9
KILDEN TEATER- OG KONSERTHUS Kilden.com Med lisens frå Josef Weinberger Ltd. på vegner av Music Theatre International og CAMERON MACKINTOSH Ltd. ©1988 CMOL Kilden Teater- og Konserthus presenterer etter avtale med Cameron Mackintosh ei ny oppsetjing av Boublil og Schönbergs

Kilden / Les Misérables program 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kilden / Les Misérables program 2014

Citation preview

Page 1: Kilden / Les Misérables program 2014

KILDEN TEATER- OG KONSERTHUS Kilden.com

Med lisens frå Josef Weinberger Ltd. på vegner av Music Theatre International og CAMERON MACKINTOSH Ltd.

©1988 CMOL

Kilden Teater- og Konserthus presenterer etter avtale med

Cameron Mackintosh ei ny oppsetjing av

Boublil og Schönbergs

Page 2: Kilden / Les Misérables program 2014

Dei elendige sin kamp Forfattaren Victor Hugo skildrar ei tid som bana vegen for fridom og demokrati ikkje berre i Frankrike, men òg i Noreg og resten av Europa. Men perioden i kjølvatnet av den franske revolusjonen i 1789 var ei knallhard tid. Difor kallar då òg Hugo hovudpersonane sine for Les Misérables - dei elendige .

“Elendige” var dei dels fordi dei var undertrykte og utsvelte, men òg fordi Hugo skildrar dei som tidvis hatefulle, kriminelle og råe – som resultat av at dei har blitt drivne ut mot yttergrensa der desperasjonen ligg under eit stendig tynnare ferniss av sivilisasjon.

I 1980 skreiv Alain Boublil ein libretto og komponisten og dramatikaren Claude-Michel Schønberg laga musikken til ein musikal bygd på Victor Hugo sin berømte roman. Etter at musikalen først blei stempla som ein fiasko i Paris, kom det internasjonale gjennombrotet i London i 1985. Sidan har den blitt ein verdssuksess.

• Vi følgjer Jean Valjean frå han blir sett fri i 1815 etter 19 års straffarbeid. Han er dømd for å ha stole brød til den sveltande systera si og borna hennar. Ved lauslatinga får han strenge formaningar frå den nidkjære fangevaktaren Javert om å halde meldeplikta.

• Valjean lukkast ikkje i å skaffe seg ærleg arbeid, men biskopen av Digne forbarmar seg over han og gjev han mat og husrom. Valjean stel biskopen sitt sølv og blir teken av politiet, men biskopen dekkjer for han ved å seie at sølvet var ei gåve. Valjean bestemmer seg for å skifte identitet og hjelpe andre. Men med den nye identiteten har han òg brote meldeplikta, og vaktaren og politimannen Javert tek opp jakta på han.

• Åtte år seinare er Valjean blitt fabrikkeigar og borgar-meistar under namnet Herr Madeleine.

• I fabrikken hans arbeider Fantine, som skjuler at ho er einsleg mor til vesle Cosette. Fantine blir avslørt som einsleg mor, avviser tilnærmingane til fabrikkformannen og får sparken. Cosette blir sjuk, og Fantine brukar alle pengane sine på medisin. I desperasjon ender ho opp i prostitusjon, og blir arrestert av den nye politiinspektøren i byen, Javert.

• Borgermeister og fabrikkeigar Madeleine grip inn og får Fantine på sjukehus, der ho døyr etter at Valjean har lova å ta seg av Cosette. Men borgarmeisteren må sjølv flykte frå sjukehuset då Javert skjønar at han er Valjean og kjem for å arrestere han.

• Seinare finn Valjean att Cosette hos dei vondskapsfulle krovertane, ekteparet Thénardier, og deira bortskjemde dotter Eponine. Han klarer å kjøpe Cosette fri og tek henne med til Paris, der dei lever som far og dotter. Men Javert er på sporet av dei. Handlinga når eit høgde-punkt då Cosette sin kjærast Marius vil bli med i opprøret i 1832, som seinare har blitt kjent som det mislukka “juniopprøret”.

