1
KLASSEKAMPEN 10 Mandag 26. mai 2008 KRONIKK &DEBATT KRONIKK: E-post: [email protected] Maks 6000 teikn inkludert mellomrom. Legg ved portrettfoto. DEBATT: E-post: [email protected] Innlegg over 3000 teikn kan bli korta ned. Legg ved portrettfoto. Ali Esbati [email protected] Kronikk- og debattredaktør. Klassekampen honorerer normalt ikke innsendt stoff. Innsendaren si e-postadresse blir trykt med mindre innsendaren reserverer seg mot dette. For Klassekampen sine generelle vilkår for publisering, sjå www.klassekampen.no/KK/index.php/news/home/generelle_vilkaar DEBATT DEBATT gen kalla «Svartrust 2» (Sr2) som dempar infeksjonen, uansett rase. I staden for våpenkapplau- pet fekk vi ein borgfred – soppen kan få overleve, men på eit uskadeleg nivå. Den treng difor ikkje mutere og lage nye rasar for å overleve. Sortar med Sr2 vart difor tekne i bruk verda over og har halde svartrusten i sjakk. Kontrollen med svartrust var ein av dei viktigaste hendingane i den Grøne Revolusjonen, men så førte knappe ressursar til at svartrust gleid ut av synsfeltet. Ein har tydd til den vanlege typen rasespesifikke gen og ikkje passa på at «immunforsvaret» Sr2 fanst i kornsortane. Det er her Uganda99 set inn støyten. Kva nå? Uganda 99 lar seg ikkje stogge, men kan demmast opp. På kort sikt finst det effektive sprøytemiddel, og med auken i kornprisen vil mange fleire bønder ha råd til å ta dei i bruk, men knapt dei fattige (50 millio- ner fattige bønder i India lever direkte av kveiteproduksjon). Det klart beste og billigaste er motstandsdyktige sortar. Det finst resistens mot Uganda99 i verdas genmaterial, men i liten grad ute i åkrane. Å få den ut dit i løpet av få år, krev ein internasjo- nalt koordinert innsats for utval og prøving av nye sortar. Desse må ha «breispektra» resistens med fleire gen samtidig, inklu- dert Sr2, for å lage ein høg «brannmur» mot nye rasar av svartrusten. DNA-basert utval blir eit viktig hjelpemiddel. Den snart 95-årige Borlaug fekk i april Gates Foundation til å bla opp 26,8 millionar dollar til nettverket www.globalrust.org og kampen mot Uganda99, Utfor- dringane er likevel svimlande: Korleis skal ein greie å utvikle nye resistente sortar med bruk- bar kvalitet og klimatilpassing i mange land på nokre få år? Produsere nok såkorn av desse, og få bøndene til å dyrke dei og kome rustepidemien i forkjøpet? Bonden Jeppe måtte forlate baronens seng igjen. Meldinga om Uganda99 i Iran gjer, saman med presset på kornmarknaden elles, at han kanskje krev å få romet ved sidan av. Åsmund Bjørnstad, professor ved UMB Morten Lillemo, postdoktor ved UMB Jeg velger meg april – 2008. Den brå vårflaumen av mat-oppslag i media er til å klype seg i armen av. Som om landbruket har vakna i baronens seng. Etter år med forakt for «bulkproduksjon» av simple matvarer er det plutseleg lov å snakke om mengd og tilgang på mat. Kulturlandskap, gardsmat og antioksydantar har brått fått sin rette (men rettkom- ne) plass. Omslaget fell saman med at det er 40 år sidan den grøne revolusjonen – ein 68-generasjon det er vanskeleg å overvurdere betydninga av. Kinas utvikling er ikkje tenkjeleg utan tredoblinga i kornproduksjonen. Som andre revolusjonar åt denne sine eigne born – særleg bøndene gjennom stadig lågare kornprisar. Sukses- sen