8
KYSTSAFARI I VÅGSØY MED SUZUKI S-CROSS OPPLEV HULDEFOSSEN I EIN SUZUKI GRAND VITARA S O G N O G BILFYLKET F J O R D A N E magasinet NR. 1 - 2014

Fryd magasinet

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Magasin for bilfylket Sogn og Fjordane

Citation preview

Page 1: Fryd magasinet

KYSTSAFARI I VÅGSØYMED SUZUKI S-CROSS

OPPLEV HULDEFOSSENI EIN SUZUKI GRAND VITARA

SOGN OG

BILFYLKETFJO

RDANE

m a g a s i n e t

NR.

1 -

201

4

Page 2: Fryd magasinet

VELKOMMEN TIL VÅGSØYVågsøy byr på spektakulære attraksjonar som Kannesteinen, Refviksan-den, Måløybrua og Kråkenes Fyr. Alle er tilgjengelege med bil og er like interessante å få med seg anten det er den vakraste sommardagen eller den tøffaste vinterstormen. Det er relativt korte avstandar mellom at-traksjonene, og midt mellom dei ligg kystbyen Måløy som ein naturleg stoppestad for handel og kaféliv. Vågsøy er òg eit ideelt utgangspunkt for ulike dagsturar til perler som nabokommunane Bremanger, Selje og Eid.

Utgjevar: Frydenbø Bilsenter. www.frydenbo.no.Fulldistribuert inspirasjonsmagasin for bilopplevingar i Sogn og Fjordane.

Produsert av Frequency AS (Måløy/Nordfjordeid) ved magasinredaktør og biljournalist Geir Arne Solheim, grafisk designar Trygve Johan Solheim og

fotograf Øystein Torheim. www.frequency.no.

Trykk: Krona Trykk, Moss.Framsidefoto: Øystein Torheim/Frequency.no

Refvik, Vågsøy. Foto: Geir Arne Solheim/Frequency.no

BLI INSPIRERT!Sogn og Fjordane er eit av dei flottaste fylka i Noreg. Få stader kan syne til eit liknande kontrastfylt landskap innanfor så vidt korte reiseavstan-dar. Frå høgfjell og bre, via fjord til storhavet er det ikkje lange turen. I denne utgåva har vi reist på turar i bilmodellar frå Suzuki og Isuzu. Frydenbø-gruppa kjøpte i fjor Opus i Førde, som har endra namn til Frydenbø Opus. Med Frydenbø Bilsenter sine avdelingar på Sandane og i Sogndal er vi no tre avdelingar i fylket som er autorisert forhandlar av Suzuki og Isuzu.

Gjennom Fryd-magasinet ynskjer vi å løfte fram dei mange flotte opplev-ingane du kan få på turar langs landevegane her i fylket, samstundes som vi presenterer dei gode eigenskapane ved bilane som vi forhandlar og tek service på.

Vi vonar Fryd-magasinet kan vere til inspirasjon. Og då ikkje berre for deg som er på utkikk etter ny bil, men like mykje for deg som finn å ville besøke dei vakre turmåla vi har valt oss ut i denne utgåva.Velkomen innom for ein bilprat – og god tur!

Lars Endre Gimmestad Odd Arild Dale Jon Arne NorbergAdm.dir. / Dagleg leiar Dagleg leiar AvdelingssjefFrydenbø Bilsenter Frydenbø Opus Frydenbø Bilsenter Sandane Førde Sogndal

FØRDE

SOGNDAL

SANDANE

Page 3: Fryd magasinet

Kompakt køyremaskin med TØFF DESIGN

På dei svingete vegane i Sogn og Fjordane, er det viktig å ha ein bil med god køyredynamikk. Suzuki Swift er i så måte skapt for Sogn og Fjordane med kompakte køyreeigenskapar,

firehjulstrekk og fullstappa av bilglede!

