11

Venner med venger

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Fuglebok for barn

Citation preview

Page 1: Venner med venger
Page 2: Venner med venger

2

H e l s i n g t i l Å s e

E rn a O s l a nd

Venner_materie_original.indd 2 09/10/12 11.48

Page 3: Venner med venger

H e l s i n g t i l Å s e

E rn a O s l a ndI l

l us t

r e r t a v I n g e r L i s e B e l s v i k

Samlaget, Oslo 2012

Venner_materie_original.indd 3 09/10/12 11.48

Page 4: Venner med venger

4

Venner_materie_original.indd 4 09/10/12 11.48

Page 5: Venner med venger

5

D I N A S O P P D A G I N G

Dina er aleine. Ho sit inne i varmen og ser ut.

Da oppdagar ho ein fugl!

Fuglen fer forbi i ein veldig fart. Som om han har eit viktig ærend.

Noko som berre han skal vite om.

Denne boka er om Dina og fuglen ho oppdaga. Fuglen som blei Dinas

hemmelege venn, og gjorde henne til fuglekikkar.

Venner_materie_original.indd 5 09/10/12 11.48

Page 6: Venner med venger

6

EIN HEMMELEG VENN?Kvar dag etter skolen er Dina aleine. Det bur

nemleg ingen barn der ho bur.

Jo forresten, William bur der! Han går i

klassen hennar. Men han er så redd for jenter.

Når Dina kjem frå skolen, er ho altså

aleine, heilt aleine ved det veldige havet. I to

lange timar går ho og ventar på at mor og far

skal komme heim.

Men ein dag Dina kjem frå skolen, får ho

besøk.

Ho får besøk av ein fugl.

Hangyngarseggjennomlufta.Hanflyg

opp og ned som ei dansande, ørlita rosa sky.

Dinaharaldrisettnokosåfint!

Ho går nærare, ho vil sjå han betre. Men

da blir han borte, like fort som han kom.

Skal ho spørje mor – eller far – om dei har

sett ein slik fugl?

Nei, tenkjer Dina. Denne fuglen skal vere

min. Denne fuglen vil eg ha heilt for meg sjølv.

Han skal vere hemmeleg. Min hemmelege

venn, kan han bli det, tru?

VENTE OG VAKTEDina fortel ingen om fuglen. Ho berre tenkjer

på han. Og ser etter han.

Kvar dag etter skoletid speidar ho etter

Venner_materie_original.indd 6 09/10/12 11.48

Page 7: Venner med venger

7

fuglen. Ho har god tid, for William liker fram-

leis ikkje jenter. Og Stina og Klara bur altfor

langt unna og har ingen til å skysse seg heim.

Så Dina er aleine, med ei fuglebok. På

rommet til Dina er det nemleg ei bok om

fuglar. Før var det farfar si bok, han hadde

henne på rommet sitt.

Men no er dette rommet blitt Dina sitt.

Og boka er hennar òg.

Bokaerlita,heilttynnogsmal.Ogfullavfine

fugleteikningar.

Tenk at Dina ikkje har komme på å sjå i

denne boka før?

Teikningane er ørsmå, men dei er veldig

nøyaktige. Og mange, så mange at det er teik-

ningar av alle fuglar i heile verda. Og da må

vel hennar fugl vere her òg?

Korleis var det fuglen var, no igjen?

Rosa. Og grå. Og litt svart, kanskje?

Hoblariboka.Hofinnmange

fuglar som kan likne litt. Men å

peike ut nett den ho såg, greier ho

ikkje. Ho såg ikkje heile han.

Da er det som det skjer eit

under. For akkurat i det ho skal

slå boka igjen, kva er det ho

ser?

Fuglen.

Venner_materie_original.indd 7 09/10/12 11.48

Page 8: Venner med venger

8

Han sit i treet rett utanfor rommet hennar.

Brystet skin som ei lita rosa sol. Og ryggen, den

er grå, kanskje?

– Snu deg, vesle fugl, kviskrar Dina. – Snu

deg og vis deg for meg.

Men han gjer ikkje det. Han slår ut

vengene og forsvinn i lause lufta, liksom.

GUT ELLER JENTE?Dagane går. Fuglen kjem ikkje, same kor mykje

Dina blar i farfars fuglebok. Ho er nemleg be-

gynt å sjå i boka kvar dag etter skoletid.

Det står altså så mykje underleg der!

Eindagfinnhoutatfuglarkanhaein

farge om sommaren og ein heilt annan om

vinteren. Ein annan dag ser ho at ho-fuglen kan

vere heilt annleis enn hann-fuglen, sjølv om

dei er same fuglesort.

Veslefine,rosafugl,erdueingute-fugl?

undrast Dina. Er du ein William-fugl som ikkje

liker jenter? Er det derfor du ikkje vil komme

tilbake i hagen min?

Ho leitar etter den vesle rosa fuglen i

hagen, bak huset og bak garasjen. Ho vil så

gjerne sjå han igjen. Han var jo så mystisk, så

forunderlegfin.

