11
DET KONGELEGE SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks 7113 St. Olavs plass 0130 OSLO Dykkar ref Vår refDato 11/836- MA21.12.2011 Statsbudsjettet 2012 - Tildelingsbrev INNLEIING Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011-2012) om statsbudsjettet for 2012. Dette brevet gjeld Stortinget sine buclsjettvedtak og dei vilkår og krav som departementet set til Statens jernbanetilsyn i 2012. Frå 1. januar 2012 får Statens jernbanetilsyn ansvaret for Taubanetilsynet og Park- og tivolitilsynet. Dei mål og krav som departementet sett til clesse tilsyna, er innarbeidd i brevet. OVERORDNA MÅL OG UTFORDRINGAR Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jernbane og skal vera ein aktiv pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jernbane i tråd med clei overordna måla i Nasjonal transportplan 2010-2019,jf. St.rneld. nr. 16/Innst. S. nr. 300 (2008-2009). Det overordna målet for transportpolitikken er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer behovet for transport og fremjar regional utvikling. I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt opp til å auka løyvingane rn.a. til jernbane- formål. Dette er følgt opp i statsbudsjettet for 2012. Det er derfor ei sentral oppgåve for Postadresse:kontoradresse:Telefim Postboks 8010 DepAkersg. 5922 24 90 90 2224830 I 0030 OSLO aciin,2en no .,1Org. nr.: 972 4 I 7 904 Kollektivtransport- og baneavdelinga TeIeffiks: 22 24 95 72 Saksbebandlar: Magnar Alsaker 22 24 82 10

SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

DET KONGELEGE SAMFERDSELSDEPARTEMENT

Statens jernbanetilsynPostboks 7113 St. Olavs plass0130 OSLO

Dykkar ref Vår refDato

11/836- MA21.12.2011

Statsbudsjettet 2012 - Tildelingsbrev

INNLEIING

Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011-2012) om statsbudsjettetfor 2012. Dette brevet gjeld Stortinget sine buclsjettvedtak og dei vilkår og krav somdepartementet set til Statens jernbanetilsyn i 2012.

Frå 1. januar 2012 får Statens jernbanetilsyn ansvaret for Taubanetilsynet og Park- ogtivolitilsynet. Dei mål og krav som departementet sett til clesse tilsyna, er innarbeidd ibrevet.

OVERORDNA MÅL OG UTFORDRINGAR

Statens jernbanetilsyn har hovudansvaret for tilsynet med norsk jernbane og skal veraein aktiv pådrivar for sikker og samfunnsnyttig jernbane i tråd med clei overordna måla iNasjonal transportplan 2010-2019,jf. St.rneld. nr. 16/Innst. S. nr. 300 (2008-2009).

Det overordna målet for transportpolitikken er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkertog miljøvenleg transportsystem som dekkjer behovet for transport og fremjar regionalutvikling.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt opp til å auka løyvingane rn.a. til jernbane-formål. Dette er følgt opp i statsbudsjettet for 2012. Det er derfor ei sentral oppgåve for

Postadresse:kontoradresse:TelefimPostboks 8010 DepAkersg. 5922 24 90 90 2224830 I0030 OSLO aciin,2en no .,1Org. nr.:

972 4 I 7 904

Kollektivtransport- ogbaneavdelingaTeIeffiks:22 24 95 72

Saksbebandlar:Magnar Alsaker22 24 82 10

Page 2: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

Statens jernbanetilsyn å tilpassa sakshandsamingskapasiteten sin til den auka aktivi-teten i jernbanesektoren som kan ventast i tida framover. Samstundes skal tilsynethandtera dei nye oppgåvene som Samferdselsdepartementet har lagt til tilsynet.

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at oppgåver og mål blir følgde opp på ein effektiv og teneleg måte innafor vedtekne løyvingar for 2012 på kap. 1354 Statens jernbanetilsyn.