førte til dalande politisk interesse for matproduksjon i det heile. Som ein «utakk er verdas løn» har internasjonal landbruks- forsking blitt sveltefôra dei siste 20–30 åra. Men eit omslag til er på veg, som ikkje har nådd media. Det heiter Uganda99, og er ein ny farleg rase av kornsjukdomen svartrust. Lær deg namnet – det er storpolitikk i det som kan gjere dagens mat- krise til barnemat. Uganda99, oppdaga i Uganda i 1999, har sidan herja i kveiteåk- rar i Kenya og Etiopia. Den 5. mars sende FNs matvare- og landbruksorganisasjon (FAO) ut ei melding om at den er påvist i kveiteåkrar i Iran. Sjukdomen dannar brunsvart «rust» på stengel og blad og kan ved sterke åtak halvere avlinga og spreie milliardar av soppsporar frå ein einaste åker. At dei fylgde vinden over Raudehavet til Jemen i januar 2007 og så Iran, var ikkje uventa. No er Uganda99 på veg mot dei store kveiteområda i Midtausten, Pakistan og India. Dei dyrka sortane er mottake- lege. Skadeomfanget kan truge matforsyninga for ein milliard menneske og 20 prosent av kveiteproduksjonen i verda – ei halvering her tilsvarar halvpar- ten av kveiten på verdsmarkna- den. I ly av Himalaya er Kina mindre utsett, men ein spore på buksa til ein flypassasjer kan vere nok. Berre 15 prosent av kveitesortane i verda er i nokon grad motstandsdyktige. Dette kan minke, for i 2007 vart endå meir aggressive variantar av Uganda99 påvist i Kenya. Svartrust er sjeldan hjå oss, men kornlagra er på eit minimum og kveiteproduksjonen må helst auke med 50 prosent (300 mill tonn!) i løpet av den neste mannsalderen. Korleis kan ein ha hamna i ein så sårbar situasjon, og kva kan bli gjort? Svartrust har sett stor angst i folk før. I Romarriket bad bøndene guden Robigus om vern mot svartrust. Svartrust har sidan 1970-talet vore rekna som ein mindre viktig kornsjukdom, takk vere vellykka innsats i åra før. Kvifor kan då Uganda99 slå til igjen? Tilhøvet mellom korn og sopp er som eit våpenkapplaup. Nye sortar – reine og friske i bladver- ket – vert etter få år angripne av nye rasar. Kvifor? Fordi vi vender evolusjonen mot oss sjølve. 100 prosent reine sortar stiller nemleg soppen mot veggen: Forsvinn eller lag nye rasar som kan angripe. Soppen gjer det siste, og det ganske fort. Her i landet har nye kveitesortar ei gjennomsnittleg motstandsevne mot soppen mjøldogg på 1–4 år. Så må nye sortar med andre gen kome inn, og snart gjentek det same seg. Slike gen som vernar mot visse rasar til nye dukkar opp, kallar vi rasespesifikke. Dei er til hjelp, men varer ikkje lenge. Fram til 1956 var Nord-Amerika herja av svartrustepidemiar. Viktige mottiltak var å utrydde berberisbusken – ein «mellom- vert» for svartrustsoppen – og foredle sortar med ein annan type genetisk resistens. Ein av Norman Borlaugs banebrytande innsatsar er knytt til kontrollen med svartrust. Han kryssa inn eit Kornsjukdommen Uganda99 kan gjere dagens matkrise til barnemat. I baronens seng «Korleis skal ein greie å utvikle nye resistente sortar i mange land på nokre få år?» KORNSJUKDOM: Ein ny farleg rase av korn- sjukdomen svartrust, kalla «Uganda99», sprer seg no raskt frå Afrika via Iran mot In- dia og Pakistan, skriv artikkel- forfattarane. FOTO: AFP/SCANPIX KRONIKK Åsmund Bjørnstad og Morten Lillemo