Vi tok med Suzuki Swift på tur frå Nordfjord og til Førde. Sjølv om vegen heiter E39, så er ikkje standarden like bra heile vegen. I fylket vårt må ein difor sørgje for å vere korrekt skodd for ekstreme påkjenningar på bilen, sjølv på ein vakker sommardag. Heldigvis finst det køyrety som er betre samanskrudd og betre tilpassa våre vegar enn andre, og Suzuki Swift tilhøyrer kategorien «Godkjent for bruk i Sogn og Fjordane».

TRENDY DESIGNPERLESuzuki Swift er ei designperle med harmoniske og sportslege linjer. Ein kan fort bruke ord som «trendy» og «livsstil» om utsjånaden, og bilen kler godt landskapet langs Jølstravatnet på ein flott sommardag. Swift er ein bil i kompaktklassen og har gode plassressursar innvendig, både til førar og passasjerar. Poenget med ein kompaktbil er likevel at ein får akkurat det ein treng og ikkje unødvendig meir. Dette gjer at kompakt-klassen er svært populær både for familiar, enkeltpersonar og bedrifter. Vi merkar godt at det er bra med plass i bilen etter handlerunda i Førde, der det fort kan verte litt meir bagasje med heim enn det ein først hadde tenkt seg.

SOLID PÅ LANDEVEGENEit avansert firehjulstrekk-system er noko ekstra ved Swift som skil bilen ut frå mengda. Ikkje berre gjev firehjulstrekket betre køyreeigenskapar på landevegen, men systemet hjelper deg opp den siste kneika og får deg ut av elles krevjande situasjonar som ein bil med tohjulstrekk ikkje kan takle. Vår påstand er at firehjulstrekk er over snittet viktig i eit krev-jande bilfylke som Sogn og Fjordane. Det å sleppe å ha hjartet i halsen for om du kjem fram eller ikkje, er du friteken for i ein Suzuki.

MYKJE BIL FOR PENGANESwift er eit solid stykke japansk bilkunst til ein pris som gjev deg svært mykje bil for pengane. For rett over 200.000 kroner har du ein fire-hjulstrekkar som gjev deg eit problemfritt bilhald i mange år. Du har sjølvsagt òg moglegheita til å få Suzuki Swift som sportsleg tohjuls- trekkar, så her gjeld det berre å finne akkurat den modellen som passar deg og ditt behov best.

Geir Arne Solheim, redaktør og biljournalist

Våtedalen. Foto: Geir Arne Solheim/Frequency.no

REISEMÅL Jølster

Page 4: Fryd magasinet

Kråkenes i Vågsøy kommune. Foto: Øystein Torheim/Frequency.no

Foto: Geir Arne Solheim/Frequency.no

REISEMÅL Vågsøy

Page 5: Fryd magasinet

Perfekt for FJORDFYLKET

Fryd-magasinet tok med den nye Suzuki S-Cross til vakre Nordfjord for å sjå korleis denne siste modellen frå Suzuki taklar kvardagsutfordringane i fylket vårt. Og det er med eit stort

smil om munnen vi konstaterer at denne crossoveren endeleg har kome «heim»!

Suzuki S-Cross taklar alt som krevst av ein allsidig bil – han går like godt utanfor allfarveg som på motorvegen. Du kan like lett manøvrere deg i trange bygater som du køyrer opp til hytta på vintersdagen. Du kan kose deg åleine til jobb eller du kan ta med heile familien på langtur. Kort sagt er Suzuki S-Cross ein perfekt bil for behovet til folk flest i Sogn og Fjordane!

TA DEG EIN TUR MED S-CROSSSuzuki S-Cross har vorte ein salssuksess grunna dei mange positive eigenskapane sine. Ikkje berre er bilen fylt med alt av moderne utstyr og har toppscore i kollisjonstestar, men han har ein pris som få eller ingen andre kan matche. For under 300.000 kroner kan du få ein såkalla «crossover» med det beste frå kompaktbilen og SUVen pakka inn i ein lekker og tidsriktig design i solid, japansk kvalitet. Her er det berre å bestille seg ein testtur med det første!