Ressurssituasjonen og kapasiteten i Statens jernbanetilsyn utgjer ein risiko for gjen-nomføringa av Nasjonal transportplan 2010-.Vidare inneber dei nye tilsynsoppgåvenefor tau- og kabelbaner, park- og tivolianlegg ei auka arbeidsbelasting for leiinga i jern-banetilsynet. Det er eit mål i 2012 å gjennomføra eit føremålstenleg og effektivt tilsynmed desse nye områda, og å utvikla og leggja om til ein meir moderne tilsynsmetodikki åra framover. Vi ber tilsynet i styringsdialogen med departementet vera tydeleg påkorleis risikoforholda på dei nye tilsynsområda utviklar seg, og om naudsynt varslardepartementet og foreslår tiltak dersom dette viser seg å bli kritisk for tilsynet siverksemd.

Samferdselsdepartementet legg stor vekt på at Statens jernbanetilsyn har ein god dialogmed Jernbaneverket om den nye tryggleiksgodkjenninga av Jernbaneverket og naud-synte avklaringar om ein mellombels signalstrategi i påvente av at det blir bygdETCS/ERTMS på det norske jernbanenettet. Vi ber elles om at jernbanetilsynet orien-terer om forhold som departementet bør vera spesielt merksam på for å kunna ivaretaden overordna politiske styringa av jernbanesektoren.

3. MÅL FOR JERNBANETILSYNET

For Statens jernbanetilsyn har Samferdselsdepartementet felles hovudmål og delmål forverksemdene på jernbaneområdet og for verksemdene som driv med tau- og kabel-baner og park- og tivolianlegg.

Samferdselsdepartementet vil likevel understreka at det er viktig at Statens jernbanetil-syn i 2012 prioriterer å vurdera kva slags tilsynsmetodikk, kompetanse og gebyrstruk-tur som bør leggjast til grunn i framtida for verksemdene som driv med tau- ogkabelbaner.

HOVUDMÅL 1

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene som er regulerte i samsvar med jern-banelovgivinga, taubanelovgivinga og tivolilovgivinga oppfyller dei vilkåra og krava somer sette til desse i lovgivinga.

Side 2

Page 3: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

Delmål 1.1 TryggleikstilsynFøra tilsyn med at verksemdene etterlever regelverket for dei ulike tilsynsområda

- Følgja opp rapportar frå Statens havarikommisjon for transport om ulykker, alvorlegehendingar på jernbaneområdet

Følgja opp hendingar på tau- og kabelbaner og i park- og tivolianlegg.

HOVUDMÅL 2

Statens jernbanetilsyn skal overvaka jernbanemarknaden for å sikra konkurranse pålike vilkår og sjå til at rettane til passasjerane blir ivaretekne.

Delmål 2.2 Marknadsovervaking- Overvaka jernbanemarknaden for å sikra konkurranse på like vilkår.

Delmål 2.3 Passasjerrettar- Føra tilsyn med at fastsette passasjerrettar i togtrafikken blir ivaretekne.

HOVUDMÅL 3

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at regelverket er teneleg ut i frå formålet og at det erfullstendig, oversiktleg og oppdatert.

Delmål 3.1 Sikra at regelverket er teneleg.

Delmål 3.2 Sikra at aktørane er kjende med gjeldande regelverk.

Delmål 3.3 Sikra at EØS-regelverket blir implementert i norsk rett.

HOVUDMÅL 4

Statens jernbanetilsyn skal forvalta sine oppgåver på ein effektiv og teneleg måte for åsikra at aktørane ivaretek tryggleiken på jernbanen, på tau- og kabelbaner og park- ogtivolianlegg.

Delmål 4.1 Sikra at det er etablert transparente og føreseielege prosessar ihandsaminga av søknader hos Statens jernbanetilsyn.

Delmål 4.2 Ha gode administrative rutinar for smidig og effektiv drift av Statensjernbanetilsyn.

Side 3

Page 4: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

HOVUDMÅL 5

Statens jernbanetilsyn skal sjå til at verksemdene på jernbaneområdet og verksemdenesom driv med tau- og kabelbaner og park- og tivolianlegg og samfunnet elles er kjendemed tilsynet sine ansvarsområde.

