Upload
others
View
2
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Folketal og demografiNr. 1 - 2017
HORDALAND I TALFoto: Arne Dag Myking/Kondis
2
FøreordHordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Statistikk er eit viktig verkty for å forstå samfunnsutviklinga over tid. Gjennom tabellar, figurar og kart prøver vi kvart år å gi deg eit best mogleg innblikk i dei viktigaste utviklingstrekka i fylket vårt.
Hordaland i tal blir gitt ut to gonger i året. I vårutgåva er temaet folketal og demografi og i haustutgåva er temaet næring, innovasjon og kompetanse.
I dette nummeret ser vi nærare på utviklinga i folketalet både for fylket som heilskap, på regionnivå og på kommunenivå. Frå 2016 til 2017 auka folketalet i Hordaland med 0,7 % som er den lågaste veksten sidan 2004. For å få ei betre forståing av drivarane bak denne utviklinga, presenterer vi tal for dei tre komponen-tane i folketalsutviklinga; fødslar, innanlandsk flytting og innvandring. Nettoinnvandringa bidrar framleis positivt til folketalsutviklinga i mange av kommunane, men i betydeleg mindre grad enn i toppåra på slutten av 2000-talet, og er difor den viktigaste forklaringsfaktoren for lågare vekst. Alder og kjønn er viktige kjen-neteikn ved folkesamansetnaden som vil ha betyding for korleis folketalet vil utvikle seg i fortsetjinga. Som hjelp til regional og kommunal planlegging, presenterer vi og tal frå Hordaland fylkeskommune sin befolk-nings- og boligprognose.
Korleis desse tilhøva slår ut i din kommune og din region, kan du lese meir om i dette nummeret av Hordaland i tal, saman med mykje anna nyttig informasjon om folketalsutviklinga.
Hordaland i tal kjem denne gongen i fullelektronisk versjon. Nytt i 2017 er at vi sender ut nyhendebrev på e-post for tilsette i kommunane med ein oppsummering av folketalsutviklinga for kvar region. Dette håpar vi skal hjelpe kommunane med å ta i bruk vår statistikk i sitt lokale arbeid.
Bergen, juni 2017
Kathrin JakobsenSeksjonsleiar, Forsking, internasjonalisering og analyse
3
InnhaldFØREORD..............................................................................................................2
1 FOLKETALSUTVIKLING ................................................................................4
Lågaste vekst i Hordaland sidan 2002 ......................................................................................4
Vekst i 28 av 33 kommunar ..........................................................................................................4
Nettoinnvandring pregar fortsatt befolkningsutviklinga......................................................6
Svak vekst i Stavanger, Trondheim haler innpå Bergen ........................................................6
Størst vekst venta i Bergensområdet ........................................................................................6
2 FLYTTING OG INNVANDRING ......................................................................7
Lågaste nettoinnvandring sidan 2006 ....................................................................................... 7
Netto fråflytting frå Bergen for første gang på 20 år ............................................................8
Tapar innbyggarar gjennom sekundærflytting ........................................................................8
Flytting til/frå Bergen 2016 ..........................................................................................................9
Regionane rundt Bergen veks på kostnad av fylkeshovudstaden ......................................9
Lågaste vekst i innvandrarbefolkninga sidan 2005 .............................................................10
Syrarar aukar mest .......................................................................................................................10
3 FØDSLAR ........................................................................................................12
Færre fødde, men likevel fleire enn gjennomsnittet ............................................................12
Fleire fødde i halvparten av kommunane................................................................................12
Tre kommunar i Hordaland med kvinneoverskot ..................................................................13
4 BEFOLKNINGSSTRUKTUR .........................................................................13
Kvinnedelen er størst i Vest og Osterfjorden ................................................................................ 14
Snittalderen aukar i kommunane ..............................................................................................14
Unge vaksne i Bergen, barnefamiliar i kommunane rundt .................................................15
Ulik retning på befolkningspyramidane ..................................................................................15
Talet på pensjonistar per arbeidsfør aukar ...........................................................................16
5 HUSHALD OG BUSTADER ..........................................................................17
Rekord for einebustader i Bergen .............................................................................................17
Sprik i bustadbygginga ................................................................................................................18
Auke i fira av åtte regionar ..........................................................................................................18
Auka del innbyggjarar i låginntekthushald .............................................................................19
Færre eineforsørgarar i fylket dei siste åra ...........................................................................19
Behov for 2 200 fleire bustader per år ....................................................................................20
4
1 Folketalsutvikling
Fødselsoverskot Netto innanlandsk flytting Nettoinnvandring
-1 500
0
1 500
3 000
4 500
6 000
7 500
9 000
1997
19
98
1999
20
00
2001
20
02
2003
20
04
2005
20
06
2007
20
08
2009
20
10
2011
20
12
2013
20
14
2015
20
16
2017
20
18
2019
20
20
2021
20
22
2023
20
24
2025
20
26
2027
20
28
2029
20
30
2031
20
32
2033
20
34
2035
20
36
2037
20
38
2039
20
40
2 12
3 2
068
1 97
1 2
242
344 1 13
6 1
752
1 08
4 1
971
1 72
7 1
874
2 20
1 2
287
920
1 49
8
871 2 00
5
1 15
9
2 21
9 2
119
2 32
3 3
974
2 50
8 4
301
2 72
4 2
547
2 40
3 2
446
2 40
4 2
499
2 67
6 2
582
4 15
3 4
431
4 16
7 4 77
6 4
314
3 51
2 2
526
1 28
4 2
705
2 75
8 2
799
2 80
8 2
828
2 83
2 2
817
2 78
5 2
749
2 69
5 2
634
2 57
3 2
497
2 42
7 2
353
2 28
6 2
215
2 14
4 2
081
2 01
1 1
957
1 89
7 1
859
1 81
7
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
6 1
996
1 99
5 1
995
Figur 1.2: Figuren viser befolkningsutviklinga i Hordaland, fordelt på fødselsoverskot (fødde minus døde), netto innan-landsk flytting (tilflyttarar minus utflyttarar) og netto innvand-ring (innvandrarar minus utvandrarar) frå 1. januar 1997 til 31. desember 2040.
Kjelde: SSB Statistikkbanken, statistikk.ivest.no. Hordaland fylkeskommune sin befolkningsprognose frå 2016.
Lågaste vekst i Hordaland på 12 årVed årsskiftet var folketalet i Hordaland 519 963, ein auke på 3 466 innbyggjarar frå fjoråret. Veksten i heile fylket i 2016 kom på 0,7 %, som er den lågaste relative veksten sidan 2004
Det er spesielt Bergen som bidreg til dette. Med ein folketals- auke på 1 165 innbyggjarar (0,4 %) har fylkeshovudstaden den lågaste absolutte veksten sidan 1998 og den lågaste relative veksten sidan 1990. Bjørnefjorden har den høgaste relative veksten i fylket med 1,8 %, mens Hardanger vaks minst med 0,2 %, som utgjer 47 fleire innbyggjarar.
