Upload
others
View
8
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
1
Denne rapporten inneheld dei nasjonale og regionale
resultata frå ForBedring 2018. ForBedring er ei
medarbeidarundersøking om arbeidsmiljø,
pasienttryggleikskultur og HMS
RESULTATRAPPORT FORBEDRING Nasjonal rapport frå undersøkinga i 2018
2
Innhald 1. Om ForBedring undersøkinga ............................................................................................................................. 3
1.1. ForBedring undersøkinga ........................................................................................................................... 3
1.2. Beskriving av måltala som er nytta ......................................................................................................... 5
1.3. Beskriving av temaområda i undersøkinga ......................................................................................... 5
1.4. Korleis lese resultatrapporten .................................................................................................................. 6
2. Resultata frå ForBedring 2018 ........................................................................................................................... 7
2.1. Overordna resultat alle tema ..................................................................................................................... 7
2.2.1 Resultat nasjonalt ................................................................................................................................. 8
2.2.2 Resultat per regionale helseføretak .............................................................................................. 9
2.2.3 Resultat per verksemd ..................................................................................................................... 13
2.2. Resultat innanfor tema Tryggleiksklima............................................................................................ 46
2.2.4 Resultat nasjonalt .............................................................................................................................. 46
2.2.5 Resultat per regionale helseføretak ........................................................................................... 47
2.2.6 Resultat per verksemd ..................................................................................................................... 51
3. Korleis blir resultata nytta i forbetringsarbeidet ..................................................................................... 94
3.1. Helse Vest ........................................................................................................................................................ 94
3.2. Helse Sør-Aust ............................................................................................................................................... 95
3.3. Helse Midt-Noreg ......................................................................................................................................... 97
3.4. Helse Nord ...................................................................................................................................................... 97
Vedlegg: Spørsmåla og tema ForBedring .............................................................................................................. 98
3
1. Om ForBedring undersøkinga
1.1. ForBedring undersøkinga ForBedring undersøkinga kartlegg ulike sider ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS
(helse, miljø og sikkerheit), som kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar, eller
verke negativt på tenesta si kvalitet og medarbeidarane si helse og engasjement.
Pasienttryggleikskultur, HMS og arbeidsmiljø er abstrakte begrep som må gis innhald for å bidra
til meiningsfull kommunikasjon og samhandling, og ForBedring bidrar til dette Undersøkinga
bidrar til ein felles tilnærming på tvers av verksemder i helsesektoren i Noreg.
ForBedring undersøkinga er ei «samansmelting» av tidlegare HMS-, pasienttryggleik- og
medarbeidarundersøkingar.
Undersøkinga består av 39 spørsmål knytt til følgjande tema:
Engasjement
Teamarbeidsklima
Arbeidsforhold
Tryggleiksklima
Psykososialt arbeidsmiljø
Opplevd leiaråtferd
Toppleiar si rolle i pasienttryggleiksarbeidet
Fysisk miljø
Oppfølging
Temaområda er beskrivne i avsnitt 1.3, og spørsmåla innanfor kvart temaområde ligg som
vedlegg til sluttrapporten.
Resultata frå undersøkinga skal gi leiarar og medarbeidarar informasjon til å kunne redusere
risiko for uønskte hendingar, blant anna ved å forbetre lokalt arbeidsmiljø og tryggleiksskultur.
Undersøkinga skal nyttast som eit kunnskapsgrunnlag i utvikling av handlingsplaner og
forbetringsarbeid.
Undersøkinga blei gjennomført i alle verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest, Helse Nord,
Helse Midt-Norge og Helse Sør-Aust, samt fleire private ideelle verksemder i perioden frå 1.
februar til og med 13. april 2018. Alle medarbeidarar med eit aktivt stillingsforhold blei inviterte
til å delta i undersøkinga.
Verksemdene som har delteke i undersøkinga er lista i Tabell 1.