Les Misérables er ein av dei mest kjende og oftast fram-førte musikalane i verda. Stykket skildrar menneske sine grunnleggjande val i lys av revolusjonen i Frankrike på 1800-talet. Musikalen er eit tidlaust testament og ein hyllest til mennesket si vilje til å overleve.

Den franske revolusjonen inspirerte til grunnleggjande samfunnsomveltingar i store delar av den vestlege verda. Den var ein direkte inspirasjon til den norske fridom-skampen, som kulminerte i 1814 og som vi no skal feire med grunnlovsjubileet.

I høve dette nasjonaljubileet er kyststrekninga frå Hauge-sund til Kristiansand blitt samla til eitt musikalrike – i alle fall for ei stund. Denne produksjonen er resultatet av eit unikt og ambisiøst samarbeid mellom Sandnes Kulturhus, Rogaland Teater, Festiviteten konserthus i Haugesund og Kilden Teater- og Konserthus.

Agder Teater takkar alle gode samarbeidspartnarar, og når produksjonen blir pakka ned for aller siste gong 21. juni, håpar vi at så mange som 40.000 publikummarar òg har stilt seg bak denne takka.

God fornøyelse!

Ingrid ForthunTeatersjef Agder Teater

Ein musikal av Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg Basert på ein roman av Victor HugoMusikk av Claude-Michel Schönberg Songtekstar av Herbert KretzmerFranske originaltitlar av Alain Boublil og Jean-Marc NatelTilleggsmateriale av James FentonOriginalorkestrering av John CameronNyorkestrering av Christopher JahnkeTilleggsorkestrering Stephen Metcalfe og Stephen BrookerRegissør og koreograf: Lisa KentScenograf og kostymedesignar: Ingeborg KvammeMusikalsk leiar: Svein Ragnar MyklebustDen original London produksjonen var tilrettelagdt og instruert av Trevor Nunn og John Caird

Med lisens frå Josef Weinberger Ltd. på vegne av Music Theatre International og Cameron Mackintosh Ltd.

I samarbeid med Sandnes Kulturhus, Rogaland Teater og Festiviteten Konserthus, Haugesund

Spelas i Kilden Teater- og Konserthusi perioden 29. mars - 15. mai 2014

Page 3: Kilden / Les Misérables program 2014
Page 4: Kilden / Les Misérables program 2014
Page 5: Kilden / Les Misérables program 2014

1. AKT

1815, Digne

PROLOGJean Valjean, Javert, biskopen, ensemblet

1823, Montreuil-Sur-Mer

NÅR EIN DAG ER FORBIFantine, Jean Valjean, formannen, ensemblet

DREPA EIN DRAUMFantine

HAMNAFantine, Javert, Jean Valjean, Bamatabois, ensemblet

KJERRAJean Valjean, Javert, Fauchelevant, ensemblet

KVEN ER EGJean Valjean

FANTINE DØYRFantine, Jean Valjean, Javert

VILLAN SKYVesle Cosette, Mme Thénardier, Vesle Eponine

1823, Montfermeil

KROAThénardier, Mme Thénardier, ensemblet

AVTALENJean Valjean, Vesle Cosette, Thénardier, Mme Thénardier

1832, Paris

TIGGARANEGavroche, ensemblet

RANETThénardier, Mme Thénardier, Marius, Eponine, Jean Valjean, Cosette, Javert

STJERNERJavert, Gavroche, Eponine, Marius

ABC CAFÉEnjolras, Marius, Grantaire, Combeferre, Feuilly, Courfeyrac, Joly, Jean Provaire, Lesgles, Gavroche

FOLKET SYNGEnsemblet

RUE PLUMETCosette, Jean Valjean, Marius, Eponine

EIN HUG FULL AV ELSKMarius, Cosette, Eponine

FORSØK PÅ RAN, RUE PLUMETThénardier, Eponine, Montparnasse, Brujon, Claquesous, Cosette