Vekst i 28 av 33 kommunarJamnt over var det auke i folketalet i dei fleste kommunane i Hordaland. Kommunane med sterkast prosentvis vekst i 2016 er Meland (2,7%), Os (2,1%), Fedje (1,9%), Samnanger og Tysnes (begge 1,8 %). Dei har alle ein vekst som er to gonger høgare enn det nasjonale snittet. Heile 20 kommunar har høgare vekst enn snittet for fylket, i all hovudsak grunna den låge veksten i Bergen. Fem kommunar hadde nedgang i folke-talet i 2016: Ullensvang (-0,7 %), Kvam (-0,6 %), Eidfjord (-0,4 %), Kvinnherad (-0,2 %) og Vaksdal (-0,05 %).
Vaksdal og Modalen var dei to kommunane med minst endring i folketalet: mens førstnemnde mista to innbyggjarar, fekk sistnemnde like mange.
Endring
2016-17 2017-25 2025-40
2016 2017 2025 2040 Tal % % %
Sunnhordland 64 578 64851 66 160 66 952 273 0,4 0,3 0,1
Etne 4 106 4 135 4 091 3 937 29 0,7 -0,1 -0,2
Sveio 5 593 5 656 6 039 6 601 63 1,1 0,8 0,7
Bømlo 11 778 11 806 11 990 12 045 28 0,2 0,2 0,1
Stord 18 775 18 821 19 782 20 895 46 0,2 0,6 0,5
Fitjar 3 140 3 189 3 041 2 758 49 1,6 -0,6 -0,6
Tysnes 2 797 2 847 2 774 2 733 50 1,8 -0,3 -0,2
Kvinnherad 13 271 13 241 12 996 12 137 -30 -0,2 -0,2 -0,4
Austevoll 5 118 5 156 5 447 5 846 38 0,7 0,7 0,5
Hardanger 22 871 22 918 21 657 18 800 47 0,2 -0,7 -0,9
Jondal 1 104 1 108 1 015 823 4 0,4 -1,1 -1,3
Odda 6 930 7 025 6 320 5 074 95 1,4 -1,3 -1,4
Ullensvang 3 401 3 377 3 182 2 709 -24 -0,7 -0,7 -1,0
Eidfjord 925 921 835 618 -4 -0,4 -1,2 -1,7
Ulvik 1 116 1 131 1 043 879 15 1,3 -1,0 -1,1
Granvin 920 933 876 749 13 1,4 -0,8 -1,0
Kvam 8 475 8 423 8 386 7 948 -52 -0,6 -0,1 -0,3
Voss 14 425 14 514 14 679 14 846 89 0,6 0,1 0,1
Bjørnefjorden 26 061 26 535 29 061 33 713 474 1,8 1,1 1,0
Fusa 3 876 3 895 3 954 4 080 19 0,5 0,2 0,2
Samnanger 2 443 2 488 2 524 2 602 45 1,8 0,2 0,2
Os 19 742 20 152 22 583 27 031 410 2,1 1,4 1,3
Bergen 277 391 278 556 303 575 344 687 1 165 0,4 1,1 0,9
Vest 65 077 65 996 75 041 91 161 919 1,4 1,6 1,4
Askøy 28 380 28 821 32 973 40 499 441 1,6 1,7 1,5
Sund 6 975 7 058 7 996 9 594 83 1,2 1,6 1,3
Fjell 24 870 25 204 28 500 34 136 334 1,3 1,5 1,3
Øygarden 4 852 4 913 5 572 6 932 61 1,3 1,6 1,5
Osterfjorden 12 463 12 532 12 892 13 453 69 0,6 0,4 0,3
Vaksdal 4 125 4 123 4 082 4 020 -2 -0,0 -0,1 -0,1
Modalen 381 383 396 449 2 0,5 0,4 0,7
Osterøy 7 957 8 026 8 414 8 984 69 0,9 0,6 0,5
Nordhordland 33 631 34 061 36 696 41 223 430 1,3 0,9 0,8
Meland 7 812 8 021 9 176 11 359 209 2,7 1,7 1,5
Radøy 5 077 5 128 5 378 5 805 51 1,0 0,6 0,5
Lindås 15 607 15 731 17 078 19 273 124 0,8 1,0 0,9
Austrheim 2 858 2 884 2 894 2 827 26 0,9 0,0 -0,1
Fedje 576 587 536 502 11 1,9 -1,1 -0,7
Masfjorden 1 701 1 710 1 634 1 457 9 0,5 -0,6 -0,7
Hordaland 516 497 519 963 559 761 624 835 3 466 0,7 0,9 0,8
Tabell:1.1: Tabellen viser folketal og folketalsutvikling i regionane og fylket, per 1.1.2016-2040. Statistikk frå SSB 2016-17. Hordaland fylkeskommune sin folketalsprognose for 2025 og 2040.
Kjelde: SSB Statistikkbanken; statistikk.ivest.no
6
Figur 1.3: viser folketalsendringa frå 2016 til 2017 i kom-munar i Hordaland. Kategoriane viser nedgang i foketal (raud), inga endring (lys grå) og vidare tre kategoriar for vekst samanlikna med nasjonal vekst på 0,85%. Mørk grå er vekst, men under 0,85%, lys blå er vekst over 0,85% og under 1,7%. Mørk blå er vekst over 1,7%. Dette kartet er også tilgjengeleg for alle kommunar i heile Noreg her: http://arcg.is/1nTmuz. I dette kartet kan ein få meir informasjon om historisk utvikling ved å trykke på kommunen.
Nettoinnvandring pregar framleis befolkningsutviklingaHistorisk har befolkningsutviklinga i fylket vore stabil, med eit gjennomsnitt på 0,7 % per år fram til og med 2006. Frå 2007 til 2013 auka folkeveksten kraftig og låg mellom 1,3 og 1,6 %. Frå 2013 har veksten blitt gradvis lågare, og i 2016 var den tilbake på 0,7 %.
I 2016 var fødselsoverskotet meir enn dobbelt så høgt som nettoinnvandringa, som har dominert dei siste ti åra. Dei siste par åra har netto innanlandsk flytting vore negativ. Figur 1.2 (på førre side) viser at folkeveksten i 2016 var langt lågare enn åra før, delvis grunna negativ innanlandsk flytting, men hovudsakleg grunna langt lågare nettoinnvandring. Våre prognosar viser at fødselsoverskotet er venta å auke til inntil 2 800 per år rundt 2025, men så falle relativt raskt ned til omlag 1 800 per år i 2040. Netto innanlandsk flytting er venta å ligge på omlag 50 personar per år, mens nettoinnvandringa er venta å vere på 2 000 personar årleg.
Svak vekst i Stavanger, Trondheim haler innpå BergenSidan årtusenskiftet har dei same 10 kommunane vore på topp 10 målt i innbyggjartal i Norge. Men vekstraten er ikkje den same i desse kommunane. Sandnes har hatt den største årlege veksten i snitt dei siste sytten åra med 2,1 %, mens Fredrikstad har i snitt vakse minst med 1 % årleg.
I 2016 var det Trondheim som vaks mest, med 1,7 % eller over 3 100 innbyggjarar. Dersom Trondheim held fram med å vakse med nesten 2 000 fleire enn Bergen kvart år framover, vil Trondheim passere Bergen i løpet av 2062.
Veksten i Stavanger har på si side stoppa heilt opp. I 2016 auka innbyggjartalet med berre 85 personar, som er lik 0,06 %. Nabokommunen Sandnes vaks med 0,9 %, som er den lågaste årlege veksten sidan 1986, som også er det første
året vi har statistikk for. Den samla veksten for Rogaland i 2016, 0,4 %, er den svakaste veksten målt for same periode. Møre og Romsdal hadde lik vekst, mens Hordaland og Sogn og Fjordane vaks begge med 0,7 % i 2016.
