20
mat i det fri Oppskriſtsheſte Møre og Romsdal

Mat i det fri

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Eit oppskriftshefte laga av 4H-klubbar i Møre og Romsdal. Ei oppfordring om å legge att pølsene heime og ta med god mat ut på tur!!

Citation preview

Page 1: Mat i det fri

mat i det friOppskri� she� e

Møre og Romsdal

Page 2: Mat i det fri

Sosialt, aktivt, morosamt - du bestemmer!

Kva er 4H??

Du bestemmer. Det er 4Harane som be-stemmer kva 4H-klubben skal gjere. Med-an dei vaksne hjelper til i bakgrunnen, set medlemmane i styret. Så her lærer du og om demokrati og organisasjonsarbeid.

4H sitt motto er ”å lære ved å gjere”. Med-lemmane vel seg eit prosjekt som dei ar-beider med gjennom året. Då fordjupar du deg i noko du synest er spannande, enten åleine eller saman med andre. Du kan gje-re alt frå å bygge ei skate-rampe, drive med

friluftsliv, fotografering og handarbeid , til å stelle dyr, dyrke grønsaker og mykje meir.

Å ha det artig saman er viktig i 4H. Derfor er vi ofte samla til felles aktivite-tar, både store og små. Kvart år er det for eksempel leir ein stad i fylket. Då bur vi i teltleir og har det veldig kjekt. Leiren byr på mange aktiviteter og turar. Både det som høyrer teltlivet til, og andre ting som volleyball, ulike konkurransar og å � nne nye leirvenner står sentralt under leiren.

2 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 3: Mat i det fri

Løvetann 4H sin lakse� llet 4 Bakt potet 6 Bålwok 7 Lammelår i kokegrop 8 Tangsuppe 10 Steikte løvetannsknoppar 12 Skogsbærgraut 13 Wraps 14 Grønnsakssuppe 15 Sjusteinsomn 16 Sjokoladefondant i appelsin 17 Vulkanpære på bål 18 Marshmallowskjeks 18 Bålreglar 19

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 3

Page 4: Mat i det fri

4 porsjonar

4 stk lakse� let4 ss rømme1/2 purreløk1/2 paprikasitronpepperolje

Smør aluminiumsfolien med nøytral olje, f.eks. soyaolje.Legg 1 lakse� let pr pakkeHa på 1 ss rømme pr � ske� letStrø over litt sitronpepper.Legg på grønsaker etter eige ønske.F.eks. gul, grøn og raud paprika og purreløk.Pakk laksen godt inn i folien og legg den på grillen eller bålet.Tips; Skriv namnet ditt med tusj på pakken, så veit du kva for ein du har laga.

Løvetann 4H sin laksefilet

4 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 5: Mat i det fri

Tilbehør omnsbakte poteter:

Skrubb passe mengde poteter og skjer dei i båtar.Legg dei i ei eldfast form.Ha over olje og evt krydder.Forsteik i steikeomnen heime før de drar på tur.Varmast opp i f.eks. folie e.l. på bålet eller grillen.

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 5

Page 6: Mat i det fri

Bakt potet

12 store poteter300 gram bacon1 boks mais3 dl rømme ½ purre100 gram meierismør grovsalt

Vask potetene og sett dei i ein kjele med sand. Mellom sanden og potetene leggjast godt med grovsalt. Potetene bakast i kjelen på glørne i ca 45 minutter. Ta folie rundt potetene, skjer eit kryss og fyll med steikt bacon, mais, rømme, purre og smør.

Grimstadhøgda 4H

6 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 7: Mat i det fri

600 gr. kyllingkjøttdeig2-3 paprika2 squash1 raudløk1 pk cherrytomatar4 pk kyllingnudlarOlje eller smør til steikingKrydder etter ønske

Dressing:2 boksar lettrømme2 ts kvitløkspulver2 ts paprikapulverSmak til med pi� krydder

Kva treng du av utstyr:Bålplass, ei stor wokpanne -bålkasserolle, boller, skjere� øler, knivar og sleiv.

• Steik kyllingkjøttdeig i wok-panne (bålpanne) krydre etter ønske (chili, pi� , pepper?)

• Ha kjøttet i ein bolle medan du steiker grønnsakene

• Skjer paprika, løk, squash i bit-er og steik til dei blir møre

• Ta retten av varmen medan du kokar nudlar. Kok nudlane som anvist på pakken, men knekk nudlane i biter før dei leggjast i vatnet (lettere å for-dele i woken etterpå)

• Bland alt og varm til slutt

• Skjer tomatane i to og ha i mot slutten

• Bland saman dressingen.