EIN DAG TILEnsemblet

2. AKT

1832, Paris. forts.BARRIKADEN OPP

Ensemblet

JAVERT PÅ BARRIKADEN

Ensemblet

FØRSTE ÅTAKEnsemblet

NATTAEnsemblet

TA HAN HEIMJean Valjean, ensemble

ANDRE ÅTAKEnsemblet

SLUTTENEnsemblet

KLOAKKENThénardier,

Jean Valjean, Javert

JAVERT DØYRJean Valjean,

Javert, ensemblet

TOMME STOLARMarius, ensemblet

MARIUS OG COSETTECosette, Marius, Jean Valjean

BRYLLUPETThénardier, Mme Thénardier,

Marius, Cosette, ensemblet

EPILOGEnsemblet / alle

Speletid ca 3 timer inkludert pause på 25 minutter

Page 6: Kilden / Les Misérables program 2014
Page 7: Kilden / Les Misérables program 2014

Han reiste frå Kristiansand til den franske revolusjonenEit rundt tøystykke i raudt, kvitt og blått har i over 200 år blitt teke varsamt vare på i hovudbygningen på staselege Kjos gard i Vågsbygd. Tøystykket er beviset som knyter hendingane i Victor Hugo sin roman Les Misérables tett saman med den sørlandske historia.

Tøystykket er ein kokarde, eit rundt eller ovalt merke eller ein rosett, som vi mellom anna kjenner frå 17. mai-sløyfer og moderne russe- og studentluer . Men denne kokarden blei skaffa og teken i bruk under den fyrste franske revolusjonen og teken med heim til Kristiansand av ein glødande ung revolusjonær.

ISAACH ISAACHSEN voks opp i storborgarskapet i Kristiansand, dels inne i byen, dels på garden Øvre Kjos, som far hans, konsul Daniel Isaachsen, kjøpte då sonen berre var 11 år gammal. Då han var 16 år gamal, i 1790, reiste den unge Isaach til Frankrike og blei der i to år. I Paris hamna han midt i den gryande revolusjonen, og slutta seg til den radikale Jakobinarklubben under Maximilien de Robespierre.

Heime i Kristiansand fekk konsulen og skipsreiaren Daniel Isaachsen høyre om sonen sitt revolusjonære liv. Han skal ha

reagert med å sende eit av skipa sine til Dunkirk, og derfrå reiste skipperen og ein eller to av matrosane til Paris, fann den unge Isaach og tok han med seg heim med tvang i 1792.

Om Isaach ikkje fekk lov til å vere med vidare i den franske revolusjonen, fekk han likevel med seg både revolusjonsideane og luemerket sitt – kokarden i trikoloren sine fargar. Sjølv blei han resten av livet kalla den radikale jakobinaren, sjølv om fritenkjaren Isaach sjølv blei gifta bort til dottera til Kristiansand-biskopen i 1799, det siste året av den fyrste franske revolusjonen.

I dei åra då Jean Valjean i Victor Hugo si historie kjempar seg bort frå fortida som straff-fange, sat Isaach Isaachsen i det heilt nye norske Stortinget og spreidde radikale idear og forslag frå den franske fridomsrørsla og revolusjonsbølgja. Isaachsen var stortingsrepresentant for Kristiansand frå 1818 til 1821.

Isaach Isaachsen døydde i 1828, fire år før “juniopprøret” i Paris i 1832 som dannar ramma om den dramatiske slutten i Les Misérables. Og “jakobinaren Isaachsen” frå Kristiansand hadde sett varige spor etter seg. Ei rekkje av dei radikale ideane og forslaga han kom med i Stortinget blei seinare vedtekne, og på slektsgarden Kjos har familien teke vare på den raude, kvite og blå kokarden som Isaachsen henta heim frå den franske fridomskampen.

Og kokarden er verkeleg ein svært viktig historisk gjenstand. Det historiske bymuseet i Paris, Musée Carnavalet – Histoire de Paris, har rett nok nokre slike kokardar frå Jakobinarklubben i samlinga si, men ingen frå det året då Isaachsen fekk sin.

Saman med Vest-Agder-museet og familien Isaachsen på Kjos gard stiller Kilden ut kokarden og eit portrett av Isaach Isaachsen i foajeen utanfor teater- og operasalen i spele-perioden for Les Misérables.

Reidar Mosland, medieprodusent Kilden

Kjelder: Sverre Steen – Kristiansands Historie, Karl Leewy – Kristiansands bebyggelse og befolkning i eldre tider, Store norske leksikon, div. artiklar frå Wikipedia.