HOVUDMÅL 6

I internasjonale fora skal Statens jernbanetilsyn ha kunnskap om viktige norskeinteresser og ivareta og fremja desse.

HOVUDMÅL 7

Statens jernbanetilsyn skal ha fagkompetanse og vera sakkunnig innafor deiansvarsområda som er lagde til tilsynet.

4. VILKÅR OG KRAV SOM GÅR PÅ TVERS AV MÅLA

I samband med tilsynsarbeidet legg departementet til grunn at Statens jernbanetilsynhar ein god og konstruktiv dialog med jernbaneverksemder som er underlagt tilsyn.Samferdselsdepartementet vil i denne samanhengen framheva at jernbanetilsynet har eirettleiingsplikt overfor desse verksemdene. Det er viktig at tilsynet i dialogen meddesse verksemdene er klar og tydeleg på dei krava som gjeld for gjennomføringa av deiulike tilsynsprosessane. Det er Ogviktig at Statens jernbanetilsyn er føreseieleg i infor-masjonen og sakshandsaminga si overfor dei aktuelle verksemdene. Vi vil dessutan visatil at tilsynet har eit ansvar for å gi råd om korleis Samferdselsdepartementet, som hardet overordna ansvaret, kan ta initiativ til å sikra tryggleiken, og samstundes også åkunna oppfylla andre viktige samfunnsmessige mål innan jernbanesektoren som det erlagt opp til i Nasjonal transportplan 2010-2019 .

Samferdselsdepartementet legg vekt på at Statens jernbanetilsyn driv verksemda sikostnadseffektivt. Departementet understrekar at det er viktig at Statens jernbanetilsynlegg opp til eit aktivitetsnivå som held seg innafor vedteke løyving for 2012 og at tilsynetdifor set av nødvendig reserve til å møta uventa hendingar som kan ha økonomiskekonsekvensar for 2012. Departementet understrekar dessutan at Statens jernbanetilsynved fastsetting og utvikling av regelverk og i anna tilsynsverksemd, skal leggja vekt på åta omsyn til økonomiske, administrative og andre konsekvensar både for samfunnet ogdei verksemdene som er omfatta regelverket. Dette gjeld også for tilsynet si deltaking iarbeidet med internasjonalt regelverksutvikling.

Side 4

Page 5: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

4.1 Styringsparametre og rapporteringskrav

Samferdselsdepartementet ber om at Statens jernbanetilsyn til kvart av hovudmåla ogev. delmåla vurderer kva som er ei teneleg oppfølging i etatsstyringsdialogen meddepartementet. Dette gjeld særleg med omsyn til å konkretisera uvissa for å nå måla,aktuelle styringsparametrar og rapporteringskrav slik at oppfølginga av måla som erfastsette i pkt. 3 i tildelingsbrevet, blir ein aktivt del av etatsstyringa av tilsynet. Vil leggelles opp til at rapporteringa frå tilsynet i 2012 i hovudsak skal følgja same opplegg somfor 2011, slik at dei nye tilsynsområde så langt det er teneleg blir integrert i jernbane-tilsynet si vanelge rapportering.

4.2 Risikovurdering og -styring

Mål- og resultatstyring er det overordna styringsprinsippet i statleg forvalting. Eit vilkårfor ei god mål- og resultatstyring er at leiinga i verksemda kjenner til og aktivt hand-terer dei utfordringane eller den uvissa som kan påverka måloppnåinga på ein negativmåte. Leiinga i Statens jernbanetilsyn skal sørgja for at det finst ei forsvarleg risikostyr-ing og intern kontroll i verksemda og sjå til at denne fungerer på ein tilfredsstillandemåte. Risikostyring er ein integrert del av etatsstyringa. Jernbanetilsynet sine risikovur-deringar med omsyn til måloppnåing og økonomistyring skal derfor inngå irapporteringa til departementet. Dette gjeld både i tertialrapportane og i årsrapporten.