DEBATT: &DEBATT Innlegg over 3000 teikn kan … · 2008-06-06 · rase. I staden for våpenkapplau-pet fekk vi ein borgfred – soppen kan få overleve, men på eit uskadeleg nivå

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

KLASSEKAMPEN10 Mandag 26. mai 2008

KRONIKK&DEBATT

KRONIKK: E-post:

[email protected] Maks 6000 teikn inkludert

mellomrom. Legg ved

portrettfoto.

DEBATT: E-post:

[email protected] Innlegg over 3000 teikn kan

bli korta ned. Legg ved

portrettfoto.

Ali [email protected] og debattredaktør.

Klassekampen honorerer normalt ikke innsendt stoff. Innsendaren si e-postadresse blir trykt med mindre innsendaren reserverer seg mot dette.For Klassekampen sine generelle vilkår for publisering, sjå www.klassekampen.no/KK/index.php/news/home/generelle_vilkaar ▼DEBATT ▼DEBATT

gen kalla «Svartrust 2» (Sr2) som dempar infeksjonen, uansett rase. I staden for våpenkapplau-pet fekk vi ein borgfred – soppen kan få overleve, men på eit uskadeleg nivå. Den treng difor ikkje mutere og lage nye rasar for å overleve. Sortar med Sr2 vart difor tekne i bruk verda over og har halde svartrusten i sjakk.

Kontrollen med svartrust var ein av dei viktigaste hendingane i den Grøne Revolusjonen, men så førte knappe ressursar til at svartrust gleid ut av synsfeltet. Ein har tydd til den vanlege typen rasespesifi kke gen og ikkje passa på at «immunforsvaret» Sr2 fanst i kornsortane. Det er her Uganda99 set inn støyten.

Kva nå? Uganda 99 lar seg ikkje stogge, men kan demmast opp. På kort sikt fi nst det effektive sprøytemiddel, og med auken i kornprisen vil mange fl eire bønder ha råd til å ta dei i bruk, men knapt dei fattige (50 millio-ner fattige bønder i India lever direkte av kveiteproduksjon). Det klart beste og billigaste er motstandsdyktige sortar. Det fi nst resistens mot Uganda99 i verdas genmaterial, men i liten grad ute i åkrane. Å få den ut dit i løpet av få år, krev ein internasjo-nalt koordinert innsats for utval og prøving av nye sortar. Desse må ha «breispektra» resistens med fl eire gen samtidig, inklu-dert Sr2, for å lage ein høg «brannmur» mot nye rasar av svartrusten. DNA-basert utval blir eit viktig hjelpemiddel.

Den snart 95-årige Borlaug fekk i april Gates Foundation til å bla opp 26,8 millionar dollar til nettverket www.globalrust.org og kampen mot Uganda99, Utfor-dringane er likevel svimlande: Korleis skal ein greie å utvikle nye resistente sortar med bruk-bar kvalitet og klimatilpassing i mange land på nokre få år? Produsere nok såkorn av desse, og få bøndene til å dyrke dei og kome rustepidemien i forkjøpet?

Bonden Jeppe måtte forlate baronens seng igjen. Meldinga om Uganda99 i Iran gjer, saman med presset på kornmarknaden elles, at han kanskje krev å få romet ved sidan av.

Åsmund Bjørnstad,professor ved UMB

Morten Lillemo, postdoktor ved UMB

Jeg velger meg april – 2008. Den brå vårfl aumen av mat-oppslag i media er til å klype seg i armen av. Som om landbruket har vakna i baronens seng. Etter år med forakt for «bulkproduksjon» av simple matvarer er det plutseleg lov å snakke om mengd og tilgang på mat. Kulturlandskap, gardsmat og antioksydantar har brått fått sin rette (men rettkom-ne) plass.

Omslaget fell saman med at det er 40 år sidan den grøne revolusjonen – ein 68-generasjon det er vanskeleg å overvurdere betydninga av. Kinas utvikling er ikkje tenkjeleg utan tredoblinga i kornproduksjonen. Som andre revolusjonar åt denne sine eigne born – særleg bøndene gjennom stadig lågare kornprisar. Sukses-sen førte til dalande politisk interesse for matproduksjon i det heile. Som ein «utakk er verdas løn» har internasjonal landbruks-forsking blitt sveltefôra dei siste 20–30 åra.