Størst vekst venta i BergensområdetOm våre prognosar slår til, vil vi i 2040 vere omlag 625 000 hordalendingar. Seks kommunar er venta å ha ein årleg folketalsvekst på over 1 % fram mot 2040 (Meland, Askøy, Øygarden, Fjell, Sund og Os) og ligg alle i pendlarav-stand frå fylkeshovudstaden. Bu- og arbeidsmarknadsregion Bergen, som omfattar 14 kommunar i Bergensområdet, vil stå for nesten fire prosentpoeng høgare del av innbyggjartalet i fylket enn i dag (frå 79,8 % til 83,5 %).
Komponentane i folketalsutviklinga er fødselsoverskot, netto innanlandsk flytting og nettoinn-vandring. Fødselsoverskotet (fødde minus døde) er relativt stabilt på kort sikt, mens netto innanlandsk flytting (innflyt-ting minus utflytting internt i Norge) og nettoinnvandring (innvandring minus utvandring) kan endre seg relativt mykje frå eitt år til eit anna. Det meste av flytting og innvandring skjer i aldersgruppa 20-35, og det er svært få som flyttar etter fylte 50. Dette gjer at flyttemønsteret legg føringar for framtidig fødselsoverskot: høg tilflytting gir fleire fødslar på litt lengre sikt, mens fråflytting bidreg til ein negativ spiral med lågare fødselstal og raskt eldande befolkning. Det er dette vi ser slår inn rundt 2025 i figur 1.2: Når tilflyttinga blir lågare, vil ikkje talet fødde fortsette å vekse like kraftig som det har gjort. Samstundes vil befolkninga eldas relativt raskt, og såleis vil talet døde auka.
7
2 Flytting og InnvandringLågaste nettoinnvandring sidan 2006I 2016 flytta 14 288 personar til Hordaland. Dette er ein ned-gang på 5 prosent frå 2015. Innflyttinga (frå inn- og utland) er framleis langt høgare enn den var før den store arbeidsinn-vandringa starta i 2006-2007. Frå 2006 til 2016 har innflyt-tinga auka med 26 %, men veksten kom tidleg i perioden. I den siste femårsperioden, 2011-2016, har det vore 8 % nedgang i innflyttinga.
Innvandring utgjorde i 2016 ein mindre del av innflyttinga enn tidlegare. 40 % av innflyttinga var innvandring i 2016, mot 47 % i 2011. Med ein gradvis reduksjon i innvandringa sidan 2013 er nettoinnvandringa til fylket lågare enn i 2006. I 2016 var nettoinnvandringa på 1 284 personar mot 2 119 perso-
Figur 2.1: Innanlandsk innflytting, innanlandsk utflytting, innvandring, utvandring, nettoinnflytting og nettoinnvandring. Tal.
Kjelde: SSB Statistikkbanken
nar i 2006. I toppåret 2012 var nettoinnvandringa på 4 776 personar.
Samstundes har utflyttinga auka. I nokre år, ofte året etter eit stort innflyttingsår, har utflyttinga auka prosentvis meir enn innflyttinga. 13 414 reiste ut frå Hordaland i 2016, ein auke på 7 prosent frå året før. 9 080 var utflyttingar innanlands, mens 4 334 var utvandringar. For begge er dette dei høgaste tala på minst 20 år. Det er spesielt utvandringa som veks, med over 20 % i 2016.
Samla var nettoflyttinga til Hordaland i 2016 på 874 personar. Dette er det lågaste på 20 år. Dersom trenden med lågare innflytting og høgare utflytting held fram, kan fylket få netto fråflytting allereie i 2017. Fylket har ikkje hatt netto utflytting sidan 1997.
-10 000
-8 000
-6 000
-4 000
-2 000
0
2 000
4 000
6 000
8 000
10 000
2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Innflytting (innland) Innvandring Utflytting (innland) Utvandring Nettoinnflytting (innland) Nettoinnvandring
8
Netto fråflytting frå Bergen for første gang på 20 årI 2016 innvandra 135 fleire personar til Bergen enn det utvandra, men 390 fleire flytta frå fylkeshovudstaden til andre deler av landet enn det som kom motsett veg. I sum hadde derfor Bergen netto fråflytting for første gang på 20 år. Med eit fødselsoverskot på 1 553 personar slapp kommunen likevel folketalsnedgang.
Berre seks kommunar i Hordaland hadde netto tilflytting over 100 personar i 2016: Os (265), Askøy (219), Fjell (136), Meland (117), Odda (109) og Voss (108). Som del av folke- talet ved inngangen av året hadde Fedje (1,9 %), Ulvik (1,8 %), Fitjar (1,7 %) og Odda (1,6 %) høgast relativ netto tilflytting. 17 kommunar hadde netto innanlandsk fråflytting, men berre Sveio hadde netto utvandring. Samstundes hadde 14 andre hordalandskommunar til dels kraftig nedgang i nettoinnvand-ringa, så fleire kan få netto utvandring på sikt.
Tapar innbyggarar gjennom sekundærflyttingAlle kommunane i fylket har hatt ei positiv utvikling i netto- innvandringa sidan 2011, men den innanlandske nettoflytt- inga av innvandrarar viser at mange kommunar tapar innbyg-garar gjennom sekundærflytting (figur 2.2). Dette gjeld ikkje berre dei kommunane som slit med generell utflytting, men også dei som har vekst i folketalet. I kommunar som har hatt ei negativ utvikling i folketalet sidan 2011, t.d. Ullensvang, utgjer den innanlandske utflyttinga av innvandrarar den største prosentvise delen når det gjeld tap av innbyggarar. Det same gjeld Eidfjord og Granvin til ein viss grad, sjølv om den innanlandske utflyttinga av innvandrarar utgjer ein min-dre del her. Voss, Sund, Modalen, Bømlo, Stord og Austevoll er døme på kommunar som, trass i ei elles positiv utvikling i folketalet, også har hatt netto innanlandsk utflytting av innvandrarar sidan 2011.
Figur 2.2: Befolkningsutviklinga etter vekstkomponent 2011-2016. Nettoinnvandring, *NIF (netto innanlandsk flytting) innvandrarar, *NIF (netto innanlandsk flytting) befolkninga elles, fødselsoverskot og total befolkningsvekst. Prosentvis utvikling sidan 2011.
-14
-12
-10
-8
-6
-4
-2
0
2
4
6
8
10
12
14
16
18
Bergen Etne
Sveio
Bømlo
Stord Fitja
r
Tysnes
Kvinnherad
Jondal Odda
Ullensv
ang
Eidfjord
Ulvi
k
Granvin
Voss
Kvam
Fusa
Samnanger Os
Austevo
ll Sund
Fjell
Askøy
Vaksdal
Modalen
Osterøy
Meland
Øygard
en
Radøy
Lindås
Austrheim
Fedje
Masfjord
en
Pros
ent
NIF* innvandrarar NIF* befolkninga elles Nettoinnvandring Fødselsoverskot Total befolkningsvekst
Sekundærflytting er vidareflytting frå den kommunen ein person er busatt i, etter opphald i Norge. Alle flyttingar innanfor landets grenser er i utgangspunktet sekundærflytting, uavhengig av om dette er flytting nummer ein, to eller tre. (Thorsdalen, B. (2014): Monitor for sekundærflytting, SSB rapportar 2014/21)
Figur 2.3: Kartet viser flyttestraumar til og frå Bergen i 2016, og er basert på tabell 2.1.