Statens jernbanetilsyn skal gjera greie for korleis uvissa handterast og styrast, og omnaudsynt, tilrå og setja i verk tiltak som kan redusera risikoen. Departementet ber omat tilsynet i samband med det første etatsstyringsmøtet i 2012 gjer greie for dei viktig-aste risikoområda som tilsynet har identifisert for dei fastsette måla for 2012, jf. pkt. 3,og at denne risikovurderinga blir følgt opp i samband med dei to neste etatsstyrings-møta i 2012. Risikovurderingane skal vera mest mogleg konkrete og utformast slik atdei kan vera eit nyttig styringsverktøy i etatsstyringsdialogen mellom departementet ogtilsynet. Risikovurderingane kan mellom anna vera vurderingar av dei einskilde risiko-elementa som er vesentlege og som kan styrast, og samstundes vurdera om det ersamvariasjon i hendingar.

Den samla risikovurderinga bør byggjast opp slik at den gir eit oversikteleg bilete avden samla risikoen for tilsynet si verksemd i 2012, både for måloppnåing og budsjett-oppfølging. Vi viser i denne samanhengen til metodedokumentet «Risikostyring i staten—Håndtering av risiko i mål- og resultatstyringen» og rettleiaren « Korleis få ein godstart på risikostyring i statlege verksemder», begge frå Direktoratet for økonomistyr-ing, tidlegare Senter for statleg økonomistyring, jf. deira heimesider på internett:http://www.dfo.no/Styring/Publikasjoner-og-rapporter/Veiledere.

Side 5

Page 6: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

5. VILKÅR OG KRAVSOM GJELD ADMINISTRATIVETILHØVE

Innafor vedtekne budsjettrammer skal Statens jernbanetilsyn i 2012 følgja opp deifellesføringane som er omtalte nedafor.

5.1 Prioritering av auka rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne i

arbeidet med inkluderande arbeidsliv

IA-avtalen krev at dei verksemder som deltek, skal førebyggja og redusera sjukefrå-været og hindra utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Statens jernbanetilsyn skal setjaaktivitets- og resultatmål for å redusera sjukefråværet, auka sysselsetjinga av personarmed nedsett funksjonsevne, og stimulera til at yrkesaktivitet etter fylte 50 år blirforlengja med seks månader.

Regjeringa vil frå 2012 setja i verk ein jobbstrategi for å få fleire unge arbeidssøkjararmed nedsett funksjonsevne inn i arbeidslivet. Dei statlege verksemdene skal prioriteraå auka rekrutteringa av personar med nedsett funksjonsevne og slik medverka til årealisera jobbstrategien.

Statens jernbanetilsyn skal i årsrapporten for 2012 systematisk gjera greie for aktivitets-og resultatmåla sine, og for resultatoppnåinga og dei aktivitetane som støttar opp underho.

5.2 Vidarebruk av offentlege data

Statens jernbanetilsyn skal gjera eigna og eksisterande rådata tilgjengeleg i maskinlese-lege format. Dette gjeld informasjon som har samfunnsmessig verdi og kan vidare-brukast, som det ikkje er teieplikt for, og der ein går ut frå at kostnadene ved å gjeradata tilgjengelege vil vera låge (fell inntekter bort ved sal av data er det å rekna som einkostnad). Format og bruksvilkår må vera i samsvar med gjeldande retningsliner for ågjera offentlege data tilgjengeleg. Informasjon om kva for rådata som er tilgjengelege,skal offentleggjerast på nettsida til etaten. Datasett som er fritt tilgjengeleg i maskin-leselege format, skal normalt registrerast på nettstaden data.norge.no.