Kilden Teater- og Konserthus takkar familien Isaachsen Willoch for at dei lånar ut måleriet og kokarden til utstilling i foajeen, og Jan Henrik Munksgaard og Vest-Agder-museet for tilrettelegginga av og det faglege arbeidet med utstillinga.

Page 8: Kilden / Les Misérables program 2014

MedvirkendeKUNSTNARISK TEAMRegissør / koreograf Lisa KentMusikalsk ansvarleg Svein Ragnar MyklebustKostymedesignar / scenograf Ingeborg KvammeNorsk omsetjing Bjørn EndresonMaskør Jill Tonje HolterLysdesignar Stian Bru / Joakim FoldøyLyddesignar Simen Hefte EndresenRegiassistent Melker SörensenKostymedesignassistent Stine Berg Knudsen

SKODESPELARARJean Valjean Espen GrjotheimJavert Nils Christian FossdalThénardier Espen HanaMme Thénardier Solveig AndsnesFantine Britt-Synnøve JohansenMarius Kim PerssonCosette Emmi ChristenssonEponine Mareike B. WangEnjolras Ole Morten VeldeBiskopen av Digne / Claquesous /ensemble / understudy Javert Øyvind Boye LøvoldGavroche Johannes Skogheim Pedersen /Kristian Stedal Hannevik / Paul Fjell GundersenVesle Cosette Ada Lois Bråthen Hansen Agnes Aarsland / Ann-Maria Nygård HøgstølVesle Eponine Astri Elisabeth Jåvold Akselsen / Isolde Albriktsen / Mathea Pedersen Kilane

Courfeyrac / ensemble / understudy Enjolras Samuel BrandtCombeferre / ensemble Melker SörensenFormannen / Grantaire / ensemble /understudy Marius Anders GjønnesFeuilly / Bamatabois / ensemble Lars Henrik AarnesLesgles / ensemble Kristian SødalJean Prouvaire / Fauchelevant / ensemble Eivind DundasJoly / ensemble / understudy Thénardier Richard OlsenMontparnasse / ensemble / understudy Jean Valjean Jardar JohansenBrujon / ensemble Pål JensenEnsemble / understudy Mme Thénardier Kirsti Lucena M. AndersenEnsemble / understudy Eponine Sandra ErstadEnsemble / understudy Cosette Jenny KaatzEnsemble Ellen Halvorsen LervoldEnsemble Aase Helene RøinaasEnsemble / understudy Fantine Susanna Wickström

STABInspisient Nina Ruud, Mette N. Høgdal

Scenemeister Ryall Burden, Per LaukvikBirk Florian Fischer Magnussen

Loftsmeister Simon NielsenØystein Aase, Bjørn Sigurd Aarskog

Lysmeister Kine E. H. KvendsethLysbordprogrammerar Karl Oskar Sørdal

Lyd Simen Hefte Endresen, Ruben LervågMusikalsk konsulent Per Elias Drabløs

Mygg Trond Zachariassen, Simon BovinSceneteknikar Joakim Stien, Magne Strand

Anders Hardeland, Bjørn Erik Lilleengen, Andreas Darum

Framsyningsrekvisitør Tine Kjellsdottir Hjelmerud

Følgjespot Ørjan Moen Trygve Tambs-Lyche, Espen Pedersen

Pyroteknikk Christian Forwald, Kjell SørgaardParykkmakar / sminke: Karin Nordling