Kjelde: SSB
Regionane rundt Bergen veks på kostnad av fylkeshovudstadenInternt i Hordaland er dei klart største flyttestraumane inn og ut av Bergen (tabell 2.1). Ingen andre interaksjonar mellom regionar i Hordaland består av meir enn 100 personar i 2016 (altså er det ingen andre regionar som har ei til- eller fråflyt-ting på minst 100 personar til eller frå ein anna region i fylket utanom Bergen). Størst er straumen frå Bergen til Vest med 1 924 personar, og motsett veg med 1 533 personar frå Vest til Bergen. Vest har også den største netto tilflyttinga internt i fylket med 367 fleire tilflyttarar frå dei andre regionane enn fråflyttarar motsett veg. Også Bjørnefjorden, Osterfjorden og Nordhordland har netto tilflytting internt i fylket, mens Hardanger, Voss og Sunnhordland, i tillegg til Bergen, har netto fråflytting.
Bergen har netto innflytting frå Sunnhordland, Hardanger, Voss og Osterfjorden, mens dei har netto fråflytting til Bjørnefjorden, Vest og Nordhordland. Flytting frå Bergen er den største kjelda for innflytting for alle regionane i Hordaland utanom Sunnhordland, Voss og Hardanger, som har større tilflytting frå Norge utanom Hordaland og frå utlandet. Desse tre regionane er også dei einaste i fylket som ikkje har sin største straum av fråflytting til Bergen.
9
Flytting til/frå Bergen 2016
Til region
Frå region
Ber
gen
Sunn
hord
land
Har
dang
er
Voss
Bjø
rnef
jord
en
Vest
Ost
erfjo
rden
Nor
dhor
dlan
d
Tota
lt ti
l Hor
da-
land
And
re
Utl
ande
t
Bergen 372 134 131 770 1 924 193 713 4 237 5 961 3 137
Sunnhordland 456 45 11 24 49 5 38 172 1 148 391
Hardanger 216 63 49 42 21 4 12 191 349 97
Voss 187 12 36 7 23 16 4 98 219 70
Bjørnafjorden 464 45 15 6 58 11 28 163 245 169
Vest 1 533 44 38 23 51 18 89 263 722 303
Osterfjorden 214 15 8 23 6 35 23 110 90 42
Nordhordland 606 37 20 14 18 53 20 162 346 125
Totalt frå Hordaland 3 676 588 296 257 918 2 163 267 907 9 080 4 334
Resten av landet 5 997 1 001 255 186 245 552 129 305 2 673
Utlandet 3 272 605 371 239 207 522 88 314 2 346
10
sett dei siste ti åra, kor (arbeids-)innvandringa frå Europa har dominert innvandringa til fylket.
Syrarar aukar mestPolakkar er framleis den klart største innvandringsgruppa i fylket. Dei utgjer 19 % av alle med innvandrarbakgrunn i fylket, til saman 11 976 personar. I tillegg er det den største gruppa i 24 av 33 kommunar. 6 769 eller 57 % bur i Bergen. Litauarar er den nest største gruppa og utgjer 4 668 personar eller 8 % av alle innvandrarane i fylket.
Tabell 2.1: Tabellen er ei flyttematrise som viser flyttinga mellom dei ulike regionane i Hordaland i 2016, og mellom regionane og resten av landet og utlandet. Merk at flytting internt i regionane (diagonalen) ikkje er teke med.
Kjelde: SSB
Nytt i 2017 er at syrarar utgjer den nest største innvandrar-gruppa i fire kommunar, alle i Hardanger: Jondal, Odda, Ullensvang og Ulvik. Syrarar var også den innvandrargruppa som auka mest i 26 av kommunane og i Hordaland som heil-skap. På fylkesnivå auka talet syrarar med 1 206 personar, noko som nær dobla talet syrarar i fylket til 2 014 personar (3 % av innvandrarbefolkninga).
Den innvandrargruppa som har hatt størst nedgang i 2016 er britar, som ved inngangen til 2017 var 58 færre enn første nyttårsdag 2016. På andreplass kjem svenskar, som det har blitt 47 færre av i Hordaland i løpet av 2016.
Lågaste vekst i innvandrar- befolkninga sidan 2005Per 1. januar 2017 var det registrert 62 850 innvandrarar i Hordaland. Dette er ein auke på 2,7 % eller 1 633 fleire sidan 2016. Dette er den lågaste veksten i innvandringa til fylket sidan 2005. Innvandrarbefolkninga i fylket auka med 1 651 personar frå Asia, 295 frå Afrika og 24 frå Sør- og Mellom-Amerika. Det har vore ein nedgang i talet innvandra-rar i fylket frå Europa utanom Tyrkia (-291), Nord-Amerika (-34) og Oseania (-12). Dette skuldast nok ein kombinasjon av lågare innvandring og auka utvandring blant innvandrarar frå desse landa. Det er også eit heilt anna mønster enn det vi har
Figur 2.4: Innvandring til Hordaland i perioden 2006-2017, etter verdensdel.
Kjelde: SSB Statistikkbanken
0
10 000
20 000
30 000
40 000
50 000
60 000
70 000
2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Europa unntatt Tyrkia Asia Afrika Sør- og Mellom-Amerika Nord-Amerika Oseania
Kommune/region Største nasjonalitet Nest største nasjonalitet
Etne Polen 150 Litauen 87
Sveio Polen 101 Russland 69
Bømlo Litauen 181 Polen 110
Stord Polen 408 Filippinene 108
Fitjar Polen 88 Litauen 39
Tysnes Latvia 51 Litauen 25
Kvinnherad Polen 230 Litauen 96
Austevoll Litauen 137 Polen 106
Sunnhordland Polen 1 210 Litauen 724
Jondal Tyskland 15 Syria 12
Odda Polen 233 Syria 98
Ullensvang Polen 66 Syria 41
Eidfjord Polen 18 Tyskland 11
Ulvik Tyskland 23 Syria 22
Granvin Polen 38 Tyskland 11
Kvam Litauen 142 Polen 122
Hardanger Polen 493 Litauen 212
Voss Polen 219 Somalia 94
Fusa Polen 70 Litauen 59
Samnanger Polen 44 Eritrea 16
Os Polen 605 Litauen 406
Bjørnefjorden Polen 719 Litauen 481
Bergen Polen 6 769 Litauen 2 264
Sund Polen 182 Litauen 168
Fjell Polen 563 Litauen 233
Askøy Polen 594 Litauen 305
Øygarden Polen 91 Eritrea 73
Vest Polen 1 430 Litauen 730
Vaksdal Polen 85 Eritrea 61
Modalen Syria 8 Tyskland 6
Osterøy Polen 308 Litauen 112
Osterfjorden Polen 393 Litauen 124
Meland Polen 134 Romania 130
Radøy Polen 198 Litauen 94
Lindås Polen 292 Romania 185
Austrheim Polen 96 Litauen 66
Fedje Syria 20 Tyskland 16
Masfjorden Syria 25 Polen 19
Nordhordland Polen 743 Romania 412
Hordaland Polen 11 976 Litauen 4 968
Tabell 2.2: Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i kommunane og regionane, etter største og nest største nasjonalitet.
