16
Saksframlegg Budsjett 2016 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2015/66 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 09.12.2015 Saksbehandlar: Heidi Anita Nilsen Arkivreferanse: 2015/3700 Forslag til vedtak: 1. Styret i Helse Møre og Romsdal vil rose dei tilsette for det gode arbeidet som blir lagt ned i høve til pasientbehandlinga. 2. Styret for Helse Møre og Romsdal sluttar seg til eit resultatkrav på 25,6 mill. kroner for 2016. Resultatkravet vil bli korrigert ved eventuelle endringar i basisramme for 2016 frå Helse Midt-Norge RHF. 3. Styret for Helse Møre og Romsdal er bekymra for høg inngangshastigheit i 2016 og ber adm .direktør sette i verk tiltak for å sikre ei riktig utvikling. Ålesund, 03. desember 2015 Espen Remme Administrerande direktør

Sak 2015-66 - Budsjett 2016 og protokoll/Sak 2015-66... · Sak 92-15 Inntekts og aktivitetsfordeling 2016 Helse Midt-Norge Sak 58-15 Langtidsplan og ... (sepsis). Fleire miljø har

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Saksframlegg

Budsjett 2016 Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2015/66 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 09.12.2015

Saksbehandlar: Heidi Anita Nilsen Arkivreferanse: 2015/3700

Forslag til vedtak:

1. Styret i Helse Møre og Romsdal vil rose dei tilsette for det gode arbeidet som blir lagt ned i høve til pasientbehandlinga.

2. Styret for Helse Møre og Romsdal sluttar seg til eit resultatkrav på 25,6 mill. kroner for 2016. Resultatkravet vil bli korrigert ved eventuelle endringar i basisramme for 2016 frå Helse Midt-Norge RHF.

3. Styret for Helse Møre og Romsdal er bekymra for høg inngangshastigheit i 2016 og ber adm .direktør sette i verk tiltak for å sikre ei riktig utvikling.

Ålesund, 03. desember 2015 Espen Remme Administrerande direktør

2

Saksutgreiing: Det er for budsjettåret 2016 lagt fram fleire styresaker som omhandlar budsjett både i Helse Møre og Romsdal HF og i Helse Midt Norge RHF. Vi viser til tidlegare styresaker i Helse Møre og Romsdal: Sak 2015-57 - Status budsjett 2016

Sak 2015-44 - Innretning budsjett 2016

Sak 2015-36 - Langtidsbudsjettet (LTB) HMR 2016-2021

Sak 2015-26 - Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016 - 2021

Vi viser vidare til styresaker i Helse Midt-Norge som har betydning for rammevilkåra i budsjett 2016:

Sak 92-15 Inntekts og aktivitetsfordeling 2016 Helse Midt-Norge

Sak 58-15 Langtidsplan og - budsjett 2016-2021 Helse Midt-Norge

Sak 57-15 Finansstrategi for Helse Midt-Norge

Vedtak i sak 92-15, Inntekts og aktivitetfordeling 2016 Helse Midt-Norge, dannar grunnlaget for inntektsrammene til Helse Møre og Romsdal for budsjettåret 2016. Styret i Helse Midt Norge RHF gjorde følgjande vedtak i saka:

1. «Styret for Helse Midt-Norge RHF vedtar inntektsfordeling for 2016 i henhold til tabell under:

2. Styret viser til samlet aktivitetsbestilling i Prop. 1 S (2015-2016). Veksten innenfor psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling skal hver for seg være høyere enn veksten innenfor somatikken, jf den gylne regel.

3. Helseforetakenes resultatkrav for 2016 skal fastsettes med utgangspunkt i investeringsplaner i langtidsplan og budsjett 2016-2021.

3

4. Styret vedtar fremlagt budsjett for Helse Midt-Norge RHF som gjeldende for 2016

5. Administrerende direktør gis fullmakt til å gjøre mindre endringer i budsjett 2016

6. Ekstraordinære økonomiske konsekvenser for spesialisthelsetjenesten som følge av flyktningsituasjonen i 2016 vil måtte avklares i særskilt dialog med Helse- og omsorgsdepartementet.

7. Styret vil presisere at etablering av felleseide selskap skal bidra til å redusere totalkostnaden» Etter at styret i Helse Midt Norge har behandla saka er det kome til eit forlik på stortinget knytt til statsbudsjettet for 2016. Dette medfører ei endring i vedlikehald –tiltakspakka til Møre og Romsdal frå 50 til 42,5 mill. kroner. Vidare er basisramma redusert, men vi har førebels ikkje fått berekningar for kva dette vil bety for Helse Møre og Romsdal . Endeleg resultat- og investeringsbudsjett 2016 leggjast fram for styret i Helse Midt Norge RHF 4. februar 2015. Forbetringsarbeid - eit nøkkelord i organisasjonen

For 2016 ønskjer Helse Møre og Romsdal å vidareføre satsinga på kontinuerleg forbetring og det gode arbeidet med mellom anna pasienttryggleik, reduksjon av ventetider og fristbrot. Noko av dette er meir omtala i avsnitta under. Helseføretaket ønskjer også å halde fram med felles leiarsamlingar og opplæring for leiarar på alle nivå. Eit samla leiarskap med kunnskap om kvar vi skal og korleis vi skal komme dit er ein hovudnøkkel for å nå felles mål for helseføretaket. Arbeidet med kontinuerleg forbetring er eit tankesett og metode som har vore ein kjend arbeidsmetodikk, men den ligg no som ei innramming for tilnærminga til oppgåver og utfordringar i heile helseføretaket. Temaet utgjer ein hovuddel i samlingane for alle leiarnivåa i føretaket, der målet er å gi inspirasjon og konkrete verktøy til korleis vi skal gå fram for å gjere forbetringar. I evalueringa av leiarsamlingane blir det trekt fram at helseføretaket har lukkast med å gi inspirasjon til leiarane, slik at dei tar med seg kunnskapen tilbake til eiga seksjon eller avdeling. I tida mellom leiarsamlingane blir metodikken følgd opp i forbetringsdagar som er lokale fagdagar med stor oppslutnad. Der blir det gitt opplæring i konkrete forbetringsverktøy som t.d. utforming og bruk av kvalitetstavler, bruk av forbetringsmodellen i praktisk arbeid og statistisk prosesskontroll og måling.

