1
For e l d r e p u l s en® Grunnskule 11111011100 © februar 2016 Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2016 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakaten sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til. Skjult mobbing Skjult mobbing er vond, snikande og vanskeleg å oppdage. Mange jenter – og gutar – blir utsette for skjult mobbing. Som foreldre kan vi bidra til å få ein slutt på den skjulte mobbinga, om vi veit kva vi skal sjå etter. Det er vondt å kjenne seg utestengd frå det sosiale fellesskapet. Kva er skjult mobbing? Skjult mobbing er motsetninga til direkte mobbing. Direkte mobbing skjer i det opne, og kan vere både fysisk og verbal. Skjult mobbing startar ofte med baksnakking, ryktespreiing og utestenging. Det å bli frosen ut, ikkje få vere med, vere utsett for nedsettande blikk og bli gitt små teikn på at ein ikkje har verdi, er mobbing som kan vere frykteleg vanskeleg å fange opp. Skjult mobbing kan verke udramatisk for utanforståande og difor trur vaksne gjerne at vanskane ligg hos offeret. Mange barn og unge blir plaga på skjult måte i årevis, utan at dei vaksne fangar det opp eller gjer noko med det. Kva kan foreldre gjere? Foreldre er viktige aktørar for å avdekkje og få slutt på skjult mobbing. Ved å snakke med barna sine og følgje med på korleis dei er mot kvarandre på fritida, kan ein mistanke om skjult mobbing dukke opp. Det er gjerne summen av små drypp av negative signal som kan gjere at foreldre opplever at noko skurrar. Du kan sjå kven som går aleine, kven som sit mykje heime, og som ikkje blir invitert med. Sjå etter om barna snur seg vekk når mobbeofferet kjem, eller om dei flyttar jakka si for at den ikkje skal hengje ved sida av mobbeofferet si jakke. Som foreldre er det viktig at vi involverer skulen, om vi trur at nokon i skulemiljøet blir utsett for skjult mobbing. Skulen vil kunne gjennomføre observasjonar og elevsamtalar for å avdekkje mobbing, og kunne sette i gang tiltak i samarbeid med foreldra for å få slutt på den. Bare jenter? Skjult mobbing blir ofte kalla for «jentemobbing». Da er det viktig å vere klar over at sjølv om denne typen mobbing er vanlegare blant jenter, er det likevel òg gutar som blir utsette for og deltek i skjult mobbing. Dei som står bak den skjulte mobbinga er gjerne både ressurssterke og populære i klassen. Det kan gjere det enda vanskelegare for offeret å bli trudd. For å få slutt på mobbinga, må alle elevane i gruppa ta avstand frå det som hender. Teikn å være merksam på: ü Utfrysing ü Baksnakking ü Falske vener ü Ironi ü Latterleggjering ü Ryktespreiing ü Digital mobbing Vil du vite meir? FUG – Skjult mobbing Skjult mobbing Mobbing i det skjulte Relaterte artiklar i Foreldrepulsen: Det meste om mobbing >> Mobbeprogram og tiltak >> Mobbing eller ikkje? >> Kjelder: FUG, Unicef, UiS

p u l s e n ® Skjult mobbing - Foreldrepulsengruppa ta avstand frå det som hender. Teikn å være merksam på: ü Utfrysing ü Baksnakking ü Falske vener ü Skjult mobbingIroni

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: p u l s e n ® Skjult mobbing - Foreldrepulsengruppa ta avstand frå det som hender. Teikn å være merksam på: ü Utfrysing ü Baksnakking ü Falske vener ü Skjult mobbingIroni

Foreldrepulsen®Grunnskule11111011100© februar 2016

Foreldrepulsenereilisensiertabonnementsteneste.©2016infoREGI.infoREGIarbeideretterTekstreklameplakatensinereglarforgodpresseskikk.infoREGIharikkjeansvarforinnhaldpåeksternenettsidarsomdetlenkasttil.

Skjultmobbing

Skjult mobbing er vond, snikande og vanskeleg å oppdage. Mange jenter – og gutar – blir utsette for skjult mobbing. Som foreldre kan vi bidra til å få ein slutt på den skjulte mobbinga, om vi veit kva vi skal sjå etter.

Det er vondt å kjenne seg utestengd frå det sosiale fellesskapet. Kva er skjult mobbing? Skjult mobbing er motsetninga til direkte mobbing. Direkte mobbing skjer i det opne, og kan vere både fysisk og verbal. Skjult mobbing startar ofte med baksnakking, ryktespreiing og utestenging. Det å bli frosen ut, ikkje få vere med, vere utsett for nedsettande blikk og bli gitt små teikn på at ein ikkje har verdi, er mobbing som kan vere frykteleg vanskeleg å fange opp. Skjult mobbing kan verke udramatisk for utanforståande og difor trur vaksne gjerne at vanskane ligg hos offeret. Mange barn og unge blir plaga på skjult måte i årevis, utan at dei vaksne fangar det opp eller gjer noko med det.

Kva kan foreldre gjere? Foreldre er viktige aktørar for å avdekkje og få slutt på skjult mobbing. Ved å snakke med barna sine og følgje med på korleis dei er mot kvarandre på fritida, kan ein mistanke om skjult mobbing dukke opp. Det er gjerne summen av små drypp av negative signal som kan gjere at foreldre opplever at noko skurrar. Du kan sjå kven som går aleine, kven som sit mykje heime, og som ikkje blir invitert med. Sjå etter om barna snur seg vekk når mobbeofferet kjem, eller om dei flyttar jakka si for at den ikkje skal hengje ved sida av mobbeofferet si jakke. Som foreldre er det viktig at vi involverer skulen, om vi trur at nokon i skulemiljøet blir utsett for skjult mobbing. Skulen vil kunne gjennomføre observasjonar og elevsamtalar for å avdekkje mobbing, og kunne sette i gang tiltak i samarbeid med foreldra for å få slutt på den.

Bare jenter? Skjult mobbing blir ofte kalla for «jentemobbing». Da er det viktig å vere klar over at sjølv om denne typen mobbing er vanlegare blant jenter, er det likevel òg gutar som blir utsette for og deltek i skjult mobbing. Dei som står bak den skjulte mobbinga er gjerne både ressurssterke og populære i klassen. Det kan gjere det enda vanskelegare for offeret å bli trudd. For å få slutt på mobbinga, må alle elevane i gruppa ta avstand frå det som hender.

Teikn å være merksam på: ü Utfrysing ü Baksnakking ü Falske vener ü Ironi ü Latterleggjering ü Ryktespreiing ü Digital mobbing

Vil du vite meir?

FUG – Skjult mobbing

Skjult mobbing

Mobbing i det skjulte

Relaterte artiklar i Foreldrepulsen: Det meste om mobbing >> Mobbeprogram og tiltak >> Mobbing eller ikkje? >>

Kjelder:

FUG, Unicef, UiS