12
Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule Bibliotekar Eli Kjos-Wenjum viser fram brev ho har fått frå elevar ved Kaupanger skule. Foto: Sogndal bibliotek Sogn og Fjordane fylkesbibliotek: I dette prosjektet har barnebibliotekaren samarbeidd tett med lærar og fylgt ein klasse i to år. Biblioteket ynskte å utvikle dei faste bokpresentasjonane sine gjennom betre førebuing og oppfølging. Førebuing – gjennom å få betre kjennskap til elevane det skulle formidlast til. Oppfølging – gjennom å sikre respons/tilbakemelding. Både for biblioteket og skulen var det eit sterkt ynskje om å utvikle samarbeidet gjennom fleire besøk og tettare kontakt, då lang avstand til biblioteket kunne vere ei utfordring. Med hjelp frå biblioteket hadde skulen som mål å etablere ein endå sterkare kultur for lesing i klasserommet. Gjennom brevveksling med elevane kunne bibliotekaren finne ut meir om lesaren og om kva som kunne motivere han eller ho og på den måten finne ei bok som passa til eleven. Tilbakemeldingar på bokvalet, gjorde det enklare for bibliotekaren å finne liknande bøker. I tillegg til brev har tett dialog med lærar vore viktig for å finne bøker som også var tilpassa lesenivået til den enkelte. Breva har òg vore utgangspunkt for bokpraten bibliotekaren har hatt i biblioteket eller i klasserommet. Refleksjon og evaluering av bokval og eiga formidling har vore med på å utvikle bibliotekarens formidlingspraksis.

Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og

Kaupanger skule

Bibliotekar Eli Kjos-Wenjum viser fram brev ho har fått frå elevar ved Kaupanger skule. Foto: Sogndal bibliotek

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek:

I dette prosjektet har barnebibliotekaren samarbeidd tett med lærar og fylgt ein klasse i to

år. Biblioteket ynskte å utvikle dei faste bokpresentasjonane sine gjennom betre førebuing

og oppfølging. Førebuing – gjennom å få betre kjennskap til elevane det skulle formidlast til.

Oppfølging – gjennom å sikre respons/tilbakemelding.

Både for biblioteket og skulen var det eit sterkt ynskje om å utvikle samarbeidet gjennom

fleire besøk og tettare kontakt, då lang avstand til biblioteket kunne vere ei utfordring. Med

hjelp frå biblioteket hadde skulen som mål å etablere ein endå sterkare kultur for lesing i

klasserommet.

Gjennom brevveksling med elevane kunne bibliotekaren finne ut meir om lesaren og om kva

som kunne motivere han eller ho og på den måten finne ei bok som passa til eleven.

Tilbakemeldingar på bokvalet, gjorde det enklare for bibliotekaren å finne liknande bøker.

I tillegg til brev har tett dialog med lærar vore viktig for å finne bøker som også var tilpassa

lesenivået til den enkelte. Breva har òg vore utgangspunkt for bokpraten bibliotekaren har

hatt i biblioteket eller i klasserommet. Refleksjon og evaluering av bokval og eiga formidling

har vore med på å utvikle bibliotekarens formidlingspraksis.

Page 2: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Bibliotekaren og læraren opplevde stor leseglede blant barna og fekk eit gjensidig fagleg

utbyte av samarbeidet. Klassen fekk etablert eit lesande miljø som var ei viktig målsetting for

læraren.

Ny formidling:

Bibliotekaren i prosjektet har gjort eit grundig skrivearbeid med å loggføre all brevveksling

og evaluere eigen bokprat. Prosjektet har gitt deltakarane tid og rom til denne typen

refleksjon og loggføring, det er verdifult, men kanskje noko få formidlarar tek seg tid til. Som

resultat har prosjektet fått to typar dokumentasjon:

1. Logg over brevveksling med kvar enkelt elev: bokynske frå elevane og tittel på

bøkene bibliotekaren har vurdert eller valt. Materialet har gitt bibliotekaren ei systematisk

oversikt med både gjenbruk og overføringsverdi.