Tal langtidsventande – nedgang på nær 70% Det er gode trendar i utviklinga av ventetida i HMR. Ved utgangen av november er gjennomsnittleg ventetid for framleis ventande pasientar 59 dagar (kjelde:PAS). I mai var det 1742 pasientar som hadde venta over 200 dagar, mens det pr. 27. november er 528 som har venta over 200 dagar. Dette er ein nedgang på nær 70%, og av desse har 293 fått tildelt time. Det gode resultatet skuldast sjukepleiarar, legar og merkantilt personell som har arbeidd målretta og systematisk med pasientane som har venta lengst. Saman med innføringa av ein lengre planleggingshorisont gir dette betre oversikt og kontroll. Den positive utviklinga i ventetidene påverkar også fristbrota, og pr. 27. november er det totalt 28 fristbrot. Desse har alle fått tildelt time.

4 Forbetringar gir ringverknader for pasientar og tilsette Forbetringsarbeid handlar mykje om pasienttryggleik, men også om å gjere rutinar meir effektive. Helseføretaket er t.d. komen langt i arbeidet med legemiddelsamstemming, noko som også får merksemd nasjonalt. I samarbeid med Sjukehusapoteka i Midt-Noreg og HEMIT utviklar vi eit e-læringsprogram som vil vere tilgjengeleg for alle helseføretak. I haust starta også administrerande direktør i HMR med å gå «Pasienttryggleiksvisitt». Visitten er ein del av det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet, der målet er å redusere tal pasientskadar. Alle seksjonar får besøk, og saman skal ein sette temaet på dagsorden. Helseføretaket var i haust først ute i landet med kampanjen «Berre spør». Bakgrunn for kampanjen er at kvar fjerde pasient har spørsmål dei ikkje stiller til helsepersonell fordi dei er redde for å vere til bry. Informasjonskampanjen med stands på sjukehusa skal synleggjere at ein god dialog er første trinn i ei god behandling. HMR er også valt til pilot for å bredde satsinga innan tidleg oppdaging og behandling av blodforgifting (sepsis). Fleire miljø har søkt om å vere pilot nasjonalt, men valet falt på Helse Møre og Romsdal som eit av to miljø som får teste tiltakspakken før den skal ut til heile landet. I arbeidet med pasienttryggleik har også kvalitetstavlene blitt eit populært verktøy. Tavlene er med på å halde fokuset og synleggjere kva mål og resultat einingane har på kvalitetsindikatorane. Ein positiv meldekultur er noko helseføretaket arbeider for å ha, uansett om meldinga omhandlar pasientskader, system eller forbetringar. Talet på alvorlige saker frå Helsetilsynet og pasientskadeerstatningar er stabilt, medan talet på interne meldingar aukar. Det er eit positivt signal som seier noko om at meldingssystemet blir sett på som ein moglegheit for læring - til beste for pasientar og tilsette. Sjukefråveret for oktober ligg på 7,6 prosent noko som er 0,2 prosent lågare enn i oktober 2014. Sidan helseføretaka blei fusjonert i 2011, har det vore ein nedgang på 1,5 prosent. Eit av tiltaka har vore betre oppfølging og støtte til leiarar, og dei sjukmelde. Helseføretaket si oppfølging av gravide haustar nasjonal merksemd og prisar, og påverkar dei gode tala. Det same gjer eit godt samarbeid med NAV. Vi opplev også god rekruttering innan dei fleste yrkesgruppene, og stor stabilitet blant dei tilsette. Det er få ledige faste stillingar, unntaket er legespesialistar innan nokre område. I 2015 hadde helseføretaket ei omlegging frå to til ein AMK-sentral. Kort tid etter blei det nye naudnettet fasa inn i AMK-sentralen, og deretter inn i andre delar av helsetenesta. Hovudinntrykket er at innfasinga har vore godt gjennomført. Kva skjer i organisasjonen I Kvinneklinikken, har ein framleis veldig gode resultat på tal fødselsrifter og låg på toppen nasjonalt i 2014. Det er oppretta ressursgruppe på kvart sjukehus og metodikken for kontinuerlig forbetring brukast som mal på korleis ein arbeider også innan andre felt. I ein av dei største klinikkane våre, medisinsk klinikk, trekk dei mellom anna fram arbeidet med epikrisetider som er blitt veldig bra.

5

Klinikk for diagnostikk har i 2015 hatt høg vekst både innan billeddiagnostikk og laboratoriefaga. For billeddiagnostikk er veksten samla per november på 3,5 % i tal undersøkingar, og ventetidene ved alle sjukehusa er redusert ved å utvide opningstidene. Nytt analyseutstyr i Ålesund og Volda innan medisinsk biokjemi vil gi auka kapasitet og meir effektiv drift.

I januar 2015 blei Ambulanse Midt-Norge ein del av HMR. Nytt namn er klinikk for prehospitale tenester. Klinikken har vellykka rekruttering til alle stasjonar og kan for 2015 mellom anna legge fram ein aktivitetsvekst på 5 % med same beredskap. Samstundes har dei redusert overtida i klinikken.

I klinikk for rus- og avhengigheitsbehandling har dei samla dei administrative ressursane i ei fellesteneste som leverer til heile klinikken. Resultatet er betre utnytting og koordinering av oppgåvene. Klinikken skal i januar innføre eit koordinerande pasientforløp saman med bykommunane Ålesund og Molde. Innan klinikk for psykisk helsevern har ein gjennomført faglige endringar som har ført til betre ressursbruk. Ved Knausensenteret i Molde har ein dreia fleire frå turnusarbeid til å jobbe utadretta og ambulant. Resultatet er blant anna at fleire pasientar får behandling i eigen heim og færre blir lagt inn. I alderspsykiatrien på Sunnmøre har eit vellykka og utstrakt samarbeid med kommunane gitt prosjektmidlar frå HMN og moglegheit for å utvide til fleire kommunar.

Klinikk for rehabilitering er ein av klinikkane som har gjort eit omfattande arbeid med ventelistene, og har klart å redusere ventetida på nytilviste samstundes som dei har halde fast på prioriteringa av kronikarane.

