber er framleis ei viktig og riktig satsing i forhold til å gi innbyggarane i Sogn og Fjordane tilgang til høgare kapasitet på brei-band (minst 25/1 Mbit/s). Sogn og Fjordane er i dag det fylket som har lågast dekning av breiband med høgare kapasitet med ei dekning på 27 %. Samanlikna med Oslo som har ein dekning på over 98 %*, ligg fylket vårt langt under. Viktigaste årsak til dette er at det har vore lite

HFC nett (kabel TV) å digitalisere. Dette reduserer tempo i utbygginga og aukar behovet for investeringar.

Privatmarknaden knytt til andre teknologiar, såkalla DSL-teknologi (kopar og radio) syner ei utflating samanlikna med tidlegare år noko som dels skuldast at fleire skiftar frå DSL til fiber i takt med utbyg-ginga av FTH.

I bedriftsmarknaden har det vore god vekst i 2012. Ein overgang frå DSL-teknologi til fiber, samt stadig meir aukande fokus på varige og meir framtidsretta løysingar hjå bedriftene påverkar dette. Årsaka til dette er behov for større kapasitet, meir stabile linjer og stadig meir tenester for bedriftene i «skya». Dette er ein trend ein også forventar vil fortsette i 2013.

Drifta av nettet har i 2012 vore stabilt med lite feil eller driftsavbrot. Det har vore mindre hendingar på samband ut av fylket, men disse har ikkje gitt konsekvens for kundar i særleg grad.

*) Kjelde: Dekningsundersøkelsen 2012 / Nexia

2007 2008 2009 2010 2011 2012

50 000

60 000

70 000

80 000

90 000

Utvikling driftsinntekter

Tal i tusen kr 200920082007 2010 2011 2012

70 000

60 000

50 000

80 000

90 000

År

Page 10: Enivest årsmelding 2012

10 11 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

ÅrsrekneskapVerksemdaVerksemda sitt formål er, på forretningsmessig basis, å opprette og tilby framtidsretta kommunikasjonsnett og tenester knytt til denne typen nett, her medrekna deltaking i og kjøp/sal av andre verksemder med liknande formål. Verksemda kan også engasjere seg i andre for-retningsområde og verksemder når dette er eigna til å styrkje hovud-forretningsområdet, eller føre til meir rasjonell utnytting av verksemda sine ressursar.

DriftsinntekterSum driftsinntekter for 2012 er kr 85,3 millionar som er ein auke på kr 15,3 millionar eller 21,9 %, frå føregåande år. Auken er i all hovudsak knytt til den positive utviklinga i tal fiberkundar som og fører til fleire TV-kundar. Også bedriftsmarknaden syner ei auke, medan privatmark-naden knytt til DSL-teknologi ikkje uventa syner ein liten tilbakegang.

DriftskostnaderSum driftskostnader for 2012 er kr 76,5 millionar som er ein auke på kr 13,0 millionar eller 20,5 % frå føregåande år. Sett i høve til omset-ning held dei ulike kostnadskomponentane seg rimeleg stabile.

ResultatDriftsresultatet for 2012 er kr 8,8 millionar mot kr 6,5 millionar i 2011, noko som utgjer ein auke på 35,4 %. Årsresultatet etter skatt har auka frå kr 4,6 millionar i 2011 til kr 6,2 millionar i 2012.

BalanseBalansen syner igjen den gode aktiviteten i selskapet. Det er tatt opp nytt langsiktig lån i 2012 i samband med utbygging av eigne fiberan-legg i Høyanger. Delar av dette er gjennomført, medan det framleis er usikkert om siste del av dette blir utbygt. Verksemda sin balanse syner ved utgangen av 2012 ein eigenkapital på kr 42,3 millionar, noko som utgjer 53,3 % av totalkapitalen på kr 79,4 millionar. Tilsvarande tal for 2011 var ein eigenkapital på kr 36,1 millionar som utgjer 58,5 % av totalkapitalen på kr 61,7 millionar.

