View
213
Download
1
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Brosjyre for Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
Citation preview
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
Haukeland universitetssjukehusHELSE BERGEN
Helse Førde
Helse Bergen
Helse Fonna
Helse Stavanger
Regional koordinerande einingRegionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering ivaretek funksjonen som regional koordinerande eining i Helse Vest. Dette inneber mellom anna å ha oversikt over kva tilbod som fi ns innan habilitering og rehabilitering i regionen. Slik oversikt blir utvikla og vedlikehalden gjennom nært samarbeid og kontakt med aktørar i spesialisthelsetenesta, private sjukehus og institusjonar og med koordinerande einingar i kommunane.
NettverksbyggingKompetansesenteret skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom aktørar innan habilitering og rehabilitering og til å gjere felta meir synlege. Senteret medverkar til etablering og drift av tver-rfaglege nettverk innan fagutvikling og forsking, og arrangerer nettverksmøter og konferansar. Senteret har etablert Møteplass ved dei fi re helseføretaka i regionen. Møteplass er eit forum for samhandling og informasjons-utveksling mellom helsepersonell, koordinerande einingar i sjuke-husa, koordinerande einingar i kommunane i regionen og andre samarbeidande instansar.
Forsking og fagutviklingKompetansesenteret skal bidra til å styrkje forsking og fagutvikling innan habilitering og rehabi-litering. Senteret har utarbeidd regionalt program for forsking innan habilitering. I 2012 starter prosessen for utvikling av eit regionalt tverrfagleg forskingsprogram innan rehabilitering. Senteret initierer og/eller tek del i ulike prosjekt og tiltak for utvikling og forbetring av tilbod på felta.
Om ossRegionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering blei etablert i 2007 og har gjennom mandat frå Helse Vest RHF fått tildelt fem hovudfunksjonar- og oppgåver:
• Regional koordinerande eining, • Nettverksbygging, • Forsking og fagutvikling, • Undervisning og • Regional vurderingseining for rehabilitering.
Senteret har rådgjevarar i bindeleddstilling i Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Dei ivaretek funksjonen som koordinerande eining (KE) for habilitering og rehabilitering i det einskil-de helseføretaket. Alle med-arbeidarar har brei helse- eller medisinskfagleg utdanning og kan vise til variert kunnskap og lang erfaring innan habilitering og rehabilitering.
UndervisningKompetansesenteret kan delta i utdanning og undervisning av helsearbeidarar og gi råd og fagleg støtte når det gjeld utvikling og spreiing av kunnskap innan habilitering og rehabilitering.
Regional vurderingseining for rehabiliteringBehandlar og vurderer tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar frå fast-legar og avtalespesialister i Helseregion Vest.Tilvisingar skal sendast til: Østre Nesttunvei 2, 5221 Nesttun.
Kontaktinformasjon
Telefon 55 91 85 40For meir kontaktinformasjon sjå “kontakt oss” på vår nettside.
AdresseØstre Nesttunvei 2 5221 Nesttun
Haukeland universitetssjukehusHELSE BERGEN
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
ReHabiliteringtlf. 800 300 61
For meir informasjon sjå vår nettside:www.helse-bergen.no/kompetansesenter-habrehab
Informasjonstelefon- for habilitering og rehabiliteringPasientar, pårørande og helsepersonell kan ringje grønt nummer 800 300 61 for informasjon om habilitering og rehabilitering alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00
Nr. 202 4160 K
omm
unikasjonsavdelingen. 2012