4
BARNEPROGRAM OGSÅ FOR VAKSNE Ein skulle vore barn. Dei får fine dagar i Aasen-tunet den- ne hausten. Barneboktua utebibliotek har stengt for seson- gen, og Solveig Hareide frå Newton har alt hatt familiedag med all verdas lydar. Seinare blir det både teikneverkstad og juleverkstad. Gå ikkje glipp av utstillinga med alt det fine borna får lyst til å teikne eller lage etter møtet med boka Jon og den lange julenatta av Hilde Myklebust. SPRÅK OPNAR MURAR Var kommunistregima bak Muren språkpolitisk romsle- gare enn mange vestlege regime? Korleis sikrar ulike land i Europa det språklege mangfaldet no? I mange år var Sigve Gramstad leiar i Europarådets ekspertkomité for pakta om minoritetsspråk. Dagen før Europa feirar 20-årsjubileeet for Berlin-murens fall kjem han til Aasen- tunet og snakkar om det han veit meir om enn nokon annan i landet. KVEN MELDER SEG FRIVILLIG? Lyst til å vere frivillig under Dei nynorske festspela 23. – 27. juni 2010? Du kjem tett på utøvarane, arbeider tett på kjekke kollegaer, ser litt av det som skjer i kulissane, og får vere med og gi publikum fem sterke dagar. Send berre ein e-post til [email protected], så er du med. DEN STORE VANDRINGA Saman med Ryfylkemuseet og Asker museum har Ivar Aasen-tunet laga den store vandreutstillinga Undrande og skapande om nynorsk barnelitteratur frå Rasmus Løland til i dag. Utstillinga hadde premiere i Oslo 21. august og blir i haust vist i Fjell, Fredrikstad, Herøy, Sund og Ålesund. Det er Fosse denne hausten. Etter den store Fosse-veka i Oslo i september held vi fram i Aasen-tunet. Ein søndags- ettermiddag les Arnhild Litleré forteljinga Spelejenta for born og vaksne. At ho er sambygding med Fosse, er ikkje nok. Det er viktigare at ho les godt. Så skader det heller ikkje at Benedicte Maurseth følgjer henne med harding- felene sine. Same dagen kjem den nye utstillinga Kunsten i livet endeleg fram til Aasen-tunet, etter opphald i Kvam og Oslo. – Du må sjå sjøen? spurde Cecilie N. Seiness i samtalen med Jon Fosse under Dei nynorske festspela. – Ein må finne seg i alt i livet, også at ein ikkje får sjå sjøen, svara diktaren. NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN FOSSE OM HAUSTEN 3/2009 Partia har lite nytt å melde om norsk språkpolitikk. Det gode ved det er at det er færre forsøk på å gjere det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn tilfellet var i 2001 og 2005. Foto: Paul S. Amundsen

Symra 3/2009

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Nyhende og arrangement i Aasen-tunet hausten 2009

Citation preview

BARNEPROGRAM OGSÅ FOR VAKSNEEin skulle vore barn. Dei får fine dagar i Aasen-tunet den-ne hausten. Barneboktua utebibliotek har stengt for seson-gen, og Solveig Hareide frå Newton har alt hatt familiedag med all verdas lydar. Seinare blir det både teikneverkstad og juleverkstad. Gå ikkje glipp av utstillinga med alt det fine borna får lyst til å teikne eller lage etter møtet med boka Jon og den lange julenatta av Hilde Myklebust.

SPRÅK OPNAR MURARVar kommunistregima bak Muren språkpolitisk romsle-gare enn mange vestlege regime? Korleis sikrar ulike land i Europa det språklege mangfaldet no? I mange år var Sigve Gramstad leiar i Europarådets ekspertkomité for pakta om minoritetsspråk. Dagen før Europa feirar 20-årsjubileeet for Berlin-murens fall kjem han til Aasen-tunet og snakkar om det han veit meir om enn nokon annan i landet.

