5
Side 1 Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL Telefon 918 12 542 epost [email protected] internett www.naturvernforbundet.no/mr Tingvoll, 02. oktober 2015 Verneområdestyret for Trollheimen VOLLASETRA UTTAK AV TORV I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den 24.9.2015. Då registrerte vi at det var tatt torv til tilbygget på ein plass som var svært overraskande ut frå vår kunnskap om området. I samband med synfaring 26. mai 2014 gikk vi gjennom med KNT v/Erik Gudmundsen kva område på oppsida av fjøs og setersel som hadde spesielle verdiar med omsyn til mogleg plassering av materialar og torvuttak. Dette ut frå at det då kunne vere lettare for KNT å kunne søke om nødvendige løyve og løysingar som kunne gjennomførast. I ettertid har vi sett at den mest verdifulle delen av dette området har hatt plankestablar ikkje berre ein kortare periode i 2014 som vi meinte kunne passere, men sanneleg framleis når vi kjem til september 2015. Den siste utviklinga ved at det også er tatt torv innimellom plankestablane på dette området skuffar oss veldig. Vi har ikkje sett oss inn i kva vilkår som er sett til arbeidet med ombygginga, men meiner at det som har skjedd her er svært ugreitt. Skadane som har oppstått som følgje av langvarig lagring treng ikkje vere totale, sjølv om dei nok er betydelege, og det kan tenkjast at effekten av utskugging av gras også kan ha ein positiv effekt ved å gi rom for ny spiring frå frøbank. Men fjerning av torvlag frå dei stripene som framleis var grøne er dobbelt negativt for verdiane same korleis ein ser det. Der er levande planter og frøbank no flytta opp på taket til andre vilkår. Det som er igjen manglar jordsmonn og vil ikkje ha ein struktur som tillet slått. Prøver ein å reparere på dette ved å fylle på jord, vil det bli tilført anna jord og anna frøbank enn det som har vore. Det tiltaket som truleg gjer minst skade er å ta torva ned frå taket igjen og legge ho tilbake på plass, og deretter finne torv og jord ein annan stad i nærleiken til taket. T.d. frå området bortom gul strek på biletet vedlagt, slik vi tala med Gudmundsen om i mai 2014. Denne prosessen må vurderast og planleggast av økolog som driv restaurering av denne typen skader, slik det har blitt no.

VOLLASETRA UTTAK AV TORV - naturvernforbundet.no - Møre og... · stein i gropa då vi skulle slå hausten 2013. Verdiane på denne plassen var ikkje så store det vi kjente til,

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Side 1

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL

Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett

www.naturvernforbundet.no/mr

Tingvoll, 02. oktober 2015

Verneområdestyret for Trollheimen

VOLLASETRA – UTTAK AV TORV

I samband med siste slåtteøkta var Naturvernforbundet ved Øystein Folden på Vollasetra den

24.9.2015. Då registrerte vi at det var tatt torv til tilbygget på ein plass som var svært overraskande

ut frå vår kunnskap om området.

I samband med synfaring 26. mai 2014 gikk vi gjennom med KNT v/Erik Gudmundsen kva område

på oppsida av fjøs og setersel som hadde spesielle verdiar med omsyn til mogleg plassering av

materialar og torvuttak. Dette ut frå at det då kunne vere lettare for KNT å kunne søke om

nødvendige løyve og løysingar som kunne gjennomførast. I ettertid har vi sett at den mest verdifulle

delen av dette området har hatt plankestablar ikkje berre ein kortare periode i 2014 som vi meinte

kunne passere, men sanneleg framleis når vi kjem til september 2015. Den siste utviklinga ved at

det også er tatt torv innimellom plankestablane på dette området skuffar oss veldig.