Kjelde: SSB Statistikkbanken
12
3 Fødslar
Færre fødde i dei fleste regionaneFrå 2015 til 2016 gjekk fødselstala ned i alle regionane unntatt Hardanger og Bergen. I Bjørnefjorden blei det fødd 25 færre i 2016 enn i 2015. Trass skilnaden i befolkningstala var dette ein tilbakegang som var større enn veksten i Bergen same periode, der det blei fødd 24 fleire i 2016 enn året før. Det har vore ein tendens gjennom fleire år at utviklinga i Bjørnefjorden har vore motsett enn i fylket som heilskap. I år er det negativ utvikling begge stader.
For fylket som heilskap gjekk fødselstala ned og det vart fødd 72 færre barn i 2016 samanlikna med 2015. Nordhordland hadde den største tilbakegangen med 39 færre fødde enn i 2015. Likevel er talet på fødde høgare enn snittet for perioden 2012-2016. I denne fireårsperioden var det berre tre regionar (Sunnhordland, Voss og Nordhordland) som hadde nedgang i fødselstala og heile fylket hadde ein auke i talet på fødslar. På landsbasis gjekk fødselstala ned frå 2015 til 2016, også samanlikna med snittet for i perioden 2012-2016.
Fleire fødde i halvparten av kommunane17 kommunar hadde fleire fødslar i 2016 enn i 2015, 16 kom-munar hadde færre fødslar. I Kvinnherad vart det fødd 30 færre barn i 2016 enn året før, i Sveio 18 færre. Det var desse kommunane som i størst grad førte til tilbakegangen av fødslar i Sunnhordland. I Hardanger var det berre Odda kommune som hadde nedgang i talet på fødslar, med ein færre fødd. 31 færre fødde barn i Os bidrog til negative fødselstal i Bjørnefjorden. Der hadde Samnanger ein god framgang med 13 fleire fødde enn året før. I Osterfjorden hadde alle kommunane ein tilbake-gang i fødslar, størst i Vaksdal med 11. Også i Nordhordland var det i hovudsak tilbakegang å spore; berre Masfjorden hadde ei svak auke med to fleire fødde. på 2. Lindås kommune hadde den største tilbakegangen i år med 39 færre fødde enn året før.
Gjennomsnitt 2012-2016 2016
Endring 2015-2016
Etne 48 51 3
Sveio 75 65 -18
Bømlo 137 136 9
Stord 227 221 3
Fitjar 34 31 -4
Tysnes 24 38 21
Kvinnherad 133 109 -30
Austevoll 70 85 4
Sunnhordland 747 736 -12
Jondal 8 10 6
Odda 66 58 -1
Ullensvang 30 30 2
Eidfjord 8 11 2
Ulvik 10 13 1
Granvin 9 16 5
Kvam 89 89 2
Hardanger 219 227 17
Voss 154 144 -22
Fusa 31 24 -7
Samnanger 30 39 13
Os 253 255 -31
Bjørnefjorden 314 318 -25
Gjennomsnitt 2012-2016 2016
Endring 2015-2016
Bergen 3 451 3 551 24
Askøy 392 397 -8
Sund 96 92 2
Fjell 307 324 12
Øygarden 64 73 -7
Vest 858 886 -1
Vaksdal 43 43 -11
Modalen 4 1 -2
Osterøy 97 106 -1
Osterfjorden 144 150 -14
Meland 113 121 14
Radøy 63 52 -10
Lindås 197 160 -39
Austrheim 30 34 -1
Fedje 5 1 -5
Masfjorden 16 15 2
Nordhordland 424 383 -39
Hordaland 6 308 6 395 -72
Heile landet 59 256 58 890 -168
Tabell 3.1: Tabellen viser tal fødde i snitt per år etter kommune og region, 2012-2016 (2016 også som enkeltår).
Kjelde: SSB statistikkbanken, statistikk.ivest.no
13
4 Befolkningsstruktur
Tre kommunar i Hordaland med kvinneoverskotDet er tre kommunar som har eit overskot av kvinner i alderen 20-39 år. I år er det Samnanger som har det største oversko-tet av kvinner i denne aldersgruppa, med 103 kvinner per 100 menn. Samnanger hadde 94 kvinner per 100 menn i 2016. Det største kvinneunderskotet finn vi i Radøy kommune med 84 kvinner per 100 menn. Gruppert etter tre aldersgrupper er det ingen statistisk observert forskjell i gjennomsnittleg tal kvinner per 100 menn. Landsgjennomsnittet og gjennomsnit-tet for Hordaland er høvesvis 95 og 93 for gruppa 20-39 år.
20-29 år 30-39 år 20-39 år
Samnanger 110 96 103
Ullensvang 96 107 101
Jondal 107 95 101
Askøy 98 98 98
Meland 98 96 97
Osterøy 94 99 97
Modalen 115 81 96
Vest 94 97 95
Fjell 92 98 95
Austevoll 94 95 95
Lindås 86 103 95
Osterfjorden 93 96 95
Austrheim 98 91 94
Os 93 94 94
Bjørnefjorden 93 95 94
Nordhordland 90 97 93
Stord 94 91 93
20-29 år 30-39 år 20-39 år
Bergen 97 88 93
Masfjorden 85 101 92
Fedje 88 96 92
Granvin 102 78 91
Eidfjord 75 118 91
Vaksdal 91 90 91
Sveio 98 84 91
Sunnhordland 91 90 90
Voss 89 91 90
Kvinnherad 91 89 90
Hardanger 86 95 90
Sund 91 89 90
Fitjar 91 89 90
Odda 84 97 89
Øygarden 88 91 89
Ulvik 90 86 88
Bømlo 87 90 88
Fusa 79 96 88
Kvam 83 89 86
Tysnes 82 90 85
Etne 81 88 85
Radøy 84 84 84
Hordaland 95 91 93
Heile landet 95 94 95
Tabell 4.1: Tabellen viser kvinner per 100 menn (1.1. 2017)i dei aldersgruppene som flyttar mest, og der fordelinga mellom kvinner og menn kan avvike ein del frå gjennomsnittet på kommunenivå. Tabellen er sortert etter del kvinner per 100 menn 20-39 år.
Kjelde: SSB Statistikkbanken; statistikk.ivest.no.
Figur 4.1Kartet viser kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år i kommunane.