Vi starta turen vår på Sandane og sette retninga mot Nordfjordeid. Test-bilen vår er ein 1,6-liters bensinbil med automatgir, og det tok ikkje mange sekund med justeringar før vi hadde funne oss perfekt til rette i bilen. Justeringsmoglegheitene er mange på førarsetet, rattet kan jus-terast både opp og ned og inn og ut og det er god støtte til både lår, rygg og albogar kring førarsetet. Før vi hadde kome til ferjekaia på Anda skjøna vi at vi hadde ein fin sommardag framføre oss i Suzukien.

FJORD-CRUICE PÅ LANDEVEGENVel gjennom Lotetunnelen kikka sola fram, og vi opna det gedigne panoramataket. Det vert nesten kabriolet med ei såpass stor opning i taket, og få andre modellar stiller opp med ei slik løysing. Genialt! Vi legg ein liten tur gjennom Eidsgata for litt shopping, og merkar kor enkelt det er å manøvrere bilen i sentrum. Dei kompakte, ytre måla på bilen gjer han til ein draum å lukeparkere, og det hjelper på at bilen har eit godt ryggekamera som gjv deg full oversikt bakover.

Vegen går vidare ut mot Vågsøy og vi legg oss i cruise-fart utover fjorden.

Automatgiret har sju gir og legg seg behageleg i sjuande gir på cruise-kon-trollen for god flyt og lågt forbruk på landevegen. I og med vi har ein bensinbil denne gongen, så er det luksus å nyte den stille atmosfæren og berre høyre susen av vinden som bles gjennom hårtustane.

ATTRAKSJONAR I VERDSKLASSENår vi kjem over Måløybrua vel vi denne gongen å køyre nordover mot Kråkenes fyr og Refviksanden i staden for vestover mot Kannesteinen. Uansett kva rute du vel, så tilbyr Vågsøy unike moglegheiter til «bil- turar på havet», altså at du kan køyre bilen din heilt nær storhavet og oppleve nokre av Noregs mest spektakulære attraksjonar. Vegen mot Kråkenes vert stadig tøffare og meir svingete dess nærare ein kjem den vakre kystbygda, og det er akkurat dette vi er ute etter – vi vil teste om Suzukien taklar noko anna enn desse typiske motorvegtestane i Tyskland som mange av dei store bilmagasina svergar til.

Og det er med stor glede å oppleve at Suzuki S-Cross er ein bil som taklar alle utfordringane vi gjev han. På den svingete vegen ned mot Kråkenes opplever vi ein svært kompetent bil som ligg kompakt og fin i svingane med full kontroll heile vegen. Nå underlaget vert grus med holer i, så merkar vi kor godt bilen sluker ujamnheiter, korleis holene vert forsert utan slag og støy i karosseriet og kor enkelt vi kjem oss fram utanfor vegane ved å låse firehjulstrekk-systemet i 50/50-modus. Med slik teknikk om bord, kan vi snakke om «ekte» firehjulstrekk!

Som ei perfekt avslutting på dagen, svinga vi ned om Refviksanden for å slikke litt sol på ei av Noregs flottaste badestrender. Her fekk vi nok ein gong oppleve kor praktisk det er å ha ein bil med god bakkeklaring og avansert firehjulstrekk ved å køyre litt utanfor der personbilane van-legvis stoppar og snur. Suzuki S-Cross er definitivt som skapt for Sogn og Fjordane!

Geir Arne Solheim, redaktør og biljournalist

Page 6: Fryd magasinet

KVARDAGSKAMERATMange nordmenn har Suzuki SX4 sit hjarte nær, og det er ikkje så vanskeleg å forstå.