2. Refleksjonsnotat etter kvar formidlingsøkt (bokprat). Bibliotekaren har reflektert over

eigne formuleringar, presentasjonsmåte, litteraturval m.m. I tillegg til verdifull eigenlæring,

viser refleksjonsnotata også ein sjølvinnsikt som er ein viktig del av formidlingsmetodane

bibliotekaren har utvikla. Vi ser ein tydelig omtanke for lesaren, gjennom at bibliotekaren er

oppteken av at språkbruk og bokval ikkje skal virke ekskluderande. Men òg gjennom at

bibliotekar viser ekte engasjement og vågar å vere personleg i formidlinga. For studentar og

andre som skal lære om litteraturformidling, er dette viktige perspektiv.

Foto: Fylkesbiblioteket

Samarbeid mellom skule og bibliotek:

Prosjektet har også gitt oss meir kunnskap om korleis bibliotekar og lærar kan samarbeide.

Lærar og bibliotekar har m.a. reist på kurs om barnebøker og gjort felles vurderingar av

bøker til den enkelte elev. Dei har også hatt gode samtaler om bøker som klassen kan bruke.

Det er enklare å gi boktips når bibliotekaren kjenner klassen som gruppe og når lærar kan

informere om utviklinga til klassen. Jo lenger en kom i prosjektet, jo meir avanserte bøker

kunne dei t.d. bruke til høgtlesing.

Page 3: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Læraren har klart å skape eit miljø i klassen som er i tråd med hennar syn på lesestimulering.

Læraren ynskte at elevane skulle «flytte inn i bøkene» og at klasserommet skulle ha «eit

landskap av bøker». Vidare har lærar vore tydeleg på at ho ville vere eit lesande forbilde for

elevane. Samarbeidet med bibliotekar har forsterka denne rolla overfor elevane. Dei har

stått fram som eit team med same agenda – dette er noko dei er saman om. Lærar har også

tatt ei aktiv rolle i å fylgje opp bokpraten til bibliotekaren.

Lærar har snakka om lesing og prosjektet på alle foreldremøte og foreldresamtalar. Elevane

har fått 30 minutt til lesing kvar dag og har til ei kvar tid hatt ei bok på skulen og heime.

Lærar lèt også bøker og lesing inngå i andre fag enn norsk der det er mogleg.

Foto: Fylkesbiblioteket

Tilgangen til nye og etterspurde bøker har dessutan vore ein viktig suksessfaktor. Klassen

fant fort sin sjanger, sine forfattarar og utan tvil sin favorittbokserie – «Amuletten» av Kazu

Kibuishi. Effekten denne bokserien hadde på klassen og enkeltelevar er viktig å formidle

vidare til andre utanom bibliotekmiljøet, som personar i bokbransjen, foreldre og lærarar.

Dette var og eit innspel vi fekk då vi presenterte prosjektet i Oslo hausten 2017.

Oppslag frå «Steinvokteren», første bok i Amuletten serien av Kazu Kibuishi, Fontini forlag 2015

Page 4: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Foto: Kristin Fossnes

Resultat av prosjektet:

Bibliotekar og lærar har fått meir kunnskap om målgruppa og nyare barnelitteratur.

Bibliotekar har fått praktisk erfaring med å formidle andre bøker basert på lånarens

favorittbok. Dette er same praksis som Lesarsørvis-metodikken er basert på

(formidle «read alikes» / «bøker som liknar på …»). Dette er òg ei erfaring som kjem

andre lånarar til gode, da biblioteket har fått eit større utval å anbefale frå.

Lærar og skulen har lært meir om korleis biblioteket kan nyttast i pedagogisk arbeid.

