13

Mars er for taparar

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Leseland for eldre barn og ungdom. Av Lars Bukdahl og Morten Voigt (ill.).

Citation preview

Page 1: Mars er for taparar
Page 2: Mars er for taparar

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 5 04.12.2015 15.44

Page 3: Mars er for taparar

MARS ER FOR TAPARAR

AvL ARS BUKDAHL

Illustrert av MORTEN VOIGT

Frå dansk vedOLE JAN BORGUND

Samlaget OSLO 2016

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 7 04.12.2015 15.44

Page 4: Mars er for taparar

9

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 8 04.12.2015 15.44

Page 5: Mars er for taparar

9

k apit tel 1

Dersom Billy Bob Malone hadde visst kva for ein vanvittig planet han skulle kome til å vakne opp på nøyaktig 24 timar seinare, ville han nok ha kome seg raskare opp av senga denne måndagsmorgonen. Eller kanskje han heller ville ha krope lenger ned under dyna.

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 9 04.12.2015 15.44

Page 6: Mars er for taparar

10 11

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 10 04.12.2015 15.44

Page 7: Mars er for taparar

10 11

Klokka var allereie halv åtte. Billy Bob var tolv år og raudhåra og foreldrelaus og amerikanar og elev på NASAs hemmelege astronautskule, som heldt til aller øvst i ein usynleg skyskrapar på Manhattan i New York. (Verkeleg usynleg var skyskraparen sjølvsagt ikkje, han var berre verna av eit særskilt radarskjold.) Saman med dei andre elevane budde Billy Bob nede i 102. etasje, mens undervisningslokala låg oppe i 311. etasje, den førebels øvste. Bygningen var utstyrt med nokre fantastiske jetdrivne heisar, men dei var det berre lærarane som fekk lov til å bruke. Elevane måtte ver så god jogge opp dei 3044 trinna. Billy Bob hadde talt trappetrinna fleire gonger. Ved eitt enkelt tilfelle hadde han kome til 3045, og han hadde framleis ein lumsk mistanke om at det verkeleg var snakk om eit ekstra trinn. Eit spøkjelsestrinn som berre viste seg ein sjeldan gong og absolutt ikkje hadde noko godt i sinne. Han kunne nemleg ikkje la vere å telje, og han talde alltid rett. Når han kjeda seg i timane, brukte han å telje vindauga i skyskraparane rett over gata. Når han kjeda seg ordentleg, talde han dei attgløymde juledekorasjonane i vindauga, og

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 11 04.12.2015 15.44

Page 8: Mars er for taparar

12 13

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 12 04.12.2015 15.44

Page 9: Mars er for taparar

12 13

når han kjeda seg ordentleg, ordentleg, talde han sneipane i oskebegera som dei tilsette gøymde bak gardinene. Ein måtte ha temmeleg godt syn for å kome inn på NASAs hemmelege astronautskule, og det hadde Billy Bob. Dessutan hadde han eit kvikt hovud, kritkvite tenner, fingernemme hender og – blant anna på grunn av dei 3044/3045 trinna – sterke bein. Han var, som dei andre elevane på skulen, bortimot perfekt. Men slik kjende han seg ikkje no, der han kjempa seg oppover trappene med skuleveska i den eine handa og ei handfull piller med cornflakes og mjølk med eit lite dryss sukker på i den andre. Og det siste han orka, var å telje trappetrinn. For hans del kunne det gjerne vere 3054 trinn i dag, det var komplett likegyldig for han.

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 13 04.12.2015 15.44

Page 10: Mars er for taparar

14 15

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 14 04.12.2015 15.44

Page 11: Mars er for taparar

14 15

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 15 04.12.2015 15.44

Page 12: Mars er for taparar

16 17

k apit tel 2

Billy Bob var morgongretten heilt ned til tærne. Ikkje av nokon spesiell grunn. Bortsett frå at det var måndag, og at klokka var tjue minutt på åtte. Og ja, greitt, så hadde han hatt eit mareritt som han ikkje kunne hugse noko anna av enn slutten. Det var eit eller anna med nokre grufulle, nærmast elektriske klør som greip omkring halsen hans og langsamt, svært langsamt skvisa alt liv ut av han. I same augeblink hadde den flygande vekkjarklokka hans fått inn ein skikkeleg fulltreffar i magen på han. Sånne doble sett av elektriske klør som tek kvelartak, er ikkje akkurat det mest oppmuntrande videoklippet å ha rullande for det indre blikket sitt ein måndag morgon klokka tjue minutt på åtte på trinn nummer femten hundre og eitt eller anna ... Billy Bob åt den siste pilla med cornflakes og mjølk med eit lite dryss sukker på og

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 16 04.12.2015 15.44

Page 13: Mars er for taparar

16 17

sette opp farten. Framfor og bak han gjorde andre elevar det same. Som vanleg kunne dei høyre ei mengd rare lydar bak dørene dei gjekk forbi. Nokre stader høyrdest det ut som maskiner, andre stader som dyr av eit eller anna slag. Eller snarare eit slags vesen, for det var opplagt ikkje kyr og griser som laga lydane, og heller ikkje elefantar og tigrar. Dei fleste elevane hadde for lengst slutta med å spekulere på kva som skjulte seg bak dørene i mellometasjane, men ikkje Billy Bob. Blant dei mange framifrå eigenskapane hans var nemleg også ein livleg fantasi. Fantasi var elles ikkje noko krav til ein elev ved NASAs hemmelege astronautskule. Tvert imot såg dei fleste lærarane med stor skepsis på livleg fantasi. Akkurat no høyrde Billy Bob bak døra i 282. etasje eit brøl som lydde som noko i retning av: «ØØØØÅ Å ÆØØÆØØÅ ÅØØÅ Å ÆØØÅ Å Å Å!» Og straks såg han for seg ein krysning av ein kredittkortlesar og eit villsvin. Kanskje ein villkortlesar? Eller eit kredittsvin?

mars-er-for-taparar-innmat-9788252188905.indd 17 04.12.2015 15.44