Kjelde: SSB, eigne berekningar
14
Kommune 2016 2017 Endring dagar
Meland 36,3 36,6 90
Fjell 36,5 36,8 107
Askøy 36,6 36,8 61
Vest 36,8 37,0 87
Os 37,2 37,4 100
Sund 37,3 37,7 135
Austevoll 38,0 38,2 68
Sveio 38,0 38,3 109
Stord 38,1 38,5 116
Bjørnefjorden 38,3 38,5 78
Øygarden 38,5 38,6 61
Bergen 38,7 38,8 56
Kommune 2016 2017 Endring dagar
Bømlo 38,6 38,9 108
Hordaland 38,9 39,0 60
Fitjar 39,2 39,2 0
Lindås 38,9 39,2 95
Nordhordland 39,1 39,3 70
Sunnhordland 39,4 39,6 83
Osterøy 39,5 39,6 50
Landet 39,7 39,9 56
Modalen 39,9 40,3 138
Radøy 40,3 40,4 22
Osterfjorden 40,5 40,6 17
Etne 40,6 40,7 16
Fusa 41,6 41,7 38
Austrheim 41,4 41,7 102
Kvinnherad 41,5 41,8 84
Voss 41,7 41,8 19
Samnanger 41,9 41,8 -11
Kvam 42,2 42,4 72
Vaksdal 42,6 42,4 -51
Hardanger 43,2 43,2 5
Masfjorden 43,9 43,4 -193
Ullensvang 43,2 43,6 120
Odda 43,9 43,6 -114
Ulvik 44,1 43,7 -146
Tysnes 44,0 43,8 -67
Jondal 44,3 44,0 -88
Eidfjord 43,9 44,0 47
Fedje 43,6 44,7 407
Granvin 44,7 44,9 68
Kvinnedelen er størst i Vest og Osterfjorden På regionsnivå er det størst del kvinner per 100 menn i Vest og Osterfjorden med 95. Bjørnefjorden og Nordhordland ligg like bak med 94 og 93. Sunnhordland, Voss og Hardanger har lågast del med 90 kvinner per 100 menn. Det er ingen av regionane som har overskot av kvinner.
Snittalderen aukar i kommunane24 av 33 kommunar har hatt ein auke i snittalderen frå 2016 til 2017. Figur 4.2 viser korleis snittalderen fordeler seg geo-grafisk i Hordaland i 2017. Det er åtte års forskjell mellom dei ”yngste” og ”eldste” kommunane. Som tidligare finn vi at dei indre delane av fylket har den høgaste snittalderen, mens områda langs kysten og rundt Bergen har den lågaste snitt-alderen.
Tabell 4.2: Gjennomsnittsalder per 1. januar 2016 og 1. januar 2017, og endring i tal dagar. Tabellen er sortert etter snittalder i 2017.
Kjelde: SSB, eigne berekningar
Figur 4.2: Kartet viser gjennomsnittsalderen i Hordaland per januar 2016.
Kjelde: SSB, eigne berekningar
15
Unge vaksne i Bergen, barnefamiliar i kommunane rundt«Sniglehuset» i figur 4.3 viser kor mange prosent kvart års-kull står for av befolkninga i fire kommunegrupper i Horda-land: Bergen har ein vesentleg del av sin folkesetnad blant 21-34-åringar, og lågast del i skulealder; Hardanger, Voss og Osterfjorden har lågast del småbarn og størst del eldre; Bjør-nefjorden, Vest og Nordhordland har størst del barn fram til ungdomsskulealder, og høg del vaksne i «barneskuleforeldre-alder» (30-45 år); Sunnhordland er, for veldig mange årskull, plassert mellom dei indre delane av fylket og Bergen. Det største særpreget i figur 4.3 er «bulken» av bergensarar i 20- og tidleg 30-årsalder, men dette er ein heilt naturleg form for ein by med store utdanningsinstitusjonar. Vi finn att det same mønsteret i Stavanger, Trondheim og Tromsø. For Oslo sin del er utslaga enda meir ekstreme, også for ungdomstala.
Ulik retning på befolkningspyramidaneDet er veldig ulik befolkningsstruktur i fylket når vi skil mellom Bergensregionen og resten av fylket. I figur 4.4 (på neste side) har vi slått saman Bergen, Vest, Nordhordland, Bjørnefjorden og Osterfjorden i ein befolkningspyramide, og gjort tilsvarande for Hardanger, Sunnhordland og Voss i figur 4.5. På grunn av den store mengda unge vaksne i Bergen, får desse to figurane ganske ulik form: Der Bergensregionen har ein form som eit flintspyd, har resten av fylket ein noko ube-stemmeleg form. Over tid vil desse to formane forsterke seg: Bergensregionen held på strukturen, men løftast litt i høgda av fleire eldre, mens resten av Hordaland blir både løfta i høg-da og snevra inn i breidda. Både ”spydet” i Bergensregionen og ”tårnet” i resten av Hordaland vil truleg kome tydelegare fram i åra som kjem.
0,0 %
0,4 %
0,8 %
1,2 %
1,6 %
2,0 % 0 år
2 år 4 år 6 år
8 år 10 år
12 år
14 år
16 år
18 år
20 år
22 år
24 år
26 år
28 år
30 år
32 år
34 år
36 år
38 år
40 år
42 år 44 år
46 år 48 år
50 år 52 år 54 år 56 år 58 år 60 år
62 år 64 år
66 år
68 år
70 år
72 år
74 år
76 år
78 år
80 år
82 år
84 år
86 år
88 år
90 år
92 år
94 år
96 år 98 år
100 år 102 år 104 år
Sunnhordland Hardanger, Voss, Osterfjorden
Bjørnefjorden, Vest, Nordhordland
Bergen
Figur 4.3: Figuren viser kor stor del av befolkninga kvart alderstrinn utgjer i fire grupper av kommunar per 1.1.2017. T.d. utgjer 0-åringar i Sunnhordland 1,1 % av befolk-ninga i regionen, mens 57-åringar utgjer 1,3% av befolkninga i Hardanger, Voss og Osterfjorden, og 26-åringar utgjer 1,8 % av befolkninga i Bergen. Trianglane i om-rådet 38 til 42 år markerer snittalderen for gruppene.
Kjelde: Utrekningar basert på data frå SSB Statistikkbanken via statistikk.ivest.no
16
Talet på pensjonistar per arbeidsfør aukar Figur 4.4 og 4.5 viser at det både for Bergensregionen og for resten av fylket blir ein større del eldre utan at det blir ein større del i arbeidsfør alder. I figur 4.6 har vi satt desse to forholdstala opp mot kvarandre, i ein brøk som viser talet personar i alderen 20-66 år per innbyggjar over 67 år.
For fleire regionar har det dei siste åra vore ein reduksjon i talet 20-66-åringar per innbyggjar over 67 år. Den gjennom-snittlege reduksjon i forholdstalet for regionane er 1,8% per år. Dette skuldast dels historiske tilhøve som små barnekull både i mellomkrigstida og under andre verdskrig, og dels at det store 1946-kullet nådde pensjonsalderen i 2013. Talet på eldre aukar også framover, og omsorgsbehovet blant etterkrigskullet vil auke. For nokre regionar vil dette påverke behovet for utbygging av omsorgstenester.
Figur 4.4: Befolkningspyramide for Bergensregionen, 2015 og 2041. Den vertikale aksa viser fordeling per eittårig alder, og den horisontale aksa viser prosent av befolkninga som befinn seg innan kvart trinn og kjønn.
Kjelde: Eigne berekningar. SSB Statistikkbanken.
Figur 4.5: Befolkningspyramide for Hardanger, Sunnhordland og Voss, 2015 og 2041. Den vertikale aksa viser fordeling per eittårig alder, og den horisontale aksa viser prosent av befolkninga som befinn seg innan kvart trinn og kjønn.
Kjelde: Eigne berekningar. SSB Statistikkbanken.
Figur 4.6: Figuren viser forsørgingsbøra etter region i Hordaland i perioden 1986 til 2041. Tala for 2018-2041 er framskrive med basis i Hordaland fylkeskommune sine befolkningsprognosar.