Likviditetsbehaldinga utgjer ved utgangen av 2012 kr 11,0 millionar mot kr 3,9 millionar i 2011. Auken har samanheng med at planlagde investeringar knytt til opptak av ny langsiktig gjeld ikkje er gjennom-ført.Varige driftsmidlar utgjer ved utgangen av 2012 kr 53,8 millionar mot kr 44,9 millionar i 2011. Langsiktig gjeld til kredittinstitusjonar utgjer ved utgangen av 2012 kr 15,7 millionar mot kr 7,6 millionar i 2011.

Verksenda si stilling og resultat av verksemdaUt over det som kjem fram av årsoppgjeret, kjenner ikkje styret til andre forhold vedkommande marknad og prisutvikling som er av interesse for å vurdere verksemda.

Framleis driftRekneskapen er oppgjort med føresetnad om framleis drift.

Disponering av årsoppgjeret.Verksemda sitt årsresultat etter skatt er på kr 6.180.858.Styret gjev overfor generalforsamlinga framlegg om at årsresultat vert disponert slik:

Avsett til utbytte: kr 0,-Overførast eigenkapital: kr 6.180.858,-Totalt disponert: kr 6.180.858,-

Helse, miljø, sikkerhet og klimaSjukefråværet i verksemda var i 2012 på 6,25 %, som er ein auke frå året før (5,84 %). Vi har ikkje registrert at noko av fråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Enivest har fokus på tilrettelegging av både arbeidsoppgåver og dei enkelte arbeidsstasjonane, slik at ein unngår sjukefråvær. Det blir arbeidt kontinuerleg med å få ned sjukefråværet i verksemda, både med tanke på proaktive tiltak og oppfølging av den enkelte.

Det har ikkje vore ulykker eller skadar forbunde med arbeid i verksemda som har ført til fråvær. Resultat frå medarbeidarsamtalar tyder på at tryggleik og trivsel har høgt fokus, og at det er eit godt arbeidsmiljø i verksemda.

På lik linje med tilsvarande verksemder tilfører ikkje Enivest miljøforu-reiningar eller utslepp i særleg grad. Selskapet har sidan 2011 vore medlem i RENAS, noko som ivaretek det lovpålagde ansvar selskapet har som importør av elektriske -og elektroniske produkt, til og sørgje for innsamling og miljøriktig behandling av kasserte produkt.

Selskapet har fokus på å ikkje forbruke meir energi enn naudsynt for å produsere tenester innan elektronisk kommunikasjon.Kommunikasjonsløysingar og internett som verktøy er i fleire tilfelle med på å redusere behovet for reiser for kundar som er medvitne på å unngå ytre forureiningar.

LikestillingAv Enivest sine 36 fast tilsette er det 23 menn og 13 kvinner.

Selskapet har fremma like mogelegheiter for menn og kvinner ved tilsetjingar. Selskapet er opptatt av mangfald og inkludering, og at ingen skal oppleve ulik handsaming og mangel på likestilling i det daglege arbeid.

FramtidsutsikterEnivest ser positivt på utsiktene i bransjen framover. Nye satsingsom-råde har utvikla seg positivt i perioden frå 2009 til 2012 samstundes som ein har klart å oppretthalde eit godt moment i eksisterande verksemd. Siste års resultat skaper av den grunn godt grunnlag for å satse vidare og tenkje offensivt i høve strategi og utviklingsarbeid.Det er grunn til å vere merksam på utfordringar knytt til digitalt klas-seskilje framover. Vi synest det er grunn til å minne om at myndighei-

Page 11: Enivest årsmelding 2012

10 11 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

tene har eit stort ansvar for at det blir iverksett tiltak for å unngå at ein i framtida aukar det digitale klasseskilje. Fiber til heimen (FTH) vil på kommersielt grunnlag ikkje nå ut til alle. Fiber vil vere med på å forsterke opplevinga av at det er eit digitalt klasseskilje i samfunnet. Myndigheitene bør leggje ein plan for korleis slike skilnader kan bli tona ned i åra som kjem.