Den sjarmerande designen kombinert med svært enkelt bilhald, prak-tiske eigenskapar og firehjulstrekk, gjer at SX4 er ein bil som er som skapt for Sogn og Fjordane. Det er viktig at ein ny bil fungerer praktisk i kvardagen, og stort enklare bil å ha med å gjere enn Suzuki SX4 skal du leite lenge etter. Her er det lite jålerier, og alt er der du forventar å finne det og alt fungerer som det skal år etter år. Med dei kompakte ytre måla kjem du deg enkelt fram både i byen og rundt fjøsnova, samstundes som det er rommelege innvendige mål til både barn, foreldre og beste-foreldre som skal ut på tur. Suzuki SX4 har eit firehjulstrekksystem som er langt meir avansert enn det som er vanleg i crossover-segmentet. Det at ein kan låse firehjulstrekket i 50/50-modus, altså at ein låser systemet med lik trekk på alle fire hjul, utgjer ofte den store skilnaden på om du kjem deg opp den bratte grusbakken eller ut av snøfonna. Då kjem ofte enkle firehjulstrekk-system til kort. I tillegg er bakkeklaringa på imponerande 19 cm. SX4 kan lett gjerast om til ei stasjonsvogn ved at baksetene kan foldast saman slik at ein får eit bagasjerom på heile 625 liter opp til seteryggen (og totalt vert volumet 1.045 liter til taket). Dette gjer SX4 til ein triveleg kvardagskamerat til under 300.000 kroner.

Isuzu D-Max er den tøffaste guten i pick-up-klassen. Den robuste firehjulstrekkaren har ein barsk utsjånad, og eigenskapane til bilen følgjer opp det uttrykket lovar.

På hengaren kan du enkelt få med deg 3,5 tonn vekt og dermed få gjort jobben der andre vert ståande og spinne. Dette fordi bilen er utstyrt med ein kraftig dieselmotor på 2,5 liter med 163 HK og 400 Nm kombinert med eit avansert firehjulstrekksystem. Isuzu D-Max har genane sine frå solide lastebilar og arbeidsmaskiner, og er såleis eit skikkeleg arbeidsjarn med høg driftssikkerheit og låge driftskostnader. Bilen er i tillegg svært

velkøyrande slik at turen til og frå jobb vert ei glede. Trass i alt er dette ein arbeidsplass for mange, og då er det viktig å ta vare på arbeidar-en gjennom heile døgeret. Difor finn du det du det du kan forvente av tryggjingsutstyr som stabilitetskontroll i tillegg til komfortelement som skinnseter med el-justering, kophaldarar og oppbevaringsrom, klima- anlegg, 6-høgtalarar og Ipod- og Bluetooth-tilkopling. Med den romme- lege bakseteplassen har du her både ein SUV og ein lastebil i eitt. Du får Isuzu D-Max både som som double cab og som extended double cab. Startprisen på D-Max levert Sogn og Fjordane er 341.900 kroner inkludert mva. Bilen er tilgjengelig med automat på alle modellar.

EIT HEILMAX ARBEIDSJARN

Page 7: Fryd magasinet

Huldefossen. Foto: Geir Arne Solheim/Frequency.no

Det er i grunnen ikkje så rart at japanske bilar passar perfekt til norske for-hold. For Japan og Noreg har særs mange likheitstrekk – lange kystlinjer, fjell og dalar med variasjonar mellom vinter og sommar. Kanskje då ikkje så rart at ein japansk SUV som Suzuki Grand Vitara er konstruert midt i blinken for eit fylke som Sogn og Fjordane!

SKIL GUTAR FRÅ MENNDet som ofte «skil gutar frå menn» er kvaliteten på firehjulstrekket og korleis råma på bilen er bygd opp. Og her er Suzuki Grand Vitara det ein kan kalle «ekte vare». Bilen er utstyrt med permanent firehjulstrekk som til ei kvar tid distribuerer kraft til dei hjula som treng det. Dette gjev stabile og gode køyreeigenskapar. Men når du skal ut i terrenget, så treng du meir enn dette. Grand Vitara er difor utstyrt med både låsing i høgserie og lågserie. Med

andre ord – det skal mykje til for å sta fast med denne bilen!

