1
21 Portrettet 20 Portrettet Laurdag 14. april 2018 • SOGN AVIS SOGN AVIS • Laurdag 14. april 2018 AURLAND: Ho har eit klart bilete av korleis ein best kan sikra livsgrunnlaget til framtidige generasjonar, men å sjølv bli teken bilete av tykkjer Spira Svendsen er ei utfordring. – EG ER MEIR oppteken av fokus på sakene eg brenn for enn fokus på meg sjølv. Eg er kanskje litt sjenert, og det at eg av og til er i rampelyset i samband med ulike prosjekt er mest eit nødven- dig onde som følgjer med miljøengasje- mentet, seier ho. 32-åringen frå det ho sjølv kallar rand- sona til Oslo, nærare bestemt Bærum, kom til Aurland for snart fire år sidan. I utgangspunktet for to studieår. Men Spira har blitt verande, og stortrivst mel- lom dei bratte fjella. – Det har vore heilt fantastisk, seier ho, og tenkjer tilbake på første møtet med Sogn Jord- og Hagebruks- skule (SJH). Og ikkje minst tida før ho bestemte seg for å setja kursen vestover. – Det skjedde veldig brått at eg flytta hit. HO HADDE FÅTT studieplass i Sverige og stod på farten til nabolandet, då framtidsplanane brått vart snudde på hovudet. – Eg hadde visst om skulen her i Aur- land i fleire år, tenkt på å søkja meg hit, men det hadde ikkje passa. Det gjorde det eigentleg heller ikkje hausten 2014. Eg hadde fått studieplass på det «bio- dynamiske mekka» i Järna i Sverige. Nokre dagar før eg skulle reisa kom det nyheitsbrev frå Oikos – Økologisk Norge om at det framleis var ledige plassar ved SJH. Dette var i september litt etter skulestart og eg fekk over meg at dette måtte eg vurdera, seier ho. ETTER TELEFONSAMTALEN MED dåve- rande rektor Bjørg Fritsvold og fleire av lærarane på skulen var det gjort. Det planlagde utdanningsløpet i Sverige måtte vika plass. – Slik blei det, sjølv om eg måtte seia farvel til depositumspengane eg hadde betalt inn. Den avgjerda har eg ikkje angra eitt sekund på. Det eg fekk høyra om skulen då eg tok kontakt, har stemt alt saman. Og ho fekk ein skikkeleg elddåp, vart kasta rett inn i kampen for å berga sku- len. – Eg vart raskt involvert i kampanjen Redd økoskulen!, seier Spira Svendsen. Og ho fekk og tok ansvar. – Eg vart kampanjekoordinator. Det var ei fantastisk oppleving. Så mykje mobilisering, heile landet var med. Det var aksjonar i alle fylke. Uansett kven eg spurte var det berre ja å få. Det var berre heilt utruleg gøy å vera med på, seier ho. Etterpå gjekk det berre slag i slag. Kampen for skulen vart vunnen, utdan- ninga vart fullført, men ho hadde ikkje lyst til å reisa frå verken økoskulen eller bygda. –Eg fekk arbeida med fleire prosjekt for skulen samstundes som eg var elev. Då eg var ferdig hadde eg lyst til å få meg jobb på SJH. Eg sende ein open søknad og fekk det eg ønskte. Fyrst eit år som mellombels tilsett og deretter fast jobb her på skulen. I DAG SIT ho i den nyrenoverte admi- nistrasjonsfløyen med utsikt ut over det meste av det nære skuleområdet. På visittkortet står det informasjonsansvar- leg, men Spira Svendsen har ein arbeids- dag der ho er både høgt og lågt. – Eg kan vel kallast for ei økopotet, og det trivst eg med. Eg likar godt kontak- ten med ulike miljø, likar å fortelja kva me driv med og ha kontroll på omvisin- gar og faglege arrangement og føredrag. Og så har eg mykje å gjera med rekrut- tering av nye elevar. HO SET OPP eit engasjert blikk. Dette er noko ho ivrar for. – Det er utruleg viktig. Søkjartala for neste skuleår ser bra ut, men det er van- skeleg å spå kor mange som takkar ja. Rekrutteringsarbeidet held fram heilt til skulestart, seier ho. I fjor var økoskulen i Aurland det ein kan kalla kjerringa mot straumen. Medan søkjartala på andre jordbruks- skular viste ein nedgang, skjedde det motsette ved SJH. Den informasjonsan- svarlege har nokre teoriar om kvifor. – Me er ein liten, men likevel