Styret vil takke alle som har valt Enivest som samarbeidspartnar og leverandør.

Styret takkar også alle tilsette i verksemda som gjennom året har arbeidt godt og målretta for å oppnå den utvikling av verksemda som har funne stad. Enivest sin posisjon i høve selskap ein kan samanlikne seg med er blant dei alle beste i landet. Med tanke på Sogn og Fjor-dane sitt befolkningsgrunnlag og krevjande topografi er det ein sterk prestasjon som er verdt å leggje merke til.

Det er god og samla innsats som gjer at verksemda har lukkast med å skape framgang, auka aktivitet og positiv resultatutvikling.

Fredrik Behrens

Bjarne Skaar

Asgeig Aase

Svein Olav LienNandor HelgheimFoto: Dagrun Reiakvam

Torild Skogsholm

Ingvild Ragna Myhre

Torbjørn Os

Styret i Enivest for 2012, med dagleg leiar Nandor Helgheim og fast vararepresentant Svein Olav Lien.

Fredrik BehrensStyreleiar

Bjarne SkaarStyremedlem

Asgeir Aase Styremedlem

Førde, 11. mars 2013

Torbjørn OsStyremedlemtilsetterepr.

Ingvild Ragna Myhre Styremedlem

Torild SkogsholmStyremedlem

Nandor Helgheim Dagleg leiar

Page 12: Enivest årsmelding 2012

Synnøve Hillersøy Hestad / Tiril Hillersøy Hestad i flott natur på Hestad i Gaular kommune.

Page 13: Enivest årsmelding 2012

13 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Resultatrekneskap

Notar DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER 2012 2011

Salsinntekt 84 350 352 69 456 266

Annan driftsinntekt 947 625 516 675

Sum driftsinntekter 85 297 977 69 972 940

Varekostnad 29 939 012 24 618 067

1 Lønnskostnader m.m. 19 205 269 16 181 984

3 Ordinære avskrivingar 14 603 496 13 332 906

1 Andre driftskostnader 12 750 246 9 367 449

Sum driftskostnader 76 498 023 63 500 405

Driftsresultat 8 799 954 6 472 535

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER

Annan renteinntekt 253 728 245 049

Annan finansinntekt 48 309 0

Annan rentekostnad 483 481 369 217

Annan finanskostnad 13 216 0

Netto finansresultat -194 660 -124 167

Ordinært resultat før skattekostnad 8 605 295 6 348 368

4 Skattekostnad på ordinært resultat 2 424 437 1 784 167

ÅRSRESULTAT 6 180 858 4 564 201

OVERFØRINGAR

Avsett til anna eigenkapital 6 180 858 4 564 201

Sum overføringar 6 180 858 4 564 201

Page 14: Enivest årsmelding 2012

14 15 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Notar EIGEDELAR 2012 2011

ANLEGGSMIDLAR

4 Utsatt skattefordel 909 359 846 968

Sum immaterielle eigedelar 909 359 846 968

Varige driftsmidlar

3, 5 Maskiner og anlegg 51 909 188 43 080 192

3, 5 Driftslausøyre, inventar, edb m.m. 1 847 703 1 833 300

Sum varige driftsmidlar 53 756 890 44 913 493

Investeringar i aksjar og andelar 15 000 15 000

Sum finansielle anleggsmidlar 15 000 15 000

Sum anleggsmidlar 54 681 249 45 775 460

OMLØPSMIDLAR

Varer 3 437 513 3 004 313

Fordringar

5 Kundefordringar 8 413 166 6 701 284

Andre fordringar 1 912 654 2 342 179

Sum fordringar 10 325 821 9 043 463

7 Bankinnskot 10 965 074 3 904 523

Sum omløpsmidlar 24 728 408 15 952 299

Sum eigedelar 79 409 657 61 727 759

Balanse

Page 15: Enivest årsmelding 2012

14 15 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Notar EIGENKAPITAL OG GJELD 2012 2011