Prosjektet har gitt draghjelp til dei elevane som sleit med lesing. Enkelte bøker som

er brukte i prosjektet har vore avgjerande for leseutviklinga til dei som har hatt størst

utfordringar.

Lesemotivasjonen hjå elevane auka, og lærar melder om at lesefarten til fleire av

elevane har auka i løpet av prosjektet.

Page 5: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Lærar melder òg om at elevane har blitt betre i skriving, flinkare til å bygge opp

forteljingar og er meir fantasifulle.

Elevene les med betre flyt og forståing.

Elevane opplevde mestringkjensle fordi bøkene var tilpassa deira leseferdigheter.

Det er utvikla ein formidlingspraksis som er meir målretta og mindre tilfeldig.

Foto: Kristin Fossnes

Eli Kjos-Wenjum ved Sogndal bibliotek:

Rett bok til rett elev – utvikling av ein formidlingspraksis med utgangspunkt i

enkelteleven si lesarhistorie

Målgruppa i prosjektet var 6./7. trinn ved Kaupanger skule. Klassen vart fylgd over to år,

skuleåret 2015/2016 og i 2016/2017. Det var 18 elevar i klassen.

Page 6: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Bakgrunn:

Som ledd i litteraturformidlinga til barn og unge inviterer Sogndal bibliotek 6.klassingane i

kommunen til bokprat på biblioteket kvart år. Vi ser at dette fører til at mange av elevane i

ein klasse blir motiverte til å lesa bøkene som blir formidla, men at det òg er elevar som ikkje

vel med seg bøker frå bokformidlinga. Sidan bibliotekar ikkje har hatt nokon kjennskap til

elevane før bokpraten, veit ein ikkje om bøkene ein vel ut og presenterer vil «treffa» ein elev

i forhold til innhald eller lesenivå. Det har heller ikkje vore nokon tilbakemelding eller

oppfølging etter ein bokprat, og bibliotekar veit lite om elevane likte bøkene dei las, eller om

formidlinga førte til at elevane vart motiverte til å lesa meir.

Målsetting:

Målet med prosjektet var difor å vidareutvikla biblioteket sine klassebesøk, med vektlegging

av ei meir individuell formidling. Gjennom prosjektet fekk bibliotekar vita litt om elevane i

klassen og lesarhistoriene deira før bokprat, og kunne med utgangspunkt i denne

informasjonen finna bøker som kunne passa til dei enkelte elevane.

Klassen vart fylgd over tid, slik at bibliotekar kunne få tilbakemeldingar på bøker elevane las

og dermed vurdera om andre bøker passa betre.

Innhald og aktivitetar:

1. Brev til elevane

Bibliotekar skreiv brev til elevane i klassen. Bibliotekar fortalte litt om eiga lesarhistorie,

og gav dei tips til kva dei kunne skriva om i sine brev til bibliotekaren. I brevet stod det òg

at bibliotekar ville koma på besøk til dei, og ville då ha med ei bok til kvar elev på

bakgrunn av breva dei skreiv.

2. Brev til bibliotekar

Alle elevane i klassen skreiv kvart sitt brev til bibliotekar. Der skreiv dei om bøker dei

hadde lese, om dei hadde ei favorittbok, interessene sine på fritida, og om dei hadde

nokon favorittfilmar eller seriar på tv. Utifrå opplysningane i breva, plukka bibliotekar ut

ei bok til kvar av elevane. Etter at elevane hadde fått utdelt kvar si bok, gav dei

tilbakemelding på korleis dei likte boka gjennom nye brev. Elevane skreiv totalt fire brev i

prosjektperioden.

3. Samtale mellom lærar og bibliotekar

I tillegg til breva frå elevane hadde bibliotekar ein samtale med læraren i klassen om den

enkelte elev sitt lesenivå. Dette var nyttig informasjon for at bibliotekar skulle kunne

velja bøker som passa den enkelte eleven sine leseferdigheiter.