ein vel- dig stor skule, seier ho, kikar ut glaset og held fram: – Me har eit breitt samansett elevkull med spreiing i alder, tidlegare utdanning og attpåtil nasjonalitet. Me når ut til menneske med ulike planar og draumar for framtida, som har til felles at dei ønskjer å gå på landets einaste heiløko- logiske landbruksskule. Det kjem fleire landbruksskular etter, og det er me glade for. Me vil uansett vera den øko- logiske skulen som har drive lengst, og som har svært solid fagkompetanse på ei rekkje område. UTANFOR HØYREST LYDAR frå hønene som held hus rett ved inngangen til SJH- barnehagen. Ved fjøsen litt lenger borte i vegen stangar geitene i gjerdet, ventar på å bli mjølka. Sola lyser opp dei bratte og snøkledde fjella rundt skulen. I eit slikt miljø trivst ho som plomma i egget. – Eg stortrivst i lag med dyr og mellom den mektige fjorden og fjella rundt. Det blir aldri kjedeleg å bu og jobba her. Eg vil aldri tilbake til ein storby. Saman med sambuaren frå Austerrike, leiger ho eit minibruk ved Aurlandsfjor- den. – Me har høner, frukt, bær og grønsa- ker, er sjølvberga i sommarhalvåret på desse områda. Og eg har tre kattar som eg er veldig glad i. Dei har eiga luke i eit kjøkkenvindauga som dei går inn og ut av. Når eg kjem heim er det berre å vinka så kjem dei i fullt firsprang, klare til å leika. Me hadde fire, men den eine vart diverre påkøyrt. HO HAR STUDERT språk, mellom anna islandsk, vore frilandsjournalist med hovudblikk på berekraftig matproduk- sjon og teke årsstudium i emnet i Hed- mark. Interessa for naturen fekk ho tidleg. – Eg var veldig oppteken av hest, rei mykje og fekk eit nært forhold til natu- ren, seier ho, som også har eit sterkt engasjement for permakultur. – Eg er med i Norsk permakulturfore- ning og var veldig aktiv i nokre år. Eg var med på kurs, festivalar og samlingar. Det var på Nordisk permakulturfestival eg møtte sambuaren min. Ho stoppar litt opp, tenkjer seg om, og finn ut at det kanskje er på sin plass med ei kortfatta og enkel oppklaring om kva permakultur eigentleg handlar om. – Permakultur femnar vidt. Det dreiar seg om alt frå matproduksjon, byggma- terialar og energikjelder til sosiale rela- sjonar og økonomiske modellar. Rett og slett få til eit samfunn som er berekraf- tig på alle plan. Me må ta miljøutfordrin- gane på alvor, seier ho. Og held fram: – Det handlar om livsgrunnlaget til menneska. Det er eg oppteken av å få fram. At flest mogleg i verda skal kunne eta seg mette på trygg mat og drikka vatn fritt for forureining, pusta rein luft og nytta forbruksartiklar utan miljøgif- ter. Eg har mista både pappa, morfar, ei kusine og ein fetter til kreft. Tankane mine går til alle dei i andre land som mistar sine nære under dårleg regulert produksjon av mat, klede, mobiltelefo- nar og andre produkt. Heldigvis vert det stadig lettare å få tak i etiske og miljø- vennlege alternativ, og det finst mykje informasjon om dette på nettet. Eller ein kan handla brukt – det er like bra for miljøet som for lommeboka. DEI FIRE ÅRA i Aurland treng Sira Svend- sen berre to ord for å beskriva. – Eit eventyr. Ho innrømmer likevel at det første møtet med bygda, ein laurdagskveld i september i 2014, var litt spesielt. – Det var smått og det rann ein tanke om kva eg eigentleg hadde gitt meg ut Eg kan vel kal- last for ei økopo- tet, og det trivst eg med Ein kjem ikkje langt på to hjul her. Personalia: Namn: Spira Svendsen Alder: 32 Bustad: Aurland Familie: Sambuar Les: Nyhende, aviser Høyrer på: Musikk, er ganske altetande Ser på: Har ikkje TV. Glad i film Køyrer: Elbil, Nissan Leaf Spirande økopotet Kontakt med bakteriar i jorda utløyser lukke- hormon i hjernen. på, om eg kom til i trivast. Det gjekk fort over. Eg saknar eigentleg ingen ting av tilboda ein kjem lett til på ein større stad. Det