Klinikk for barn og unge har arbeidd systematisk med standardisering av malar innan barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikkar (BUP), for å sikre kvalitet og riktig ressursbruk i alle einingar. I haust har dei også lukkast med å etablere barne og ungdomspsykiatrisk bakvakt opp mot Ungdomspsykiatrisk sengeseksjon (UPS). Dette sikrar riktig behandling av dei aller dårlegaste, både ved samansette lidingar og tvang.

Klinikk for kirurgi i Volda har i 2015 auka aktivitet med 10 %. Resultatet har dei nådd ved hjelp av fokus på pasientflyt og kontinuerlig forbetring. I klinikk for kirurgi i Molde har eit forbetringsprosjekt med jobbgliding i avdeling for auge gitt auka kapasitet for legane, og meir nøgde pasientar. Det ortopediske forskingsmiljøet i klinikk for kirurgi i Kristiansund har gode resultat. Alle ortopedar og nesten alle LIS leger på ortopeden har forskingsprosjekter på gang eller er i startfasen. Ein ortoped er i PhD løp og om kort tid får ein avklart om ytterlegare tre får starte sine PhD løp. I klinikk for kirurgi i Ålesund har dei hatt ei auke på ca. 5200 polikliniske konsultasjonar mot same periode i fjor, og ei dreiing mot dagbehandling. Dreiinga gjeld også dagkirurgi, spesielt innan ortopedi. I tillegg har klinikken saman med klinikk for medisin teke på seg å vere forløpsansvarleg for hovudmengda av pakkeforløp for kreft.

Til sist vil vi trekke fram den viktige felles innsatsen som fagmiljøa gjer kring arbeidet med pakkeforløp for kreft, og som gir synlege og gode resultat for helseføretaket. HMR ligg i 2015 lengst framme i vår region, og over landsgjennomsnittet på indikatorar for pakkeforløp for kreft.

6 Samhandling Dei kommunale helse- og omsorgstenestene utgjer grunnmuren i helsesektoren. Med samhandlingsreforma har kommunane fått ei viktigare rolle i å sørge for naudsynte helse- og omsorgstenester til innbyggarane. Kvaliteten og kapasiteten på desse tenestene er avgjerande for etterspurnaden etter spesialisthelsetenester.

Alle kommunar skal innan 2016 ha etablert ø-hjelpsenger, enten i eigen regi eller saman med andre kommunar. Dette er definert som ein oppgåveoverføring, der pasientar med enklare medisinske tilstandar får et tilbod i kommunane som alternativ til sjukehusinnlegging. I høve til ny helse- og omsorgstenestelov vil kommunane frå 1. januar 2016 få ein lovpålagt plikt til å tilby augeblikkeleg hjelp døgnopphald. Dette medfører at midlar som helseføretaket tidlegare har betalt ut til kommunane knytt til dette tilbodet innlemmast i kommunenes frie inntekter frå 1. januar 2016. Tall for døgn utskrivningsklare pasientar gikk kraftig ned frå 2011 til 2012. Etter 2012 har det vært ein svak nedgang. Pr 31. oktober 2015 viser tal ein nedgang på 128 liggedøgn i høve til same periode i 2014. Intensjonen er at kommunane skal ta i mot utskrivningsklare pasientar raskare, noko som frigjør kapasitet i sjukehusa. Betalingssatsen pr. døgn aukes frå 4387 kroner til 4505 kroner i 2016. Økonomisk utvikling ved utgangen av oktober Rekneskapsresultatet i oktober viser eit avvik målt opp mot korrigert resultatkrav på 8,8 mill. kroner. Hittil i år viser rekneskapen eit positivt avvik på 0,8 mill. kroner. Dette er 69,4 mill. kroner lågare enn resultatkravet. Grafen under viser avvik mellom rekneskapsresultat og resultatkrav den einskilde månad i 2015.

Etter å ha hatt ein positiv resultatutvikling i august og september viser oktober månad ein negativ utvikling. Dei pasientrelaterte inntektene er om lag i balanse, mens både varekostnader og lønnskostnader viser avvik i negativ retning. Adm. direktør har tidlegare vore uroa over for høg inngangshastigheit inn i 2016. Resultatet for oktober forsterkar dette bilete.

7 Det har i 2015 vert eit overordna mål å snu den økonomiske situasjonen i helseføretaket og å «knekke» kostnadskurva. I mai vart den økonomiske prognosen for føretaket auka frå eit negativt avvik frå resultatkravet på – 60 mill. kroner til – 85 mill. kroner. Dette var grunna i ein negativ utvikling i økonomien. Det blei meldt tilbake til Helse Midt-Norge at vi først forventa ein knekk i kostnadskurva frå oktober og utover. Dei klinikkvise prognosane har vært nokon lunde stabile frå mai og fram til og med september. I oktober melder fleire klinikkar om ei forverring i drifta. Dei klinikkvise prognosane har samla auka med 20 mill. kr i høve til tal i mai. Den totale prognosen er likevel vidareført grunna positiv endring i postar på fellesavdeling. Innsparingane på fellesavdeling har for det meste eingongseffekt og bidreg difor ikkje til å lette budsjettarbeide for 2016. Dei største avvika i høve til budsjett 2015 ser vi først og fremst innanfor varekostnader og lønn. Budsjettavviket knytt til lønn og innleie er aleine 56 mill. kroner ved utgangen av oktober. I tillegg ser vi auke i kostnadene til legemidlar og ein framleis vekst knytt til behandlingshjelpemidlar. Inntektsrammer 2016, nye forpliktingar og resultatkrav 2016 Vedtak i sak 92-15, «Inntekts og aktivitetfordeling 2016 Helse Midt-Norge», dannar grunnlaget for inntektsrammene til Helse Møre og Romsdal for budsjettåret 2016. I budsjettarbeidet er det jobba med eit effektiviseringsmål på 100 mill. kroner i høve til situasjonen slik den var i mai månad. Innretninga på budsjettarbeidet har difor ikkje blitt endra, men rammene som er skissert i inntektsfordelinga vil påverke resultatkravet for året og muligheitsrommet for investeringar. Dei økonomiske rammene som er vedtekne i sak 92-15, Inntekts og aktivitetfordeling 2016 Helse Midt-Norge har gjeve helseføretaket auka utfordringar i høve til førebels inntektsfordeling som var lagt fram i juni 2015.