Kjelde: statistikk.ivest.no, fylkesprognoser.no
Med forsørgingsbyrde meinast talet personar i alderen 20-66 år i høve talet personar i alderen 67 år og eldre. Dvs. kor mange personar i yrkesfør alder (20-66 år) som må forsørgje kvar person i pensjonsalder (67 år eller meir). Dess høgare dette forholdtalet er, dess fleire kan forsørgje dei eldre og dess mindre er forsørgingsbøra.
1,0 % 0,5 % 0,0 % 0,5 % 1,0 % 0 år 5 år
10 år 15 år 20 år 25 år 30 år 35 år 40 år 45 år 50 år 55 år 60 år 65 år 70 år 75 år 80 år 85 år 90 år 95 år
Befolkningspyramide for Bergensregionen
2017 Kvinner 2017 Menn 2041
1,0 % 0,5 % 0,0 % 0,5 % 1,0 % 0 år 5 år
10 år 15 år 20 år 25 år 30 år 35 år 40 år 45 år 50 år 55 år 60 år 65 år 70 år 75 år 80 år 85 år 90 år 95 år
Befolkningspyramide for Hard., Sunnh., Voss
2017 Kvinner 2017 Menn 2041
0
1
2
3
4
5
6
7
1986
1989
1992
1995
1998
2001
2004
2007
2010
2013
2016
2019
2022
2025
2028
2031
2034
2037
2040
Sunnhordland Hardanger Voss Bjørnefjorden Bergen
Vest
Osterfjorden Nordhordland
17
5 Hushald og bustader
Figur 5.1: Figuren viser gjennomsnittleg kvadratmeterpris for einebustader, delte bustader og leilegheiter i Bergen og i Hordaland utanom Bergen. Prisane er konsumprisjustert til mars-2017-prisar. Prisane er basert på indeksar frå Eiendom Noreg.
Kjelde; Eiendom Norge og Statistikk.ivest.no
0
10 000
20 000
30 000
40 000
50 000
jan.
07
apr.0
7
jul.0
7
okt.0
7
jan.
08
apr.0
8
jul.0
8
okt.0
8
jan.
09
apr.0
9
jul.0
9
okt.0
9
jan.
10
apr.1
0
jul.1
0
okt.1
0
jan.
11
apr.1
1
jul.1
1
okt.1
1
jan.
12
apr.1
2
jul.1
2
okt.1
2
jan.
13
apr.1
3
jul.1
3
okt.1
3
jan.
14
apr.1
4
jul.1
4
okt.1
4
jan.
15
apr.1
5
jul.1
5
okt.1
5
jan.
16
apr.1
6
jul.1
6
okt.1
6
jan.
17
Einebustad i Bergen Einebustad i Hordaland utan Bergen Delt bustad i Bergen Delt bustad i Hordaland utan Bergen Leilegheit i Bergen Leilegheit i Hordaland utan Bergen
Bustadpriser i Hordaland (2017 kr) for utvalgte bustadtypar
Rekord for einebustader i BergenFigur 5.1 viser utviklinga i kvadratmeterprisar for utvalte bustadtypar i Hordaland utan Bergen og Bergen i perioden januar 2007 - mars 2017, prisjustert til mars-2017-prisar. Etter at bustadmarknaden nådde eit minimum i 2008 har vi observert ein jamn vekst for alle bustadtypar. Den sterkaste veksten har vore for leilegheiter i Bergen, mens leilegheiter i resten av fylket har hatt den svakaste veksten.
Leilegheitsprisane i Bergen ser ut til å ha stagnert og gått noko ned etter august 2015, då dei var på sitt høgaste. For einebustadar i begge områda må ein tilbake til mai 2016 for å finne dei høgaste prisane. Om vi ser på prisutviklinga dei siste 12 månedane er bildet snudd, då er det leilegheiter i Hordaland utanom Bergen som har hatt størst prisvekst, mens delte bustader og leilegheiter i Bergen har hatt negativ vekst.
18
Figur 5.2: Igangsette bustader i Hordaland og Bergen 2004-2016.
Kjelde: SSB statistikkbanken
Figur 5.3: Igangsette bustader i Regionane i Hordaland utanom Bergen, 2004-2016
Kjelde: SSB statistikkbanken
0
500
1 000
1 500
2 000
2 500
2004
2005 2006
2007
2008 2009
2010 2011
2012 2013
2014
2015 2016
Igangsette bustader Bergen
Igangsette bustader Hordaland u/Bergen
0
200
400
600
800
1 000
2004 2005
2006 2007
2008 2009
2010 2011
2012 2013
2014 2015
2016
Hardanger Voss Sunnhordland
Bjørnefjorden Osterfjorden Vest
Nordhordland
Sprik i bustadbyggingaI 2016 hadde Bergen lågare prosentvis folkevekst enn resten av Hordaland, og bustadbygginga heng etter. Figur 5.2 viser talet igangsette bustader i Bergen og i Hordaland utanom Bergen frå 2004 til og med 2016. For dei fleste åra vist her har bustadbygginga vore større utanfor Bergen enn i Bergen, men dette gjeld ikkje for 2016. Ikkje sidan 2010 har det blitt igangsett fleire bustader i Bergen.
Om vi ser vekk frå 2010 og 2011, har talet på igangsette bu-stader i Hordaland utanom Bergen halde seg stabilt mellom 1600 og 2000 per år.
Auke i fira av åtte regionarI alt blei det i 2016 igangsett 3 661 bustader i Hordaland, mot 3 051 bustader året før. Dette svarer til ein auke på 20 %.
Trass ein stor auke i den samla igangsette bustadbygginga frå 2015 til 2016 er det nedgang i dei same tala for halvparten av regionane (figur 5.3). Det var nedgang i regionane Sunnhorda-land, Bjørnefjorden, Osterfjorden og i Vest. Voss hadde deri-mot ein relativt stor auke frå 34 igangsatte bustader i 2015 til 178 i 2016. Hardanger, Nordhordaland og Bergen hadde også relativt stor vekst, alle på over 40 %.
I tal, blei det i 2016 igangsett 1 929 bustader i Bergen, 554 i Vest, 321 i Sunnhordland, 292 i Bjørnefjorden, 225 i Nordhord-land, 51 i Osterfjorden, 110 i Hardanger, og 178 på Voss.
I figur 5.2 og 5.3 har vi teken bort 770 bustader frå Sunn-hordland (Stord) i 2007, da det dette året blei igangsett (og ferdigstilt) eit uvanleg høgt tal hyblar knytt til Aker Stord.
0
2 000
4 000
6 000
8 000
10 000
12 000
14 000
16 000
18 000
0
200
400
600
800
1 000
1 200
1 400
1 600
1 800
2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Vest Sunnhordland
Nordhordland
Bjørnefjorden Hardanger
Voss
Osterfjorden Bergen (høgre akse) Hordaland (høgre akse)
19
Auka del innbyggjarar i låginntekthushaldDelen av hordalendingar som bur i låginntekthushald har auka dei siste åra. I snitt budde 8 % av befolkninga i Hordaland i låginntekthushald i perioden 2005 – 2014, mens det i 2015 var 9,6 %. Det er ein auke på 0,2 prosentpoeng frå året før (tabell 5.1).