Etatar som vurderer å etablera nye eller oppgradera eksisterande publikumstenestermed utgangspunkt i data som det ikkje er teieplikt for, skal normalt gjera desserådataene offentleg tilgjengeleg i maskinleselege format, viss ikkje noko er til hinder forå gjera slike data tilgjengeleg. Før Statens jernbanetilsyn eventuelt sjølv etablerer nyepublikumsløysingar baserte på rådata, må det vurderast om det er meir kostnads-effektivt å gjera rådata i maskinleselege format tilgjengeleg som grunnlag for at andrekan utvikla tenester.

Det skal gå fram av årsrapporten kva for data som er gjorde tilgjengeleg. Visspublikumstenester blir etablerte utan å gjera rådata tilgjengelege, skal grunnen til dettegå fram av årsrapporten.

Side 6

Page 7: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

5.3 Utviklingi geografiskfordeling av statlege arbeidsplassar

Statensjernbanetilsynskali årsrapportenomtalastatistikkoverutviklingai dengeografiskefordelingaavarbeidsplassari verksemda.Vidareskaletateni eigebrevinnan 15.mars 2012gjeragreie foreventuelleframtidigeplanarsomkan påverkeutviklingai lysavmålaforlokaliseringspolitikkeni staten.Nårrapporteringaneliggføre,vildepartementetvurderadeiogvedbehovha einvidaredialogmedetaten.

Kommunal-og regionaldepartementetinnhentarårleginformasjonfråfagdepartementaomendringarsomkan ha betydingfor lokaliseringavstatlegearbeidsplassarogtenesteproduksjon.RapporteringanefråetatenvilveragrunnlagforrapporteringafråSamferdselsdepartementettilKommunal-ogregionaldepartementeti førstekvartal2013.

6. BUDSJEMILDELING OG FULLMAKTER FOR 2012

Stortingetvedtok7.desember2011statsbudsjettetfor2012,jf.Prop.1S/Innst. 13S(2011-2012).

6.1 Løyvingar til Statens jernbanetilsyn i 2012

Desseløyvinganebleivedtekne:

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn

Post

i kr

01Driftsutgifter 5690000021Spesielle driftsutgifter- tilsynmedtau-ogkabelbaner

ogpark-og tivolianlegg18700000

Sum kap. 1354 Statens jernbanetilsyn 75600000

Kap. 4354 Statens jernbanetilsyn

Post

i kr01Gebyrer for tilsynmedtau-ogkabelbaner,ogpark og

tivolianlegg14500000

Sum kap. 1354 Statens jernbanetilsyn 14500000

Statensjernbanetilsynhar ansvaretforå sjåtilat lønsutgiftenei 2012ikkjeblirhøgareenn at framtidigelonsutgifterkan dekkjastinnaforuendraløyvingsnivåforseinareår.

6.2 Fullmakter i Prop. 1 S (2011-2012)

StortingetvedtokmellomannadennefullrnaktatilSamferdselsdepartementet:

Side 7

Page 8: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

"Fullmakter til å overskride gitte bevilgninger

XI

Merinntektsfullmakter

Stortinget samtykker i at samferdselsdepartementet i 2012 kan:

Overskride bevilgningen under mot tilsvarende merinntekter underKap. 1354 post 21 Kap. 4354 post 01"

Samferdselsdepartementet delegerer med dette denne fullmakta til Statensjernbanetilsyn.

6.3 Fullmakter etter løyvingsreglementet

Finansdepartementet delegerte i rundskriv R-110/2005 av 5. desember 2005 nokre full-makter etter løyvingsreglementet til departementa. Desse fullmaktene kan departemen-tet delegere vidare til underliggjande etatar. For Statens jernbanetilsyn er ei fullmaktrelevant:

Fullmakt til å inn å lei eavtalar o avtalar om tenester ut over buds'ettåret

Samferdselsdepartementet delegerer med dette til Statens jernbanetilsyn fullmakt til åinngå leigeavtalar og avtalar om kjøp av tenester ut over 2012. Leigeavtalane og avtalaneom kjøp av tenester gjeld kjøp til den ordinære drifta av verksemda, t.d. leige av lokal ogkontorutstyr og kjøp av reinhalds- og vaktmeistertenester. Tilsynet må kunna dekkjainn utgiftene til slike avtaler innafor eit uendra løyvingsnivå på kap. 1354 Statens jern-banetilsyn, post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter —tilsyn med tau- ogkabelbaner og park- og tivolianlegg, i heile avtaleperioden. For alle avtalar ut overbudsjettåret må Statens jernbanetilsyn nøye vurdera behovet for oppseiingsklausular.Ved vurderinga skal omsynet til den framtidige handlefridomen vege tungt. Dette gjeldsærleg avtalar som gjeld for fleire år.