8 Tabellen nedanfor viser endringar i inntektsramme for 2016 i høve til rammene som vart gjeve gjennom føretaksprotokollen i februar 2015. Vi har i tabellen under samanlikna budsjett 2015 mot budsjett 2016 og ikkje mot prognose. Vi har ikkje tatt inn endringar som følgje av revidert nasjonalbudsjett inn i samanlikninga da dette ligg innbakt i ramma for 2016. Vi har også forsøkt å synleggjere kva som er eksterne endringar knytt til basisramme og kva som interne satsingar/endringar. Slik bilete er skissert i tabellen under vil resultat for 2016 bli budsjettert til 25,6 mill. kroner. I langtidsbudsjettet var resultatet budsjettert til -15,8 mill. kroner for Helse Møre og Romsdal.

Inntektsrammene for 2016 viser ei auke på 185,8 mill. kroner. Auka i ramme inneheld både pris- og lønsvekst og nye oppgåver som er lagt til helseføretaket. I tabellen over har vi forsøkt å beskrive vesentlege endringar som har påverknad for budsjett 2016. Pensjonskostnaden viser ei auke på 85,5 mill. kroner i høve til det som låg i budsjett 2015. Dette er kompensert inn i rammene for 2016. Auka i pensjonskostnadene til Helse Møre og Romsdal er først og fremst relatert til økonomiske parameter og ikkje til bestanden i pensjonsordninga. Budsjettet for 2016 er auka med 62 mill. kroner knytt til overføring av finansieringsansvar for enkelte legemiddelgrupper frå 01.01.2016. Dette gjeld mellom anna legemidlar til behandling av hepatitt C, veksthormonar, blodkoagulasjonsfaktorar, immunstimulerande legemidlar og

Endring Basisramme 2015 2016 Endring

Sum basisramme og særfinansiering 3 989 477 4 175 296 185 819

resultatkrav 76 600 25 600

Disp ramme 3 912 877 4 149 696

-107 700

-85 500

-62 000

18 900

-4 000

-4 000

-4 000

-248 300

-27 400

Auka it kostnader inkl innføring av nytt økonomi og logistikksystem -9 300

-7 000

8 700

-5 000

-6 000

-46 000

Tiltakspakke Møre og Romsdal (investeringsmessig vedlikehald) 42 500

-85 000

100 000

57 500

-51 000

-1,6 %

-2,7 %

Auke pasientskadeerstatning

Sum eksterne forhold knytt til endring i basisramme

Realendring i basisramme korrigert for eksterne endringar

Endring i basisramme korrigert for eksterne og interne endringar

Prognose 2015

Endring i resultatkrav målt mot budsjett 2015

Sum interne endringer

Internrente HMN

Auka budsjett utover særfinansiering til SNR

Effektivisering 2016

Sum tiltakspakke, prognose og effektivisering

Auka satsing vidareutdanning sjukepleiarar

Etablering av nye tilbod Psykisk helsevern vaksne og TSB

Overgrepsmottak

Auka mva låg sats

Bortfall ventelistemidlar radiologi

Endringer budsjett 2016 vs budsjett 2015

Pris og lønnsvekst

Pensjon

Nye legemidlar

Ø-hjelptilskot kommunane

9 anemilegemidlar. Dette er kostbare legemidlar, men med relativt få brukarar. Det er i budsjettet for 2016 ikkje teke høgde for nye medikament innanfor kreft. Her ligg det ein betydeleg risiko knytt til budsjettet. Dette er også ei nasjonal utfordring. Det ligg vidare ein risiko i budsjettet knytt til svak kronekurs som vil påverke prisane på medikament. Helse Møre og Romsdal har motteke særskilte midlar frå Helse Midt Norge knytt til å få ned ventelistene innanfor radiologi. I 2013 og 2014 fekk vi ei støtte på 11 mill. kroner. Denne blei vidare trappa ned til 4 mill. kroner i 2015 og har falt heilt bort i 2016. Ventelisteprosjektet blei initiert av HMN hausten 2012 for å auke kapasitet på poliklinisk MR og CT med omlag 5500 og 1200 US per år. Målsettinga med prosjektet var å redusere ventetid til undersøking og betre utnytte maskinparken. I prosjektperioden ble kapasiteten auka gjennom lengre opningstider. Resultatet har vært at i dag gjennomfører HMR over 7000 fleire polikliniske MR-undersøkingar og 2500 fleire CT-undersøkingar enn i 2012. Ventetidene for de fleste undersøkingar på disse modalitetane er også betydelig redusert i perioden. Sjølv om ein har effektivisert innanfor området klarer ikkje klinikken å vidareføre aktiviteten utan at dei får vidareført midlane også i 2016. Budsjettet for pasientskadeerstatning er auka med 27,4 mill. kroner i høve til budsjett 2015. Dette er basert på ei førebels prognose vi har fått frå Helse Midt Norge og NPE for 2016. Det er i prognosa teke høgde for høgsterett sin dom av 12.12.2014 som avgjorde at kapitaliseringsrenta settast ned frå 5 til 4 prosent. Lågare kapitaliseringsrente førar til høgare erstatning. Førebelse anslag viser at erstatningsutbetalingane vil auke med om lag 10 pst. som følgje av domen. Det er vidare lagt inn auka kostnader knytt til overtaking av ansvaret for overgrepsmottaka i fylket, kostnadsauke som følgje av endringar i låg meirverdisats og auka kostnader i samband med Hemit, regional forvaltningseining og prosjektkostnader knytt til innføring av nytt økonomi- og logistikksystem. Det er frå Sjukehusbygg satt opp eit budsjett for 2015 og for 2016 knytt til konseptfasen for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal og DMS i Kristiansund. Totalt ligg drift- og investeringsbudsjettet for desse to åra på 72,7 mill. kroner. Ekstra kostnader utover særfinansieringa vi har motteke frå HMN vil vere 7 mill. kroner i 2016. I samband med innføring av ny finansstrategi i Helse Midt Norge blei det bestemt at det skulle bereknes renter på interne fordringar i HMN. Ved årsskiftet vil Helse Møre og Romsdal ha ein fordring til Helse Midt Norge på omlag 500 mill. kroner. Dette vil gje 8,7 mill. kroner i renteinntekter i 2016. Vi viser til sak HMR 2015/67 «Kompetanse og rekrutteringsbehov i Helse Møre og Romsdal». Det er viktig å sikre seg riktig kompetanse på arbeidstokken i åra som kjem. Sjukepleiar med vidareutdanning i operasjon, anestesi og intensiv, er kritisk kompetanse for sjukehusa og har i periodar vore «mangelvare». Tilførselen av spesialsjukepleiarar innan operasjon og anestesi har i stor grad vore knytt til utdanninga ved høgskulen i Ålesund. Det har vore delt ut stipend frå Helse Møre og Romsdal med to års bindingstid. Budsjettet for vidareutdanning er i 2015 på 5. mill. kroner. I høve til behov og for å sikre naudsynt kompetanse framover er det ønskeleg å auke dette budsjettet med minimum 5 mill. kroner i 2016. Nokon avtalar om stipend avsluttast i 2016/2017. Ein konsekvens av auka tiltak i 2016 er ein auka kostnad i 2017 (heilårseffekt). Budsjettet for 2017 må difor aukast med ytterlegare 6 mill. kroner. Den gylne regel vidareførast i 2016. Det vil seie at rusbehandling og psykisk helsevern kvar for seg skal ha ein årleg vekst som er høgare enn somatikk. Både psykisk helsevern og TSB har fått effektiviseringskrav på line med dei andre klinikkane for 2016. For å stimulere til at tilbodet