Page 7: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Formidlingsøkter i klassen og på biblioteket

Bibliotekar presenterte alle bøkene som var valde ut til dei ulike elevane i klassen.

Deretter fekk elevane utdelt den boka som var tiltenkt dei. Når elevane hadde lese

bøkene dei fekk utdelt, skreiv dei nye brev til bibliotekar om kva dei tykte om bøkene dei

fekk. På bakgrunn av desse breva, valde bibliotekar ut nye bøker til elevane. Desse vart

formidla og utdelte i klassen. Deretter skreiv elevane nye brev, med påfølgjande ny

formidlingsøkt (bokprat).

4. Lesetid på skulen

Skulen sette av tid til lesing gjennom heile prosjektperioden. Dei hadde faste leseøkter,

og hadde eit godt utval av bøker tilgjengeleg og utstilt i klasserommet. Dei hadde òg ei

«lesebok» i skulesekken som dei skulle lesa i heime, samt ei «hyllebok» som låg i hylla

deira på skulen. Denne var tilgjengeleg i skuletimane.

Resultat og måloppnåing:

Breva frå elevane vart viktige for å treffa med bokvalet. Bibliotekar fekk nyttig informasjon

gjennom breva, som vart brukt til å velja bøker til elevane. Gjennom denne brevvekslinga

med elevane vart formidlinga meir målretta og mindre tilfeldig enn i ein vanleg bokprat.

Gjennom prosjektet såg vi at lesemotivasjonen hjå elevane auka. Utifrå tilbakemeldingane til

elevane såg vi at fleire av elevane i prosjektet vart glade i å lesa, lesarhistoriene deira endra

seg undervegs i prosjektet. Elevane las mykje, og lærar melde òg om at lesefarten til fleire av

elevane auka i løpet av prosjektet.

Det viktigaste målet med prosjektet var at elevane som deltok skulle lesa bøker fordi dei

hadde lyst til det og ikkje fordi det var noko dei «måtte gjera».

Gjennom å lesa bøker som passa dei i forhold til interesser, auka lesemotivasjonen deira

og dei fekk gode opplevingar med lesing. Vi såg at elevane vart ivrige lesarar, noko dei gav

uttrykk for både i breva dei skreiv, og munnleg til lærar og bibliotekar.

Det var òg verdifullt å samarbeida med lærar, for å sikra seg at bøkene som blei valde ut til

elevane også passa dei i forhold til leseferdigheiter. Ved at kvar elev fekk ei bok som passa

han/ho også på dette området, sikra ein seg at eleven fekk styrka sjølvkjensle ved at han/ho

las ei bok som passa lesenivået deira. I tillegg har ein vorten meir bevisst breidda i ein klasse:

ei bok kan ha innverknad på sosial status i klassen – viktig å vera bevisst når ei bok blir valt til

ein elev.

Vi har sett at denne måten å formidla bøker på i klassesamanheng aukar sjansen for å

finna rett bok til elevane, og dermed aukar lesemotivasjonen i stor grad.

Det var òg eit viktig mål i prosjektet å utvikla ein formidlingspraksis som tek utgangspunkt i

elevane si lesarhistorie og som også etter at prosjektperioden var over skal kunne brukast i

samband med skulebesøk. Justeringar i samband med kor mange brev ein skal leggja opp til

Page 8: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

at elevane skal skriva er naudsynt og må tilpassast den enkelte klasse og det enkelte

bibliotek.

Foto: Fylkesbiblioteket

Erfaringar andre kan ha nytte av:

Noko av det vi la vekt på i prosjektet, var at alle skulle oppleva at boka dei fekk valt ut til seg,

skulle vera like attraktiv som bøkene dei andre fekk. Alle såg kva for bøker dei andre fekk, og

ingen av bøkene skulle framstå som meir lettlesne eller «barnslege» enn andre. Formidlinga

av bøkene skulle vera på same måte, slik at boka verka attraktiv for dei andre elevane òg.