skjer mykje i Aurland, også om vinteren. Det er vanskeleg å få tid til alt, så her må ein prioritera, seier ho. Og legg til: – I storbyen dreiv eg aktivt med yoga, no kan eg til og med ta opp att den hob- byen med det nye yoga-tilbodet her. Eg er glad i å bruka naturen, men ein ting eg saknar er eit betre sykkeltil- bod. Ein kjem ikkje langt på to hjul her. Det er på høg tid med sykkelveg til Flåm, iallfall. På fire hjul er det enklare. For eit miljømenneske som henne var også valet av biltype enkelt. – Eg køyrer heilelektrisk og det går heilt fint. Det er blitt godt med lade- stasjonar så det er ikkje noko pro- blem. Til sommaren skal me på elbil- ferie i Europa. Satsinga på elbil, og å leggja til rette for dette, er aukande og rett. Ein ting ho vende seg raskt til då ho kom til Sogn var dialekta. – Eg tykkjer sognemålet og aur- landsdialekta er veldig koseleg. Den kjem eg til å sakna om eg ein gong reiser. Det eg har eit ønske om, er å bli kjend med fleire av dei vaskeekte aurlendingane. Eg har tenkt på at eg kanskje berre skulle ha banka på nokre dører og teke ein prat med dei som bur der. Gjerne nokre av dei eldre innbyggjarane og få dei til å for- telja historia til lokalsamfunnet. Det trur eg hadde vore både interessant og hyggjeleg. Det kan henda eg gjer ein dag. FOR KORT TID sidan hadde ho ansva- ret for opplegget rundt lanseringa av boka «Ysting» av Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus. Dette er den før- ste fagboka av sitt slag i Norden, og skal også brukast i undervisinga på ystekursa på skulen. – Det var stor interesse rundt lan- seringa, det kom helsingar og gratu- lasjonar frå fjern og nær. Eg har sjølv ikkje fått lese den enno, men det skal eg, seier ho, og tykkjer det er spen- nande at økoskulen og Aurland blir sett på kartet på fleire måtar. No har ein dansk sosialantropolog som skal forska på følsomhet for økologi teke kontakt, ho ønskjer å gjera feltar- beidet til doktorgradsavhandlinga i Aurland. – Interessant, seier ho, og har sjølv tankar om korleis skulen kan bli meir aktiv i formidlinga av berekraftig matproduksjon og det å ta vare på gamle tradisjonar som til dømes støls- drift. Mellom anna inn mot den stadig veksande turistnæringa i området. – Det kan handla om å ta imot flei- re grupper enn vi gjer i dag, at fleire lokale restaurantar hentar råvarer frå oss og andre ting. HO ER MEDLEM AV Røde Kors og Amnesty og politisk interessert til fulle. – Det er stor forskjell på dei poli- tiske partia. Det er viktig for meg at det handlar om miljø og menneske, seier ho, legg inn ein kunstpause og avslører politisk ståstad: – Ja, eg er medlem av Miljøpartiet Dei Grøne. Partiet har vore representert i Aurland kommunestyre dei to siste valperiodane. – Har du tenkt å engasjera deg i lokalpolitikken? – SJH-kollega og kommunestyre- representant Monica Gjesdal Larsen oppmuntrar meg. Eg har tenkt på det, men prioritert å bruka energien andre stader. Kanskje seinare. KAMPEN FOR MILJØET vil ho alltid vera ein del av, på sin eigen måte. – Eg tykkjer folk må konsumindre i staden for å konsumera, setja av meir tid til dei ein er glad i. Her er litt av kommunikasjonsutfordringa til mil- jørørsla. Det kan kanskje verka som ein må redusera livskvaliteten for å sikra eit betre miljø no og i framtida, men eg ser det ikkje slik, tvert imot. For meg handlar det om eit betre liv, seier ho. Og kjem med eit lite, men godt råd til å nå nettopp det. – Forsking viser at kontakt med bakteriar i jorda utløyser lukkehor- mon i hjernen. For å seia det slik: Å stikke fingrane i jorda kan bidra til ei framtid i betre balanse på fleire måtar. PÅ RETT PLASS: Spira Svendsen stortrivst i lag med dyr, med naturopplevingar og med arbeidet for ein økologisk, berekraftig matproduksjon. Kai Martin Brekke [email protected]