10 innanfor desse områda skal auke er det i budsjettet lagt inn ei styrking til psykisk helsevern vaksne og TSB med 3 mill. kroner kvar. Dette er meint å dekkje to tilhøve: − Pukkelkostnader som Klinikk for psykisk helsevern vaksne ikkje klarer å dekkje sjølv i samband med overgangen frå døgn\poliklinikk til ambulant verksemd. − Bidrag til TSB til å etablere et ROP tilbod saman med PH for de tyngste og vanskelegaste pasientane som ofte innleggas på tvang. Som ein del av budsjettet legg regjeringa fram ei særsskilt tiltakspakke for å auke sysselsettinga. Ekstra innsats rettast mot helseføretak på Sørlandet, Vestlandet og Nordvestlandet, det vil seie der arbeidsløysa har auka mest. Det blei først foreslått at Helse Midt-Norge får 50 mill. kroner. Løyvinga er no redusert til 42,5 mill. kroner etter at budsjettforhandlingane på stortinget er ferdig. Dette er midlar som vil bli brukt til vedlikehaldsmessige investeringar og ikkje som driftsmidlar. Løyvinga vil difor auke rekneskapsresultatet til føretaket. For disponering viser vi til eige avsnitt om investeringar. Tabellen over samanliknar alle tall i høve til budsjett 2015. Det er difor viktig å ta inn prognose for 2015 inn i tabellen slik at det totale bilete for helseføretaket kjem inn. Det er vidare lagt inn ei line for nivået på effektivisering som er i tråd med det styret slutta seg til i sak 44/15 «Innretning budsjett 2016». Med alle dei elementa som er lagt inn over vil det nye resultatkravet for 2016 bli 25,6 mill. kroner. Resultatkravet avviker ikkje vesentleg i høve til det som var lagt fram i langtidsbudsjettet for 2016-2021 dersom ein korrigerer for tiltakspakka til Møre og Romsdal. Ser ein isolert på basisramma frå 2015 til 2016 og korrigerer for endringar som ikkje er føretaksinterne er det ein realnedgang på 62 mill. kroner eller 1,6%. Endringar som følgje av manglande priskompensasjon på aktivitetsbaserte inntekter er ikkje teke med i berekningane på realendring. Omstilling Klinikkar og sentral stab har til no meldt inn tiltak for over 80 mill. kroner. Det jobbast vidare med restutfordringa for å nå det budsjettmålet som er sett for 2016. Høg inngangshastigheit inn i 2016 og nye utfordringar/forpliktingar som har kome fram ved ulike klinikkar gjer budsjettsituasjonen spesielt vanskeleg og det vil vere naudsynt med ei effektivisering som er høgare enn 100 mill. kroner. I effektiviseringa er det spesielt sett fokus på kostnadsreduserande tiltak. Berre 20% av tiltaka er knytt til auka inntekter. HMR har lagt kontinuerleg forbetring som ein sentral strategi. Kontinuerleg forbetring handlar om korleis vi kan få til pasientforløp, akutt og elektive, som gjev meir fag og kvalitet til pasientane, med bruk av mindre ressursar. Dette kan høyrast motsetningsfult ut, men erfaringar frå sjukehus som arbeidar systematisk og omfattande med kontinuerleg forbetring, er at potensialet er stort. Spørsmålet er heile vegen om dei aktivitetane vi gjer, både med pasienten og for pasienten, tilfører pasienten verdi. Gjennom medisinsk og teknologisk utvikling, kan vi stadig gjere meir både diagnostisk, behandlingsmesssig og ift. kontroll og oppfølging. Ein ser ikkje minst ei stor utvikling på medikamentsida i desse dagar. Ein er flink til å ta i bruk ny kunnskap, metodar og teknologi innanfor spesialisthelsetenesta. Ein er ikkje like flink til å ta bort aktivitetar som ikkje gjev pasientverdi. Fagmiljøa er berarar av dagens tenking og praksis - det er fagmiljøa som må gå inn i og diskutere korleis utvikle framtidas tenking og praksis. Slike prosessar tek tid, og ein er godt i gong med dette arbeidet i føretaket. Det er levert ein rapport frå Deloitte knytt til organisasjonsevaluering av HMR si overordna organisering. Basert på vidare arbeid med dette i 2016, vil ein kunne sjå føre seg å påverke strukturar som også gjev driftsmessige konsekvensar. På same måte som at HMR må tenkje