Nokre av elevane i prosjektet hadde aldri lese ei heil bok før, og difor var dette «første

møtet» med boka særs viktig. Elevane var spente på kva for ei av bøkene som vart fortalt om

i formidlinga dei skulle få.

Læraren si interesse for bøker hadde svært mykje å seia i prosjektet. Ho er glødande

interessert i bøker og lesing, og var difor ein viktig ressurs. Ved å setja av tid i skuletida ser

elevane at lærar prioriterer lesing. Det gjer òg at elevane får høve til å byrja på ei bok og bli

oppslukt i timen. Dette aukar sjansen for at eleven vil forsetja med boka heime.

Page 9: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Samarbeidet mellom lærar og bibliotekar var viktig gjennom heile prosjektperioden. Særleg

med tanke på enkeltelevane sine leseferdigheiter, men òg i forhold til observasjonar lærar

gjorde i klassen undervegs.

Prosjektet var òg utviklande for eigen formidlingspraksis. Gjennom breva frå elevane og

tilbakemeldingar på bøker dei las, vart det eit oppriktig ønskje for bibliotekar å finna «den

rette boka» for eleven. Dette vart ein inspirerande og givande måte å jobba med formidling

på. Prosjektet gjorde òg at bibliotekar vart meir bevisst på å bruka eiga lesarhistorie i

formidlinga.

Sidan innkjøp av bøker vart høgt prioritert i prosjektet, hadde elevane tilgang til eit godt og

variert utval av bøker, utan ventelister. Med små bokbudsjett er det vanlegvis ei utfordring

for bibliotekar å sikra at bøkene alltid er tilgjengelege for elevane. Difor er det er nok

naudsynt å laga ei lokal tilpassing dersom ein skal gjennomføra eit liknande leseprosjekt og

vurdera kor mykje ein har høve til å gjera. Sogndal bibliotek har eit ønskje om å forsetja ei

formidling med utgangspunkt i brev frå elevane for å bli kjend med lesarhistoriene deira i

samband med bokval. Målet er å få til å ha det som eit fast opplegg med eit bestemt

klassetrinn eller ein klasse på ein av skulane i kommunen.

Det å følgja ein klasse så tett over tid er både tid- og ressurskrevjande. Det gjekk mange

timar til lesing og førebuing. Når ein ser kva det å få tilgang til rett bok gjer for

lesemotivasjonen til ein elev, blir det verdt arbeidet.

Sogndal, januar 2018

Page 10: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Eksempel på brev:

Eks 1:

Dette er det fjerde og siste brevet frå eleven. Eit brev som utstråler leselyst, motivasjon

og glede. Det viser også at det har oppstått eit tillitsforhold mellom elev/lånar og

bibliotekar. For ein bibliotekar kan det vel knapt tenkast å få ei betre julehelsing?

Page 11: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Eks. 2:

Her er to brev fra same elev som viser at det kan vere vanskeleg for ein 11-åring å utrykke

seg om kva slags bøker ein liker og desto vanskelegare for bibliotekaren å finne rett type

bok.

I brev nummer 1 utrykker eleven at han liker bøker med humor:

Eleven fekk humorboka Kaptein Supertruse, og ga følgande tilbakemelding i neste brev:

Page 12: Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal …fylkesbiblioteketsfj.custompublish.com/getfile.php...Leseoppleving og nye formidlingsmetodar: Sogndal bibliotek og Kaupanger skule

Brev nummer 2 viser at det likevel ikkje var humor-bøker som var favoritten. Det er ikkje

alltid like lett for barn i denne alderen å vite kva dei liker – eller å uttrykke det. Oppfølginga

dette delprosjektet legg opp til, gjer at både lånar og bibliotekar klarer å finne rett sjanger og

gode bøker som treff. På den måten har dei lykkast i å finne rett bok til rett elev til rett tid.