4
Tabell 1: Verksemder som har delteke i ForBedring
Verksemder i føretaksgruppa Helse Vest
Verksemder i føretaksgruppa Helse Sør-Aust
Verksemder i føretaksgruppa Helse Midt-Norge
Verksemder i føretaksgruppa Helse Nord
Private ideelle verksemder
Helse Stavanger HF
Akershus Universitetssykehus HF
Helse Møre og Romsdal
Finnmarkssykehuset Haraldsplass Diakonale Sykehus
Helse Fonna HF Oslo Universitetssykehus HF
Helse Nord Trøndelag
Universitetssykehuset Nord-Norge
Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus
Helse Bergen HF Sunnaas Sykehus HF
Hemit Nordlandssykehuset Jæren Distriktspsykiatriske Senter
Helse Førde Sykehuset i Vestfold HF
Helse Midt-Norge RHF
Helgelandssykehuset Voss Distriktspsykiatriske Senter
Helse Vest RHF Sykehuset Innlandet HF
St. Olavs Hospital Sykehusapotek Nord Solli Distriktspsykiatriske Senter
Helse Vest IKT Sykehuset Telemark HF
Sykehusapotekene HMN
Helse Nord IKT Olaviken Alderspsykiatriske Senter
Sjukehusapoteka Vest
Sykehuset Østfold HF
Helse Nord RHF Betanien Hospital Telemark
Sørlandet Sykehus HF
Lovisenberg Diakonale Sykehus
Vestre Viken HF Martina Hansens Hospital
Helse Sør-Øst RHF Frambu
Sykehusapotekene HSØ
Diakonhjemmet
Sykehuspartner HF Revmatismesykehuset Lillehammer
Resultata frå undersøkinga i den nasjonale sluttrapporten er samanstilt av Helse Vest RHF.
Presentasjonen av resultata i rapporten er basert på resultatrapportar som er utarbeida i
fellesskap med verksemdene som har delteke i ForBedring undersøkinga.
Måltal og tema som er nytta i undersøkinga er beskrivne i dei neste avsnitta.
5
1.2. Beskriving av måltala som er nytta For å kunne tolke resultata som blir presenterte i denne rapporten er det viktig å forstå måltala
som er nytta i forbindelse med undersøkinga. Måltala er beskrivne kort i avsnitta under.
Del som har svara
Del som har svara er det same som svarprosent. Måltalet er berekna basert på talet
medarbeidarar som har svara på undersøkinga dividert på talet medarbeidarar som blei
inviterte til å delta.
Gjennomsnittsskår
Gjennomsnittskår er den skåren du får dersom du legg saman skåren frå alle svara og deler på
talet svar. Måltallet gir ein indikasjon på skåren til føretaket samla på aktuelt spørsmål.
Spreiing
Spreiing er eit uttrykk for variasjonen i svara på spørsmåla i undersøkinga. Ei høg spreiing på
eit spørsmål vil seie at medarbeidarane har svara ulikt på spørsmålet. Spreiinga er 0 dersom alle
medarbeidarane har svara likt på eit spørsmål. Den høgast moglege spreiing i svara innanfor eit
spørsmål er 50.
Referanseskår
Referanseskår er gjennomsnittsskår per spørsmål for alle verksemdene som har delteke i
undersøkinga.
Del medarbeidarar som har skåra «heilt einig» og/eller «litt einig»
Prosentdelen medarbeidarar som skårar 75 eller høgare viser kor stor del av medarbeidarane
som har svara «Heilt einig» og/eller «Litt einig» på spørsmål om Tryggleiksklima.
Del einingar der minst 60 % av medarbeidane har skåra «heilt einig» og/eller «litt einig»
Indikatoren er eit uttrykk for kor stor del av einingane/avdelingane der seksti prosent (60 %) av
medarbeidarane har skåra høgt (skår er 100 eller 75) på spørsmåla innanfor temaet
Tryggleiksklima. Indikatoren er basert på teller (talet på einingar der minst seksti prosent av
medarbeidarane har svara «Heilt einig» eller «Litt einig») og nemnar (talet på einingar).
Indikatoren kan nyttast til å vise kor mange einingar/avdelingar i eit føretak, klinikk eller
avdeling som skårar høgt.
Del einingar der minst 80 % av medarbeidane har skåra «heilt einig» og/eller «litt einig»
Sjå beskrivinga rett ovanfor.
