Påskeegg nr. 6€¦ · endometriosis and bilateral ovarian teratoma. Case report. Minerva Ginecol....

Preview:

Citation preview

Sjukehistorie

• Kvinne 55 år

• April -16: – CT/UL: 4 cm stor lesjon i høgre ovarium.

– (Ca-125 og CEA: normale)

• November -17: – Utført: Bilateral salphingo- ooforectomi.

– Høgre adnex: cystisk lesjon adherent mot uterus og rektum.

– Venstre adnex: normalt.

Makroskopi viste cyste med to komponentar:

Falda brun cystevegg

Komponent med hår og talg

Hud, talgkjertlar og feittvev

Respirasjonsvegsepitel

Moden brusk, kjertlar og hardvev

Snitt fra falda brunleg cystevegg

CD10- endometriestroma

CD68- makrofagar

Berlinerblått- blødningsrestar

Diagnose

Høgre ovarium med

cystisk modent teratom (dermoidcyste)

og endometrioseforandringar

Definisjon/Diagnosekriterie

• Cystisk modent teratom: • Tumor oppbygd av høgt differensierte vev av dei tre

kimlaga; ektoderm, mesoderm og endoderm, med dominerande ektodermal komponent.

• (Berre modent dersom modent vev). • Endometriose: • Endometrielt vev utanfor uterus. • Diagnosekriterie:

– To av tre av fylgjande • Endometriekjertlar • Endometrielt stroma • Blødning

Kommentarar/Vurdering

• Modne cystiske teratom: vanlegaste forma for teratom i ovariet (ca. 20%

av ovarialsvulstar).

• Endometriose: 10% av kvinner i reproduktiv alder.

• Endometriose: assosiert med svulstar i ovaria, fyrst og fremst endometrioide og klarcella karsinom.

• Båe tilstandane er vanlege hjå kvinner i reproduktiv alder, men kombinasjonen endometriose og teratom i samme ovarium er svært sjeldan (4-5 «case reports»).

Kommentarar/Vurdering

• Kan endometriose ved teratom kan representera endometriedifferensiering som del av teratom?

• I tidlegare skildra kasus samt i vårt kasus er områda med endometriose tydeleg skilt frå teratomet innafor same ovarium.

• Endometriose er ikkje skildra i monodermale teratom. • Mest sannsynleg to separate tilstandar i same ovarium.

• Ved funn av begge tilstandane i eit ovarium kan store teratom maskera små foci av

endometriose. • Endometriose kan som symptomgjevande tilstand bidra til tidlegare oppdaging av

teratom.

• Sameksistens av forskjellege patologiske tilstander innafor eit og same organ stiller krav til både klinikar og patolog for nøyaktig undersøking både peroperativt (undersøking av motsatt ovarium) samt makroskopisk og mikroskopisk undersøking (til dømes fotodokumentasjon, snittuttak og rapportering).

Referansar

• 1. Kurman E, Ronnett. Blausteins`s Pathology of the Female genital

Tract. Springer, editor2011. • 2. Caruso ML, Pirrelli M. A rare association between ovarian

endometriosis and bilateral ovarian teratoma. Case report. Minerva Ginecol. 1997;49(7-8):341-3.

• 3. Chae H, Rheu C. Endometriosis coexisting with mature cystic teratoma in the same ovary and ectopic pregnancy of left fallopian tube: a rare coexistence. Clin Case Rep. 2015;3(5):315-8.

• 4. Prorocic M, Tasic L, Vasiljevic M, Jurisic A, Smiljkovic OD, Raznatovic S, et al. Simultaneous dermoid cyst and endometriosis in the same ovary: a case report. Clin Exp Obstet Gynecol. 2013;40(3):457-9.

• 5. van der Merwe JL, Siebert I, van Wyk AC. Rare case of perplexing ovarian endometriosis. Fertil Steril. 2010;94(5):1910 e17-9.

Diagnoseforslag

• Ovarium med modent teratom og fokus med endometriose (11)

• Ekstirpert ovarium med modent teratom og cellerikt fibrom (2)

• Modent cystisk teratom (8)

• Umodent teratom (1)

• Modent teratom med mulig liposarkom/forandringer i fettvev (4)

• Cystadenofibrom og modent cystisk teratom (2)