Laurdag 14. april 2018 Spirande økopotet - SJHDå eg var ferdig hadde eg lyst til å få meg jobb på SJH. Eg sende ein open søknad og fekk det eg ønskte. Fyrst eit år som mellombels

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • 21 Portrettet 20 Portrettet Laurdag 14. april 2018 • SOGN AVIS SOGN AVIS • Laurdag 14. april 2018

    AURLAND: Ho har eit klart bilete av korleis ein best kan sikra livsgrunnlaget til framtidige generasjonar, men å sjølv bli teken bilete av tykkjer Spira Svendsen er ei utfordring.

    – EG ER MEIR oppteken av fokus på sakene eg brenn for enn fokus på meg sjølv. Eg er kanskje litt sjenert, og det at eg av og til er i rampelyset i samband med ulike prosjekt er mest eit nødven-dig onde som følgjer med miljøengasje-mentet, seier ho.

    32-åringen frå det ho sjølv kallar rand-sona til Oslo, nærare bestemt Bærum, kom til Aurland for snart � re år sidan. I utgangspunktet for to studieår. Men Spira har blitt verande, og stortrivst mel-lom dei bratte fjella.

    – Det har vore heilt fantastisk, seier ho, og tenkjer tilbake på første møtet med Sogn Jord- og Hagebruks-skule (SJH). Og ikkje minst tida før ho bestemte seg for å setja kursen vestover.

    – Det skjedde veldig brått at eg � ytta hit.

    HO HADDE FÅTT studieplass i Sverige og stod på farten til nabolandet, då framtidsplanane brått vart snudde på hovudet.

    – Eg hadde visst om skulen her i Aur-land i � eire år, tenkt på å søkja meg hit, men det hadde ikkje passa. Det gjorde det eigentleg heller ikkje hausten 2014. Eg hadde fått studieplass på det «bio-dynamiske mekka» i Järna i Sverige. Nokre dagar før eg skulle reisa kom det nyheitsbrev frå Oikos – Økologisk Norge om at det framleis var ledige plassar ved SJH. Dette var i september litt etter skulestart og eg fekk over meg at dette måtte eg vurdera, seier ho.

    ETTER TELEFONSAMTALEN MED dåve-rande rektor Bjørg Fritsvold og � eire av lærarane på skulen var det gjort. Det planlagde utdanningsløpet i Sverige måtte vika plass.

    – Slik blei det, sjølv om eg måtte seia farvel til depositumspengane eg hadde betalt inn. Den avgjerda har eg ikkje angra eitt sekund på. Det eg fekk høyra om skulen då eg tok kontakt, har stemt alt saman.

    Og ho fekk ein skikkeleg elddåp, vart kasta rett inn i kampen for å berga sku-len.

    – Eg vart raskt involvert i kampanjen Redd økoskulen!, seier Spira Svendsen. Og ho fekk og tok ansvar.

    – Eg vart kampanjekoordinator. Det var ei fantastisk oppleving. Så mykje mobilisering, heile landet var med. Det var aksjonar i alle fylke. Uansett kven eg spurte var det berre ja å få. Det var berre heilt utruleg gøy å vera med på, seier ho.

    Etterpå gjekk det berre slag i slag. Kampen for skulen vart vunnen, utdan-ninga vart fullført, men ho hadde ikkje lyst til å reisa frå verken økoskulen eller bygda.

    –Eg fekk arbeida med � eire prosjekt for skulen samstundes som eg var elev. Då eg var ferdig hadde eg lyst til å få meg jobb på SJH. Eg sende ein open søknad og fekk det eg ønskte. Fyrst eit år som mellombels tilsett og deretter fast jobb her på skulen.

    I DAG SIT ho i den nyrenoverte admi-nistrasjons� øyen med utsikt ut over det

    meste av det nære skuleområdet. På visittkortet står det informasjonsansvar-leg, men Spira Svendsen har ein arbeids-dag der ho er både høgt og lågt.

    – Eg kan vel kallast for ei økopotet, og det trivst eg med. Eg likar godt kontak-ten med ulike miljø, likar å fortelja kva me driv med og ha kontroll på omvisin-gar og faglege arrangement og føredrag. Og så har eg mykje å gjera med rekrut-tering av nye elevar.

    HO SET OPP eit engasjert blikk. Dette er noko ho ivrar for.

    – Det er utruleg viktig. Søkjartala for neste skuleår ser bra ut, men det er van-skeleg å spå kor mange som takkar ja. Rekrutteringsarbeidet held fram heilt til skulestart, seier ho.

    I fjor var økoskulen i Aurland det ein kan kalla kjerringa mot straumen. Medan søkjartala på andre jordbruks-skular viste ein nedgang, skjedde det motsette ved SJH. Den informasjonsan-svarlege har nokre teoriar om kvifor.