Svaralternativet «Veit ikkje/ikkje relevant» er rekna som ikkje svart, og er derfor ikkje inkludert
i berekning av måltala.
1.3. Beskriving av temaområda i undersøkinga For å kunne tolke resultata som blir presenterte i denne rapporten er det også viktig å forstå dei
ulike temaområda i undersøkinga. Resultata innanfor kvart temaområde er basert på fleire
spørsmål (sjå vedlegg). Temaområda er beskrivne kort i avsnitta under.
Engasjement
Engasjement belyser kor nøgde medarbeidarane er med oppgåver, undervisning, rettleiing og
arbeidsstaden totalt sett. Engasjement verkar inn på ei rekkje ulike prestasjonar. Høgt
jobbengasjement verkar positivt inn på motivasjon og jobbutføring. Høg skår indikerer eit høgt
engasjement.
6
Teamarbeidsklima
Teamarbeidsklima belyser openheit, samarbeid og støtte mellom kollegaer og yrkesgrupper
både internt og på tvers av einingar. Manglande koordinering og samhandling mellom einingar i
sjukehus er eit risikoområdet innanfor pasienttryggleik som det er viktig å kartleggje. Høg skår
indikerer eit høgt teamarbeidsklima.
Arbeidsforhold
Arbeidsforhold belyser arbeidsmengde og tempo, samt tilgjengelege ressursar og hjelpemiddel.
Det tek opp ulike belastingar som kan verke negativt inn på motivasjon og helse. Dette er
risikoforhold som det er viktig å ha under oppsyn. Høg skår indikerer at det er tilstrekkeleg med
ressursar og hjelpemiddel, samt at arbeidsmengde og tempo er lite belastande.
NB! Merk at skårskala er annleis for spørsmåla, påstandane og svaralternativa er motsatt.
Tryggleiksklima
Tryggleiksklima kartlegg varslingskulturen, og kor trygg og open denne er. Det belyser forhold
som verkar inn på kvalitet og pasienttryggleik. Høg skår indikerer ein god varslingskultur og
openheit.
Resultata innanfor dette tema skal rapporterast til Helsedirektoratet.
Psykososialt arbeidsmiljø
Psykososialt arbeidsmiljø tek opp mobbing, trakassering, diskriminering og korleis
medarbeidarane blir ivaretekne dersom ei hending skulle oppstå. Høg skår indikerer trygt
arbeidsmiljø og god handtering av eventuelle konfliktar.
Opplevd leiaråtferd
Opplevd leiaråtferd belyser relasjonen mellom leiar og medarbeidarar. Leiing har stor betyding
for arbeidsmiljø og pasienttryggleik. Høg skår indikerer god leiarskap.
Toppleiar si rolle i pasienttryggleiksarbeidet
Toppleiar si rolle i pasienttryggleiksarbeidet kartlegg om administrerande direktør støttar opp
om arbeidet med pasienttryggleik i helseføretaket. Høg skår indikerer at medarbeidarane
meiner at administrerande direktør støtter opp om arbeidet med pasienttryggleik.
Fysisk arbeidsmiljø
Fysisk arbeidsmiljø kartlegg ulike forhold som medfører risiko for helseplager, og ivaretar
arbeidsmiljølova, samt Forskrift om organisering, leiing og medverknad. Høg skår indikerer at
det er gode arbeidsforhold og tilrettelegging for medarbeidarar.
Oppfølging
Oppfølging av undersøkinga kartlegg om det blir arbeidd systematisk med forbetringar. Høg
skår indikerer at det blir arbeidd systematisk med forbetring.
1.4. Korleis lese resultatrapporten Denne rapporten inneheld nasjonale resultat frå ForBedringsundersøkinga per tema (kapittel 2)
og ei beskriving av korleis det blir arbeida med forbetringsarbeidet i dei ulike helseregionane
(kapittel 3).
7
2. Resultata frå ForBedring 2018 Resultata frå undersøkinga er delt i to delar; (2.1) overordna resultat for alle tema og (2.2)
resultata innanfor tema Tryggleiksklima. Tryggleiksklima er trekt spesielt fram fordi resultata
skal rapporterast til Helsedirektoratet (sjå Føretaksprotokollen 2018, side 3).