Frisør / sminke Helga FlatelandAda Hetland Solbakken

Kostymekoordinator Bente KyrvestadPåkledar Ida Holm, Lisa Whetmore

Cecilie Hagen, Jessica Romberg, Silje Bakken Rigg Audun Wea

Nanny Anniken Høiby Bjørnøy

ORKESTERKeyboard / repetitør Knut Aabø

Keyboard Hilmar Kristoffersen Trond Ø. Tellefsen

Fiolin Senja HawkenBratsj Nikolaï Clavier

Cello Hanne KyllingstadKontrabass Theodor Onarheim

Fløyter Maria Tøndel EdvardsenObo / engelsk horn Milan Adamovic

Klarinetter Nino FeldbabTrompet / flygelhorn Tore Bråthen

Trombone / euphonium Lars SutterudSlagverk Jostein Hustveit

TAKK TIL Hovudsamarbeidspartnar

Mediehuset FædrelandsvennenSamarbeidspartnarar

Elkem, NordeaAgder Energi, Aker Solutions

Sparebanken Sør og Gumpen Gruppen Eigarar

Kristiansand kommuneVest-Agder fylkeskommuneAust-Agder fylkeskommune

Grimstad kommune

Lisa K ent

Espen Grjotheim

Mareike B. Wang

Agnes Aarsland

Lars Henrik Aarnes

Aase Helene Røinaas

Svein Ragnar Myklebust

Nils Christian Fossdal

Ole Morten Velde Ada Lois Bråthen Hansen

Kristian Sødal Kirsti Lucena M. Andersen

Ingeborg Kvamme

Espen Hana

Øyvind Boye Løvold

Astri Elisabeth Jåvold Akselsen

Eivind Dundas

Ellen Halvorsen Lervold

Jill Tonje Holter

Solveig Andsnes

Johannes Skogheim Pedersen

Isolde Albriktsen

Richard Olsen

Sandra Erstad

Stian Bru

Britt-Synnøve Johansen

Kristian Stedal Hannevik

Mathea Pedersen Kilane

Jardar Johansen

Simen Hefte Endresen Melker Sörensen

Kim Persson Emmi Christensson

Paul Fjell Gundersen

Ann-Maria Nygård Høgstøl Samuel Brandt Anders Gjønnes

Jenny Kaatz Susanna Wickström

Pål Jensen

Produksjonsstyret

Scenografi er tilverka av Rogaland Teater og Kilden Teater- og Konserthus sine verkstadar

Rekvisitter og parykker er tilverka og tilpassa på Kilden Teater-og Konserthus sine verkstadar

Kostymer er tilverka ved Sastería Cornejo, Madrid,og Kilden Teater-og Konserthus sin kostymeseksjon

Kild

en In

Hou

se |

And

ers F

rode

Mar

um |

foto

: Kja

rtan

Bje

lland

og

Stig

Håv

ard

Dir

dal |

mar

s 201

4 | 1

0.00

0 ek

s.

ProduksjonsstyretTom Erik Anfinsen, Konserthussjef

Festiviteten konserthus, HaugesundIngrid Forthun, Teatersjef Agder Teater

v/ Kilden Teater - og Konserthus, KristiansandArne Nøst, Teatersjef Rogaland Teater

Anders Netland, Dagleg leiarSandnes kunst – og kulturhus

Page 9: Kilden / Les Misérables program 2014

KILDEN TEATER- OG KONSERTHUS FOR SØRLANDET IKSBesøks- og postadr.: Sjølystveien 2, 4610 KristiansandBillettkontor: 90 58 11 11 - [email protected] 11-16 | tirsdag-fredag 11-19 | lørdag 11-15 | søndag 12-15

PULS - A TRIBUTE TO PINK FLOYD er den kritikerbejublede hyllesten en gruppe dyktige musikere fra Vennesla har gledet mer enn 15.000 sørlendinger med gjennom flere år.

Med Kilden Teater- og Konserthus i ryggen gjør de nå sitt megashow større og mer spektakulært og teatralt. BLANK kler fjellveggen i Fjæreheia amfi med digitale 3D-bilder.

Fjæreheia Amfi er en av Norges mest spektakulære utendørsscener.

PULS har 12 medlemmer og legger stor vekt på spilleglede, improvisasjon og opplevelse. Bandet har hatt stor suksess med flere konserter på Sørlandet de senere år, bl.a. en utendørskonsert for hele 5000 publikummere på Vigeland Hovedgård i 2011 og 4 utsolgte konserter i Kilden i 2012.

Forestillingen som flytter fjell!PULS I FJÆREHEIA

Premiere 11. juliSpilles også 12. , 16. , 17. , 18. og 19. juli - hver kveld kl. 21.30

Se kilden.com for mer informasjon (parkering, bussruter mm)