Men eit omslag til er på veg, som ikkje har nådd media. Det heiter Uganda99, og er ein ny farleg rase av kornsjukdomen svartrust. Lær deg namnet – det er storpolitikk i det som kan gjere dagens mat-krise til barnemat.

Uganda99, oppdaga i Uganda i 1999, har sidan herja i kveiteåk-rar i Kenya og Etiopia. Den 5. mars sende FNs matvare- og landbruksorganisasjon (FAO) ut ei melding om at den er påvist i kveiteåkrar i Iran. Sjukdomen dannar brunsvart «rust» på stengel og blad og kan ved sterke åtak halvere avlinga og spreie milliardar av soppsporar frå ein einaste åker. At dei fylgde vinden over Raudehavet til Jemen i januar 2007 og så Iran, var ikkje uventa. No er Uganda99 på veg mot dei store kveiteområda i Midtausten, Pakistan og India. Dei dyrka sortane er mottake-lege.

Skadeomfanget kan truge matforsyninga for ein milliard

menneske og 20 prosent av kveiteproduksjonen i verda – ei halvering her tilsvarar halvpar-ten av kveiten på verdsmarkna-den. I ly av Himalaya er Kina mindre utsett, men ein spore på buksa til ein fl ypassasjer kan vere nok. Berre 15 prosent av kveitesortane i verda er i nokon grad motstandsdyktige. Dette kan minke, for i 2007 vart endå meir aggressive variantar av Uganda99 påvist i Kenya. Svartrust er sjeldan hjå oss, men kornlagra er på eit minimum og kveiteproduksjonen må helst

auke med 50 prosent (300 mill tonn!) i løpet av den neste mannsalderen. Korleis kan ein ha hamna i ein så sårbar situasjon, og kva kan bli gjort?

Svartrust har sett stor angst i folk før. I Romarriket bad bøndene guden Robigus om vern mot svartrust. Svartrust har sidan 1970-talet vore rekna som ein mindre viktig kornsjukdom, takk vere vellykka innsats i åra før.

Kvifor kan då Uganda99 slå til igjen?

Tilhøvet mellom korn og sopp er som eit våpenkapplaup. Nye sortar – reine og friske i bladver-ket – vert etter få år angripne av nye rasar. Kvifor? Fordi vi vender evolusjonen mot oss sjølve. 100 prosent reine sortar stiller nemleg soppen mot veggen: Forsvinn eller lag nye rasar som kan angripe. Soppen gjer det siste, og det ganske fort. Her i landet har nye kveitesortar ei gjennomsnittleg motstandsevne mot soppen mjøldogg på 1–4 år. Så må nye sortar med andre gen kome inn, og snart gjentek det

same seg. Slike gen som vernar mot visse rasar til nye dukkar opp, kallar vi rasespesifi kke. Dei er til hjelp, men varer ikkje lenge.

Fram til 1956 var Nord-Amerika herja av svartrustepidemiar. Viktige mottiltak var å utrydde berberisbusken – ein «mellom-vert» for svartrustsoppen – og foredle sortar med ein annan type genetisk resistens. Ein av Norman Borlaugs banebrytande innsatsar er knytt til kontrollen med svartrust. Han kryssa inn eit

Kornsjukdommen Uganda99 kan gjere dagens matkrise til barnemat.

I baronens seng

«Korleis skal ein greie å utvikle nye resistente sortar i mange land på nokre få år?»

KORNSJUKDOM: Ein ny farleg rase av korn-sjukdomen svartrust, kalla «Uganda99», sprer seg no raskt frå Afrika via Iran mot In-dia og Pakistan, skriv artikkel-forfattarane. FOTO: AFP/SCANPIX

KRONIKK

Åsmund Bjørnstad og Morten Lillemo