GOD KOMFORTSjølv om terrengeigenskapane til Grand Vitara er ekstremt bra, så ofrar du ingen ting på komforten. Med ein dieselmotor på 1,9 liter med 129 HK og 300 Nm, så har du nok av kraft til kvardagskøyringa. Du har moglegheit til å velje skinninteriør, takluke i glass og alle andre moderne komfortløysingar. Designen er svært harmonisk og har hausta applaus av motorpressa sidan han kom, og ansiktsløftet som har kome gjer at bilen følgjer dei tidsmessige designtrendane godt. For 419.900 kroner levert Sogn og Fjordane får du ein fullt utrusta Grand Vitara.

Geir Arne Solheim, redaktør og biljournalist

Japanar med unike TERRENG-

EIGENSKAPARVi tok med terrengspesialisten Suzuki Grand Vitara på tur til Huldefossen i Sunnfjord og fekk

oppleve ein bil som likar seg like godt i terrenget som på E39.

REISEMÅL Førde

Page 8: Fryd magasinet

Veil priser levert Drammen. Frakt kommer i tillegg. CO2 utslipp fra 110 - 130 g/km Drivstofforbruk fra 4,4 - 5,7 l /100km. Som skapt for norske forhold!

www.suzuki.no

2 suksess nyheter fra suzuki

BEST I TEST*

2013

Bestselgeren s-Cross 4x4Introduksjonspakke:Sort skinn interiør - El. panoramasoltak - DAB+ radio med USB og 7 høyttalere - Navigasjon Bluetooth telefonsystem - Ryggekamera - LED kjørelys - Parkeringssensor foran og bak Norsk Tectyl - Bi Xenon lys med lyktespylere - 17” aluminiumsfelger - Skinn multifunksjonsratt 2-sone klimaanlegg - Cruisekontroll - Automatisk avblendbart innvendig speil - TåkelysMørke ruter fra B pilar - Sølv takrails - Hill hold kontroll/ bakkestartassistanse Automatiske vindusviskere - Nøkkelfritt system og start

Verdi kr. 69.000.- Introduksjonstilbud: kr. 20.000.- Spar kr. 49.000.-

S-Cross 4x4 fra 289.900,- Automatgir + 15.000,-

Introduksjonspakke:Navigasjon • Klimaanlegg • LED kjørelys • DAB+ radio/CD spiller m/rattbetjening - Bluetooth handsfree - Norsk Tectyl

6 høytalere • Cruisecontrol • Varmeseter foran • 16” Alu.felger - Nøkkelfritt lås og start system med startknapp

Ratt og girkule i skinn • USB kontakt - Privacy vinduer bak • Tåkelys • Blinklys i speil • El vinduer foran og bak

Verdi kr. 42.800.- Introduksjonstilbud: kr. 5.000.- Spar kr. 37.800.-

Designperlen swift 4x4

Swift 4x4 5 dørs fra 244.900,-

Som skapt for norske forhold!www.suzuki.no

4x4 med automat tilgjengelig

Navi, ryggekamera og DAB+

Panorama soltak

4x4 er standard

Sort skinn interiør El. panoramasoltak Bi Xenon lys med lyktespylereNavigasjon Bluetooth telefonsystem Ryggekamera LED kjørelysParkeringssensor foran og bak

DAB+ radio med USB og 7 høyttalere 17” aluminiumsfelger Skinn multifunksjonsratt 2-sone klimaanleggCruisekontroll Automatisk avblendbart innvendig speil TåkelysHill hold kontroll/bakkestartassistanse

Automatiske vindusviskereNøkkelfritt system og start Mørke ruter fra B pilar Sølv takrails

Rett til toPPs og Best i test BEST I TEST*

2013

Introduksjonspakke:

Introduksjonstilbud: kr. 20.000.- Verdi kr. 69.000.- Spar kr. 49.000.-

S-Cross 4x4 fra 299.900,- Automatgir + 15.000,-

Veil priser levert Sogn og Fjordane. Frakt kommer i tillegg. CO2 utslipp fra 110 - 130 g/km Drivstofforbruk fra 4,4 - 5,7 l /100km.

Sandane: 57 86 61 00 Sogndal: 57 67 34 00 Førde: 57 82 99 [email protected] [email protected] [email protected]