    – Me er ein liten, men likevel ein vel-dig stor skule, seier ho, kikar ut glaset og held fram: 

    – Me har eit breitt samansett elevkull med spreiing i alder, tidlegare utdanning og attpåtil nasjonalitet. Me når ut til menneske med ulike planar og draumar for framtida, som har til felles at dei ønskjer å gå på landets einaste heiløko-logiske landbruksskule. Det kjem � eire landbruksskular etter, og det er me glade for. Me vil uansett vera den øko-logiske skulen som har drive lengst, og som har svært solid fagkompetanse på ei rekkje område.

    UTANFOR HØYREST LYDAR frå hønene som held hus rett ved inngangen til SJH-barnehagen. Ved fjøsen litt lenger borte i vegen stangar geitene i gjerdet, ventar på å bli mjølka. Sola lyser opp dei bratte og snøkledde fjella rundt skulen. I eit slikt miljø trivst ho som plomma i egget.

    – Eg stortrivst i lag med dyr og mellom den mektige fjorden og fjella rundt. Det blir aldri kjedeleg å bu og jobba her. Eg vil aldri tilbake til ein storby. 

    Saman med sambuaren frå Austerrike, leiger ho eit minibruk ved Aurlandsfjor-den.

    – Me har høner, frukt, bær og grønsa-ker, er sjølvberga i sommarhalvåret på desse områda. Og eg har tre kattar som eg er veldig glad i. Dei har eiga luke i eit kjøkkenvindauga som dei går inn og ut av. Når eg kjem heim er det berre å vinka så kjem dei i fullt � rsprang, klare til å leika. Me hadde � re, men den eine vart diverre påkøyrt.

    HO HAR STUDERT språk, mellom anna islandsk, vore frilandsjournalist med hovudblikk på berekraftig matproduk-sjon og teke årsstudium i emnet i Hed-mark. Interessa for naturen fekk ho tidleg.

    – Eg var veldig oppteken av hest, rei mykje og fekk eit nært forhold til natu-ren, seier ho, som også har eit sterkt engasjement for permakultur.

    – Eg er med i Norsk permakulturfore-ning og var veldig aktiv i nokre år. Eg var med på kurs, festivalar og samlingar. Det var på Nordisk permakulturfestival eg møtte sambuaren min.

    Ho stoppar litt opp, tenkjer seg om, og � nn ut at det kanskje er på sin plass med ei kortfatta og enkel oppklaring om kva permakultur eigentleg handlar om.

    – Permakultur femnar vidt. Det dreiar seg om alt frå matproduksjon, byggma-terialar og energikjelder til sosiale rela-

    sjonar og økonomiske modellar. Rett og slett få til eit samfunn som er berekraf-tig på alle plan. Me må ta miljøutfordrin-gane på alvor, seier ho. Og held fram:

    – Det handlar om livsgrunnlaget til menneska. Det er eg oppteken av å få fram. At � est mogleg i verda skal kunne eta seg mette på trygg mat og drikka vatn fritt for forureining, pusta rein luft og nytta forbruksartiklar utan miljøgif-ter. Eg har mista både pappa, morfar, ei kusine og ein fetter til kreft. Tankane mine går til alle dei i andre land som mistar sine nære under dårleg regulert produksjon av mat, klede, mobiltelefo-nar og andre produkt. Heldigvis vert det stadig lettare å få tak i etiske og miljø-vennlege alternativ, og det � nst mykje informasjon om dette på nettet. Eller ein kan handla brukt – det er like bra for miljøet som for lommeboka.

    DEI FIRE ÅRA i Aurland treng Sira Svend-sen berre to ord for å beskriva.

    – Eit eventyr.Ho innrømmer likevel at det første

    møtet med bygda, ein laurdagskveld i september i 2014, var litt spesielt.

    – Det var smått og det rann ein tanke om kva eg eigentleg hadde gitt meg ut

    Eg kan vel kal-last for ei økopo-tet, og det trivst eg med

    Ein kjem ikkje langt på to hjul her.