KVEN MELDER SEG FRIVILLIG?Lyst til å vere frivillig under Dei nynorske festspela 23. – 27. juni 2010? Du kjem tett på utøvarane, arbeider tett på kjekke kollegaer, ser litt av det som skjer i kulissane, og får vere med og gi publikum fem sterke dagar. Send berre ein e-post til [email protected], så er du med.

DEN STORE VANDRINGASaman med Ryfylkemuseet og Asker museum har Ivar Aasen-tunet laga den store vandreutstillinga Undrande og skapande om nynorsk barnelitteratur frå Rasmus Løland til i dag. Utstillinga hadde premiere i Oslo 21. august og blir i haust vist i Fjell, Fredrikstad, Herøy, Sund og Ålesund.

Det er Fosse denne hausten. Etter den store Fosse-veka i Oslo i september held vi fram i Aasen-tunet. Ein søndags-ettermiddag les Arnhild Litleré forteljinga Spelejenta for born og vaksne. At ho er sambygding med Fosse, er ikkje nok. Det er viktigare at ho les godt. Så skader det heller ikkje at Benedicte Maurseth følgjer henne med harding-felene sine. Same dagen kjem den nye utstillinga Kunsten i livet endeleg fram til Aasen-tunet, etter opphald i Kvam og Oslo. – Du må sjå sjøen? spurde Cecilie N. Seiness i samtalen med Jon Fosse under Dei nynorske festspela. – Ein må finne seg i alt i livet, også at ein ikkje får sjå sjøen, svara diktaren.

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN

FOSSE OM HAUSTEN

3/2009

Partia har lite nytt å melde om norsk språkpolitikk. Det gode ved det er at det er færre forsøk på å gjere det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn tilfellet var i 2001 og 2005.

Foto: Paul S. Amundsen

SØNDAG 6. SEPTEMBER Aasen-tunets soppdag13.00–17.00 KafeenHaustmat med sopp: middag og smårettar13.00 Frå utescena Sopptur med turleiarane Christoffer Bang, Kirsten Døvre Bang og Rune Pettersen15.00–16.30 UtescenaSoppkontroll ved soppkontrolløren Signy Seljebotn m. fl.I samarbeid med Volda Hagelag og Nyttevekstforeningen i ÅlesundGratis

SØNDAG 20. SEPTEMBER13.00–16.00Milans søndagsmiddag15.00–16.15 Salen, Ivar Aasen-tunetSong for Eirabu

Kristine Tofte les frå Slaget på Vigrid, første boka i ny fantasyserie og samtalar med May Grethe LerumI samarbeid med Tiden Norsk ForlagKr 100 / studentar 50

FREDAG 25. SEPTEMBER 11.00 Tromsø Museum, TromsøÅrstale nr. 9 om tilstanden for nynorsk skriftkultur Direktør Ottar GrepstadI samarbeid med Universitetet i Tromsø og Tromsø MuseumGratis

FREDAG 2. OKTOBER11.00–12.30 Amalie Skram, Litteraturhuset i OsloNynorsk i media: frå erfaring til endringOpe lunsjmøte om Vinje-fondet som kjelde for meir nynorsk i media Program blir kunngjort seinareI samarbeid med Dei nynorske mediedagane og Mediemållaget

SØNDAG 11. OKTOBER13.00–16.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunetMilans søndagsmiddag

13.30–14.15 Salen, Ivar Aasen-tunetSpelejenta

Arnhild Litleré les den nye boka Spelejenta av Jon FosseTonefølgje av Benedicte Maurseth (hardingfele)Teikneverkstad og konkurranse for borna med premiar frå Blåmann BarnebokklubbI samarbeid med Det Norske SamlagetKr 100 vaksne / 50 born / 200 familie

15.00 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunetKunsten i livet Diktaren Jon FosseOpning av temautstilling ved Arnhild LitleréGratis opningsdagen

TYSDAG 20. OKTOBERTid og stad blir kunngjord seinareRekvisittar for eit livVi markerer Kulturminneåret 2009 med premiere på nettutstilling der 20 forfattarar og to faghistorikarar har sett nærmare på Ivar Aasens livMed støtte frå ABM-utviklingGratis