2.1. Overordna resultat alle tema Resultata som er presenterte viser fordeling av svara per tema.
8
2.2.1 Resultat nasjonalt
9
2.2.2 Resultat per regionale helseføretak
Føretaksgruppa i Helse Vest
10
Føretaksgruppa i Helse Sør-Aust
11
Føretaksgruppa i Helse Midt-Noreg
12
Føretaksgruppa i Helse Nord
13
2.2.3 Resultat per verksemd
Føretaksgruppa i Helse Vest
Helse Stavanger
14
Helse Fonna
15
Helse Bergen
16
Helse Førde
17
Sjukehusapoteka Vest
18
Helse Vest IKT
19
Helse Vest RHF
20
Føretaksgruppa i Helse Sør-Aust
Akershus Universitetssykehus HF
21
Oslo Universitetssykehus HF
22
Sunnaas Sykehus HF
23
Sykehuset i Vestfold HF
24
Sykehuset Innlandet HF
25
Sykehuset Telemark HF
26
Sykehuset Østfold HF
27
Sørlandet Sykehus HF
28
Vestre Viken HF
29
Helse Sør-Øst RHF
30
Sykehusapotekene HSØ
31
Sykehuspartner HF
32
Føretaksgruppa i Helse Midt-Noreg
Helse Møre og Romsdal
33
Helse Nord Trøndelag
34
St. Olavs Hospital
35
Hemit
36
Sykehusapotekene HMN
37
Helse Midt-Norge RHF
38
Føretaksgruppa i Helse Nord
Finnmarkssykehuset
39
Universitetssykehuset Nord-Norge
40
Nordlandssykehuset
41
Helgelandssykehuset
42
Sykehusapotek Nord
43
Helse Nord IKT
44
Helse Nord RHF
45
Private ideelle verksemder
46
2.2. Resultat innanfor tema Tryggleiksklima Resultata som er presenterte viser ulike måltall (sjå avsnitt 1.2) for tema Tryggleiksklima.