    Personalia:

    Namn: Spira SvendsenAlder: 32Bustad: AurlandFamilie: SambuarLes: Nyhende, aviserHøyrer på: Musikk, er ganske altetandeSer på: Har ikkje TV. Glad i � lmKøyrer: Elbil, Nissan Leaf

    Spirande økopotet

    Kontakt med bakteriar i jorda utløyser lukke-hormon ihjernen.

    på, om eg kom til i trivast. Det gjekk fort over. Eg saknar eigentleg ingen ting av tilboda ein kjem lett til på ein større stad. Det skjer mykje i Aurland, også om vinteren. Det er vanskeleg å få tid til alt, så her må ein prioritera, seier ho. Og legg til: – I storbyen dreiv eg aktivt med yoga, no kan eg til og med ta opp att den hob-byen med det nye yoga-tilbodet her. Eg er glad i å bruka naturen, men ein ting eg saknar er eit betre sykkeltil-bod. Ein kjem ikkje langt på to hjul her. Det er på høg tid med sykkelveg til Flåm, iallfall.

    På � re hjul er det enklare. For eit miljømenneske som henne var også valet av biltype enkelt.

    – Eg køyrer heilelektrisk og det går heilt � nt. Det er blitt godt med lade-stasjonar så det er ikkje noko pro-blem. Til sommaren skal me på elbil-ferie i Europa. Satsinga på elbil, og å leggja til rette for dette, er aukande og rett.

    Ein ting ho vende seg raskt til då ho kom til Sogn var dialekta.

    – Eg tykkjer sognemålet og aur-landsdialekta er veldig koseleg. Den kjem eg til å sakna om eg ein gong

    reiser. Det eg har eit ønske om, er å bli kjend med � eire av dei vaskeekte aurlendingane. Eg har tenkt på at eg kanskje berre skulle ha banka på nokre dører og teke ein prat med dei som bur der. Gjerne nokre av dei eldre innbyggjarane og få dei til å for-telja historia til lokalsamfunnet. Det trur eg hadde vore både interessant og hyggjeleg. Det kan henda eg gjer ein dag.

    FOR KORT TID sidan hadde ho ansva-ret for opplegget rundt lanseringa av boka «Ysting» av Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus. Dette er den før-ste fagboka av sitt slag i Norden, og skal også brukast i undervisinga på ystekursa på skulen.

    – Det var stor interesse rundt lan-seringa, det kom helsingar og gratu-lasjonar frå fjern og nær. Eg har sjølv ikkje fått lese den enno, men det skal eg, seier ho, og tykkjer det er spen-nande at økoskulen og Aurland blir sett på kartet på � eire måtar. No har ein dansk sosialantropolog som skal forska på følsomhet for økologi teke kontakt, ho ønskjer å gjera feltar-beidet til doktorgradsavhandlinga i

    Aurland.– Interessant, seier ho, og har sjølv

    tankar om korleis skulen kan bli meir aktiv i formidlinga av berekraftig matproduksjon og det å ta vare på gamle tradisjonar som til dømes støls-drift. Mellom anna inn mot den stadig veksande turistnæringa i området.

    – Det kan handla om å ta imot � ei-re grupper enn vi gjer i dag, at � eire lokale restaurantar hentar råvarer frå oss og andre ting.

    HO ER MEDLEM AV Røde Kors og Amnesty og politisk interessert til fulle.

    – Det er stor forskjell på dei poli-tiske partia. Det er viktig for meg at det handlar om miljø og menneske, seier ho, legg inn ein kunstpause og avslører politisk ståstad: – Ja, eg er medlem av Miljøpartiet Dei Grøne.

    Partiet har vore representert i Aurland kommunestyre dei to siste valperiodane.

    – Har du tenkt å engasjera deg i lokalpolitikken?

    – SJH-kollega og kommunestyre-representant Monica Gjesdal Larsen oppmuntrar meg. Eg har tenkt på

    det, men prioritert å bruka energien andre stader. Kanskje seinare.

    KAMPEN FOR MILJØET vil ho alltid vera ein del av, på sin eigen måte.

    – Eg tykkjer folk må konsumindre i staden for å konsumera, setja av meir tid til dei ein er glad i. Her er litt av kommunikasjonsutfordringa til mil-jørørsla. Det kan kanskje verka som ein må redusera livskvaliteten for å sikra eit betre miljø no og i framtida, men eg ser det ikkje slik, tvert imot. For meg handlar det om eit betre liv, seier ho.

    Og kjem med eit lite, men godt råd til å nå nettopp det.

    – Forsking viser at kontakt med bakteriar i jorda utløyser lukkehor-mon i hjernen. For å seia det slik: Å stikke � ngrane i jorda kan bidra til ei framtid i betre balanse på � eire måtar.

    PÅ RETT PLASS: Spira Svendsen stortrivst i lag med dyr, med naturopplevingar og med arbeidet for ein økologisk, berekraftig matproduksjon.

    Kai Martin [email protected]