LAURDAG 24. OKTOBERSalen, Ivar Aasen-tunetSalmegospelNyskrivne gospelmelodiar til songar frå det nye salmebokforslaget Arrangør: Koret faSong

ONSDAG 28. OKTOBERTid og stad blir kunngjord seinareAll verdas fakta om språk Lansering av den digitale boka Språk-fakta 2010 på www.aasentunet.no Ottar Grepstad presenterer siste nytt om språksituasjonen i Noreg og verdaGratis

TORSDAG 29.OKTOBEROslo Vel møtt til Språkåret 2013!

IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER–DESEMBER

REKVISITTAR FOR EIT LIVI oktober kjem nettutstillinga Rekvisittar for eit liv – ei original forteljing om Ivar Aasen. 20 for-fattarar frå Aina Basso til Einar Økland har dikta fritt om kvar sin gjenstand frå Aasen-samlin-ga, med foto av Ragnar H. Albertsen. Museumsveteranane Bjørn Austigard og Anna Jorun Avdem har teke hand om dei faghistoriske perspektiva. I haust blir det kjekt å bruke pc-en.

”Nordmannen” var diktet Ivar Aasen skreiv på i minst 12 år. Dei første linjene stod fast frå han prenta første versjonen i Symra i 1863. Først i 1875 sette han punktum. Då var diktet blitt ei lita noregshistorie om å ta landet i bruk og gle seg over livet her nord. Alt før han døyd-de, var diktet blitt ein folkekjær song som også ungane i nabo-laget hans i Oslo gjerne song når han kom forbi.

Ope idéseminar om 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske TeatretArrangør: styret i Nynorsk kultursentrum

SØNDAG 8. NOVEMBER 16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunetSpråk opnar murar Om språk i Europa 20 år etter at Berlin-muren fallForedrag av Sigve Gramstad, nestleiar i Europarådets ekspertkomité for pakta om minoritetsspråkKr 80

ONSDAG 11. NOVEMBER19.30 Galleriet, Ivar Aasen-tunetKjælne kjevler og tomme henderOpning av forfattaren Hans Sande si utstillingHans Sande fortel om prosjektetUtstillinga står til og med 29. nov. Gratis opningsdagen, elles kr 30

20.00–24.00 Salen, Ivar Aasen-tunetBoknatt i Aasen-tunetProgramleiar: Arnhild SkreKr 150 / 100 studentar

SØNDAG 22. NOVEMBER15.00–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunetDen nynorske songskattenTerje Aarset fortel om dei folkekjære songane og boka Den nynorske songskatten Korsong og allsongI samarbeid med FagbokforlagetKr 100

FREDAG 27. NOVEMBER19.00 Salen, Ivar Aasen-tunetKammerkonsert med Ålesund StrykekvartettAi-Ling Chiu (fiolin), Ove Kvangarsnes (fiolin), Samuel Skrede (cello) og Linda Bønes (bratsj)Arrangør: Ålesund Strykekvartett

TORSDAG 3. DESEMBERBarnekunst i GallerietUtstillingsopning med kakao Born i barnehagane blir inviterte til å teikne frå boka Jon og den lange julenatta av Hilde MyklebustForfattaren er til stades Utstillinga står til og med 15. desember

UTSTILLINGAR TIL LÅNS OR GJESTEBOKA I AASEN-TUNET

A most interesting visit for Flämisch people. Remarkable is

that in Flandres and Netherlands the dialects have been registered in

the beginning of the 20th century – much later than in Norway.

Cocom Reizen, Belgia, 2. juli 2009

Et fantastisk vakkert museum/sted med et veldig viktig innhold.