2.2.4 Resultat nasjonalt
47
2.2.5 Resultat per regionale helseføretak
Føretaksgruppa i Helse Vest
48
Føretaksgruppa i Helse Sør-Aust
49
Føretaksgruppa i Helse Midt-Noreg
50
Føretaksgruppa i Helse Nord
51
2.2.6 Resultat per verksemd
Føretaksgruppa i Helse Vest
Helse Stavanger
52
Helse Fonna
53
Helse Bergen
54
Helse Førde
55
Sjukehusapoteka Vest
56
Helse Vest IKT
57
Helse Vest RHF
58
Føretaksgruppa i Helse Sør-Aust
Akershus Universitetssykehus HF
59
Oslo Universitetssykehus HF
60
Sunnaas Sykehus HF
61
Sykehuset i Vestfold HF
62
Sykehuset Innlandet HF
63
Sykehuset Telemark HF
64
Sykehuset Østfold HF
65
Sørlandet Sykehus HF
66
Vestre Viken HF
67
Helse Sør-Øst RHF
68
Sykehusapotekene HSØ
69
Sykehuspartner HF
70
Føretaksgruppa i Helse Midt-Noreg
Helse Møre og Romsdal
71
Helse Nord Trøndelag
72
St. Olavs Hospital
73
Hemit
74
Sykehusapotekene HMN
75
Helse Midt-Norge RHF
76
Føretaksgruppa i Helse Nord
Finnmarkssykehuset
77
Universitetssykehuset Nord-Norge
78
Nordlandssykehuset
79
Helgelandssykehuset
80
Sykehusapotek Nord
81
Helse Nord IKT
82
Helse Nord RHF
83
Private ideelle verksemder
Haraldsplass Diakonale Sykehus
84
Jæren DPS
85
Solli DPS
86
Voss DPS
87
Olaviken Alderspsykiatriske Senter
88
Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus
89
Lovisenberg Diakonale Sykehus
90
Martina Hansens Hospital
91
Frambu
92
Diakonhjemmet
93
Revmatismesykehuset Lillehammer
94
3. Korleis blir resultata nytta i forbetringsarbeidet Dette kapittelet tek for seg forbetringsarbeidet i regionane.
3.1. Helse Vest Føretaka i Helse Vest er godt i gang med oppfølgingsarbeidet av ForBedring undersøkinga.
I forbindelse med undersøkinga har alle føretaka laga eigne sider på intranett for ForBedring, og
er det utarbeida ei felles regional verktøykasse med mykje støtte- og kommunikasjonsmateriell
for gjennomføring, opplæring og oppfølging av undersøkinga lokalt. Rapport med resultata frå
undersøkinga er standardisert og automatisert gjennom datavarehuset i Helse Vest IKT, og gjekk
ut til alle leiarar dagen etter at undersøkinga vart lukka.
Det er leiar sitt ansvar å ta stilling til resultata frå undersøkinga og å nytte dei i
forbetringsarbeid. Sjølv om verneombod og tillitsvalde har fått tilgang til resultata frå
undersøking i Helse Vest på lik linje med leiar, er leiar ansvarleg for å dele resultata frå
undersøkinga med verneombod, tillitsvalde og medarbeidarar i eigen eining. Som oppfølging til
ForBedring undersøkinga er det leiar sitt ansvar, i samarbeid med medarbeidarar, å utvikle og
følgje opp skriftleg handlingsplan.
For å understøtte oppfølginga av undersøkinga er det blant anna utforma ein overordna
anbefala prosess regionalt. Nokre verksemder har utforma eigne prosessar, men mykje av
innhaldet er likt. Den overordna prosessen er vist i figuren under.
Figur 1: Anbefala overordna prosess for oppfølging og forbetring av resultat frå ForBedring
Regionalt har ForBedring undersøkinga vore tema på regional toppleiarsamling der alle
helseføretaka har lagt fram arbeidet med oppfølging av resultat frå undersøkinga. Det er også
gjennomført opplæring av alle tillitsvalde og verneombod i Helse Vest på eigne samlinger for
tillitsvald- og verneombod i regionen i mars. Vidare er det er gjennomført opplæring i bruk av
resultatrapport for lokale prosjektgrupper som bistår leiarar i oppfølgingsarbeidet, og det er
Anbefalt overordna prosess for oppfølging og forbetring av resultat frå ForBedring undersøkinga
Med
arb
eid
ar g
rup
pa,
m
ed f
leir
eLe
iar
- Det er viktig at du som leiar involverar medarbeidarar, verneombod og tillitsvalde i arbeidet med ForBedring.
Hente ut resultat frå ForBedring
undersøking inkl. andre relevante
kjelderDiskutere
resultata frå ForBedring
undersøkinga, samt andre relevante
kjelder med medarbeidarar, verneombod og
tillitsvalde*
Gjennomføre og diskutere
risikovurdering med
medarbeidarar, verneombod og
tillitsvalde*
Gjennomføre og diskutere
finkartlegging med
medarbeidarar, verneombod og
tillitsvalde*
Utarbeide handlingsplan
med medarbeidarar
Iverksette og følge opp
handlingsplan
Ja
Nei
Ja
Nei
ForBedring undersøking gjennomført og resultata
klare
Er tiltak nødvendig?
Er det behov for
finkartlegging (HMS)?
Plan
DoStudy
Act
Planlegg
GjennomførEvaluer
Korriger
*Leiar ber om bistand frå HMS-, kvalitets-, og pasientryggleiksrådgivarar i den grad det er behov for dette. Resultata kan legges frem for AMU og FAMU ved behov.
95
laga ein teknisk rettleir (kort og lang versjon) og rettleiingsvideo som er tilgjengeleg for alle
medarbeidarar.
Føretaka behandlar dei samla resultata for verksemnda i føretaksleiinga, og orienterar føretaket
sitt styre om resultata og korleis desse blir fulgt opp. Styret i Helse Vest RHF er orientert om
resultat frå undersøkinga.
Lokalt har føretaka i Helse Vest gått gjennom rettleiaren for oppfølging og forbetring av resultat
på leiarmøter og andre fora med leiarar. Nokre har òg gjennomført lunsjmøter for å gje ein innføring i resultatrapporten og vere ein generell støtte for leiarar. Resultata er òg bli drøfta med
tillitsvalde og vernetenesta. Tiltak blir vurderte fortløpande og sette i verk der det er behov.
