4
MATKULTUR OG HELSE 60 STUDIEPOENG/ 30 STUDIEPOENG 1 ÅR (HEILTID)/1 ÅR (DELTID)

Matkultur og helse

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

MATKULTUR OG HELSE

60 STUDIEPOENG/ 30 STUDIEPOENG 1 ÅR (HEILTID)/1 ÅR (DELTID)

MATHIAS BANG TØNDEVOLD

- Det som er morsomt med å fordype seg i mat er at man får en formell undervisnings-kompetanse i Mat og helse, samtidig som man hele tiden lærer noe nytt innenfor et tema stort sett alle driver med hver dag. Selv liker jeg å lage det meste av mat, men jeg liker også å fiske, så selvfisket fisk er vel kanskje det jeg synes er

ARBEID MED MAT FRÅ MANGE PERSPEKTIVMat er livsstil, ernæring, helse, glede, tradisjon, kultur, historie, vitskap, kjemi og praktisk mat laging. Alt dette får du arbeide med og lære om som student ved studiet Matkultur og helse. STUDIEINNHALD Studiet er delt i to fagdelar: Mat, kosthald og helse og Mat, kultur og konservering. Desse kan takast saman som årsstudium på fulltid, eller som separate halvårsstudium på halv tid over eitt år. Du skal få grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i mat og helse i grunnskulen, og lære å plan legge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene ved faget. Du vil såleis få eit breitt kunnskapsgrunnlag som omfattar nær alle sider ved fenomenet mat; frå kosthald og ernæring, via

matlaging og matvitskap, til norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag. UNDERVISNING OG VURDERING Studiet har allsidige undervisningformer: forelesningar, praktisk matlaging både ute og inne, eksperimentering, ekskursjonar, prosjekt- og temaarbeid. Ei praksisperiode på minimum 10 dagar inngår for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studiet har eit breitt utval av arbeids- og vurderings formar, slik som skriftleg eksamen, praktisk-metodisk eksamen, semester oppgåve, studentblogg og praktisk kjøken arbeid både på høgskulen og heime. AKTUELLE YRKE OG VIDARE STUDIUM Studiet er eigna for dei som vil formidle mat kultur og helse til barn, ungdom og vaksne i skuleverket eller anna formidlingsverksemd. Det kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad.

PRAKTISK INFORMASJON

60 studiepoeng / 1 år fulltid30 studiepoeng / 1 år deltidGenerell studiekompetanse eller tilsvarande15. april Samordna opptakAugustKari Ryslett | 70 07 52 72 | [email protected] Fooladi | 70 07 53 22 | [email protected]

Studiepoeng / lengd:

Opptakskrav:Søknadsfrist:Studiestart:Kontaktpersonar:

LES MEIR PÅ HIVOLDA.NO

DELTID

Mat, kultur og konservering (15 stp. haust + 15 stp. vår)Mat, kosthald og helse - 1.-7. årssteg (15 stp. haust + 15 stp. vår) Mat, kosthald og helse - 5.-10. årssteg (15 stp. haust + 15 stp. vår)

Vil du studere på deltid kan du velje eitt av desse studia:

ÅRSSTUDIUM

Mat, kosthald og helse - 1.-7. årssteg (15 stp. haust + 15 stp. vår) Mat, kosthald og helse - 5.-10. årssteg (15 stp. haust + 15 stp. vår)

Tek du studiet på heiltid kan du velje Mat, kultur og konservering (15 stp. haust + 15 stp. vår) samt eitt av desse studia:

LES MEIR PÅ HIVOLDA.NO