Rune Andersen, Oslo 10. juli 2009

IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER–DESEMBERHOVUDSPONSORAR

PROGRAM OG BILLETTAROppdatert informasjon:www.aasentunet.no

Billettar til arrangementbillettluka.no/aasentunet 70 04 75 84

Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar

Med atterhald om endringar

Laurdag 15. august hadde tema-utstilling nr. 22 frå Ivar Aasen-tunet premiere i Hardanger. Kunsten i livet er ei forteljing om diktaren Jon Fosse som går inn i så vel humoren som alvo-ret i forfattarskapen. Både den-ne og alle dei andre utstillinga-ne kan lånast av kven som helst. Kontakt [email protected] og be om meir informasjon frå dokumentasjonsleiar Anders Aanes. Han svarar fort.

sjø

– Eg liker godt å sitje og glo på sjøen og skrive.– Du må sjå sjøen? – Eg må ikkje, ein må finne seg i alt i livet, også at ein ikkje får sjå sjøen.

Samtale med Cecilie N. Seiness, Dei nynorske festspela 27.6.2009

Og der ute er havet, seier AlidaDet er fint å sjå havet, seier Asleog så seier dei ikkje noko og alt er avgjort og det er ikkje noko som korkje skal eller bør seiast, alt er likevel sagt og alt er likevel avgjort

Andvake, 2008

Håvard Vikhagen, Figurer i øde landskap, 147 x 314 cm, olje, 1996. © O. Væring Eftf. AS / BONO

SØNDAG 6. DESEMBER13.00–16.00 Salen, Ivar Aasen-tunetFamiliedag med juleverkstad

Hilde Myklebust les frå den nye boka si Jon og den lange julenatta med illustrasjonar av Inger Lise Belsvik, og leier allsong med tonefølgje av Marie Mundal AustrheimMange førjulsaktivitetarKr 50 / 150 familie

FRÅ AKER TIL AASENHan ringde fredag ettermiddag 14. august. Vice President Communication i Aker Solutions, Endre Johansen, stilte det spørsmålet informa-sjonsleiar Gaute Øvereng aldri hadde tenkt på. Ville Ivar Aasen-tunet samarbeide med Aker-konsernet om lanseringa av den nye reklamefilmen der ”Nordmannen” er den raude tråden? Vi berre såg på kvarandre. Vi kunne ikkje seie nei til dette? Onsdag 25. august var Johansen på plass med Klaus Rødahl frå Filmnongrata for å lage bakomfilm om Aasen og språket og tunet. Dagen etter såg Aker-toppane reklamefilmen for første gong. Sa dei nei, blei det berre ein anekdote vi i beste fall kunne røpe når Terje Aarset lanserer boka si om ”Nordmannen” og resten av den nynorske songskatten. Ja er eit fint ord.

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

ALLKUNNEDen nynorske kunnskapsbasen Allkunne blir lansert i september med arrangement fleire stader i landet. Alt saman er nyskrive stoff, og dagleg leiar Eirik Helleve får dagleg inn nye manus og nye skribentar. Diskret tips: Det er

berre å klikke seg inn på www.allkunne.no. ORDKRUS

Tunkatten Lurivar skryter ofte av kor mange tøffe ord han har. No har vi gjort krus på nokre av dei meir enn 400 orda han har i den

ny

e b

øk

er

f

sa

ml

ag

et anna g avalda

Lykka er ein sjeldan fuglomsett av tove bakke kr 399,-

brit bildøen

Litterær salongessay | kr 329,-

frode grytten

Noveller i samling kr 249,-

agnes ravatn

StillstandSivilisasjonskritikk på lågt nivå

essay | kr 249,-

særeigne ordlista si. Dette ordkruset får du berre kjøpt i Aasen-tunet eller i nettbutikken. Alle dei underlege orda til Lurivar finn du på tunkatten.no. Han leitar stadig etter fleire, om du har.

HUS TIL LEIGESkal det vere ein møtestad for viktig snakk? Salen er så fin å vere i at sjølv litt slaskete innleiingar blir gode. Maten kjem når han skal. Videoprosjektøren verkar, kvar gong. Merkeleg ofte er det også fint ver i pausane. Den første som tingar lokale til arrangement i 2010, får alt saman til halv pris.