Bålwok 8porsjonar

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 7

Page 8: Mat i det fri

Lammelår i kokegrop

1 lammelår (2-3 kg)Krydder (salt, peppar, rosmarin, evt. kvitløk)AluminiumsfolieKrydre lammelåret, og pakk det inn i 5 lag med aluminiumsfolie.

Straumen 4H

8 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 9: Mat i det fri

Bruk steinar som er på størrelse med ein vaksen knyttneve. Må ha nok steinar til å dekke låret, både over og under. Varm steinane i eit bål til dei er kvite, dette tek ca 1,5 time - alt etter kor “hardt” ein fyrer.Grav ei grop i jorda som er litt større enn lammelåret. Ca. ½ m djup. Pass på å bevare torva heil. Legg så halvparten av steinane i botnen av gropa, lammelåret og så resten av steinane på toppen. Snu torva med graset ned over steinane, og dekk til med mold så det er tett. La det ligge i 2-2,5 ti-mar. La låret kvile ei stund før du deler det opp.

Tips: Poteter i folie kan også leggjast i lag med lammelåret, legg dei då i ytterkant. Bruk sinkbøtter til å frakte steinane i. Bruk ein spade og legg steinane forsiktig over kjøttet. Det kan vere lurt å ha ein sveisehan-ske eller liknande å hjelpe seg med.

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 9

Page 10: Mat i det fri

Tangsuppe

1 bunt med tang og tare (f.eks. blæretang, grisetang, suk-kertare)1 neve strandsniglar1,5 liter vatnpeppar

Romsdalshorn 4H

10 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 11: Mat i det fri

Framgangsmåte:

Kok alt i 20 minutt og, sil av krafta,tilsett så dette ilag med krafta:

1,5 dl eplejuice2 dl � øte1 ts sennepGrønsaker etter ynskjePeppar

• Ha all væska i kjelen og kok til det er ca. halvparten igjen

• Del grønsakene i bitar

• Tilsett sennep og grønsaker og kok vidare til grønsakene er møre

Tang og tare er ein gamal kulturplante og har blitt brukt til både mat og medisin i mange tusen år. Tang og tare er havets grønsaker og inneheld dei � este essensi-elle aminosyrer, vitaminer og mineraler vi har bruk for.

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 11

Page 12: Mat i det fri

Steikteløvetannsknoppar

Løvetannknoppane haustast medan dei enno er grøne.Steikast heile i Tine Meieri Smør i varm panne til de er svakt brune.Krydrast med litt salt og peppar.

Kan brukast som pålegg eller berre som snacks.             

Bjerkely 4HBjerkely 4HBjerkely 4H

12 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 13: Mat i det fri

Skogsbærgraut 9 ss smør9 dl lettkokte havregryn750 gram skogsbær3 plater kokesjokoladesmak til med sukker

Framgangsmåte:• Smelt smør i ei panne• Steik havregryna i 2-3

minuttar• Ha i skogsbæra• Bryt kokesjokoladen i bitar og ha den i grauten• Spe med litt vatn om du syn-

es grauten blir for tjukk • La grauten koke på svak

varme i 5-10 minuttar til havregryna er mjuke

• Smak til med sukker

Grimstadhøgda 4H

Serveringstips: Serverast gjerne med mjølk eller vaniljekesam. Oppskrifta kan tilpassas alt etter kva bær ein får tak i. Ein kan bruke blåbær og/eller bringebær. Ein kan også bruke eple.

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 13

Page 14: Mat i det fri

WrapsRomsdalshorn Romsdalshorn

4H

• Med spekeskinke:Grove tortillasSpekeskinkeSpinatRømme

Ta ein grov tortilla og smør på eit lag med rømme. Legg så spinat på rømmen, i eit lag som dekker heile tortillaen. Legg spekeskinke i eit lag på toppen, og rull saman.

• Med laks:Grove tortillasRøykelaksGrasløkSnøfrisk

Ta ein grov tortilla og smør eit lag med snøfrisk på den. Legg på laks og grasløk, og rull saman.

Dette kan lagast ute som inne, varm på bålet eller et den kald. Og fyll med det du likar best. Skal den varmast i glørne bør den pak-kast i folie.

14 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 15: Mat i det fri

Grønnsakssuppe1,2 liter vatn2 stk. klar kjøttbuljong3 store gulrøter½ kålrot1 mainepe½ brokkoli1 stor potetCa 5 cm purre ( løk eller grasløk kan også brukast)

Vassarve , syrgras og skvalderkål gir også god smak

Smakas til med minst 1 ts av krydderet “Santa Maria” kvitløk/urterDersom ønskeleg kan 2-3 oppskorne grillpølser tilsettasDette blir ca 2 liter suppe

Kokast under lokk i ca 20 min. eller til grønsakene er møre.Server med � atbrød eller pinnebrød.Denne suppa kan sjølvsagt lagast både ute og inne. Skal den kokast på bål eller bålpa nne, er det lurt å kutte opp grønsakene på føre-hand.