Dina ser etter den mystiske fuglen kvar ho går.

Heime. På veg til bussen. Og på skolen. Ho ser

Eit steindulphjarte slår nesten

500 slag i minuttet.

Fuglar har små hjarte som slår fort.

Venner_materie_original.indd 8 09/10/12 11.48

Page 9: Venner med venger

9

mange fuglar, grøne, gule, brune, kvite og grå.

Men ingen rosa som gyngar seg gjennom lufta.

Fuglen til Dina er ikkje å sjå!

– Er det ufoar du stirer på? spør William

ein dag.

Dina veit ikkje om ho skal svare når han er

så dum. Men ho liker han jo òg. Om litt seier

ho: – Eg har oppdaga ein ny fugl. Ein veldig

sjeldan fugl. Det er berre eg som har sett han.

– Pøøh! Farmor har heilt sikkert sett han,

blæs William. – Farmor veit alt om fuglar.

Og så spring han sin veg.

MED NEBB OG KLØREin dag, rett før mor og far kjem heim, skjer det

noko fælt. Først ser Dina ein glimt av den rosa

fuglen. Ho ser han frå rommet sitt. Og det gjer

henne sjølvsagt glad.

Men så skjer det fæle!

Noko svart kjem fykande. Rett mot ruta.

Dunk!

Ein fugl har susa rett mot vindauget. Ikkje

den vesle rosa, han er heldigvis borte. Det er

ein brun fugl som ligg igjen. Han ligg på hel-

lene ute i hagen. Er han død?

Nei, auga lever. Dei stirer på Dina, store

og gule. Dei er så kvasse at det stikk i henne.

Forsiktig – for ho er ørlite redd – listar ho seg ut.

Fuglen ligg framleis i ro. Berre hovudet

Venner_materie_original.indd 9 09/10/12 11.48

Page 10: Venner med venger

10

med det krokete nebbet rører seg. Han er redd,

han også, ser Dina. Til og med ein fugl som vil

ete andre, kan altså bli redd?

Dina bøyer seg over fuglen. Men da får

vengene liv! Dei gjer eit par slag, og så er heile

fuglekroppen i lufta. Med kraftige vengeslag

seglar han bort.

Men korleis gjekk det eigentleg med den

vesle, rosa? Blei han så redd at han aldri vågar

å komme igjen?

Dina fer inn etter fugleboka. Ho leitar etter

fuglar som har brune fjør, gule auge, kroket

nebb og sterke klør.

Er det ei ørn? Nei, ørner er mykje større.

Menkvamedhauk?Avhaukarfinstdet

både hønsehaukar og sporvehaukar. Og

sporvehauken er minst. Så det kan kanskje vere

den? Om det ikkje er ein veldig liten hønse-

hauk, da?

LEVANDE MATFrå no av ser Dina etter to fuglar: ein stor brun,

og ein liten rosa.

Det blir den brune ho ser igjen først. Han

kjem fykande frå dei store granene ein morgon

ho skundar seg til bussen.

Men den brune er slett ikkje aleine. I

klørne har han ein fugl.

Enn om det er den vesle, rosa?

halen lang, Rovfuglar

kan segle på utstrekte venger.Er vengene butte og

er det ein hauk.

Venner_materie_original.indd 10 09/10/12 11.48

Page 11: Venner med venger

11

Dina spring til. Ho vil at hauken skal

sleppe den vesle fuglen.

Men det er for seint! Når hauken lettar,

liggdetigjeneifilleaveinfugl.Brysteter

borte. Berre vengefjørene er heile, dei skin i

grått og grønt. Og kanskje litt rosa?

Dina er ikkje sikker, men ho får ikkje tid til

å undersøkje det nok. Ho må springe for å nå

bussen.

Setet ved sida av Stina er ledig. Dina dumpar

ned og fortel henne om fuglen.

– Så ekkelt, seier Stina. Ho vil helst ikkje

snakke om det. Men Dina greier ikkje å slutte å

tenkje på den sundrivne fuglen.

Var det fuglen min? tenkjer ho. Var det den

rosa fuglen som var riven heilt sund?

Ho får ikkje ro.

Eg går på biblioteket, tenkjer ho. Der skal

egnokfinneutavdet.

– Har du ei bok om fuglar som et andre fuglar?

spør Dina skolebibliotekaren. Og så fortel ho

om den brune fuglen i granene.

– Det kunne vere likt ein sporvehauk, seier

bibliotekaren. Han har funne ei bok som er full

av teikningar. Kvar fugl har eit nummer. Og når

Dina slår opp på det nummeret bak i boka, kan

ho lese meir om fuglen.

framme som stjerten stikk ut bak.

Ingen er så stor som havørna.

Når du ser henne i svev,

ser du breie venger.

Og eit hovud som stikk like langt ut

Venner_materie_original.indd 11 09/10/12 11.48