Dersom fullmakta ikkje blir nytta etter føresetnadene, kan Samferdselsdepartementettrekkja ho tilbake. I forklaringane til statsrekneskapen må Statens jernbanetilsyn gjeragreie for dei disposisjonane som er gjorde innafor denne fullmakta. Ved inngåing av nyeavtalar må tilsynet nøye vurdera dei budsjettmessige konsekvensane av avtalane.Dersom det ikkje er budsjettmessig dekning for ein avtale, må den leggjast fram forSamferdselsdepartementet før den blir inngått, slik at ev. behov for løyvingar kan blivurdert i dei ordinære budsjettprosessane.

Side 8

Page 9: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

7. RAPPORTERING OG RESULTATOPPFØLGING

7.1 Generelt

I Instruks om økonomistyring for Statens jernbanetilsyn er det sett krav til rapporteringfrå etaten både i og etter buclsjettåret. Rapporteringa er eit sentralt verktøy i etats-styringa av jernbanetilsynet og skal gjennomgåast på dei aktuelle etatsstyringsmøta.

Statens jernbanetilsyn skal fortløpande gjennom året, på eige initiativ og på førespur-nad, informera departementet om viktige saker, problemstillingar og opplysningar somgjeld forhold som kan vera relevante for departementet sitt ansvar for jernbanesektorenog på tilsynet sitt arbeidsområde. Statens jernbanetilsyn skal informera departementetom vesentlege avvik frå fastsette mål, vedtekne planar og tildelingsbrevet med ein gongverksemda blir kjent med dette og samtidig gi råd om moglege korrigerande tiltak.

Års- og tertialrapporteringa i 2012 skal i hovudsak følgja det same opplegget som i 2011,men slik at dei nye tilsynsområdet med tau- og kabelbaner og park- og tivolianlegg blirintegrert i jernbanetilsynet si vanelge rapportering. Vi ber likevel om at tilsynetvurderer om det er mogleg å betra og tydeleggjera styringsdialogen mellom departe-mentet og tilsynet, mellom anna i høve til oppfølging av målkrava som er fastsette itildelingsbrevet og særleg det som gjeld dei risikoområda som tilsynet har identifisert.Summen av rapporteringa i tertialrapportane, i årsrapporten og på etatsstyringsmøtaskal medverka til ein best mogleg styringsdialog og fortløpande resultatoppfølging.Rapporteringa på etatsstyringsmøta bør utfylla og forklara dei skriftlege rapportane.Årsrapporten bør vera meir cljuptpløyande og ikkje ei oppsummering av tertialrappor-tane.

Statens jernbanetilsyn har i innlefinga til tertialrapportane eit samandrag omutforclringar/risikoar slik etaten vurderer det. Dette er eit godt utgangspunkt fordialogen på etatsstyringsmøta. Vi ber Statens jernbanetilsyn halda fram med å utarbeidaslike samandrag i tertialrapportane og utarbeida det same i årsrapporten. Departe-mentet legg til grunn at samandraga i rapportane for 2012 også inneheld vurderingarfor dei nye tilsynsområda.