EIGENkAPITAL

Innskoten eigenkapital

2 Aksjekapital 18 359 000 18 359 000

Sum innskoten eigenkapital 18 359 000 18 359 000

Opptent eigenkapital

Annan eigenkapital 23 953 985 17 773 128

Sum opptent eigenkapital 23 953 985 17 773 128

6 Sum eigenkapital 42 312 985 36 132 128

GjELD

Annan langsiktig gjeld

5 Gjeld til kredittinstitusjonar 15 718 996 7 604 391

Øvrig langsiktig gjeld 874 002 1 584 468

Sum anna langsiktig gjeld 16 592 998 9 188 859

kortsiktig gjeld

Leverandørgjeld 6 990 410 6 867 476

4 Betalbar skatt 2 486 828 2 190 718

Skuldige offentlege avgifter 1 345 524 1 103 521

Annan kortsiktig gjeld 9 680 912 6 245 058

Sum kortsiktig gjeld 20 503 674 16 406 773

Sum gjeld 37 096 672 25 595 632

Sum eigenkapital og gjeld 79 409 657 61 727 759

Fredrik BehrensStyreleiar

Bjarne SkaarStyremedlem

Asgeir Aase Styremedlem

Førde, 11. mars 2013

Torbjørn OsStyremedlemtilsetterepr.

Ingvild Ragna Myhre Styremedlem

Torild SkogsholmStyremedlem

Nandor Helgheim Dagleg leiar

Page 16: Enivest årsmelding 2012

16 17 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 // 16 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012

Rekneskapsprinsipp

RekneskapsprinsippÅrsreknskapen er satt opp i samsvar med reknskapsloven av 1998 og god reknskapsskikk for små føretak i Norge.

Generelle inntekts- og kostnadsføringsprinsippInntekt resultatførast når den er opptent, normalt på leveringstids-punktet ved sal av varer og tenester. Driftsinntekter er trekt frå meir-verdiavgift, rabattar og bonusar. Forskotsbetalte abonnement, som på betalingstidspunktet gjeld for ein periode på meir enn 12 månader fram i tid, blir balanseført som anna langsiktig gjeld, og inntektsført etter kvart som tenestene blir leverte.

Utgifter blir samanstilt med og kostnadsførast samtidig med dei inntekter utgiftene kan vise til. Utgifter som ikkje kan vise direkte til inntekter blir kostnadsført når dei påløper. Mottatt driftstilskot blir bokført som reduksjon av dei driftsutgifter tilskotet er meint å dekke. Unytta driftstilskot blir bokført som anna kortsiktig gjeld.

Hovudregel for vurdering og klassifisering av eigedelar og gjeldEigedelar bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert som anleggs-midlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. Fordringar som skal tilbakebetalast innan eitt år er klassifisert som omløpsmid-lar. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er tilsvarande kriterier lagt til grunn.

Anleggsmidlar vurderast til anskaffelsekost, men blir skrivne ned til verkeleg verdi når verdifallet ikkje forventast å vere forbigåande. An-leggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid avskrivast planmessig. Mottatt anleggsbidrag samanstillast med dei investeringar bidraget er gitt for å redusere årets tilgang. Unytta anleggsbidrag blir bokført som anna langsiktig gjeld.

Omløpsmidlar vurderast til lågaste av nyskaffingskost og verkeleg verdi.

VarerVarer er vurdert til anskaffelseskost og består i hovudsak av varer som ikkje er rekna for vidaresal.

Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er oppført til pålydande etter frå-drag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap gjerast på grunnlag av ei generell vurdering av heile kundemassen.