Vi har ikkje sett oss inn i kva vilkår som er sett til arbeidet med ombygginga, men meiner at det

som har skjedd her er svært ugreitt. Skadane som har oppstått som følgje av langvarig lagring treng

ikkje vere totale, sjølv om dei nok er betydelege, og det kan tenkjast at effekten av utskugging av

gras også kan ha ein positiv effekt ved å gi rom for ny spiring frå frøbank. Men fjerning av torvlag

frå dei stripene som framleis var grøne er dobbelt negativt for verdiane same korleis ein ser det. Der

er levande planter og frøbank no flytta opp på taket til andre vilkår. Det som er igjen manglar

jordsmonn og vil ikkje ha ein struktur som tillet slått. Prøver ein å reparere på dette ved å fylle på

jord, vil det bli tilført anna jord og anna frøbank enn det som har vore. Det tiltaket som truleg gjer

minst skade er å ta torva ned frå taket igjen og legge ho tilbake på plass, og deretter finne torv og

jord ein annan stad i nærleiken til taket. T.d. frå området bortom gul strek på biletet vedlagt, slik vi

tala med Gudmundsen om i mai 2014. Denne prosessen må vurderast og planleggast av økolog som

driv restaurering av denne typen skader, slik det har blitt no.

Side 2

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL

Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett

www.naturvernforbundet.no/mr

Torvuttaket på bileta frå 2015 vedlagt er alle innafor den raude figuren til venstre på flyfotoet.

Ved det nordvestre hjørnet av eldhuset er det tidlegare tatt noko torv. Der var det hol i bakken med

stein i gropa då vi skulle slå hausten 2013. Verdiane på denne plassen var ikkje så store det vi kjente

til, men måten det var gjort på representerer ei risikoåtferd med omsyn til dei biologiske verdiane på

plassen. I løpet av 2014-2015 er det trilla ut masse frå fjøsen og lagt delvis i denne gropa. Det var

truleg ei grei løysing, då det er sannsynleg med minimal frøbank i denne jorda. Men det hadde blitt

veldig mykje betre om massen var lagt i gropa på ein slik måte at ein fekk jamn overflate når dette

gror til. No er det framleis noko grop, og det er ein ny haug, i tillegg til at stein ligg i overflata.

På nedsida av fjøset ligg det også ei jorddunge. På dette området har overflata vore humpete

tidlegare, mangla den ordinære slåttemarksstrukturen, noko som tyder på at det er rota med

jordsmonnet tidlegare. Vi har heller ikkje observasjonar nærast fjøset som seier at området er

spesielt verdifullt. Slik sett trur vi det ikkje er så stor skade skjedd, men det er viktig at dette blir

jamna fint til igjen så ein i framtida kan slå det saman med det andre. Det er elles viktig at ein

plukkar ut stein når ein planerar. Slåtteareala på Vollasetra har knapt spor av stein, som fortel om

langvarig slått.

I samband med slått vil vi normalt kunne samle saman frø frå slåtten som kan brukast til tilsåing av

mindre flekkar. Første moglegheit er ved slåtten i 2016. KNT må i så fall sørge for at det er såklart,

då ein bør så i samband med slåtten, elles blir det for seint på hausten. Anna såfrø er ikkje

tilrådeleg.

Side 3

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL

Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett

www.naturvernforbundet.no/mr

Det er i grunnen frykteleg sårt for oss når vi legg mykje arbeidsinnsats i å ta vare på setervollen, og

så ser vi slikt som dette. Vi ber difor om at KNT får opplæring og rammer så dette kan kome i ordna

former for framtida.

Med vennleg helsing

Øystein Folden

leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Bileta nedanfor er tatt 24.9.2015 av Øystein Folden.

Side 4

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL

Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett

www.naturvernforbundet.no/mr

Side 5

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL

Telefon 918 12 542 – epost [email protected] – internett

www.naturvernforbundet.no/mr

På hitsida av gul strek er det i alle fall delvis gamal voll med ein viss slåttemarksstruktur og det er

gjort ein del funn av marinøkkel. På bortsida av gul strek har det vore lagra materialar og ved og det

har vore brent, moglegvis også tatt torv, så der er det lite med restar av slåttemarksbiologien. Det

arealet er ikkje aktuelt å skjøtte som slåttemark i noko fall.