Bjerkely 4HBjerkely 4H

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 15

Page 16: Mat i det fri

Sjusteinsomn

Med nokre få steinar er det mogleg å lage ein steikeomn ute. Finn ein stor stein eller helle og sett den på høgkant – eller bygg inntil eit berg/stein. Denne er bakveggen i omnen. To steinar leggast så inntil bakveggen. Avstanden mellom dei to steinane kan være omlag 40cm. Legg ei helle oppå dei to steinane. Sett så to nye steinar oppå, og legg ei ny helle på toppen. Tett sprekker med våt mose eller anna som ikkje brenn så godt. Det kan også vere lurt å � nne ei helle som skal fungere som dør i front. Namnet på omnen indikerer at ein skal kunne lage den med berre sju steinar – det er lov å bruke � eire!Fyr opp eit bål i det nederste kammeret, maten tilberedast i det øver-ste. For å varme opp omnen skikkeleg i forkant kan det vere lurt å tenne eit bål i det øverste kammeret og. Før steikinga starter, må ein koste vekk glørne frå dette kammeret. Sjusteinsomnen kan deretter brukast på same måte som steikeomnen du har heime!

16 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 17: Mat i det fri

Sjokoladefondant i appelsinform

Til 5-6 appelsiner: 200 g mørk kokesjokolade 160 g meierismør 1 dl sukker 4 egg 2 dl kveitemjøl ½ ts bakepulver ½ ts vaniljesukker

Framgangsmåte:• Skjer av toppen på ei

appelsin, og skrap/trykk ut det meste av kjøtt og saft,men la litt vere igjen for å sette smak på fon-danten.

• Smelt smør og sjokolade.

• Rør inn sukker og avkjøl litt.

• Rør inn eit egg om gan-gen

• Tilsett det tørre.

• Fordel røra i appesinskala

• Pakk dei inn i to lag med egna aluminiumsfolie uten å snu appelsina.

• Sett den med toppen opp i varme glør.

• Steikast i ca. 15 minuttar

Romsdalshorn 4H

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 17

Page 18: Mat i det fri

“Vulkanpære” på bål(Denne retten kan sjå litt «sprengt»ut når den er ferdig - derav namnet)

Pærer1 pose brownies -eller bruk oppskrifta på side 17.Aluminiumsfolie

Skjer av toppen på pærene (den tjukkaste delen). Skrap ut kjerna, og fyll pærene halvvegs opp med brownies røre (lagast som beskrevet på posen). Sett toppen tilbake på pæra, og pakk pærene godt inn i aluminiumsfolie. Legg pærene i glørne til dei begynner å bli mjuke.

Marshmallowkjeks2 stk fullkornkjeks1 bit mørk sjokolade 1 marshmallow

Smelt marshmallowen over bål og legg den opp på sjokolade biten som du har lagt på den eine kjeksen. Klem det heile sa-man ved å legge ein kjeks på toppen. Er du heldig så smeltar sjokoladen av den varme marsh-mallowen. Nyt!!

Straumen 4H

18 Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014

Page 19: Mat i det fri

Bålreglar

Eit bål er ein hyggeleg samlingsstad når du er ute på tur.

Rundt bålet kan du varme deg, og hyggje deg med varm drikke

og matlaging.

I Noreg kan du tenne bål i skogen mellom 15. september og 15. april.

Når vi brenner bål er det viktig å vere forsiktig, og verne naturen.

• Tenk over kvar du plasserer bålet i forhold til

vindretning og vindstyrke.

• Ver varsam når skogbotnen er tørr, då kan det

ver fare for skogbrann.

• Det er ikkje tillat å brenne plast eller lignande

materiale. Det forureinar!

• Hald oppsyn med bålet så lenge det er tennt.

• Slokk bålet skikkeleg før du går.

• Slokk bålet skikkeleg før du går.

• Slokk bålet skikkeleg før du går.

Mat i det fri - 4H Møre og Romsdal 2014 19

Page 20: Mat i det fri

Oppskrifter og bilete er innsendt frå ulike 4H klubbar i fylket, og heftet er utarbeidd med støtte frå:

Kontakt 4H Møre og Romsdal:Kontakt 4H Møre og Romsdal: Dagleg leiar Organisasjonsrådgjevar Marie Teigland May Britt Skjortnes [email protected] [email protected] [email protected] [email protected]

71258142 - 99109424 40847734 71258142 - 99109424 40847734