Bankinnskot, kontantar og liknandeBankinnskot, kontantar o.l. inkluderer kontantar, bankinnskot og andre betalingsmidlar med forfallsdato som er kortare enn tre månader frå nyskaffing.

PensjonarInnskotsplanar periodiserast etter samanstillingsprinsippet. Årets innskot til pensjonsordninga kostnadsførast. Deltaking i AFP-ordning vert rekneskapsført som ein innskotsbasert avtale.

Skattar Skattekostnaden blir stilt saman med reknskapsmessig resultat før skatt. Skatt knytt til eigenkapitaltransaksjoner, for eksempel konsern-bidrag, blir ført mot eigenkapitalen.

Skattekostnaden består av betalbar skatt (skatt på årets direkte skattepliktige inntekt) og endring i netto utsatt skatt. Skattekostnaden fordelast på ordinært resultat og verknad av prinsippendring og kor-rigering av feil i samsvar med skattegrunnlaget. Utsatt skatt og utsatt skattefordel er presentert netto i balansen.

Get filmleige - Dei beste filmane rett frå fjernkontrollen.

Page 17: Enivest årsmelding 2012

16 17 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Notar

NOTE 1 – LØNNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERSLER, LÅN TIL TILSETTE MM.

Lønnskostnad 2012 2011Lønn 17 122 783 15 541 022Folketrygdavgift 1 982 884 1 668 107Pensjonskostnader 606 057 302 777Andre ytingar 1 369 745 420 167Sum 21 081 469 17 932 073- Aktiverte eigne investeringsarbeid 1 876 200 1 750 090Netto lønnskostnader 19 205 269 16 181 984 Tal sysselsette årsverk 38 36

Føretaket er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon,og har pensjonsordning som tilfredsstiller krava i denne lova.

Selskapet er deltaker i den nye AFP-ordninga. Det er ikkje foretatt avsetning i balansen, men dei årlege premieinnbetalingane blir innrekna i rekneskapen som ei innskotsordning. Ordninga inneber at tilsette kan slutte med AFP ved fylte 62 år. Dagleg leiar Styret

Ytingar til leiande personar 2012 2011 2012 2011Lønn 965 263 871 991 533 350* 51 500Pensjonskostnader 40 236 32 038 0 0Annan godtgjersle 121 574 112 834 0 0Sum 1 127 073 1 016 863 533 350 51 500* Omfattar og honorar for 2011, utbetalt i 2012

Ytingar til revisor Deloitte AS 2012 2011Revisjon 83 500 105 000Revisjonsrelaterte tenester:– Annan rekneskapsbistand 0 0– Andre revisjonsrelaterte tenester 0 0Sum 83 500 105 000

NOTE 2 – AKSJEKAPITAL OG AKSJONæRINFORMASJON

Aksjekapitalen Antal Pålydande BokførtA-aksjar 18 359 1 000 18 359 000Sum 18 359 18 359 000

Aksjonærane Antal aksjar Eigarandel StemmeandelSunnfjord Energi AS 9 341 50,9 % 50,9 % Sogn og Fjordane Energi AS 7 114 38,7 % 38,7 % BKK Bredbånd AS 661 3,6 % 3,6 %N Helgheim AS 618 3,4 % 3,4 % Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 % Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 % Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 % Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 % Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 % Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %Totalt aksjar 18 359 100 % 100 %

Aksjar eigd av styret og dagleg leiar A-aksjar Eigarandel StemmeandelStyret 0 0,0 % 0,0 %Dagleg leiar* 618 3,4 % 3,4 %* Gjennom 100 % eigarskap i N Helgheim AS.