Handlingsplanar skal vere så konkrete som mulig med konkrete mål. Nokre føretak planlegg å
gjere handlingsplanane tilgjengelege på føretaket sitt intranett med tidsfristar for å levere på
tiltak som er identifiserte i handlingsplanen. Andre føretak melder om at handlingsplanar jamleg
skal evaluerast på personalmøter.
3.2. Helse Sør-Aust Føretaka i Helse Sør-Aust følger anbefalingane fra den nasjonale arbeidsgruppa som utvikla
ForBedring. Med ein felles innsats og lik metodikk der «alle på alle nivåer gjør det», er målet at
utvikling av arbeidsmiljøet og pasienttryggleikskulturen er ein naturlig del av det løpende drifts-
og utviklingsarbeidet verksemdene i føretaksgruppa.
ForBedring er ein av fleire informasjonskjelder som kartlegger arbeidsmiljøet og
pasienttryggleikskulturen i verksemdene. Dei offentlige helseføretaka samt de private/ideelle
foretakene som har driftsavtale med RHFet deltek i dette. Oppfølgingsarbeidet av ForBedring
starta for dei fleste føretaka i forkant av kartlegginga med informasjon til leiarar, verneombod
og tillitsvalde om føretaket sin systematikk for kontinuerleg forbetringsarbeid, metodikk for
risikovurderingar samt krav føretaka har til lokale handlingsplanar og oppfølginga av
ForBedring undersøkinga.
Hovedregelen for oppfølging av ForBedring undersøkinga er at medarbeidane skal involverast i
tolking av resultata og utvikling av tiltak for eigen eining. Alle einingar der meir enn fem
medarbeidarar har svara får ein eigen resultatrapport tilsendt. Rapporten og dialogen med
medarbeidarane skal føre til konkrete innspel til den lokale handlingsplanen. Føretaka har satt
frist for etablering av tiltak i den lokale handlingsplanen seinast 3 månader etter at rapportane
er distribuert i føretaket.
Resultata frå ForBedring undersøkinga må sjåast saman med risikovurderingar som er
gjennomført og annan informasjon som illustrert i figuren under.
96
Figur 2: Overordna modell ForBedring undersøkinga
Alle helseføretak behandler dei samla resultata for verksemnda i føretaksleiinga, og orienterar
føretaket sitt styre om resultata og korleis desse blir fylgja opp. Føretaksleiinga fylgjer opp at
leiarar på alle nivå i verksemnda gjennomførar tilbakemeldings- og utviklingsmøter, samt at dei
lokale handlingsplanane blir oppdaterte. Leiarar på overordna nivå mottek rapportar som viser
resultata i dei underliggende einingane, og leiarar av leiargrupper mottek rapport for sin eigen
leiargruppe. I tillegg til å følge opp arbeidet i dei underordna einingane får administrerande
direktør i kvart helseførteak resultata for eiga leiargruppe, som blir diskutert med deltakarane i
leiargruppa. Det blir utforma forbedringstiltak på områder leiargruppa velger ut som viktig å
jobbe med. Metodikken følges på samme måte i heile verksemda og for kvart enkelt leiarnivå.
Oppfølging av ForBedring blir også behandla som ein sak i føretaket sitt arbeidsmiljøutval og
kvalitetsutval. Fleire føretak har til vurdering å etablere eit felles treffpunkt mellom utvala som
behandlar saker om arbeidsmiljøet (AMU) og kvalitet/pasientsikkerhet (kvalitetsutvalg,
pasientskadeutvalg) for ein meir samordna oppfølging og meir koordinert støtte og oppfølging
frå stabseiningane til leiarar. Helse Sør-Øst RHF har førespurd alle helseføretak om å gjere greie
for kvifor nokre tiltak dei har etablert for å støtte sine leiarar i arbeidet med oppfølging av
kartlegginga, og då særskilt kva støtte dei tilbyr leiarar av einingar med lågare skår på kritiske
tema (Ledelse, psykososialt arbeidsmiljø, teamarbeidsklima). Leiarar av einingar med ekstra
utfordringar vil primært fylgjast opp av overordna leiing, som også kan be stabsressursane om
ekstra leiarstøtte der det er behov for det. Fleire føretak har over tid utvikla eit «støttekorps» av
prosessrettleiarar, som gir leiar-til-leiar rettleiing ved krevjande saker. Leiarar kan også be om
tenester frå bedriftshelsetjenesta, og Konsernverneombodet i regionen viser til at leiarar også
ber vernetenesta om råd og støtte i oppfølginga av ForBedring.