11 optimalisering av pasientforløp, må optimalisering av organisasjonsutforminga ligg til grunn for utviklinga framover. Regjeringa Solberg leverte 20. november 2015 nasjonal helse og sjukehusplan (NHS). Dette er ei svært viktig føring i forhold til utviklinga av spesialisthelsetenesta i dei komande år. Det er viktig å understreke at meldinga skal handsamast av Stortinget. Helse Midt Norge RHF vil følgje opp NHS med "Strategi 2030" som vil vere den regionale utviklingsplanen/ strategien. Basert på dette vil HMR gjere revideringar i sin eigen utviklingsplan. NHS tek opp mange element knytt til drift og utvikling av HMR. Det er viktig at helseføretaket lukkast med ein god lokal prosess i forhold til både føretaksperspektivet, sjukehus og fagmiljø i dette utviklingsarbeidet. Adm. dir. vil kome tilbake til dette i eiga styresak. I tillegg til dette må HMR i 2016 sette meir fokus på ordningar knytt til beredskapsnivå, vaktordningar og ressursstyring. Det er ressurskrevjande å drifte høgt beredskapsnivå, ikkje minst med innleige i samband med sjukdom og permisjonar m.v. Ein vil derfor byrja på ei meir omfattande kartlegging av ulike vakt og beredskapsordningar, som også vil inngå i statusbeskrivinga i utviklingsplanen. Adm. dir. vurderer at det kan ligge effektar i å systematisere og prioritere i desse ordningane. Investeringar I følgje finansstrategien i Helse Midt Norge er det helseføretaket som er ansvarlege for å syne behov for investeringar, samt prioritering og gjennomføre basert på tildelt likviditetsramme og økonomisk handlingsrom. Føretaket er ansvarlige for drift, vedlikehald og oppgradering av eiget utstyr og bygningsmasse, og kan sjølv prioritere den interne fordelinga mellom drift og investeringar for å realisere krav knytt til pasientbehandling og pasientsikkerheit. Det er difor det økonomiske handlingsrommet og tilgjengelig likviditet som avgjer kor mykje Helse Møre og Romsdal kan investere for i 2016. Større investeringar skal innarbeidas i LTB og blir vedteken i årleg investeringsbudsjettet i Helse Midt Norge. I tillegg til midlar som helseføretaket må generere gjennom drifta er Helse Møre og Romsdal HF tildelt i 2016 ekstraordinære investeringsmidlar gjennom statsbudsjettet, kalla «Forsering av vedlikeholdsinvesteringer i sykehusbygg». Denne satsinga frå regjeringa si side er meint som eit motkonjunkturtiltak med krav om rapportering som gjeld sysselsettingseffekt samtidig som mellom anna arbeidet med å ta ned eit stort etterslep på vedlikehald av sjukehusbygga, kan starte . Ramma er i budsjettforliket sett til kr 42,5 mill. kroner. Leiargruppa i helseføretaket har drøfta kva for prinsipp som bør leggjast til grunn for prioritering av konkrete bygningsmessige tiltak i 2016 og har konkludert slik;

• Kritisk infrastruktur/beredskap

• Forskriftskrav/pålegg frå tilsynsstyresmakter

• Ombygging og oppgradering av eksisterande areal for å optimalisere drifta

• Eventuelle større HMS-tiltak som ikkje kan gjennomførast innanfor ordinære budsjettmidlar

Ut frå dei ovannemnde kriteria, legg adm. direktør opp til at følgjande investeringstiltak vert prioriterte i 2016:

12 • Naudstraum Volda sjukehus (kritisk infrastruktur) • Naudstraum Aure rehabiliteringssenter (kritisk infrastruktur) • Produksjonskjøkken Hjelset (pålegg frå Mattilsynet) • Sterilsentral Molde sjukehus (kritisk infrastruktur og pålegg frå Arbeidstilsynet) • Døgnseksjonar innan psykiatrien ved Ålesund sjukehus (tilrettelegging for naudsynt

driftsomlegging) • Generell infrastruktur Ålesund og Volda (kritisk infrastruktur) • Gastrolab og sputumrom Ålesund sjukehus (myndigheitskrav, HMS og driftsomlegging) • Operasjonsavdelinga ved Kristiansund sjukehus (driftsomlegging) • Parkeringsplassar ved Volda sjukehus (kritisk infrastruktur) • Obduksjonssalen Ålesund sjukehus (naudsynt vedlikehald) • Generelle HMS-tiltak bygg

Dette summerer seg til om lag 62 mill. kroner, og må finansierast både via ordinære og ekstraordinære investeringsmidlar. Helse Møre og Romsdal HF vil i 2016 arbeide aktivt med oppdatering av den bygningsmessige utviklingsplanen for heile føretaket som ikkje omhandlar SNR. I denne samanheng vil vi sjå nærmare på status for eksisteranda planar for sjukehusa i Volda og Ålesund (C.F. Møller-planane). Det vil nok ikkje vere rom for større investeringar i 2016, men det er viktig å kunne peike ut ei retning for framtidig utvikling av dei aktuelle bygga. Utviklinga må sjåast i samanheng med både Nasjonal Helse- og Sjukehusplan og regional utviklingsplan. Det er satt av midlar til planarbeidet i 2016. Helseføretaket har store investeringsbehov innanfor alle hovudområda av investeringar. Tabellen under viser planlagt nivå for investeringar i 2016 slik det var lagt fram i langtidsbudsjettet for 2016-2021 (LTB). Ut frå planlagt drift neste år og tilgjengeleg likviditet vil vi ikkje klare å gjennomføre det nivået som er skissert i LTB.

Nytt fellessjukehus og DMS -SNR Arbeidet med planlegginga av SNR (SNR=nytt akuttsjukehus på Hjelset og poliklinikk og dagbehandling/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund) er godt i gang. Prosjektet er i konseptfasen, ein fase som varer fram til slutten av 2016. I denne fasen skal ein sjå på framtidige behov, korleis ein kan løyse funksjonane i eit nytt bygg, utstyr, logistikk, driftskostnader og helseføretaket si evne til å bere kostnaden. Arkitektane skal også legge fram sine første skisser som viser korleis driftsmodellen kan sjå ut som ferdig bygg. Det er fleire delutgreiingar som skal munne ut i ein konseptrapport, der eit alternativ blir tilrådd. Hausten 2016 skal rapporten gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KSK), før ein kan gjere vedtak om å gå inn i neste fase som er forprosjektet.

