18
Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing

Lesing

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Lesing. Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn. KVIFOR ER LESING VIKTIG. Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører i framtidas arbeidsmarknad. - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

Page 1: Lesing

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Lesing

Page 2: Lesing

Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag.

Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule.

Lesesvake vil møte mange stengte dører i framtidas arbeidsmarknad.

Dei fire første åra er dei viktigaste fordi det då er lettast å gi eleven gode lesevanar. Ein god start vil spare mykje arbeid i åra framover (men det er aldri for seint å begynne å øve).

KVIFOR ER LESING VIKTIG

Page 3: Lesing

Eleven går over i frå fonologisk til ortografisk lesing ( i frå å lydere orda til å lese orda som heile ordbilete)

Eleven automatiserer dei mest kjente orda i språket.

Eleven aukar forståinga og utviklar ordforrådet sitt.

Eleven møter nye tekstar av ulike sjangrar og vanskegrad.

Eleven treng gode strategiar for lesing når dei møter ukjende ord og vanskeleg tekst. Dette må lærast.

Kva er vanleg for 3 og 4 trinn

Page 4: Lesing

Arv (ulike lesevanskar er ofte arveleg).Tilgang til bøker i heimen.Ulike førebilete (les far bøker?)Motivasjon (ein må orke å lese)Haldning til lesing (er lesing noko som er viktig

å lære seg?). Utdanningsnivået til foreldra. Foreldre med høg

utdanning har oftare barn med god lesedugleik. Skulekultur (nokre skular er flinkare enn andre).For å bli ein god lesar må ein øve, øve og atter

øve.

Kva påverkar lesenivået?

Page 5: Lesing

Når det gjeld lesetrening veit vi at mange elevar kjem inn i ein vond sirkel, dei strevar såpass mykje i innlæringa at det å lese blir ein aktivitet dei vel bort.

Elevar som strevar må stimulerast og motiverast til å kome seg over kneika.

Vi veit at automatisering (kjenner igjen orda raskt)spelar ei avgjerande rolle for lesinga. Skal eleven bli ein god lesar må ein øve opp dugleiken gjennom øving og atter øving.

Det er eit paradoks at dei som treng å lese mest les minst på grunn av manglande motivasjon. Både skulen og heimen har ein viktig jobb i å motivere eleven til å lese meir.

Val av riktig lesestoff er viktig. Bruk biblioteket.

Motivasjon

Page 6: Lesing

NP gir ein indikasjon på lesenivået til barnet ditt.

NP er delt inn i tre nivå for 5.klasse (nivå 1 er lågast og nivå 3 er høgast).

For å kome til nivå 2, må du klare over halvparten av oppgåvene på prøva.

Skjong barneskule har eit ”håret mål” om at ingen skal vere på nivå 1.

Nasjonale prøver (NP)

Page 7: Lesing

Repetert lesing er ein teknikk der elevane les ein bokstav, eit segment, eit ord, ei setning eller ein tekst fleire gongar – ein les fleire gongar eller så les ein til ein har nådd eit bestemt flytkriterium.

Måling og tilbakemelding på framgang er hjørnesteinen i repetert lesing.

Tips: Ta tida, tel minkande feil, gi ros på lesing av ikkje lydrette ord osv.

God leseflyt får ein gjennom auka leseaktivitet.NB NB NB : Frilesing gir ikkje automatisk effekt

på leseflyt og leseforståing.

Repetert lesing – einaste metode som har dokumentert effekt av forsking.

Page 8: Lesing

Frilesing er viktig for å skape leseglede.Frilesing er nødvendig for å gi eleven nok

øving og kjennskap til språket.Lesing er å lese bøker, teikneseriar, aviser,

ulike blad osv.Skriving er også ein viktig del av

leseopplæringa.

Men hugs

Page 9: Lesing

Når det gjelder rettleiing, er det å påpeike lesefeilen minst effektiv. Å seie det riktige ordet er heller ikkje særlig effektivt, men det er greitt å bruke for at eleven ikkje skal miste samanhengen i teksten.