Page 18: Enivest årsmelding 2012

18 19 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

NOTE 3 – VARIGE DRIFTSMIDLAR Maskiner Anlegg og anlegg Driftslausøyre i arbeid SumAnskaffelseskost 01.01. 102 619 462 8 704 823 125 000 111 449 285Tilgang kjøpte driftsmidlar 22 461 591 1 110 302 -125 000 23 446 893Anskaffelseskost 31.12. 125 081 053 9 815 125 0 134 896 178– herav er årets tilgang redusert med anleggsbidrag 0 0 0 0 Akkumulerte avskrivningar 01.01. 59 539 269 6 996 524 0 66 535 793Årets avskrivningar 13 632 596 970 900 0 14 603 496Akkumulerte avskrivningar 31.12 73 171 865 7 967 424 0 81 139 289 Bokført verdi pr. 31.12. 51 909 188 1 847 703 0 53 756 890 Økonomisk levetid 3 - 20 år 3 - 10 år ingen avskrivingAvskrivningsplan Lineær Lineær

NOTE 4 – SKATTEKOSTNAD OG UTSETT SKATTEFORDEL/-FORPLIKTINGAR

Årets skattekostnad framkjem slik: 2012 2011Betalbar skatt 2 486 828 2 190 718Korreksjon skatt tidlegare år 0 0Endring i utsett skatt -62 391 -406 551 Årets skattekostnad 2 424 437 1 784 167 Spesifikasjon av skatteeffekten av midlertidige skilnader Driftsmidlar -641 678 -549 607Fordringar -267 680 -297 360Netto utsett skattefordel/-forpliktingar -909 359 -846 968Ikkje balanseført utsett skattefordel Netto utsett skattefordel/-forpliktingar i balansen -909 359 -846 968

Hildur Hillersøy, Teamleiar kundeservice / Kåre Åmot, Kundemedarbeidar leveranse.

Page 19: Enivest årsmelding 2012

18 19 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

NOTE 5 – LANGSIKTIG GJELD, PANTESTILLINGAR OG GARANTIAR M.V.

Spesifikasjon av anna langsiktig gjeld: 2012 2011Forskotsbetalte abonnement, breibandskundar 0 0Ubenytta anleggsbidrag og driftstilskot 874 002 1 584 468Sum 874 002 1 584 468

Gjeld som forfell meir enn fem år etter rekneskapsårets slutt: Gjeld til kredittinstitusjonar 5 318 956 0Sum anna langsiktig gjeld 5 318 956 0

Bokført gjeld som er sikra ved pant o.l.: Gjeld til kredittinstitusjonar 15 718 996 7 604 391Sum 15 718 996 7 604 391

Bokført verdi av eigedelar stilt som sikkerheit for gjeld: Maskiner og anlegg 51 909 188 43 080 192Driftslausøyre 1 847 703 1 708 300Anlegg i arbeid 0 125 000Kundefordringar 8 413 166 6 701 284Sum 62 170 057 51 614 776

NOTE 6 – EIGENKAPITAL Aksje- Annan kapital eigenkapital SumEigenkapital 31.12.11 18 359 000 17 773 128 36 132 128

Årets endring i eigenkapital:Avsett utbytte 0 0 0Årets resultat 0 6 180 858 6 180 858Eigenkapital 31.12 18 359 000 23 953 985 42 312 985

NOTE 7 - BANKINNSKOT

Bankinnskot, kontantar o.l. omfattar bundne skattetrekksmidlar med kr 748 480.

Ole Marius Nes, Senior kundemedarbeidar Nett og tenester / Roger Saugestad, Driftsleiar Nett og tenester.

Page 20: Enivest årsmelding 2012

20 21 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Revisjonsmelding

Page 21: Enivest årsmelding 2012

20 21 // ENIVEST ÅRSMELDING 2012 ENIVEST ÅRSMELDING 2012 //

Page 22: Enivest årsmelding 2012

«For oss i Enivest handlar breiband om:Nyskaping, betra konkurransekraft,desentralisert offentleg forvaltning

og eit effektivt næringsliv.

Enivest vil halde fram med å vere ein pådrivar for breibandsutbygginga

og framtidig digital infrastruktur iSogn og Fjordane – også i morgon!»