Prosjektorganisasjonen opplever stor interesse for prosjektet SNR både internt og eksternt. Det er eit stort tal tilsette som medverkar og medlemmane i gruppene er sett saman på tvers av geografi og fag, og

Område Totalt

Generelt bygg 32 660

Tiltak Molde sykehus 15 000

Nytt sykehus Nordmøre og Romsdal 26 250

Div. MTU 80 100

Sum investeringar 154 010

13

inkluderer alle leiarnivå. Eit godt engasjement i organisasjonen er viktig for å få fokus på vesentlege faktorar i prosjektet.

Sidan september 2015 har det vore hovudsakleg tre grupper i arbeid. Desse er:

• Hovudgruppa (HK) Gruppa har eit heilskapsperspektivet på planlegginga, og følgjer konseptfasen heile vegen fram til ferdig konseptrapport ligg føre i løpet av 2016.

• Hovudprogram utstyr (HPU) Gruppa lager ein plan for dimensjonering og tilskaffing av medisinsk-teknisk utstyr og arbeidsutstyr knytt til funksjonsområda i SNR.

• Overordna teknisk program (OTP) Gruppa definerer ambisjonsnivået på tekniske løysingar.

I januar 2016 startar arbeidet med delfunksjonsprogrammet og ein opprettar no fleire planleggingsgrupper som skal gi sine råd og innspel. Desse gruppene skal mellom anna sjå på poliklinikker, sengeområder, operasjonsområder, billeddiagnostikk, lab, kontor m.m..

Prosjektkontoret i det eksisterande bygget «Strandheim» på tomta, blei opna offisielt den 20. oktober og er arbeidsstad og møtestad for prosjektmedarbeidarane og gruppemedlemmar. Dei fleste møta blir gjennomført ved videokonferanse eller på prosjektkontoret på Hjelset.

Budsjett for 2015 og 2016 er sett til 72,7 millionar inkludert etablering av prosjektkontor. Det er i dag ein finansiering på 56 mill. kroner frå HMN. Det er dermed eit avvik på 16,7 mill. kroner som førebels er finansiert innanfor føretaket sine rammer. Det kan vere knytt noko usikkerheit til kor mykje som blir belasta i 2015 og kor mykje som vil gå over årsskiftet. Vi er i dialog med Helsebygg for å få ei oppdatert prognose for 2015. Det blir meldt at prosjektet ligg innanfor budsjetterte rammer.

Likviditet Helseføretaket er ansvarlege for å styre total likviditet innan tildelte økonomiske rammer og krav, og gjere ei hensiktsmessig forvaltning av tildelte midlar mellom investeringar og drift. Det inneberer at føretaket er ansvarlege for at framtidige investeringar og pågåande investeringsprosjekt gjerast etter vurdering av risiko for resultatavvik i drifta. Vedteken finansstrategi for Helse Midt Norge inneber at ein må ha eit enda større fokus enn tidlegare på tilgjengeleg likviditet. I føretaksmøtet i august fekk Helse Møre og Romsdal redusert driftskredittramma til 412 mill. kroner. Hausten har normal dei månadene det er høgast belasting på driftskreditten. Vi har denne hausten utarbeidd vekevise prognoser for utvikling i likviditeten for å følgje med på konsekvensane av større svingingar i utbetalingar. Tabellen under viser utvikling i kassakreditt pr. månad i 2015. Prognosen viser at kassakreditten vil ligge på om lag 375 mill. kroner ved årsskiftet 2015/2016.

Utviklinga i kassakreditten er dårlegare enn kva som var omtalt i langtidsbudsjettet. Dette skuldast endringar i arbeidskapital. Vi har mellom anna betalt tilbake 59 mill. kroner til Helse Midt Norge grunna for mye utbetalt likviditet knytt til DRG-aktiviteten i 2013. Samtidig har vi motsett tilfelle for 2015. Vi vil få overført i underkant av 50 mill. kroner mindre i likviditet knytt

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep okt

502,4 457,4 442,2 322,6 364,6 344,9 425,3 206,6 209,7 243,1

14 til DRG-aktiviteten i 2015 enn kva som er prognosen i rekneskapen. Utbetalinga her vil først kome seinare. Det blei heller ikkje anledning til å bruke premiefondet i KLP til å betale reguleringspremie med i haust. Dette kunne betra likviditeten med 35 mill. kroner. Det økonomiske resultatet er også lågare en føresett, men det er halde tilbake investeringar i 2015 for kompensere for dette. Utviklinga over viser at likviditeten kan bli svært stram i 2016. Dette betyr at ein må gjere nøye vurderingar før ein sett i verk større investeringar. Situasjonen vurderast ikkje som kritisk i første halvår 2016. Aktivitetsbudsjett Helse Midt Norge RHF har eit sørgje for ansvar for befolkninga i heile Midt Norge. Gjennom statsbudsjett 2016 har Helse Midt Norge fått ein bestilling på aktivitet både innanfor somatikk, psykisk helsevern og TSB. Bestillinga er frå HMN fordelt ut til det einskilde helseføretak i tillegg til private. Total gjennomsnittleg ventetid til behandling skal ikkje være høgare enn 65 dagar i 2015. Sjukehusa skal ikkje ha fristbrot. Somatikk Innanfor somatikk er 215 302 DRG-poeng fordelt i Helse Midt Norge. DRG-poenga fordeles ut til helseføretaka basert på befolkninga sitt behov. Føretaket kan planleggje med eit høgare nivå enn det som er i aktivitetsbestillinga, men ein må samtidig ta omsyn til den gylne regel. Tabellen under viser bestillinga til Helse Møre og Romsdal frå Helse Midt Norge for 2015 og 2016, budsjett for 2015 og 2016 og prognose for 2015.