97
3.3. Helse Midt-Noreg Alle einingar i regionen er godt i gang med oppfølgingsarbeidet av ForBedring 2018.
Helseføretaka har tydelege fristar og oppfølgingsmetodikk med vekt på utarbeiding av
handlingsplanar og temabaserte tiltaksområder. Hovudresultata har vore diskutert i
leiargruppene og i AMU i dei ulike helseføretaka.
Det er eit mål at alle medarbeidarane skal involverast i oppfølginga av
medarbeidarundersøkinga med etablering av bevarings- og forbetringstiltak i egen eining.
Opplæring har vore viktig for å forberede organisasjonen på korleis vi skal bruke ForBedring til
lokal forbetring av arbeidsmiljø og pasienttryggleikskultur. Til saman har ca. 700 gjennomført
opplæring i ein eller annan form i helseføretaka i regionen, med tydeliggjering av ulike roller i
oppfølgingsarbeidet; leiarar, HR-rådgivarar, verneombod og tillitsvalde. Felles for opplæringane
har vore korleis ein skal lese og tolke rapportane, tips og idéar til korleis ein kan gjennomføre
tilbakemeldingsmøter, refleksjon/diskusjon rundt tema i undersøkinga og kontinuerlig
forbetringsmetodikk. HR-rådgivarar har i tillegg gjennomført opplæring i korleis dei skal bistå
leiarar og leiargrupper i oppfølgingsarbeidet med vekt på prosessrettleiing.
På St. Olavs har hovudleiinga gitt signal om særleg oppfølging av tema tryggleiksklima,
psykososialt arbeidsmiljø og opplevd leiaråtferd. Resultata frå ForBedring 2018 skal leggje
grunnlag for temabaserte vernerundar.
For å oppnå kontinuerleg oppfølging frem til neste kartlegging, vil status på oppfølgingsarbeidet
følgjast opp tertialvis i ulike møtefora som er etablert i helseføretaka. Helse Midt-Noreg RHF vil
følgje opp helseføretaka i dialogmøte.
3.4. Helse Nord I Helse Nord RHF blei føretaksgruppa tidleg einige om å ha felles/lik forvalting av undersøkinga
ved alle føretak i regionen. Det blei og laga overordna prosessar for rapportering og oppfølging
av resultata frå ForBedring. Det innebefattar at det er tidfesta fristar for når helseføretaka og
leiarane skal få rapportar, når handlingsplanar skal vere utarbeida og når forbetringsarbeidet
skal starta.
I Helse Nord er det lagt stor vekt på organisering av gjennomføring av undersøkinga og
oppfølginga av forbetringsarbeidet. Det er laga felles opplæringsmateriell til bruk i føretaka. Alle
leiarar i helseføretaka har fått tilbod om opplæring. I tillegg har alle leiarar har fått tilbod om
hjelp til å ta ut rapporten frå si eining/avdeling og bistand til å lese den. Leiarar ved einingar
som scorar lågt har fått tilbod om oppfølging.
Føretaksgruppa i Helse Nord nyttar felles metodikk og verktøy for forbetringsarbeidet. Metodikken inneheld både gangen i forbetringsarbeidet og verktøy for korleis ein skal gå fram for å få til varige forbetringar. Det er heilt avgjerande for tillita til undersøkinga at medarbeidarane får delta i arbeidet med å forbetre arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken. Derfor har vi lagt stor vekt på oppfølginga av forbetringsarbeidet. Føretaka har stilt krav til at alle leiarar skal utarbeide handlingsplanar saman med medarbeidarane.
Helse Nord er i regi av det regionale forvaltningsforumet i gang med evaluering av første
gjennomføring av ForBedring undersøkinga. Det skal vere ein workshop i Bodø 14-15. juni.