Lesehjelp

Page 10: Lesing

Effektive metodar for å hjelpe eleven er: Stillasbygging Modellering

Tips til leksehjelp i lesing

Page 11: Lesing

Stillasbygging er å jobbe trinnvis med lesefeila: oppfordre eleven til å lydere høgt - lydere saman med eleven – spør om eleven kan finne stavemønster og morfem i ordet som han kjenner igjen frå andre ord? (eks ”for-skjel-lige”)

Stillasbygging

Page 12: Lesing

Modellering er når ein les høgt for eleven og eleven skal gjenta.

Lyder ordet høgt – trekke saman lydane – peik på og snakk om ulike kjende stavingsmønster.(eks: stav-ing-møn-ster )

Modellering

Page 13: Lesing

Ein ukorrigert lesefeil er ingen repetisjon, og bidreg ikkje til utvikling av ein ortografisk kode av ordet” (Klinkenberg). Det betyr at de som foreldre må vere strenge på at eleven les orda rett. ( at ”veg” ikkje blir ”vei”)

Ved feillesing: Lat eleven lese ferdig heile setninga. Diskuter etterpå kva det vanskelege ordet kunne vere.

Lat så eleven leite etter kjende mønster i ordet han/hun las feil, leit etter stavingar, og repeter ordet til eleven kan det. Pass på at eleven også veit kva ordet tyder.

Viktig

Page 14: Lesing

Bevisste og ubevisste tilbakehopp i en tekst er eit av de vanlegaste leseproblema. Forsking viser at du kan få ei merkbar auke av lesehastigheit og betre forståing ved berre å redusere tilbakehopp i teksten. Vi kan rettleie og parlese med eleven for å komme over denne ”uvanen”.

Tips om lesefart

Page 15: Lesing

På tredje og fjerde trinn skal elevane kunne svare på ”i hovudet”-spørsmål. Gi beskjed til eleven, på førehand, at du kjem til å stille spørsmål om det han/ho har lese.

Be også eleven oppsummere, gjenfortelje eller lage ei overskrift til det han/ho har lese.

Ein bør også modellere dette med nøkkelord. La eleven plukke ut to/tre ord som er viktige i frå teksten. Deretter kan ein diskutere kva for ord ein har plukka ut og kvifor. Ikkje nødvendigvis ein fasit på dette.

 

Forstår elevane det dei les?

Page 16: Lesing

Lesestrategi er teknikken eleven brukar for å tilegne seg kunnskapen i frå det han/hun les.

Lesestrategiar må lærast.Forslag til strategi:1. Les overskriftene, studer bileta og les biletteksten før

du startar på sjølve tekststykket. Tenk over kva du trur teksten handlar om.

2. Les avsnitt for avsnitt. Etter kvart avsnitt tenkjer ein over kva som var det viktigaste informasjonen i frå avsnittet. Ein kan også notere seg stikkord, nøkkelord, faktasetningar osv.

3. Når du er ferdig å lese, repeter for deg sjølv kva du hugsar i frå lesestykket. Sjå over etterpå for å sjå om du har gløymt noko viktig.

Lesestrategiar

Page 17: Lesing

Vel riktig tidspunkt! Ikkje lat aktiviteten vare for lenge, eventuelt legge inn pause/”breakes”

Bileta i boka er også viktige. Sei gjerne til eleven at vi ”les” bileta. Desse kan gi eleven ein idé om kva teksten handlar om. Les også biletteksten før du les sjølve lesetykket i boka.

Hjelpe eleven til å undre seg/tenkje under lesinga. Still spørsmål som kvifor, kva, når, kor osv.

 

Fleire tips for lekselesing

Page 18: Lesing

Ingenting skjer av seg sjølv. Skulen skal stå for kvaliteten gjennom god

undervisning. Heimen må stå for kvantitet(mengda) på lesinga. Du må lese fleire tusen timar for å bli ein god lesar.

Det er aldri for seint å begynne å øve. Den beste gåva du kan gi barnet ditt er

leseglede.

Skjong barneskule

Viktige punkt