Bestillinga frå HMN viser ei auke på 3,3% frå 2015 til 2016. Dersom ein måler bestillinga mot prognose for 2015 er det ein nullvekst i aktivitet. Dei klinikkvise budsjetta viser ein vekst på 0,6 % eller om lag 400 DRG-poeng i høve til prognose for 2015. Veksten vil kome på dag og poliklinikk. Det har vært satt som ein føresetnad for budsjettarbeidet at klinikkane ikkje skal planlegge med vesentleg aktivitetsvekst for 2016 for å løyse dei budsjettmessige utfordringane. Psykisk helsevern og TSB Aktivitetsforventinga innanfor psykisk helsevern i 2016 er utforma ut frå inntektsfordelinga til helseføretaka og signala som er gjeve i statsbudsjettet for 2016: • Psykisk helsevern og TSB skal vokse meir enn somatikk. • Auka vekt på utadretta og ambulante tenester i det psykiske helsevernet • Samansetninga av tenestene tilpassast lokale tilhøve i befolkninga sitt behov • Ein vekst i poliklinisk aktivitet, inklusive ambulant verksemd på 7 prosent innanfor psykisk helsevern. Det er frå Helse Midt Norge satt opp eit førebels bestilling for PH aktivitet og TSB- aktivitet for 2016. Det kan kome justeringar i bestillinga, men dei vil i så fall liggje innanfor krava gitt av den gylne regel. Tabellen under viser PH-aktivitet for 2014, prognose 2015 og forventning for 2016.

2015 2016 endring % endring

Bestilling HMN 66 341 68 562 2 221 3,3 %

Budsjett HMR 68 027 69 000 973 1,4 %

Prognose HMR 68 586 69 000 414 0,6 %

Sørgje for aktivitet

15 Klinikkane har so langt lagt opp til eit budsjett i tråd med forventingane for 2016 målt i PH og TSB-aktivitet.

Forbruk av helsetenester og finansiering Det er i bestillinga frå Helse Midt-Norge lagt opp til ein relativ høg vekst i aktiviteten innanfor alle områder i helseføretaket. Vi har i tabellen under summert opp veksten i bestilling frå Helse Midt-Norge frå 2015 til 2016 innanfor ulike aktivitetsområder.

Samtidig som det er forventa ein høg vekst er det ein realnedgang i inntektsrammene til Helse Møre og Romsdal på -1,6 %. Det er også forventa at meir av driftsmidlane skal vendast mot investering. Dette betyr at ekstra aktivitet må finansierast innanfor dei aktivitetsbaserte inntektene og helst bidra til å dekke realnedgang i rammene. Helse Møre og Romsdal har hatt ein vekst i aktiviteten på 4,7 % (inkludert nye legemidlar) i 2015. Av resultatet i 2015 ser vi at det er vanskeleg å gjennomføre aktivitetsauke utan tilsvarande vekst i kostnader. Blir aktivitet auka vesentleg utan at det følgjer med basisfinansiering er det høg risiko knytt til kostnadsavvik. Vi viser vidare til orientering om samdata til styret i Helse Møre og Romsdal. Grafane under er dei same som blei vist i styremøtet 28. oktober.

Helse Midt-Norge har det høgaste forbruket av somatiske helsetenester i Norge dersom ein korrigerer for behovsforskjeller. Helseregionen og helseføretaka får basisramma etter behov, mens det er berre ISF-inntektene som følgjer størrelsen på aktiviteten. Dersom forbruket blir mykje større enn behovsfordelinga av ressursar vil det etter kvart oppstå eit økonomisk avvik. I 2016 er det ein utfordrande budsjettsituasjon i HMN og ein bør løfte ein diskusjon om forbruket av helsetenester og om

aktivitetsmåla er i tråd med dei økonomiske rammene og grunnfinansieringa. Helse Møre og Romsdal har eit forbruk som ligg på same nivå som St. Olav og litt under forbruket i Nord Trøndelag.

Helse Møre og Romsdal

Resultat

2014

Prognose

2015

Forventning

2016 Vekst 16

PH- aktivitet 3 340 872 342 107 354 934 3,7 %

TSB-aktivitet 34 808 34 771 35 480 2,0 %

Helse Møre og Romsdal Vekst 16

DRG-aktivitet 3,3 %

PH- aktivitet 3,7 %

TSB-aktivitet 2,0 %

Lab og radiologi 9,0 %

16 Innanfor Psykisk helsevern vaksne har Helse Møre og Romsdal i 2014 det høgaste forbruket av både opphaldsdøgn og polikliniske konsultasjonar korrigert for behovsforskjeller. Når den økonomiske inntektsramma i Helse Midt Norge også innanfor psykisk helsevern blir fordelt etter behov betyr dette at Helse Møre og Romsdal har den lågaste finansiering pr. opphaldsdøgn og poliklinisk konsultasjon. Også her bør det kome ein diskusjon i høve til bestilling av ny aktivitet. Skal ein legge same krava til vekst ved føretaka eller skal ein leggje eit høgare krav til dei som ha det lågaste forbruket korrigert for behov? Oppsummering For 2016 ønskjer Helse Møre og Romsdal å vidareføre satsinga på kontinuerleg forbetring og det gode arbeidet med mellom anna pasienttryggleik, reduksjon av ventetider og fristbrot. Arbeidet med kontinuerleg forbetring ligg no som ei innramming for tilnærminga til oppgåver og utfordringar i heile helseføretaket. Det er gode trendar i utviklinga av ventetida i HMR i tillegg til reduksjon i talet på fristbrot. Ved utgangen av november er gjennomsnittleg ventetid for framleis ventande pasientar 59 dagar. Budsjett 2016 er eit svært stramt budsjett til tross for at ein har valt å fordele utfordringsbilete over fleire år. Ein har ikkje klart å snu den økonomiske retninga slik som føresett i juni. Dette gjer at den samla utfordringa knytt til budsjettet i klinikkane har blitt høgare enn da dei klinikkvise rammene blei fordelt i juni. Det jobbast fortløpande med omstilling. Det er meldt om eit stort behov for investeringar. Ekstraordinære midlar gjennom statsbudsjettet til vedlikehaldsinvesteringar i sjukehusbygg avhjelper i høve til behovet. Andre investeringar vil bli vurdert i høve til tilgjengeleg likviditet i helseføretaket. Ein vil difor avstemme investeringsnivå fortløpande i høve til den likviditetsmessige situasjonen.