7.2 Årsrapport

Statens jernbanetilsyn utarbeida ein særskild årsrapport til Samferdselsdepartementet.På grunnlag av rundskriv frå Finansdepartementet fastset departementet frist for etatentil å senda rapport til Samferdselsdepartementet. Rapporten skal innehalda:

Kort oppsummering av utfordringar og risikoar i budsjettåret

Utgreiing og vurdering av måloppnåing og om utvikling på sentrale utfordringarsom er omtalte i tildelingsbrevet

Side 9

Page 10: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

Rapportering om resultat ut frå krava som er fastsette i tildelingsbrevet, jf. pkt. 3, 4,5 i dette brevet. I rapporteringa skal også inngå forklaringar på avvik i forhold tilføresetnader og krav som er fastsette frå departementet og eventuelle tiltak som ersetje i verk for å bøte på avvika.

Rekneskapstal i samsvar med godkjend rapportering til den sentrale statsrekne-skapen

Bruken av fullmakta til å inngå leigeavtalar og avtalar om kjøp av tenester ut overbudsjettåret

Forklaring på avvik i forhold til tildelt løyving.

Oppfølging av tilrådingane frå Statens havarikommisjon for transport, mellom annastatus for oppfølginga av dei einskilde tilrådingane og korleis dei blir lukka

Rapportering ut frå aktivitetsplikta i likestillingsloven, jf. § la, og diskriminerings- ogtilgjengelighetsloven, jf. § 3

Dersom Statens jernbanetilsyn ønskjer det, kan etaten i tillegg til denne årsrapporten,også utarbeida ei årsmelding som inneheld fleire og andre saker enn dei som er omtalteher.

7.3 Tertialrapportar

Så snart som mogleg etter tertialskiftet og seinast to veker før etatsstyringsmøtet, skalStatens jernbanetilsyn senda tertialrapport til departementet. Rapporten skal innehalda:

Kort oppsummering av utfordringar og risikoar i budsjettåret

oppfølging av dei måla og krava som etter pkt. 3 og 4, skal vera med i tertial-rapporten Ein oversikt over bruken av løyvingane hittil i året.

Ein oversikt over bruken av løyvingane hittil i året

Prognose for disponering av løyvinga for resten av året.

Utgreiing om vesentlege endringar i framdrift og iverksetjingstidspunkt for nyetiltak

Oppfølging av tilrådingane frå Statens havarikommisjon for transport, mellom annastatus for oppfølginga av dei einskilde tilrådingane og korleis dei blir lukka.

Dette inneber at tertialrapporteringa for 2012 i hovudsak vidarefører den etablertepraksisen for rapporteringa. Vi ber om at rapporteringa for dei nye tilsynsområda blirlagt opp den same måten, og blir integrert i jernbanetilsynet si vanlege rapportering.

Side 10

Page 11: SAMFERDSELSDEPARTEMENT Statens jernbanetilsyn Postboks … · 2016-08-29 · Samferdselsdepartementet viser til Prop. 1 S/Innst. 13 S (2011 ... og miljøvenleg transportsystem som

PLAN FOR ETATSSTYRINGSMOTA

På same måte som tidlegare år legg Samferdselsdepartementet opp til å halda tre etats-styringsmøte i 2012. Det første vil bli halde 23. januar 2012, medan det andre vil blihalde medio juni og det tredje medio oktober. Samferdselsdepartementet vil på vanlegmåte senda innkalling til møta i eigne brev.

AVSLUITING

I samsvar med § 7 i Reglement for økonomistyring i staten stiller Samferdselsdeparte-mentet løyvingane på kap. 1354 Statens jernbanetilsyn og kap. 4354 Statens jernbane-tilsyn, til disposisjon for Statens jernbanetilsyn i 2012. Løyvingane skal nyttast i samsvarmed dei styringssignala som er i gitte i Prop. 1. S (2011-2012), ved Stortinget si hand-saming av statsbudsjettet for 2012, jf. Innst. 13 S (2011-2012), i dette tilclelingsbrevet, ieventuelle supplerande tildelingsbrev og andre brev frå Samferdselsdepartementet og ietatsstyringsmøta.

Med helsing

Maeltveit Klepp1

Fredrik Birkheim Arnesen

Kopi til:

Kommunal- og regionaldepartementetRiksrevisjonen

Side 11