Forut for dette skal det gjennomførast evaluering i helseføretaka som grunnlag.
98
Vedlegg: Spørsmåla og tema ForBedring TEMA # SPØRSMÅL
En
ga
sje
me
nt
1. Arbeidsoppgåvene mine engasjerer meg.
2. Eg seier til vennene mine at dette er ein god stad å jobbe.
3. Eg får utvikle meg gjennom jobben.
4. Eg får tilstrekkeleg undervisning og rettleiing til å kunne gjere ein god jobb.
5. Eg får konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet eg utfører.
6. Alt i alt er eg godt nøgd med å jobbe her.
Te
am
arb
eid
s-
kli
ma
7. Forskjellige yrkesgrupper samarbeider godt her.
8. Samarbeidet med andre einingar fungerer godt. 9. Eg får støtte og hjelp frå arbeidskollegaene mine når eg treng det.
10. Det er lett å spørje når det er noko eg ikkje forstår.
11. Det er lett å seie frå om problem i pasientbehandlinga her.
Arb
eid
s-
forh
old
12. Eg må av og til utføre arbeidsoppgåver utan å ha nok ressursar eller hjelpemiddel til å fullføre dei.
13. Arbeidsbelastinga mi er for stor (for mange oppgåver, for høgt arbeidstempo eller krav om å gjere fleire ting samtidig).
14. Eg rekk sjeldan å ta pause eller ete i løpet av ein arbeidsdag / ei vakt.
Sik
ke
rhe
tsk
lim
a 15. Eg melder frå om avvik og hendingar som kan føre til skade eller feil.
16. Det er trygt å seie frå om kritikkverdige forhold her. 17. Vi diskuterer ope feil og hendingar som oppstår, for å lære av dei. 18. Kollegaene mine oppmuntrar meg til alltid å seie frå dersom eg er uroleg for noko
som har med tryggleiken å gjere. 19. Her blir medisinske feil (behandlingsrelaterte forhold som gir / kunne ha gitt eit
negativt utfall for pasienten) handterte rett. 20. Eg ville føle meg trygg dersom eg var pasient her.
Psy
ko
sosi
alt
a
rbe
idsm
iljø
21. Eg vil bli godt vareteken om eg skulle bli utsett for truslar eller vald her.
22. Her blir ingen utsette for mobbing eller trakassering.
23. Her blir ingen utsette for seksuell trakassering
24. Her blir ingen utsette for diskriminering.
25. Når konfliktar oppstår her, blir dei handterte på ein god måte.
Op
ple
vd
led
era
tfe
rd 26. Min nærmaste leiar har tydelege forventingar til arbeidet mitt.
27. Min nærmaste leiar er tilgjengeleg for meg når eg har behov for det.
28. Min nærmaste leiar følgjer opp uønskte hendingar og forbetringsforslag.
29. Min nærmaste leiar oppmuntrar meg til å seie frå om eg har ei anna meining.
99
To
pp
led
ers
ro
lle
i
pa
sie
nts
ikk
er
-he
tsa
rbe
ide
t 30. Administrerande direktør støttar opp om arbeidet med pasienttryggleik i helseføretaket.
Fy
sisk
mil
jø
31. Det er eit godt fysisk arbeidsmiljø her (luft, lys, støy, støv, vibrasjonar og likande).
32. Her blir det arbeidd godt med brannvern.
33. Her blir arbeidet tilrettelagt slik at muskel- og skjelettplagar blir førebygde.
34. Her blir alle godt beskytta mot skadelege kjemikaliar og biologiske farar.
35. Her blir det arbeidd godt med smittevern.
36. Her blir det arbeidd godt med strålevern.
37. Her er tryggleiken ved bruk av maskinar, tekniske hjelpemiddel eller utstyr godt vareteken.
38. Her blir det arbeidd godt med å unngå negativ påverknad på det ytre miljøet.
Op
pfø
lg
ing
39. Her blir det arbeidd systematisk med å forbetre arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken.
40. (Frå og med 2019) Eg har vore involvert i oppfølginga av den førre ForBetring-kartlegginga.