Dersom vi samanliknar prosentdelen for 2015 med tala frå 2014, har 21 av fylket sine 33 kommunar hatt ein auke, Vaksdal kommune hadde uforandra status. 11 kommunar har lågare del låginntekthushald enn året før. Størst reduksjon hadde Ulvik (-2 %), Tysnes (- 1,9 %) og Austevoll (-1,2 %). I den andre enden finn vi Fedje, Fitjar og Sveio.
Askøy og Austevoll var dei kommunane der lågast del av befolkninga bur i låginntekthushald.
Færre eineforsørgarar i fylket dei siste åraMellom 2006 og 2012 auka talet på eineforsørgarar i fylket svakt, men jamt, frå 11 804 til 12 476 personar. Frå 2013 til 2016 har det vore nedgang og talet på eineforsørgarar er no lågare enn i 2006 (11 320).
I dei fleste regionane har det blitt færre eineforsørgarar. I Bergen har talet på eineførsørgarar lenge vore stabilt rundt 7000, men frå 2013 til 2016 er talet redusert til under 6000 personar. Frå 2015 til 2016 var det også ein reduksjon i talet på eineforsørgjarar i regionane Sunnhordaland, Hardanger, Voss, Osterfjorden og Nordhordaland. Bjørnefjorden og Voss har på si side hatt ein svak auke i same periode.
Tabell 5.1: Tabellen viser utviklinga i delen hushald med låg inntekt definert etter EU 60-skalaen. (døme på inntektsgrenser i 2014: einslege 207 400; einslege forsørgarar med to barn 331 900; par med to barn 435 600). Gjennomsnitt for perioden 2005-2014, siste oppgjeve år (2015) og endring 2014-2015.
Kjelde: statistisk sentralbyrå
Figur 5.4: Eineforsørgjarar i Hordaland perioden 2006-2016. Mor/ far med barn 0-17 år.
Kjelde: SSB via statistikk.ivest.no
Snitt - 2005-2014 2015 Endring
2014 - 2015
Bergen 10,0 % 10,8 % 0,3 %
Etne 8,7 % 8,3 % 0,4 %
Sveio 8,7 % 9,8 % 1,2 %
Bømlo 8,0 % 8,7 % 0,5 %
Stord 7,2 % 8,1 % 0,1 %
Fitjar 7,5 % 8,9 % 1,3 %
Tysnes 10,2 % 8,3 % -1,9 %
Kvinnherad 8,1 % 9,1 % 0,6 %
Jondal 8,9 % 7,6 % -0,2 %
Odda 8,2 % 8,3 % 0,4 %
Ullensvang 9,7 % 10,3 % 0,2 %
Eidfjord 9,7 % 8,0 % 0,2 %
Ulvik 11,0 % 9,5 % -2,0 %
Granvin 9,6 % 10,1 % -0,2 %
Voss 9,0 % 9,3 % -0,3 %
Kvam 8,3 % 8,7 % -0,2 %
Fusa 8,6 % 8,8 % 0,3 %
Samnanger 7,7 % 7,8 % 0,7 %
Os 7,2 % 8,2 % 0,4 %
Austevoll 7,1 % 6,8 % -1,2 %
Sund 8,0 % 8,6 % 0,3 %
Fjell 6,5 % 7,4 % 0,2 %
Askøy 6,5 % 6,8 % 0,2 %
Vaksdal 9,4 % 9,9 % 0,0 %
Modalen 10,2 % 7,1 % -0,3 %
Osterøy 8,5 % 8,0 % -0,3 %
Meland 6,4 % 7,2 % 0,4 %
Øygarden 7,6 % 8,5 % -0,5 %
Snitt - 2005-2014 2015 Endring
2014 - 2015
Radøy 8,8 % 8,7 % -0,2 %
Lindås 7,0 % 8,1 % 0,6 %
Austrheim 7,0 % 8,5 % 0,3 %
Fedje 7,8 % 9,5 % 2,3 %
Masfjorden 7,4 % 7,6 % 0,8 %
Hordaland 8,0 % 9,6 % 0,2 %
20
Desse prognosane er baserte på folketalsprognosar frå Hordaland fylkeskommune. Bustadkonsumet etter alder og kjønn er halde konstant: Alle endringane skuldast derfor endringar i befolkningssamansettinga. Årets folketals-prognoser estimerer lågare folketalsvekst enn tidligare års prognosar (sjå AUD-rappport nr. 1.1-,1.2-, og 1.3-2017).
Behov for 2 200 fleire bustader per årI 2040 vil det vere behov for over 53 000 fleire bustader i Hordaland enn det er i dag. Av desse vil Bergen trenge om lag 33 000, Vest vil trenge 11 000, mens i Nordhordland og Sunnhordland vil det vere behov for høvesvis 3 500 og 2 500. Dersom befolkningsprognosen treff og dagen busetnads- mønster held fram vil det vere behov for 1 300 færre busta-der i Hardanger.
Hushaldstypane aleinebuande, par utan barn og par med barn har det største behovet for bustader når ein ser på perioden 2016-2040 for heile fylket under eitt (figur 5.5). Bustadbeho-vet for aleinebuande utgjer 45 % av veksten, noko som tilseier i underkant av 24 000 bustader. Par utan barn utgjer 33 % av veksten, kring 17 000 bustader og par med barn ligg på 11 % eller i underkant av 6 000 bustader.
Tabell 5.2: Tabellen viser forventa auke i det totale bustadbehovet i perioden 2016-2040 i fylket som heile og i regionane. Bustadkonsumet etter alder og kjønn er halde konstant. Alle endringar vil difor skuldast samansettinga av befolkninga. Kjelde: Hordaland fylkeskommune sine befolknings- og bustadprognosar.
Figur 5.5: Venta fordeling av veksten i bustadbehovet etter type hushald, 2016-2040.
Kjelde: Hordaland fylkeskommune sine befolknings- og bustadprognosar.
-100 %
-80 %
-60 %
-40 %
-20 %
0 %
20 %
40 %
60 %
80 %
100 %
Hordaland
Sunnhordland
Hardanger Voss
Bjørnefjorden
Bergen Vest
Osterfj
orden
Nordhordland
Aleinebuande
Par utan barn
Par med barn
Mor/far med barn
Einfamiliehushald med vaksne barn
Fleirfamiliehushald utan barn
Fleirfamiliehushald med barn
2016 2020 2025 2030 2035 2040
2016-2040
Endring i tal Endring i prosent
Sunnhordland 26 180 26 739 27 380 27 938 28 286 28 406 2 226 9%
Hardanger 9 666 9 538 9 351 9 112 8 780 8 380 -1 286 -13%
Voss 5 916 5 988 6 073 6 154 6 220 6 259 343 6%
Bjørnefjorden 10 220 10 814 11 556 12 314 13 020 13 678 3 458 34%
Bergen 126 168 131 578 138 490 145 606 152 558 159 425 33 257 26%
Vest 24 459 26 306 28 638 30 979 33 248 35 470 11 011 45%
Osterfjorden 4 998 5 086 5 197 5 311 5 417 5 496 498 10%
Nordhordland 13 344 13 986 14 759 15 536 16 226 16 843 3 499 26%
Hordaland 220 951 230 035 241 444 252 950 263 755 273 957 53 006 24%
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Agnes Mowinckels gate 5Postboks 79005020 BergenTelefon: 55 23 90 00E-post: [email protected]