8

Klara kan mykje rart om klede

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Klara kan mykje rart om klede, kvar kjem kleda frå?

Citation preview

Page 1: Klara kan mykje rart om klede
Page 2: Klara kan mykje rart om klede

Teresa GrøTan

Klara kanKlara kanmykje rart om klede

Illustrert av Ella Okstad

Samlaget

Oslo 2011

Page 3: Klara kan mykje rart om klede

© Det Norske Samlaget 2011www.samlaget.no

Printed in NorwayBoka er sett med Helvetica Neue 12/17,5Trykkeri: Scangraphic, AalborgPrinted in Poland

ISBN 978-82-521-7844-9

Page 4: Klara kan mykje rart om klede

5

1– Æsj! Det stinkar! roper Klara.

Ho held seg for nasen mens pappa tar av bæsjebleia på

veslesøster.

Pappa høyrer ikkje. Han lurer på kva han skal ta på

veslesøster, og mumlar for seg sjølv:

– Ullbody eller bomullsbody? Ullgenser eller

bomullsgenser?

– Kan du sjekke temperaturen, Klara?

Klart Klara kan! Ho spring ut på kjøkkenet, hentar

krakken, klyv opp og ser ut på termometeret.

– Seks gradar. Regndropar! rapporterer ho inn til pappa

og veslesøster.

– Mange dropar? spør pappa.

– Ja! jublar Klara.

Perfekt vêr til å ta på det nye regntøyet!

Page 5: Klara kan mykje rart om klede

6

Page 6: Klara kan mykje rart om klede

7

Klara går tilbake til badet. Ho ser opp på pappa, rynkar

augebryna, bit seg litt i leppa og legg hovudet på skakke.

– Kvifor tar du ikkje berre den finaste bodyen og den

finaste genseren, då?

– Fordi noko er laga av ull og noko av bomull, og ull er

mykje varmare enn bomull. Vi kan ikkje ta for varme klede på

veslesøster, for då kjem ho til å skrike. Blir det for kaldt, har

ho det heller ikkje bra. Og med dette vêret, kaldt og regn, er

det sanneleg ikkje lett å vite kva som er best.

Mamma har gått på jobben. Pappa har fri frå sin jobb for å

passe på veslesøster, som berre er ein beibi. Det er Klara

glad for, for pappa har mykje meir tid til å vere saman med

Klara no enn han pleier.

– Kvifor er ull varmare enn bomull? spør Klara.

– I klede av ull er det masse luft som blir varma opp av

kroppen. Derfor er ullklede ekstra varme.

– Ulla kjem frå sauen, ikkje sant? Kva for dyr kjem bomull

frå?

Klara sitt på badegolvet og drar på seg strømpebuksa

mens ho tenker på bomullsdyret. Kanskje er det ein snill

bomulv?

– Bomull kjem ikkje frå dyr, seier pappa og smiler.

– Bomull er ein plante, ein liten og sterk plante. Bomull

ser ut som små, kvite ballar og veks på store åkrar langt,

langt borte i Amerika og Asia. Først er bomulla inni små

Page 7: Klara kan mykje rart om klede

8

kapslar som ser ut som store nøtter. Når kapslane brest,

tyt det ut bomull.

– Og fleecegenseren min, er den av ull eller bomull?

– Fleecegenseren din er laga av plast! seier pappa.

– Din luring. Du tøysar! svarer Klara og ler.

– Nei, eg tøysar ikkje. Lenge før du blei fødd, rundt 1990,

fann nokon på å lage varme genserar av plast. Dei meinte at

vi burde lære oss å resirkulere meir.

– Kva er sikkulere? avbryt Klara.

– Resirkulere betyr å bruke noko om igjen. Som at vi

pantar flaskene våre på butikken for at dei skal bli brukte

ein gong til. Den første fleecegenseren blei laga av slike

resirkulerte plastflasker, fortel pappa og held fram:

– Det nye regntøyet ditt er også laga av plast. Men den

plasten kjem ikkje frå flasker. Det finst mange forskjellige

materiale som vi kallar plast. Mykje av plasten blir laga av olje.

Klara nikkar, men ho er framleis litt usikker på om pappa

tøysar eller ikkje.

– Veit du kva den tøffe, raude jakka di er laga av? spør

pappa.

Han har nesten gløymt veslesøster, som ligg naken og

fornøgd og spreller på stellebordet. Klara lagar tøysefjes,

og veslesøster ler.

Pappa svarer sjølv:

– Den er laga av geiteskinn. I klede bruker vi skinn frå

mange dyr, til og med slangar og fiskar. Bestefar har belte

av krokodilleskinn, og mamma har sko av strutseskinn.

Page 8: Klara kan mykje rart om klede

9

– Å! seier Klara. – Stakkars strutsen som blei til sko!

Men pappa høyrer ikkje lenger. Plutseleg er pappa

stressa.

– Vi må skunde oss, elles kjem du for seint på skolen!

Veslesøster får på seg ullbody og bomullsgenser i ein fart,

Klara klarer å ta på seg fleecegenseren og det nye regntøyet

sjølv. På veg ut døra kjenner Klara at ho gler seg til å fortelje

om flaskene som blir til genserar.